fredag 14. februar 2014

Inntrykk frå eForvaltningskonferansen 2014


Referat er ein ting, refleksjon ein annan. Eg vil også samanfatta eigne inntrykk frå konferansen tysdag og onsdag denne veka.

Konferansen lykkast med ein god balanse mellom teknologioptimistiske foredrag og foredrag som presenterte viktige problemstillingar. Ikkje uventa kom dei mest optimistiske tonane frå dei offentlege etatane, medan forskarane var litt meir reserverte.

Denne balansen mellom optimisme og kritisk tilnærming er både bra og viktig. Fagrørsla kunne mistenkjast for å vera ein einsidig bremsekloss med tanke på teknologisk utvikling, men mitt inntrykk frå konferansen er at slik er det ikkje, i alle fall ikkje berre slik. Sjølvsagt høyrer me ein del klisjear om at maskiner ikkje må erstatta menneske, men det var helst i dei obligatoriske "appellane" som innleia og avslutta konferansen. Her er ei vurdering av enkelte foredrag:

Paul Chaffey, KMD
Forenkla, fornya og forbetra er mantraet til den nye regjeringa. Det er knytt store forvetningar når det gjeld IKT-satsinga, særleg i offentleg sektor. For første gang er det ei politisk leiing med stor forståing og grundig kjennskap til informasjonsteknologi og mulegheitene den gir. Eg reknar ikkje med Heidi Grande Røys og hennar politiske rådgivar, som rett nok hadde IT-kompetanse. Ein junior i eit svakt departement gjer ingen skilnad.

Paul Chaffey ser ut til å gjera det same i statssekretærstillinga som det han har gjort i meir enn 10 år i Abelia: vera synleg gjennom foredrag på mange konferansar. Men det spørst om ikkje han må kutta ned på den aktiviteten og heller prioritera internt arbeid for å løfta fram IKT-satsinga. Formidling er viktig, men gjennomføring er kanskje viktigare. Den nye regjeringa er i alle fall oppteken av gjennomføringskraft.

Vidar Lødrup, Abelia
VL erstatta Inge Jan Henjesand som dessverre ikkje kunne vera til stades.
Ikkje så veldig mykje å seia om VL sitt foredrag. For meg blir det veldig mykje ord. Dei rette orda, javisst, men ikkje så mykje meir. VL viste at han har allsidig erfaring bak seg og slik sett god bakgrunn for å arbeida med slike spørsmål i Abelia.

Kirsti Kierulf, KommIT
Kirsti er vekkelsespredikant og spreier den glade bodskapen om KommIT, den nye IT-satsinga i kommunesektoren. Det er nok nødvendig å skapa entusiasme for satsinga, særleg blant kommunane. Men samtidig blir det også skapt store forvetningar som kan bli vanskelege å innfri.

Den voldsomme entusiasmen for Altinn er litt vanskeleg å forstå, og reknestykka som vart presenterte, med 750 mill. i innsparing, må nok dokumenterast betre.

Elin Kristine Fjørtoft, Difi
EKF erstatta Ellen Strålberg, Difi, som stod oppført i programmet. Temaet var det same.
Ho heldt ei grei orientering om digitaliseringsarbeidet i staten, og viste til undersøkinga Difi har gjort om tilstand og utvikling for digitaliserte tenester. Den undersøkinga er det god grunn til å kritisera; eg meiner Difi ikkje har gjort grunnarbeidet og ikkje heilt veit kva dei har talt. Det var noko eg kommenterte i spørsmålssesjonen etterpå.

Eg kan ikkje heilt fri meg for at Difi framstår litt verkelegheitsfjerne når det gjeld digitaliseringsarbeidet og kva som faktisk rører seg både i stat og kommune. Dei har vore ivrige med å distansera seg frå kommunesektoren dei siste åra, og med KommIT er det god grunn til å klargjera grenselinjene. Men det har samtidig gjort at dei fjernar seg endå meir frå brukarperspektivet. Når Difi heller ikkje blir oppfatta å fylla rådgivingsfunksjonen godt nok, blir det problem. Det er dette som no er under lupa når nytilsett direktør Ingelin Killengren skal vurdera framtida til organisasjonen.

Dag Wiese Schartum, AFIN/UiO
Enkelte vil kanskje hevda at Dag auser sand i maskineriet. Sjølv meiner eg at hans påminningar om dei rettslege reglane som styrer offentleg forvaltning og som IKT-utviklinga må ta omsyn til, kanskje ikkje kan bli sterke nok. Det er veldig lett å bli riven med av utviklingsiveren som ofte dominerer slike konferansar, utan å tenkja over at det ofte er gode grunnar til at juridiske forhold gjer at ein må tenkja seg om både ein og to ganger før ein stormar fram.

Juridiske "hindringar" kan ha gode grunnar, ikkje minst personvernomsyn. Men det er også andre gode grunnar til at det ikkje alltid er like lurt å reine IT-omsyn styra utviklinga. Eit område DWS ikkje snakka om, men som han har vore oppteken av lenge, er betre IT-støtte i sjølve lovutviklingsprosessen. Nesten utan unnatak startar lovarbeidet i dag med eit blankt (Word-)ark. Det finst lite systematisk IT-støtte i arbeidet med utforming av lovtekstar. Og dersom me skal oppnå betre presisjon i begrepsbruk (NB! Det er ikkje alltid ønskjeleg, noko DWS har vist med gode eksempel), må IT-støtte byggjast inn frå starten av. Det er eit vanskeleg og langsiktig arbeid, men det må til .

Torstein Brechan, NTL
Fagrørsla kan i mange samanhengar bli oppfatta som veldig tradisjonell og lite innstilt på utvikling. Enkelte av appellane under konferansen underbyggjer det synet, men det er gledeleg å sjå at unge, flinke folk som Brechan blir rekrutterte inn. Han stiller med eit anna utgangspunkt på dette området enn eldre tillitsvalde frå "gølvet". IT er ikkje noko framandt og nødvendigvis farleg, men IT-prosjekt må ta omsyn til sentrale avtalar i forvaltninga.

Eric Breit, AFI
Eric orienterte om eit interessant og høgst aktuelt forskingsprosjekt om pensjonsreforma og kva informasjonsarbeidet knytt til denne. Er det brukarvennleg å overlata arbeidet til innbyggjarane, gjennom sjølvbeteningsløysingar, og kor gode er eigentleg desse. Metodisk vart det brukt både brukartesting og fokusgrupper. Eric fortalde entusiastisk om dei nyvunne erfaringane med brukartesting, ein metode han ikkje kjende på førehand, men som hadde vist seg veldig nyttig i dette prosjektet. AFI hadde gjennomført brukartestinga sjølve, utan innleigd hjelp, noko som gjorde at dei kom endå tettare på intervjuobjekta og fekk ei betre forståing av problema.

Brukartesting er ein enkel og effektiv metode for å finna ut om ting fungerer godt, rett og slett. Det er ingen god metode til skaffa seg kunnskap om kva som vil fungera. Det er også ein kvalitetativ metode, så ein må ikkje falla for freistinga å gjera statistiske analysar av resultata.

Petter Bae Brandtzæg, SINTEF
Petter er ein av dei forskarane som veit mest om bruken av sosiale medium i samfunnet. Han har psykologi-bakgrunn; ikkje dumt når ein skal forska på dette området. I eit av prosjekta han arbeider med, ser dei på eldre og bruk av teknologi. Han viste mange interessante, og litt nedslåande, sitat frå dei eldre. Sosial utstøyting på grunn av teknologi er i høgste grad eit problem.

Det var også interessant det han sa om utviklinga framover. Ein kan bli freista til å tru at når det berre går 10-20 år er alle i samfunnet såpass kjende med ny teknologi at det digitale skiljet me har i dag aldersmessig, vil gradvis forsvinna. Slik blir det truleg ikkje. Teknologien er i endring, og om noko så går utviklinga fortare, ikkje saktare. Radikalt nye brukargrensesnitt kjem (tenk Google Glass, men tenk også Windows 8.x som kan vera nok til å setja mange av dagens pc-brukarar i sjakk matt) og Petter trur ikkje generasjonskløfta blir mindre, heller tvert om.

Randi Flesland, Forbrukarrådet
Forbrukarrådet sin kommunetest er interessant fordi den simulerer ekte innbyggjarar sin kontakt med kommunen. Det er "mystery shopping" som metode, ein metode som no har vorte meir vanleg og som EU også legg stor vekt på i dei nye benchmarkings-tiltaka for å måla graden av digitalisering i offentleg sektor.

Ho kom med mange gode eksempel, og særleg enkelte episodar frå små kommunar framkalla latter. Det er klart at i dei minste kommunane er ting så oversiktleg, ja gjennomsiktig, at det kan bli mange rare spørsmål og svar.

Forbrukarrådet si kommuneundersøking liknar ein god del på Difis Kvalitet på nett. For testing av nettsider er det i grunnen heilt likt, sjølv om kriteria er noko ulike. På spørsmål frå meg om dei hadde vurdert samordning med Difi, var svaret at det hadde dei ikkje fordi undersøkingane er ulike og fordi Forbrukarrådet sine undersøkingar ikkje er like regelmessige som Difi sine. Eg trur det hadde vore mykje å henta på ei slik samordning, og også inkludert den store innbyggjarundersøkinga frå Difi. Men samarbeid og samordning på tvers av etatar er ikkje så lett..

Hovudbiletet er likevel at dei store kommunane er betre enn dei små. Men når det er sagt, er 3 av dei 4 beste kommunane småkommunar. Det er verdt å tenkja over. Det er det same som Kirsti Kierulf er inne på: Små kommunar sit med verdifull kunnskap og erfaring som større kommunar kan læra mykje av.

Ingunn Bakkene Cowan, Lånekassen
Det er to måtar å vurdera presentasjonen frå Cowan:
- som eit imponerande foredrag om ei framoverlent og teknologikompenten offentleg verksemd
- som eit foredrag kjemisk fritt for refleksjonar over kvifor Lånekassen er ei offentleg verksemd

På overflata er resultata Lånekassen har oppnådd, imponerande. Det starta i følgje Cowan med at dei slutta å omtala låne- og stipendmottakarane som brukarar og begynte å kalla dei kundar. For Lånekassen er det nok eit poeng å låna retorikk frå næringslivet, men det kan fort framstå som at det høgste ønsket til Lånekassen nettopp er å få lov til å agera privat verksemd.

Så kvifor skal då Lånekassen vera offentleg? Det ga ikkje Cowan noko svar på.
Ironisk nok vart Cowans "skryte-foredrag" effektivt punktert av ein student i salen som lurte på kvifor svaret på søknaden hennar var at saksbehandlinga tok to månader når Cowan nettopp hadde sagt at Lånekassen hadde halvert gjennomsnittleg behandlingstid frå 16 til 8 dagar. Oh, irony..

Nina Viksæter Aulie, NAV
Å vera IT-direktør for NAV kan ikkje vera den lettaste jobben i landet! Nina V. A. ga ei grei orientering om utfordringane NAV står overfor på IT-sida, og den tette koplinga mot politiske prosessar. NAV er kansje den etaten med mest politisk styring, og den etaten der det er vanskelegast å implementera politiske vedtak i IT-system. Politiet ser ut til å vera verre; den lange tida det tek å implementera den nye straffelova (vedteken i 2005) er ei skam for demokratiet!

NVA (hmm, er det tilfeldig at akronymet minner veldig om NAV?) var då også tydeleg på at målet med IT-arbeidet i NAV er at IT-systema ikkje skal vera til hinder for nye politiske vedtak. Det kan synast som ei defensiv haldning, men når me tenkjer på den nye (etter kvart ikkje så ny lenger...) straffelova, må det seiast å vera ei nøktern og fornuftig haldning. Problemet med store IT-prosjekt i det offentlege er heller at dei er overambisiøse.

Overambisiøs er også eit ord som truleg passar bra på det nye moderniseringsprogrammet i NAV, eit program som ser ut til å ha hamna i grøfta i første sving. Etter å ha svidd av nokre hunder millionar kroner (!), vart programmet stoppa. Denne elefanten i rommet vart likevel ikkje kommentert av NVA. Rart kanskje..

Margunn Aanestad, IFI/UiO
Margunn Aanestad tok opp tråden etter NVA, utan å komma inn på moderniseringsprogrammet direkte. Ho tok opp eit svært aktuelt spørsmål: Kvifor går det ofte så gale med store IT-prosjekt? Ho gav fleire gode svar på det. Dei er ofte overambisiøse, planlagde ovanfrå og ned. Begrepet "utrulling" er godt kjendt og illustrer på ein god måte den ovanfrå-og-ned-prosessen som ofte ligg til grunn for IT-prosjekt.

Om ikkje "smått er godt" er heilt dekkjande for MAa sitt bodskap, kan "bygg vidare på det som fungerer" vera betre. Ho viste eksempel på vellykka prosjekt som byggjer vidare på det som har vist seg å fungera godt, og som blir utvida utan ein grandios visjon på førehand. Det er gode grunnar til å advara mot store visjonar i IT-prosjekt; det kan veraa eit teikn på at ein startar feil. Med det i tankane kan ein spørja seg om ikkje både NAV og Politiet bør gå tilbake og sjå på utfordringane på nytt og endra tilnærminga til "mange små steg" og å byggja på installert base. "Small pieces loosely joined", som David Weinberger har formulert det, renn meg i hug.

Åge Andresen, Skatteetaten
ÅA ga ei grei orientering om EDAG-prosjektet; elektronisk dialog med arbeidsgivar. Det er eit samarbeid mellom Skatteetaten, NAV og SSB, som alle hentar inn opplysningar om tilsetjingsforhold, lønn, skatt, arbeidsgjevaravgift, men på ulike måtar og til ulike tider.

Det store spørsmålet er om dette er forenkling, og for kven. Som ein deltakar sa til meg i pausen: Kva blir resultatat når ein etat som spør etter få opplysningar ein gong i året skal samordna med ein etat som spør etter mange opplysningar ein gong i veka? Då blir det vel endå fleire opplysningar endå oftare! Det blir spennande å sjå korleis dette slår ut for arbeidsgjevarane.

Leif Skiftenes Flak, UiA
Leif har jobba lenge med gevinstrealisering og det har smått om senn fått fotfeste i forvaltninga og er no ein del av større IT-prosjekt som blir lagt stor vekt på - i alle fall retorisk. Men det skjer nok ting i det verkelege også. Det har lenge vore slik at prosjekt blir styrte godt heilt fram til prosjektavslutning, og at den viktige oppfølginga etterpå, som mellom anna handlar om å realisera gevinstar så sant ein har nådd måla, smuldrar bort. Gevinstane blir gjerne løfta høgt i ein søknadsfase, elles får ein ikkje pengar. Men når prosjektet/programmet har fått ressursar, blir det tilsynelatande mindre og mindre viktig.

Leif presenterte ein firestegs modell for samhandling i IT-prosjekt, inspirert av den kjende tenestetrappa for utvikling av elektroniske tenester i offentleg sektor. Firestegsmodellen blir kombinert med trestegsmodellen for elektronisk samhandling; teknisk, semantisk og organisatorisk samhandling, og resultatet blir ein matrise med 12 felt/stadium.

Det er mykje å seia om denne modellen, men det får heller bli i ein seinare kommentar.

onsdag 12. februar 2014

eForvaltningskonferansen 2014 - dag 2

Dei enkelte prentasjonane er lagde ut på www.fagforbundet.no/ska

Eric Breit, seniorforskar Arbeidsforskningsinst. (AFI):
Sjølvbeteningsløysingar: Er det "brukarvennleg" å gjera jobben sjølv?

Byggjer på eit prosjekt der dei har undersøkt om innbyggjarane har fått tilstrekkeleg god informasjon om den nye pensjonsreforma. Sjølvbetening er ein vesentleg del av iverksetjinga av reforma, og AFI vil undersøkja om denne måten fungerer tilfredsstillande.

Kva er sjølvbetening i denne samanhengen og korleis påverkar den kvaliteten på rettleiinga?

Datamaterialet er djupneintervju med NAV-tilsette pluss brukartestar med innbyggjarar og fokusgrupper med dei same.

Kva er sjølvbetening i denne samanhengen?
- klarare separasjon av første- og andrelinje, der førstelinje i stor grad er basert på nettløysingar (både generell og personifisert informasjon)
- tidlegare "pensjonsspesialistar" er flytta over i andrelinje for saksbehandling

Fallgruver i informasjonsprosessen
- Interesse: Er alle interesserte i å bruka denne metoden?
- Tilgang: Store problem med bruken av MinID
- Forståing: Vanskar med å forstå begrepa som blir brukte
- Refleksjon: Vanskar med å overføra dei generelle råda til eigen situasjon
- Rettleiing: Interesse for å gå vidare i prosessen

Alt i alt viser det seg at det er eit stort behov for personleg rettleiing! Mange var villige til å betala for dette.
Dei som har størst problem er dei som har kompliserte oppteningshistoriar, meir enn alder (eldre meir interessert, naturleg nok).

Kva påverkar kvaliteten på rettleiinga?
1. Teknologi
+ gir store mulegheiter (gevinstar for NAV, auka tilgjenge, meir informasjon på ein stad, samanlikn.mulegh. [kalkulatorar m.m.])
-

2. Plassering av pensjonskompetanse
+ tydeleg skilje mellom første- og andrelinje
+ reindyrking av generalist-rollen ved NAV-kontora (har også opna for ein ny marknad for konsulentar på området)
- vanskeleg for førstelinje å svara på kompliserte spørsmål
-

3.  Formatet på rettleiinga
+ meir effektiv arbeidsfordeling
+ meir føreseieleg kor langt ein kan gå i rettleiingsprosessen
+ delvis målbart system
- press på kortare transaksjonar (bruka mindre tid på brukarane)
- brukarar med kompliserte problemstillingar har behov for informasjon frå fleire kjelder og etatar (NAV sine system snakkar i liten grad med andre pensjonssystem)

Konklusjonar:

  • Stort sett fungerer sjølvbeteninga greitt (for personar med enkle/enklare problemstillingar og behov)
  • Større utfordringar knytt til problemstillingar med samansette behov, og for brukarar med låg IT-kompetanse
  • Viktig å sikra nødvendig pensjonskompetanse på NAV-kontora for brukarar som ønskjer personleg rettleiing
  • Meir spissa informasjon for sårbare grupper, evt. kombinert med opplæring

Petter Bae Brandtzæg, seniorforskar SINTEF:
Kva med dei som ikkje kan eller vil bli "digitale borgarar"?

18 mnd er gj.snittsalderen for møtet med Internett/ta i bruk nettet
Norge er den mest avanserte nasjonen i verda med tanke på digitale brukarar
- dei som er utanfor her, er skikkeleg utanfor

The Internet of Everything - Internett blir integrert i alt, og omvendt. Skiljet mellom det fysiske og det digitale blir viska ut.

Digitale skilje
- eldre
- utstøytingsprosess: ikkje lik tilgang til informasjon for alle
- kva med digitalt førsteval?

Papir: helst eldre
Fjernsyn: meir likt fordelt, men det skjer ein overgang til strøyming blant yngre
50 % av dei mellom 67-79 brukar nettet dagleg. Men kva med dei over 80? Dei finst ikkje i statistikken, og det blir stadig fleire av dei.

Det er i dag mellom 400 og 600 000 som ikkje brukar Internett her i landet.

Oppleving av kommunikasjonsteknologi blant eldre:
- ansikt-til-ansikt idealtypen
- a"lle" har mobil
- kristik til sosiale medium
- Skype og e-post er populært

Grupper:

  • kritiske seniorar
  • ikkje relevant, ikkje tid
  • ser nytten, men manglar kompetanse (undersøking frå 2004 viste at 1 av 4 slutta i arbeidslivet pga. problem med å ta i bruk ny teknologi)

Er det eit problem?
- demokratisk problem
- menneskerett-problem
- sosiale problem
- problem i arbeidslivet

Vil den digitale kløfta bli mindre med tida, nå innbyggjarane blir meir digitalt vande?
Nei, me har ein aldringseffekt som gjer at eldre vel å ikkje ta i bruk det nyaste av teknologi


Randi R. S. Flesland, adm. dir. Forbrukarrådet:
Kommunane på nett

Testar alle 428 kommunane i landet på
- service
- tilgjengelegheit
- informasjonskvalitet

Internett, telefon og e-post
Totalt over 18000 sjekkpunkt vurderte

Kvar kommune har fått 19 henvendingar fordelt på seks sektorar
- tlf. må bli teken innen 1 min.
- e-post må bli svart på innan 5 dagar (3 av 10 kommunar svarte ikkje i det heile!)

Sosiale tenester
- barnevern (70)
- gjeldsrådgiving (41)

Kultur og fritid
- idrett

Barn og skule
- SFO (67)
- barnehage  (87)

Tekniske tenester
- byggjesak

Pleie og omsorg
- sjukeheim
- heimehjelp

Informasjonstenester
- klagemulegheiter

Kommunane skårar best på barnehage, dårlegare på barn/skule og SFO

Beste kommunar:
1. Rollag (88,9)
2. Stange (83,6)
3. Fyresdal (83,6)

Fylke:
1. Oslo (68,1)
2. Telemark (67,1)
3.

Berre 36 av 428 kommunar får godkjent (meir enn 75 %).
Store kommunar skårar best (men 3 av dei 4 beste kommunane er små).
Frå starten i 2005 til 2013 har skilnadene mellom kommunane vorte mindre.
Dei fleste svarer godt på enkle førespurnader.

Fleire kommunar har nedfelt i målsetjinga at dei skal skåra godt på Forbrukarrådet sin test. Asker kommune er ein av dei, og dei er best over heile perioden 2005-2013

Tre R-ar:
- Rask: tlf maks 5 min, e-post maks 5 dagar, internett maks 2 min søking etter kvart element
- Relevant: spørsmåla er konkrete, då må svara vera det også. Ikkje svar på det som ikkje blir spurt om
- Rett: Kunnskapsspørsmål skal svarast på med rett fakta. Er kommunen i tvil, skal dei finna ut av det

Problemområde:
1. Fragmenterte nettsider
- kva er krava til ei kommunal nettside?
- kvifor ikkje ein felles mal for kommunale nettsider?

2. Teknologi for funksjonen

3. E-post er post

4. Ny tid, ny kultur


Ingunn Bakkene Cowan, avd.dir. Lånekassen:
Ei reise gjennom ein digital sjølvbeteningsfunksjon

Har 950 000 kundar, ikkje brukarar.
138 mrd. i utlånsportefølje
29 mrd i inn- og utbet. årleg
1 mill. saker årleg
304 mill. kr til drift - 314 årsverk

Moderniseringsprosessen starta med St.mld. 12 (2003-2004)

Resultat:
- halvert saksbehandlingstid (frå 16 til 8 dagar)
- frå 1,5 mill. tlf.henvend. til 540 000
- kundesenter med 36 årsverk
- 275 000 fleire kundar
- 60 færre årsverk
- red. sjukefråver og betre arb.miljø
- gevinstrealisering 2014: 70 mill. kr (som blir tilbakeført til statskassen)

84 % vel no el. signering

Visjon: Lånekassen skal bli oppfatta som den mest moderne offentlege verksemda i Norge

[Min kommentar: Heile presentasjonen ber preg av at Lånekassen eigentleg ønskjer å vera ei privat verksemd. Ikkje eitt ord om den offentlege oppgåva og forankringa]

Spørsmål og diskusjon knytt til innlegga så langt
Eg: Har Forbrukarrådet vurdert samarbeid med Difi på kommunetesting, sidan det er ein god del overlapping?
Randi Flesland: Har ikkje vurdert eit slikt samarbeid fordi dei oppfattar undersøkingane som ulike

Får Lånekassen sin 24/7-strategi følgjer også brukarstøtta (som evt. må utvida svartida)?
Nei, dei har faste opningstider for kundesenteret og har ikkje vurdert det.

Kor stor del av Lånekassen sine brukarar vel digitale løysingar?
Det er mindre enn ein prosent som brukar papir, så for alle praktiske føremål er det 100 % på digitale løysingar

Ingunn Bakkene Cowan: I mange tilfelle blir personvernet betre ivareteke med digitalisering. Eksempel: No blir informasjon om sjukmelding berre henta som ein prosentsats (frå NAV?) mot tidlegare der brukarane gjerne sende mange tilleggsopplysningar (diagnose, epikrise ++).

Spørsmål/kommentar frå salen: Student som har søkt om studielån og fått opplyst at saksbehandlingstida er 2 mnd! :)

Nina Viksæter Aulie, IKT-direktør NAV:
Formar NAV teknologien eller er det omvendt? Om betydninga av IKT for NAV-reforma


  • NAV etablert i 2006
    • "ein skjerm i staden for tre"
    • ikkje mykje rydding på bakrommet - ikkje tid!
    • etableringsprogram budsjett 3 mrd kr (inkl. IKT)
  • Reform av arbeid, velferd og inkludering
    • kvalifiseringsprogram
    • arbeidsevnevurdering
    • arbeidsavklaringspengar (AAP)
    • endring i oppfølging av sjukefråver
  • Pensjonsreforma (nytt lovverk 01.01.2011)
    • nytt lovverk 01.01.2011 (ny IKT-løysing, ny organisering)
    • pernsjonsprogrammet budsjett knapt 3 mrd kr
  • Ny uføretrygd frå 01.01.2015
Hovudutfordringa er IT-system bygde for fortidas organisering, som tette siloar.

NAV betalar ut 13.000,- kr i sekundet gjennom heile året!

> 300 IT-system
12 kjernesystem
19.000 tilsette
3 mill. brukarar

Smidig utvikling - TOGAF - distribuerte løysingar

Målet for NAV er å automatisera enklare oppgåver, sentralisera desse og kombinert med auka sjølvbetening frigjera arbeidskraft som kan brukast til å hjelpa folk inn att i arbeidslivet.

Viktig at IKT-løysingar er i ein slik stand at dei ikkje er til hinder for politiske endringar!

Felleskomponentar er viktig også for NAV
Offentlege standardar
Sikker digital e-post
eDag

Svaret på det innleiande spørsmålet er forøvrig ja. NAV både påverkar og blir påverka.


Margunn Aanestad, prof. ved Inst. for informatikk, UiO:
Kvifor er store IKT-system så vanskelege å lykkast med?

Eit godt eksempel på gamle IKT-system som vanskeleggjer politiske endringar er den nye straffelova. Det er eit stort demokratisk problem!

Me må også våga å snakka om IKT som eit problem, ei utfordring (men det er nesten fråverande i offentleg omtale av IKT).

Me manglar "lærebøker" for komplekse IKT-prosjekt!

Verkelegheita er kaotiske, rotete tilstandar, med mange bindingar til gamle system. Men nesten alle rettleiarar osv. tek utgangspunkt i ei perfekt verd.

Aktuelle bøker:
"From control to drift"
"Risk , complexity and ICT"

Me høyrer ofte "det trengst sterkare styring!"

Eksempla samla "IKT og samhandling i helsesektoren" problematiserer dette synet.
Ikkje "utrulling", men lokal "rotfesting" av ny teknologi
- tilpassing, eksperimentering og læring etter implementasjon
- endring av IKT-løysing, arb.rutinar, organisering

Nasjonale, sentralt styrte initiativ
Utfordring: "Kollektive handlingsdilemma"
 - individuell rasjonalitet -> kollektiv irrasjonalitet
- "sitja på gjerdet"

Tradisjonell tilnærming er sårbar overfor denne typen

EPJ i Danmark
Sundhedsstyrelsen
- grunnstruktur for EPJ
- vart avslutta etter nokre år

Vejle, Viborg og Århus amt
- standardisert utveksling av pasientdata
- i dag: e-journal i sundhed.dk

Eksempel på ei lettvektsløysing som har vakse seg stor
- problemløysande snarare enn visjonære
- prioritering og sekvensering av mål, ikkje alt på ein gang
- koplar investeringar og gevinstar
- mindre avh. av eksterne partnarar

"Kultivering av installert base"
- kultivering, som motsats til konstruksjon
- "bootstrapping": bruk det du har
- fleksible standardar

Karakteristikkar av vellykka prosjekt
- gir rom for langvarige prosessar prega av læring, ikkje ovanfrå og ned
- tek omsyn til eksisterande system
- tenkjer ikkje "utrulling", men "innrullering"

Eksempel på helsesystem i Afrika:
Det går an

IKT er ikkje berre verktøy eller virkemiddel, men ei utfordring i seg sjølv
- vi må leva med kompleksitet
- standardisering og "sterkare styring" er ikkje vidundermedisin
- alternative strategiar er muleg og viser gode resultat: byggja ut frå enkle, fungerande system, ikkje starta med store, overordna planar og prosessar

Åge Andresen, prosjektleiar for EDAG, Skatteetaten
EDAG hovudprosjekt

EDAG = Elektronisk dialog med arbeidsgivar
Det er så enkelt som at dei opplysningane ein arbeidsgjevar treng, og også skal rapportera inn, skal samordnast slik at dei slepp å forhalda seg til tre ulike etatar i slike spørsmål.
Skatteetaten, NAV og SSB samarbeider om prosjektet

Der det i dag er  tre ulike innrapporteringar frå arbeidsgjevarar, skal det bli ei innrapportering av lønns- og tilsettinformasjon (inkl. arb.giv.avg og forskotsskatt).

Skatt:
Lønns- og trekkoppgåve
Årsoppg. for arb.giv.avg.
Teminoppg. for arb.giv.avg. og forskotstrekk

SSB:
Oppgåve til lønnsstatistikk

NAV:
Melding om arbeidsforhold til Aa-registeret

Alle desse rutinane blir erstatta av ei felles ordning (a-melding).

Sjølv om kommunane er viktige i skatteinnkrevjingsprosessen, er dei ikkje deltakarar i prosjektet. Men m.a. som stor arbeidsgivar i tillegg til rolla som skatteinnkrevjar, får det store følgjer for dei.

Leif Skiftenes Flak, Universitetet i Agder
Er det nok samhandling til å få ut gevinstane av IKT-investeringane?

Mål i offentleg sektor er ulike mål i næringslivet
- intern effektivisering (rasjonalisering) - [efficiency]
- ekstern effektivisering (ekstern nytte) - [effectiveness]
- demokrati - [democracy]

Men me landar ofte i ein effektiviseringsdiskusjon; det demokratiske perspektivet forsvinn fort. Det er eit val me har, det treng ikkje vera slik. Gevinstrealisering som metode, har eit likeverdig fokus på dei tre områda. Eit mål for demokrati kan t.d. vera openheit i prosessar (digitalt innsyn) og deltaking i politiske prosessar.

Tenestetrappa føreset ein samanheng mellom kompleksitet/grad av samhandling og gevinstpotensial.

Mål -> gevintar -> verkemiddel for å realisera gevinstane

Samhandlingsmåla frå 80-talet kunne gjerne vore henta frå dagens IT-planar, ikkje mykje har endra seg.

Samhandling i dag
- deling av data
- infrastruktur
   - felleskomponentar
   - arkitekturprinsipp
   - forvaltningas IT-standardar
   - arkitekturrammeverk (verksemdsarkitektur?)
   - informasjonsstruktur
- samhandlingstenester

Modningsmodell for samhandling
  • Nivå 1: Samordning av arbeidsprosessar
  • Nivå 2: Kunnskapsdeling
  • Nivå 3: Delt verdiskaping
  • Nivå 4: Samordning av strategiar
Desse nivåa blir igjen drøfta ut frå tredelinga av samhandling: teknisk, semantisk og organisatorisk.

Kvar er offentleg sektor i dag?
- me er på veg mot nivå 3 (eigentleg synsing, har ikkje dokumentasjon på dette)
- Altinn II kan sjåast på som eit forsøk på å løfta seg til nivå 4 (det same kan kanskje seiast om EDAG)

Modernisering med teknologi utfordrar den byråkratiske modellen som ligg til grunn for forvaltninga og som har utvikla seg over fleire hundre år.
Meir og betre samhandling er avhengig av politisk og byråkratisk romslegheit og bør diskuterast på høgt nivå.

Og der var batteriet flatt...


tirsdag 11. februar 2014

eForvaltningskonferansen 2014 - dag 1

eForvaltningskonferansen 2014 er den sjuende i rekka. Konferansen er eit samarbeid mellom LO-forbunda Fagforbundet, NTL, El & IT og avd. for forvaltningsinformatikk ved UiO.  Årets konferanse går 11. og 12. februar og her er mine observasjonar frå den.

[Litt interessant at dei ikkje har kasta seg på nyord-bølgja og døypt den om til Digitaliseringskonferansen, men det namnet har kanskje Difi rett på? eForvaltning høyrest plutseleg litt gammaldags ut, nesten som EDB.]

Presentasjonane finst på www.fagforbundet.no/ska

Fredrik Oftebro, nestleiar NTL:
NTL er sjølvsagt opptekne av regjeringsskiftet som har skjedd. Dei set si lit til at den nye regjeringa vil vidareføra den ambisiøse digitaliseringsprogrammet den raud-grøne regjeringa la opp til. Han er difor spent på å høyra statssekretær Paul Chaffey fortelja meir om det.

Tidstjuvar har vorte eit sentralt begrep for statsråd Jan Tore Sanner, og det er umuleg å ikkje kopla dette til digitaliseringsarbeidet. Men også mål- og resultatstyringa bør under lupa. Oftebro viser til professor Anne Lise Fimreite som peiker på at måla frå dei enkelte departementa blir sette ut frå snever sektortenking. Ein annan problemstilling er om kravet til rask gjennomføring kan gå på kostnad av politiske prosessar.

Paul Chaffey, statssekretær i KMD:
Regjeringas moderniseringsagenda: Fornya, forenkla og forbetra
- leiing og gjennomføringskraft
- fjerna tidstjuvar
- enklare plan- og byggjesakprosessar
- digitalisering

Interessant konferanse fordi her er det folk som ikkje berre er opptekne av teknologi, men også kva teknologien gjer med oss og kva me kan bruka den til.

Kommunereform står ikkje i overskriftene, men det er heilt klart eit område den nye regjeringa vil bli målt på.

1. Leiing og gjennomføringskraft
Naturleg å begynna her; for får du ikkje til dette, får du ikkje til resten.
Regjeringa starta med å oppretta det nye Kommunal- og moderniseringsdep., eit uttrykk for at leiing og gj.føringskraft er viktig på høgste hald.

Færre og tydelegare mål. Dei siste 10 åra har talet på mål i tildelingsbreva vorte dobla. Har vi difor fått dobbel så god forvaltning? Nei!
Målet er å redusera talet på mål

Tydeleggjera leiarane sitt ansvar og handlingsrom.

Gjennomgang av DIFI. Naturleg å ta ein slik gjennomgang både fordi DIFI har eksistert i 5-6 år og fordi overliggjande strukturar er endra.

Eitt av måla med gjennomgangen er å utvikla ein betre leiarplattform, og her er teknologi/IKT sentralt. Det kan verka opplagt, men det er det ikkje på alle nivå. Ofte er det IT-leiar som blir sendt dersom verksemdsarkitektur skal diskuterast..

2. Fjerna tidstjuvar 
Identifisera rutinar og reglar som fører til dobbeltarbied eller unødvendig arbeid.
Klart språk i staten vil bli vidareført. Her er det mykje å ta tak i. Vil også ta tak i lovtekstar som utgangspunkt både for forskrifter, rettleiarar og generelle tenestebeskrivelsar.

Har bedt underliggjande etatar å rapportera om forenklingar som er gjennomførte siste år.

3. Enklare plan- og byggjesaksprosessar
Dette punktet sa ikkje Chaffey noko særleg om.

4. Digtitalisering
Ny eforvaltningsforskrift som seier at digitalt førsteval er standard og at det krevst reservasjon for ikkje å motta kommunikasjon frå offentleg sektor digitalt.
Så er det mykje arbeid som må gjerast for å følgja opp intensjonen med forskrifta. Eitt av dei viktigaste stega er sikker digital postløysing.

Kommunesektoren er sentral i digitaliseringa, det er dei som har mest kontakt med innbyggjarane. Det har vore ei positiv utvikling dei siste åra med meir samarbeid, og KommIT-initiativet frå KS verkar lovande.

Enkelte sentrale problemstillingar:
- Difis rolle: Må sjå på rollefordeling. Kven er rådgivar i statleg sektor på innovasjonsprosessar? Er det Difi, er det Innovasjon Norge, er det andre? Korleis blir Difis rolle fylt når det gjeld leiarutvikling?

- Prioritering av IT-prosjekt: Kva prosjekt skal flyttast fram? Det er i statsbudsjettet slike prioriteringar skjer. Men er prioriteringsmekanismane for IT-prosjekt gode nok?

- Finansiering av felleskomponentar: For sterke sektorinteresser kan føra til underfinansiering av fellestiltak.

- Finna gevinstar og henta dei ut (gevinstrealisering). Ofte blir store IT-prosjekt godt dokumenterte innleiingsvis, men på gevinstsida smuldrar det ofte bort.

Politisk organisering:
Departementsnivå: Her er det etablerte strukturar og felles fora.
Statssekretærutval som blir leia av Paul Chaffey. Utvalet sitt område er snevra inn til IT.
SKATE på etatsnivå (etatsleiarar som møter og diskuterer IKT-problemstillingar). Bør delta på toppleiarnivå!

- Spørsmål om IT-planar på nasjonalt nivå og Difis roll
Ønskjer seg eit tydelegare Difi på rådgiving i IT-spørsmål som går på tvers.

- Spørsmål om forholdet mellom SKATE og statssekr.utv:
Forholdet mellom SKATE og statssekretærutvalet: Ingen formelle strukturar. Eksisterande organisasjonar og strukturar bør vera hovudregelen, utval av typen SKATE og statssekretærutval er nødvendige møteplassar for å løfta opp problemstillingar som kan falla mellom stolar.

Vidar Lødrup, direktør for kunnskapsleiing, Abelia
Abelia er 4. største NHO-forening.

Viser til område der staten har sleppt opp taket og deregulert: telekom, energi, luftfart og post og dei store endringane som har følgt på desse områda.
- auka effektivitet og kvalitet
- nye marknader er etablerte
- internasjonalt konkurransedyktige norske næringslivsaktørar

Kva seier Abelia sine medlemmer:
- ønskje om å konkurrera om å levera dei mest innovative løysingane
- meir fokus på behov enn på definerte løysingar
- meir fokus på korleis innkjøpa blir gjennomførte og at avgrensingane i regelverket i mindre grad blir problem
- meir kompetanse om off. innkjøp både hos kjøpar og leverandør
- tempo er særleg viktig for IKT-innkjøp

Har offentleg sektor det for godt slik at motivasjon for endring i mange tilfelle ikkje er er reelle?

Mange grunnar til at større IKT-prosjekt ofte blir mislykka:
- for mange prosjekt på same tid
- testar ikkje ut måla
- manglande/for dårleg leiing
- manglande risikostyring
- mistar fokus på det som skal oppnåast

Mandatet for den nye produktivitetskommisjonen:

" Kommisjonen bør også sjå på teknologi som grunnlag for endringar..."

Men er det ikkje det som er hovudpoenget? Kan verka som det er slengt på i ein bisetning..

Viktig for å lykkast med digitalisering:
- systematisk endringsleiing
- rammevilkår som gjer det muleg å vera innovative
- IKT som både drivar og muleggjerar for produktivitet

Kirsti Kierulf, leiar for KommIT:
Samordning i kommunesektoren: Arbeidsgrupper og nettverk
Saomordning stat/kommune: medl. av styringsråd

Altinn skal brukast som plattform også i kommunesektoren. Viktig med gjenbruk, kan spara sektoren for ca 750 mill. kr [tal henta frå?]
Betre innsikt og styring av IKT-bruken
- kommunar må gå saman om drift og utvikling av IT [men det har dei vel i stor grad alt gjort?]
- Oslo kommune kan frigjera ca. 50 årsverk innan plan- og byggjesak berre ved å forenkla og digitalisera garasjebygg-saker
- alle kommunar kan ikkje gjera alt på eiga hand

KommIT har 7 personar i sekretariatet, men det er over 200 personar som arbeider i ulike arbeidsgrupper.
- både store og små kommunar er viktige

Mål for 2014
Samordning i kommuneektoren
- arkitektur
- SvarUT ver. 2
- eDialog

Samordning stat/kommune
- arkitektur
- SvarUT, Altinn og Sikker post skal hengja saman
- ByggSøknad med SvarUT
- Skule - integrasjon mappe og læremiddel
- Helse
- Noark5

Auke kommunal IKT-kompetanse
- kompetanseplattform (kurs.kommit.no)
- prosjektstøtte verktøy (prosjekt.kommit.no)
- gevinstrealisering
- IKT kostnads- og modningsanalyse

Felles kommunal IKT-arkitektur
- må sjå på IKT-arkitektur på same måten som annan basis-infrastruktur (vatn, straum, kloakk)

Nasjonale felleskomponentar
- Folkeregister
- Einingsregisteret
- Matrikkelen
- Altinn
- ID-porten

Prosjektportal for felles metodikk og kunnskap om prosjektgjennomføring.

Fem digitale tips:
- spør kven som har ansvaret for digital leiing
- bruk KommIT-metodikk
- KS SvarUt (sjå video på kommIT-sidene)
- arbeid i prosjektportalen
- digitaliser med kunnskap

Elin Kristine Fjørtoft, Difi:
Korleis står det til med digitalisering?
- delen av tenester som er elektronisk tilgjengelege framleis låg, og liten auke dei siste tre åra

Nasjonal IT-styring
- Digit-utvalet føreslo ein sektorovergripande prosjektorganisasjon og ein digitaliseringsdirektør

Fleire digitale tenester
- innan 30.06.14 skal alle søknader, skjema og rapporteringar med volum > 5000 vera digitraliserte
- innan 30.06.15: volum 3-5000
- ikkje tidsbestemt: meir avanserte tenester

Danmark
- digitaliseringsbølgjer
- obligatoriske løysingar for brukarane
- eige kval.sikr.regime for alle IT-prosjekt over 10 mill. DKK
- open oversikt over utviklinga av desse prosjekta

Storbritannia
- Major Projects Authority som kval.sikr. og følgjer opp større prosjekt
- MPA etablerer også "Centers of excellence" i verksemdene
- Kompetanseakademi på Oxford-univ. for leiarar

Norge
- Utgreiingsinstruksen med rettleiar (FAD)
- Regelverk for øk.styring i staen
- +++ (mange pålegg og råd frå mange ulike etatar

Kva bør prioriterast framover?
- Solid infrastruktur
- Fleire og betre digitale tenester
- Innbyggjarane må ta tenestene i bruk

Dag Wiese Schartum, professor UiO, avd. for forvaltningsinformatikk
Teknologisk
Eit reint teknologisk perspektiv på digitalisering blir for snevert
- korte fristar for "digitalisering" kan invitera til feil

Juridisk
Å sjå på lovgivinga som eit hinder for digitalisering, blir også feil. Forvaltninga er i stor grad rettsleg styrt, gjennom lover og reglar, vedtekne etter demokratiske prosessar.

Lovmessige hinder kan også vera ønskjeleg: det er ikkje alltid det skal vera fritt fram for enklast muleg forvaltning (jf. personvern)

Organisatorisk
Skal innbyggjarane gjera meir eller mindre?
Erstatta sjølvbetening med automatisk og proaktiv forvaltning? Kva demokratiske følgjer kan det få?

Viktig at slike spørsmål blir diskuterte! Teknologien gjer det muleg for oss å kunna gjera slike val, men kva ønskjer me?

Økonomisk
Økonomiske grunnar åleine kan ikkje vera argument for digitalisering eller ikkje.

Arbeidsmiljø
Digitalisering kan dreia seg både om forbetringar, men også forverringar sett frå eit arbeidsmiljø-synspunkt

Korleis kan systemutviklingsprosessen påverkast?
1. Føregåande prosessar, fram til mandat
- økonomiske og tidsmessige rammer
- kontekst og avhengigheit
- særleg prioriterte mål og krava
- organisering, kompetanse og metode

2. Sjølve systemutviklingsarbeidet
- fastleggja implikasjonane av mål og krav

3. Godkjenning av utvikla løysing
- reell utøving av myndigheit

I dag blir hovudvekta lagt på steg 2, og altfor lite på steg 1.

Krav og mål til informasjonssystem
I tillegg til vanlege krav som effektive, brukarvennlege, somordna og sikre system, kan det også stillast krav om
- rettsrette (rettsriktige)
- transparente
- etterprøvbare
- kompetanseutviklingande

Avgjerande problem:
- mange krav og mål er så vage at dei i liten grad gir retning
- i møte med mothensyn blir vage mål utan særleg styringseffekt

- lov- og avtalerammer må eksplisitt uttrykkjast i mandatet
- mål og krav må vera konkrete ("systemet skal sikra eit godt arbeidsmiljø" er for vagt)
  • Systemutvikling er ein viktig avgjerdsarena
  • Bør leggja stor vek på å gi spesifikke rammer og føringar i mandat for arbeidet og bruka mandatet aktivt gjennom heile arbeidet
  • Nærliggjande for fagrørsla å krevja at arbeidsmiljøspørmål blir handsama me eigen avgjerdsprosess
Torstein Brechan, tillitsvalt (NTL) i Nav
Tek utgangspunkt i skrinlegginga av det store moderniseringsprogrammet i Nav, kostnadsrekna til 3,3 mrd. kr. Prosjektet vart stoppa etter bruk av over ein halv milliard kroner.

IKT-utvikling eller verksemdsutvikling?
Tillitsvalde må leggja vekt på det siste; på det første punktet blir dei finta ut ganske raskt pga. manglande teknologikompetanse (ikkje likeverdige partar)

- må brukar heile Hovudavtalen
- forplikta arb.givar til å etterleva intensjonane
- klart språk
- opplæring
- unngå utvatning av former for medbestemming

I staden for heile tida å advara mot bruk av konsulentar (i off. sektor), må fagrørsla heller peika på betre konsulentkontroll, meir openheit, innkjøpsprosessar, kontraktsomsyn m.m.

Verksemdsstyring i Nav
- dagleg produksjonsstyring
- sanntidsovervaking
- automatisk fordeling av opgåver
- statistikkinnhenting for samanlikning

Forvaltningsfaget er under press
- forvaltning redusert til kundeforhold og "service for brukaren"
- medvit om myndigheitsutøving blir svekka
- automatisering blir likestilt med likebehandling

Manglar ikkje på ambisjonane: Det gamle systemet i arbeidsformidlinga heitte TOTALSYSTEMET (!)

Institusjonelt minne:
- manglande styring
- manglande fagforankring
- undervurderte kompleksiteten
- for ambisiøst målbilete

Er det snakk om Tress 90 eller det nye Moderniseringsprogrammet? Det passar på ein prikk begge gigant-prosjekta.

Panelsesjon med spørsmål frå salen
Kva med universell utforming i systemutviklinga?
- ikkje noko klart svar frå panelet

Frå Vegdirektoratet:
- vil gjerne ha foredraget til Brechan og så berre endra litt på overskrifter, så passar det perfekt i Vegetaten (les: Autosys i staden for Tress 90/Moderniseringsprogram)

Spørsmål/kommentar frå meg:
Difi sin undersøking av status for digitalisering byggjer på ein for svak metodikk og er difor lite egna til å seia noko sikkert om dette. Difi må rett og slett gå tilbake og gjera ein betre jobb; det må ryddast i begrep og definisjonar slik at ein veit kva ein snakkar om.

Svar frå Difi: Einig i at det er viktig at beslutningsgrunnlaget er viktig og må vera mest muleg korrekt for å kunna fungera som vegvisar i digitaliseringsarbeidet.



onsdag 5. februar 2014

2013 - året då el-bilen slo gjennom

El-bil, her representert ved nye BMW i3
(Foto: M 93  CC-BY-SA)
2013 står att som det året el-bilen vart nesten vaksen og for alvor vart eit reelt alternativ til forbrenningsmotoren. Salsstatistikken viser at el-bilen konkurrerer heilt i toppen og Nissan Leaf var den tredje mest selde bilen i fjor. Tesla gjer det også godt, men topp-plassering i september pga. mange førehandsbestillingar, men den har også selt godt resten av året. Dessverre finn eg ikkje statistikk for nybilsal 2013 fordelt på modell. Opplysningskontoret for vegtrafikk, OFV AS, krev betalt abonnement for å gi tilgang til meir avanserte søk i databasen.

Dårleg statistikk!
Dessverre er det ikkje råd å finna oversikt over bilsalet fordelt på modell, eg finn det i alle fall ikkje. OFV tilbyr slike søk, men då må du teikna abonnement som kostar del. Dette er uhøyrt, denne typen statistikk burde liggja ope. Hei bilindustri, har de høyrt om opne data?

El-bil aukar relativt mestSamla for 2013 vart det selt 7882 el-bilar, noko som utgjer 5,5 % av alle nye bilar i fjor. Men salet av el-bilar auka sterkt i løpet av året slik at el-bilar utgjorde 11,2 % av alle nye bilar i desember. Tilgang på fleire modellar og generelt stor merksemd rundt el-bilar er hovudgrunnane. Den kraftige relative auken slår også ut på gjennomsnittsforbruket til nye bilar. I 2013 var gjennomsnittforbruket for nye bilar 115 g CO2/km, noko som er ein nedgang på 18 g samanlikna med året før.

El-bilen ser skikkeleg ut
Frå å vera rare bilar med tvilsom bruksnytte, har el-bilen vorte vaksen og me har fått modellar som ser ut som "normale" bilar. Nissan Leaf ser ut som ein vanleg bil (eg vil jo seia at den er like lite pen som ein ordinær Nissan eller Toyota), BMW har komme med den første bilmodellen konstruert frå grunnen av som el-bil (vel å merka frå ein av dei store produsentane) og Tesla har teke verda med storm med sin Tesla Model S som sprengjer gamle rammer for rekkevidde, i tillegg til at den er ein el-bil i luksusklassen.

Fordelane tek snart slutt
Dei mange fordelane el-bilane nyter, er sjølvsagt også ein viktig grunn til den store interessa. Det gjeld ikkje minst i Oslo. Sjekk denne lista med subsidiar og frynsegoder:

  • Fritak for eingangsavgift og meirverdiavgift
  • Gratis parkering på kommunale p-plassar
  • Gratis passering i alle landets bomstasjonar og fritak for rushtidsavgift
  • Fri tilgang til å køyra i kollektivfeltet
  • Årsavgifta er berre kr 415 kr (i 2013)
  • Gratis lading på dei fleste offentlege ladestasjonane 
  • 50% rabatt på firmabilskatt
  • Gratis transport av elbilen på riksvegferjer (men føraren må betala)
  • Statens regulativ gir eit ekstra tillegg (15 til 80 øre i 2013) i kilometergodtgjersle for el-bil

Med gratis bompassering, gratis parkering på tildelte plassar, billeg årsavgift og køyring i kollektivfeltet er det ikkje rart om el-bil er eit freistande alternativ til den vanlege bilen. Men dette kan ikkje halda fram; problema har alt meldt seg med kø i kollektivfelta. Det vil ikkje bli noka god sak for Frp å måtta innføra avgifter og restriksjonar på el-bilen, men det lyt nok til.

Kva med hybrid?
Elles er hybridbilen truleg det mest fornuftige valet, men sidan den ikkje nyt godt av nokon av dei generøse tiltaka for el-bilar, blir den for dyr for mange. Eit godt eksempel på at det beste er det godes fiende. Diskusjonen om kor miljøvennleg el-bilen eigentleg er, blir også stadig sterkare. I mange tilfelle er nok el-bilen bil nr. 2, eller til og med 3. Det blir også hevda at subsidiering av el-bil er ei subsidiering av dei som har mest frå før. Det er neppe dei med lågast inntekt som er typiske el-bilkjøparar.

tirsdag 4. februar 2014

Jon Bing

Jon Bing på scenen - eit kjent syn
(Foto: Andre Eide CC-BY-SA)
Me skal alle døy, før eller seinare. For Jon Bing sin del vart det dessverre før. I ein alder av 69 år hadde han hatt mykje å gi oss av sin unike kunnskap om jus & IT, men slik skulle det ikkje bli.

Jus & IT
Fleire som kjende Jon Bing godt, har skrive langt og interessant om den spesielle posisjonen hans og det banebrytande arbeidet han gjorde i skjeringspunktet mellom faga jus og IT; det som skulle få namnet rettsinformatikk. Trass i nasjonal anerkjenning var han var meir kjend internasjonalt enn mange veit. Kollega av Jon Bing, Olav Torvund, har skrive dette etterordet.

SERI
Jon Bing bygde opp Senter for rettsinformatikk - SERI - eit sterkt fagmiljø der særleg personvern står sentralt. Det første arbeidet med personvern var då også hovudsaka som leia fram til etableringa av senteret. Det er interessant å tenkja på at feltet Jon Bing var pioner på, seinare har fått ein framståande posisjon og mange sterke stemmer i USA, t.d. Larry Lessig, Jonathan Zittrain og TimWu. Mange av desse er knytte til viktige institusjonar som Berkman Center for Internet and Society ved Harvard og Stanford Center for Internet and Society, senter som på sett og vis kan samanliknast med SERI.

Historieforteljaren
Eg hugsar best historieforteljaren Jon Bing. Han var ein mykje brukt foredragshaldar på grunn av kombinasjonen stor fagleg autoritet og glitrande historieforteljar. Det finst mange som har ein av desse eigenskapane, men ikkje så mange som har begge. Eg hugsar eit par av historiane hans, i alle fall delar av dei:

Code is Law
Jon Bing fortalde om innføring av ei ny lov om godtgjersle for soldatar i militæret. Eit av punkta var godtgjersle for avslutta militærteneste. Men det var siste samling før sommaren og mange lover skulle bankast gjennom, så i farten vart ikkje "avslutta førstegangsteneste" definert. Kven hadde rett på denne godtgjersla, var det dei som hadde fullført heile førstegangstenesta, dei som av ulike grunnar vart dimitterte etter halvferdig teneste, eller endå tidlegare? Programmerarane i Rikstrygdeverket fekk problemet i fanget og som praktiske menneske bestemde dei seg for at avtent verneplikt på 14 dagar eller meir, ga rett til utbetaling. Eit glitrande eksempel på Larry Lessigs "Code is Law".

Om datakvalitet
Det andre eksempelet handlar om datakvalitet, eller mangel på slik. Det svenske forsvaret kalla inn personar til verneplikt. 30 døde personar vart kalla inn - og 9 av dei møtte fram! (Tala er usikre, men poenget er klart).

Jon Bing har publisert mykje. Eg vil til slutt trekkja fram boka "Internet Governance - Infrastructure and Institutions" som han redigerte saman med Lee A. Bygrave.

fredag 31. januar 2014

2013 - Året då Internett mista uskulda

Foto:  Ian Ruotsala (CC BY-NC-SA 2.0)
2013 var det året Internett mista uskulda si. Edward Snowden sine avsløringar av National Sercurity Agency (NSA) sine omfattande overvakingar overgjekk dei villaste fantasiane. Me visste jo godt at nettet ikkje var trygt for avlytting, men få såg for seg det enorme omfanget.

Les heile blogginnlegget på Vestforsk-bloggen..

mandag 20. januar 2014

Floskelproblemet i forsking og utdanning

Foto: Richard Lee (CC-BY-ND-NC)
Eva Grinde, kommentator i Dagens Næringsliv, tek opp "Floskelproblemet" i ein kommentar på side 2 i DN 15. januar i år. Kommentaren er ein kritikk av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og forslaga han har lagt fram for å styrka forsking og utdanning. Floskelproblem nr. 1 er i følgje EG "kvalitet". Som ho skriv:

Floskelen over alle floskler i forsknings- og utdanningspolitikken er "kvalitet". For det vil selvsagt alle ha. Å proklamere "kvalitet i alle ledd" har derfor liten verdi dersom det ikke konkretiseres.
Eit springande punkt er talet på forskings- og utdanningsinstitusjonar. Her viser EG til Stjernø-utvalet som i 2008 la fram ein rapport som konkluderte med at det er for mange FoU-institusjonar i Norge og at det går ut over kvaliteten.

EG siterer Røe Isaksen med "Det kan hende 19 institusjoner for lærerutdanning i Norge er for mye" og skriv vidare:
Nei, det kan ikke hende. Det ER for mye. Det finnes tonnevis av forskning som understreker betydningen av robuste fagmiljøer for kvalitet.
Uttrykket "robuste fagmiljøer" fekk meg til å skriva følgjande lesarinnlegg til DN (som blir publisert her sidan dei valde å ikkje trykkja det):

Floskelproblem indeed!

Eva Grinde har rett i at kvalitet i forsking og høgare utdanning er ein av dei største flosklane i utdanningsdiskusjonen. Men det er ein floskel som er større og farlegare: "robuste fagmiljø". Kva er det? Det synest som ei finurleg omskriving av tyngdelova: Til større, til betre.

Grinde skriv at "det finnes tonnevis av forskning som understreker betydningen av robuste fagmiljøer for kvalitet". Då kan ho kanskje dela nokre gram av denne for oss som ikkje kjenner til den?

Det som derimot er dokumentert, er ein eintydig samanheng mellom størrelse og auka administrasjon. Professor Bjørn Jamtveit ved UiO har vist at administrasjonen ved universitet og høgskular veks eksponensielt med aukande størrelse. Det bør gi både utdanningsminister og DN noko å tenkja på.

torsdag 16. januar 2014

Den livsviktige jorda

Bonden Wang Lung forstod det. Hovudpersonen i Pearl S. Buck si Nobelpris-vinnande bok ”Den gode jord” brukte alle ressursane sine på å kjøpa jord. Sjølv då han vart ein rik mann og la seg til mange dyre vanar, heldt han fast på jorda. Det siste han sa til sønene sine var at dei aldri måtte selja den. Det skulle dei ikkje, sa dei og blunka lurt til kvarandre.

Pengar kan ikkje etast
Sylvi Listhaug og Jan Tore Sanner har ikkje forstått kor viktig jorda er. Den nye regjeringa gir grønt lys for to omstridde utbyggingar som vil bandleggja store område av den beste matjorda vår. Det er å saga av greina me sit på. Verdas største pensjonsfond kan ikkje hjelpa oss den dagen det blir alvorleg matkrise. Det ser ut som politikarar (og økonomar) ikkje forstår at pengar og andre verdipapir ikkje kan etast.

Nedbygt matjord må erstattast
Men i staden for meir prat om jordvern trengst det konkret handling. Forslaget mitt er at all matjord som blir bygt ned, må erstattast av utbyggjaren med tilsvarande areal av like god jord. Då må det byggjast opp eit fond som kan brukast til nydyrking, grøfting og tilsvarande tiltak for å halda arealet av matjord på minst same nivå som i dag. Men det må gjerast på ein måte som ikkje byggjer opp eit nytt offentleg byråkrati!

Sylvi og Jan Tore lovar å ta jordvern på alvor, medan dei blunkar lurt til kvarandre..

[Lesarinnlegg i 'Nationen' 14.01.14]

fredag 3. januar 2014

Bloggåret 2013

Det er på tide å gjera opp årsstatus for blogginga. Målet for 2013 var minst eitt blogginnlegg i veka, og det har eg klart: I alt har eg publisert 53 innlegg. Desse innlegga har ført til 84 kommentarar totalt. Storparten av desse kom til innlegget om samfunnslønn, og den viktigaste grunnen til det er at innlegget vart plukka opp på framsida av vg.no. Det resulterte i mange kommentarar, i alt 51, og eg er positivt overraska over nivået. Eg hadde frykta mykje meir usaklege kommentarar, men det var lite av det.

I tillegg til innlegga på min eigen blogg, har eg også stått for brorparten av blogginnlegga på Vestforsk-bloggen. Her skreiv eg 14 innlegg i fjor, av i alt 18.

Ein markant topp i september, på innlegget om samfunnslønn


Google Analytics har registrert 15 453 besøk i løpet av året, der 3/4 har komme frå vg.no. Den store interessa etter VG-oppslaget viser med all tydelegheit kva som driv trafikk på nettet: Det er dei store nettstadene, og dei blir stadig større. Stadig meir av trafikken går til dei største nettstadene.

Og statistikken viser kva som genererer trafikk


torsdag 26. desember 2013

Fredrik Barth - ein intellektuell biografi

Det beste med jula er etter mitt syn roen til å kunna lesa, og til å lesa samanhengjande. Thomas Hylland Eriksen har skrive ein biografi om den store sosialantropologen Fredrik Barth. Hylland Eriksen er sjølv professor i sosialantropologi ved Universitetet i Oslo og har Barth som eit av sine store førebilete. Det hindrar han heldigvis ikkje i å sjå på Fredrik Barth med eit kritisk blikk; derav undertittelen "ein intellektuell biografi".

Ein av dei store sosialantropologane internasjonalt
Fredrik Barth er kanskje kjent av dei fleste, men dei færraste veit kor stort namn han er i antropologi-verda. Han er ein av dei store internasjonalt, om me tel dei store på "ei genmodifisert hand", som THE uttrykkjer det. Det er kanskje litt typisk for akademikarar av Barths størrelse at dei er betre kjende internasjonalt enn i heimlandet. Likevel må han reknast som den moderne sosialantropologien sin far her til lands. Men i motsetning til THE vart han aldri professor ved UiO, men ved Etnografisk museum i Oslo i staden. Det var eit miljø i opposisjon og "krig" med UiO, som dessverre er ganske vanleg i akademia. THE kommenterer lakonisk at grunnen til at det ikkje er fleire mord i akademia er at forskarar først og fremst er tenkjande menneske, ikkje handlande..

Feltundersøking i Swat-dalen
Mellom antropologar heiter det seg at desse kan skiljast i følgjande grupper: dei som har gjennomført ei feltundersøking, dei som har gjennomført to, og Fredrik Barth.
FB gjorde den første feltundersøkinga i Kurdistan i grenseområda Irak/Tyrkia i 1951. Men det var arbeidet blant pashtunarar i Swat-dalen i Pakistan som for alvor gjorde han kjend og som opna nye dører. Swat-dalen er kjend også i dag for grenseområda til Afghanistan og for Taliban-innflytelse. Dei fleste har høyrt om modige Malala Yousafzai som nettopp kom frå denne dalen og som utfordra det fundamentalistiske miljøet og kjempa for jenter sin rett til utdanning.

FB gjennomførte feltundersøkingane i Swat-dalen i løpet av eit halvt år. Typisk for han var at feltundersøkingane var kortvarige. Der andre antropologar brukte fleire år, fekk FB med seg det viktige på nokre månader. Det betyr ikkje at han var overflatisk, men at han hadde ei unik evne til å setja seg raskt inn i andre levemåtar. I Swat-dalen var problemstillinga hans studium av politiske prosessar i eit komplekt samfunn utan sentral politisk styring. I 1954 var Swat og områda rundt framleis utan sentral kontroll og styrte av lokale fyrstar (wali-ar). Barth måtte først ha godkjenning frå Pakistan og deretter frå den lokale walien.

Spelteori og nyttemaksimering
I analysane av datamaterialet frå Swat-undersøkingane brukte Barth spelteori (Game Theory) for å forklara handlingane til dei ulike aktørane. Det var nytt og ikkje heilt uproblematisk i eit humanistisk fag som sosialantropologi. Han vart seinare skulda for å vera positivist, eit skjellsord for mange, men både Fredrik Barth sjølv og andre har tilbakevist dette. Barth såg på nyttemaksimering, som økonomane er opptekne av, på ein meir pragmatisk måte: menneska prøver å gjera det beste ut av situasjonen uansett kvar dei er.

Drakamp UiO og Etnografisk museum
I Norge var det drakamp mellom UiO og Etnografisk museum og Fredrik Barth valde til slutt eit tilbod frå det nye Universitetet i Bergen (oppretta i 1946), der han bygde opp sosialantropologi-studiet og til slutt vart professor. Han hadde både før og etter mange tilbod i utlandet, men valde Norge som base. Det var likevel Oslo som var "heime", og då professoratet ved Etnografisk museum vart ledig i 1973 søkte han stillinga og fekk den. Då hadde han nokre år tidlegare treft Unni Wikan, som student hjå han, og dei to vart eit par. Dei arbeidde mykje i lag i tida etter at dei vart gifte.

Kurdistan, Swat, Iran, Darfur, Ny-Guinea, Bali, Bhutan..
I tillegg til studiar i Kurdistan og Swat, gjennomførte Fredrik Barth feltstudiar i Iran (nomadane bassier), Darfur (Sør-Sudan), Ny-Guinea, Bali og i Bhutan. Han har omfattande publiseringar;  både monografiar og artiklar i tillegg til bokkapittel og redigering av bøker.

Watching and wondering
Det som kjenneteikna Fredrik Barth var den nysgjerrige haldninga kombinert med ei entreprenør-and, ei humanistisk og medmenneskeleg innstilling og ei usvikeleg tru på observasjonar som grunnlaget for analysar og teoriar. Det siste tok han med seg frå naturvitskapen, og var nok også medverkande til positivist-stempelet han av og til fekk. Men Fredrik Barth meinte at berre gjennom observerasjonar kan ein danna seg bilete av samanhengar og "system". Han forkasta ideane om eit grunnleggjande system og samfunnsordning på førehand, og var sterk talsmann for at "vegen blir til mens ein går" - dvs. at teoriar må avleiast av observasjonar. Her er Barth meir i arven frå Aristoteles enn Platon.

Eit typisk utsagn var ein kommentar han kom med til Ottar Brox, som studerte under han. Brox hadde skrive at "samfunnet gjer at ..." og Barth svarte raskt at "samfunnet" gjer ingenting, det er aktørane som handlar..

Teoribidraget
Det intelletuelle prosjektet til Fredrik Barth blir omtalt slik av Edvard Hviding og Harald Tambs-Lyche:
Han spør hvordan vi best kan finne en tilnærming til samfunnsanalyse som er generell nok til å omfatte de fleste former for menneskelig handling, og samtidig spesifikk nok til til å ta inn den praktisk talt endeløse variasjonen som skyldes særpreget hos individer og situasjoner.

Han trudde altså ikkje på ein "grand theory", men var meir oppteken av variasjonen. Teoribidraga hans er først og fremst uttrykte i bøkene Model of Social Organization og Cosmologies in the Making. Her lanserer han begrepet generativ prosessanalyse, og transaksjonsanalyse, begge begrep som er vanskelege å forklara for ikkje-antropologar. Også ein god formidlar som THE blir litt fanga av akademisk spinn når han skal prøva å forklara dei sentrale ideane. I det heile var Fredrik Barth mindre oppteken av teoriar anna enn som som passande verktøy til å analysera observasjonar. Sosial former som struktur, samfunn og system var for Barth aggregerte (bi)produkt av vilja handlingar frå enkeltmenneske.

mandag 23. desember 2013

The Good Earth - Den gode jord

Dette er boka Sylvi Listhaug og Jan Tore Sanner bør lesa i julehelga. Ja, den bør i grunnen lesast av heile regjeringa. Den handlar om verdien av (mat-)jorda og er like aktuell i dag som då den kom ut i 1931.

Pearl S. Buck
Forfattaren Pearl S. Buck (Sai Zhenzhu var hennar kinesiske namn) budde mesteparten av av dei første 30 åra av livet i Kina ettersom ho var dotter til misjonærar. Ho hadde såleis inngåande kjennskap til landet og miljøet ho skildra i dei tre bøkene som utgjer Den gode jord-trilogien.

Wang Lung
Bøkene handlar om den fattige bonden Wang Lung som sakte, men sikkert arbeider seg opp til stor godseigar. Han startar med ein liten åkerlapp og sidan han var så fattig, var ein slave det einaste alternativet for giftarmål. Faren avtalte med godseigaren i området og Wang Lung gjekk av stad for å henta si tilkommande kone, O-lan. Faren meinte det var viktig at ho ikkje var pen å sjå på for det ville distrahera han frå å arbeida hardt. Og O-lan var ikkje spesielt pen, og det gjorde i grunnen ikkje noko for Wang Lung, men den største skuffelsen var at ho hadde store føter.. I Kina skulle jenter ha bittesmå føter og dei vart snørte saman tidleg for å oppnå det idealet.

Frå aukande velstand til nesten død
Familien til Wang Lung vaks raskt og han hadde snart tre barn; to gutar og ei jente. Men så slo veret seg vrangt og det vart uår og hungersnaud. Familien stod i fare for å svelta i hel og måtte dra sørover til ein av byane der mora og barna tigga medan Wang Lung sprang med rickshaw i gatene. Først etter ein oppstand og storming og plyndring av den lokale rikmannen, hadde Wang Lung og familien nok pengar til å dra tilbake til jorda. Wang Lung var berre på rett stad til rett tid, det same var O-lan, og med mykje flaks fekk dei med seg både pengar og smykke nok til å etablera seg på nytt.

Frå fattig bonde til rik mann
Wang Lung hadde halde på jorda, endå han og familien var på nippet til å svelta i hel. Og med pengar og edelsteinar frå "revolusjonen" i byen var han snar om å omsetja verdiane i meir jord. Han kjøpte jord av den lokale godseigaren som i sin ekstreme ekstravaganse og dekadanse hadde eit forbruk langt over inntektene og som dermed måtte selja jord for å finansiera eksessane.

Overgangen frå fattig til rik gjekk ikkje heilt utan problem for Wang Lung. Han tok etter ein del av skikkane på den tida og skaffa seg ei kone til, ei skikkeleg luksus-kone, med dei problema det førte med seg. Men trass i eit aukande forbruk og meir luksus, heldt han fast på ein ting: jorda måtte aldri seljast. Alt materielt kunne andre ta frå deg; jorda kunne dei aldri ta. Og jorda var den som til sist ga dei mat og velstand.

I bok nummer to ("Sons") og tre ("A House Divided") handlar det om korleis sønene etter kvart sel unna jorda og gradvis set alt over styr. Dei handlar stikk i strid med formaningane frå faren; det siste han seier til dei er at uansett kva dei gjer må dei aldri selja jorda.

Nobelprisen i litteratur
Pearl S. Buck fekk nobelprisen i litteratur for trilogien "The Good Earth" i 1938. Komitéen grunngav tildelinga slik:
By awarding this year's Prize to Pearl Buck for the notable works which pave the way to a human sympathy passing over widely separated racial boundaries and for the studies of human ideals which are a great and living art of portraiture, the Swedish Academy feels that it acts in harmony and accord with the aim of Alfred Nobel's dreams for the future.
Det er uråd å ikkje tenkja på Knut Hamsuns "Markens grøde" når ein les "Den gode jord". Grunntonen er den same: Tilbake til naturen og til jorda som grunnlaget for all velstand. Også "entreprenøren" som byggjer seg opp frå ingenting til velståande mann, er den same enten han heiter Isak Sellanrå eller Wang Lung.

Pearl S. Buck er kanskje ikkje like framstegs-fiendtleg som Hamsun i sine skildringar, men elles har bøkene veldig mykje til felles.

Bøkene er elles lesne på Kindle Paperwhite - ei interessant oppleving som eg skal skriva meir om seinare.

lørdag 7. desember 2013

"Car" 50 år

Jubileumsnummeret av Car - berre tilgjengeleg som
brukt eksemplar
Bil-bladet Car fylte 50 år i fjor. Eg er difor litt seint ute, men har nettopp skaffa meg (den utselde) jubileumsutgåva via eBay.

Bladet starta under tittelen Small Car and Mini Owner i 1962, men endra namn til Car tre år etter. Namneskiftet signaliserte også eit breiare perspektiv og ikkje berre små bilar.

Til jubileumsutgåva har dei kåra dei 50 beste bilane i perioden, og samla dei alle under eitt tak. Det er litt av ei samling!

Eg kan ikkje ta med alle 50 bilane her, men nøyer meg med 10 på topp:




Dette må vel vera den mest spektakulære samlinga
bilar i historia?
1. Porsche 911
2. BMW M3 (E30, den første)
3. McLaren F1
4. Golf GTI
5. Range Rover
6. Mini
7. Jaguar E-type
8. Lamborghini Countach
9. Ferrari 458
10. Nissan GT-R

Det kan ikkje ha vore enkelt å setja opp denne lista. Som med alle lister, vil det vera stor usemje om kven som skal vera med og kva plassering.

Car gir oss også dei 10 verste bilane i perioden 1962-2012:
1. Ssangyong Rodius (styggaste nokon sinne [men kva med Fiat Multipla?])
2. Pontiac Aztek 2000 (Walt sin bil i Breaking Bad)
3. Morris Ital ("The exact moment when the UK motor industry hit rock bottom!")
4. AMC Pacer (mest fjollete)
5. BMW 5 Gran Turismo (mest tåpelege nisje)
6. Cadillac Cimarron (verste "badge engineering")
7. Zimmer Golden Spirit (mest oppblåste)
8. Ford Pinto (farlegaste, pga. utforminga og plassering av bensintank)
9. Alfa Romeo Arna (største skam påført eit merkje)
10. DeLorean DMC-12 (største svindel)

torsdag 28. november 2013

Studietur til India

Frå baksetet på ein autorickshaw - eller tuk-tuk
som det også heiter
IT-forum Sogn og Fjordane arrangerte studietur til India 16. - 24. november. Føremålet var å sjå nærmare på IT-industrien i Bangalore og omegn. Forrige studietur gjekk til San Francisco og Silicon Valley i 2010. Den turen var umuleg å toppa, så det måtte bli noko heilt anna.

Kollega Rajendra er ein viktig grunn til at me valde India. Han er indar og har mange kontaktar både i akademia og i IT-industrien. Han var ansvarleg for programmet og opplegget under turen og gjorde ein formidabel innsats!

India = kaos = normaltilstand
India er eit utruleg fascinerande land. Heilt sidan eg såvidt var innom i 1985 (ein dags mellomlanding i New Delhi), og seinare ei veke i 1988 (Delhi - Jaipur - Agra), har India stått på lista over stader eg må tilbake til. Samtidig er India ein stad for vidarekomne. Det er mildt sagt kaotiske tilstandar, og kaos er normaltilstanden. Det nyttar ikkje å kjempa mot dette kaoset, då blir du berre totalt frustrert. Du må berre gi deg over og prøva å følgja med straumen uansett kor tærande det kan vera på tolmodet.

Først nokre bøker for å auka motivasjonen for India endå meir:
  • "India - en vinterreise" av Göran Tunström er ikkje boka som har fått mest omtale. Men det er ei varm og poetisk bok om livet på landsbygda i India.
  • "Shantaram" av Gregory David Roberts er ei skikkeleg røvarhistorie, visst nok bygd på ei sann historie. Den gir eit fascinerande bilete av ein vestleg fyr, tidlegare kriminell, som rømmer frå fengsel i Australia og hamnar i slummen i Mumbai.
  • "A Passage to India" er først og fremst kjend som ein storslått film av David Lean. Den byggjer på ein roman av E. M. Forster.
Det indiske flagget
(Wikipedia.org)
India - verdas største demokrati
India er enormt, både i folketal og i utstrekning. Landet er i ferd med å ta att Kina når det gjeld folketal. Framleis har Kina flest med 1,36 mrd menneske, men India kjem raskt etter med sine 1,24 mrd. I utstrekning er landet 10 ganger så stort som Norge.

Sjølv om India har ein lang historie, er det uråd å komma bort frå det engelske styret i kolonitida; British Raj. Det varte frå 1858 til 1947 og har prega India mykje, både på godt og vondt. Framleis er engelsk det dominerande fellesspråket, og her har indarane ein stor fordel når det kjem til IT og konkurranse med andre land.

Trafikken i sentrum av Bangalore.
(Foto: Jan Heggheim)
IT-hovudstaden Bangalore
Målet for studieturen vår var Bangalore, eller Bengaluru som byen heiter på indisk. Det er den dominerande teknologibyen i India og heimstad for dei største IT-selskapa. Det på same tid ein storby med rundt 9 millionar innbyggjarar. Veksten har skjedd utan at infrastruktur i form av vegar m.m. har følgt med, med det resultatet at kommunikasjonen i byen er mildt sagt vanskeleg. Det kan ta fleire timar å komma frå ein ende av byen til ein annan.

Det første som slo meg då me kom fram, var kor fattig det var i sentrumsområda. Eg hadde førestilt meg Bangalore som ein (hyper-)moderne by, men her var det det fattigaste av det fattige side om side med det storslåtte og hypermoderne. På mange måtar India i eit nøtteskal.

Denne typen blomster-
dekorasjonar var i alle inngangs-
parti. Dei laga nye kvar dag!
IT-revolusjonen
India var eit ganske lukka land fram til slutten av 1980- og overgangen til 1990-talet. Banda til Sovjetunionen var sterke, og med oppløysinga av denne, måtte India finna på noko nytt. Eit opnare land vart noko av resultatet, og ei tydeleg satsing på IT-industri vart sett i gang. IT-organisasjonen NASSCOM var viktig for satsinga, og den første leiaren, dr. Dewang Mehta, var ein svært aktiv kar og skal ha ein stor del av æra for IT-eventyret som er skapt i India. NASSCOM liknar vår eigen Dataforening, men har ei langt meir aktiv rolle.

Frå starten av IT-satsinga vart utdanninga prioritert. Det vart etablert ei rekkje IIIT-institutt rundt om i India. Desse har namna Indian Institute of Information Technology, eller International .... Desse vart knutepunkta i IT-utviklinga i dei ulike delane av landet. Me besøkte IIIT Bangalore og dei tilsette der var sentrale i planlegginga av studieturen vår. Dei ga oss innpass og avtalar med dei største selskapa.

IIIT er ei vidareutvikling og spesialtilpassing av Indian Institute of Technology, ei kjend teknologi-/ingeniørutdanning med 16 universitet rundt om i India (merkeleg nok ikkje i Bangalore).

IIIT Bangalore
IIIT Bangalore var det andre IIIT-instituttet som vart oppretta; det første var i Hyderabad i 1998. IIIT Bangalore vart oppretta same året. Målsetjinga var å få eit miljø for læring, forsking og rådgivar for IT-industrien Men det var Bangalore som etter kvart vart IT-senteret i India, og IIIT har spelt, og ein viktig rolle her. Dei spelar framleis ein viktig rolle og har god kontakt med dei ulike selskapa. IT-industrien er også inne på finansieringssida som er tredelt mellom studentavgifter, IT-industrien og myndigheitene (stat og føderalt).

Studentavgiftene går direkte til lønn for dei tilsette, noko som skaper eit tett forhold mellom student og lærar (professor). Det er rundt 60 fagleg tilsette; halvparten på full tid. Studentane er også representerte i styret for IIIT Bangalore, noko som er uvanleg i India. Eit anna område instituttet peikar seg ut på, er andelen jenter. Den er 40 % og dei håpar å kunna auka den ytterlegare. Sikkerheit for jentene vart trekt fram som den viktigaste forklaringa på den relativt høge kvinne-andelen. Det er rundt 400 studentar ved instituttet, eit tal som vil auka til 600 når M. Tech-programmet er oppe i full kapasitet.

IIIT Bangalore har både master- og PhD-program. I masterprogrammet rekrutterer dei blant dei 2 % beste av 500 000 undergrad.studentar! Det seier seg sjølv at kvaliteten på studentane er høg. I tillegg til desse to programma har dei også starta opp eit Integrated  M.Tech-program. Det er eit 5-års studium.

Me besøkte IIIT Bangalore 18.11 og 19.11.

Studentar på opplæring hos Infosys i Mysore
Infosys
Starta: 1981
Tilsette: ca. 170.000
Omsetning: ca. US$ 7 mrd (siste rekneskapsår)
Omsetning pr. tilsett: ca. $ 41.000
Besøk: 18.11.13 (og 20.11 i Mysore)

Infosys er eit av dei 3-4 største IT-selskapa i India. Dei har bygd seg opp på tradisjonelle outsourcings-tenester, og det er framleis kjernen i verksemda. Dei prøver å arbeida seg oppover i næringskjeda ved å tilby stadig meir rådgiving og strategiske IT-tenester.

Infosys har samla all aktiviteten i Bangalore på ein stad, ein diger campus i Electronic City. I tillegg har dei eit imponerande treningssenter i Mysore, 2-3 timar med bil frå Bangalore. Dette treningssenteret, som er verdas største i sitt slag, har plass til 14.000 studentar.
Frå Mysore-campusen til Infosys
Dei blir rekrutterte frå dei beste universiteta og tekniske institutta i India og går gjennom eit beinhardt opplæringsprogram på 6 månader før dei går inn i ordinært arbeid i konsernet. Strykprosenten er 1 - 1,5 %, så me snakkar om topp motiverte studentar her. Men det er ikkje så rart, dei som får innpass i Infosys eller eit av dei andre store selskapa, har verkeleg vunne i lotto.



Cognizant
Starta: 1989
Tilsette: ca. 170.000
Omsetning: ca. US$ 7 mrd siste rekneskapsår (reknar med å nå nesten 9 mrd i 2013)
Omsetning pr. tilsett: ca. $ 41.000
Besøkt: 19.11.13

Cognizant vart etablert i 1994 som ein del av Dun & Bradstreet India. I 1998 vart selskapet skilt ut frå D & B og børsnotert. I dag er majoriteten av selskapet eigd av USA-interesser. Hovudaktiviteten er framleis i India, og selskapet framstår som eit indisk selskap. I størrelse er dei svært like Infosys, men dei er mindre kjende. Dei kalla seg sjølv "the best kept secret". I filosofi skil dei seg ved at dei i sterkare grad satsar på lokal forankring og leiing i dei landa dei etablerer seg. Me fekk helsa på Norges-sjefen som var i Bangalore på same tida og fekk dermed eit godt innblikk i den norske og skandinaviske satsinga og strategien. Det er tydeleg at Cognizant har ambisjonar om å bli ein leiande leverandør av IT-tenester i Norge og Skandinavia.

Førebels har dei fått kontraktar berre med private kundar, men offentleg sektor står også på ønskjelista. Litt av problemet med offentleg sektor er innkjøpsreglementet, særleg når me høyrer at det viktigaste for selskapet er å byggja langsiktige alliansar med kundane. Det er vanskeleg med eit reglement for offentleg innkjøp som krev at du rykkjer tilbake til start for kvar ny periode. Kva tidlegare leverandørar har gjort for deg, både positivt og negativt, tel ikkje med i det heile. Her er det opplagt noko gale med innkjøpsordningane. For ein nykommar som Cognizant kan det likevel opna opp for val av ein ny leverandør.

Tata-logoen, som er synleg
over alt i India
Tata Consultancy Services
Starta: 1989
Tilsette: ca. 285.000
Omsetning: ca. US$ 3,3 mrd siste rekneskapsår
Omsetning pr. tilsett: ca. $ 11.500
Besøkt: 21.11.13

Tata er giganten i indisk næringsliv. Som dei sjølve seier, driv dei med alt "from salt to software". Tata består av ei rekkje sjølvstendige selskap med ei overordna stifting på toppen. Mange av selskapa er blant dei 3-5 største i verda på sitt område.

Tata vart grunnlagt av Jamsetji Tata, ein indar med røter i persisk zoroastrisk kultur og religion. Ei gruppe zoroastrar flykta frå Persia (Iran) til India langt tilbake i tida. Dei fekk opphaldsløyve mot at dei lova å ikkje gjera noko gale, men å bidra til utvikling i India.

Etter Jamsetji Tata følgde J. R. D. Tata som bygde selskapet til eit globalt konsern. Han var spesielt oppteken av luftfart, og var ein ivrig pilot. Han etablerte Air India, som seinare vart overteke av staten. Han etablerte også m.a. Tata Motors og Tata Tea (med Tetley som det mest kjende varemerket). Han var i slekt med Jamsetji Tata (far til J. R. D. var søskenbarnet til J. T.). JRD fekk den prestisjetunge Bharat Ratna-prisen, India si høgste sivile utmerking.

Etter JRD følgde Ratan Tata som bygde vidare på den store arven frå JRD. I Ratan Tata si tid vart Tata eit endå meir globalt konsern gjennom oppkjøp innanfor ulike industriar. Eit av dei mest kjende oppkjøpa var bilmerka Jaguar og Land Rover kjøpt frå Ford og BMW. Dette kjøpet må framstå som djupt ironisk for engelskemenn, og eit slags "takk for sist" frå India til UK. På spørsmål om dette verkeleg var eit "takk for sist", insisterte TCS-folka på at det berre var business.

Ratan Tata takka av som konsernleiar på 75-årsdagen sin og vart etterfølgd av Cyrus Mistry, den første leiaren av Tata utana Tata-namnet.

TCS er det største IT-selskapet i India, og ein gigant også globalt sett. Presentasjonen deira var straumlinje-forma, som dei to andre store, og det var ikkje tvil om at Tata-namnet ga grunn til stoltheit. Dei understreka gang på gang at dei var størst på det meste.

Det er likevel interessant å sjå på omsetning pr. tilsett, og der skil TCS seg frå konkurrentane. Dei har berre ein fjerdedel av omsetninga målt pr. tilsett samanlikna med Infosys og Cognizant. Eg fekk ikkje spurt om dette, men truleg er grunnen at TCS opererer lågare i næringskjeda og utfører meir reine driftsoppgåver og mindre rådgiving.

Mindre bedrifter
Me besøkte også mindre bedrifter; alt frå oppstartsbedrifter med nokre få tilsette, til mellomstore (etter indisk målestokk) med 1200 tilsette. Den sistnemnde bedrifta var Happiest Minds. Deira slagord var "The ultimate goal is happiness". Grunnleggjaren var ein kjend IT-figur i India og han hadde fleire større etableringar bak seg. Med denne etableringa ville han via seg til kjerneverdien slik han såg det.

Ingen tilsette i Happiest Minds skal vera i tvil om verdiane
i bedrifta.
Bak den litt naive målsetjinga såg me eit IT-firma som likna ganske mykje på dei andre me hadde besøkt. Dei var kanskje litt meir framoverlente når det gjeld teknologi. Dei satsa i alle fall stort på SMAC (Social, Mobile, Analytics, Cloud) - eit akronym Cognizant brukte flittig.

Det var interessant å høyra om oppstartsbedriftene og dei tøffe vilkåra dei opererer under. Det finst ikkje noko Innovasjon India, det er berre private midlar som eksisterer.

Dei to oppstartsbedriftene me hadde møte med på IIIT, opererte med datainnsamling og tilgjengeleggjering på web-en, og utvikling av eit helserelatert produkt for måling av ymse parametrar (blodverdiar ++).

Den første bedrifta tråla nettet etter data (visse kjelder), samla dei inn og bearbeidde dei og tilrettela dei for kundane. Dei gjorde i grunne det som lenka opne data (LOD) ber bod om. På spørsmål om det ikkje nettopp var det me har LOD til, svarte dei at det ikkje er ei tilfredsstillande løysing for kundane i dag. Dei hadde stor sans for lenka data, men det fungerer ikkje kommersielt fordi det på langt nær dekkjer dei behova som er. Det er vanskeleg å argumentera mot akkurat det..

Det vart ein del Kingfisher, det lokale ølet ("yet another lager").
Når prisen er ca. 10 kr for halvliteren, på restaurant, kan ein
likevel ikkje klaga (Foto: Arild Nybø)
Goa
Turen vart avslutta i Goa - ferieparadiset for hippiar på 1970-talet. No er Goa eit meir allment feriemål, og indarar er i fleirtal. Det var bedriftsbesøk også i Goa. Først besøkte med IT-avdelinga i statsadministrasjonen (Goa State Government, IT Departement), og etterpå selskapet Persistent. Dei har hovudkontoret i Pune, men eit avdelingskontor i Goa med ca. 400 tilsette. Totalt er det rundt 6000 tilsette i Persistent. Dei tilbyr mykje dei same tenestene som dei store IT-selskapa.

Sjølv om Goa er eit ferieparadis, vart det ikkje mykje ferie. Me hadde ein dag "fri", laurdagen før me reiste tilbake. Goa var som ein oase etter å ha komme frå travle og kaotiske Bangalore. Her var ein heilt annan puls, roleg og avslappande. Goa er den minste staten i India, med rundt 1,3 mill. innbyggjarar. Det er jo for ingen ting å rekna her. Spora etter den portugisiske koloni-tida er tydelege over alt. India annekterte Goa i 1961, men først i 1987 aksepterte Portugal formelt overtakinga.

God plass på stranda i Goa (Foto: Arild Nybø)



torsdag 14. november 2013

Bitcoin-animasjon

Denne animasjonen over Bitcoin-transaksjonar rundt om i verda viser tydeleg kven som driv opp kursen: Det er Kina som er på hogget og står bak storparten av Bitcoin-vekslingar. Lista over valuta på Bitcoin-toppen ser slik ut ein dag midt i november, etter ei omsetning på ca. 1000 BTC frå "bankane" MtGox, Bitstamp, BTCChina og Bit2c:
1. Kinesisk yuan (CNY) - 622 BTC
2. US dollar (USD) - 367 BTC
3. Japansk yen (JPY) - 17,5 BTC
4. Australske dollar (AUD) - 1,95 BTC
5. Euro (EUR) - 1,90 BTC


http://fiatleak.com