lørdag 29. mars 2008

Ray Kurzweil og evig liv

Etter ei særs trist gravferd for eit altfor ungt menneske er det merkeleg å lesa om Ray Kurzweil og hans opplegg for å sikra seg evig liv. Evig liv for Kurzweil er ikkje det same som kyrkja legg i begrepet, men i forståinga biologisk evig liv.

Viss det ikkje var for at Ray Kurzweil er ein heilt spesiell person i it-historia, kunne dette lett avfeiast som gal manns tankar. Det kan det jo likevel vera, men RK har ein imponerande CV i IT-verda.

Alt som 12-åring var han i gang med programmering og før han hadde gjort ferdig studiane ved MIT var han ein formuande mann (rettare sagt gut!). Han utvikla ei tekst-til-tale-maskin med namnet Kurzweil Reading Machine i 1976 og Stevie Wonder var den første kunden! (sikkert etter forskotet for Songs in the Key of Life...).

Stevie Wonder vart ein god venn og dei innleia eit musikalsk samarbeid der Kurzweil sette seg føre å laga ein ny generasjon synthesizer. Resultatet vart Kurzweil K250 og firmaet Kurzweil Music Systems.

Ray Kurzweil er svært oppteken av kunstig intelligens og har skrive ein god del om temaet. Han er AI-fantast så det held, det er i grunnen ikkje grenser for optimisme.

Men tilbake til evig liv: Kurzweil vart fascinert av begrepet singularitet, som kanskje kan oversetjast med grensesprengjande. I dette tilfellet er det den biologiske grensa for menneska som blir sprengd. Kurzweil meiner at AI vil kunna bli ei tillegg til den menneskelege intelligensen og slik gjera oss i stand til å gjera store vitskaplege framsteg som vil kunna føra til at biologiske grenser for menneska blir oppheva.

Vel, vel - kanskje mannen er gal likevel. Det er ofte ei hårfin grense mellom genialitet og galskap..
Les meir i Wired.

tirsdag 25. mars 2008

Tvilsam booking-etikk

Choice Hotels opererer med "prepaid online rate" som standard-val i bookingløysinga si. Det betyr at kredittkortet ditt blir trekt med det same du har bestilt hotellrom og at bestillinga ikkje kan endrast etter det.

Dette er rett nok opplyst i bookingprosessen, og ein må kryssa av at ein godtek garantivilkåra. Poenget er at det er tvilsamt å gjera denne handlemåten til standard-val. Eg tippar at mange, som meg, overser det faktum at bestillinga ikkje kan endrast og at summen blir trekt frå konto med det same.

fredag 21. mars 2008

Boikott OL i Beijing!

Eg ønskjer i utgangspunktet ikkje å bruka denne bloggen til politiske ytringar, anna enn it-politiske, men gjer enkelte unnatak. Kina sitt overgrep mot Tibet og den tibetanske kulturen er av ein slik karakter at det er viktig å seia klart frå. Alle har ein gyllen sjanse i år sidan Kina satsar hardt på å bruka OL for å marknadsføra andre sider av stormakta.

Men dei bør ikkje få sleppa unna med det som skjer i Tibet, og som har skjedd snart i 50 år. Kina har mange andre svin på skogen også, mellom anna støtte til Burma og støtte til overgrep i Darfur, men akkurat no er det viktig å setja søkjelyset på Tibet.

Det er stor fare for at heile den tibetanske kulturen blir utradert dersom kinesarane får halda fram uforstyrra. Dette er etnisk reinsing på sitt verste. Eg meiner Norge må ta eit klart standpunkt og seia nei til deltaking i OL. Me klarte det i 1980, og eg meiner det er minst like gode grunnar til å gjera det no.

Det blir hevda at ein boikott ikkje har nokon effekt. Det er noko eg ikkje trur på - for kinesarane ville det vorte eit enormt prestisjenederlag om mange boikotta OL. På kort sikt ville det kanskje gå endå hardare ut over minoritetane, men på lenger sikt trur eg det er det einaste som kan redda dei: Hardt press og vilje til å setja makt bak krava.

onsdag 19. mars 2008

Brave New World

Først 1984 og så Brave New World - no har eg fått ein bra dose framtidsdystopi! Men det er viktige bøker, begge to. Brave New World har eg lese før, men hugsa ikkje att så veldig mykje så det var ok å lesa den på nytt.

Dei to bøkene av George Orwell og Aldous Huxley er ikkje så ulike, det er mange fellestrekk i den dystre framtida dei skildrar. Begge framtidssamfunna er prega av at individet er bortimot utsletta, det er menneske som kollektiv gruppe som er det einaste som gjeld. Invididet og individualismen, med eiga tenking som rettesnor, blir halden nede.

I Huxleys framtidsvisjon er også familie og nære slektningar eliminerte - menneska blir produserte i store "ruge"-fabrikkar. Ved hjelp av teknisk kontroll og kjemisk dosering blir menneska klassedelte alt frå starten. Frå dei ypparste alfa pluss dei enklaste epsilon. Alle har sin plass i samfunnet og er skreddarsydde for jobben. Nokre år seinare enn Huxley si bok, prøvde jo nazistane noko som minner om dette (t.d. Lebensborn).

Aldous Huxley skreiv Brave New World i 1932, og handlinga vart lagt til år 2540. Det er eit sekulært samfunn, men med (Henry) Ford som idol ("Our Ford"). Fri sex er normen, men på grunn av streng teknisk overvaking og innretning resulterer det aldri i barn. Ord som "mor" og "far" er tabu og noko av det verste ein kan seia.

Målet for samfunnet er lykke og alle er konstant lykkelege. Alle negative kjensler (smerte, irritasjon osv.) er eliminert ved hjelp av konstant bruk av lykkepillar (soma - eit rusmiddel som blir delt ut til alle). Aldringsprosessane er haldne under kontroll slik at ingen blir gamle og rynkete - alle døyr med eit ungdommeleg ansikt og ein ungdommeleg kropp.

Teknologi er sett i høgsetet, men likevel kjem det fram at ikkje all teknologi blir sett på som bra. Den frie forskinga er ein fare for samfunnet, difor er forsking og teknologiutvikling strengt regulert. Kontrollen med individa skjer på ein annan måte enn i 1984, ikkje så direkte, synleg og brutal. Men verknaden er likevel den same - individet blir eliminert. Dissidentar blir også tekne hand om og forviste til ulike øyar, men likevel tilsynelatande med noko mindre brutalitet enn i 1984.

Brave New World er ei viktig bok og særleg viktig meiner eg den er i desse genteknologiske tider. Den burde vera pensum for alle som studerer genteknologi eller liknande fagområde.

tirsdag 4. mars 2008

Semantisk web isolert frå web-en?

Som ei oppfølging av det forrige innlegget vil eg peika på det viktige i ei stegvis utvikling. Kan semantisk web realiserast utan at ein har ei genuin forståing for korleis web-en fungerer i dag, og byggjer på denne?

Eg vil jo svara nei på eit slikt spørsmål og også hevda at dette er ei stor svakheit i dagens semantisk web-initiativ. Utviklinga og forståinga for problema er etter mitt skjønn i for stor grad lausriven frå web-ens grunnleggjande funksjon og oppbygging.

Eg tolkar også det manglande gjennomslaget for semantisk web (?) og dei mange nye semantiske initiativa som Microformats saman med ulike ikkje-standardiserte, men populære tiltak (type Freebase og andre) som eit uttrykk for at hovudsporet i semantisk web er for langt frå web-utviklinga generelt og ikkje ser ut til å bry seg særleg om web-en som sådan. Eg vil ta dette temaet opp att seinare, frå ein annan vinkel.

onsdag 27. februar 2008

Semantisk web? Lær heller å krabba først!

Verda er full av spennande idear, men røyndommen slår ofte brutalt gjennom. Eg søkjer etter informasjon om konferansen "Semantiske dager 2008" som skal haldast i Stavanger i april ein eller annan gang, eg skulle gjerne visst datoen.

Eit søk på konferansenamnet Google gir meg ingen verdifulle treff, sjølv om både Norstella og Abelia (medarrangørar) dukkar opp. Norstella-treffet verkar relevant, men fører meg berre til ei generell side der konferansen ikkje er nemnd. Abelia viser meg til eit innlegg på Semantiske dager 2007.

Eg prøver OLF - Oljeindustriens Landsforening - som er ein sentral organisasjon i arrangementet. Eit søk på 'semantiske dager' gir meg 114 treff der ingen ser ut til å dreia seg om arrangementet. Søket 'semantiske dager 2008' gir også 114 treff (!) - sannsynlegvis dei same treffa.

Denne konferansen skal altså handla om det store nye området semantic web, men arrangørane er ikkje ein gong på web 1.0-stadiet. Her bør ein først læra seg å krabba før ein prøver å gå.

[eg prøvde for moro skuld søket 'semantisk' og det ga berre 4 treff! Det første treffet hadde tittelen 'Semantic Days 2008' - tenk det! Intelligensen i OLF sin søkemotor overgår min forstand.]

torsdag 21. februar 2008

Nintendo Wii - Jippii!

Det er mykje kjekt med å ha ungar - å kunna få fullt utløp for eigne barnslege lyster er berre ein av dei kjekke tinga. Det resulterte denne veka i eit innkjøp av Nintendo Wii, godt hjelpt av litt dårleg samvit for å måtta jobba heile vinterferieveka.

Nintendo Wii fortener ein eigen omtale. Eg trur utviklinga av denne spelplattforma vil gå inn i historien som eit veldig godt eksempel på innovasjon. I staden for å konkurrera med dei to store, Playstation og XBox, om stadig meir og betre fart og grafikk, gjekk Nintendo ein heilt ny veg og utvikla ein aktiv spelestil der ulike rørsler med kontrollen er det sentrale. Dermed kan du spela bowling eller tennis nesten på verkeleg. Det er innovativt og det er ein kjempesuksess - og den er fullt fortent.

søndag 17. februar 2008

Grafisk presentasjon

Eg var innom Sosial- og helse- direktorat- et for å finna informasjon om IT-planen S@mspill 2007 og støytte på følgjande graf. Eg stussa litt over presentasjonsmåten, det er vanskeleg å oppfatta informasjonen i figuren med det same.

Problemet er dei doble tidsaksane. Her ville det klart vore betre å visa utviklinga over år, som X-akse, og droppa månad. Eventuelt kunne enkelte månader vore plotta på X-aksen mellom årstala.

Edward R. Tufte er den som framfor alt er kjend for analysar av grafisk presentasjon. Det er særleg boka The Visual Display of Quantitative Information som har gjort han kjend. Men også boka Envisioning Information inneheld mange interessante eksempel på grafisk presentasjon. Mellom anna er det ein fantastisk intrikat togtabell frå Indonesia og ein ditto komplisert og omfattande togtabell frå Japan.

Tufte seier at dei aller fleste grafiske presentasjonar har tid som ein variabel. I følgje ei undersøking av 4 000 tilfeldig utvalde grafiske presentasjonar frå 15 aviser i perioden 1974 - 1980, var meir enn 75 % tidsseriar. Det er liten grunn til å tru at dette forholdet har endra seg seinare.

Når tidsseriar er så vanlege, betyr det også at det er konvensjonar knytt til oppfatninga av dei. Den vanlege oppfatninga er sjølvsagt at data varierer tidsmessig frå venstre mot høgre. Det gjer dei forsåvidt også i SHDir-grafen, men der er det dei underordna månadene som dominerer, medan den meir interessante utviklinga over år blir øydelagt visuelt.

Edward R. Tuftes hovudtese er elles: "Above else show the data."
Ironisk nok er ERT si eiga heimeside ikkje heilt vellykka visuelt sett...

fredag 15. februar 2008

Classification and categorization - a difference that makes a difference

(Sporadisk) bloggar i1277 peikte på denne artikkelen av Elin K. Jacob etter innlegget om klassifisering og kategorisering. Artikkelen understrekar og gir gode argument for at det er fundamental skilnad mellom dei to begrepa.

Elin K. Jacob har eg faktisk møtt, og eg diskuterte liknande problemstillingar med ho og kollegaen hennar, Kiduk Yang, på ein konferanse i Algarve for 2-3 år sidan. Diskusjonen den gongen var knytt opp mot arbeidet med Los (tidlegare kalla LivsIT) og måten me valde å organisera begrepa på.

I artikkelen Classification and categorization - a difference that makes a difference tek Elin K. Jacob for seg skilnaden på klassifisering og kategorisering og viser også til at det er mykje samanblanding her, sjølv av framståande forskarar. Her følgjer eit kort (og slik sett absolutt ikkje dekkande) samandrag av artikkelen:

I følgje Jacob er klassifisering ein rigid måte å ordna informasjon på der ein entitet/eit objekt kan vera medlem av ein og berre ein klasse. Klassane er ordna hierarkisk og systemet inneheld mykje informasjon berre som følgje av strukturen. Verken kontekst eller ordninga av klassar varierer, noko som skaper eit stabilt system.

Kategorisering er på den andre sida ei meir fleksibel måte å dela "verda av erfaringar" inn i grupper (kategoriar) der medlemmene har enkelte umiddelbare likskapar i ein gitt kontekst. Denne konteksten kan variera, og med den variasjonen også samansetjinga av kategorien. Det er basisen for både fleksibiliteten og styrken ved kategorisering. Ulempa er at det ikkje er stabile strukturar. Kategorisering tillet i motsetnad til klassifisering overlapping og medlemsskap i meir enn ein kategori.

Jacob påstår at det er seks systematiske eigenskapar som må vurderast for samanlikning av klassifisering og kategorisering:

1. Prosess (process)
2. Grenser (boundaries)
3. Medlemsskap (membership)
4. Kriterium for tilordning (criteria for assignment)
5. Typikalitet (typicality)
6. Struktur (structure)

Av desse meiner ho struktur er den desidert viktigaste for å skilja klassifisering frå kategorisering.

Tilbake til figuren i forrige innlegg kan eg sjå at det me har kalla kategorisering (som er måten Los ordnar informasjonen på) stemmer godt med definisjonane til Jacob. Når det gjeld klassifisering er eg litt usikker, særleg når det viser seg at eit emne kan vera av fleire emnetypar. Emnetypane treng heller ikkje ordnast strengt hierarkisk, så slik sett er vel også dette ei form for kategorisering.

torsdag 7. februar 2008

Klassifisering og kategorisering

Ei sentral problemstilling i fleire av prosjekta våre som omhandlar nettstrukturar er forholdet mellom den interne (generiske) portalstrukturen og tilhøyrande stikkord eller emneord. Ein ting er korleis dette blir representert, t.d. i eit emnekart, ein annan ting er korleis det blir framstilt.

Me har prøvt oss med eit skilje mellom klassifisering på den eine sida og kategorisering på den andre. Normalt blir det ikkje skilt skarpt mellom desse begrepa, men me meiner det kan vera fornuftig å gjera det. Det me prøver å få fram, er at strukturen på informasjonen blir sett på frå to synsvinklar. Ei samanlikning med boka kan få fram desse perspektiva: klassifiseringa blir då innhaldslista i boka (sjølve strukturen), medan kategoriseringa blir stikkordlista bak. Meir om dette på Vestforsk-bloggen (der illustrasjonen også er meir leseleg).

søndag 3. februar 2008

Microsoft + Yahoo!

Så ser det ut som Microsoft får viljen sin og sluker Yahoo!. Bodet dei har lagt inn blir rett nok sett på som "uvennleg" frå Yahoo! si side, men dei får nok til slutt viljen - money talks!

Mange spekulerer i synergiar og kva Microsoft kan få ut av kjøpet. Ein del meiner at Microsoft er ute etter søketeknologi, men det tvilar eg på. Kjernen i Yahoo! var heile tida katalog-delen, søketeneste kjøpte dei lenge eksternt (dei kjøpet søketeneste av Google inntil for eit par år sidan!). Microsoft har dessutan søketeknologi sjølve gjennom MSN/Live Search, sjølv om dei aldri har fått skikkeleg dreis på det.

Annonsering blir trekt fram av mange som ein hovudgrunn, og då er det kampen mot Google som er hovudfokus. Det kan nok henda, Microsoft ønskjer nok i sterkare grad å vera med i kampen om den store potten.

Tim O'Reilly meiner det luraste vil vera å satsa meir på det området der Microsoft og Yahoo! alt har ein fordel, og han trekkjer fram epost som eksempel. Yahoo! Mail har ein sterk posisjon på nettpost og Microsoft eig nesten heile epostmarknaden når det epostserver og klient med Exchange og Outlook. I tillegg har Microsoft også hatt ein sterk posisjon på nettet med Hotmail. Med Pipes har Yahoo! også vist spennande nyutvikling.

Det er nok uansett brukarane av Yahoo! som er interessante for Microsoft. Sjølv om Yahoo! er ein klar nummer to av søkemotorane, har dei stor trafikk, ikkje minst gjennom tenester som My Yahoo! (og kopling mot e-post ++). Problemet for Microsoft er at dei så langt ikkje har fått taket på web 2.0 og utviklinga "the network is the computer". Men Yahoo! er heller ikkje eit ekte web 2.0-selskap, i motsetnad til Google. Yahoo! kan vel kallast web 1.5. Og viss Microsoft er endå dårlegare på web 2.0, kanskje web 1,25 - blir resultatet framleis ikkje heilt 2.0 (hmm, kanskje litt søkt matematikk dette..).

onsdag 30. januar 2008

Altinn - igjen!

Eg har omtalt Altinn tidlegare, og vore kritisk til brukargrensesnittet. Eg er ikkje ofte inne på Altinn, 2-3 gonger i året, men eg tippar det er relativt mange som meg, og då må brukargrensesnittet støtta denne type sjeldne gjester.

Altinn ser ut til å meina at "for mykje av det gode er heilt topp" og tilbyr meg difor 6 ulike måtar å logga inn på. Men for mange val blir berre forvirrande for brukaren. Altinn har heilt klart noko å læra av "kuttisme" og kan starta med å sjå på Google - det enklaste er ofte det beste.

Sjølvsagt vel eg feil og prøver det eg meiner er det enklaste. Altinn har ikkje høyrt om ordet "romsleg" eller "få ein sjanse eller to til". Nei, her er det enten rett første gang eller så er det ein time i skammekroken! Det gir meg i alle fall tid til å skriva denne bloggen og få ut litt frustrasjon!

Ein annan ting eg oppdagar er at Altinn er svært hjelpsam med å fortelja meg om fødselsnr. er rett eller ikkje. Det ser ikkje ut som dei har teke lærdom av skandalen for ei kort tid sidan der ein unggut laga årets mash-up ved å kombinera nettopp ei slik teneste med Tele2 sine manglar og fekk ut store mengder private data.

Eg spør meg: Kor mange hundre millionar kroner skal det til for å laga eit godt brukargrensesnitt? Altinn har brukt mange år og mange hundre millionar og eg forventar meir enn dette.

mandag 28. januar 2008

Handlevogn til besvær

Kommunikasjonen vår er full av metaforar - få har vel beskrive det betre enn George Lakoff i "Metaphores we live by" (skriven saman med Mark Johnson). Også nettet og nettbruken er full av metaforar. Ein vanleg metafor for handling på nettet er handlevogna og simulering av handlinga i ein butikk. Vi legg varene i handlevogna og går mot kassen for å betala når vi er ferdige.

Dessverre er det litt for mange som brukar metaforar som eigentleg ikkje passar. Mange forskingsinstitusjonar brukar handlevogna som metafor for å "kjøpa" rapportar, når det enklaste er å lasta ned eller i tilfelle brukaren insisterer på fysisk medium: eit enkelt bestillingsskjema eller epost.

Sosial- og helsedirektoratet har også handlevogna og "butikkhandel" som metafor for distribusjon av publikasjonar. Eg prøvde å bestilla publikasjonen "Tilgjengelige nettsteder 3:3 - Anskaffelse og kvalitetskriterier" for eg ville gjerne ha det fysiske heftet. Men uansett kva eg prøvde, skjedde det ingen ting med handlevogna. Den verka å vera limt fast og nekta å ta meg til kassen eller på annan måte la meg fullføra bestillinga. I slike tilfelle blir det for dumt å bruka ein slik metafor - det enklaste er ofte det beste: send bestillinga med epost eller via eit enkelt bestillingsskjema.

søndag 27. januar 2008

Overvaking

Det nye datadirektivet frå EU opnar for at informasjon om telefon- og nett-/epostbruk kan lagrast i inntil 2 år. Minstekravet er lagring i 6 mnd. Etter nettopp å ha lese "1984 - Store bror ser deg" av George Orwell er det ikkje fritt for at eg frys på ryggen av denne utviklinga.

Betre blir eg ikkje av å lesa Kripos si haldning til saka. Dei vil lagra data i minst 1 år, helst 2. Rune Fløisbonn i Kripos utviser logikk av høg klasse når han i motsvar til Georg Apenes i Datatilsynet seier at "Personvernet vil bli styrket fordi slike opplysninger brukes stadig oftere og er avgjørende for å bevise både skyld og uskyld". Skrekk og gru! Likevel går politiet inn for 1 års lagring og ikkje 2. Men viss dei skal følgja sin eigen logikk må det bli dobbelt så bra personvern med 2 års lagring som med eitt!

Fløisbonn sin uttale er ganske typisk for ivrige tilhengjarar av meir overvaking: Dei som ikkje har noko å skjula har heller ikkje noko å frykta. Georg Apenes karakteriserer dette med reine ord: "Totalitært svermeri".

Eg ønskjer meg ei styrking av Datatilsynet, minst ei dobling av ressursane, og at dei får ein viktigare rolle i samfunnet. Og eg er veldig spent på kven som blir den neste direktøren for tilsynet; eg har tidlegare sagt at Kristin Clemet ville vera ein bra kandidat og eg kan gjerne gjenta det. Elles reknar eg med at dette innlegget vil bli lagra i minst to år...

torsdag 24. januar 2008

Døgnopen forvaltning?








Norges forskingsråd har aldri skjønt vitsen med døgnopen forvaltning - det er i grunnen litt oppskrytt. Tidlegare har dei hatt innleveringsfrist kl. 18.00 på søknader, no ryddar dei opp i den uheldige utglidinga og annonserer innleveringsfrist kl. 12.00 midt på dagen. Slik skal det vera!

Opne nett-tenester døgnet rundt er i grunnen noko stort tull. No ventar me berre på at nettbankane følgjer etter og innfører opningstider frå 08.00 - 16.00.

fredag 18. januar 2008

Ein god URI endrar seg ikkje

Jon Udell tek opp namngjeving av URI-ar i sitt siste blogginnlegg. Endring av URI-ar er eit av dei største problema på web'en og leverandørar av web-serverar og publiseringssystem må ta sin del av skulda. Jon Udell jobbar for Microsoft som internett-evangelist (evangelist er ein populær jobbtittel i store amerikanske konsern), men pga. si frie rolle kan han også kritisera arbeidsgjevaren, noko han gjer i dette innlegget.

Eg stifta først kjennskap med Jon Udell i legendariske BYTE tidsskrift. Rundt 15 års lesing av BYTE og PC Magazine har vore ein viktig del av utviklinga av IT-kunnskap for min del. Dessverre gjekk papirutgåva av BYTE inn rett etter tusenårsskiftet, etter mi meining ei feilsatsing frå forlaget. Ein elektronisk versjon kan ikkje erstatta eit slikt produkt, eg trur fleire og fleire vil oppdaga det etter kvart som dei legg ned produksjon av fysisk medium ("IT-avisen" er eit av dei siste eksempl).

Jon Udell var ein av mange gode spaltistar i BYTE. Han kan trygt karakteriserast som nerd, men ein type nerd som har eit uvanleg godt utvikla sidesyn og har visjonar om nett-utviklinga generelt. Nerd er her sjølvsagt brukt i positiv forstand: han nøyer seg ikkje med å skriva om tekniske utfordringar, han etterprøver dei alltid kodemessig. Etter BYTE gjekk han til InfoWorld og derifrå til Microsoft for vel eit år sidan.

torsdag 17. januar 2008

MySQL kjøpt opp av Sun

Sun Microsystems har annonsert oppkjøp av den svenske, opne relasjonsdatabasen MySQL. MySQL har hatt stor suksess som viktig komponent i web-rammeverket basert på friprogramvare. LAMP - Linux, Apache, MySQL og PhP - er samlebegrepet på dette rammeverket.

Tim O'Reilly sit i styret for MySQL og helsar oppkjøpet velkomme. Han peiker på at det passar godt inn i Sun sin nye strategi som det leiande miljøet på fri programvare blant dei store IT-aktørane.

Suns oppkjøp må sjåast på som eit godt eksempel på ei veldig viktig utvikling: fri programvare er i ferd med å bli "stoverein" i dei fleste miljøa og er den viktigaste drivkrafta i programvaresektoren for tida.

lørdag 12. januar 2008

Freebase = semantic web + Wikipedia

Freebase er eit interessant forsøk på å skapa semantisk web for folk flest. Når to såpass respekterte skribentar som Jon Udell og Tim O'Reilly snakkar varmt om produktet, er det verdt å ta ein nærmare titt.

Freebase hentar informasjon frå Wikipedia og utstyrer den med struktur. Men i tillegg opnar dei opp for brukarane til å leggja til eigen informasjon og struktur - det er det som er det mest interessante. Ideen er god og det er mange slike initiativ for tida; eit nærliggjande eksempel er DBpedia. Det er semantic web med "liten s" - kanskje ein reaksjon på den litt kompliserte RDF/OWL-standarden. På ei anna side er det også grunn til å sjå på dette som semantiske strukturar som kanskje kan koplast til andre semantiske web-kjelder.

Etter å ha sett litt på systemet må eg seia at det minner veldig om emnekart (Topic Maps). Topics er det sentrale i Freebase og emna er av ein type. Så langt heilt parallelt til emnekart. Typane har eigenskapar (properties) som også emna (instansar av typar) arvar. Assosiasjonar mellom emne (topics) blir handtert av eigenskapane til emna. Spørjespråket heiter MQL - MetaWare Query Language.

Det verkar altså veldig likt emnekart, men det er også ein del skilnader. Eit emne kan vera av fleire typar (!) - eit eksempel her er George W Bush som både er av typen 'Person' og typen 'President'. I emnekartforstand verkar det her som dei sausar saman rollar og typar. Dei sentrale begrepa i Freebase er:
  • Topic: Eit kva som helst slags emne
  • Type: Gruppering av emne (merk at eit emne kan tilhøyra fleire typar)
  • Property: Emna har eigenskapar (arva frå typen/typane). Eigenskapane uttrykkjer både verdiar og relasjonar.
  • Schema: Settet med eigenskapar til ein type
  • Domain: Gruppering av typar med eit visst slektskap (eksempelvis musikk)
Ut frå dette lurer eg litt på gjenbruk av t.d. måten relasjonar blir handtert på. Det verkar heller ikkje veldig klartenkt at eit emne kan ha fleire typar, og grupperinga av typar i domene ser også noko uklar ut.

I tillegg til dette sit eg att med eit stort spørsmål (og ei stor utfordring): Kvifor ikkje bruka Topic Maps som grunnlag for Freebase? Og kvifor ikkje laga ei tilsvarande/liknande teneste basert på emnekart, men der det blir opna opp for at brukarane kan leggja til emne og typar sjølve?

fredag 11. januar 2008

DVD - Dett var dett

Det var Andreas Wiese i Dagbladet som hadde denne overskrifta onsdag. Nyheita om Warner Bros. overgang til Blu-ray (Blu-ray Disk - BD) har fått mange til å seia at kampen om den nye DVD-standarden er over. Sony står att som vinnar, og på mange måtar blir det revansje etter at dei tapte videostandarden for eit par tiår sidan.

Elkjøp dumpar no ut HD-DVD-spelarar til under 2 000, vel vitande om at det er potensielle tapsbomber dei sit på.

Eg synest likevel det er eit meir interessant spørsmål kva me skal med dei nye avspelarane. Tida er overmoden for å la bits flyta fritt på nettet og ikkje pressast inn på plater. I eit slikt lys er kampen mellom HD-DVD og Blu-ray merkeleg - eigentleg er det ein kamp mellom dinosaurar. Eller det burde vera det.

søndag 6. januar 2008

1984 - Store bror ser deg

Få bøker om framtida har fått større merksemd enn George Orwells 1984. George Orwell var pseudonymet for Eric Arthur Blair, fødd i India (!) i 1903 og død i 1950 i London. Boka 1984 vart skriven i 1948 og er ei novelle om eit dystopisk framtidssamfunn basert på ekstrem overvaking og kontroll.

Først trudde eg at det var ein skrivefeil i tittelen - ar Store bror skulle ha vore storebror. Det er jo slik det blir uttalt og Store bror ser deg har gått inn i daglegtalen som uttrykk for stadig meir (elektronisk) overvaking. Men det er altså Store bror.

Orwell var sosialist av overtyding, men såg at den sosialismen som vart forma i Sovjetunionen ikkje vart det samfunnet han trudde på, men tvert om eit sentralistisk terror-regime der alt individuelt var knust. Orwell var oppteken av individet og individuell fridom - kombinert med sosialistiske strukturar.

I 1984 blir individa knuste og kontrollen trengjer heilt inn til tankane. Tankepolitiet har som oppgåve å ta seg av dei som tenkjer feil - og dei blir ikkje berre torturerte og henretta, men "kurerte" på ein slik måte at minnet deira blir utsletta og tankane "korrigerte". Dette er som psykisk lobotomering.

Store bror ser deg har vorte ståande som sjølve begrepet på overvakingssamfunnet. I novella er fjernskjermane og tankepolitiet manifestasjonen av overvakinga. Fjernskjermane er tovegs fjernsysapparat monterte over alt der det kan tenkjast å vera fare for tankeforbrytelse. Skjermane er då sjølvsagt også monterte i private heimar. Dei som argumenterer for "den som ikkje har noko å skjula, har ingen ting å vera redd for" bør i alle fall lesa denne boka...

Nytale og dobbelttenking er sentrale begrep i boka og det samfunnet som blir skildra. Nytalen har til føremål å utvikla eit språk som er fritt for uønska ord slik at det til slutt ikkje skal bli muleg å tenkja dei gale tankane. Dobbelttenking er den tilnærminga til realitetane som blir kravd av innbyggjarane. Dei må godta at 2 + 2 = 5 på ein slik måte at dei både veit at det er feil, men likevel er overtydde om at det er rett. Det er absurd, men dessverre skremmande aktuelt når vi ser på dei mange feiltrinna som er gjorde opp gjennom historien.

Nytalen fører til at Fredsministeriet er namnet på krigsdepartementet, Kjærleiksdepartementet namnet på overvaking og tortur-apparatet og Overflodsministeriet er ansvarleg for rasjonering osv. Nytale er også eit begrep som har gått inn i daglegtalen og vi ser dessverre mange eksempel på formuleringar som har stort slektskap med nytale.

I 1984 hentar nok Orwell mest inspirasjon frå utviklinga i Sovjetunionen og Stalin er nokså tydeleg modell for Store bror. Men boka rettar kritikk mot alle typar totalitære regime og styresett som øver vald mot individa, og nazismen er då også eit like aktuelt eksempel på totalitær tenking.

Det er ei skremmande bok og ei sterk oppleving å lesa, og den er dessverre stadig vekk viktig.