søndag 22. januar 2017

Bitcoin og KMD

Marknadssjef i Sogndal Fotball, Stine Lillo-Olsen, viser
Paul Chaffey & co. rundt på Fosshaugane Campus
Sist onsdag (18.01) hadde me besøk av statssekretær Paul Chaffey, KMD, og følgje. "Me" er i denne samanhengen Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Difi (Leikanger) og miljøet på Fosshaugane Campus. Det kjennest heilt naturleg å skriva og seia "me", og det er kanskje den meldinga som kom klarast fram til statssekretæren.

Fylkesmannen var vertskap og det vart ein lang og innhaldsrik dag for Chaffey. Ut frå programmet og med berre 10 minuttar til presentasjon for Vestlandsforsking, fann me (= VF) ut at det ikkje var særleg lurt å presentera endå fleire prosjekt, men heller ta opp eit generelt tema, og berre det. Og temaet var Bitcoin & blokk-kjede, og potensialet for bruk i offentleg sektor. Eg oppfatta at temaet var interessant, og Paul hadde fleire spørsmål til det som vart presentert.

Om Paul Chaffeys arbeid som statssekretær har eg ikkje så mykje å seia, men om innsatsen hans som bloggar må eg seia at eg er imponert! Han publiserer innlegg i eit voldsomt tempo; eg forstår ikkje korleis han klarer det.

Her er presentasjonen eg heldt:



søndag 15. januar 2017

Frå fysiske til digitale kontantar

Symbol på Zimbabwes økonomiske kollaps
Diskusjonen om det kontantfrie samfunnet går friskt. Det vil seia, det er nesten ingen diskusjon om me skal ha kontantar i den forstand at me skal ha eit anonymt betalingsmiddel som går direkte frå betalar til mottakar. Det er heller ein diskusjon om når Norge blir kontantfritt; dvs. utan fysiske kontantar.

Norges Bank og digital valuta
Men i Aftenposten 13.01.17 kan me lesa om Norges Bank sine utgreingar om ein ny type elektroniske pengar. Slik eg les artikkelen, er det snakk om elektroniske kontantar, utan at det kjem direkte fram. Norges Bank har ansvaret for å trykkja sedlar og laga myntar, men den delen av pengemengda er sterkt minkande og utgjer no under 3 % av alle pengane i samfunnet. Det aller mest er såkalla konto-pengar, pengar på konto i ein bank. Desse pengane ser aldri "dagens lys" i den forstand at dei vil alltid vera i elektronisk form.

Pengetypar
Dei ulike typane pengar har eigne notasjonar innan økonomi:

  • M0 = Monetær base
    Alle myntar og sedlar pluss private bankar sine innskot i Norges Bank
  • M1 = Den smale pengemengdaM0 + private personar sine innskot i bankane
  • M2 = Den breie pengemengdaM1 + banksertifikat og pengemarknadsfond
Enkelte land opererer også med M3 og M4 og inkluderer der m.a. derivat.

Bank-kort og kontopengar
Bruken av fysiske kontantar har minka kraftig dei siste åra, og bruk av bankkort (debet- og kredittkort) har auka tilsvarande. Debet-korta er kort der betaling blir trekt direkte frå kontoen ved bruk, medan kreditt-kort er transaksjonar som blir gjort opp i ettertid, basert på faktura frå kortselskapet. Sjå tidlegare blogg-innlegg for ei forklaring på korleis desse korttypane fungerer, og kosntadene ved bruk.

Digitale kontantar
Men kva skal Norges Bank gjera når dei snart ikkje har direkte hand om pengar? Dei kan jo erstatta dei fysiske kontantane med elektroniske kontantar, og det er det utgreiinga tek for seg. Men då melder det seg ein del nye utfordringar:
  • Korleis skal dei digitale kontantane distribuerast og handterast?
    Skal innbyggjarane få konto i Norges Bank?
  • Viss innbyggjarane får konto i Norges Bank, kva vil det få å seia for bankane?
  • Kva med anonymitet? Er det muleg å oppretthalda kontantar som anonymt betalingsmiddel? er det vilje frå styresmaktene inkl. Norges Bank til å verna om anonymiteten?
Det siste punktet er eg i tvil om. Dei aller fleste som uttalar seg om overgangen til eit kontantfritt samfunn har kasta anonymiteten på båten. Det urovekkjande å sjå kor lite folk flest er opptekne av det stadig meir sporbare samfunnet me lever i. Det er grunn til å minna om Benjamin Franklins ord: "Den som er villig til å byta fridom med tryggleik, fortener verken fridom eller tryggleik".

Viktig med open diskusjon
Eg vart intervjua av ein journalist i e24.no like før jul med spørsmål om Norges Bank burde ta i bruk digital valuta i form av digitale kontantar. Det er jo eit godt stykke utanfor mitt kompetansområde, men på ei anna side: når spørsmåla er knytte til bruk av blokk-kjedeteknologi trur eg eg kan svara like godt som andre. Poenget mitt var at Norges Bank må starta utgreiing av spørsmålet om digitale kontantar og korleis det eventuelt skal iverksetjast og fungera. Det har dei i alle fall gjort, og det ville vore meir enn rart om dei ikkje føretok seg noko på dette området. 

Bank of England og Sveriges Bank er to sentralbankar som er offensive i dette arbeidet og informerer om dei vurderingar som blir gjorde. Norges Bank har tradisjonelt vore ein meir lukka institusjon, men det er å håpa at dei vil ha ein meir open diskusjon i ei sak som dette. Om blokk-kjede er ein del av denne diskusjonen, tvilar eg i grunnen på. Dersom Norges Bank skal handtera digitale kontantar på eiga hand, kan dei gjera det enklare med tradisjonell database-teknologi.

lørdag 7. januar 2017

Vinnarar og taparar i den globale økonomien

Økonomi-journalist Rana Foroohar tek eit knusande oppgjer med amerikansk (og indirekte global) finans i boka "Maker and Takers - The Rise of Finance and the Fall of American Business". Kortversjonen er at Wall Street (finanssektoren) har forsynt seg grådig på kostnad av Main Street (vanlege folk og særleg tradisjonelt næringsliv).

Dersom ein ikkje visste at Rana Foroohar skriv med utgangspunkt i USA og med journalistisk bakgrunn frå m.a. Time Magazine og Newsweek, kunne ein tru at ho hadde ein klar sosialistisk bakgrunn. Dommen over finanssektoren er ikkje nådig, og også styresmaktene som let denne sektoren driva ei forretningsverksemd som går ut over anna næringsliv. Foroohar held dagens finanspraksis opp mot tidlegare oppgåver for finanssektoren der målet var å hjelpa næringslivet, sjølvsagt med ei sunn økonomisk drift i eige hus også. I mai-utgåva (2016) av TIME har ho denne kort-versjonen av boka.

Finanssektoren står for 7 % av økonomien i USA, 4 % av sysselsetjinga, men reiser med heile 25 % av samla profitt! Paradokset Foroohar, og mange andre som t.d. filmen "The Big Short", peiker på er at medan finanssektoren har vakse enormt, har resten av næringslivet gått tilbake. Som Foroohar skriv:
"The business of America isn't business anymore, it's finance... Our financial system has stopped serving the real economy and now serves mainly itself" 
Too big to fail, too big to jail
Det verste er ikkje at finanskrisa kunne skje. Det verste er at nesten ikkje noko har vorte gjort etterpå, og at dei store finanskonserna held fram som om ingen ting har skjedd.

Filmen "The Big Short" handlar om finanskrisa og slutten er ganske talande for kva som burde vorte resultatet av den, og kva som faktisk skjedde:




Finansialiseringa
Det er ikkje berre tradisjonelle finansselskap som er involverte i finansoperasjonane. Mange av dei største selskapa i USA har utvikla store finansdivisjonar som oppfører seg på sama måten. I 2013 lånte Apple $ 17 mrd. for å betala utbyte til aksjonærane, og det trass i at dei hadde $ 145 mrd. i kontantar sjølve! Det var både billegare og tryggare for Apple å låna pengar enn å henta heim eigne kontantar salta ned i ulike skatteparadis. Ein grundigare studie av desse operasjonane finst i artikkelen "Apple's changing business model: "What should the world's richest company do with all those profits?" av Lazonick, Mazzucato og Tulum.

Dette ville aldri ha skjedd under Steve Jobs. Han var knallhard mot styret og motsette seg stort sett utbetaling av utbyte. Han var genuint oppteken av produktutvikling, og resultatet var heller ikkje vanskeleg å sjå. Men med mektige finanspersonar som Carl Icahn i styret, og utan Steve Jobs til å halda styret unna pengane, har det skjedd ei dreiing av Apple sin filosofi. Apple ser no meir og meir ut som ei pengemaskin utan dei særmerkte visjonane og magiske evnene til å utvikla nye og treffsikre produkt.

Finansialiseringa av GE
Jack Welch er ein av dei såkalla business-guruane i USA. Han var styreformann og CEO i Genereal Electric Corp. (GE) frå 1981 til 2001. I desse åra var finansialiseringa av konsernet eit av dei mest markante utviklingstrakka. GE Capital, finansdivisjonen som vart bygt opp, hadde est ut til $ 700 mrd. i 2008 og kollapsen var tilsvarande spektakulær. GE måtte få $ 138 mrd. i krisehjelp for redda konsernet. Som ein del av krisepakka måtte GE avvikla finansdivisjonen. Kanskje var det eit teikn på at finansialiseringa har nådd toppen og at det kan gå mot ei avvikling av denne usunne forretningsstrategien?

Nøytron-Jack
Jack Welch fekk elles tilnamnet Nøytron-Jack etter nøytron-bomba (!). Han sparka 112 000 tilsette i dei første fem åra som sjef, og hintet til nøytron-bomba er at den utslettar alle menneske, men let bygningane stå (!!).

Symptoma på finansialiseringa er mange og tydelege:
- vekst under gjennomsnittet
- større skilnader mellom fattige og rike
- stagnerande og delvis reelt minkande lønningar
- større marknadsuro
- stadig fleire får problem med å skaffa seg utdanning, hus og pensjon

I staden for å finansiera nye idéar og prosjekt som gir arbeidsplassar og høgare lønn, går pengane til å sikra eksisterande eigedom (assets). Berre 15 % av all kapital går til reell prosjekt, resten blir verande i finanssektoren som grunnlag for storarta spekulasjonar.

"In sum, financial fees are rising, even as financial efficiency falls. So much for efficient markets!"

Starta med Reagan, fullført med Clinton
Etter finanskrisa i 1929 og dei etterfølgjande harde 30-åra vart det innført streng styring av finanssektoren, ikkje minst for å verna vanlege folk sine sparepengar. Glass-Steagall-lova sytte for eit skarpt skilje mellom sparebankar og investeringsbankar.

Ei viktig lovendring i Reagan-perioden var at selskap fekk lov til å kjøpa tilbake eigne aksjar. Det var tidlegare ulovleg fordi det vart sett på som manipulering av aksjekursen. No er det heilt vanleg og rekna for god finanspolitikk! Apple har eksempelvis kjøpt tilbake eigne aksjar for $ 7 billionar! (7 trillion dollars). Det ser ut til å ha vore ein effektiv måte å pumpa opp aksjekursen.
Ordninga med tilbakekjøp av eigne aksjar er på mange måtar sjølve symbolet på "finansialisering". Men samstundes: "The great irony of financialization is that it produces bad finance".

Dereguleringa av finanssektoren som Reagan hadde starta på, vart på mange måtar fullført av Clinton og opphevinga av Glass-Steagall-lova opna opp for at også sparebankar (savings banks) kunne spekulera nærmast fritt.

Dodge vs. Ford: Kven er ei bedrift primært til for?
I 1939 vart det sagt dom i ei viktig prinsipiell sak om kva som er det primære målet for ei bedrift. Saka Dodge vs. Ford var ei sak mellom brødrene Dodge som ville ha auka utbyte frå eigarskapen sin i Ford, medan Henry Ford heller ville investera i selskapet. Drakampen i Apple-styret gjennom åra med Jobs og den etterfølgjande snuoperasjonen er som eit ekko av Dodge vs. Ford.

Michigan Supreme Court sa følgjande dom i saka:
"A business corporation is organized and carried on primarily for the profit of the shareholders"
Dette vart styrande for næringslivet, ikkje berre i USA, men også resten av den vestlege verda. Det kan på ein måte synast opplagt at eigarane sine interesser er det viktigaste, men Steve Jobs og andre har vist at det ikkje nødvendigvis må vera slik. Alibaba-sjef Jack Ma har sett opp følgjande prioriteringar for sitt selskap:

  1. Tilsette i Alibaba
  2. Kundane
  3. Aksjeeigarane
Dette er ei tøff prioritering som bryt med Dodge/Ford-dommen. Ikkje veit eg korleis Alibaba praktiserer dette, men eit interessant utgangspunkt er det.

Innovasjon i private og børsnoterte selskap
Forsking viser at innovasjonen er høgare i private bedrifter samanlikna med børsnoterte. Innovasjonsgraden fell så mykje som 40 % etter børsnotering (IPO - Initial Public Offering). Og forklaringa er ganske enkel: "Once a firm goes public, it must focus on pleasing shareholders rather than on investing in the future". Det er Dodge/Ford igjen..

Forskinga viser også at privateigde bedrifter investerer meir enn dobbelt så mykje i den reelle økonomien som børsnoterte bedrifter av same størrelse og i same sektor.

Den finansielle månen
Finansialiseringa kjem til uttrykk på fleire måtar, men ulike typar derivat-handel er kanskje det fremste eksempelet. Derivat var opprinneleg ei forsikringsordning mot framtidig ukjent prisstigning og vart først nytta i samband med råvareproduksjon, framfor alt mat. Det var Chicago-børsen som først opna for denne typen handel, i 1971. Bønder kunne begynna å selja avlinga si før dei hadde sådd. Dei fekk då ein garantert pris, uavhengig av om den faktiske prisen på haustetidspunktet var høgare eller lågare.

Med tida har derivat-handelen omfatta stadig nye og meir sofistikerte produkt. Sofistikert må her tolkast som kompliserte og til dels ugjennomtrengelege. Det var desse produkta som vart Terra-kommunane si fallgruve; dei kjøpte investeringsprodukt dei ikkje skjønte innhald eller omfang av - og det kosta dei svært dyrt. Investor Warren Buffetts karakteristikk av dette som "Financial weapons of mass destruction" er svært treffande!

Uttrykket "den finansielle månen" er henta frå Ole Bjerg og hans "Making Money - The Philosophy of Financial Crisis" der han samanliknar derivat med Månen og dei underliggjande verdiane (assets) med Jorda. Det som skulle vore eit 1:84-forhold er plutseleg snudd på hovudet slik at derivata er 100-tals (for ikkje å snakka om tusen eller millionar) ganger meir verdt enn dei underliggjande verdiane dei representerer. Det blir som om månen skulle bli 84 ganger større enn Jorda.

Reven i hønsehuset
Dei som har interesse av å selja desse produkta, sit på begge sider. Store investeringsbankar som Goldman Sachs eig både fysiske varer og handlar med derivat på dei same varene. Å tillata dette er som å sleppa reven inn i hønsehuset: Versågod, forsyn deg.

Eit anna problem, som også inkluderer reven, er dei tette banda og den kontinuerlege sirkulasjonen av personar mellom dei største investeringsbankane, Finansdep. og Sentralbanken (Feds). Dette skaper eit tett og usunt klima der det ikkje blir rom for nye tankar og der eigeninteresser kan få dominera altfor mykje. I kapitlet "The Revolving Door" beskriv ho dei altfor tette banda mellom desse sentrale miljøa.

Her til lands har me litt av det same, i miniatyr, gjennom "jern-triangelet" av samfunnsøkonomar: Finansdep., Norges Bank og SSB.

Schizofrenien i økonomifaget
Djupast sett handlar også finanskrisa og finansialiseringa av næringslivet om eit bestemt syn på økonomi og økonomisk utvikling. I USA er det særleg Chicago-skulen som har vore rådande og som må "ta skulda" for mykje av utviklinga me har sett og ser i finansverda.

Chicago-skulen har vore prega av økonomar med djup skepsis til styresmaktene og ei fanatisk tru på marknaden som skal rydda opp i alle slags problem. Sentrale økonomar som Milton Friedman, George Stigler og W. Allen Wallis har vore viktige ideologar for denne retninga. Og det er viktig å få fram at dette er rådande økonomisk tenking, ikkje berre i USA, men i heile den vestlege verda.

Etter kvart har alternative synspunkt på økonomi og økonomisk utvikling vakse fram, og det må vera rett å seia at det i dag er ei djup splitting i økonomifaget. Nobelprisen i økonomi for 2013 er ein god illustrasjon av denne splittinga: Den vart delt mellom Eugene Fama og Robert Schiller. Fama fekk prisen for arbeidet med hypotesa om effektive marknader (Efficient-Market-Hypothesis, EMH) og Schiller fekk prisen for arbeidet med bobler og kriser innan finansverda. Fama er trygt forankra i Chicago-skulen medan Schiller tilhøyrer den veksande skaren av "Behavioral economics", ei blanding av psykologi og økonomi.

I Dagens Næringsliv frå 7. jan. i år er det eit intervju med sjeføkonom Andy Haldane i Bank of England. BoE gjekk hardt ut før Bexit og spådde stor økonomisk nedgang. Kombinert med at dei, som nesten alle andre, ikkje klart å føresjå finanskrisa legg BoE og Haldane seg flate og innrømmer at dei har teke grundig feil. Haldane seier at "modellane [dei fleste økonomar har nytta] har vist seg å vera ganske snever og skjøre".

Her til lands har økonomistudent (no PhD-student) Roman Linneberg Eliassen skapt ein god del diskusjon med boka "Hysj, vi regner! Hvorfor økonomer ikke forstår virkeligheten". Også Eliassen kritiserer rådande økonomar for å vera altfor opphengde i modellar og ikkje sjå ut vindauga og kva som faktisk skjer.

Det er å håpa at den veksande skepsisen til rådande (ortodoks) økonomiforståing etter kvart manifisterer seg i reell endring av økonomisk politikk. Då må me nok ta tida til hjelp, som Max Planck så treffande formulerte det:
"Science progresses funeral by funeral"
God bok, men..
Rana Forhoohar har skrive ei svært lesverdig bok der skildringa av den uheldige utviklinga innan finans på kostnad av ordinært næringsliv er treffande. Den omfangsrike samlinga av referansar, i form av sluttnotar, viser at ho har gjort eit svært omfattande kartleggingsarbeid.

Det som framfor alt manglar er ein teoretisk eller politisk overbygning. Det er freistande (men også urettferdig) å samanlikna boka med Dag Østerbergs "Fra Marx til nyere kapitalkritik". Den siste er tung på politiske idear, men fattig på konkrete eksempel og forståing av verkelgheita. Med Rana Foroohars bok er det omvendt. Løysinga ho peiker på som ein veg ut av den den ganske håplause situasjonen er forenkling og tansparens. Ho er heller ikkje framand for å innføra ei skattlegging av finansielle transaksjonar for å leggja ein dempar på finasialiseringa.

Ho er ganske klar på at det må til eit klarare skilje mellom tilsyn og dei som skal førast tilsyn med, og også ei strengare regulering av investeringskonsern sine mulegheiter til å driva forretning over eit stort område. Eit skarpare skilje mellom sparing og investering, som opprinneleg ivareteke av Glass-Steagall-lova, er også nødvendig å gjeninnføra for å verna vanlege folks sparepengar.

søndag 1. januar 2017

Bitcoin-året 2016

Eg skreiv i fjorårets Bitcoin-årsmelding at "it was a very good year", med referanse til Frank Sinatra. Kva skal me då seia om 2016? It's been a very, very good year! Viss 2015 var bra, har 2016 vore eit kanonår for Bitcoin, og utsiktene for 2017 er dei aller beste.

Er stigande vekslingskurs bra?
Valutaen har nesten dobla seg i verdi i løpet av året, målt mot dollar. Om dette er bra eller ikkje, kan sjølvsagt diskuterast. Dersom me ser på dei tre viktigaste funksjonane til pengar:
  1. bytemiddel for handling av varer og tenester
  2. middel for oppbevaring av verdiar
  3. måleeining ("unit of account")
er ein stigande vekslingskurs bra for bitcoin som oppbevaring av verdiar, men ikkje som bytemiddel eller måleeining. Og så langt blir nok bitcoin mest brukt for oppbevaring av verdiar; som eit investeringsobjekt på linje med aksjar eller andre verdipapir.

Blokk-kjedehysteriet minkande
Fleire spådde før 2016 at dette vart året der Bitcoin ville gjera comeback og hysteriet rundt det uspesifiserte og uklare omgrepet blokk-kjede/blockchain avta. Mykje tyder på at dette er rett. Også i 2016 har 'blockchain' vore eit buzz-word, men eg tykkjer å merka ei endra haldning og ikkje minst at dei som slengjer fram påstandar om alt "blokk-kjeda" skal løysa i større grad blir konfronterte med "kva slags blokk-kjede snakkar du om?".

"Blokk-kjeda/Blockchain" finst ikkje!
Det er viktig å få slått dette klart fast: det finst ikkje ei blokk-kjede. Blokk-kjede som omgrep utan nærmare spesifisering er tomt og meiningslaust. Om ein likevel skulle seia at det finst ei blokk-kjede, må det vera Bitcoin - den originale og "mother of all blockchains". Utan ei presisering av kva blokk-kjede ein siktar til, blir det umuleg å diskutera fordelar og ulemper. 

Blokk-kjede som teknologi er også ganske uinteressant utan å knyta det til ei konkret utforming av denne teknologien. Blokk-kjede som teknologi kjem ikkje med unik sikkerheit innebygd! Dette er ein av dei vanlegaste misforståelsane. Påstandar om blokk-kjede som uforanderleg blir stadig slengt fram, og det er berre tull! Ei blokk-kjede, uansett kva den heiter, kjem ikkje med ei løysing som utan vidare sikrar at transaksjonar blir uforanderlege. Det er ikkje (berre) eit teknologisk spørsmål, men minst like mykje spørsmål om ein sosial kontrakt. Dei som har påverknad på teknologien avgjer kva reglar som skal gjelda, og reglar kan også få tilbakeverkande kraft. Det er nok å visa til Ethereum og The DAO-historia frå sommaren 2016.

Blokk-størrelse framleis eit dilemma
Sjølv om den verste stormen har lagt seg, er diskusjonen om blokk-størrelse framleis ei heit potet for Bitcoin-miljøet. Frontane har vore steile mellom dei som vil auka blokk-størrelsen, nærmast for ein kvar pris, og dei som vil halda igjen og har ei meir konservativ haldning. Kjerneutviklarane, Core, høyrer til den siste gruppa og har fått mykje tyn. Eg meiner det er djupt urettferdig og at me heller skal senda ei stor takk til desse utviklarane som har klart å halda hovudet kaldt og ikkje late seg riva med av "kravet" at Bitcoin må kunna konkurrera med VISA og PayPal.

Djupast sett dreier konflikten seg om Bitcoin skal vera eit avstemmingslag (settlement system) eller eit system for detaljhandel og sanntidsbetaling. Det er etter mi meining lite fornuft i å sjå på dagens Bitcoin som eit system for detaljhandel. Kvifor skal me skalera Bitcoin til å kunna handtera transaksjonsvolum på størrelse med VISA og PayPal? Her gjeld det å ha is i mangen og venta på løysingar som byggjer på Bitcoin, men som avlastar hovudkjeda ved å ta hand om store transaksjonsmengder og så bruka Bitcoin-blokkjeda til avstemming av bruttobeløp. 

SegWit
SegWit - Segregated Witness - der signaturane blir løfta ut av blokkene og lagra i ein separat database, blir framheva som ei løysing også på skaleringsspørsmålet. Det er rett at SegWit vil gje auka kapasitet i tal transaksjonar, men viktigare er det at denne teknologiske endringa vil opna for mange andre spennande løysingar i framtida. Men 95 % av "Bitcoin-gravarane" ("miners") må stemma for endringa og implementera den før den blir reell. Det er eit ganske høgt tal, og akkurat no er det ikkje meir enn ca. 35 % støtte for SegWit. Håpet for 2017 er at SegWit når 95 % støtte og blir aktivert. Det vil utløysa endå eit nytt og spennande kapittel i Bitcoin-historia.

lørdag 31. desember 2016

Sparebank-historien

Vik sparebank er ein av dei få sparebankane som framleis har den gamle eika i logoen sin.
Det er kanskje litt spesielt å gi seg i kast med eit verk som "Forandring og forankring - Sparebankene i Norge 1822 - 2014" av Lars Thue. Grunnen var ein idé om Sparebank 2.0 knytt til framveksten av digital valuta (Bitcoin ++) og om sparebankane på ein eller annan måte kan gjenskapa seg sjølve i den nye tida. Då måtte eg vita meir om sparebankane sin historie, og då var denne boka sjølvsagt obligatorisk.

Lars Thue vart engasjert av Sparebankforeningen til å skriva denne historia i samband med foreninga sitt 100-årsjubileum i 2014. Medan den første sparebanken vart oppretta i Christiania i 1822, vart Sparebankforeninga altså oppretta i 1914. Men storverket om sparebankane og Sparebankforeninga markerer også på eit vis slutten for foreninga. Etter opprettinga av Finans Norge i 2010 tok denne organisasjonen over mesteparten av oppgåvene for Sp.b.foreninga. Finans Norge er i realiteten ei samanslåing av dei to gamle interesseorganisasjonane Bankforeningen (forretningsbankane) og Sparebankforeningen. Sparebankforeningen eksisterer framleis, men er mest utan innhald.

Illustrasjon på Sparebankforeningen si heimeside.
Det kan tolkast som at halve treet/foreininga er daud..

Kampen mellom sparebankar og forretningsbankar
At Sparebankforeningen og Bankforeningen skulle fusjonera inn i Finans Norge (med Finansnæringens Hovedorganisasjon som eit mellomsteg for Bankforeningen) var nok tungt å svelgja for mange i sparebank-bransjen. Det har gjennom alle år vore eit markant skilje i interesser mellom sparebankane og forretningsbankane. Dei har vore grunnlagde på ulike verdisyn og det har også prega drifta, i alle fall i tidlegare tider. Dei har også vore ulike organisatorisk med sparebankane som stiftingar som ikkje har kunna kjøpast opp, og forretningsbankane som ordinære aksjeselskap.

Fusjonar og oppkjøp
Gjennom 1990-talet og starten på 2000-talet vart det eit sterkt press mot styresmaktene for å godta at sparebankar fekk endra seg til aksjeselskap. Pådrivaren var framfor alt den store sparebanksamanslutninga på Austlandet gjennom først ABC bank (Fellesbanken + Sp.b. Oslo og Akershus) som seinare fusjonerte inn fleire sparebankar i eit stadig utvida området rundt Oslo-fjorden og vart til Sparebanken NOR. Ambisjonane var heilt klart å etablera Sparebanken Norge, med flest muleg av sparebankane i over heile landet. Men den kongstanken stranda.

Grunnfondsbevis
Eit av problema til sparebankane etter kvart som behovet for vekst melde seg, var kapitaltilførsel. Som stiftingar hadde dei ikkje same mulegheit til å henta inn kapital frå eigarane sidan dei ikkje hadde eigarar. Det vart difor utvikla eit eige investeringsinstrument kalla grunnfondsbevis (no: eigenkapitalbevis) spesielt for sparebankar. Desse fungerte nesten som aksjar og var omsettelege på børs, men ga ikkje eigarskap eller innflyting på banken. Dette er ein heilnorsk innovasjon; ingen andre land med sparebankar har hatt eit slikt investeringsinstrument.

Presset for omdanning til aksjeselskap
I staden for å samla sparebankane i ein stor organisasjon, fekk Sparebanken NOR konkurranse frå ei anna gruppe sparebankar i Sparebank 1 Gruppen. Sparebanken NOR fusjonerte så med forsikringsselskapet Gjensidige til Gjensidige NOR Sparebank. Den nye sparebank-giganten sette straks i gang arbeidet for å bli omdanna til aksjeselskap. Sparebankforeninga var sterkt splitta i synet på om sparebankane burde få lov til å omdanna seg til aksjeselskap. Men for å unngå full splitting diskuterte styret i foreninga seg fram til eit "ikkje-standpunkt". Dei gjekk ikkje inn for omdanninga, men gjekk heller ikkje i mot (!).

Med Per Kristian Foss som finansministar og støtte frå AP i Stortinget vedtok Stortinget endringa i finansieringsverksemdslova av 1988 og opna opp for omdanning av sparebankar til aksjeselskap (mot SV og Sp sine stemmer). Mange av Sparebankforeninga sine krav vart imøtekomne, mellom anna at stiftingsmodellen skulle nyttast og at sparebankstiftinga sin eigardel i eit nytt aksjeselskap skulle vera garantisten for at sparebank-idéen og -tradisjonen vart vidareført.

DnB NOR 
Ikkje lenge etter omdanninga av Gjensidige NOR aksjesparebank, vart det fusjon med DnB til DnB NOR. Det skjedde i 2003. Etter kvart vart NOR fjerna og banken sitt namn vart (igjen) DNB. Når DNB kallar seg aksjesparebank med røter tilbake til starten i 1822, er det nesten ein tilsnikelse. Sparebankdelen kjem av fusjonen med Gjensidige NOR, for DnB, og før det DnC, har mest av alt ein forhistorie som forretningsbank.

Bank og IT
Banknæringa har vore ein pådrivar for ny teknologi og sparebankane har i høgste grad vore førande her. I 1965 vart Fellesdata AS oppretta som eit teknologisamarbeid mellom sparebankane. To år tidlegare hadde forretningsbankane oppretta IDA AS; Integrert databehandling AS.

Den viktigaste grunnen til at Norge har vore teknologisk leiande innan bank og finans er likevel det gode samarbeidet mellom bankane; sparebankar som forretningsbankar. Samarbeidet mellom Sparebankforeninga og Bankforeninga var viktig her. I 1972 vart Bankenes Betalingssentral (BBS) oppretta for å levera tenester rundt bankgiro. BBS vart overteke av danske interesser i 2009 og heiter no Nets. Også Fellesdata og IDA vart etter kvart slukte av reine IT-selskap, i hovudsak Evry (tidlegare Ergo Group og endå tidlegare EDB Business Partner).

I 1991 gjekk bankane igjen saman om å oppretta eit felles selskap, denne gangen BankAxept som skulle handtera kort og kortbetalingar (debetkort). Det har vore ein stor suksess, og BankAxept er den desidert rimelegaste betalingsforma i dag når me held kontantar utanom.

Sparebank 2.0
Har så sparebankane sin grunnleggjande idé med forankring i lokalmiljøet ei framtid i dagens globaliserte verd? Det trur eg absolutt, sjølv om det ikkje er så enkelt å sjå kva dei bør gjera for å møta dagens og morgondagens utfordringar. Ein ting er at store finanskonsern burde vorte splitta opp for å unngå "too big to fail"-problemet. Det burde vore gjort etter finanskrisa i 2007/8, men dessverre skjedde det ikkje. Så er spørsmålet kva er for stort, og kva er stort nok? I dagens samfunn der den rådande ideologien er at større = betre omtrent på alle område, er det vanskeleg å sjå kva nisje dei små sparebankane skal satsa på.

Eg har tru på at sparebankane framleis kan halda seg i front teknologisk, men då må dei kanskje i større grad fri seg frå dei store og tunge banksystema og heller satsa på nyare teknologi. Dei kan til dømes starta i det små og tilby tenester kring den framveksande digitale valutaen, som eksempelvis ein tiltrudd part for oppbevaring av private nøklar o.l. Det høyrest kanskje paradoksalt ut at teknologien som nettopp gjer muleg å kutta ut den tiltrudde tredjeparten skal kunna bli ei nisje for desse. Men dersom Bitcoin og andre liknande valuta skal få utbreiing ut over dei spesielt teknologi-interesserte, trur eg at slike tenester må komma. Det er rett og slett for vanskeleg og for risikabelt å satsa på denne typen valuta utan å ha gode hjelparar.


Gardsøl = Heimabrygg

Boka "Gårdsøl - Det norske ølet" av
Lars Marius Garshol
Endeleg har boka om den ur-norske øl-tradisjonen komme, og det er kjekt at Lars Marius Garshol er den som har ført "Gårdsøl - Det norske ølet" i pennen. Lars Marius er ein skikkeleg øl-nerd som var relativt tidleg ute med å surfa på den nye bølgja av handverks-øl. På eit visst tidspunkt hadde han smakt og bedømt omtrent det som var  å oppdriva av ulike øl-typar og lurte på om det ikkje var meir å utforska. Samtidig sneik det seg inn ein tanke om at ein IPA i Norge stort sett smakar det same som ein IPA i New York eller i Barcelona. Handverks-øl er ei global greie der øl-bryggjarane stort sett følgjer dei same oppskriftene og dei same metodane, og brukar ganske likt utstyr.

Frå øl-nerd til kulturforskar
Lars Marius er ærleg på at han som ivrig øl-entusiast i meir enn 10 år var totalt uvitande om den gamle norske øl-tradisjonen; ein tradisjon som er meir enn 1000 år og som framleis lever vidare i enkelte delar av landet. Då han oppdaga dette, tok forskaren i han over og han sette seg føre å samla mest muleg kunnskap om denne viktige kulturen og tradisjonen.

Starten i Kaupanger 2013
Det artige er at det heile starta med ein invitasjon til Vestlandsforsking og vårt bryggjekurs før jul i 2013. Tastatur-laget, bedriftsidrettslaget til Vestlandsforsking (me har eit fleksibelt syn på bedriftsidrett..:) arrangerte kurs i heimabrygging med kollega Carlo (Aall) som sjefsbryggjar og kurshaldar. Brygginga føregjekk i egna lokale på Heiberg gard i Kaupaner. Det var ikkje berre Lars Marius som var førstereisgut i dette laget; alle bortsett frå Carlo var nybegynnarar. Det var skikkeleg interessant, og som Lars Marius skriv i boka vart ølet veldig godt - heilt eksepsjonelt godt! Det var eit juleøl med djup mørk farge (nesten svart pga. karamell-malten), og smaken var framifrå. Eg trudde 10 liter ville bli altfor mykje for eigen del, men der tok eg skammeleg feil. Ølet fall i smak hjå alle i familien og dei 10 literane vart fort tømde.

Viktig bok
Denne boka er viktig for å dokumentera tradisjonane som framleis blir haldne i hevd i enkelte delar av landet. Men det er marginale miljø, og ein del viktige element er forsvunne, eller i ferd med å forsvinna. Ikkje minst gjeld det den spesielle kveiken; gjæren som blir brukt om att og om att og som kan sporast veldig langt tilbake. Det er også interessant å sjå skilnadane mellom ulike delar av landet og korleis tradisjonar er tilpassa dei lokale tilhøva.

"Timinga" er også veldig bra for ei bok som dette. Etter 10-15 år med stor interesse for handverks-øl og mikrobryggeri, er tida absolutt inne for å bli kjent med den originale øl-kulturen me har her i landet og som me absolutt bør vera stolte av. Det er ein tradisjon og ein kultur som bør ha eit stort potensial også som eksportvare i framtida; både i form av turistoppleving og som direkte eksport av norsk gardsøl.

I USA, handverks-ølet sitt heimland, er sjølvsagt trenden kommen til "farmhouse ale". Det ville vore meir enn ironisk, nærmast patetisk, om norske øl-entusiastar skulle prøva å etterlikna den, i total uvitenheit om den stolte norske øl-tradisjonen!

Norge rundt
Det som gjer boka ekstra interessant og lesverdig, er besøka Lars Marius har gjort til sentrale bryggjemiljø rundt om i landet. Han dreg i veg med stor nysgjerrigheit og ei nærmast barnleg (NB! barnleg, ikkje barnsleg!) glede over alt det merkelege han oppdagar - metodar og rutinar som strir mot alt han har lært om brygging av handverks-øl.

Dei mange besøka og dei mange gode kommentarane han har fanga opp, krydrar boka på same måten som humla krydrar ølet. Det gjer boka lettlesen i tillegg til at den er informativ. Oppskriftene på slutten av boka er også ein god ting slik at fleire kan prøva denne typen brygging.

Dette er ei bok mange bør skaffa seg, og den er eit viktig bidrag til ei betre forståing av og for den unike tradisjonen og kulturen som ligg i norske gardsøl. Det må også leggjast til at dette er ein jordbruks-kultur fullt og heilt. Det kjem fram av tittelen i boka, og elles også i boka, men det kunne kanskje vore endå tydelegare framheva.

Det er rett å slett berre å gå i bokhandelen eller finna fram på nettet og kjøpa boka. Du vil ikkje bli skuffa!

"Meira øl!"
Til slutt må eg nemna mitt første møte med øl. Eg var fire år og fekk vera med i bryllaup saman med mor og far. Eg sat ved sida av onkelen min som ga meg heimabrygg i glaset. Etter å ha smakt på ølet og drukke opp, ropte eg ut over heile forsamlinga: "Meira øl!" (til lett brydde foreldre..). Det var forresten onkelen min på Ølnes (passande namn) som hadde bryggja, i bryllaupet til dotter si.

søndag 27. november 2016

Frå Marx' til nyare kapitalkritikk

Dag Østerbergs bok på Pax.no
Utgangspunktet for Dag Østerbergs bok er den paradoksale situasjonen der kapitalismen opplever dei største problema på lange tider, men at marxistisk tangegang likevel er meir fjern enn nokon sinne. Boka vekte interesse fordi Østerberg lova å gi ei innføring i Karl Marx' idéar og seinare arbeid langs desse linjene. Østerberg er tidlegare professor i sosiologi ved UiO og har skrive ei rekkje bøker, både om Marx og andre sosiologiske/økonomiske emne.

Interessant, men likevel skuffande
Oppsummert vil eg seia at boka er interessant, men ga meg likevel ikkje det eg håpa på. Eg hadde håpa den var meir relevant for det som har skjedd dei siste 10 - 15 åra, særleg det som har med finans-krisa å gjera. Her tykkjer eg boka har lite å tilføra. Eit klart svakheitstrekk er til dømes at Thomas Piketty og hans "Kapitalen i det 21. århundre" berre såvidt er nemnt av Østerberg. Det får meg til å mistenkja at tekstane i boka i hovudsak er resirkulert materiale.

Eit klart minus er det også at boka ikkje inneheld noko stikkordregister.

Karl Marx (Foto: Wikipedia)
Karl Marx (1818 - 1883)
Karl Marx sine idéar er først og fremst presenterte i "Det kommunistiske manifest og andre ungdomsskrifter" frå 1848 og ikkje minst "Das Kapital"/"Kapitalen" (1867) som han skreiv saman med Friedrich Engels. "Das Kapital" var eit verk på tre bind, og dei to siste binda kom ut etter Marx' død (1885 og 1894). "Det kommunistiske manifest" startar mellom anna med den kjende setninga "Det går et spøkelse gjennom Europa, kommunismens spøkelse".

Meirverdilæra
Sentralt i Marx' kapitalkritikk var læra om arbeidskraftas meirverdi. Lønnsarbeidaren sel arbeidskrafta si som ei kva som helst anna slags vare, men i motsetning til andre innsatsfaktorar er det arbeidskrafta som tilfører vara den meirverdien som gjer produksjonen lønnsam og som så tilfell kapitaleigaren.

Marx' meirverdilære vart utfordra og "utkonkurrert" av grensenytte-læra. Grensenytt-læra representerte eit paradigmeskifte i økonomisk forståing i den forstand at den innebar eit skifte av  grunnbegrepa. Grensenytte-læra sa at den avtakande gleda eller nytten av ei vare innebar at den siste forbrukte eininga, den som representerer metningspunktet, er den marginale og den som svarer til marknadsprisen.

Grensenytte og likevektsteori
Grensenytte-læra, som vart utarbeidd i ulik grad av Stanley Jevons (England), Carl Menger (Østerrike) og Léon Walras (Sveits), skifta fokus frå arbeidarar og produksjon til vare og forbrukar. Det har hatt ei enorm betydning for utviklinga av økonomifaget, og også den "matematiseringa" av faget som har vore gjenstand for kritikk.

Walras innførte også likevektsbegrepet, ein idé om marknaden sin naturlege utvikling mot ei likevekt. Dette har seinare vorte kritisert av mange økonomiar, men utgjer likevel framleis eit av dei viktige fundamenta i samfunnsøkonomien. Kritikarar kallar dette gjerne "likevekts-fetisjisme". Marx på si side snakka om "vare-fetisjisme" med bakgrunn i framveksten av forbrukarsamfunnet midt på 1800-talet.

Marx og nyare kapitalkritikk
Det er her eg saknar særleg Pikettys omfattande arbeid som dokumenterer nettopp det Marx hevda; at avkastninga på kapital så og seia heile tida dei siste 200 åra har vore større enn den generelle økonmiske veksten (og veksten i lønningar) - altså r > g (r = avkastning på kapital, g = arbeidsinntekt). Marx meinte at kapital-akkumulasjonen ville halda fram uhemma slik at avkastninga på kapital gjekk mot null (altså r = g). Men her er Piketty ueinig og peiker på krefter som bidreg til å halda avkastninga oppe trass i kapitalvekst.

Kommunismens elendige empiri
Østerberg er ikkje inne på det vesentlege punktet om kommunismens elendige historikk. Det kan på ein måte forsvarast sidan han tek for seg kritikken til Marx og etterkommarar av han. Men ein kan likevel ikkje sjå bort frå at teori og praksis skil lag så til dei grader. Ikkje noko land har komme heldig ut av forsøka på marxistisk styre, med avskaffing av eigedomsretten og statleg styring av all økonomi.

Marx' lære og relevans for dagens problem
Eg saknar også ein betre analyse av dagens problem og det samfunnet me har i dag samanlikna med samfunnet på Marx' tid. Det er ikkje uvesentleg å trekkja fram dei store endringane som har skjedd dei siste 150 åra, og at i lys av desse er kanskje ikkje svara på utfordringane dei same som den gangen. Også her ber boka preg av at det stort sett er eldre tekstar, med lite oppdatert innhald.

Men at Karl Marx har hatt enorm betydning for vitskapen om samfunnsøkonomi (her passar det "gamle" begrepet sosialøkonomi betre) kan ingen motseia. Så er det kanskje også tilfelle at Marx i større grad har vorte misbrukt enn brukt, opp gjennom tidene.

Dag Østerberg kjem elles til Tronsmo bokhandel 1. desember for å fortelja om boka. For dei som er i Oslo då vil det sikkert vera interessant å høyra, og kanskje kan ein stilla kritiske spørsmål også?



torsdag 24. november 2016

Høyringsinnspel til planen om Vestlandsregionen

Sogn og Fjorane fylkeskommune har bedt om innspel frå innbyggjarane til intensjonsplanen for den nye Vestlandsregionen. Her kan du finna meir informasjon om planen og innkomne høyringssvar, og under er høyringsinnspelet eg sende:

Høyringssvar
Den føreslegne planen om å slå saman Sogn og Fjordane med Hordaland og Rogaland til ein stor Vestlandsregion bør etter mitt syn avvisast fordi den kviler på ei naiv førestilling om delegering av makt. Eit anna viktig argument er at innbyggjarane ikkje i tilstrekkeleg grad har fått mulegheit til å seia sitt fordi dette ikkje har vore løfta fram som valkampsak. Det er veldig viktig at gjennomgripande endringar som dette også blir førelagt folket i form av politiske diskusjonar; altså eit deltakande demokrati.

I denne saka, som i mange andre, startar ein etter mitt syn i feil ende: Først geografi, så innhald. Det er spesielt alvorleg her fordi konsekvensane er så store. Eg er ingen tilhengjar av at alt skal vera som før, men at grunnlaget for endringar skal vera solid og argumenta byggja på dette.

Sist staten viste solid vilje og evne til delegering av makt var i 1837! Det er ingen ting som tyder på at det vil skje igjen med det første. Fylka gjer difor opp rekning utan vert i denne saka.

Nynorsk har vorte ei sentral sak i diskusjonen om ein Vestlandsregion. Eg meiner det er ei avsporing av hovudsaka, som er om me bør organisera dei tre fylka i ein stor region eller ikkje. Eg meiner sjølvsagt at ein eventuell ny region som føreslegen må ha nynorsk som målform - noko anna er heilt uakseptabelt. Men det er som sagt ei avsporing.


Eit anna subsidiært standpunkt er at ei eventuell samanslåing bør reduserast til Hordaland og Sogn og Fjordane. Rogaland bør ikkje vera med i ein slik region fordi aksen Stavanger - Bergen vil forsterka utkantpreget Sogn og Fjordane uansett vil få.

lørdag 29. oktober 2016

DDOS, IoT og Bitcoin

"Termostatenes grusomme hevn" er tittelen på Morgenbladet
sin omtale av det IoT-baserte DDOS-angrepet

(Ill: Kristoffer Nilsen)
Den siste tida har vore prega av omfattande DDOS-angrep mot fleire mål. DDOS står for Distributed Denial of Service og er eit par hakk opp frå Denial of Service (DOS) der du ved hjelp av ei eller nokre få maskiner bombarderer ein web-server med førespurnader slik at den til slutt knelar. Eit DDOS-angrep set i verk tusenvis av maskiner og det er den distribuerte delen.

Eit av dei siste angrepa var retta mot domenenamn-tenesta (Domain Name System - DNS) Dyn. Det spesielle med angrepet var at Internett-dingsar (Internet of Things - IoT) vart nytta som angrepshær, og at angrepet vart retta mot ei namneteneste. Dette set søkjelys på to viktige og sårbare område:
  1. Den sentraliserte domenenamn-tenesta på nettet (organiseringa av DNS-systemet)
  2. Dei sårbare "dingsane" som blir kopla til nettet i stor skala (Tingas Internett - IoT)
Majoriteten av Internett-dingsar var overvakingskamera. Angrepet var like enkelt som det var sofistikert, i følgje pcmag.com: Angriparane leita seg fram til overvakingskamera og heime-ruterar av merket Hangzhou Xiongmai Technology, som har Linux i botnen. Dei prøvde seg med standard-innstillingane frå fabrikken, og dei lukkast i stor grad å logga inn på utstyret med det (!). 

Sentralisert domenenamn-teneste
Angrepet på DNS-tenesta Dyn set søkjelyset på eit problem med dagens Internett: Den sentraliserte delen DNS som held styr på koplinga mellom ip-nummer og namn. Internett vart designa som eit distribuert nettverk nettopp for å unngå eitt eller nokre få sentrale og sårbare punkt (single point of failure). DNS-systemet har dessverre ikkje den same distribuerte strukturen og blir difor meir sårbart fordi angrep kan setjast inn på sentrale DNS-serverar.

Tingas Internett - Internet of Things (IoT)
Tingas Internett der alle slags dingsar skal koplast til nettet, er eit av dei store og viktige utviklingstrekka på nettet. På same tida som det opnar for spennande mulegheiter opnar det også for nye sårbare punkt, som dette DDOS-angrepet ettertrykkeleg har fått fram. Det er særleg to ting som gjera at IoT blir ekstra sårbare:
  • Utviklinga har gjort at det er enklare og billegare å bruka komplette datamaskiner (fullverdig prosessor ++) på bittesmå dingsar enn nedskalerte versjonar (det som blir kalla "embedded hardware"). Det gir dingsane meir kraft og mulegheiter, men gjer dei også like sårbare for misbruk som vanleg IT-utstyr.
  • Dei små dingsane kjem ikkje med eigne skjermar og blir vanskelegare å setja opp og kontrollera. Dei må typisk setjast opp via eit web-grensesnitt. Det fører til at mange berre pluggar i utstyret og brukar fabrikkinnstillingane. Det siste DDOS-angrepet har vist at det finst ganske mange dingsar som ikkje har endra desse innstillingane og som difor er vidopne for inntrenging.
Kva har dette med Bitcoin og blokk-kjede å gjera?
Mykje av spam-problemet er knytt til at det er så å seia gratis å senda meldingar på nettet, og prisen er den same om du sender ei melding eller 100 mill. Dette gjeld særleg spam knytt til e-post, men også DDOS-angrep. Mange forslag til løysing for e-post har komme opp gjennom åra, og dei har ofte vore baserte på økonomiske straffemekanismar. Men det er først med "Internet of Money", særleg Bitcoin, at ei praktisk løysing ser ut til å vera mykje nærmare. Teknologien bak kryptovaluta opnar for mikrotransaksjonar, noko som er heilt nødvendig for å få betaling til å fungera i denne samanhengen. Dagens betalingssystem er for dyre til at det gir meining å krevja nokre øre, for ikkje å seia fraksjonar av eit øre. 

Det må kosta å senda spam
Dersom det hadde kosta eitt øre å senda ein e-post, ville ordinær bruk av e-post knapt merkast økonomisk. Men om du prøver å senda ein million e-postar, ville det ha kosta kr 10 000,-. Det ville straks ha lagt ein dempar på iveren etter å spamma. 

Betalingssystem for mikrotransaksjonar er her snart, den store utfordringa blir å integrera det i e-postprotokollen.

DDOS-angrep må også kosta
For DDOS-angrep er det andre mekanismar som må på plass. Her vil ei mikrobetaling for http-oppslag kanskje vera ei løysing. Det er mykje som må på plass for å få dette til å verka, men betaling via kryptovaluta vil sakte, men sikkert bli integrert i stadig fleire delar av Internett.

Distribuert DNS på blokk-kjeda
Endeleg er ei desentralisering av DNS-systemet påkrevd. Også her gir Bitcoin og blokk-kjedeteknologi god grunn til håp. Det finst alt Bitcoin-tenester for å handtera DNS (registrering m.m.), t.d. Dot-Bit som byggjer på Bitcoin-kopien Namecoin. I tillegg til å vera sikrare mot DDOS-angrep, vil blokk-kjedebaserte DNS-system også vera motstandsdyktige mot sensur. Du blir i praksis din eigen Internett-registrar om du brukar ei slik teneste.

torsdag 27. oktober 2016

Myter om blokk-kjeda

I går deltok eg på Norstella sin konferanse om blokk-kjeder. Tittelen var "Norstellas blockchain konferanse" - ein god illustrasjon av at språk er ei stadig større utfordring, særleg innan IT. Eg var nok den einaste som brukte ordet "blokk-kjede", over alt elles heitte det "blockchain. Litt synd...
Men konferansen var god, og det var så mange påmelde at den måtte flyttast til eit større lokale.

Bitcoin i offentleg sektor
Eg hadde invitert meg sjølv til å snakka om "Offentlege register og blockchain", ein tittel eg endra til "Bruk av Bitcoin og blokk-kjede i offentleg sektor". Bitcoin er eit noko belasta ord i dette miljøet, men eg vart positivt overraska over at fleire av innleiarane ikkje berre tok ordet i sin munn, men poengterte fordelen med opne kontra lukka blokk-kjeder. På same tida har eg forståing for at bank & finans ikkje utan vidare kan hoppa på Bitcoin..

Framleis mange myter og mistydingar
Konferansen viste likevel at det er ein del mistydingar ute og går med tanke på teknologien blokk-kjede, og at det er eit stort behov for å rydda i dette landskapet. Så er konseptet og teknologien både såpass ny at slike konferansar fort blir "dei som forstår blokk-kjede driv og forklarer kvarandre kva det er", som ein av foredragshaldarane treffande formulerte det.

Så til ein del mistydingar og myter kring Bitcoin og blokk-kjeder:

1. Bitcoin blir berre brukt av kriminelle
Eg kan ikkje seia at denne myta var framtredande på konferansen, men den er likevel ein viktig grunn til at mange vil halda seg borte frå Bitcoin. Forskinga viser likevel at den delen av transaksjonar som går til "lyssky" aktivitetar (svarte marknader, gambling ++) har vorte sterkt redusert dei siste par åra. Frå å vera ein dominerande del av Bitcoin-handelen fram til 2013, er den no redusert til  5 - 10 % av alle transaksjonar. Sjå artikkelen "The Evolution of the Bitcoin Economy_ Extracting and Analyzing the Network of Payment Relationships" for meir detaljar om dette.

2. Ei blokk-kjede er sikker i seg sjølv
Denne myta er ganske utbreidd. Mange set likskap mellom blokk-kjede og sikkerheit. Det er ein stor feil, for ei blokk-kjede er avhengig av den sikkerheitsmodellen det er lagt opp til. For Bitcoin er det "proof of work" som er bruk av eksterne ressursar (energi = pengar) , for andre kan det vera eigarinteresser i systemet og valutaen (Proof-of-stake"), og for private/lukka blokk-kjeder kan det vera tillit til dei som har skrivetilgang til blokk-kjeda. Særleg for det siste punktet, lukka blokk-kjeder, er det farleg å tru at blokk-kjeda i seg sjølv vil gi sikkerheit. Den må først sikrast mot innsyn frå andre enn partane, deretter må sjølve blokk-kjeda ha ein sikkerheitsstruktur som hindrar endringar av historikken. Det siste må baserast på tillit til partane, i sterk motsetning til den originale blokk-kjedeteknologien som nettopp har fjerne dette behovet for tillit.

3. Ei blokk-kjede vil gi betre ytelse
Ei blokk-kjede er ein konstruksjon som vil gi dårlegare ytelse enn ei rein database-løysing. For opne, globale blokk-kjeder som Bitcoin, vil ytelsen bli radikalt dårlegare, medan for lukka blokk-kjeder vil reduksjonen i ytelse ikkje vera så dramatisk og neppe vera eit stort problem. Men teknologien i seg sjølv kan ikkje samanliknast med databasar i rein transaksjonsytelse.

Det er muleg bank- og finansnæringa kan betra ytelsen med innføring av blokkjede-teknologi, men eg er ikkje så sikker på om det er nok til å redusera friksjonen i betalingssystema slik at me vil sjå ei stor endring. Eg trur at store delar av friksjonen skuldast andre grunnar, som tungrodde organisatoriske forhold, inkompatible system m.m. Eg er redd nissen vil følgja med på blokkjede-lasset..

4. Det som er lagra på blokk-kjeda, er sant
Det er fort gjort å tenkja at om informasjon er lagra på blokk-kjeda, er den sann. Men det er like lett å lagra feilaktig informasjon som rett informasjon på ei blokk-kjede. Eg snakkar då om tilleggs-informasjonen som kan lagrast på ei blokk-kjede ved hjelp av valutaen som eit "token".

5. Ei blokk-kjede er eit universalmiddel
Det finst ikkje noko vidundermiddel som kan løysa alle problem. Blokk-kjeder som teknologi, er gode på ein del ting, og mindre gode på andre. Så er det også eit viktig poeng at det er stor skilnad på opne og lukka blokk-kjeder, og at dei har ulike eigenskapar. Figuren under viser nokre av dilemma i valet mellom ope og lukka:

Elles var det om tidlegare nemnt, kjekt å høyra også andre framheva at det innan opne blokk-kjeder innvasjonen i stor grad skjer, og at det er der den disruptive krafta finst.

Presentasjonen eg heldt i går:




onsdag 19. oktober 2016

Let's Make Money!

Innlegg om Bitcoin-graving ("mining") og korleis den teknologiske utviklinga på det området opnar for større grad av desentralisering. Blogginnlegget er skrive på Medium.com

"Gravemaskina" mi, ein Antminer R4

søndag 16. oktober 2016

Forvaltningsinformatikk

Arild i kjent driv og stil
Torsdag 13.10 vart professor Arild Jansen takka av frå Universitetet i Oslo etter å nådd aldersgrensa på 70 år. Dagen vart markert først med eit seminar og seinare med festmiddag i Det Norske Videnskaps-Akademi sin staselege bygning ved Drammensveien. Som det står i programmet for seminaret: "Seminar for professor, hedersmann og sportsmann Arild Jansen, 70 år". Biletet som illustrerte seminaret viser tydeleg sportsmannen Arild. Me snakkar her om ein av landets sprekaste 70-åringar! Til dømes kan det nemnast at Arild har gått Birkebeinarrennet 38 ganger, og teke merket 38 ganger!

Faget forvaltningsinformatikk
Faget forvaltningsinformatikk er ei blanding av jus og IT, sett inn i eit forvaltningsmessig perspektiv. Avdeling for forvaltningsinformatikk (AFIN), der Arild har arbeida sidan 2003, ligg under institutt for privatrett, som igjen ligg under juridisk fakultet ved UiO. AFIN høyrer vidare til Senter for rettsinformatikk, eit senter starta av Jon Bing. Jon Bing opplevde dessverre ikkje å bli takka av som 70-åring sidan han døydde kort tid før. I staden for festseminar vart det minneseminar etter Jon Bing, eit seminar som har vorte arrangert sidan 2014.

Vil AFIN mista informatikk?
Faget forvaltningsinformatikk kom først i gang i 1993, og det er professor Dag Wiese Schartum som har vore den leiande fagmannen sidan den gangen. Dag fortalde om historia til faget og AFIN og la vekt på betydninga av å få inn informatikk-kompetanse i form av Arild i 2003. Forvaltnings-informatikk ligg i skjeringspunktet jus og IT og det seier seg nesten sjølv at begge fagdisiplinane er viktige. Dessverre ser det ikkje ut som dei leiande ved UiO ser dette, og det er fare for at stillinga etter Arild Jansen blir teken bort frå AFIN. Det vil i så fall vera veldig synd for eit fagmiljø som har markert seg sterkt og som har utdanna mange kandidatar som etter kvart har fått viktige posisjonar innan offentleg IT-utvikling.

Sjølve ordet "forvaltningsinformatikk" er kanskje ikkje det mest seljande i dagens utdannings-samfunn. Kanskje skulle avdelinga og studiet hatt eit nytt namn? Og kanskje også eit namn som ikkje i så stor grad er knytt til offentleg sektor? Men akkurat her er det meir enn namnet ein må sjå på. Eg trur denne utdanninga vil vera svært nyttig også for dei som skal arbeida i næringslivet.

Tilbake til eit desentralisert Internett?
Eg har arbeida saman med Arild i mange år, særleg med sampublisering, og me har skrive mange fagartiklar saman. Det var difor ei stor ære å bli spurd om å halda innlegg på avslutningsseminaret. Her er presentasjonen "Tilbake til eit desentralisert Internett" som eg heldt torsdag:





onsdag 12. oktober 2016

Fermats siste teorem

Simon Singhs kjende bok om
Fermats siste teorem
Fermats siste teorem ser forførande enkelt ut:

xn + yn = zn har inga løysing for n > 2 (n=2 er jo Pytagoras' kjende formel)

Men å bevisa dette har ridd matematikarar som ei mare sidan 1637! Det manglar ikkje på folk som har prøvd seg på oppgåva, men dei har køyrt seg fast på ein eller annan måte. Ikkje før i 1993 vart denne setninga bevist, og det var engelske Andrew Wiles som stod for bragda. Då hadde han meir eller mindre isolert seg i 7 år og nesten berre jobba med problemet.

Sensasjonen i Cambridge
Det hadde gått rykte om at Wiles ville komma med sensasjonelle ting under matematikk-konferansen i Cambridge i 1993, der Wiles hadde fått tildelt plass til ein tredelt forelesings-serie. Tittelen på serien røpa ikkje noko, og den var nøye valt. Men rykta svirra og stemninga bygde seg opp til den siste forlesinga der auditoriet var fullstappa og mange ikkje kom inn. Og etter å ha fylt tavle på tavle med formlar, kom Wiles til slutt fram til den kjende formelen og sa "I think I'll stop here". Applausen braut ut og tilhøyrarane forstod at dei var vitne til noko av det største som hadde skjedd i matematikken dei siste 350 åra! Dei ansvarlege for konferansen hadde alt kjøpt inn champagne, for dei hadde meir enn ei aning om at noko stort kom til å skje.

Djevelen sit i detaljane..
Men djevelen sit i detaljane, og då Wiles' manuskript vart sendt til fagfelle-vurdering før publisering, kom det ein dag eit spørsmål til han om å forklara ein detalj i arbeidet. Wiles hadde fått mange slike spørsmål, for manuskriptet var 200 sider langt og var sjølvsagt ikkje utan feil. Han rekna med at dette var trivielt, som dei andre spørsmåla han hadde fått i dagane og vekene etter at evaluatorane hadde starta arbeidet sitt.

Det som skulle ta ein dag eller to å retta opp, vart til veker og så til månader. Det gjekk opp for Wiles at problemet ikkje var ein bagatell, men derimot fundamentalt. Etter nærmare eit år etter at feilen vart oppdaga, var Wiles i ferd med å gi opp. Men med hjelp av ein kollega klarte Wiles til slutt å finna ein veg rundt problemet, og vegen gjekk via formelen for elliptiske kurver. Han enda dermed opp med ei anna tilnærming enn den første.

10 år og hekta på Fermat
Andrew Wiles vart først kjent med Fermats siste teorem då han var berre 10 år og vart så hekta på det at han bestemde seg for at han skulle klara å bevisa dette ein eller annan gang (det kan vel høyrast ut som ei god historie med etterrasjonalisering, men men..).

"All in" og sju års intenst arbeid
Etter utdanning ved Cambridge vart Andres Wiles professor ved Princeton i USA, eit miljø med dei fremste matematikarane i verda. Han hadde ikkje brukt tid på Fermats problem, men hadde heller ikkje gløymt det. Etter eit stort gjennombrot i midten av 1980-åra der det vart bevist ein samanheng mellom Fermats problem og elliptiske funksjonar, bestemde Wiles seg for å gå "all in" og prøva å løysa problemet. Ulikt det som er vanleg i matematikk-miljøet, og forskarverda elles, valde Andrew Wiles å arbeida heilt åleine og ikkje fortelja nokon annan enn kona om arbeidet han hadde starta på.

Hobby-matematikaren Fermat
Pierre de Fermat var ein hobby-matematikar som dreiv med den store lidenskapen matamatikk på fritida, medan han var byråkrat i den franske statsforvaltninga. Trass i at matematikken var ein hobby, var Fermat uhyre begava og dreiv hobbyen sin på eit høgt nivå. Han vart seinare kalla "Prince of Amateurs" av matematikarar.

"Eg har ei genial løysing.."
I 1637 noterte han ned teoremet i ei utgåve av Diophantes Arithmetica. Han noterte også at han hadde funne ei genial løysing på problemet, men at det var for liten plass til å skriva den ned (!). Men det var likt Fermat å sløyfa eller slurva med detaljar i bevisa, han hadde stor moro av å setja fram påstandar og sjå om andre klarte å bevisa det, der han sjølv sat med beviset. Det er difor framleis ei uløyst gåte om Fermat faktisk hadde komme fram til ei løysing. Matematikarar er delte i spørsmålet, men dei fleste trur nok at han ikkje hadde det. Og viss han trudde han hadde ei løysing, er det stor sannsynlegheit at den var i retning av ei av dei mange blindgatene matematikarar har køyrt seg fast i, i forsøk på å løysa problemet.

Det er den kjende forfattaren Simon Singh som har skrive boka om Fermats siste teorem. Singh er kjent for fleire liknande bøker, mellom anna boka "The Code Book" som handlar om kryptografiens historie.

lørdag 10. september 2016

Beyond Bitcoin - eGov 2016

Largo da Oliveira - plassen midt i Guimaraes
Årets IFIP eGov-konferanse vart halden i den historiske og vakre byen Guimarães (utt.: "Gimaraesj") i Nord-Portugal. Guimarães er rekna som staden der Portugal som land vart grunnlagt etter slaget ved São Mande i nærleiken av byen, i 1128. Portugal sin første konge, Alfonso Enrique, var også fødd i byen som var Portugal sin første hovudstad. Den vart seinare flytta til Coimbra (midt i Portugal) og til slutt Lisboa.

Byen står på UNESCO si liste over World Heritage og er vel verdt eit besøk, konferanse eller ikkje. Innbyggjartalet er berre på rundt 50 000, men byen har eit ganske stort universitet; University of Minho, og det var dei som var vertskap for eGov-konferansen.

Aqui Nasceu Portugal -
"Portugals fødestad"
eGov-konferansen er rekna som den nest mest prestisjefylte konferansen innan e-forvaltning, etter HICSS som blir arrangert kvart år på Hawai. Årets eGov-konferanse hadde ein akseptanse-rate på rundt 33 % for fullstendige forskingsartiklar, og for enkelte av spora var den endå lågare (t.d. 25 % innan Smart Government/Smart Cities-sporet der eg hadde min artikkel).

Opplegget for eGov er som mange andre akademiske konferansar ei blanding av felles foredrag (keynotes) og parallellsesjonar der årets aksepterte artiklar blir presenterte. I parallellsesjonane får kvar presentasjon 30 minuttar, inkl. spørsmål frå tilhøyrarane. Det er ein god modell der spørsmål & svar-delen ofte er interessant. For den som presenterer er det ok å få tilbakemelding også frå andre enn dei opprinnelege evaluatorane.

Eg presenterte artikkelen "Beyond Bitcoin - Enabling Smart Government Using the Bitcoin Blockchain" der eg først viser at Bitcoin og blokk-kjedeteknologi er fråverande i eGov-litteraturen, før eg ser på teknologien ut frå eit informasjonsinfrastruktur-perspektiv (Information Infrastructure er eit vidt omgrep i IT-litteraturen og noko universitetet i Oslo har arbeida mykje med). Til slutt viser eg eit eksempel på bruk av Bitcoin til å lagra akademiske vitnemål. Her er artikkelen (open tilgjengeleg frå Springer ei viss tid) og presentasjonen av den:




tirsdag 16. august 2016

Bitcoin, snørr og bartar

Aftenposten har i dag teke inn lesarinnlegget eg sende som svar på artikkelen "Bitcoin-eiere må ta en del av hacker-tapet selv". Artikkelen handla om Bitfinex-skandalen der vekslingsbanken vart utsett for tjuveri av ca. 120 000 bitcoin til ein verdi av mellom 60-70 mill. US$ (= ca. NOK 600 mill.). Bitfinex har seinare presentert ei løysing der kundane tek eit solidarisk tap på 36 % av inneståande verdiar. Som plaster på såret blir det etablert ein ny valuta (nytt "token") der kundane får eigendelar tilsvarande tapa sine. Så kan dei håpa at den nye valutaen får verdi og at dei kan få igjen noko av det tapte. Ein illustrasjon av kva som kan ha hendt i Bitfinex, finn du her.

I Aftenposten-artikkelen er professor Tor W. Andreassen ved Center for Service Innovation (CSI), Norges Handelshøgskole, intervjua og trass i at han tydelegvis ikkje veit noko om Bitcoin, uttalar han seg skråsikkert om manglande sikkerheit i protokollen. Det må sjølvsagt kommenterast. Det dumme er at innlegget kjem på trykk såpass lenge etterpå. Her er i alle fall innlegget:

Botnsolid sikkerheit i Bitcoin
Aftenposten hadde tysdag 09.08 eit oppslag om «bankranet» i vekslingstenesta Bitfinex der professor Tor W. Andreassen ved Norges Handelshøgskole uttalar seg om manglande sikkerheit i Bitcoin. Tor W. Andreassen er professor, men har tydelegvis ikkje kunnskapar om Bitcoin. Så kvifor ikkje heller spørja nokon som forstår teknologien og som kan skilja snørr og bartar?

«Snørret» er mangelfull sikkerheit hjå selskapet Bitfinex som driv vekslingsteneste med kjøp og sal av bitcoin. «Barten» er den botnsolide sikkerheiten til Bitcoin-protokollen. Å påstå at sikkerheiten til Bitcoin er svekka på grunn av eit innbrot av denne typen, er det same som å seia at norske kroner som valuta har eit stort problem fordi det har vore bankran.

Svein Ølnes, forskar ved Vestlandsforsking

PS. Overskrifta er det Aftenposten som har laga. Mi eiga overskrift var "Bitcoin, snørr og bartar".

onsdag 3. august 2016

Splittinga av Ethereum og konsekvensar for Bitcoin

Om splittinga ("hard fork") av Ethereum og konsekvensar det bør få for utviklinga av Bitcoin (publisert på Medium..).


onsdag 27. juli 2016

Drama i Ethereum-leiren

Sommaren har vore innhaldsrik for den som er interessert i utviklinga innan krypto-valuta og blokk-kjeder. Mest drama har det vore innan Ethereum, den alternative blokk-kjeda som er mest populær etter Bitcoin. Det var etableringa av den autonome organisasjonen The DAO som starta det heile, og eg har skrive om det i eit eige innlegg. Eg avslutta innlegget om The DAO med ein advarsel om å endra Ethereum-koden berre for å redda midlane i The DAO. Men så var det akkurat det som vart gjort.

Konsensus vart til splitting
Først vart ein såkalla "soft fork" føreslått; dvs. ei endring i koden som ikkje ville endra reglane for konsensus. Då ville blokk-kjeda kunna halda fram utan splitting. Men så vart det oppdaga ein svakheit i løysinga og den vart forkasta. Neste forslag var ein "hard fork"; ei endring som i praksis vil laga ein ny blokk-kjede med nye reglar. Dei fleste som stemde i saka stemde for å gjennomføra endringa og endringa i blokk 1,920,000 den 20. juli såg ut til å gå smertefritt. Det var rekna med at alle ville gå over til den nye blokk-kjeda fordi dei elles risikerte å mista verdiane sine. Men så skjedde det spesielle at den gamle kjeda, den som ikkje har godkjent endringa i Ethereum-koden og som slik sett har "godteke" The DAO-tappinga, heldt fram med ganske mange brukarar. Sidan dei fleste gravarane hadde implementert den nye koden, var den gamle kjeda sårbar i starten, men etter kvart sette fleire gravarar inn ressursar på kjeda som fekk namnet Ethereum Classic, og den vart i første omgang redda frå eit 51 %-angrep.

Bonus på 5-10 % for alle ether-eigarar
Ein interessant bi-effekt av splittinga er at dei som eigde ether før splittinga fekk ein bonus sidan valutaen blir godkjent både i den gamle og den nye blokk-kjeda. Etter splittinga av blokk-kjeda fekk den gamle valutaen, Ethereum Classic, ein verdi på 5-10 % av den nye. Det betyr ein bonus på 5-10 % for dei ether-eigarane som valde å ta ut gevinsten.

Men fare for "replay"-angrep
Splittinga i to konkurrerande kjeder skaper utfordringar på fleire område. Det opnar for mulege "replay"-angrep der ein kan utnytta forvirringa som ligg i at begge kjedene godkjenner tidlegare transaksjonar og vil også godta nye transaksjonar. Denne utnyttinga bli kalla "replay" - detaljert forklaring på teknologien bak finn du i denne Reddit-artikkelen og i denne Medium-artikkelen.

Konsensus-basert teknologi og politikk
Historia om The DAO og den etterfølgjande diskusjonen og splittinga i Ethereum-leiren har vist at også kode er politikk. Vilkårslause blokk-kjeder, som Bitcoin og Ethereum, er i særleg grad prega av politikk og politiske diskusjonar. Det ligg i korta sidan teknologien er konsensus-basert. Dersom det ikkje er konsensus, blir det diskusjon og då kan også problema oppstå. Så langt har både Bitcoin og Ethereum vist at dei er i dårleg stand til å handtera denne delen av teknologi-utviklinga. Det må seiast at Bitcoin likevel viser betre styring, sjølv om diskusjonen om skalering har ført til mykje uro.

Manglar klare retningslinjer frå start
Fleire etterlyser klarare mandat og vedtekter for dei nye teknologiane. Slik det no er, må problema løysast etter kvart som dei oppstår, utan at ein kan finna noko støtte i eit opprinneleg konsensus-basert mandat. Ikkje alt kan avtalast på førehand, men ei så viktig sak som å føreta ein "hard fork" for å redda eit prosjekt frå å tapa mykje pengar, burde vore knesett som prinsipp alt i etaleringa. Er det ok å gripa inn for å redda eit prestisjeprosjekt, eller er det betre å la vera og la prinsippet om ei uforanderleg ("immutable") blokk-kjede vega tyngst? 

onsdag 13. juli 2016

Utpakking av ny ThinkPad Carbon X1

"Un-boxing" ThinkPad Carbon X1 gen. IV
Nye berbare pc-ar er for lengst uinteressante, og nye mobilar ser ut til å få ei endå kortare interesse-levetid.

Pc-en er likevel, saman med mobiltelefonen, det viktigaste arbeidsverktøyet for mange, og for eigen del brukar eg den i mange timar kvar dag; 24/7/365. Då er det viktig at den fungerer godt og at me går godt i lag. Det siste er ikkje sjølvsagt, eg stiller ganske store krav til pc og anna utstyr.

Den forrige pc-en var av same type, men generasjon 2 mot den nye som er generasjon 4. Ytre sett er det nesten ikkje råd å sjå forskjel, dei ytre måla er om lag dei same. I omtalen av den forrige X1-maskina frå desember 2014 hadde eg følgjande innvendingar til ein elles perfekt pc:
  • batteritida berrre såvidt godkjent (5-6 timar)
  • endra tastatur-design (dette er ein gjengangar, og i gen. 4 er det igjen endringar)
  • dynamiske funksjonstastar
"Soft"-tastar for funksjonstastar: Dårleg idé nr. 1!
Etter litt tids bruk kan eg føya til ein annan svakheit ved gen. 2: elendig "alt-i-eitt" peikeflate. Eg kunne også ha ønskt meg meir minne (maks. 8 GB).

Desse punkta var avgjerande for ny pc (den "gamle" vil framleis bli brukt, men av andre).

"Alt-i-eitt" peikeflate: Dårleg idé nr. 2!
I versjon 4 av Carbon X1 har Lenovo retta dei største feila i gen. 2 - særleg gjeld det funksjonstastane som no er "normale" igjen, og peikeflata som også er "normal". PC-en har fått 16 GB minne, men det gjeld berre versjonar med i7-prosessor.

Men som ofte når feil blir retta, blir nye introduserte :(
Normale funksjonstastar er bra, det same er vanleg størrelse og plassering av backspace. Dessverre har Lenovo gjeninnført Caps Lock. Kven i all verda har bruk for den tasten?! Forrige modell hadde caps lock innebygd i Shift-tasten med aktivering ved å halda shift-tasten nede i meir enn eitt sekund. Det fungerte godt, eg har nesten til gode å bruka den funksjonen.

NEI! HAR IKKJE BRUK FOR CAPS LOCK!!

Problemet med gjeninnføringa av Caps Lock er at den tek har forvist Home og End til funksjonstast-rekkja. Tidlegare plassering der Caps Lock er no, var gunstig fordi det då var lett å få til Ctrl-Home og Ctrl-End med venstre hand. No må eg bruka to hender, og dei to tastane Home og End er vanskelegare å finna. Det er slike små ting som er irriterande når dei blir reverserte. Ctrl-Home og Ctrl-End er viktige kombinasjonar, det er ikkje CAPS LOCK! Men det har Lenovo dessverre ikkje skjønt. Lurer på om dei som designar tastatura brukar dei til å skriva på. Det er grunnar til å tvila på det. Når det er sagt, må eg også leggja til at tastaturet er ein draum å skriva på. Dette har vore ThinkPad sitt varemerkje og er det framleis, saman med ein god skjerm. Hadde dei berre kunna retta dei små irriterande feila..

Resultatet av Caps Lock-tasten: Dårlegare plassering av
Home og End


Batteritida kunne også vore betre. Den ser no ut til å vera 6-7 timar med normal bruk, og det meiner eg er for lite for ein berbar pc i dag. Kravet må vera at den kan halda ein heil arbeidsdag utan problem slik at ein slepp å ta med straumadapter ved eit heildagsmøte. Det ser ikkje ut som eg kan satsa på det.

Alt i alt er det to steg fram og eitt tilbake :-/


Kvifor kunne de ikkje halde på denne plasseringa av
Home og End??