søndag 16. januar 2011

Wikipedia 10 år


Nettleksikonet Wikipedia er 10 år i desse dagar. Og for ei utvikling det har vore! Det som ingen trudde skulle vera muleg, har no vorte det viktigaste oppslagsverket for alle. Den engelske versjonen av Wikipedia har i skrivande stund 3 530 152 artiklar over nesten 23 mill. sider, og med 13,8 mill. registrerte brukarar. Den norske utgåva har til samanlikning 287 000 artiklar på bokmål (Store Norske Leksikon snl.no, har 209 000) og 63 000 artiklar på nynorsk.

Først tradisjonelt, så revolusjon
Jimmy Wales starta ikkje med Wikipedia, men med ein modell som låg nærmare opp til tradisjonelle leksikon, med inviterte og betalte forfattarar. Det fungerte ikkje. Han gjekk så over til ein modell der kven som helst kunne vera forfattarar. Det einaste kravet er registrering. Men sjølv om du kan setja i gang og skriva etter å ha registrert deg, er det likevel barrierer mot å få bidraget godteke.

Alle er like, men nokre er "likare" enn andre
I Wikipedia er alle like, men nokre er "likare" enn andre og har spesielle privilegium som gjer at dei kan halda ein viss kontroll på bidraga. Mange opplever at denne kontrollen har vorte vel hard, noko også grunnleggjaren har innsett og ønskjer å endra. Ein viktig grunn for innstramminga har vore dei mange påstandane om at informasjonen på Wikipedia ikkje held mål, og at Wikipedia dermed ikkje held same standard som andre oppslagsverk.

Kvalitet
Diskusjonen gjekk lenge på om Wikipedia heldt same standard som dei tradisjonelle, redaksjonsstyrte oppslagsverka. Etter kvart som dei siste har lagt inn årene, eitt etter eitt, har diskusjonen stilna og Wikipedia er no snart einerådande.

Det betyr ikkje at kvaliteten er like god over alt. Det er stor skilnad frå tema til tema, og endå meir mellom ulike språk. Den norske utgåva er difor på langt nær av same standard som den engelske. Ei forklaring er sjølvsagt at me er ganske få som snakkar og skriv norsk, ei anna viktig forklaring er at me i Norge ikkje har klart å mobilisera fagfolka i like stor grad. Det første er ikkje noko å gjera med, men det sist må vera muleg å endra.

Revolusjonær tradisjon
Wikipedia er ein revolusjon innan oppslagsverk. Det er bygt på ein heilt annan modell enn andre verk, og så langt ser det ut som modellen er berekraftig og dankar ut den tradisjonelle. Ein viktig grunn er at modellen er veldig billeg, utanom ressursar til å halda nettsidene oppe, er alt arbeid gjort på dugnad. Og den web 2.0 har vist kva ressursar som finst i den store hopen.

Wikipedia føyer seg fint inn i historia med store omveltingar. Den franske filosofen og forfattaren Denis Diderot var sentral i utarbeidinga av oppslagsverket "Encyclopédie, ou dictionnaire raisonné des sciences, des arts et des métiers" ("Encyclopedia, or a Systematic Dictionary of the Sciences, Arts, and Crafts"), utgitt første gang i 1751. Prega av opplysingstida var det det første oppslagsverket som hadde folk flest som målgruppe, og målet var "to change the way people think".


På grunn av den radikale tilnærminga, vart leksikonet forbode av dei franske styresmaktene i 1759. På grunn av populariteten og dei mange som var sysselsette i arbeidet, vart det likevel sett gjennom fingrane og Diderot fekk lov til å halda fram arbeidet.

Støtte frå fagfolk
For å heva kvaliteten er det som tidlegare nemnt heilt avgjerande å involvera fagfolk. Ikkje fordi dei nødvendigvis sit med den einaste og beste kompetansen, men fordi det jamt over vil gi betre kvalitetssikring av informasjonen.

Eg har tidlegare skrive om ein diskusjon eg hadde med ein veldig god fransk venn. Ho arbeider i det franske nasjonalbiblioteket, ein prestisjefylt institusjon som ein viktig berar og formidlar av den franske kulturen. Då eg diskuterte Wikipedia med ho for to år sidan, i samband med at kollegaene mine og eg ved it-forsking på Vestlandsforsking donerte 10 000,- til leksikonet, var ho heilt rysta over at me som forskarar kunne ha tiltru til dette. Wikipedia bryt sjølvsagt med det meste innafor fransk kulturarbeid, ikkje minst det opphøga og sentralstyrte.

Men eit år etter denne diskusjonen kunne ho gledesstrålande melda at eg hadde rett. Nasjonalbiblioteket i Frankrike hadde bestemt seg for å bidra til å gjera Wikipedia endå betre, ved å delta med informasjon.. Også dette må kunna kallast ein revolusjon!

Wikipedia som plattform
Det er eitt område der Wikipedia ikkje har utvikla seg og det er å gjera tenesta til noko meir enn nettsider ein går til, å tilby andre kanalar for informasjonsinnhenting. Det har truleg ikkje vore Wikipedias strategi å utvikla dette, men det er lett å sjå at dei kunna spelt ei viktig rolle her.

I staden er det DBpedia som ser ut til å ta denne rolla. DBpedia er ei semantisk utgåve av Wikipedia, utstyrt med metadata og strukturert som semantisk web (rdf). DBpedia er heilt sentralt i det omfattande Linked Open Data, eller berre Linked Data, som no er under utvikling. LOD er informasjonsressursar frå ulike kjelder, laust samankopla ved hjelp av enkel semantisk teknologi. Det er "small pieces loosely joined", for å låna David Weinbergers uttrykk.

Allkunne og "ingenting-forstår"
Allkunne betyr "den som veit alt", og i denne saka er det freistande å leggja til "og ingenting forstår!". Nynorsk-leksikonet Allkunne har nyleg sendt eit krav på 75 000,- til Wikipedia for påstått brot på  opphavsretten, og dummar seg skikkeleg ut. I staden for slikt tull bør Allkunne samarbeida med Wikipedia og sørgja for at både dei og nynorskdelen av det blir betre. Som nynorskbrukar blir eg flau av slik oppførsel.

Dette handlar ikkje først og fremst om opphavsrett, som sjølvsagt må respekterast, men om kva som tener nynorskarbeidet best.

[Oppdatering 17.01: På markeringa av 10-årsdagen kunngjorde styreleiar for Allkunne, Ottar Grepstad, at dei trekkjer søksmålet mot Wikipedia. Så kjem dei ut av det med æra nokolunde i orden.]

Treng me meir enn Wikipedia?
Her i landet har det vore ein stor diskusjon om Store Norske Leksikon skal få statsstøtte til å halda fram den digitale versjonen, i konkurranse med Wikipedia. Kulturministaren har sagt nei til ideen, og bede andre ta ansvar.

snl.no vart overdrege til Fritt Ord og Sparebankstiftelsen DnB NOR i fellesskap. Eit nytt prosjekt er etablert med representantar frå Det Norske Vitenskaps-Akademi, Institusjonen Fritt Ord, Nasjonalbiblioteket, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, Sparebankstiftelsen DnB NOR og universiteta. Prosjektet har fått midlar fram til 2013, og artikkelbasen i snl.no dannar utgangspunktet.

Men treng me eit alternativ til Wikipedia? Ut frå konkurranseomsyn kan svaret vera ja, pluss det faktum at det alltid er greitt å ha fleire uavhengige kjelder å samanlikna. Men ut frå eit ressurssynspunkt og ikkje minst det faktum at Wikipedia er lisensiert med ein Creative Commons Attribution-Share Alike 3.0-lisens. Det betyr at innhaldet i den norske delen av Wikipedia (eller heile Wikipedia for den del) når som helst kan kopierast over til ein annan nettstad og byggjast vidare på. Den einaste føresetnaden er at opphavsmannen blir kreditert (attribution) og at det nye verket blir utstyrt med same type lisens.

Ut frå det siste, meiner eg at det vil vera betre å samla kreftene om det opne, brukarstyrte Wikipedia enn å laga endå eit lukka leksikon. Tida for det siste trur eg er over.

1 kommentar:

Bjørn Erik Pedersen sa...

Hei Svein; du bør sjekke opp tala for artiklar på Wikipedia på bokmål og riksmål og Wikipedia på nynorsk (ja, det finst faktisk ein nynorskversjon!)