mandag 1. januar 2007

Stalin

Den monumentale biografien "Stalin - Den røde tsarens hoff" av Simon Sebag Montefiore har vore julas lesestoff. Og den kan eg tilrå, den er svært fascinerande.

Josef Vissarionovitsj Dzjukasjvili vart etter kvart berre kjendt som Stalin. Han vart fødd i 1878 og døde i 1953, 75 år gammal og nokså svekka.

Montefiore sin biografi er god fordi den trengjer gjennom klisjeane og dei mange mytane, både om Stalin og "hoffet" hans. Historikarar kan ofte vera fordomsfulle og det skin gjennom (les akkurat no også "Berlin - Nederlaget 1945" av Antony Beevor og eg vil påstå hans fordommar øydelegg ein del av verket). Biografien om Stalin unngår for ein stor del dette, men enkelte unødvendige personomtalar finst (eksempelvis "den griselignende" general Vaslik, den hesteinteresserte general Budjonnyj som hadde "en intelligens på høyde med hesters").

Montefiore har klart å få fram eit bilete av Stalin som er langt meir samansett enn dei ofte svært eindimensjonale som hittil har vorte formidla. Det gjer det også lettare å forstå ein del av dei brutale handlingane hans, eller utførte på ordre frå han (forstå, ikkje akseptera!). Stalin manøvrerte seg til toppen av Partiet ved hjelp av sjarm (!), og sjarm var ein viktig faktor i seinare erobringar (mellom anna under andre verdskrig).

Sjølvmordet til kona Nadja Allilujeva blir halde fram som eit vendepunkt i Stalins liv og som ei forklaring på dei paranoide og psykopatiske trekka han etter kvart utvikla. Montefiore klarer å gjera det til ei truverdig forklaring.

Hoffet rundt Stalin heldt seg forbausande stabilt, trass i voldsomme utreinskingar. Det var ei handfull menn rundt Stalin frå slutten av 20-åra til han døde i 1953. Dei sentrale personane var Molotov, Kaganovitsj, Mikojan, Berija, Malenkov, Khrusjtsjov, Zjdanov og Vorosjilov. Dei tre første følgde Stalin heilt frå starten etter Lenins død. Men det var på hengjande håret fleire av dei berga livet, for Stalin var i gang med prosessar både mot Molotov, Berija og Mikojan.

Berija har, ikkje ufortent, fått ry som Stalins bøddel nummer ein. At han var grusom, var det ikkje tvil om. Men han hadde fleire sider, og Stalin hadde avgjort fleire bødlar. Slik sett har kanskje Berija fått for mykje av skulda for alle drapa og deportasjonane som vart utførte.

Dvergen Jezjov var KGB-sjef (eller NKVD som det heitte på den tida) under "høgdepunktet" av utreinskingar i 1937-38. Då var det heilt ville tilstandar og drap for fote, og Jezjov sjølv vart heilt galen på slutten, før Berija overtok. Det vart utarbeida drapskvotar for dei ulike distrikta, og overivrige tenestemenn, som t.d. Khrusjtsjov, overoppfylte desse kvotane med glans.

Khrusjtsjov er ein av dei som passa på å reinvaska seg mest muleg ved å ta offentleg avstand frå Stalin i 1956, men han stod opp til "albuene i blod", som han sjølv uttrykte det. Også Berijas etterkommar (Stalin avsette Berija som NKVD-sjef etter krigen), Abakumov, var fullt på høgde med forgjengaren sin i bestialitet, men hadde nok ikkje same taktiske og intelligente evnene.

Biografien inneheld fleire overraskande opplysningar, og på grunn av det omfattande kjeldematerialet verkar det truverdig. Stalin feilrekna situasjonen under andre verdskrig (i 1941) og nekta å tru at Hitler ville gå til krig mot han. Han avfeia alle opplysningar om at tyskarane mobiliserte, og sjølv ikkje etter at angrepet var i gang, ville han tru det. Då krigen var eit faktum, vart han slått heilt ut. Han var ute av drift i eit par dagar, og då Molotov, Berija og dei andre kom for å konsultera han, trudde han at spelet var over og at dei var komne for å arrestera han! I ettertid såg dei andre at dei kunne ha kvitta seg med han der og då, men det kom for overraskande på dei.

Avslutninga på Stalins terror-regime er også interessant. Han vart ramma av slag om morgonen 1. mars og det gjekk sjølvsagt lang tid før han vart funnen fordi ingen torde å forstyrra han. Då dei endeleg fann han, torde dei ikkje gjera noko med han og heller ikkje tilkalla legar. Eit av Stalins siste forrykte oppgjer gjekk ut over legane, og særleg jødiske legar. Han sende sin eigen lege gjennom fleire tiår, i fengsel og til tortur. Det gjekk difor over eit døgn før legar vart tilkalla. Han døde 5. mars, fire og eit halv døgn etter at han fekk hjerneslaget.

Det var Berija som tok leiinga etter Stalins død, og igjen overraskande: Han la planar for ei omfattande liberalisering. Mellom anna ville han frigi Aust-Tyskland. Det vart for mykje for dei andre å tola, og etter å ha rotta seg saman, vart Berija arrestert og avretta. Khrusjtsjov tok så makta.

Berre eit lite hjartesukk til slutt: kvifor må desse biografiane vera så lange?! 710 sider er i alle fall 2-300 for mykje.

10 kommentarer:

Anonym sa...

Du får sjå positivt på det, med 787 ord i dette innlegget sit du i alle fall att med noko etter å ha lese biografien :-)

Svein Ø sa...

Ja, det blir omtrent eitt ord pr. side i biografien!

Anonym sa...

Et utmerket resymé av boken som jeg selv hadde gleden av å lese omtrent samtidig. Men med hensyn antall sider : hver eneste av dem gav meg leseglede - og det tror jeg de gav deg også, ikke sant?

- Thor

Svein Ø sa...

Du har i grunnen rett, det var veldig vanskeleg å leggja frå seg boka. Svært interessant frå start til slutt.

Anonym sa...

Jeg synes også at boken var litt i lengste laget. Montefiore skriver om løst og fast i rasende fart, om alt fra Stalins truseskift til kollektivisering.
Les gjerne Volkogonovs bøker. Han har vært en del av systemet og bøkene er frukten av tiårs kamp med materialet.

Svein Ø sa...

Eg må innrømma at Montefiore sank litt i tillit då han nyleg kom ut med ny bok om den unge Stalin. Det luktar sitronpressing..

Takk for tipset om Volkogonov.

Lars Marius Garshol sa...

Overrasket over at du er negativ til den nye biografien, Svein. Den første tok jo egentlig ikke for seg Stalins tidlige år, og det er mye interessant materiale å ta for seg der.

Ut fra det jeg har sett om boken er det mange nye detaljer, særlig om perioden fra Stalin ble medlem av kommunistpartiet til revolusjonen. Dette er en viktig periode, og tynt dekket i de andre biografiene jeg har lest.

Så jeg ser fram til boka.

Svein Ø sa...

Eg må innrømma at det var ein første reaksjon, etter at eg høyrde Montefiore intervjua i P2 om boka. Eg har absolutt ikkje noko grunnlag for å seia om boka er bra eller ikkje, først må eg evt. lesa den.

Det luktar likevel litt kommers når forfattaren vel å dela opp biografien i to bøker. Heile materialet var vel klart og med stram redigering kunne det kanskje klart seg med ei bok. Noko av innvendinga mot den første var jo at den var for lang.

Lars Marius Garshol sa...

Nå har jeg lest boka og skrevet
en anmeldelse. Dommen er litt blandet, så det kan virke som om du hadde et poeng, Svein.

Anonym sa...

Jeg har lest boken og du gir et bra resyme. Slik jeg ser det er boken i første rekke politisk. Jeg synes den i liten grad er forklarende. I den grad den ikke er demoniserende mot Stalin er den det mot de fleste andre som blir beskrevet. Kildematerialet stinker. En ting er å ha et omfattende kildemateriale med konkrete henvisninger, men når man snakker om 92 sider komprimert-kryptisk inkludert bibliografi blir det vanskelig historisk vitenskapelig å forholde seg til. Det er mange adjektiver, mye psykologi, mye ukeblad, og det hele blir en parodi når det reffereres til 10 bøker pr påstand.
Jeg har mer sans for boken hans om den unge Stalin, selv om den ikke er bedre hva formen angår.