fredag 26. januar 2007

Peter Morville in town

Peter Morville var det store trekkplasteret på Netlife sin fagdag denne veka og på Kunnskapsorganisasjon 2.0 arrangert av Høgskolen i Oslo. Netlife samla rundt 100 deltakarar på ærverdige Bristol og det vart eit godt seminar med gode innlegg og aktiv deltaking frå salen. Som Naeem i "Jul i Tøyengata" ville ha sagt det: "Daer bra, Netlife, daer bra!".

Morville er ein god foredragshaldar; tydeleg, strukturert og poengtert. Ingen store overraskingar, dei fleste hadde høyrt dette før, men det er no kjekt likevel å få det framført av ein av autoritetane på området. Og så er det jo sjølvsagt muleg å stilla spørsmål og slik bevega foredragshaldaren litt utanfor ei godt opptrakka løype.

Sjølv tok eg opp spørsmålet om modellering og kvar informasjonsarkitekturen møter systemarkitekturen - eller om dei i det heile møtest? I spørsmålet låg også observasjonane om at "perfekt" informasjonsarkitektur ikkje nødvendigvis gir eit "perfekt" resultat og at dette er lettast å sjå i søkefunksjonen. Der blir det ofte tydeleg at det ikkje ligg ein gjennomtenkt og gjennomgripande struktur i botnen av tenesta. Peter Morville svarte vel ikkje direkte på spørsmålet, kanskje spørsmålet var litt lite presist (?). Han er jo også veldig dreven med å svara på spørsmål frå salen og har utvikla ei god evne til å snakka rundt problema. Men interessante spørsmål og svar var det.

Dagen etter var det Kunnskapsorganisasjon 2.0 og eg forventa vel ikkje å høyra noko særleg nytt frå Peter Morville. Vart likevel litt overraska over at eg fekk same foredraget på nytt og ord for ord identisk med dagen før. Litt synd at det blir slike innlærte show; Morville og andre er så dyktige at dei godt kunne ta litt sjansar og improvisera bitte lite grann.

Festen hos Netlife etter fagdagen må også nemnast - veldig bra!
Alt i alt full honnør for Netlife som tek arbeidet med å arrangera ein slik fagdag - håpar det blir fleire.

1 kommentar:

Anonym sa...

Heldigvis eller dessverre var det nok bare du som fikk høre Morvilles foredrag to ganger. Det var lettvint av ham!