tirsdag 16. januar 2007

Apples iPhone

Eg skreiv i eit tidlegare innlegg at det har skjedd svært lite på brukar-grensesnitt-sida, og då meinte eg underforstått pc-ar. For anna utstyr har det skjedd meir, og Apple er eit godt eksempel på innovative brukargrensenitt. Deira nye iPhone er berre den siste i ei lang rekkje etter kvart.

Apple har no grundig bevist at dei kan design, og eg trur påstanden om at Apple har henta alt frå Xerox' forskingssenter i Palo Alto må leggjast daud for alltid. Mac'en kom meir eller mindre ferdig definert frå Palo Alto, men det er over 20 år sidan.

Med iPhone tek Apple i bruk trykkfølsom skjerm på ein ny måte, med kombinasjonar av fingerbevegelsar som kanskje kan minna litt om muse-bevegelsar (mouse gestures). Trykkfølsomme skjermar har ikkje vore nokon stor suksess på mobiltlf., men Apple kan ha funne løysinga på dette.

PC Magazine skryter uhemma av telefonen etter ein kort prøve, men legg til heilt på slutten: "The sound quality was poor". Altså; telefonen du kan gjera nesten alt med, bortsett frå å føra ein normal telefonsamtale! Her kan vel dei andre mobil-leverandørane berre seiar "Velkommen etter".

Ingen kommentarer: