torsdag 4. januar 2007

Den kinesiske brannmuren

The Great Firewall of China er dessverre eit tema som passar godt som oppfølging til forrige blogginnslag. Tora Benestad, jounalist-student ved Universitetet i Bergen, har ei interessant ytring om temaet på nettpubliksjonen Vox Publica.

Søkemotorane Yahoo!, Microsoft med MSN China og Google kjem alle i eit dårleg lys når det gjeld tenester i Kina og sensur. Google er minst dårleg av dei tre, men heller ikkje dei står mot presset når den økonomiske freistinga blir stor nok.

Wikipedia er av dei få som har grunn til å halda hovudet høgt. Dei lanserte tenesta på kinesisk, men bøygde ikkje av for kravet om sensur og går slik føre på ein god måte.

Torbjørn Færøvik, som kjenner Kina godt etter mange besøk, meiner på si side at det er betre søkemotorane er i Kina med noko sensur, enn at dei ikkje er der i det heile. Han ser på det som eit val mellom to onde. Men angiveri som Yahoo! beviseleg har gjort, er uansett forkasteleg. Den uheldige utpeikte fekk 10 års fengsel. Det minner i sanning om Stalins vanvidd.

Ingen kommentarer: