mandag 15. januar 2007

The World Is Flat

Boka The World Is Flat av Thomas L. Friedman omtala eg i fleire innlegg for eit års tid sidan. Eg fann boka interessant, men hadde også enkelte innvendingar. Boka har fått fornya interesse sidan NHO lånte tittelen til den årlege konferansen no i januar. Temaet var då også globalisering.

På same tid har Dagens Næringsliv ved Bjørn Gabrielsen ein omtale av boka. Og Gabrielsen legg ikkje noko i mellom; han hentar storsleggja og formeleg grisebankar boka. Sjølv om eg som sagt likte boka, ser eg med ein gong Gabrielsens innvendingar og kan stort sett vera einig i dei.

Det er likevel meir enn påfallande at dette kjem frå Dagens Næringsliv - eit organ som i alle fall eg har oppfatta som å vera mellom globaliseringa og frihandelens fremste forkjemparar!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Matt Taibbis omtale av boka er ganske morsom.

Svein Ølnes sa...

Veldig bra!
Har ein mistanke om at Bjørn Gabrielsen i DN også har lese denne..

Lars Marius Garshol sa...

Veldig glad for å se at Friedman endelig får det han fortjener. Jeg leste op-ed-spalten hans i New York Times en stund før jeg ga opp i ren frustrasjon. Han fremsto som uvitende om verden utenfor USA, naiv og overforenklende.

Av den grunn har jeg aldri vurdert å lese boka hans. Med anmeldelsen din (for lenge siden) synes jeg vel egentlig jeg har fått vite alt jeg trenger å vite om boka. :)