onsdag 10. januar 2007

Posten skal fram

Dagens positive overrasking tikka inn på SMS: "Pakke har kommet. Du kan hente den på postkontor SOGNDAL. Hentenr. 370702..........".

Ein kan kanskje seia at det skulle berre mangla, men eg tykkjer det er bra at Posten hengjer med og tilbyr brukarane nye elektroniske tenester.

4 kommentarer:

Anonym sa...

For omlag eitt år sidan mottok eg ei tilsvarande melding frå Posten Norge om at eg kunne hente pakken min på postkontert i Sogndal.

Etter å ha venta meg fram til skranken la eg nøgd og glad fram mobiltelefonen med tekstmeldinga oppe på skjermen og oppforstørra skrift så det skulle vere lett å lese. Ho som stod i kassen vart imidlertid vill i blikket og ein kunne tydeleg sjå at dei mørke tankane seig på.

Med eit tonefall som indikerte at kunden hadde alt anna enn rett, uttrykte ho at det var mitt ansvar å SKRIVE UT SMS-meldinga; det var nemleg ikkje hennar oppgåve å lese SMS-meldingar frå skjermar! Så det så!

Så mykje for Posten. Vonar du hadde ei betre oppleving når du henta pakken din!

Svein Ø sa...

He-he, det var godt å høyra! Det var nesten for godt til å vera sant om det faktisk skulle fungert slik eg trudde (pakken min låg alt heime på kjøkenbenken, så eg fekk ikkje testa siste del av brukar-opplevinga).

Anonym sa...

Det er berre gamle hurper att på posten i Sogndal. Eg skjønar heilt klart kven av dei du har vore borti trur eg.
Styr unna posten. Den bedrifta er sjuk.Særleg i Sogn og Fjordane.

Hjelper lite om vi kjenner nokre greie folk som jobbar der. Dei vert fort ein del av ein fullstendig pilroten organisasjon. Håpar posten døyr snart så vi vert kvitt han for godt.

Anonym sa...

Er det ikkje litt påfallande at vi berre får aviseene i postkassa om laurdagane og ikkje breva som vi ventar på ?

Tenkjer nok dei let breva og resten av posten ligge att til mandag ja, for dei kan jo ikkje ha for mange på jobb på ein laurdag. Det kan umogeleg vere lov.

Dyre avisbod spør du meg...