søndag 14. januar 2007

Berlin

Med "Berlin - Nederlaget 1945" har eg gjort meg ferdig med krigshistorie for ei stund. Saman med Stalin-biografien har eg fått nok bestialitet på lange stunder.

Eg las "Berlin"-boka av Antony Beevor saman med Stalin-biografien og dei har interessante skjeringspunkt sidan dei fell saman i tid og hending med slaget om Berlin. Eg antyda i omtalen av Stalin-biografien at Beevor har ei litt for klar oppfatning i starten av kven som er den eigentlege skurken - det er den raude hæren og kommunismen. Tyskarane var grusomme, ingen tvil, men det blir likevel ingen ting mot barbarane frå aust. Dette gjennomsyrer etter mitt syn boka og reduserer kvaliteten på den, i alle fall for min del.

Men boka er grundig dokumentert, som Stalin-biografien, så dei omtalte hendingane er nok reelle. Det er likevel interessant å sjå Beevor beskriva same hendinga som Montefiore: Etter krigen vart Stalin utnemnd til generalissimus (den fremste blant dei fremste) og ein spesiell medalje vart laga til han i det høve. Beevor nøyer seg med å konstatera dette som bevis for Stalins forfengelegheit og sjølvsagt også den avsindige persondyrkinga.

Montefiore har ei heilt anna og meir truverdig framstilling av saka: Stalin vart rett nok utnemnd som generalissimus, sjølv om han protesterte (men den protesten var nok ikkje ekte). Han godtok til slutt utnemninga, men avviste bryskt uniforma som var spesialsydd til tittelen. Han kalla den ei påfugldrakt! Medaljen som var spesiallaga nekta han også å ta i mot. Montefiore fortel om komiske situasjonar der den eine etter den andre av Stalins magnatar prøver å overtala han til å ta i mot medaljen og til og med prøver fysisk å festa den på han! Men Stalin nekta blankt.

I tillegg til dei to bøkene såg eg også filmen "Der Untergang" og det var tydeleg at filmen og Beevor si bok har brukt dei same kjeldene; det var lett å kjenna att situasjonane.

Antony Beevor vart vel elles mest kjend for verket "Stalingrad" der han skildra sjølve vendepunktet i andre verdskrig. Men den får venta ei god stund no...

1 kommentar:

Anonym sa...

Jeg har selv lest Beevor med stor interesse men synes Niclas Sennerteg's "Stalins hevn" om den røde arme i Tyskland '44-45 er hakket bedre. Ikke mindre grusom å lese men jeg synes den kaster mer lys på situasjonen enn bare å svartmale russerne som barbarer hvilket jeg er litt enig i at Beevor fokuserer mye på.