
Sjølv med 226 sider til disposisjon kjem ikkje Chris Anderson noko nærmare ei forklaring og oppdeling av den lange halen. Som Lou Rosenfeld så rett spør: Kva med torso'en, kor stor er den? Og kvar startar eigentleg halen? Les heller hans fabuleringar.
Det er derimot interessant å sjå den nye måten å skriva bok på, som CA er ein av eksponentane for (John Battelle med The Search er ein annan). Han startar med ein ide som etter kvart blir forma til ein artikkel. Artikkelen får stor merksemd og han opprettar ein blogg med same namn (thelongtail.com). Bloggen blir brukt til å massera ideen vidare og som ei viktig kjelde for boka han skriv parallelt.
2 kommentarer:
Skjønner ikke at du trenger ei bok for å forklare den lange halen enkelt - bortsett fra at Anderson selvsagt liker å tjene noen dollars ekstra... Takke meg til din kortfattede forklaring fra i fjor!
Takk.
Trur nok det ligg i det med dollars; amerikanarane er rå når det kjem til dette.
Legg inn en kommentar