onsdag 18. mai 2011

Arrogant Skatteetat II


Skatteetaten gir seg ikkje. Nytt brev i dag, denne gangen i ei anna sak om eit manglande kontonummer. Saka gjeld i korte trekk skifte av kontonummer i eit selskap eg er kasserar for. Endring av kontonummer skal meldast Skatteetaten (det var nytt for meg), og eg fekk brev frå etaten 29.04 om at nytt kontonummer måtte sendast dei.

Eg sende det nye kontonummeret pr. brev like etter, men det har tydelegvis ikkje Skatteetaten oppdaga. Det er ein stor etat må vita, og omorganisert seg har dei også for å bli meir effektive (til kva??), så det er ikkje rart dei ikkje klarer å halda oversikt over kommunikasjonen med brukarane.

I dag fekk eg altså nytt brev om manglande kontonummer, med mellom anna følgjande ordlyd:
... Vi manglar opplysningar om verksemda sitt bankkontonummer og ber difor om, for 3. gong at de sender inn denne informasjonen...
For det første er det ikkje tredje gongen eg blir beden om å senda inn kontonummeret, men andre gongen. For det andre er nytt kontonummer alt sendt inn, tydelegvis utan at dei har registrert det. Det er vel ulike avdelingar som handterer dette..

Som i forrige sak saknar eg ei meir audmjuk haldning og ei opning for at også etaten kan ha gjort feil. Det er vanleg elles i næringslivet og samhandling med offentleg sektor at ein opnar for at meldingar/innbetalingar kan ha funne stad etter at første påminning er gitt.

tirsdag 17. mai 2011

Skatt Verst?


Eg har fått brev frå Skatt Vest om omsetningsoppgåva for 2010 og utrekna avgift. Omsetningsoppgåva er ein oversikt over meirverdiavgift inn og meirverdiavgift ut, og oppsummert om ein har til gode eller er skuldig avgift. For jordbruket er det ei årleg rapportering og fristen er 10. april i påfølgjande år.

Eg leverte omsetningsoppgåva for 2010 på papirskjema fordi Buypass-kortet mitt var utgått då eg skulle rapportera, og skjemaet vart levert innan fristen og på originalskjema som kravet tilseier. Nokre veker etter fekk eg svar frå Skatt Vest om at oppgåva ikkje kunne lesast maskinelt og at det kunne vera fleire grunnar til det. I mellomtida hadde eg fått nytt Buypass-kort og sende omsetningsoppgåva inn på nytt via Altinn.

Så får eg brevet frå Skatt Vest med utrekna avgift for 2010, og der skriv dei:

Omsetningsoppgaven deres ble mottatt etter fristen for innlevering. Fristen var i dette tilfellet 11.04.2011. Når omsetningsoppgaven ikke er kommet inn i rett tid eller ikke er utfylt på riktig måte, kan avgiften økes uten varsel med inntil tre prosent (min. 250 kroner, maks. 5000 kroner) etter merverdiavgiftsloven § 21-2. Denne gangen har vi ikke økt avgiften, men det kan bli aktuelt dersom dette gjentar seg.
Hallo? Eg leverte oppgåva innan fristen så ikkje kom her med den tonen takk!

Det slår meg at Skatteetaten kan gjera ein god del med standardbreva sine, ikkje minst jekka ned tonen og og gjera den litt meir audmjuk for at feil også kan førekomma på deira side. Men nei då, Staten gjer aldri feil må vita.

I tillegg er brevet skrive på bokmål, og eg har vel krav på å få svar på mi eiga målform sidan det er ein offentleg etat som svarer?

fredag 13. mai 2011

Statoil og oljesand


Det er generalforsamling i Statoil 19. mai og som dobbelteigar i selskapet (gjennom Staten sine 67 % og gjennom eigne aksjar) støttar eg forslaget om at selskapet snarast avviklar oljesandprosjektet sitt i Canada. Det er svært dårleg reklame for Norge. Sidan eg ikkje møter på generalforsamlinga sjølv, har eg gitt Greenpeace fullmakt til å stemma for meg. Greenpeace har ein kampanje der dei samlar fullmakter for å stemma for forslaget om å trekkja seg ut av oljesand-prosjektet.

I Stavanger vil også "Besteforeldre mot oljesand" vera på plass for å demonstrera. For ein  månads tid sidan rykte dei inn ein heilsides annonse i Edmonton Journal, den største avisa i delstaten Alberta der oljesand-utvinninga føregår. I annonsen beklaga dei på vegne av bekymra besteforeldre i Norge, at den norske staten er involvert i det miljø- og klimamessig svært tvilsame prosjektet.

Dette er litt utanfor tema eg vanlegvis skriv om, men eg kommenterte også samanslåinga av Statoil og Hydro i 2006, ei samanslåing eg meinte var uheldig. Det store problemet med Statoil er at dei er involverte i tvilsame prosjekt (som oljesand i Canada, gass-skifer i USA) og i land med tvilsame regime (Angola, Nigeria, Irak, Aserbadsjan ..). Eg forstår ikkje at dette skal vera ei oppgåve for den norske staten. Viss Statoil var eit privat selskap ville det vera heilt ok, då vart det eit forhold mellom selskapet og dei lokale styresmaktene. Saka stiller seg annleis når det er nasjonale interesser bak.

Generalforsamlinga kan også følgjast via webcast.

tirsdag 3. mai 2011

Feilmeldingar med eit smil

Buypass har som tidlegare nemnt elendige feilmeldingar, og er ikkje åleine om det. Men om det er vanskeleg å gi presise feilmeldingar, er humor eit bra alternativ.

Framfor alt har web 2.0-bølgja gitt oss meir avslappa haldningar til feil gjennom tidlege lanseringar (beta-lanseringar har vore ein farsott som eg håpar snart er på retur) og eit anna syn på feil og feilmeldingar. Den avslappa stilen er ofte kommunisert med humor, og det fungerer. Det er ganske avvæpnande når avsendaren viser både sjølvironi og humor. Her er først eit eksempel frå Twitter-klienten Seesmic:


Og Firefox har skjønt at det hjelper å leggja seg flate:

onsdag 13. april 2011

Elendige feilmeldingar


Feilmeldingar kan vera ei kjelde til opplysning og innsikt, men er dessverre ofte kodar for spesielt interesserte (les: utviklarar).

Eg fekk følgjande feilmelding då eg skulle logga inn på Altinn med Buypass-kortet mitt:

"Feilreferanse 31675
Ved kontakt med Kundeservice, oppgi hendelse 309620-228 sammen med feilreferansen."

Ja? Ikkje direkte opplysande for brukaren, som må kontakta brukarstøtte for å dekoda meldinga. Feilmeldinga viser seg å vera "Ditt spillerkort er utløpt. Et smartkort lever i 3 år, så må de byttes ut."

Tenk om feilmeldinga hadde sagt akkurat det, og gjerne vist til nettsida på buypass.no der det står kva du må gjera for å få nytt kort? Det hadde spart Buypass og andre for mange brukarspørsmål.

Så enkelt, men likevel så vanskeleg

lørdag 2. april 2011

Altinn - ingenting ut!


Problema med Altinn forrige veke er alvorleg. Altinn er prestisjesatsinga innan e-forvaltning, og det er brukt store summar for å etablera rapporteringsportalen. Likevel skjer det same kvar gong trafikken blir stor - den taklar ikkje presset. Dersom dette var ei enkeltståande hending, ville det vore tilgjeveleg. Men når det skjer gang etter gang, må det snart få følgjer.

Samla over ein milliard
Kontraktar for Altinn II vart tildelte Accenture (programvare) og Basefarm (drift) i 2008 og hadde ein verdi på mellom 550 og 700 mill. kr. Berre i 2009 vart det brukt 208 mill. kr til vidareutvikling av Altinn.

Maskin- eller programvarefeil?
Om det er maskinvare eller programvare som feilar, ser ikkje ut til å vera klarlagt, og eg tippar aktørane prøver å skyva problema over på kvarandre. Mykje talar likevel for at det er programvara (Accenture) som ikkje held mål.

For dårleg kompetanse hjå Br.reg?
Eg er redd eit av problema med Altinn er for dårleg kompetanse hjå den ansvarlege etaten, Brønnøysund-registera. Då blir det fort problem med kravspesifikasjon og oppfølging av arbeidet til konsulentfirma som blir valt.

Opne standardar?
Oppgraderinga til Altinn II har også teke lenger tid enn planlagt, og framleis heng det att gamle modular. Det er ganske utruleg at Accenture fekk lov å utvikla første versjon av Altinn i eit proprietært format (Adobe Forms), og det har teke tid å få systemet over på meir standardisert plattform. Akkurat kor opne standardar som blir nytta, er uklart for meg.

Innloggings-forvirring
Sjølv om eg leverer sjølvmelding for næringsdrivande, fekk eg lyst til å logga inn gjennom Skatteetaten sine sider då eg las om problema. Her møtte eg eit anna problem: Tilsynelatande ikkje muleg å logga inn med Buypass-kort. Frå Skatteetaten si tydelege lenke, blir du sendt til MinID. Der står det ikkje eit ord om at du kan bruka Buypass for å logga inn. Betyr det at det ikkje er muleg? Det blir uansett heilt feil, har du først Buypass-kort må du sjølvsagt kunna bruka det. Det er trass alt den sikraste innloggingsmetoden.

Uavhengig gransking!
Fadesen med Altinn må granskast av uavhengige ekspertar. Når det blir brukt over ein milliard på eit it-system som dette, er det minste me må kunna forventa at det fungerer når det gjeld som mest. Ei intern gransking held ikkje her.

mandag 21. mars 2011

Innsirkling 2


Etter den store leseopplevinga med Carl Frode Tiller si bok "Innsirkling" måtte eg sjølvsagt lesa fortsetjinga "Innsirkling 2". Den siste boka følgjer same oppskrift som den første. Tre nye personar skriv brev til David om minna frå ungdomstida. David har som kjent mista hukommelsen, som det står i ein notis i avisa.

Tiller har funne ein god formel, og det fungerer godt også i bok nr. 2, faktisk endå betre enn i den første. Eg tykkjer dei tre historiane er sterkare og meir truverdige enn dei første. Personane er jamt over meir interessante og overtydande enn i første boka. I den første boka tykte eg Jon sin historie var veldig sterk, medan presten Arvid og venninna Silje sine historiar ikkje var like overtydande.

Som i den første boka, verkar den første historien (Ole), sterkast. Det kan vera at sidan dei andre historiane følgjer same mal og dramaturgi slik at ein veit korleis det kjem til å utvikla seg. Men i tillegg er både Jon og Ole sine historiar sterke. Dei to andre personane i den siste boka er også sterke, og den siste er i motsetnad til alle andre ikkje frå ein av David sine venner, men frå mora til David si venninne. Det er eit vellykka grep. Totalt sett kjem personen David tydelegare fram i denne boka enn i den første.

Men avslutninga av boka står ikkje i stil med resten. Den blir rett og slett for dårleg, og eit antiklimaks. Trass i det er boka vel verdt å lesa.

lørdag 19. mars 2011

The Wire - igjen


.. og der var siste episode av sesong 5 ferdig og dermed heile The Wire-produksjonen. Det betyr 60 episodar a ca. 1 time, altså 60 timar. Det er ganske drøyt, nesten så eg kvir meg for å innrømma det. Med ein periode på 2 og 1/2 månad er det opp mot ein time for dagen - jeez.. Trøsta får vera at eg nesten ikkje har sett på tv utanom serien.

Veldig bra serie
Serien har vorte betre og betre og total inntrykket er veldig bra, endå betre enn den første omtalen eg ga etter dei to første sesongane. Samanlikninga med Sopranos er vanskeleg og kanskje urettferdig, men eg har endra synet litt her. På mange måtar overgår serien Sopranos, sjølv om den på andre område også er svakare.

Sosial bodskap
Etter å ha sett heile serien, blir David Simons sosiale bodskap stadig tydelegare. Utgangspunktet er dei kriminelle narko-miljøa, og politiet sin kamp mot desse. Men serien går også bak gate-gutane og ser på årsakene til at det går så gale med så mange. I fjerde sesong får skulesystemet stor plass, og i femte og siste sesong blir søkjelyset sett på dei mange heimlause. Her er også ein avisredaksjon sentral, og på dette området er Simon på heimebane, som tidlegare kriminalreportar.

Politisk maktkamp og korrupsjon
Det politiske systemet, med borgarmeistar og byråd i spissen, får stor plass. Dei er i tett dialog med politiet, og det er eit utruleg spel heile vegen. Kynismen er total og maktspelet rått - det handlar berre om å skaffa seg nok stemmer til neste val og til neste posisjon i hierarkiet. Eg er redd mykje av dette stemmer også i det verkelege USA, og også andre stader.

Ingen happy ending
Serien er ultra-realistisk også med tanke på at dei store fiskane slepp unna. Også korrupte politikarar med narko-pengar på samvitet, slepp unna. Og heltane i serien, framfor alt McNulty og Freamon, blir avskilta og sette på plass i systemet. Det er ganske desillusjonistisk, men bidreg til auka truverde.

Det er særleg koplinga mellom narko-miljø og politikarar og andre høgtståande personar som viser seg umuleg å forfølgja. Som etterforskar Lester Freamon formulerer det: "If you follow the drugs, you end up with narko criminals. If you follow the money, you don't know where you will end up."

Eg er ikkje åleine om å setja pris på serien. På IMDB får serien 9,7 av 10 oppnåelege poeng! frå nesten 32 000 stk. Det er smått utruleg. Til samanlikning får Sopranos 9,4 (frå 38 000).

Av mange gode enkelt-scenar er favorittane mine desse:
  1. Stringer Bell blir drepen
  2. Omar Little i vitneboksen
  3. Avsløring av forbrytar med "løgndetektor"
Ei bittelita ripe i lakken er scena der Omar Little blir skoten. Omar er "den gode" skurken som stel frå narkobandane og terroriserer dei. Han slepp såvidt unna ei felle og må kasta seg ut av ei vindauga i tredje etasje, og resultatet er ein knust fot. Han humpar seinare rundt med ei krykke, men i sekundane før han blir teken av dage (av ein ung gut), går han heilt vanleg, utan antydning til halting. 

Det er vel nesten det einaste negative eg har å seia om serien. Kanskje bortsett frå at opplegget frå etterforskarane McNulty og Freamon i sesong 5 er litt "over the top" - eller litt overdrive, som far min ville ha sagt.

Forslag til ny serie?
Eg kjem til å sakna serien, og er som tidlegare nemnt open for nye forslag. Men eg har gitt meg sjølv beskjed om å venta til jul.. Har forresten sett at David Simon er i gang med ein ny serie basert på New Orleans etter Katarina-katastrofen.

mandag 14. mars 2011

Trippel-tragedie og matsikkerheit


Jordskjelvet i Japan har ført til øydeleggingar og lidingar som er vanskelege å fatta. Sjeldan har ordtaket "ei ulykke kjem sjeldan åleine" vore så treffande: Først jordskjelv, så tsunami, og som om ikkje det var nok; ein overhengjande fare for ei alvorleg atomulykke.

Det er den siste trusselen som kanskje er den verste. Eit alvorleg utslepp ved eitt eller fleire av atomanlegga i katastrofeområdet, vil kunna få dramatiske følgjer for Japan og også for omliggjande land.

Tsjernobyl nesten gløymt
Det er under 25 år sidan Tsjernobyl-ulykka (26. april 1986) og likevel er det lenge sidan samfunnet gløymde dei alvorleg truslane atomkraft representerer. Sjølv om det ikkje skulle gå så gale som ein fryktar i Japan, er to slike hendingar på under 25 år (og legg til fleire andre alvorlege hendingar ved atomkraft-anlegg i perioden) ein klar bodskap om faren som heng over oss.

Landbruksmeldinga
I løpet av året legg Landbruks- og matdepartementet ei landbruksmelding for Stortinget. Den skal staka ut kursen for landbruket dei neste ti åra, og kanskje lenger (bør absolutt ha lenger horisont enn det). Denne meldinga bør ta opp truslane eg nettopp har skildra og setja søkjelyset på matvaresikkerheit.

Det hjelper lite med mykje "pæeng på bok" om det ikkje er mat å få kjøpt. Situasjonen i Japan viser kor utruleg fort alvorlege situasjonar oppstår og kor viktig det dermed er å vera trygg på eiga matforsyning. Det er sjølvsagt ingen total-garanti, for tilsvarande ulykker kan også oppstå nær Norge, men å sjå bort frå ein større forsyningsgrad av mat meiner eg er direkte uansvarleg.

NOU om sårbarheit i 2000
Kåre Willoch leia arbeidet med "Et sårbart samfunn - Utfordringer for sikkerhets- og beredskapsarbeidet i samfunnet", NOU 2000:24. NOU-en begynner med desse orda:
Det er sannsynlig at noe usannsynlig vil skje (Aristoteles, 384–322 f.Kr.).
Forslaga i utgreiinga har fått mange følgjer, men dei har i hovudsak vore innretta mot meir tilsyn, kontroll og koordinering. Overraskande lite vart presentert som førebyggjande tiltak, og utvalet presiserte sjølve i kapitlet om mat at dei la vekt på matvaretryggleik i forståinga trygg mat, i motsetnad til matvaresikkerheit forstått som sikker forsyning. Denne avgrensinga verkar noko merkeleg.

På tide å diskutera matsikkerheit!
I den nye landbruksmeldinga bør matvaresikkerheit adresserast, og dei seinaste hendingane bør få utvalet til å ta dette med det største alvor. Som det vart uttrykt i NOU-en frå 2000:
Litt paradoksalt kan man si at en viktig side av arbeidet med sikkerhet og beredskap er å bli mer «etterpåkloke på forhånd.»

fredag 4. mars 2011

Open e-post til Høgre si stortingsgruppe


Høgre skal snart ta stilling til Datalagrings-direktivet (DLD) og dei sit med nøkkelen. Eg har sendt følgjande epost til stortingsgruppa, det bør fleire gjera:

Avgjerda om Datalagringsdirektivet (DLD) nærmar seg og eg set mi lit til Høgre. Ikkje fordi det er mitt parti, men fordi eg alltid har oppfatta Høgre som ein garantist for personvernet og individet sin grunnleggjande rett til eit privatliv utan overvaking. No har de sjansen til å visa at partiet framleis er å stola på i slike saker.
Eit ja til DLD vil innebera eit paradigme-skifte (ja, i dette tilfellet er det rett å bruka Thomas Kuhns paradigme-begrep) ved at heile folket i utgangspunktet blir mistenkeleg-gjort og overvaka.
Hendingane i Midt-Austen og Nord-Afrika dei siste månadane bør verkeleg få oss til å tenkja oss om når det gjeld overvaking!
Med helsing
Svein Ølnes, Sogndal

tirsdag 1. mars 2011

Brevet


Kirsti Coward, jurist og tidlegare dommar i Høgste-rett, har skrive blogg-innlegg på Klarspråk-bloggen med tittelen "Savnet av brevet". Det er interessante, og litt vemodige, refleksjonar over ei tid og eit fenomen som snart er borte.

Eg kom til å tenkja på eit brev eg fann frå bestefar min. Han skreiv til syskenbarnet sitt i Amerika, og brevet kom tilbake i samband med eit dødsbu. Brevet er skrive i 1948 og gir eit interessant bilete av tida rett etter siste verdskrigen. Legg også merke til den flotte i-formi som den nye nynorsk-norma vil ha bort.

Kjære syskinbarn!
Takk for brevet som eg fekk i sumar. Eg vart svert glad og få høyra ifrå slekti mi i frå Amerika. Det vart so lenge for eg kunde skriva att, for eg laut venta so lenge på bileti. Sogndalsboki er utseld, men skulde det koma att fleire av det slaget skal eg senda deg ei.

Me hadde det godt med mat under krigen, me som hadde gard, me måtte hjelpa byfolki for dei svalt. So var det på bytehandel med klæ, for det var svert vanskeleg, det var og byta atti kjøt og smør, so me hjelpte kvarandre det beste me kunde. 
Tyskarane øydelagde ikkje noko i Sogndal, men me hev no ein hard paakjenning av krigen, ein verte mest øylagd av dei store skattar.

Eg fora på garden min ein 7-8 kyr, 1 hest og ein 25 sauer og so griser og høns. Eg hev no havt garden i 25 år. Det er 21 år sidan eg gifte meg. Kona mi er frå Fimreite og heiter Sunniva. Eg hev tre gjenter den eldste heiter Aashild og er 20 år. Ho er på ein stor foretning i Bergen, ho er forlova. Den andre er 17 år og heiter Gunvor. Ho er på eit kontor på ein fabrik her i Sogndal. Den tridje heiter Astrid og er 12 år. Bror min er gift til ein liten gard ca. 2 mil herifrå, han hev 2 gjenter. 

Eg sende ei par bilete av gjentungarne mine. På det eine er dei alle 3 og det andre dei 2 elsta. So sende eg bilete av heimen min, og so eit so du ser heila Barsnes. Eg set ein x over der som husi mine står.

Du får hava takk for pengane som du sende. Hopar du forstår det eg skriv, for eg skriv på nynorsk og det som du skriv det kallar me riksmål. Hev du ikkje tenkt deg ein Norgestur, du er velkomi vel du koma. Norge er vorte eit turistland her er ein masse utlendingar um sumaren, og dei lika seg godt her.

Bilete av besteforeldri mine hev eg ikkje. Den hagen du ser rundt husi er hagen som bestefar hev planta, so mor di hev sikkert mange gonger plukka frukt av desse trei.

Me er alle friske og hev det godt, men det er mange ting her er lite av. Det er iser 3 ting det er lite av og det er sukker, kaffi og bumbulstøy, so dei tingi er ikkje betre med no eller under krigen. 
Eg lika og høyra ifrå deg att um bileti er komne vel fram. So er du hjarteleg helsa ifrå oss alle i huset.


Helsing
Skak Barsnes, Sogndal i Sogn, Norge.

tirsdag 15. februar 2011

Google for fall?


Google er suverene på søk, men stadig fleire uheldige eksempel på lureri (spam) skadar søkegiganten. Dersom det ikkje hadde vore så stor avstand til konkurrentane, kunne dette vore tids¬punktet der kongen vart kasta.

Eventyret Google
Historia om Google er som henta frå eventyret, det amerikanske sjølvsagt. To studentar som startar ein søkemotor frå hybelen, som del av ein master og seinare PhD. John Battelle har skrive om dette i den fascinerande ”The Search – How Google and its Rivals Rewrote the Rules of Business and Transformed Our Culture”.

Google ope eller lukka?
Mange ser på Google som det opne alternativet, og samanlikna med t.d. Apple har det mykje for seg. Men ein må ikkje la seg lura, for kjerneverksemda søk har Google alltid vore lukka. Algoritmar har vore leiestjerna for Larry Page og Sergey Brin. Eg har tidlegare fortalt om konferansen Search Engine Meeting i Boston i 2000 der alle dei viktigaste søkemotorane var representerte, også Google. Larry Page var den gangen outsideren på veg opp. Han hadde eitt svar på alle utfordringar (om søkemotorane kunne klara å indeksera heile weben, korleis unngå at spam øydela søk osv.): Betre algoritmar.

Svaret er betre algoritmar
Google er då også gjennomsyra av denne tankegangen; alt kan løysast med betre algoritmar. Nokre ganger får det komiske resultat, som blemma med Buzz der dei smarte algoritmane viste seg å provosera brukarane kraftig, og tok i praksis livet av Twitter-konkurrenten.

God PR og dårleg PR
Mykje av Googles suksess byggjer på systemet PageRank. Det er grunnlaget for PhD-arbeidet til Larry Page og Sergey Brin, og går i korte trekk ut på å rangera nettsider etter kor mange og kor gode (autoritetsmessig) lenker dei har til seg. Systemet er ikkje noko Page & Brin har funne på sjølve, dei tok utgangspunkt i Eugene Garfields citation analysis, ein metode han utvikla ved University of Pennsylvania i 1950-åra. PageRank er elles patentert av Stanford University og det betyr at kvar gang du og eg søkjer på Google, tikkar det inn nokre cent til dei. Til saman blir det ein ganske hyggeleg  årleg sum.

Men PageRank kan også lurast ved å etablera såkalla lenkefarmar (link farms). Tusenvis av nettstader blir brukte til å lenka til kunden sin nettstad, og for spesifiserte søkeord. Det er mellom anna dette som er avslørt i saka om J. C. Penney, omtalt litt lenger nede.

Akkurat no betyr PR dårleg PR for Google.

Avstand mellom teori og praksis
Google sin offisielle politikk har heile tida vore å slå hardt ned på forsøk på lureri. Men praksis har vore ein annan. Det har heile tida vore muleg å lura Google, og spam har vorte eit større og større problem. Avstanden mellom politikk og praksis er farleg, og det er den som gjer Google sårbar.

Organisk kontra ”black hat”
Den eksplosive veksten i firma som tilbyr søkemotor-optimalisering, har fått fram mange firma som har lureri som forretningside. Eit SEO-firma (Search Engine Optimization) har i hovudsak to måtar å arbeida på: organisk og ”black hat”. Det første alternativet inneber å følgja reglane (skrivne og uskrivne) og ha brukaren brukaropplevinga som rettesnor. Det andre alternativet har topp-plassering i Google-søk som einaste mål, og alle teknikkar er tillatne.

Det er her snakk om det som blir kalla organiske søk, altså søk der søkemotoren står for alt arbeid og der det ikkje er betalt for plassering. Betalte resultat skal tydeleg merkast, og i Google vil dei enten vera i starten av resultatlista, eller typisk i høgremargen.

Den siste ærlege SEO
Jill Whalen har arbeidd med søkemotor-optimalisering i meir enn 10 år, og har gjennom nyheitsbrevet High Rankings Advisor spreidd kunnskap om organisk SEO og stimulert til diskusjon. Når ein så profilert SEO-ekspert er i ferd med å gi opp, bør varsellampene blinka kraftig hos Google. I eit kraftig oppgjer med Google, ”Dear Google... Stop Making Me Look Like a Fool!”, set ho ord på frustrasjonen mange har:

Dear Google,
I'm tired of you making me look like a fool.
I've spent a good portion of the last 10 years patiently explaining to business owners and budding SEO enthusiasts that the key to being found in Google is to have one, great, all-encompassing website. That throwing up multiple keyword-rich domain doorway sites is a fool's errand. That writing crappy articles and submitting them to networks full of other crappy articles is a waste of time and bandwidth. That keyword-stuffed gibberish on your website just makes it look stupid. That link farms are spammy.
And I really thought that by 2010 all of the above would be 100% true. And yet they're not. I'm not sure if they're even 50% true.

Google i meir trøbbel
I New York Times-artikkelen “The Dirty Little Secrets of Search” blir eit av dei mange vellykka forsøka på å lura Google avkledd. Firmaet J. C. Penney har ved hjelp av eit SEO-firma klart å komma på topp for mange søkeord innan manufaktur (kle, interiør). Sjølv om firmaet er stort, er det likevel merkeleg at dei skal kunna slå kjende merke¬varenamn som Macy’s, WalMart, Home Depot og Sears m.fl. på standard søkeord. Korleis kunne det vera muleg?

New York Times henta eksperthjelp frå Blue Fountain Media og såg nærmare på J. C. Penneys nettsider. Det dei fann, var ikkje pent. Det var velkjende triks frå ”black hat”-verda, triks som Google offisielt seier vil føra til utelukking, men som i praksis er veldig mykje brukte og som gir resultat. Det er nettopp det ærlege ekspertar som Jill Whalen blir frustrerte over.

Dette er farleg for Google. Dersom dei hadde hatt sterkare konkurrentar, kunne det gått skikkeleg ille. Men Microsofts Bing, som er den einaste reelle konkurrenten, er plaga av dei same problema som Google. Men som nummer to langt bak, får dei mykje mindre merksemd.

Now’s the time
Kan nokon ta opp konkurransen med Google? Ja, eg trur det. Eg har tru på at eit skikkeleg open source-initiativ der ein starta med eit godt produkt (Lucene?) og tok i bruk grid-teknologi gjennom bruk av all ledig datakapasitet rundt om på nettet, kunne ha ein sjanse. Det ville i så fall vera ein open søkemotor der algoritmane var kjende, og der brukarinvolvering ville vore med og forma resultatet (stemma opp/ned søkeresultat, luka ut kjeltringar osv.). Jimmy Wales hadde ein liknande ide som oppfølgjar til Wikipedia. Dessverre ser det ut som han har gitt opp. Er det andre som vågar å utfordra Goliat?

søndag 13. februar 2011

Revolusjon 2.0


Diskusjonen har gått høgt om sosiale media sin rolle i revolusjonane i Tunisia og Egypt. Eg har skrive eit blogginnlegg på Vestforsk-bloggen om diskusjonen.

Det verkar som stadig fleire meiner at sosiale media faktisk har vore veldig viktig i mobiliseringa. Det er heller ikkje så rart. Akkurat her trur eg den godaste Malcolm Gladwell har dumma seg litt ut..

Både Dagens Næringsliv og Dagsrevyen har hatt omfattande dekning av sosiale medias betydning i dagens utgåver. Det er særleg Facebook og Twitter som blir nemnde, men bloggar har spelt ei svært viktig rolle i tida fram til opprøret starta.

Fleire har spådd bloggen sin død, særleg etter lynmedium som FB og Twitter. Men eg har stor tru på bloggen. FB og Twitter har etter mi meining særleg viktig for ei utvikling der den vanlege "dagbok-bloggen" har vorte kraftig redusert, kanskje med eit unnatak av "rosa-"bloggar. Resultatet er at dei korte oppdateringane, som jo var weblog-en sitt opphavelege uttrykk, har gått over til FB og Twitter. Bloggen blir dermed plassen for meir utdjupande resonnement.

Eg vågar difor påstanden at nye sosiale media har gjort bloggane betre, sjølv om dei kanskje har vorte noko færre.

lørdag 12. februar 2011

Minus og minus blir pluss?

At Nokia har valt Microsoft som samarbeidspartnar kom som ei overrasking for mange. Vittige tunger har døypt samarbeidet NoSoft. Med tanke på kven som no leiar Nokia, burde det kanskje ikkje komma overraskande at valet fall på Microsoft.

Men så til matematikken: Blir det multiplikasjon eller addisjon? Det vil vera utslagsgivande for resultatet. Begge aktørane har minusforteikn. Nokia har rett nok framleis overskot, men pilene peikar stygt ned, det same gjer aksjekursen. Microsoft har eit kraftig minus når det gjeld mobilsatsinga, ei satsing dei aldri har fått til.

Stor og tung
Nokia var for 10 år sidan åleine på mobiltoppen. Dei var både teknologi-leiar og leiande på volum. Likevel, eller kanskje nettopp difor, klarte dei ikkje å snu seg rundt fem år seinare då utviklinga av smarttelefonar tok til. Nokias manglande evne til å sjå utviklingstrenden og snu seg rundt, kjem til å bli pensum på dei fleste business-skular framover.

Det er likevel merkeleg at dei ikkje har klart å læra av historia. Det er farleg å vera på toppen som suveren marknadsleiar. Det er fleire enn Nokia som har fått erfara det. Likevel viser det seg veldig vanskeleg å forsvara ein slik posisjon. Det er mykje lettare å slå undanfrå.

Mobil, men mest pc
Microsofts problem i mobilmarknaden har vore at dei ikkje har vore interessert i mobilbrukarane, men berre i å fremja salet av eigne Office-produkt. Difor har Windows på mobilen først og fremst handla om Office-integrasjon. Men forbrukarmarknaden har ikkje dei same behova som forretningsfolk, og det er forbrukardelen som er leiande i utviklingssamanheng.

Microsoft har, som Nokia, vore for seine til å innsjå problema med mobilversjonen av Windows. Difor blir det ein kamp i motbakke for Windows Phone 7, etter som Android og iOS har fått eit godt grep om marknaden.

Ser ut som minus, ikkje pluss
Nokia + Microsoft ser difor ut som eit minusføretak akkurat no. To minus gir ikkje pluss, berre eit endå større minus. På ei anna side er det farleg å avskriva Microsoft (og Nokia). Microsoft har vist stor evne til å komma tilbake når dei har vore hardt pressa. Dei har stått mot angrep både på operativsystem og kontor-applikasjonar, og på desse områda står dei faktisk sterkare enn dei har gjort nokonsinne.

Samla sett er det bra at det blir eit tredje alternativ for smarttelefonar og at kampen ikkje berre står mellom Android (Google) og iPhone (Apple). Også HP kan melda seg på i kampen med sitt WebOS som dei fekk saman med Palm-kjøpet.

torsdag 3. februar 2011

Citius - Altius - Fortius!


"Raskare, høgare, sterkare" - det er som kjendt mottoet for dei olympiske leikane, men kan passa også som beskrivelse på utviklinga i bilens 125-årige historie. Ja, kanskje med unnatak av høgare..

Raskare
Fart har alltid vore tett knytt til bilen, og bilsporten utvikla seg kort tid etter at bilen vart oppfunnen i 1886. Rundt århundreskifte var det alt fleire konkurransar og i 1907 vart rallyet Beijing - Paris arrangert. Etter to månader kom den første bilen i mål!

Fartsrekordar vart stadig brotne, naturleg nok. Men heilt i starten tok dei det med ro. I England måtte ein bil alltid ha ein mann gåande framfor med raudt flagg for å varsla, og bilen kunne køyra i maksimalt 19 km/t. Denne regelen gjaldt heilt til 1896.

Den første bilen som braut 100 km/t-grensa var belgiske Camille Jenatzy i den elektrisk drivne, sigarforma bilen "La Jamais". Det skjedde i 1899. Dersom me held oss til bilar definert som køyretøy med hjul drivne av ein forbrenningsmotor ("Otto"-motor), er rekordlista slik:

200 km/t: Victor Hémery i Mercedes-Benz i 1909 (202 km/t)
(men første køyretøy over 200 km/t var dampdrive, i 1906)
300 km/t: Mercedes-Benz W125 Formel-Rennwagen i 1937 (376 km/t)
400 km/t: Mercedes-Benz W125 Rekordwagen i 1938 (432,7 km/t)


Mercedes-Benz har vore førande i motorsport heilt frå starten, og det er ikkje tilfeldig at tre av dei fire x00 km/t-rekordane er sette med ein Mercedes.

Rekorden i 1938 på 432,7 km/t vart sett av Rudolf Caracciola på Autobahn! Det er framleis det raskaste som er køyrt på vanleg veg, la oss håpa at den blir ståande og at det ikkje blir fleire forsøk akkurat på denne måten. Ein annan kjend racer-sjåfør frå denne tida, Bernd Rosemeyer, omkom same dagen som Caracciola sette den før nemnde fartsrekorden på Autobahn mellom Frankfurt og Darmstadt, i eit forsøk på å slå den nye rekorden.



Bileta over er først den legendariske Mercedes-Benz W125 , som var nærmast uslåeleg på midten og slutte nav 1930-talet og som hadde fartsrekorden i tre tiår (foto: John Chapman (Pyrope), Wikipedia)! I trimma utgåve hadde denne bilen, med rekke-åttar, 595 hk. Fartsrekorden på 432,7 km/t vart sett i ei spesialutgåve av W125 (W125 Rekordwagen), med betre aerodynamikk (biletet over, teke av MartinHansV, Wikipedia). Den var utstyrt med V12-motor som ytte 720 hk.

Fartsrekorden for bilar, jfr. definisjonen over, er 669 km/t (Tom Burkland i 2008). Fartsrekorden for landbaserte køyretøy er elles 1228 km/t, sett av Andy Green i ein ThrustSSC, eit køyretøy som vel må seiast å vera eit fly bortsett frå at det ikkje letta.

Sterkare
Utviklinga dei 125 åra i bilhistoria har naturleg nok gått i retning av stadig sterkare og raskare bilar. Carl Benz' første bil hadde magre 0,75 hk å by på, men alt i 1909 hadde Blitzen-Benz frå Mercedes-Benz 200 hk. Det var frå ein 4-sylindra motor på heile 21,5 liters slagvolum. Sannsynlegvis livsfarleg å starta med sveiv!

Parallelt med auken i effekt har også effektivitet målt i kraft pr. slagvolum auka. 200 hk på 21,5 l volum gir i underkant av 10 hk/liter. Dagens motorar har nærmare det tidoble, dvs. 100 hk/liter.

Nemnast må også Bugatti Veyron som den første produksjons-bilen med meir enn 1 000 hk (1 001). Den var også den første serieproduserte bilen med toppfart over 400 km/t. Den nye Bugatti Veyron Super Sport har toppfart på linje med Caracciolas fartsrekord frå 1938.

Dei siste 10 åra har også energi-effektiviseringa auka mykje. Sidan bilane har vorte ein god del tyngre dei siste 10-åra, mykje takka vera sikkerheitsutstyr, har drivstoff-forbruket vore nokså konstant. Men i den seinare tida har me sett ei utvikling mot stadig sterkare motorar som brukar mindre drivstoff. BMW har vore ein av dei leiande på dette området. Som eit eksempel har deira 2-liters dieselmotor auka med rundt 20 % i ytelse samtidig som forbruket er redusert med nærmare 30 %!

Høgare?
Høgde har ikkje vore sentralt i bilutviklinga. Men utviklinga har helst gått mot lågare og breiare bilar. Den høgste bilen (serieprod.) er elles Hummer H2 frå 2003 med ei høgde på 2,083 m.

Formelen i starten er elles Newtons andre lov, om fart..

lørdag 29. januar 2011

Bilen og Mercedes-Benz 125 år


I januar 1886 fekk Carl Benz patent på "Wagen mit Gas-betrieb", og bilen var oppfunnen. I dei 125 åra som har gått, er det produsert
2 485 041 881 bilar (kjelde: OIAC - Organisation Internationale des Constructeurs d'Automobiles). Og talet stig!

Forbrenningsmotoren
Om lag på same tid konstruerte Gottlieb Daimler den moderne forbrenningsmotoren og brukte den i ein to-hjuling (den første motorsykkelen i 1885). Daimler var også den første til å laga ein bil med firehjuls, Carl Benz' bil var jo ein trehjuling. Seinare vart dei to bedriftene slegne saman til Daimler-Benz.

Som vanleg, var det vanskeleg for samtida å sjå potensialet i oppfinningane: "Die Erfindung eines Gottlieb Daimler wird für die Entwicklung des Verkehrs wohl ohne groβe Bedeutung bleiben" (Der Groβe Brockhaus, 1896).

Fransk raffinement
Sjølv om Tyskland var staden både for bilen og forbrenningsmotoren, gjekk utviklinga sakte. Benz var ganske motlaus etter å ha selt berre 25 bilar på 6 år. Den første kunden hans var gal, og han måtte kjøpa bilen tilbake. Den andre var ein sjølvmordskandidat som gjorde det slutt før bilen vart levert..

Franskmennene såg mulegheitene der tyskarane såg ut til å ha gitt litt opp. Dei flytta motoren fram, og sette inn ein kardang i staden for kjede eller reim. Det var Louis Renault og Armand Peugeot som var dei førande, for kvart sitt bilmerke. Og rundt århundreskiftet var fransk bilindustri leiande, og hadde også fått konkurranse frå Italia (FIAT).

El-bilen kom tidleg
Overraskande for alle som trur at el-bilen er ei ganske ny oppfinning, er det å sjå at den kom alt på slutten av 1800-talet. Den første bilen som braut 100 km/t-grensa var ein el-bil, i 1899! Også hybrid-bilar vart laga på den tida, og el-motorar i hjulnavet var vanleg. Det var batteriteknologien og den høge vekta som tok livet av vidare utvikling av el-bilen, og det skulle gå 100 før utviklinga skaut fart att.

Bilen og moderniteten
Bilen har framfor noko symbolisert den moderne tida og er vel den oppfinninga som har hatt størst innverknad på samfunnet dei siste 100 åra. Med bilen kom mobiliteten og samfunnet vart organisert rundt dette. Det har sjølvsagt også hatt sine negative sider, men på ein slik dag (!) må det vera lov å seia at bilen har vore ei fantastisk oppfinning og gitt folk fridom, i det minste i den vestlege verda.

Soleglads-industri?
Finanskrisa fekk alvorlege følgjer for bilindustrien. I USA vart forhenget trekt til sides og alle kunne sjå den sørgjelege tilstanden amerikansk bilindustri var i. Sjefane for dei store bilkonserna kom til krisemøte med Obama-adm. i eigne privatfly! Dessverre gjekk Obama inn med støtte til GM og andre der det beste truleg ville vore at dei gjekk konkurs. Det ser me i dag, då hjula bokstaveleg talt er i gang att, men utan at dei ser ut til å ha lært noko: det er store, tunge, bensinslukande monster i form av pickups og vans som framleis regjerer.

I Tyskland, der bilindustrien også er svært viktig, valde dei ein annan strategi og innførte ein vrakpant på 2 500 euro, noko som fekk fart på det innanlandske bilsalet. 2009 vart eit kanonår for den tyske bilindustrien, og tiltaket såg ut til å lykkast, om ikkje sett frå eit miljøperspektiv.

Bilen må finnast opp på nytt
Med klimakrisa har bilen komme i eit dårleg søkjelys. Den er ansvarleg for ein stor del av CO2-utsleppa, og det er eit stort press for å redusera desse. Det har gitt nye initiativ for alternative drivkjelder, som elektrisitet og også hydrogen. Førebels er det hybridløysingar som har vore mest vellykka. Toyota har selt over 1 million Prius hybridbilar. 2011 og 2012 vil truleg bli gjennomslaget for el- og hybridbilar ved at dei fleste fabrikantane vil lansera nye modellar på marknaden.

Parallelt med utviklinga av alternative energiformer, har det skjedd ei radikal forbetring av energieffektiviteten for bilar. Utviklinga av drivstoff-effektivisering har særleg samanheng med utviklinga av diesel-motoren. frå å vera ein motor nesten berre brukt i transportnæringa (buss, lastebil), er det no dieselmotor i over halvparten av bilane som vert selde her i landet. Også bensinmotoren har vorte meir energi-effektiv, ikkje minst takka vera direkteinnsprøyting og brukar av kompressor eller turbo.


Bilen og Mercedes 125 år
Den første bilen var ein (Mercedes) Benz. Mercedes-namnet vart introdusert av Daimler i 1901, men det er det som har vorte merkenamnet.

Med litt omskriving kan me seia at "i begynnelsen var bilen, og bilen var Mercedes".

torsdag 20. januar 2011

11 banebrytande teknologiar


Tidsskriftet IEEE Spectrum har kåra dei 11 viktigaste teknologiane i det første 10-året av det nye årtusenet. IEEE Spectrum er eit tidsskrift av nerdar, for nerdar, berre for å ha det klart. Det er medlemsbladet til IEEE (les: I-trippel-E), som står for Institute of Electrical and Electronic Engineers og er ein verdsomspennande medlemsorganisasjon for ingeniørar.

At dei har valt 11 teknologiar er eit nikk til filmen This is Spinal Tap, og har du sett filmen, veit du kvifor 11 og ikkje 10!

Dei viktigaste teknologiane i det første 10-året:

1. Smart-telefonar
Smart-telefonane er over oss og det er ein sann revolusjon. Alt me treng, samla i ein liten dings som er med oss over alt. Framleis er det dessverre for dyrt med mobilt breiband, og for dårleg kapasitet. Men det er å håpa at det blir betre nokså raskt.

Den første smart-telefonen var IBM sin Simon Personal Communicator i 1993, med trykkfølsom skjerm!

2. Sosiale nettverk
Det er interessant at IEEE Spectrum ikkje berre ser på rein teknologi, men også kulturelle følgjer av teknologi. Sosiale nettverk er i høgste grad eit kulturelt fenomen, men har hatt minst like stor verknad på den teknologiske utviklinga som mange nyvinningar innan maskinvare.

3. Voice over IP (VoIP)
IP over alt, alt over IP. Dette har vore mantra og sjølvsagt måtte også telefoni komma til nettet. Den første kommersielle tilbydaren av IP-telefoni var det israelske firmaet VocalTec som i 1995 lanserte Internet Phone, forkorta til iPhone!

Men det var Skype som laga killer-applikasjonen. Dei styrte unna standardiseringsproblema som eksisterte på den tida der brannmurar og NAS gjorde ip-telefoni vanskeleg. Dei laga sin eigen VoIP og Skype er framleis bygd på ein proprietær protokoll.

4. LED-lys
LED, Light Emitting Diodes, har store fordelar framfor tradisjonell glødeteknologi. Teknologien leverer meir lys for mindre energi, og har også vesentleg lenger levertid. Eit problem til no har vore lysfargen; LED gir ofte eit kaldt og blåleg lys. Også her skjer det endringar.

5. Fleirkjerne-prosessorar (Multicore CPUs)
På slutten av 1990-talet vart det klart at det ville bli stadig vanskelegare å halda tritt med Moores lov (dobling av tal transistorar kvar 18. mnd.). Ein nærma seg grensa for kor raske prosessorane kunne gjerast, og kor tett krinsane kunne trykkjast. Varmeproblema begynte å bli uoverkommelege.

Kunle Olukotun ved Stanford forstod at noko nytt måtte til, og han utvikla fleirkjerne-prosessoren. Ved å byggja fleire CPU-kjernar saman til ein CPU, kunne veksttakten haldast oppe. Men hovudgrunnen til at dei store produsentane (IBM, Intel og AMD) gjekk over til fleirkjerne-prosessorar, var energisparing og ikkje effektivitet. Det reduserte energibehovet skuldast lågare klokkefrekvens. I ettertid har det vist seg at utan fleirekjerne-prosessorar, ville veksttakten vorte alvorleg redusert.

6. Cloud Computing
Interessant nok kom opptakten til CC ved at nokre studentar på midten av 1990-talet starta å interessera seg for "gammaldags" timesharing og virtualisering, utvikla av IBM på 1960- og 70-talet. Dei utvikla eit mellomlag mellom maskinvare og operativsystem og abstraherte dermed maskinvare-arkitekturen frå programma. Ein viktig grunn var den låge kapasitetsutnyttinga jamt over for serverar - ofte vart under 10 % av maks. kapasitet utnytta. Slik er det også med mange serverar i dag, viss dei ikkje har teke i bruk moderne virtualisering.

Arbeidet til studentane resulterte i VMWare, eit kjendt begrep i driftsmiljø rundt om. Virtualisering er ein avgjerande komponent i CC og betyr at kven som helst kan kjøpa kapasitet og plattform etter behov i skya. For nystarta selskap gir dette enorme fordeler der it-kapasitet kan behandlast som straum, og takserast deretter. Det er i høg grad med på å utjamna skilnader slik at om du sit på Røst eller i Oslo sentrum, kan du tilby nøyaktig den same nett-tenesta og til same kostnad. Konkurransen blir då flytta over til hjernebarken, og det er jo bra.

7. Flygande dronar (Drone Aircraft)
Flygande dronar (ubemanna fly) er ikkje lenger sci-fi og er eit mykje brukt våpen i Afghanistan-krigen. Ut over det trur eg ikkje eg vil seia så mykje om dette..

8. "Planet-køyretøy" (Planetary Rovers)
Ikkje så mykje å seia om dette heller, anna enn at eg er litt overraska over valet av både punkt 7 og 8 på denne lista!

9. Flexible AC Transmission (FACTS)
Dei elektriske ingeniørane må få sine stemmer med også, sikkert difor me har fått 7, 8 og 9 på lista. FACTS er ein teknologi for å styra straumtilførselen i netta, og har i følgje IEEE Spectrum vore avgjerande for å unngå kollaps og å kunna kopla på nye energikjelder som vindkraft m.m. For meir info, sjekk artikkelen om FACTS på Wikipedia.

10. Digitale foto (Digital Photography)
Det første digitale kameraet vart utvikla av Steven Sasson for Eastman Kodak i 1975! (det er foto av Sasson med kameraet i bladet). Som vanleg er ved store oppfinningar, var det ikkje eit digitalt kamera Sasson skulle utvikla. Han skulle prøva ut den nye CCD-brikken (charge-coupled device) for å sjå korleis den eventuelt kunne brukast i Kodaks utstyr elles.

Men Sasson, som ein god ingeniør, tenkte at det måtte vera dumt å testa ein slik brikke i eit mekanisk miljø, så han bestemde seg for å testa brikken i eit komplett digitalt miljø ved å laga eit digitalt kamera. Men det skulle ta 20 år før teknologien tok av. Det var fleire faktorar som låg til grunn: oppløysinga på dei første CCD-brikkane var altfor dårleg, lagringskapasitet mangla (Sasson brukte kasett!) og bileta tok altfor stor plass. I tillegg hadde Kodak patent fram til 1995, også bremsande for utviklinga. Det var først med introduksjon av JPEG bildekompresjon, auka oppløysing og utgått patent at digitale kamera tok av.

Det første digitale kameraet på marknaden var Kodaks Professional Digital Camera System (DCS 100). Det var eit steg tilbakes samanlikna med Sassons prototype som hadde alt innebygd i ein boks. DCS 100 var eit modifisert Nikon-kamera med elektronikken i ein eigen 5 kg-pakke i ein ryggsekk! Først året etter vart alt samla i kameraet (Kodaks DCS 200). Etter at patentet på teknologien gjekk ut i 1995, kom andre produsentar kom på bana og utviklinga skaut fart.

11. Class-D Audio
Litt rar kandidat dette også, men det kan skuldast at eg ikkje veit så mykje om lydteknologi. I følgje IEEE Spectrum har D-klasse Audio revolusjonert forsterking av lyd. Meir om Class-D Audio på Wikipedia.

søndag 16. januar 2011

Wikipedia 10 år


Nettleksikonet Wikipedia er 10 år i desse dagar. Og for ei utvikling det har vore! Det som ingen trudde skulle vera muleg, har no vorte det viktigaste oppslagsverket for alle. Den engelske versjonen av Wikipedia har i skrivande stund 3 530 152 artiklar over nesten 23 mill. sider, og med 13,8 mill. registrerte brukarar. Den norske utgåva har til samanlikning 287 000 artiklar på bokmål (Store Norske Leksikon snl.no, har 209 000) og 63 000 artiklar på nynorsk.

Først tradisjonelt, så revolusjon
Jimmy Wales starta ikkje med Wikipedia, men med ein modell som låg nærmare opp til tradisjonelle leksikon, med inviterte og betalte forfattarar. Det fungerte ikkje. Han gjekk så over til ein modell der kven som helst kunne vera forfattarar. Det einaste kravet er registrering. Men sjølv om du kan setja i gang og skriva etter å ha registrert deg, er det likevel barrierer mot å få bidraget godteke.

Alle er like, men nokre er "likare" enn andre
I Wikipedia er alle like, men nokre er "likare" enn andre og har spesielle privilegium som gjer at dei kan halda ein viss kontroll på bidraga. Mange opplever at denne kontrollen har vorte vel hard, noko også grunnleggjaren har innsett og ønskjer å endra. Ein viktig grunn for innstramminga har vore dei mange påstandane om at informasjonen på Wikipedia ikkje held mål, og at Wikipedia dermed ikkje held same standard som andre oppslagsverk.

Kvalitet
Diskusjonen gjekk lenge på om Wikipedia heldt same standard som dei tradisjonelle, redaksjonsstyrte oppslagsverka. Etter kvart som dei siste har lagt inn årene, eitt etter eitt, har diskusjonen stilna og Wikipedia er no snart einerådande.

Det betyr ikkje at kvaliteten er like god over alt. Det er stor skilnad frå tema til tema, og endå meir mellom ulike språk. Den norske utgåva er difor på langt nær av same standard som den engelske. Ei forklaring er sjølvsagt at me er ganske få som snakkar og skriv norsk, ei anna viktig forklaring er at me i Norge ikkje har klart å mobilisera fagfolka i like stor grad. Det første er ikkje noko å gjera med, men det sist må vera muleg å endra.

Revolusjonær tradisjon
Wikipedia er ein revolusjon innan oppslagsverk. Det er bygt på ein heilt annan modell enn andre verk, og så langt ser det ut som modellen er berekraftig og dankar ut den tradisjonelle. Ein viktig grunn er at modellen er veldig billeg, utanom ressursar til å halda nettsidene oppe, er alt arbeid gjort på dugnad. Og den web 2.0 har vist kva ressursar som finst i den store hopen.

Wikipedia føyer seg fint inn i historia med store omveltingar. Den franske filosofen og forfattaren Denis Diderot var sentral i utarbeidinga av oppslagsverket "Encyclopédie, ou dictionnaire raisonné des sciences, des arts et des métiers" ("Encyclopedia, or a Systematic Dictionary of the Sciences, Arts, and Crafts"), utgitt første gang i 1751. Prega av opplysingstida var det det første oppslagsverket som hadde folk flest som målgruppe, og målet var "to change the way people think".


På grunn av den radikale tilnærminga, vart leksikonet forbode av dei franske styresmaktene i 1759. På grunn av populariteten og dei mange som var sysselsette i arbeidet, vart det likevel sett gjennom fingrane og Diderot fekk lov til å halda fram arbeidet.

Støtte frå fagfolk
For å heva kvaliteten er det som tidlegare nemnt heilt avgjerande å involvera fagfolk. Ikkje fordi dei nødvendigvis sit med den einaste og beste kompetansen, men fordi det jamt over vil gi betre kvalitetssikring av informasjonen.

Eg har tidlegare skrive om ein diskusjon eg hadde med ein veldig god fransk venn. Ho arbeider i det franske nasjonalbiblioteket, ein prestisjefylt institusjon som ein viktig berar og formidlar av den franske kulturen. Då eg diskuterte Wikipedia med ho for to år sidan, i samband med at kollegaene mine og eg ved it-forsking på Vestlandsforsking donerte 10 000,- til leksikonet, var ho heilt rysta over at me som forskarar kunne ha tiltru til dette. Wikipedia bryt sjølvsagt med det meste innafor fransk kulturarbeid, ikkje minst det opphøga og sentralstyrte.

Men eit år etter denne diskusjonen kunne ho gledesstrålande melda at eg hadde rett. Nasjonalbiblioteket i Frankrike hadde bestemt seg for å bidra til å gjera Wikipedia endå betre, ved å delta med informasjon.. Også dette må kunna kallast ein revolusjon!

Wikipedia som plattform
Det er eitt område der Wikipedia ikkje har utvikla seg og det er å gjera tenesta til noko meir enn nettsider ein går til, å tilby andre kanalar for informasjonsinnhenting. Det har truleg ikkje vore Wikipedias strategi å utvikla dette, men det er lett å sjå at dei kunna spelt ei viktig rolle her.

I staden er det DBpedia som ser ut til å ta denne rolla. DBpedia er ei semantisk utgåve av Wikipedia, utstyrt med metadata og strukturert som semantisk web (rdf). DBpedia er heilt sentralt i det omfattande Linked Open Data, eller berre Linked Data, som no er under utvikling. LOD er informasjonsressursar frå ulike kjelder, laust samankopla ved hjelp av enkel semantisk teknologi. Det er "small pieces loosely joined", for å låna David Weinbergers uttrykk.

Allkunne og "ingenting-forstår"
Allkunne betyr "den som veit alt", og i denne saka er det freistande å leggja til "og ingenting forstår!". Nynorsk-leksikonet Allkunne har nyleg sendt eit krav på 75 000,- til Wikipedia for påstått brot på  opphavsretten, og dummar seg skikkeleg ut. I staden for slikt tull bør Allkunne samarbeida med Wikipedia og sørgja for at både dei og nynorskdelen av det blir betre. Som nynorskbrukar blir eg flau av slik oppførsel.

Dette handlar ikkje først og fremst om opphavsrett, som sjølvsagt må respekterast, men om kva som tener nynorskarbeidet best.

[Oppdatering 17.01: På markeringa av 10-årsdagen kunngjorde styreleiar for Allkunne, Ottar Grepstad, at dei trekkjer søksmålet mot Wikipedia. Så kjem dei ut av det med æra nokolunde i orden.]

Treng me meir enn Wikipedia?
Her i landet har det vore ein stor diskusjon om Store Norske Leksikon skal få statsstøtte til å halda fram den digitale versjonen, i konkurranse med Wikipedia. Kulturministaren har sagt nei til ideen, og bede andre ta ansvar.

snl.no vart overdrege til Fritt Ord og Sparebankstiftelsen DnB NOR i fellesskap. Eit nytt prosjekt er etablert med representantar frå Det Norske Vitenskaps-Akademi, Institusjonen Fritt Ord, Nasjonalbiblioteket, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, Sparebankstiftelsen DnB NOR og universiteta. Prosjektet har fått midlar fram til 2013, og artikkelbasen i snl.no dannar utgangspunktet.

Men treng me eit alternativ til Wikipedia? Ut frå konkurranseomsyn kan svaret vera ja, pluss det faktum at det alltid er greitt å ha fleire uavhengige kjelder å samanlikna. Men ut frå eit ressurssynspunkt og ikkje minst det faktum at Wikipedia er lisensiert med ein Creative Commons Attribution-Share Alike 3.0-lisens. Det betyr at innhaldet i den norske delen av Wikipedia (eller heile Wikipedia for den del) når som helst kan kopierast over til ein annan nettstad og byggjast vidare på. Den einaste føresetnaden er at opphavsmannen blir kreditert (attribution) og at det nye verket blir utstyrt med same type lisens.

Ut frå det siste, meiner eg at det vil vera betre å samla kreftene om det opne, brukarstyrte Wikipedia enn å laga endå eit lukka leksikon. Tida for det siste trur eg er over.

onsdag 12. januar 2011

The Wire


Dei siste par åra har eg begynt å kjøpa julegåve til meg sjølv. Like greitt sidan det nesten er dei einaste eg får. Jula 2009 vart det komplett "Sopranos" i gåve (eg fekk første sesong i gåve av barna!), og det slo an! Denne jula gav eg meg sjølv "The Wire", også ein HBO-serie. Dei to første sesongane gav såpass meirsmak at eg har kjøpt heile serien.

Sopranos vs. The Wire
Mange har karakterisert The Wire som arvtakar til Sopranos og også omtalt den som betre enn denne. La meg slå fast med ein gong at det er den etter mitt syn ikkje. Etter å ha fullført to sesongar synest eg serien er bra, men den manglar det heilt spesielle som gjorde Sopranos til det den vart. Framfor alt har ikkje The Wire same kvalitet på hovudrollane. Der James Gandolfini hadde den berande rolla som Tony Sopranos, og utførte det på ein framifrå måte, blir hovudrollen detektiv McNulty for klisje-prega (lett alkoholisert etterforskar..) og utan det same overbevisande uttrykket.

Vekslinga mellom det heilt familiære og det ultra-kriminelle var også ein viktig del av Sopranos, ei spennvidde som manglar i The Wire.

Som Sopranos viser også The Wire utsøkt musikksmak, men dessverre avgrensar det seg til innleiingsmusikken. Det er låta "Way Down in the Hole" av Tom Waits, framført av ulike artistar inkl. opphavsmannen sjølv. Tøff låt!

Politi vs. gangster
The Wire handlar om politi som jaktar på skurkar, ei ganske klassisk oppskrift. Staden er Baltimore og me følgjer Baltimore Police med detektiv Tim McNulty i hovudrolla. Men den kriminelle sida er via om lag like stor merksemd og får like mykje tid, dermed blir me godt kjende med dei også.

Avlytting (wire tapping) er sentralt i serien, derav namnet.

I første sesong er det narkotika og vald i Baltimore West det dreier seg om, med Avon Barksdale som den sentrale figuren i det kriminelle miljøet. Interessant nok går det bra så lenge etterforskarane held seg til narkotika (og vald), men så fort dei prøver å følgja pengane, får dei problem med sine overordna. Viss du følgjer narkotika, får du langarar og bakmenn. Følgjer du pengane, veit du aldri kvar du hamnar. Og våre venner kjem fort bort i delar av samfunnet som dei ikkje skal granska..

Parallelle hierarki
Det er interessant å sjå dei sterke hierarkia både i politiet og i den kriminelle verda, her er det mykje som er likt. Kampen mellom dei ulike narkotikabandane finn også delvis sin parallell i kampen mellom ulike avdelingar i politiet, og kampen mellom ulike delar av politiet (byen Baltimore, fylket Baltimore, staten Maryland og føderalt nivå med FBI).

Ineffektivt byråkrati
Serien får veldig godt fram den utrulege ineffektiviteten i politiet som følgje av tette skott mellom avdelingar og einingar. Eg tvilar ikkje eit sekund på at det stemmer, og dette er nok ikkje typisk berre for USA, det gjeld vel over alt. Også her i landet er det skremmande mangel på utveksling av informasjon mellom politikammer og -distrikt (tenk t.d. på Lommemannen-saka).

I politiet er det ein ting som gjeld: dekka seg sjølv ("cover your ass") - alt anna er uinteressant. "Våre heltar", McNulty og gjengen han arbeider med, har sjølvsagt edlare hensikter og prøver å gjera det me trur politiet er til for: oppklara kriminalitet og få dei skuldige dømde.

Serien gir også eit godt bilete på samspelet mellom politi, påtalemynde og rettsvesenet generelt. Ein viktig grunn til den truverdige skildringa av politi og rettsvesen er at mannen bak serien, David Simon, er ein tidlegare kriminalreportar.

Ingen happy ending
Symptomatisk nok blir ikkje politigjengen "vår" belønna etter endt oppdrag, der dei delvis har nådd fram, men straffa og flytt nedover i hierarkiet til dritt-jobbar.

Sakene blir heller ikkje løyste ved at hovudmennene blir tekne, dei går stort sett fri. I det heile verkar serien realistisk, om enn dystopisk.

mandag 10. januar 2011

Bloggåret 2010


Det er på tide å gjera opp status for bloggåret 2010. Voe har slutta å blogga, men eg har ingen planar om det. Har heller ambisjonar om å auka heller enn å redusera aktiviteten.

Eg skreiv i fjorårets oppsummering at bruken av Twitter til tider konkurrerte med blogginga mi. Twitter-aktiviteten min har minka, utan at den på noko tidspunkt har vore veldig høg.

Her er tala for 2010, med tal frå 2009 i parentes:

Innlegg: 72 (70)
Kommentarar: 63 (78)

Litt fleire innlegg, men færre kommentarar altså.

Google Analytics rapporterer om totalt 7 370 besøk og 9 738 sidevisingar. Trafikk-fordelinga er vist i den innleiande figuren.

Enkelte har spådd bloggens død, men eg trur den vil ha ei lys framtid. Kanskje blir det færre bloggarar, men eg har ei kjensle av at kvaliteten totalt sett dermed aukar. Offentleg sektor og næringslivet er også berre såvidt komne i gang med blogging, veksten her vil bli stor framover.