onsdag 23. mai 2007

Microformats

Den semantiske veven er i emning, men det går seint. Eit spørsmål mange stiller seg (vel, enkelte) er om dei skal satsa på RDF/OWL eller emnekart (Topic Maps) for å realisera den semantiske veven. Svaret er sannsynlegvis: verken eller! Svaret er mest sannsynleg mikroformat.

Mikroformat er "low level" semantisk annotering. Eit av problema med den semantiske veven og visjonen er den høge terskelen. Det er ikkje gjort på ei kveldsstund å implementera rdf eller emnekart viss du startar frå null. Med mikroformat er det annleis, her er det lett å komma i gang og det er lett å ta det steg for steg.

Slagordet for mikroformat er "designed for humans first and machines second" som kanskje kan verka som eit paradoks sidan det er maskinene som først og fremst må nyttiggjera seg informasjonen. Men ved nærmare ettertanke er det kanskje her det største problemet med "tung" semantikk ligg: Det blir for fjernt frå vanleg tankegang.

Microformat tek også sikte på å løysa spesifikke problem og det har resultert i standardar som hCard, hCalendar og hResume for å nemna nokre. Dei to første er web-parallellar til vCard og vCalendar.

Finn ut meir på www.microformats.org og/eller les John Allsops artikkel i Digital Web Magazine. Sistnemnde har også komme med boka "Microformats - Empowering your markup for Web 2.0".

søndag 20. mai 2007

Svar på tiltale

Grete Faremo, sjeflobbyist for Microsoft, skreiv om Microsofts satsing på opne standardar i Dagens it i mars. Eg tenkte med meg sjølv at berre ein er frekk nok, går kanskje det meste.

Håkon Wium Lie, teknologidirektør i Opera, tenkte nok det same, men let ikkje Faremo og Microsoft sleppa så lett. Han gir Faremo svar på tiltale i siste nummer av Dagens it og viser ei heilt anna side av saka "Microsoft og opne standardar". Eg held ein knapp på Wium Lie. Dessverre har ikkje Dagens it lagt ut kommentarane.

Illustrasjonane er henta frå syretesten "Acid 2" som viser om nettlesarane følgjer web-standardane. Til venstre ser me testen utført i IE 6.0 og til høgre same testen i Opera 9.1, med korrekt resultat. Firefox klarer (sjølvsagt) også testen, medan IE 7.0, som eg i det lengste prøver å unngå å installera, også feilar!

torsdag 17. mai 2007

Veien ut

I dag er det nøyaktig to år sidan Bjørn Gabrielsen, frilandsjournalist og kjent som litteraturmeldar i Dagens Næringsliv, bestemde seg for å flytta ut av leilegheita i Oslo og ta med hundane sine til ei lita hytte i Nordmarka. 17. mai 2005 flytta han til hytta på mindre enn 30 kv.m. utan straum og innlagt vatn.

Dette har det vorte bok av, ei god bok til og med. Undertittelen er "En mann. En skog. Ett år. Ingen plan". Og det er akkurat det boka handlar om. Det er lett å tru at det må bli ei kjedeleg bok, men slik er det ikkje. Boka er underhaldande og til ettertanke, mest på grunn av Gabrielsens gode penn (eller pc bør eg vel seia).

Boka er ein slags miks av Hakkespettboka og Erlend Loes "Doppler". Stilen til Bjørn Gabrielsen minner meg om Erlend Loe - både vittig og alvorleg på same tid.

Det er sjølvberging, eller å klara seg sjølv mest muleg på eiga hand, som er hovudtema for boka. Gabrielsen får godt fram kor langt me har fjerna oss frå naturen og kor hjelpelause dei fleste av oss eigentleg er. Kva gjer me den dagen det ikkje berre er å opna kjøleskåpdøra og finna maten? Berre i løpet av ein generasjon har me fått eit så fjernt forhold til det me omgir oss med at me har store problem om straumen forsvinn, om eit eller anna går i stykker eller om butikkane skulle halda stengt eit par dagar.

Det beste med boka er at den trass i temaet ikkje er ei moralpreik. Bjørn Gabrielsen påstår ikkje at han har funne det perfekte livet, av og til tvert om - det er til tider eit helsikes slit. Og han formanar ikkje andre om å følgja etter. Men refleksjonane han gjer seg i hytta i Nordmarka er vel verdt å dela.

onsdag 16. mai 2007

What is this thing called teneste

Alle snakkar om å leggja tenester på nett, men er det muleg? Kva er eigentleg ei teneste? Har kommunen ei elektronisk teneste dersom søknadsskjema for barnehageplass er lagt ut på nett? Er søknadsskjema om skjenkeløyve ei elektronisk teneste fordi det blir digitalt?

Det blir synda mykje mot teneste-begrepet, og me kjem til å få det att midt i fleisen når den semantiske veven skal vevast framover. For det nyttar ikkje med slurvete begrepsbruk når du snakkar med datamaskiner!

Meir om temaet finn du på VF-bloggen.

søndag 13. mai 2007

Fram og tilbake = like langt?

For knappe 3 år sidan bestemde forrige regjering å omdanna Statskonsult til eit statsaksjeselskap, og omdanninga skjedde frå 01.01.2005. Denne veka reverserte Heidi Grande Røys avgjerda og Statskonsult skal avviklast som aksjeselskap og gå inn i eit nytt forvaltningsdirektorat. Med på lasset blir Norge.no, e-handelssekretariatet og eit ukjent tal personar frå FAD.

Det er fleire moment i denne saka. Eitt av dei er svekka tillit til det politiske systemet. Det tek seg ikkje særleg bra ut med så kort horisont for politiske avgjerder. Det må kanskje den forrige regjeringa ta mest skuld for. I dette biletet høyrer også bruk av midlar. Statskonsult fekk med seg ei dugeleg nistepakke på ferda mot sjølvstende og eiga inntening. I tillegg vart det brukt mykje midlar til sluttpakkar.

Victor Norman var statsråden som bestemde at Statskonsult skulle omdannast til aksjeselskap. Han skriv i kommentarspalta si i Dagens Næringsliv 12. mai om kampen mot vindmøller, med Statskonsult-historia som utgangspunkt. Norman kan knapt kallast habil i denne saka, men han har likevel enkelte gode poeng.

Han meiner at endring i forvaltninga gjennom eit departement som AAD/MOD/FAD eller kva pokker det heiter (knapt noko departement har vore gjennom fleire namneendringar) er dømt til å mislykkast. Det blir halen som skal logra med hunden; styrkeforholdet blir heilt feil. Om det skulle vera eit organ for endring av statsforvaltninga, må det liggja enten hjå Statsministeren (SMK) eller aller helst i Finansdepartementet. Det er eg heilt einig med Victor Norman i.

Men Victor Norman undervurderte også behovet for eit eige forvaltningsorgan særleg for IT-koordinering. Her trur eg det er rett å samla trådane i eit nytt direktorat som blir meir slagkraftig. Så blir utfordringa for Norge.no å markera seg og ta styringa her.

tirsdag 8. mai 2007

Vestlandsforsking med forskingsblogg

Vestlandsforsking har lansert forskingsblogg, eller firmablogg som Are ville ha kalla det. Fornyings- og adm.minister Heidi Grande Røys har sparka bloggen i gang med denne helsinga.
Så langt me veit, er det den første bloggen på organisasjonssnivå i forskings-Norge.

Planen er å la blogginga gå på omgang blant dei tilsette og få ein oppdateringsfrekvens på 1-2 ganger pr. veke. Følg med!