tirsdag 30. mai 2006

Høgskulen i Sogn og Fjordane og studentrekruttering

I kjølvatnet av skremmande låge søkjartal til Høgskulen har det vore ein diskusjon om marknadsføringa av studia. Denne diskusjonen har dels vore intern i Høgskulen og dels vore referert i avisa (Sogn Avis). Det har vorte peika på at ein kanskje må vri ressursbruken meir over på nettsatsing.

For moro skuld har eg søkt litt på Google for å sjå kor synleg eller usynleg Høgskulen i S & Fj. er på studia sine. Her er resultata:

'idrettsutdanning' - treff nr. 2 (men i praksis nr. 1 fordi det første treffet er øydelagt av meiningslaus tittel)

' ingeniørutdanning' - treff nr. 3 (og godt synleg)

'lærerutdanning' - ikkje på første resultatside (og då pr. definisjon bortimot usynleg!)

'sykepleierutdanning'/'sykepleier'/'sykepleier utdanning': ikkje synleg (men synleg på søkeordet 'helsefag'!)

'akvakultur' - ikkje synleg

'naturfagutdanning' - ikkje synleg

'sosialutdanning' - ikkje synleg


Det er sjølvsagt mykje å seia om desse søka og 1000-kronersspørsmålet er sjølvsagt kva søkeord/-uttrykk studentane brukar?
Det burde vera eit interessant forskingsprosjekt i seg sjølv!

Det er uansett ein viktig diskusjon Høgskulen bør ta tak i: Korleis bli meir synleg på nettet for å rekruttera fleire studentar. Dette handlar mykje om å ha godt innhald og slik sett er det eit møysommeleg arbeid, men eit arbeid som ein ikkje kjem utanom. Det er likevel ein stor fordel om ein har ein del enkle retningslinjer å halda seg til når ein går i gang.
Tips: Vestlandsforsking kan hjelpa til...

fredag 26. mai 2006

Forskingsformidling på nett

Eg har tidlegare skrive om Formidlingsutvalet og diskusjonen om korvidt forskingsformidling på nett skal telja blant indikatorane for formidling. Utvalet går mot dette, men medlem av det første Formidlingsutvalet, formidlingsdirektør Torny Aarbakke ved Universitetet i Bergen, går sterkt ut mot dette i eit intervju i universitetsavisa "På høyden". Full støtte til Torny Aarbakke som etter mi meining effektivt plukkar sund grunngjevinga til utvalet: At indikatorar kan vera vanskelege å formulera og evaluera, er ikkje god nok grunn til å droppa dei. Og formidlingsutvalet sitt signal om at "nettet er så viktig at dette kjem uansett" avfeier ho som heilt urealistisk.

Det er verdt å minna om at det første formidlingsutvalet, som la fram innstillinga "Sammen om kunnskap", meinte at forskingsformidling på nett burde stimulerast ekstra.

onsdag 24. mai 2006

And the winner is...

Fylkestrygdekontoret i Sogn og Fjordane! Sjå berre her:

E-post: fylkestrygdekontoret.i.sogn.og.fjordane@trygdeetaten.no

Den som klarer å skriva dette rett, får eitt års uførepensjon utan legeattest. Stakkars medarbeidarar på sentralbordet som skal lesa opp denne over telefonen...

Ambient Findability

Peter Morville er framleis mest kjend for "isbjørn-boka" - "Information Architecture for the World Wide Web" - som han skreiv saman med Louis Rosenfeld og som på mange måtar definerte begrepet og området informasjonsarkitektur.

I boka Ambient Finability går han eit steg lenger, eller tek eit steg tilbake, alt ettersom ein ser det, og tek opp utfordringar med tilgang til og opptak/tolking av informasjon. Ambient Findability spelar her på utfordringa å finna fram til informasjon trass i nærmast total tilgjenge (til nettet). Boka kan også lesast som ein aktuell oversikt til tema han illustrerer i den kjende bikube-modellen sin som viser total brukarnytte (ironisk nok: denne sida fungerer ikkje skikkeleg i Opera!).

Peter Morville gjer eit interessant poeng av å setja Moores og Mooers lover opp mot kvarandre. Graham Moores lov er velkjend: talet på transistorar på ein kvadratcentimeter vil fordobla seg (anna-)kvart år. Ut frå denne kan me slutta at "Mo(o)re is mo(o)re". Men Calvin Mooers' lov er langt mindre kjend: "An information system will tend _not_ to be used whenever it is more painful and troublesome for a customer to have information than for him not to have it". Som Morville understrekar handlar det i det siste tilfellet om langt meir enn problem med å få tak i informasjonen (eit usability-problem). Eit viktigare poeng er det faktum at mange vil unngå informasjon, eller unngå å ta følgjene av den, fordi det kan bli ubehageleg (t.d. store omstillingar, eller at det vil krevja handling som vi helst unngår). Mooers' lov peikar på den viktige sosiale konteksten og følgjene for brukarane av store IT-støtta endringar. På mange måtar er det ingeniøren (Moore) og sosiologen (Mooers) ulike vinklingar me her ser. Og den siste blir stadig viktigare pga. den første.

Boka gir alt i alt ein god oversikt over status og utfordringar knytt til informasjonsgjenfinning på nettet i dag. I tillegg er den spekka med mange interessante referansar til vidare lesing. Peter Morville har eit balansert syn på viktige utfordringar og meistrar å presentera fordelar og ulemper på ein god måte og overlet til lesaren å trekka dei endelege konklusjonane.

I eit tidlegare innlegg refererte eg frå ein konferanse der Peter Morville var forelesar (User Experience 2005 London under leiing av Jakob Nielsen). Inntrykket frå den konferansen var veldig bra, noko boka følgjer opp.

fredag 19. mai 2006

I Amsterdam











Dei som har vore i Amsterdam, veit at overskrifta kan lesast på minst to måtar; både norsk og engelsk. IT-gruppa var på studietur til Amsterdam i forrige veke og det var eit vellykka opplegg både sosialt og fagleg. Me budde på Leidseplein og slik sett midt i smørauga av byen.

Amsterdam var eit naturleg val særleg fordi Robert Engels, vår nye bistillings-person, er fødd og oppvaksen i byen og har god kjennskap til Vrije Universiteit (VU) - eit universitet med sterke fagfolk innan semantisk web. 'Vrije' betyr her 'fritt' for innblanding frå stat og kyrkje og stammar frå den tida då universitet og høgskular ofte var sterkt religiøst styrte .

Det faglege opplegget var dels av indremedisinsk art, dvs. diskusjon av framtidig strategi for IT-området, og dels av ekstern karakter. Det siste var i form av møte med representantar for semantisk nett-forskinga ved VU. Dei har nokre av dei beste fagfolka på området, med Guus Schreiber og Frank van Harmelen i spissen. Guus har vore i førarsetet for W3C under utforminga av OWL-standarden (Web Ontology Language). Den semantiske forskinga ved Vrije Universiteit er innafor W3C-retninga med RDF/OWL, altså ei litt anna retning enn (det praktiske) arbeidet vårt med emnekart. Det er likevel interessant å sjå desse retningane under eitt, og arbeid er i gang for harmonisering av dei to standardane.

Som biletet viser, er Amsterdam noko for seg sjølv: Kvar elles kan ein få kjøpt "Cannabis Starter Kit"?

onsdag 10. mai 2006

Staten forsyner seg

Staten gir og staten tek, heiter det, men eg trur me stryk 'gir'. Har akkurat fått purring på årsavgifta for bil og blir eitrande forbanna når eg ser korleis den allmektige staten oppfører seg. Der sjølv dei grådigaste kapitalistane gir deg ein sjanse til å gjera opp om du har gløymt den første fristen, slår staten kloa i deg med det same og gir deg ei saftig bot på toppen.

Fristen for innbetaling var 20. mars, purringa kom 9. mai. I den tida som har gått, vel ein og ein halv månad, hadde tollvesenet hatt god tid til å sjekka om innbetalinga var kommen, og så leta nåde gått for rett. Men nei, her er det inga tilgiving.

For sikkerheits skuld har Tollvesenet heimel til slik framferd i lover vedtekne av Stortinget. Det er smart, for då er dei i praksis uangripelege. Dei slepp å komma inn under vanlege lover for kjøp og sal og slepp unna brysame forklaringar på urimelege rutinar. Dei kan berre visa til Stortinget - og det er det dei gjer når eg kontaktar dei.

Eg tykkjer denne saka viser med all muleg tydelegheit kvifor Framstegspartiet no er det største partiet i landet. Så langt har eg ikkje registrert andre parti som synest at staten i mange tilfelle er vorten for mektig og tek seg til rette. Tvert om synest det som om dei andre partia vil ha det slik. Så me får som fortent...