torsdag 31. desember 2015

Klassiske bilar med jubileum i 2015

Alpina - BMW-foredlaren

Klassisk Alpina lettmetall-felg. Kanskje er felgane det som
er mest kjent med Alpina. (Foto: www.e60-forum.de)
I det 2015 ebbar ut, er det på sin plass å markera nokre viktige bilhistoriske jubileum. Eit par av dei skulle vore markerte i fjor (2014), men det forsømde eg.

I 1965 starta Burkhard Bovensiepen eige selskap. Faren hadde drive eit firma som laga skrivemaskiner med namnet 'Alpina'. Sonen ønskte å ta med produktnamnet vidare, men var berre interessert i bilar (seinare også vindyrking).

Han starta med å modifisera nye BMW-modellar frå den tida, men frå slutten av 1970-åra starta firmaet å laga eigne bilar med BMW-modellar som utgangspunkt. Etter kvart bygde dei også opp eit eige forhandlarnett av utvalde BMW-forhandlarar. Den første BMW Alpina-modellen var ein B6 2.8 - ein BMW 3-serie som kom med modifisert motor og Alpina-dekor som skulle bli så kjent (blå og grøn dekor langs sidene, og dei spesielle Alpina-felgane).

BMW Alpina B6 2.8 - den første eigenproduserte modellen
frå Alpina. Legg merke til klassiske Alpina-felgar og -dekor.
(Foto: www.100octane.de)
Alpina har hatt, og har framleis, eit tett og godt samarbeid med BMW, noko som har vore heilt avgjerande for eksistensen. Det er lett å tenkja seg at Alpina kunne vorte ein konkurrent til dei dyraste modellane frå BMW, men dei har klart å manøvrera seg inn i ei nisje der det er har vorte ein vinn-vinn-situasjon. Alpina har delvis skapt nisja sjølve, utan at dei har teke nemneverdige delar av BMW-salet. Tvert om har dei styrka BMW-profilen ved å utvikla bilar som i utgangspunktet har vore gode, til heilt spesielle luksus-sportsbilar. Det er kombinasjonen av luksus/komfort og sportslege køyreeigenskapar som er Alpina sitt varemerkje.

Den fremste konkurrenten til Alpina kunne fort vorte BMW sin eigen M-sport. Denne feirer 40 år i år, med etableringa i 1975. Mange firma har etablert seg med liknande forretningsidé som Alpina, som vidareforedlar/tuningekspertar av kjende bilmerke og -modellar. Namn som Abarth, AC Schnitzer, Brabus, Hamann og Irmscher kling godt hjå bilentusiastar. Premium-merka (BMW, Mercedes og Audi) har alle spesielle versjonar av enkelte modellar, enten utvikla innomhus eller i samarbeid med andre firma. AMG var lenge ein kjend Mercedes-foredlar, og vart til slutt overteke av Mercedes og innlemma som ein parallell til BMW sin M-sport. Audi har også si S-linje av sportslege utgåver av standardmodellar, igjen etter mønster av M-sport.

Alpina-historia er godt dokumentert av James Taylor
Men det er BMW M-sport som er stjerna; dei har opparbeidd seg eit renommé som ingen andre. Det som skil M-sport og Alpina er først og fremst luksus og komfort. M-sport er som namnet indikerer motorsport, med vekt på foredling av motor og understell til meir sportsleg karakter. Alpina har som tidlegare nemnt ein tilleggsdimensjon i luksus og komfort, og har difor klart å unngå direkte konkurranse med BMW M-sport.











BMW 3-serie

Den første 3-serien, ein 316.
Storbrødrene 320i og 323i hadde doble lykter.
(Foto: Wikipedia)
Den første 3-serien, BMW 316 (E21).
Storebrødrene 320i og 323i hadde doble lykter.
(Foto: Wikipedia)
BMW 3-serie kom i 1975 med BMW 316 og er den største enkeltsuksessen i BMW-historia. 3-serien avløyste 02-serien (klassiske 2002, og dei mindre motorvariantane 1802, 1602 og 1502). Internt, og blant BMW-kjennarar, hadde den modellnamnet E21.

Dei firesylindra motorane i 316 og 318 (og 315) vart supplerte med den kjende 6-sylindra rekkemotoren i 320i, 323i og seinare 328i. Det fanst også ein firesylindra 320i, og eg hadde ein slik bil midt på 1980-talet :)

Til saman har det komme 6 modellar av 3-serien sidan 1975:

E21 (1975 - 1983)
E30 (1982 - 1994, her kom også den første, legendariske M3-modellen)
E36 (1990 - 2000)
E46 (1998 - 2007)
E90 (2005 - 2013)
F30 (2012 - )

Av desse har eg eigd ein E21, to E36 og ein E46. Alle har sine personlege favorittar, men om eg fekk velja fritt blant 3-serien til alle tider, trur eg førstevalet ville vorte den originale E30 M3, og etter det M3-versjonen av E46 (kanskje M3 CLS).

Ford GT40

Ford GT40 - eit ikon! Her i Gulf-fargar
(etter oljeselskapet). Foto: Wikipedia
Så kjem det ei forseinka jubileumshelsing, til Ford GT40. Den såg dagens lys i 1964, og skulle vore feira i fjor.

Ford GT40 er kanskje den største racing-suksessen i Ford-historia, i alle fall i Europa. Den første versjonen i 1964 vart ingen suksess, det var mykje problem med bilen. Så mykje problem at bilen vart sendt til Caroll Shelby, mannen bak klassikarar som Shelby Mustang GT-500 og AC Cobra. Shelby fekk skikk på bilen og i 1965 kom den første seieren. Det var likevel åra 1966-69 som skulle bli dei store.

Kollisjon mellom Ford og Ferrari
Historia bak konstruksjonen av bilen er veldig spesiell. Ferrari-boss Enzo Ferrari tok kontakt med Ford og lufta idéen om sal av selskapet til Ford. Ford sette i gang undersøkingar av Ferrari, men då det viste seg at Ferrari ikkje kunne delta med eigne bilar i Indy 500-løpet på grunn av Ford, var Enzo Ferrari forbanna og kutta alle samtalar. Det gjorde Ford-sjefen Henry For II minst like forbanna, og han gav teknikarane sine beskjed om å laga ein sportsbil som kunne knusa Ferrari.

Seier i Le Mans fire år på rad
Bilen vart Ford GT40; bygd i England, men med amerikansk V8-motor. Namnet GT40 kom av at bilen berre var 40 tommar høg (rundt 102 cm!). I versjon II, som vart starten på den suksessrike perioden, hadde den ein 7-liters V8-motor. Bilen tok først dei tre første plassane i Daytona-løpet, deretter skjedde det same i 12-timarsløpet i Sebring, før det heile vart krona med plass 1, 2 og 3 i Le Mans! Og så vart det seier i 1967, 1968 og 1969 i Le Mans. Snakk om hevn frå Ford si side!

Som ein del av 40-årsfeiringa og markeringa av eit av dei største ikona i Ford-historia, vart Ford GT presentert i 2004. Opprinneleg skulle den ha hatt namnet Ford GT40, men krangel over lisensiering av namnet gjorde at Ford berre kalla den GT. Den er i det ytre veldig lik originalen, men noko høgre. I GT40 måtte sjåføren liggja bakoverlent for å få plass! Rånarar hadde sikkert ikkje hatt noko i mot køyrestillinga, men for andre vart det ubehageleg.

Ein heilt ny Ford GT er planlagt til neste år (2016). Så får me sjå om GT40-namnet dukkar opp att; det er nemleg eit nytt firma som har opphavsretten, så Ford kan forhandla på nytt. Så kan ein jo spørja seg kvifor i all verda dei gav frå seg det namnet! Berre ein av mange dumme ting Ford har gjort opp gjennom åra..

VW Golf

Den originale Golf-en, her i GTI-versjon
(Foto: Wikipedia)
Den originale Golf-en, her i GTI-versjon
(Foto: Wikipedia CC BY-SA 3.0)
Den første Golf-en var klar i 1974 og hadde 40-årsjubileum i fjor. Eg er difor eit år for seint ute også her, til liks med Ford GT40.

VW Golf representerer kanskje det største enkeltframsteget nokon bilmodell har hatt. Den skulle avløysa suksessen VW-bobla, og det var meir enn dristig å gjera ei så radikal endring. Den nye modellen hadde absolutt ingen ting til felles med forgjengaren, anna enn 'VW'-symbolet. Der bobla var basert på tenknologi og design frå ca. 1940 (1939 for å vera nøyaktig), representerte Golf det moderne. Formgjevar var Giorgio Giugiaro, sannsynlegvis den fremste bildesignar me har hatt.

Bilen hadde tverrstilt, 4-sylindra rekkemotor og hadde difor veldig god plassutnytting. Tverrstilt motor var ikkje ein VW-innovasjon; det var Sir Alex Issigonis som stod bak innovasjonen framhjulsdrift kombinert med tverrstilt motor i legendariske Morris/Austin Mini, seinare berre kjent som Mini.

Golf er kanskje bilverdas største modellsuksess og det er så langt produsert over 30 millionar av den! Dagens modell er den sjuande i rekkja og har spennande variantar som hybrid-modellen GTE og den reint elektriske e-Golf.



søndag 27. desember 2015

Gjeld - dei 5000 første åra

Debt - The First 5,000 Years
I begynnelsen var... gjeld!
Det er essensen i David Graebers monumentale skrift over utviklinga av gjeld dei siste 5000 åra. Det betyr at han startar med den sumeriske kulturen 3000 år f. Kr. og endar med den førebels siste gjeldskrisa i 2008/2009.

Boka er også eit definitivt oppgjer med den seigliva myten om byttehandel som opphavet til pengar. Det er ein myte som går att i alle økonomiske lærebøker, men som mange antropologar har hevda ikkje stemmer med det ein veit om tidlegare kulturar og samfunn.

Antropologi
David Graeber er sjølv sosialantropolog med økonomisk antropologi som spesialområde. Han er fødd i USA og har utdanninga si der, og han hadde også ei stilling ved Yale University. Han fekk likevel ikkje fast stilling der, noko som skapte mykje oppstyr. Han fekk støtte frå ei rekkje antropologar i den saka. Sidan 2008 har han halde til i England og er no professor ved London School of Economics. Han vart nok for radikal for dei amerikanske universiteta..

"We are the 99 percent"
Graeber var ein sentral del av Occupy Wall Street-aksjonane i 2011 og har fått æra for slagordet "We are the 99 percent".

Gjeld som grunnlag for det meste
Boka "Debt - The First 5,000 Years" tek som tittelen seier, for seg historia til gjeld. Graeber spenner opp eit stort lerret og trekkjer inn mange aspekt. Han viser kor sentralt omgrepet 'gjeld' har vore til alle tider, og dei dramatiske konsekvensane det har hatt. Gjeld har vore grunnlag for liveigenskap og slaveri, og sal av kropp og sjel. Det er ikkje rart omgrepet også har vore sentralt i filosofi og religion.

Religion og gjeld
Alle dei store religionane har omtale av gjeld, og særleg (åger)renter. Det blir i grunnen ikkje skilt på ågerrente og rente. Islam er kanskje mest kjent for forbodet mot å krevja renter, men også Bibelen (det gamle testamentet) og Tora-en/Talmud har tekstar som indikerer eit forbod. For dei to siste har det likevel opp gjennom tidene vorte tolka og fortolka slik at ein har funne vegar rundt forbodet. I kristendommen vart det tolka som at ein kunne krevja renter frå framande, i jødedommen var det ok å krevja renter frå alle ikkje-jødar (Gentiles). Islam er difor den einaste av dei store religionane som framleis har eit forbod mot å krevja renter for lån.

Jødar vart utestengde frå nesten all anna næring enn pengeutlån, og vart dermed på sett og vis tvinga" inn i bankverksemd.

Gjeld for 5000 år sidan
Dei første kjende nedteikningane av gjeld finn me hjå sumerarane. Dei hadde eit velutvikla handelssystem basert på kreditt, og brukte leirtavler til å halda styr på kven som skulda kva. Dette var 2-3000 år før pengar vart "oppfunne". Kreditten er det som på moderne økonomispråk blir kalla IOU (I owe you). Så fort slike IOU startar å skifta hender, får me eit pengesystem basert på kreditt.

Aksial tidsalder (800 f. Kr - 600 e. Kr.)
Etter å ha drøfta bruken av kreditt i det sumeriske samfunnet, brukar Graeber følgjande inndeling:

  1. Aksial tidsalder (800 f. Kr. - 600 e. Kr.)
  2. Middelalderen (600 e. Kr. - 1450)
  3. Tida for dei store kapitalistiske imperia (1450 - 1971)
Den aksiale tidsalderen har fått namnet sitt frå samanhengen mellom tre område og tre viktige personar: 

Hellas - India - Kina
Pythagoras - Buddha - Konfusius

Desse tre sette sitt stor preg både på eigne samfunn og etter kvart samfunn over store delar av verda.
I denne tidsalderen vaks alle dei store filosofiske og religiøse retningane fram.

Dei første pengane
Det var også i denne tida dei første myntane vart laga. Det skjedde i kongeriket Lydia (no ein del av Tyrkia) rundt år 600 f. Kr. Dei første myntane var av elektrum som er ei blanding av sølv og gull som finst naturleg. Klumpane var hamra flate og forsynte med inskripsjonar. India og Kina følgde fort etter i myntdanning: Det var private aktørar som starta opp, men det vart fort monopolisert av styresmaktene (= Kongen/Keisaren).

Krig = pengar
Bruken av myntar hengde tett saman med krigføring. Kongen måtte lønna (leige-)soldatane, og det skjedde helst med myntar. Handel i små samfunn der alle kjende alle, skjedde stort sett med kreditt, men handel med framande skjedde gjerne med myntar. Det siste var mest praktisk, for ein kunne ikkje stola på at ein framand kom til å gjera opp for seg.

Krig og våpenmakt har til alle tider vore grunnlag for stort pengeforbruk og mykje gjeld. Kongar har til alle tider sett seg i stor gjeld for å kunna rusta ut hæren og gå til krig. Det har også vore ein klar samanheng mellom militær aktivitet - myntdanning ("coinage") og slaveri.

Middelalderen (600 e. Kr. - 1450)
Middelalderen har fått eit ufortent dårleg rykte. "Den mørke middelalderen" er eit velkjent uttrykk, men altfor lite nyansert. Store rike gjekk i oppløysing i denne tida, ikkje minst Romarriket, og mange store byar gjekk også i oppløysing. Med dei store imperia forsvann også dei store arméane, og med dei forsvann også pengar i stor grad. Pengar var som tidlegare nemnt, sterkt knytte til militære aktivitetar og først og fremst brukt til å lønna soldatar. Men det betydde ikkje ein retur til byttehandel, som mange økonomar feilaktig sluttar. Pengar vart reduserte til måleeining ("unit of account"). Middelalderen representerte ein overgang frå fysiske til virtuelle pengar.

Worst of times, best of times
Katastrofar og vekst gjekk hand i hand. Svartedauden prega store delar av Europa, men ikkje alt var svart: "It was the worst of times, it was the best of times". I kjølvatnet av katastrofar som Svartedauden vart det etter kvart også gode vilkår for dei attlevande.

Kulturlivet var til dømes på det høgste  ved inngangen til 1500-talet i England. Vanlege folk fekk relativt god råd, og det vart laga lover som forbaud folk flest å kle seg i silke og hermelin (!). Talet på høgtids- og festdagar var "all time high", og så mykje som mellom ein tredjedel og halvparten av alle dagar i året var festdagar!

Han-dynastiet og byråkrati
Av dei tre rika i den aksiale tida; Hellas/Midt-Austen, India og Kina, var det berre det kinesiske imperiet som overlevde. Han-dynastiet har regjert nesten uavbrote i over 2000 år. Ein viktig del av suksessen var oppbygging av eit svært omfattande byråkrati. Som Max Weber sa: Så fort ein får etablert eit effektivt byråkrati, er det omtrent umuleg å bli kvitt det!

Han-dynastiet var bygt på den konfusianske filosofien: pro-marknad, men anti-kapitalistisk. Det er noko som har følgt Kina heilt fram til i dag.

Idéen om den frie marknaden og "den usynlege handa" var heller ikkje framand i den muslimske verda. Det blir referert til Muhammed som nekta å gripa inn og regulera (setja ned) prisane for det var opp til Allah å bestemma prisar. Ein viktig grunn til at handelsverksemd og marknader generelt fungerte så bra i den muslimske verda, var i stor grad den sjølvpålagde avvisinga av renter på lån. Dermed kunne "kapitalismen" styra seg utan særleg innblanding frå staten, utan at den gjekk heilt over styr.

Tida for dei store kapitalistiske imperia (1450 - 1971)
Etter Middelalderen vart det igjen ein retur til fysiske pengar. Framveksten av bankverksemd skjedde særleg i Italia, frå 1100 og framover. Men den første sentralbanken vart oppretta i England, i 1694. Den vart skipa av 40 handelsmenn baserte i London og Edinburgh. Som så ofte før, var det kongen sine krigsaktivitetar som var grunnen til behovet for meir pengar. Dei 40 handelsmennene lånte kongen 1,2 mill. pund til krigen mot Frankrike. Det er ein sum som enno ikkje er tilbakebetalt. Den moralske slutninga "One has to pay one's debt" gjeld tydelegvis ikkje for alle.

Økonomi som naturvitskap
Som motyting mot dei 1,2 mill. punda fekk Bank of England monopol på trykking av papirpengar. Men det var Royal Mint som laga myntar, og det var stor mangel på myntar i 1690-åra. Isaac Newton (ja, han med eplet..) var Ward of Mint, og rådgjevaren hans var filosofen John Locke. Trass i mange oppfordringar om å frigjera seg frå ibuande verdi på myntar ("intrinsic value"), heldt Locke fast på at verdien av myntar var urokkeleg knytt til verdien på dei underliggjande edle metalla. Det passa godt med den naturvitskaplege haldninga både han og Newton hadde, der dei prøvde å basera økonomiske lover også på naturvitskapleg argumentasjon. Pengar kan ikkje skapast, dei finst i naturleg form som sølv og gull, var argumentet.

Aristoteles og pengar
Det er interessant å sjå at Aristoteles sa at "pengar er ein sosial konvensjon - pengar er det ein vil at pengar skal vera". Det lyder veldig moderne, og var sikkert radikalt på si tid. Først etter 1971 vart det ei universell sanning verda over. Han var ikkje så dum Aristoteles.. ;)

Kapitalismens forbanning
Kapitalisme var eit omgrep skapt av sosialistane, og refererte til kapitaleigarane si "utbyting" av arbeidskraft. Som Graeber seier om kapitalismen:
It is the secret scandal of capitalism that at no point has it been organized primarily around free labor
Idéen om ein fri arbeidsmarknad er i følgje han ein illusjon.

Pengar skapte av byttehandel? Not!
Ein annan illusjon, som boka og denne meldinga startar med, er at pengar har opphav frå byttehandel. Skotten Adam Smith, professor i moralfilosofi ved universitetet i Glasgow, må ta mykje av skulda for dette. I boka "The Wealth of Nations" skriv han om problemet med "double coincidents of needs", noko han elles har henta frå den persiske tenkjaren Ghazali (1058 - 1111) - i tillegg til idéen om marknaden styrt av den usynlege handa.

Smith skriv om slaktaren, bryggjaren og bakaren som alle har meir varer enn dei treng, og som treng andre varer, og som dermed er avhengig av noko som heiter pengar for å få til varehandel. Problemet er berre at dette er ein fiksjon. Arkeologar har heile tida sagt at det ikkje finst hald i at slike samfunn har eksistert! Dei har berre eksistert som ein modell, og modellen har etter kvart vorte ein objektiv realitet, og den har funne vegen inn i alle økonomiske lærebøker.

Nixon-sjokket
Den 15. august 1971 kunngjorde president Richard Nixon at koplinga mellom dollar og gull var oppheva, og at dollaren skulle flyta fritt. Fram til då kunne andre statar veksla inn amerkanske dollar mot ein fast gullpris på $35 pr. unse. Prisen på gull gjekk til himmels straks, og den steig til over $600 pr. unse. Utover det, skjedde det i grunnen lite. At pengar til slutt gjekk over til å bli ein sosial konvensjon, som alt Aristoteles hadde sagt, skapte inga stor endring i seg sjølv. Men det vart starten på ein langvarig epoke med inflasjon.

One has to pay one's debt (viss du ikkje er veldig stor..)
Amerikanske dollar er verdas reserve-valuta ("reserve currency") og har gitt USA ein fordel utan sidestykke. Andre statar med reservar i US dollar kan stort sett berre bruka desse til å kjøpa amerikanske statsobligasjonar. USA låner dermed pengar frå heile verdssamfunnet, og det beste/verste er at alle veit at desse pengane ikkje kan/vil bli tilbakebetalte! "One has to pay one's debt" gjeld ikkje alle..
Og igjen er det militærmakt som ligg  bak det heile.

Men på same tida insisterer USA, gjennom m.a. IMF og Verdsbanken, at andre land skal overhalda gjeldsforpliktelsane sine gjennom stram pengepolitikk. Seinast under Hellas-krisa har dette vorte eksteremt synleg: Tommeskruen som er sett på Hellas er i stor grad for å redda lån frå europeiske bankar; lån som dei visste hadde høg risiko. Det er heilt øydeleggjande for kapitalismen at slikt skjer; det er faktisk veldig viktig at enkelte lån ikkje blir betalte tilbake, elles blir risikovurdering ein bløff.

Aktivisten Graeber
I siste delen av boka er det aktivisten David Graeber som fører ordet. Han var som nemnt, sentral i Occupy Wall Street, og det er desse idéane som dominerer dei siste sidene. På ein måte er det ikkje vanskeleg å vera einig med han, men på ei anna side skjemmer det litt det elles grundige inntrykket boka gir. Det blir litt for mykje synsing/politikk, i skarp motsentnad til den grundig dokumenterte hovuddelen av boka.

Perfekt timing
Graeber er kanskje ikkje stoverein for store delar av USA, men boka hans var perfekt i timing og han har fått stor og velfortent merksemd om den. Om ikkje anna har han klart å slå ein kile i den økonomiske sanning aom opphavet til pengar. Når Bank of England i ein serie om pengar snakkar om at det opphaveleg vart bytt varer med kreditt (IOU), føler Graeber med rette at han har fått bra gjennomslag.

onsdag 16. desember 2015

Den andre maskinalderen

"Den andre maskinalderen"
Kva blir det neste store, den neste store "hype"-en, etter Big data? Det er ganske trygt å spå at det blir radikal automatisering og robotifisering av stadig fleire område. Boka "The Second Machine Age" av Erik Brynjolfsson og Andrew McAfee, begge ved MIT, er i så måte sentral og dannar opptakten til denne bølgja.

Den første maskinalderen er i følgje forfattarane innføringa av maskiner i den industrielle revolusjonen. Andre brukar Industri 4.0 som merkelapp på dagens utvikling; der første generasjon var den dampmaskiner og industriell revolusjon, andre gen. var elektrisiteten, tredje gen. innføringa av datamaskiner og fjerde gen. automatisering og robotifisering.

MIT Sloan School of Management
Brynjolfsson og McAfee arbeider som sagt begge ved MIT; Brynjolfsson som professor ved Sloan School of Management der digital økonomi og strategi er hovudområdet hans. McAfee har også jobb ved Sloan School of Management og har om lag same forskingsfelt som Brynjolfsson. Dei har tidlegare skrive boka "The Race Against the Machine" - om det same temaet og også det ein bestseljar.


Status for automatisering/robotifisering
"The Second Machine Age" kom ut i 2014 og har som mål å visa status på området som kan kallast radikal automatisering, eller også kunstig intelligens. Det siste begrepet, Artificial Intelligence (AI), har likevel ein litt emmen smak. Det kjem både av forsøket på å gi maskiner den svært menneskelege evna intelligens, og også at sist AI var i vinden, på 1970- og 80-talet, gjekk det ikkje så bra. Sentrale talspersonar for AI som Marvin Minsky og andre, gjorde kanskje meir skade enn nytte på området. AI-entusiastane vart også kraftig imøtegått av mellom andre professor i filosofi ved University of Berkeley, Hubert Dreyfus ("What Computers Cannot Do - The Limits of Artificial Intelligence"/"What Computers Still Cannot Do - A Critique of Artificial Reason") og  professor i matematisk fysikk, Roger Penrose ("The Emporer's New Mind").

Kunstig intelligens; begrep med bismak
Ein viktig grunn til at AI nærmast skaut seg sjølv i foten, var den overdrivne trua på at menneskelege eigenskapar lett kunne overførast til maskiner. Det beste eksempelet er forståing av naturleg språk (Natural Language Processing - NLP). På 19 50-talet meinte mange at det berre var spørsmål om kort tid før det problemet var løyst. Det skulle visa seg å ta 50-60 år før ein var i nærleiken av målsetjinga frå den tida. Men når gjennombrotet etter kvart kom, etter mange tiårs arbeid, har framgangen vore stor, og NLP er i dag ikkje eit mysterium, men i ferd med å bli ein realitet. Maskiner kan oppfatta og "forstå" vanleg språk, og det er i ferd med å bli hyllevare (talegjenkjenning i mobilar, diverse oversetjingsprogram).

Teknologi-kompetanse?
Som nemnt, er ikkje forfattarane direkte teknologar, og har ikkje kompetansen sin innan den underliggjande teknologien dei skriv om. Eg tykkjer det pregar boka og svekkjer den. Eg har ikkje problem med å sjå at forretningsprosessar og påverknaden på dagens jobbar er det mest interessante ved den teknologiske utviklinga, men analysane som må liggja til grunn treng grundig forståing av den grunnleggjande teknologien. Og her tykkjer eg eksempla viser at dei kanskje ikkje har den djupe forståinga av teknologien som er nødvendig. Boka er skriven i eit lett forståeleg, lite akademisk, språk, men er rikeleg utstyrt med referansar. Dei er likevel for det meste til økonomar, og i mindre grad teknologar innan området dei skriv om. Det er difor dei delane av boka som handlar om økonomi og forretningsprosessar som er mest overtydande.

Dei fleste omtalane er positive
Litt svake eksempel
Eksempla blir i stor grad knytte opp til IBMs Watson og Googles sjølvkøyrande bilar. Det ville vore interessant å få eit betre og djupare innblikk i "cutting edge" innan djup maskinlæring, nevrale nettverk, kunstig intelligens osv. Etter å ha lese boka, sit eg ikkje med ein slik oversikt. Men eg er relativt einsam i kritikken av boka; den har vorte hylla av dei fleste og av Amazon sine 412 omtalar er det berre 15 % som gir tre eller færre stjerner. Enkelte som gir boka litt færre stjerner, peikar på at mykje av innhaldet står i boka "Race Against the Machine". Det er dessverre ikkje uvanleg å resirkulera, enten det gjeld bøker eller vitskaplege artiklar..

Eksponensiell utvikling drivkrafta
Hovudbodskapen i boka er den nye automatiserings-bølgja som er på gang og kva den vil få å seia for ei lang rekkje jobbar. Dei legg stor vekt på den eksponensielle utviklinga ved teknologien og hevdar at det er først dei siste åra kurva har begynt å bli brattare. Og me veit korleis ei eksponensiell utvikling er, jf. (vandre-)historia om oppfinninga av sjakkbrettet og belønninga til oppfinnaren (starta med eitt riskorn i første ruta og ville ha ei dobling for kvar rute på brettet).

Moravecs paradoks
Eitt av paradoksa innan robotteknologi er at det som i utgangspunktet verkar enkelt, er vanskeleg å få til, og omvendt. Som mannen bak paradokset, Hans Moravec, formulerte det:
"It is comparatively easy to make computers exhibit adult level performance on intelligence tests or playing checkers, and difficult or impossible to give them the skills of a one-year-old when it comes to perception and mobility."
Det er altså relativt sett lettare å konstruera verdas beste sjakkspelar enn å laga ein robot med like avanserte rørsler og sansing som ein eitt-åring. Dette har ført til ein del feilslutningar i kva type jobbar som blir trua i nær framtid. Det er ikkje nødvendigvis alle lågtlønnsyrke med mykje manuelt arbeid som er i størst fare. På grunn av dei vanskelege motorikk- og sanseutfordringane kan mange slike jobbar (t.d. gartnar, snikkar, røyrleggjar ++) bli vanskelege å fullautomatisera. Derimot vil mange kognitivt prega jobbar ("kontorjobbar") bli trua i nær framtid. For nokre dagar sidan hadde Dagens Næringsliv eit oppslag der det stod at om ikkje lenge ville maskiner vera ein del av styre og leiing i bedrifter. Det kan sjølvsagt diskuterast, men det peikar i den same retninga: såkalla intelligens-tunge arbeidsplassar kan fort bli utfordra av den teknologiske utviklinga me ser no.

Automatisering ≠ Robotifisering
Når me går inn i "automasjons-alderen" er det lett å tenkja i retning av robotar, som R2D2. Men automatisering og "intelligente" maskiner handlar om langt meir enn robotar. Bitcoin er eit godt eksempel. Det er eit system og ei plattform som har potensial, for ikkje å seia sprengkraft, til å eliminera heile bransjar gjennom automatisering av eigarskap, dvs. automatisering av å bevisa eigarskap. Denne typen teknologiutvikling fell også inn under den kraftige automatiseringsbølgja som vil skylla over oss i den nærmaste tida.

Mi eiga vurdering av boka
Framtida er rosenraud?
Svaret frå Brynjolfsson og McAfee på dei utfordringane dei sjølve omtalar, er at menneska må læra seg å leva med maskinene, ikkje kjempa mot dei. I ei lett romantisk avslutning ser dei for seg ei framtid der menneske og maskin får det beste ut av kvarandre. Vel, vel...

fredag 27. november 2015

Beyond Bitcoin - NOKOBIT 2015

Ålesund sett frå byfjellet Aksla
Denne veka vart NOKOBIT 2015 arrangert i Ålesund, med Høgskulen i Ålesund (snart del av NTNU) som vertskap. NOKOBIT står for Norsk konferanse for organisasjoners bruk av IT og er ein av to norske vitskaplege konferansar for IKT. Den andre er NIK - Norsk informatikk-konferanse og dei to har vore samlokaliserte frå 1999. NOKOBIT starta i 1993 medan NIK starta i 1988. Skilnaden på dei to konferansane er at NOKOBIT har ei meir samfunnsfagleg tilnærming medan NIK er meir "hardcore" IT.

40 bidrag, 26 godkjende
Årets NOKOBIT fekk inn 40 artiklar til vurdering og 26 av dei vart godkjende for presentasjon på konferansen og publisering i Bibsys Open Journal. I desse tala er også 10 artiklar (6 godkjende) til "underkonferansen" UDIT - Utdanning og didaktikk i IT-fag. Alle godkjende artiklar er tilgjengelege på nettet sidan det er open access publisering.

Beyond Bitcoin
Sjølv leverte eg artikkelen "Beyond Bitcoin - Public Sector Innovation Using the Blockchain Technology". Artikkelen er eit forsøk på å visa at Bitcoin kan ha eit stort potensial også i offentleg sektor. Presentasjonen av artikkelen finst i slutten av dette innlegget.

Propellar er ein viktig del av det Rolls-Royce produserer
Fin form
NOKOBIT er ein fin konferanse av fleire grunnar. For det første er forma fin, med ca. 18 min. til presentasjon av artikkelen, 7 min. til oppnemnd diskutant og dei siste 5 minuttane til spørsmål frå salen. Særleg ordninga med oppnemnd diskutant er god, for då får ein meir gjennomtenkte kommentarar og spørsmål. Det kan vera kritiske spørsmål, men det heile føregår i ein vennleg atmosfære.

NOKOBIT krev heller ikkje opphavsrett til artiklane slik at det er lettare å arbeida vidare med dei med tanke på publisering i andre kanalar (andre konferansar og/eller i tidsskrift). Artiklane har stort sett vore tilgjengelege på nettet, og når dei no blir publiserte som open access, er dei sjølvsagt tilgjengelege på nettet.

Første byggjetrinn av Norsk maritimt kompetansesenter (NMK)
(Foto: Norsk maritimt kompetansesenter)

Norsk maritimt kompetansesenter (NMK)
Med Høgskulen i Ålesund som vertskap var det naturleg at det maritime stod på dagsorden. Tysdag kveld var det omvising i NMK, og det dei har fått til der er berre imponerande. Viss du har sjansen til det, bør du ta deg eit besøk. Senteret har mange besøkande; siste året var det over 30 000 innom.

Det er eit høgteknologisk senter med ei mengd simulatorar. Det "lukta" oljepengar lang veg, og det er klart oljeindustrien har vore viktig for oppbygging og drift av senteret, i lag med maritime krefter. Senteret har også ekportert teknologien til fleire andre stader i verda og dei er veldig internasjonalt orienterte. Og dei driftige sunnmøringane har ikkje tenkt å stoppa med dette. Byggjetrinn to er i gang, ei utviding med 15.000 m2 til ein pris av ein halv milliard kroner.

V12-motor på 57,2 l (!) og 1770 hk
(det er 4,76 liter pr. sylindar..)
Besøket på senteret omfatta også Rolls-Royce som har Rolls-Royce Training and Technology Center ved NMK. Her var det meir tradisjonelt skipsutstyr som propellar, motorar, anker-handtering m.m. Imponerande det også, men meir på det mekaniske området enn det digitale.



fredag 20. november 2015

Oslo Bitcoin Meetup 20.11.15


Etter ei stund i dvale har Stein Håvard Ludvigsen drege i gang att aktiviteten i Oslo Bitcoin Meetup og på kveldens møte på Ophelia Bar & Club var det 30-40 interesserte deltakarar. Det er framleis eit stykke att til "all time high" i juni 2014, då eg sist var innom denne gruppa. Den gangen var det rundt 100 deltakarar! Men det er positivt at aktiviteten aukar og at stadig fleire deltek.

Bitcoin og blålys
Kveldens program starta med Anders Relling frå Kripos som snakka om "Bitcoin og blålys". Han fortalde om ulike utfordringar med Bitcoin, og også om brukarproblema som av og til resulterte i at kriminelle kompromitterte seg (sende frå seg den private nøkkelen for eksempel..). Politiet ser ikkje på Bitcoin som eit stort problem i dag; vanlege kontantar er "langt verre". Men dei ønskjer å setja seg meir inn i teknologien og ønskjer også å få hjelp frå Bitcoin-samfunnet der dei ser det er mykje kompetanse.

Anders klarte å provosera forsamlinga nok til at det vart mykje og god diskusjon. Det er veldig bra at politiet stiller på ein slik arena og inviterer til dialog, og diskusjonen viste at det er eit stort behov for denne type møte og at det er fleire tema som bør takast opp att i større breidde. Eg kan berre nemna personvern-problematikken og skilnaden mellom anonymitet og sikkerheit som eit par av dei. Det er bra å sjå at politiet har slike som Anders, som klarer å ha eit balansert syn på teknologien trass alt.

Bankane på glid
Neste ut var Terje Sletbak frå Bankenes Standardiseringskontor (BSK). Han fortalde først om kva BSK sitt arbeidsområde og så om eit initiativ dei har sett i gang for å auka kompetansen i finansnæringa på den nye teknologien Bitcoin. Han var ganske klar på at dette er ein teknologi bankane må ta på alvor, på same tida som han på linje med dei fleste andre i finanssektoren framheva blokk-kjeda som det interessante og bitcoin-valutaen som den brysame. Dette skapte naturleg nok diskusjon. Det positive er at BSK har teke eit initiativ til å løfta finans-Norge ut av teknologi-dvalen. Det er på høg tid norske miljø engasjerer seg i denne teknologien. Me risikerer elles Nokia-effekten: Me har verdas beste betalingssystem, så kvifor skal me bry oss om den nye teknologien?

Bitcoin-utdanning
Til slutt orienterte eg litt om kurs-mulegheiter innan Bitcoin. Du kan ikkje læra om Bitcoin på norske lærestader, dessverre. Du må oppsøkja utanlandske lærestader og nettbaserte kurs. Det finst nokre av dei, men ikkje veldig mange. I Sogn og Fjordane er me no i gang med eit prosjekt for å få til ei næringsretta IT-utdanning ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Dersom den utdanninga blir ein realitet, kan eg nærmast garantera at Bitcoin(-teknologi) står på studieplanen!

Her er presentasjonen:



torsdag 12. november 2015

Sparebankane og Bitcoin - ei interessant kopling

Utsikt frå Solstrand Hotel og Bad
Foto: Linda H. Knudsen (CC BY-NC-ND 2.0)
Vestnorsk sparebanklag er ein organisasjon som samlar sparebankar på Vestlandet eit par ganger i året. Dei har ein årleg haustkonferanse og eit årsmøte kombinert med studietur om våren. Haustkonferansen er som regel på Solstrand Hotel og  Bad i Os utanfor Bergen. I år stod mellom anna Bitcoin på programmet og var invitert til å snakka om "Bitcoin og den nye digitale valutaen - bør bankane bli redde?". Det var eit interessant seminar og ei interessant samling bankfolk; både  banktilsette og styrerepresentantar og det vart mange interessante diskusjonar.

Korleis forklara Bitcoin?
Den store utfordringa er: Korleis forklara Bitcoin til nokon som ikkje har peiling på kva det er? Det er ikkje ei lett oppgåve. Det blir som å skulla fortelja ein kusk på slutten av 1800-talet at det er har komme noko nytt som heiter automobil og som kjem til å erstatta hesten. Og denne automobilen skal ikkje ha høy, men raffinert olje! Bitcoin bryt med det meste av det bankfolk arbeider med og kjenner, og er difor ganske fjernt for dei. Nesten alle hadde høyrt om Bitcoin før, men ingen av dei hadde prøvd ut teknologien! Eg oppfordra dei til å lasta ned ei Bitcoin-lommebok og prøva det ut; det er lettare å forstå det på den måten enn gjennom eit foredrag.

Sparebank 2.0?
Eg har stor sans for, og tru på, sparebankane. Dei er dei "ærlege" bankane, sjølv om mange av dei også er smitta av storskala-galskapen og iveren etter kortsiktig profitt gjennom spekulative instrument. Men mange av deltakarane på konferansen kom frå små sparebankar; bankar som er svært viktige i lokalmiljøet, både for utvikling og som sponsar av kulturliv med meir. Dei har framleis det kooperative idegrunnlaget og ser seg sjølv som tenarar for eit nærmiljø. Det hadde vore veldig interessant om me kunne fått til Sparebank 2.0; ei revitalisering av sparebank-ideala kombinert med hypermoderne teknologi som Bitcoin. Eit slikt prosjekt vil eg gjerne delta i!



onsdag 28. oktober 2015

NOKIOS 2015


NOKIOS er Norsk konferanse for IKT i offentleg sektor og blir arrangert for 9. gang i Trondheim. Det er NTNU ved professor John Krogstie som har hatt føringa frå starten, men også Difi er medarrangør.

Evaluering av åretskonferanse:
Like godt å flytta evalueringa opp til starten. Eg sit att med eit blanda inntrykk av konferansen, der dei fleste plenumsforedraga dessverre var ganske uinteressante. Heldigvis vog enkelte gode sesjonar opp slik at heilskapsinntrykket er midt på treet - skal me seia terningkast 3/4 (mellom 3 og 4).

Eg tykkjer NOKIOS, til liks med Digitaliseringskonferansen, har eit stort behov for fagleg fornying. Eg begynner rett og slett å bli lei av å høyra kor seint digitaliseringa går og kor mykje me må innovera. Paneldebatten som avslutta konferansen illustrerte dette tydeleg: Det er stort sett snakk om tempo på digitalisering (som sjølvsagt er for dårleg), og lite om å diskutera kva som skal digitaliserast, kvifor og i kva større samanheng det skal skje. Digitalisering blir eit mantra utan reelt innhald.

NOKIOS har ei stor utfordring i å løfta temaet "IKT i offentleg sektor" opp frå det blindsporet det no er inne på. Korleis det bør skje, er ein diskusjon som bør starta no som eit opptrekk til 10-årsjubileet i 2016.

Ramma for konferansen er den aller beste. Konferansen har funne ei perfekt form med Clarion Hotel og Congress som stad.

Evne til endring
Årets konferanse har temaet "evne til endring" og starta med spørsmålet om innovasjon er noko som bør styrast. Dagleg leiar i Enoro, Dale, Anders Lier, opna den faglege delen av konferansen og svarte ja på det. Han var invitert først og fremst som leiar av Innovasjonsforum, meir enn leiar av Enoro.

Vidare var det orientering om innovasjonsarbeidet i Asker kommune ved rådmann Lars Bjerke.

Over 500 deltakarar er samla på årets NOKIOS-konferanse
i Trondheim
Ein sentral del av NOKIOS er utdeling av årets fyrlyktpris. Prisen har vorte utdelt sidan 2004, då Norge.no fekk den. Årets nominerte kandidatar er:

Folkehelseprofilar frå Folkehelseinstituttet:
Det er ein kort 4-siders rapport som blir gitt til kvar kommune. Grunnlaget er ein statistikkbank der nøkkeltal blir trekte ut og så presenterte i folkehelseprofilar. Målet er å letta arbeidet for kommunane og gi dei ein enklare oversikt over folkehelsa i kommunen

Helsenorge.no frå Helsedirektoratet:
Helse-Norge sin portal der all pasientrelevant informasjon skal samlast. Dei regionale helseføretaka skal etter kvart komma på plass. Er også ein personifisert del "Mi helse" som krev innlogging med sikkerheitsnivå 4 (høgste nivå). Snart kjem også ei mobilløysing som støttar dette.

SafeSeaNet frå Kystverket:
Ein meldingportal for sjøfarten der informasjon frå pålagd meldeplikt frå skipa blir samla.

Sesjon: Big data og personvern
Først eit innlegg frå direktør Tore Tennøe i Teknologirådet om Norge i 2030 og offentleg sektor i 2030. Det er ei av dei tre hovudsatsingane til Teknologirådet, eit organ som skal gi råd til Stortinget om teknologiutvikling og samfunnsutfordringar. Dei to andre satsingsområda er Teknologi og velferd og Sikkerheit, openheit og personvern.

Tore Tennøe framhevar alle mulegheitene dei nye, store datamengdene, generert av brukarane, kan gi oss.

Bjørn Erik Thon, direktør i Datatilsynet, hadde naturleg nok ein litt meir reservert inngang til temaet, utan at det var defensivt.

Men først nemnde han såvidt Safe Harbor-avtalen: Datatilsynet har skrive brev til alle dei veit om som brukar Safe Harbor (men det er sannsynlegvis langt fleire). Informasjon om denne avtalen og oppseiinga som nyleg skjedde, finst også på datatilsynet.no

To perspektiv:
1. Offentleg sektor sin eigen big data-analyse
2. Offentlege data som berikar kommersielle selskap sine data

Kjenneteikn av offentleg databehandling:
- store datamengder!
- ofte av sensitiv eller følsom karakter
- ofte liten grad av sjølvbestemming hjå innbyggjarane

Biletet er ganske nedslåande når det gjeld databehandling i offentleg sektor:
- manglande internkontroll
- manglande oversikt over eiga databehandling
- hol i kunnskap om innsyn og informasjon
- manglande eller dårleg risikovurdering
- vertskommunar i regionale samarbeid ikkje alltid bevisste rolla som databehandlar for andre kommar
- i nokre tilfelle trur kommunar at behandlingsansvaret blir overført til vertskommunen i eit kommunesamarbeid

Føremålsbestemt
- all innsamling av personvopplysningar skal ha eit føremål

Dataminimalisering
- ikkje lagra meir data enn det som er nødvendig

Big data handlar tvert om om datamaksimalisering og bruk til alle mulege føremål.

Utfordringar med big data i offentleg sektor:
- mangel på transparens og informasjon ("du er til sals")
- kor anonyme er eigentleg data?
- "det krypande ubehaget"
- "nedkjølingseffenkt" og tap av tillit
-

Teknologi som styrkjer personvernet:
Eg tok opp spørsmålet om teknologi som kan styrka personvernet og brukte pengar og betalingssystem som eksempel. Det er eit område der me nesten utan motførestillingar gir frå oss personvernet. Både Datatilsynet og Teknologirådet må kjempa for digitale kontantar!

Bjørn Erik Thon: Teknologien kan absolutt brukast til å styrkja personvernet. Det vil bli eit lovbestemt krav at personvern skal byggjast inn i framtidige løysingar.

Det er gode grunnar for å avgrensa staten sin tilgang til informasjon om innbyggjarane! Det er faktisk betre at Google og Facebook veit meir enn PST - verken Google eller Facebook kan starta overvaking eller setja oss i fengsel..

Informasjonsforvaltning
Vilde Ronge, Arkivverket (= Riksarkivet og statsarkiva)
eArkiv: Målet er å etablera dette som ein felleskomponent innan 2020.
eArkiv skal vera eit mellomarkiv som Arkivverket vil driva og ta ansvar for.
I dag leverer offentlege verksemder eit arkivuttrekk som blir sendt over til Riksarkivet. Der blir uttrekket kontrollert, og ofte blir det noko fram og tilbake før uttrekket er endeleg godkjent og kan overførast til sikker, permanent digitalt lager.

eArkiv skal erstatta dei manuelle prosessane og la arkivinformasjon gå automatisert til eArkiv. Ved hjelp av eArkiv kan leverandørar utvikla tenester, som t.d. offentleg elektronisk postjournal (OEP).

Med eArkiv ønskjer Arkivverket å ta ei meir aktiv rolle enn dei har gjort til no.

David Norheim, Brønnøysundregistera
Arbeidet med informasjonsforvaltning i Brreg og i regi av SKATE.
SKATE har sett i gang eit arbeid med informasjonsforvaltning som skal resultera i ein felles datakatalog.

Kva er informasjonsforvaltning?
- kvalitet
- forståing
- modellering
- effektivitet
- refererbart
- sporbart

Forvaltning av informasjon:
"Tilretteleggja for best muleg kvalitet, utnytting og sikring av informasjon i offentleg sektor".

Eksempel:
NAV har ca. 15000 personar i sitt personregister som er død, medan dei same personane har status som "i live" i Folkeregisteret. Kva er rett?

Problemet er at det manglar ei heilskapleg styring av informasjon i off. forvaltning. Dette gjeld på tvers og ikkje i den enkelte sektoren, der det er god styring.

"Once only" - data skal skapast/genererast berre ein gang, og så gjenbrukast.

Felles datakatalog
- kva data har det offentlege?
- kven har ansvaret
- kven brukar dei?
- korleis få tak i dei?

Kva gjer at det vil lykkast no?
- det er løfta til eit høgre nivå (SKATE)
- det er konsensus-basert
- skjer mykje utanfor Norge som me må ta inn over oss og som kan hjelpa oss i dette arbeidet

Geir Myrind, Skatteetaten
Informasjonsforvaltning i Skatteetaten

Viktig å rydda i eige hus:
- omgrep
- definisjonar
- kva omgrep er i bruk?
- kor er dei i bruk?

Forankring:
- det hjelper ikkje at det står alle dei rette stadene
- må heile tida minna folk på det
- det begynner å siva inn sakte, men sikkert

FSUM - Felles systemutviklingsmetode i Skatteetaten
- her er krava til informasjonsforvaltning bakt inn

Dette blir også brukt i arbeidet med fornying av Folkeregisteret; informasjonsarkitektar er ein del av teamet.

Det er veldig lett å gå rett frå visjon og strategiar og rett på applikasjonsutvikling og hoppa over dei mellomliggjande og meir overordna forretningsarkitekturane.

Felles integrasjonsplattform for kommunal sektor: FIKS
Rune Sandland, KS KommIT
Eit integrasjonslag/-plattform mellom støtte- og fagsystem og tenester til innbyggjarar og næringsliv. I dette integrasjonslaget skal m.a. offentlege fellesløysingar integrerast (felleskomponentar).

SvarUt er ein felleskomponent frå kommunane og ein del av fagsystema. Svar i form av brev blir sendt til:
- sak/arkiv-system i kommunen
- til Altinn viss det er ei bedrift
- til utskrift og vanleg brevpost dersom mottakaren har reservert seg mot digital post
- til sikker digital postkasse for vanlege innbyggjarar

Byggjesøknad frå Direktoratet frå byggkvalitet er ei løysing som brukar FIKS:
- Altinn innsendingsteneste for utfylling av skjema
- KS SvarUt for svar til søkjar
- andre tenester

Andre etatar, som t.d. Husbanken, er i kontakt for å tilpassa sine tenester til kommunal sektor.

Paneldebatt: Evne til endring
Marianne Andreassen, Lånekassen
Roger Schjerva, IKT Norge
Tone Bringedal, Difi
Lars Peder Brekk, Brønnøysundregistera
Arild Sundberg, Oslo kommune
Debattleiar: Arne Hjeltnes

Digitaliseringstempoet er for tregt, og særleg Marianne Andreassen frå Lånekassen hamra inn den bodskapen. Me må slutta å lulla oss inn i førestillinga om at me er best i verda på eforvaltning. Me var det kanskje for 10 år sidan, men ikkje no.

Ho følgde opp med å kritisera KMD for ikkje å ha nytta sjansen til å skapa eit sterkt IT-direktorat i samband med evalueringa av Difi - det vart berre "hald fram som før". Det er for dårleg!

Roger Schjerva: I Oslo kommune vart det først fart i digitaliseringsarbeidet då det vart lagt under finansbyråden. Det er også grunngjevinga for Danmark sin suksess.

Panelet var ikkje heilt einige om ein modell med sterk sentral styring; særleg var Lars Peder Brekk skeptisk til idéen og hadde meir tru på sterke statlege etatar og eit godt system for samarbeid og samhandling, særleg gjennom SKATE. Brekk meinte også at ein må bryta det tradisjonelle skiljet (og skepsis) mellom kommunesektor og stat.

Marianne Andreassen var ikkje nøgd med det, og peikte på at ei sterkare styring, gjennom eit sterkt IT-direktorat, ikkje var til hinder for sektorprinsippet, som ho elles var ein stor tilhengjar av. Men finansieringa av felleskomponentar må vera slik at ein ikkje driv og sender rekningar til kvarandre. Må tenkja på brukarane og må tenkja på samfunnsnytten.

Arild Sundberg meinte at det har vore store endringar i SKATE der kommunesektoren for 3-4 år sidan nesten ikkje var med, medan den i dag er sentral i diskusjonane i fellesforumet.

Ønskje for det nærmaste året:
Roger Schjerva: Ønskjer at Difi og KS i samarbeid presenterer ein 5-årsplan for digitalisering.
Tone Bringedal: Ønskjer at nye og sterkare verkemiddel har komme på plass
Lars Peder Bfrekk: Få ein god struktur i kommunesektoren slik at Altinn kan takast endå meir i bruk
Marianne Andreassen: Må få ein etat som får i oppdrag å jakta på dei samfunnsøk. nyttige IT-tiltaka, og ei finansieringsordning som er tilpassa dette. Det må også gjerast noko med forvaltningsprinsippet og -kulturen der det viktigaste er å gjera eigen sektor og eigen ministar "god". Perspektivet må utvidast!

Arne Hjeltnes avslutta paneldebatten og årets Nokios-konferanse med å sitera "filosofen" Mike Tyson:
Alle har ein plan, heilt til dei får seg ein i trynet! 

Trondheim viste seg frå si beste haustside, både ved ankomst
og avgang

fredag 23. oktober 2015

Studietur til Sør-Tyrol

Haust i Sør-Tyrol (Foto: Michael Mertens, CC BY-SA 2.0)
Vestlandsforsking feirar 30 år i år og har markert det med eit jubileumsseminar (21. sept.) og ein studietur til Sør-Tyrol denne veka. Sør-Tyrol vart valt på grunn av den omfattande reiselivssatsinga dei har og kva me kan læra av den. Eg har tidlegare vore i denne delen av Italia og mellom anna skrive om besøk på Reinhold Messners museum i Bolzano. Der var me ikkje denne gangen, men me var innom mykje anna interessant.

Tyrol og Sør-Tyrol
Tyrol er eit område som omfattar sørlege delar av Østerrike (dagens Tyrol) og nordlege delar av Italia med regionane Sør-Tyrol og Trentino. Området har hatt vekslande status og sjølvstende opp gjennom historia, men har like fullt vore eit naturleg samanhengjande område både geografisk og etnisk. Habsburgske herskarar har styrt Tyrol dei siste 5-600 åra fram til første verdskrig, då keisardømmet Østerrike-Ungarn vart oppløyst.
Regionen Sør-Tyrol (kart frå Wikipedia)

Regionen Alto Adige ("Øvre Adige", etter elva Adige), eller Südtirol som den blir kalla på tysk, ligg lengst nord i Italia, mot grensa til Østerrike. Området er på ca. 7.500 kvadratkm, litt mindre enn halvparten av Sogn og Fjordane fylke, og har i overkant av 500.000 innbyggjarar. Av desse er rundt 65 % tysktalande, knapt 25 % italiensk-talande, 4-5 % Ladin (eit retroreto-romansk språk) og resten fordelt på andre språk [Korrigering: reto-romansk har ikkje noko med retro å gjera].

Som ei følgje av språkleg likestilling mellom tysk og italiensk, er det eit krav at alle offentlege tilsette skal kunna begge språka flytande. På universitetet i Bolzano (Freie Universität Bozen) som me besøkte, vart det understreka at for universiteta var krava modererte, men elles i forvaltninga var det strenge krav. Innafor helsesektoren skapte dette litt problem, særleg for visse spesialist-stillingar.

Regionane Tyrol (Østerrike), Sør-Tyrol og Trentino har gått saman om Euro-regionen Tyrol-South Tyrol-Trentino, og har mellom anna felles representantar i EU i Brüssel. Til saman utgjer dette det gamle Tyrol.
Typisk landskap i Sør-Tyrol, men frukthagar på sletta,
omkransa av høge fjell (Foto: Kyrre Groven)

Historie med mykje uro
Sør-Tyrol er ein region der det har vore mykje uro, slik det ofte blir når naturlege regionar blir delte mellom land. Den grensar til Østerrike i nord og Sveits i vest og tilhøyrde Østerrike-Ungarn fram til første verdskrig. I 1915 lova dei allierte at Italia skulle få overta regionen om dei skifte side. Som ein del av krigsoppgjeret vart Sør-Tyrol italiensk, etter at italienarane hadde okkupert området sidan 1918. Det resulterte i ei splitting av det tidlegare samanhengjande Tyrol.

Denne delen av krigen er elles dokumentert i årets utstilling "Mountains in war" på Messner Mountain Museum Firmian. Det er ei historie om store lidingar og der dødsfalla skjedde mest som følgje av snøskred og forfrysingar og ikkje gjennom direkte kamphandlingar. Fronten låg bokstaveleg talt på fjelltoppane i Dolomittane og Alpane.

Messner Mountain Museum Firmian
(Foto: Kyrre Groven)
Fascistane sine planar
Fascistane med Mussolini i spissen sette i gang eit program for å flytta italienarar nordover slik at de tyske majoriteten skulle bli utvatna. Tysk vart også forbode i skulane; det opprinnelege folket skulle tvingast til å bli italienske. Det er elles ikkje ulikt den norske samepolitikken på den tida..

Bolzano (Bozen på tysk) er regionhovudstaden og det er denne byen som også best viser fascistane sine planar og byggverk. Ideen var å skapa ein ny by etter fascistiske ideal, som erstatning for gamlebyen. Den nye byen, "città nuova", skulle skapa eit nytt sentrum og visa nye ideal. Som det står i "Südtirol - Wirtscharfsfakten" frå Business Location Südtirol (BLS):
Die "città nuova" gilt als eine der dichtesten Komplexe faschistischer Architektur in Italien.
Citta nueva - den nye byen fascistane bygde opp i Bolzano
(Foto: Kyrre Groven)
Det bygde seg naturleg nok opp sterk motvilje mot desse tiltaka, og motstandsrørsle vart organisert. Då andre verdskrig braut ut ville det vore naturleg for Hitler å annektera Sør-Tyrol igjen, folket der var trass alt tyske og tysktalande og høyrde eigentleg til det gamle Tyrol. Men sidan Tyskland og Italia var allierte, inngjekk Hitler og Mussolini ein avtale der den tysktalande delen av folket skulle emigrerast til tyske område, vesentleg Tyrol i Austerrike og Bayern i Tyskland. På grunn av utviklinga i krigen kom ikkje dette skikkeleg i gang, så den tysktalande majoriteten heldt seg i Sør-Tyrol.

Endeleg ro i 1992
Etter krigen var det mykje uro og motstand mot dei italienske styresmaktene trass i aukande sjølvstyre. Det var terrorhandlingar og fleire menneskeliv gjekk tapt. Både gjennom 1950- og 1960-åra heldt problema fram og vart løfta opp på eit internasjonalt plan. I 1971/72 vart ein ny avtale mellom Italia og Østerrike underteikna og den sikra stor grad av sjølvstyre og at regionen skulle få behalda rundt 90 % av alle innkravde skattar. Først i 1992 enda striden mellom dei to landa, men blussa kortvarig opp att ved oppdaginga av Ötzi og strid om korvidt han låg i Østerrike eller Italia. Nye og grundige oppmålingar måtte til for å slå fast at han låg nokre meter inne på italiensk side.

Schloss Trauttmansdorff i Merano er verdt eit besøk med sin
fantastiske hage. Parken har vore open i 14 år og er ein stor
suksess.

Velståande region
Sør-Tyrol er ein av dei mest velståande regionane i Europa og og skil seg kraftig frå resten av Italia. Sjølv om dei får behalda storparten av skatteinntektene er dei netto bidragsytarar til den italienske staten. Handel og tilreisande har alltid vore viktig for denne regionen sidan den ligg tett opp til Brenner-passet - den mest brukte passasjen mellom Nord- og Sør-Europa. Toll og avgifter har i mange hundre år vore den viktigaste inntekta til stadene både sør og nord for passet. Innsbruck er ein annan by som har fått velstanden på denne måten.

Småskala dominerer
Regionen Sør-Tyrol har litt over 500 000 innbyggjarar (2011) og typisk for området er dei mange små familieverksemdene. Over halvparten (53,5 %) er enkeltpersonføretak (ein tilsett), vidare har 39,3 % mellom to og ni tilsette. Med andre ord er 92,8 % av dei tilsette i næringslivet i verksemder med mindre enn 10 tilsette. Det er noko å tenkja på for dei som meiner at alt må vera stort og at samanslåingar er nødvendig for gode levevilkår! Desse tala er henta frå "Die Südtiroler Wirtschaft" frå Landesinstitut für Statistik og gjeld 2013.

Me tykkjer det er bratt mange stader i Norge, men i Sør-
Tyrol er det brattare! (Foto: Michael Mertens, CC BY-SA 2.0)
Reiseliv og landbruk viktig
Produksjon, herunder også landbruk, står for 40 % av omsetninga medan tenesteytande næringar står for 60 %. Ein stor del av næringslivet er knytt til handel, transport og turisme - totalt 50,4 % av all omsetning. I tillegg til reiselivet er landbruk også viktig. Eksport av frukt, inkl. saft og most, stod for 15,5 % av eksportinntektene til regionen. Eksport av vin utgjorde 3,4 % av inntektene.

Også bank- og finans-sektoren reflekterer dei mange små verksemdene. Meir enn 96 % av alle tilsette i bankar i regionen er i små eller bittesmå ("Kleine banken" og "Kleinsten banken").

Førebilete for Sogn og Fjordane?
Med strukturane i arbeids- og næringslivet i Sør-Tyrol både med tanke på småskalaverksemd og dominerande næringssektorar, bør området vera interessant for fleire i fylket vårt. Me har eit visst slektskap når det gjeld reiseliv og landbruk, og småskala-struktur for verksemder. Så er det også store skilnader når ein går nærmare inn på næringane. Landbruket er til dømes svært intensivt og med satsing på produkt med høg verdiskaping (frukt, vin). Den intensive drifta blir også reflektert i prisnivået på jord. Guiden ved eit vinkooperativ me besøkte, svarte at kvadratmeter-prisen på jord i deira område var rundt NOK 2.000; eller 2 mill. kr pr. dekar om ein vil!

Turen vår starta i Milano og det vart høve til å sjå storkampen
Inter Milan - Juventus saman med 80.000 galne italienarar.
Litt av ei oppleving!

torsdag 1. oktober 2015

Making Money - The Philosophy of Crisis Capitalism

Add caption
Sosiologen Ole Bjerg ved Copenhagen Business School (CBS) i Danmark har skrive boka "Making Money - The Philosophy of Crisis Capitalism" som tek for seg det merkelege fenomenet pengar, korleis dei oppstår og korleis dei/økonomien går over styr. "Making Money" må ikkje forvekslast med den amerikanske tydinga; her er det ikkje snakk om korleis ein skaffar seg (raske) pengar. Eg vil utan vidare tilrå boka for alle som er interesserte i fenomenet pengar og i tillegg korleis dagens pengesystem kan føra oss opp i kriser som finanskrisa i 2008.

Boka er gitt ut på forlaget Verso, eit forlag som publiserer meir radikal litteratur enn det gjennomsnittlege.

Heidegger
Bjerg går ambisiøst til verks og vil undersøkja det ontologiske fundamentet for pengar ("the ontological constitution of money". Her brukar han innleiingsvis filosofen Martin Heidegger som inngang og sistnemnde sitt utgangspunkt at me ofte alt i starten stiller feil spørsmål. Feil spørsmål er her "Kva er pengar?", for spørsmålet "Korleis er pengar?" er meir relevant for å få tak i ontologiske samanhengar. Spørsmålet "Kva er pengar?" avdekkjer berre eigenskapane ved pengar, ikkje korleis dei oppstår og samverkar med anna i samfunnet. Det er det Heidegger kallar "the ontic" og som er noko overflatisk, i motsetnad til det ontologiske.

Seinsvergessenheit
Heidegger går kritisk til verks og meiner at det meste (all?) av filosofien feilar alt i starten ved ikkje å stilla det rette spørsmålet:
"Seinsvergessenheit is not an error occuring at some point in the course of thinking about a specific matter. It sets in at the very beginning, at the very moment when we set out to think and investigate a matter, if we are not careful to pose our qustions in the proper fashion."
For  Heidegger var problement søkjelyset på "was-sein" i staden for "sein", eller "being" i staden for "to be". Kva vil det seia "å vera [i verda]"?

Filosofen Slavoj Zizek
Som filosofisk slagkraft brukar OB Slavoj Zizek, ein kjend slovensk kulturradikalar og vitskapsfilosof. OB grunngjev valet med "The complexity and perversity of the contemporary money system must be countered with a theoretical framework that is even more complex and perverse. This is what Zizek provides. He is the Goldman Sachs of contemporary philosophy."

Zizek føreslår denne strukturen for ontologisk orden:

  1. The real
  2. The symbolic
  3. The imaginary
Bjerg skriv vidare at "the ambition with Making Money is to redeem the potential in Zizek's philosophy for pushing the boundaries of our current thinking about money and finance.

Han (OB) skriv vidare om rolla til filosofi som fag:
"Not only the capacity to porovide new answers to old questions, but the capacity to pose radically new questions. Good questions is the trademark of any good philosophy. ..... The ultimate benchmark for an analysis that calls itself philosophy is whether it pushes our conventional thinking beyond the verification or refutation of existing hyptheses."
OB skriv vidare at skilnaden på filosofen og økonomen (den neo-klassiske) er ikkje at filosofen forstår kva pengar er, medan økonomen ikkje gjer det. Skilnaden er at medan økonomen ikkje veit at han ikkje veit, veit filosofen at han ikkje veit det.

Zizek's tredelte ontologiske orden er essensiell i boka, men samtidig vanskeleg å forstå til tider. For å gi eit eksempel på dei enklare samanhengane: Verdi er "real", medan pris er "symbolsk". Me kan aldri få tak i verdien av noko, men berre prøva å nærma oss den via den symbolske prisen.

Om "The right price" i kapittelet om "The fantasy of beating the market":
"The market is structured around an ontological gap that is manifested by the impossibility of determining "the right price". In this gap we find the real value as an excess constantly eluding the dfinite symbolization"
"The Philosophy of Money"
Ole Bjerg omtalar Georg  Simmels storverk frå rundt 1900 og konstaterer det paradoksale i at i staden for å markera starten på eit arbeid med ein filosofisk analyse av pengar, markerte den slutten. Økonomar var ikkje interesserte i slike spørsmål, og det kan seiast at økonomar heller ikkje i dag er opptekne av kva pengar eigentleg er, kanskje endå mindre enn tidlegare. Den typiske neo-klassiske (eller ortodokse) økonomen ser berre på pengar på ein funksjonell måte.

Tre teoriar om pengar
Det er tre hovudteoriar om korleis pengar har vorte til:

  1. Commodity money (grunnlag i noko med eigenverdi, utvikla frå handel ["from barter"])
  2. Chartalist theory: Styresmaktene ("herskaren") sin rett til å trykkja pengar ("Fiat-pengar")
  3. Kreditt-pengar ("The process by which banks create money is so simple that the mind is repelled" - John Kenneth Galbraith)
Bjerg stiller også spørsmålet om me i dag har post-kredittpengar. Då tenkjer ha på handel med derivat o.l., som i mange samanhengar oppfører seg som pengar. Han meiner elles at ingen av dei tre teoriane held mål isolert sett, men må sjåast i samanheng: "There is no pure theory of money - money is dirty".

Den vanlege oppfatninga og pengestyring, som går att i dei fleste lærebøker, er slik:
  1. Bankane er berre mellommenn og har ingen reell kontroll med pengetilførselen
  2. Sentralbanken kontrollerer pengemengda i økonomien
  3. Det er ingen fare for at veksten i pengemengde kan komma ut av kontroll fordi den er (matematisk) regulert av omsynet til kravet til reservar
Dessverre er denne lærebok-standarden utdatert. Til og med Bank og England "innrømmer" dette:

In the modern economy, most money takes the form of bank deposits. But how those bank deposits are created is often misunderstood: the principal way is through commercial banks making loans. Whenever a bank makes a loan, it simultaneously creates a matching deposit in the borrower’s bank account, thereby creating new money.
The reality of how money is created today differs from the description found in some economics textbooks:
• Rather than banks receiving deposits when households save and then lending them out, bank lending creates deposits.
• In normal times, the central bank does not fix the amount of money in circulation, nor is central bank money ‘multiplied up’ into more loans and deposits.
 I krisetider, som under den siste finanskrisa, blir grensa mellom Fiat-pengar og kreditt-pengar viska ut pga. "finansiell unntakstilstand".

Når sentralbanken styrer pengemengda først og fremst gjennom styringsrenta, er det eit uttrykk for at den har vorte meir ein finansiell aktør og teke i bruk marknadsverktøy framfor ein meir regulerande rolle. Styringsrenta set prisen på nye pengar.

Sentralbanken si hovudoppgåve er å sørgja for ei tilførsle av pengar (gjennom styringsrenta) som sikrar ein låg og stabil inflasjon (inflasjonsmålet). Men det blir eit problem når sentralbanken oppfører seg som om pengar framleis er eit knapt gode, utan omsyn til kredittpenganes nesten totale dominans. Det har vorte veldig synleg under og etter finanskrisa.

Derivat: Den finansielle månen
Dei siste tiåra har sett ein enorm vekst i derivatkontraktar. Derivat er veddemål om framtida og ein måte å sikra seg mot uføresette prissvingingar. Det starta med opninga av Chicago Merkantile Exchange (CME) som opna for handel med "futures" i 1972. Det var så og seia tidspunktet for når synda kom inn i verda ;)

Den klassiske derivatkontrakten var bønder som selde avlinga før dei sådde om våren, for å sikra seg mot negative hendingar i løpet av vekstsesongen. Dei fekk kanskje mindre betalt enn om dei hadde teke sjansen på å venta med salet til hausten, men på den andre sida fekk dei føreseielege vilkår.

Men over tid har derivat fjerna seg meir og meir frå dei underliggjande verdiane og vorte så abstrakte og kompliserte at få eller ingen skjønnar samanhengen med dei "verkelege" verdiane. Det er berre å spørja Terra-kommunane!

OB skriv om den finansielle månen og tek utgangspunkt i at forholdet mellom jorda og månen er ca. 81 (Jorda har ca. 81 ganger så stor masse som månen og utøver dermed tilsvarande gravitasjonskraft). I starten var forholdet mellom den verdien av den underliggjande produksjonen og verdien av derivatkontraktar mykje lik. Men det har endra seg dramatisk. I 2010 var verdien av derivatkontraktar estimert til 20 ganger verdien av den samla produksjonen i verda. Derivata har vorte den finansielle månen som har vakse seg mykje større enn Jorda, og det kan få dramatiske konsekvensar.

Det spesielle med derivat er giringa, dvs. det relative omfanget av gevinst (eller tap). Der ein aksjeeigar kan få 10 % gevinst om aksjen stig 10 % i verdi, kan ein derivateigar få fleire hundre prosents gevinst om ein aksje stig 10 %! Og som Terra-kommunane har erfart, verkar det også den andre vegen.. Ikkje så rart super-investoren Warren Buffet kalla derivat for "Financial Weapons of Mass Destruction".

Gramm-Leach-Liley og post-kredittpengar
Desse karane var ansvarlege for Gramm-Leach-Liley-lova i USA i 1999 som oppheva skiljet mellom investeringsbankar og sparebankar ("Investment banks" og "Savings banks"). Dette var i Clinton sin andre president-periode. Opphevinga av dette skiljet kan knapt overvurderast med tanke på resultatet for pengeøkonomien. Sparebankane trengde ikkje lenger venta på innskot og lånekundar, men kunne "laga" pengar så og seia utan vidare. Dei kunne gi kreditt med ei hand og investera i finansielle papir med den andre. Og det gjorde dei..

Når kredittpengar blir brukte til å investera i finansielle produkt, finst det ikkje lenger grenser for omfanget, i motsetnad til ei investering i produksjon/produktivitet.

OB samanliknar samanslåinga av sparebankar og investeringsbankar som om ein kasinoeigar slår seg saman med ein lånehai og startar samarbeid med ein profesjonell pokerspelar..

"Tea or coffee, sir?" - "Yes, please"
Etter finanskrisa har den økonomiske diskusjonen i stor grad dreia seg om to alterantiv:
- Keynesianism: Staten skal "trykkja" pengar
- Monetarisme: Staten skal kutta utgifter

Der mange trudde at finanskrisa ville bli eit vendepunkt for kapitalismen, har det så langt vorte "business as usual". Og dei to alternativa over er begge ein del av "business as usual". I spørsmålet om te eller kaffi (Keynes eller Friedman/Monetarisme) har Europa/EU svart "Ja, takk". Den europeiske sentralbanken har trykt opp pengar til finanssystemet (bankane), medan det har vore harde innstrammingstiltak i offentleg sektor.

Ben Bernanke, sjef for Federal Reserve i USA (som faktisk er eigd av bankane og ikkje ein offentleg institusjon!), sa på eit krisemøte i september 2008: "If we don't do this tomorrow [$700 mrd. bailout] we won't have an economy on Monday".

Det han heller skulle ha sagt, var: "If we don't do this tomorrow [$700 mrd. bailout] we won't have an post-credit economy on Monday".

Epilog
I staden for at finanskrisa vart slutten på den finansielle kapitalismen, ser det ut til at tiltaka etterpå berre har forsterka den tidlegare utviklinga og til og med omfatta også den fiskale politikken [fiskal: som vedkjem statskassen].

For å gå tilbake til Zizeks tre ontologiske ordenar:

  1. The real: Commodity money
  2. The symbolic: Fiat money
  3. The imaginary: Credit money
Men dette er idealtypar. I den verkelege verda er grensene mindre skarpe. I dag er den dominerande forma for pengar postkreditt-pengar. Dei blir til ved at private bankar lagar kreditt som så sirkulerer i eit eksklusivt of effektivt "credit payment system". Det førte oss opp i ei finanskrise, og ikkje noko tyder på at me har lært av årsakene. Det blir helst verre før det eventuelt blir betre.

Er det noko me kan læra av historia, er det at me aldri lærer av historia!