søndag 30. juni 2013

En nasjon av kjøtthuer

Espen Løkeland-Stai og Svenn Arne Lie representerer eit sjeldant tredje alternativ i norsk landbruksdebatt: Eit alternativ til både det tradisjonelle landbrukssynet (Bondelaget + Landbruksdep.) og på den andre sida kravet om billegare mat og mindre subsidiar til landbruket. I debattboka "En nasjon av kjøtthuer - Ni myter og en løgn om norsk landbrukspolitikk" gjer dei greie for dette alternativet. Boka er gitt ut på forlaget Manifest.

Grundig dokumentert utvikling
Det er ei grundig og god bok, full av statistikk og fakta for underbygging av eigne og andre sine påstandar, men likevel er den lettlesen. Boka kom i 2011 og har til ein stor grad makta å skapa debatt slik forfattarane håpa på. Det er særleg Svenn Arne Lie som har fronta synspunkta i media.

Boka handlar om mat
Boka handlar om mat, og korleis vi skal produsera mat i Norge. Den skal i følgje forfattarane vera eit bidrag til debatten om kva vi vil med matproduksjonen vår, kva ressursar som skal brukast og korleis dei skal fordelast.

Tittelen er provoserande, men spelar på det auka kjøtforbruket her til lands, ein forbruksauke som i alt vesentleg er basert på importert kraftfor. Dei har også henta inspirasjon frå Ibsen til tittelen: "Et parti, det er ligesom en kødkværn, det; det maler alle hoderne sammen til en grød; og derfor så blir de også grødhoder og kødjoder, alle ihob!"

Så til mytane og løgna:

1. Snyltarmyten: Norske bønder er ulønsame parasittar med sugerøyr ned i statskassen
Talgrunnlaget viser eintydig at bonden får stadig mindre for maten som blir produsert. Prisane til forbrukarane har ikkje falle i same takt. Frå 1996 til 2010 auka prisen på (lett-)mjølk frå kr 8,33 pr. liter til 14,81. I same tidsrom auka prisen til bonden frå kr 3,20 pr. liter mjølk til kr 4,30. Dette er nominelle prisar. Bøndene har vorte stadig meir avhengige av tilskot frå Staten, og stadig mindre av inntekta kjem frå sal av råvarer.

I den same perioden er det skapt milliardformuer i daglegvare-handelen, ein handel som er kontrollert av fire store kjeder (99 % av daglegvareomsetninga).

2. Prismyten: Vi blir tyngde ned av høge matprisar, og det er bøndene si skuld.
At Norge har dei høgaste matvareprisane er eit sikkert medieoppslag. Seinast 24. juni i år kunne SSB slå fast at "Norge på pristoppen". I artikkelen er det sagt veldig lite om kjøpekraft og matvareprisar sett opp mot denne. Nominelle matvareprisar er ganske uinteressant, der skårar t.d. Hellas og Portugal godt. Men korleis har folk flest det i desse landa samanlikna med Norge? Eg trudde i det minste SSB heldt seg for gode til å publisera slike "nyheiter" utan å setja det inn i den rette ramma.

Løkeland-Stai og Lie tek utgangspunkt i den årlege "Big Mac"-indeksen; kva ein Big Mac kostar på McDonalds-restaurantar rundt om i verda. Norge tronar på toppen også her. Norske medium tek ganske lett på åtvaringa frå The Economist, som publiserer denne indeksen. Dei seier sjølve at indeksen må takast med ei stor klype salt då det er mange underliggjande faktorar den ikkje tek omsyn til.

Den sveitsiske storbanken USB har teke Big Mac-indeksen eit steg lenger: kor lenge må ein arbeida for å få råd til ein Big Mac. Det er eit mykje betre mål på matvareprisar. Her viser det seg at ein måtte arbeida i 21 minuttar i Norge (2009), noko som var 1 minutt meir enn i Sverige, men 6 minuttar mindre enn i Finland og godt under det globale gjennomsnittet på 37 minuttar.

Maten er altfor dyr, og den blir dyrare og dyrare, er påstand vi ofte ser. Frå 1999 til 2010 auka matvareprisane med 18 %. I same tidsrommet auka konsumprisindeksen med 25,9 % og gjennomsnitts-lønna med over 60 %.

3. Stordriftsmyten: Det er størrelsen som tel.
Strukturrasjonaliseringa, altså færre og større bruk, har pågått sidan siste verdskrig, men i dei siste par tiåra har det verkeleg skote fart. På dei 10 åra frå 2000 til 2010 har talet på mjølkebruk nesten vorte halvert. Gjennomsnittsstørrelse på bruka har vakse frå 14 til 21 kyr og gj.sn.produksjonen frå 76.000 liter til 133.000 liter [Eg veit at det er mellomrom som er skiljeteikn for tusen, men det er etter mitt syn upraktisk sidan ein kan risikera å få linjeskift midt i talet. Av den grunnen vel eg å bruka punktum]

Færre og større Dette er i tråd med den offisielle landbrukspolitikken, der det også heiter at større bruk vil  gi meir robuste bruk. Løkeland-Stai og Lie viser at det ikkje kan påvisast nokon samanheng mellom (god) økonomi og størrelse på bruka.

Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) gjennomførte i 2010 ei undersøking av økonomien på store mjølkebruk. Dei konkluderte med at "til tross for at de undersøkte melkebruka hadde relativt stor produksjon, klarte de ikke å utnytte mulighetene til å senke kostnadene per produserte enhet."

Tvert om er det slik at den økonomiske risikoen blir større til større bruka blir, og dei blir meir avhengige av overføringar frå det offentlege. Landbrukspolitikken er basert på ein føresetnad om det motsette.

4. Mangfaldsmyten: Ein liberalisert marknad vil gi oss betre mat og større mangfald.
Forfattarane går laus på begrepet "produktvarianter", som er eit mål bransjen brukar på mangfald og innovasjon. Cola selt som 1,5 liter, 2x1,5 l, 4x1,5 l, 6x1,5 l og 8x1,5 l er fem ulike produktvariantar! So much for variety..

Forfattarane meiner det er tvilsamt om produktutvalet aukar fordi om tollsatsane blir sette ned, og peiker på at gigantar som Lidl, Carrefour og Wal-Mart neppe vil føra til auka mangfald.

5. Sjølvforsyningsmyten: Vi blir stadig meir sjølvforsynte med mat.
Som i eksempelet med produktvariantar er det frisk statistikkbruk og kreativ begrepsbruk som ligg til grunn for påstanden om at vi er 50 % sjølvforsynte med mat her i landet. Soyamjøl frakta med skip frå Brasil og male opp i Norge, blir rekna som norskprodusert kraftfor og dermed som ein del av sjølvforsyninga. Dei fleste vil sjå at dette er hakkande gale..

Forbruket av kraftfor, og der er det ein aukande del soya, har auka kraftig dei seinare åra. Med definisjonen over aukar også den norske sjølvforsyningsgraden. Når forfattarane korrigerer for den misvisande importerte kraftfor-delen, er den norske sjølvforsyninga rundt 40 %.

6. Kjøtthuemyten: Vi er ein nasjon av kjøtthuer.
På dei siste 20 åra har kjøtforbruket i Norge auka frå rundt 53 kg pr. person til 76 kg (2008). Det er likevel langt etter USA (125 kg) og Danmark (146 kg), men vi er på god veg i same retning. Så å seia all veksten i kjøtforbruk kjem frå lyse kjøtslag; kylling og gris. Kyllingforbruket som har auka særleg mykje. Både grisekjøt og kylling blir produsert utelukkande på kraftfor, der det meste er importert (avhengig av den norske kornhausten). I 1980 konsumerte vi 2,8 kg fjørfe-kjøt i gjennomsnitt, i 2009 var forbruket 17,7 kg.

Broileren er symbolet på den vestlege verda sitt industrialiserte landbruk. Den blir produsert i digre industrilokale og ser aldri dagslys. Den er avla fram for å produsera mest muleg kjøt på kortast muleg tid. Som forfattarane skriv er "barndommens forestillinger om kyllinger som tripper rundt hønenes bein på tunet så langt fra den industrialiserte broilerhverdagen det er mulig å komme.".

Forfattarane meiner utviklinga med eit stadig meir kraftforbasert landbruk, og stadig større produksjon av lyst kjøt, er ei politisk vilja utvikling som reduserer oss nordmenn til "en nasjon av kjøtthuer".

7. Volummyten: Det er rett og slett ikkje nok mat.
Det har lenge vorte hevda at folkeveksten vil gjera at det blir for lite mat globalt. Men sjølv om det er fattigdomsproblem og svolt, er det ikkje for lite mat, det er berre for dårleg fordeling. FAO seier dessutan at om lag halvparten av all produsert mat kasta, eller går tapt på andre måtar. Det er såleis meir enn nok mat til dagens 7 milliardar menneske, og det er truleg nok også til 10 milliardar om folketalet skulle bli så høgt.

Norske politikarar sine utsagn om at vi må auka matproduksjonen for å sikra nok mat til alle på jorda, heng dårleg saman med den faktiske utviklinga som er auka kraftforimport basert på soya frå Brasil. Areala i Brasil kunne vore brukte til annan matproduksjon med langt betre utnytting energimessig.

8. Mordarmyten: Norske bønder tek afrikanske liv.
Norsk tollvern og støtte til landbruket blir ofte halde opp mot utviklingsland sine ønskje om eksport av matvarer. Implisitt i argumenta ligg det eit likskapsteikn mellom "liberalisering av handel" og "rettferdig handel". Senking av tollvernet vil automatisk komma fattige land til gode.

Statistikk viser at MUL-landa (minst utvikla land) har gått frå å vera nettoeksportørar av matvarer tidleg på 1980-talet til å bli sterkt importavhengige 30 år seinare.Ein viktig grunn til denne utviklinga er lånevilkår og strukturtiltak som vart sette i gang under overoppsyn av Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet (IMF). Det tradisjonelle småskalalandbruket vart sett på som håplaust ineffektivt og opplegg henta frå vestleg landbruk introduserte.

I 2002 vart toll på matvarer frå land definerte som MUL, fjerna. Det burde då ha auka den norske importen frå desse landa. Det har ikkje skjedd. Importen frå MUL-land er om lag på nivå med 1992, og relativt sett utgjer den no mykje mindre av samla import frå alle utviklingsland.

9. Motstrømsmyten: Norsk landbrukspolitikk er motstrømspolitikk, utforma for å motverka tunge trendar.
Den raudgrøne regjeringa sin politikk byggjer på denne myten. Norsk landbrukspolitikk har motverka at tunge, internasjonale trendar har slått inn med full kraft også her i landet. Det er ikkje berre forfattarane som er skeptiske til denne retorikken. Riksrevisjonen påpeikte i 2010 at utviklinga i jordbruket og utforminga av verkemidla var i strid med dei politiske måla. Riksrevisor Jørgen Kosmo sa til Klassekampen at "om målet med landbruket er å produsere mest mulig billig mat, så er politikken ekstremt vellykket". Men det er altså ikkje det som er dei uttalte politiske måla.

10. Løgna: Det finst ikkje noko alternativ.
Forfattarane viser først til Margaret Thatcher som lanserte slagordet TINA - There Is No Alternative, og med det klarte å parkera mykje av kritikken.

Den norske landbruksdebatten har vore prega av at den raudgrøne regjeringa, med Senterpartiet i spissen, har peikt på Høgre og Frp og sagt at "alternativet er mykje, mykje verre". Altså er det ikkje noko anna alternativ enn det som Høgre og Frp representerer.

Løkeland-Stai og Lie argumenterer for ei tredje linje, med desse hovudpunkta:

1. Det må lønna seg å bruka våre eigne ressursane (gras, grovfor), då må kraftforprisen setjast opp.

2. Tollvernet er eit avgjerande verktøy for å sikra sentrale mål i matproduksjonen.

3. Inntektsnivået kan ikkje gjerast til eit einsidig spørsmål om størrelsen på overføringane. Auka avhengigheit av overføringar fangar bonden i eit system som verken er bra for den enkelte bonden eller matproduksjonen i det heile.

4. Vi må ha ein diskusjon om korleis maten vår skal produserast (enkeltbruk, industrialiserte modellar osv.).

5. Den romantiske førestillinga om stordriftsfordelar må leggjast til side og vi må få ein fornuftig debatt om organisering av norsk matproduksjon.

6. Det trengst alternative kanalar i alle ledd som er tilpassa også dei mindre aktørane i matproduksjonen.

Forfattarane meiner debatten om korleis maten vår skal produserast er svært viktig, og at framlegginga av Landbruksmeldinga ville vore eit godt tidspunkt for å dra i gang ein slik debatt. Det vart ikkje gjort.

Eg støttar Løkeland-Stai og Lie i dette synspunktet, og mykje av det dei elles skriv. Boka er i alle fall eit godt forsøk på å få i stand ein debatt om noko av det viktigaste for oss: maten vår og korleis vi produserer den. Det er til og med viktigare enn oljen vi produserer.

fredag 21. juni 2013

Sør-Tyrol med Messner og Ötzi

Omlandet til Bolzano, sett gjennom
borga Sigmundskron
Etter å ha delteke på e-forvaltningskonferansen ECEG '13 i Como og presentert artikkelen "Small is Beautiful or Bigger is Better? Size of Municipalities and Quality of Websites", gjekk turen til Sør-Tyrol for ferie. Sør-Tyrol er kanskje ikkje det vanlegaste reisemålet når ein er i Milano-området, men det var vel verdt eit besøk.

Sør-Tyrol ligg i regionen Alto Adige ("Øvre Adige") og er prega av tysk kultur. Området vart gitt til Italia etter oppgjeret i Versailles i 1919 som lova av Entente-maktene i 1915. Som med mange slike vilkårlege flytting av landegrenser, skaper det problem. "Italiaseringa" vart særleg forsterka under Mussolini sitt fascist-regime. Hitler og Mussolini inngjekk ein avtale i 1930-åra som innebar at alle tysktalande i området skulle tvangsflyttast til Tyskland. Mange vart flytta til Tyskland, men utbrotet av verdskrigen hindra full etnisk reinsing.

Etter siste verdskrig fekk tyskarane i Sør-Tyrol visse rettar for å halda på kultur og språk, men dei kjende seg likevel meir og meir overkøyrde av italienske styresmakter. Det kulminerte i slutten av 1950-åra og enda med at regionen fekk stor grad av sjølvstyre. Det offiesielle tyske namnet på regionen er Autonome Provinz Bozen — Südtirol. 
Eplehage nær Merano

Sør-Tyrol er kanskje mest kjend for fruktdyrkinga, og det er enorme areal med frukttre av ulike slag. Klimaet egnar seg svært godt til dyrking av frukt. Området er mellom dei fremste i verda dyrkingsmessig, og dyrkingsmetodane som blir tilrådde i norsk fruktdyrking no, stammar i stor grad frå her. Det finst også vingardar, men dei blir færre og færre til lenger nord ein kjem. Men også i Sør-Tyrol blir det laga vin.

Messner Mountain Museum
Ein av dei mest kjende personane frå Sør-Tyrol er klatraren Reinhold Messner. Han er den mest kjende klatraren i verda og førstemann til topps på alle dei 14 fjella over 8000 meter. Ikkje berre var han førstemann, han gjorde det også på alpint vis utan ein flokk sherpa-berarar og utan bruk av kunstig oksygen. Den alpine klatrestilen har vore veldig viktig for han og det botnar i djup respekt for fjellet. Etter at eg las boka "All 14 Eight-thousanders" har eg vore fascinert av denne mannen. Eit besøk på eit av dei fem (!) musea hans stod difor høgt på lista over ting å gjera i området.

Messner er ein omstridd kar så eg forventa at museet i Bolzano var meir som eit mausoleum for han. Stor var difor overraskinga då det viste seg at det ikkje handla om Messner, men om fjellet og respekten for det. Det var mange buddhistiske og hinduistiske innslag i form av figurar, bønneflagg ++ og det heile var utruleg flott presentert og integrert i den imponerande borga Sigmundskron. Borga er frå 900-talet og måten den var gjort om til museum var imponerande. Det gjorde at byggverket og museet i seg sjølv vart ein attraksjon, i tillegg til innhaldet.

Sør-Tyrol arkeologiske museum
I Bolzano ligg også museet der Ötzi til slutt vart plassert. Eg seier til slutt, for det var lenge uklart kven som hadde eigedomsretten til den over 5000 år gamle mannen som vart funnen på grensa mellom Italia og Østerrike. I Bolzano har dei bygt opp eit nytt museum for sensasjonsfunnet og kroppen blir oppbevart etter alle kunstens reglar (stabil temperatur på - 6 grader, 100 % luftfuktigheit og jamnleg dusjing slik at kroppen ikkje skal tørka ut).

Ötzi vart funnen 19. september 1991 av eit tysk ektepar på tur i grenseområdet Italia - Østerrike. Først trudde dei det var ein ganske nyleg død person dei hadde funne, men etter kvart vart det klart at liket var mykje eldre. Først etter nøyare gransking i Innsbruck skjønte dei at det var snakk om fleire tusen år. Karbon-dateringane viste seinare at mannen levde for 5100 - 5300 år sidan. Det er den eldste mumien funnen i Europa. Kroppen var perfekt mumifisert fordi den raskt havna under snø og vart dekka av isbre.

Det mest imponerande var detaljane i kleda og utstyret som vart funne på han. Skinndetaljane og måten det var sydd på, var ganske utruleg. Det har også ført til at historia ha måtta skrivast ganske mykje om. Frå før trudde ein ikkje at slik kvalitet på handarbeid m.m. var vanleg før for ca. 2000 år sidan. Det seier litt om kor lite me eigentleg veit, og kor mykje som berre er gjetningar utan handfaste bevis.

Ørnereiret Miramonti
Biletteksten stemmer - vanskeleg å finna,
vanskeleg å gløyma
Etter oppmoding frå kollega Ivar Petter overnatta me på hotellet Miramonti Boutique Hotel nær Merano. Det skulle visa seg at hotellet var eit reisemål i seg sjølv. Det ligg ute på kanten av ei bratt fjellside, 900 meter over Merano (1200 m høgde). Ein har bokstaveleg tala Merano for sine føter. I tillegg til den imponerande utsikten var både hotell og restaurant førsteklasses. Viss du har tenkt deg til dette området, må du ikkje nøla med å reisa til denne plassen. Hotellet vart mellom anna brukt i James Bond-filmen "For Your Eyes Only".

Schloss Trautmannsdorf
Dette slottet er endå ein attraksjon verdt å besøka. Det er ikkje slottet som er det store, men det praktfulle hageanlegget rundt slottet. Det vart først etablert av keiserinne Elisabeth av Østerrike-Ungarn i 1870-71. Seinare har hagen vorte utvida og modernisert og framstår i dag som eit praktanlegg. Det er ikkje ein engelsk hage, eller hage a la Versailles. I staden er det lagt vekt på ei imponerande samling blomster, busker og tre frå alle kantar av verda. Det er pedagogisk lagt opp med klare ruter ein kan gå og tydeleg merka planter (botanisk namn, ekstra informasjon ++). Inne i hageanlegget er det også restaurantar og plassar å kvila. Det blir ganske mykje vandring sjølv om ein berre får med seg ein liten del av hagen.
Utsikt frå inngangen til Miramonti Boutique Hotel


Ein Alfa Romeo Giulia helsa velkommen i inngangspartiet.
Den var ikkje berre til pynt, den kunne også leigast.

lørdag 1. juni 2013

Elbil-landet Norge

El-bilar på rekkje og rad i Oslo. Fremst ein Nissan Leaf
Ein stille revolusjon er i ferd med å skje: el-bilen blir meir og meir synleg i Norge, og særleg i Oslo. El-bilen Nissan Leaf er i ferd med å bli ein stor suksess for Nissan, og har klatra frå 9. plass i januar (265 stk.) til 5. plass i april (455 stk.). I alt er det selt 1304 Nissan Leaf så langt i år, dei fleste truleg i Oslo. Totalt er det selt 1508 el-bilar til og med april månad. Nissan Leaf har altså ein marknadsdel av el-bilar på 86 %! I følgje e24.no er meir enn 40 % av den samla Nissan Leaf-produksjonen seld i Norge.

auto motor und sport
Det tyske bilbladet auto motor und sport via nyleg el-bilutviklinga i Norge eit stort oppslag. Dei reiste til Oslo for å prøva å finna ut kvifor Norge, og Oslo, er i særstilling i Europa når det gjeld tal el-bilar. Det dei fann, bør jo vera kjendt for oss, men er likevel nyttig repetisjon og forklarer ein god del av utviklinga me ser:
  • avgiftsfritak for el-bilar
  • gratis parkering mange stader
  • ladestasjonar i samband med parkering
  • kan køyra i kollektivfeltet
  • gratis bompengepassering
Til saman gir dette ganske gode insentiv for å kjøpa el-bil i storbyar som Oslo. No er sikkert el-bilen bil nr. to, eller kanskje tre eller fire, men likevel: den bidreg til reduksjon av CO2-utslepp og andre skadelege utslepp. I Norge kan me også gå ut frå at el-bilen går på 100 % fornybar energi, i motsetnad til andre land i Europa der el-bilen si miljøsparing er meir komplisert.

Hybrid
I tillegg til el-bilen sin framgang har også hybrid-bilane for alvor begynt å ta av. Det har samanheng med at stadig fleire bilprodusentar tilbyr hybridmodellar. I mange tilfelle kan ein hybridbil vera den beste løysinga. Den vil ha eit lågt samla utslepp av CO2 i tillegg til at den har langt større rekkevidde enn ein rein el-bil. Men hybridbilen får ikkje dei mange fordelane el-bilen nyt godt av. Her kan det beste bli det godes fiende. Eg trur ei endå sterkare omlegging av eingangsavgiftene i retning av å vera utsleppsavhengige, ville me ha fått ein større miljøgevinst raskare.

Det skjer mykje spennande innan hybridbilar også, kanskje endå meir enn innan el-bilmarknaden. For det første er det vanlege modellar som kjem i hybridutgåve, enten diesel/elektrisk eller bensin/elektrisk. Det betyr at barrieren for å gå i meir elektrisk retning blir mindre. Talet på nyregistrerte hybridbilar veks endå raskare enn el-bilar. Til og med april er det selt 3306 hybrid-bilar; enten diesel/el. eller bensin/el.

Dessverre er el-bilar framleis prega av eit Bestemor Duck-design. Eg forstår ikkje at det skal vera så vanskeleg å gi el-bilar eit spennande design. Tesla er eit heideleg unnatak, sjølv om Tesla Roadster eigentleg var ein Lotus Elise der motoren vart bytta ut med ein batteripakke.

Porsche 918 Spyder
Til slutt eit bilete av ein av dei råaste hybridbilande pr. i dag, ein Porsche 918 Spyder. Øko-fantastar får problem med denne: Dette råskinnet har ein V8-motor pluss to el-motorar med til samen 887 hk og den aksellererer frå 0-200 km/t på 7,9 sek. (altså 0-200, ikkje 0-100). Den brukar likevel berre rundt 0,3 liter bensin pr. mil. Det er ganske utruleg. Visst er det ein del utslepp i samband med produksjonen, men likevel..

Porsche 918 Spyder. Foto: Geneva2010 179