mandag 26. februar 2007

Jakob er bra!

Etter å ha "dissa" Jakob må eg skunda meg å leggja til at han er ein svært viktig person for eit meir brukarvennleg Internett og at han har stor gjennomslagskraft. Den faste spalta hans, Alertbox, har mange abonnentar og er ein inspirasjon for mange.

Trass i ein del (og tiltakande) avsporing på statistikk og økonomi, har Jakob Nielsen ofte interessante poeng. I den siste artikkelen tek han opp kva barna bør læra om IT på skulen. Og her er Jakob på sporet igjen. Han understrekar behovet for basiskunnskapar og advarer mot "produkt"-læring. Her er dei viktigaste IT-tema han meiner barn bør tilegna seg:

1. Søkestrategiar
2. Informasjonstruverd (Information credibility)
3. Informasjonsoverflod
4. Skriving på/for nettet
5. Presentasjonsteknikkar på pc
6. Ergonomi på arbeidsplassen (i eit digitalt miljø)
7. Debugging (!)
8. Brukartesting og grunnleggjande retningslinjer for brukarvennlegheit

Du kan lesa heile artikkelen på www.useit.com/alertbox/computer-skills.html

Ikkje revolusjonerande, men rett og slett sunn fornuft sett i system.

fredag 23. februar 2007

Jakob i hardt ver

Peter Merholz, president i firmaet Adaptive Path, gir Jakob Nielsen det glatte laget i ein bloggpost nyleg (via Netlifes IAllEnkelhet). Han skuldar Jakob for å ha forlate fagområdet han har kompetanse på, usability m.m., og gitt seg inn på område han absolutt ikkje har peiling på, som t.d. økonomi. (biletet er henta frå PMs blogg som har tittelen Jakob jumps the shark - klikk på tittelen for å få ei forklaring på uttrykket)

Eg er einig i PM sin kritikk av JN. På same tida som eg alltid har hatt stor sans for Jakob Nielsen og hans grunnsyn på web og brukarvennlegheit (usability), har eg fått større og større problem med den enorme trangen til kvantifisering han har fått. For alle undersøkingar eller påstandar, endar han opp med eit eller anna prosenttal for å kunna dokumentera med 'hard facts' det som elles har mest med kvalitative påstandar å gjera. Det blir feil, og eg veit ikkje om grunnen er eit ønskje om å få større respekt for fagområdet, eller om det er noko genuint amerikansk over dette. Sannsynlegvis er det ein kombinasjon.

Som Peter Merholz heilt rett påpeiker, blir det direkte latterleg når JN i eit nyheitsbrev nyleg påstår at ei offentleg verksemd ville få ein gevinst (ROI - Return On Investment) på 22 000 % ved å retta opp ein del grunnleggjande usability-problem. Det blir berre for dumt, og det gjer at JNs rykte og anerkjenning nok vil få ei dalande kurve framover (den har nok alt starta). Derav referansen til uttrykket jumping the shark.

torsdag 22. februar 2007

Førehandsvising? Nei takk.

Du har sikkert sett bruken av Snap Preview Anywhere der bilete av nettstaden bak lenka dukkar opp før du klikkar. Bloggar i1277, aka Isac Falch, har ei bra vurdering av denne funksjonen og ein del andre nyttige og unyttige funksjonar (mest det siste).

Sjølv dei beste gjer feil!

Litt kjekt å sjå at sjølv dei beste, i dette tilfelle Google, gjer feil innimellom. Eg prøvde å logga inn på Adwords med gmail-brukaren min, men det gjekk ikkje. Men kvifor skal eg bry meg om at Gmail og Adwords er totalt ulike program/applikasjonar/avdelingar osv.? For meg er det Google - punktum.

Det blir som om eg skulle få feilmelding fordi eg prøver å logga på Skandiabanken som aksjehandlar og ikkje som nettbank-brukar. For Skandiabanken er eg ein brukar, uansett kva for tenester eg brukar hjå dei.

Google har ein ryddejobb å gjera. Slik går det ofte når selskap veks kraftig ved oppkjøp. Eg har forresten fortalt tidlegare at dei snappa ideen om Adwords frå hyperentreprenøren Bill Gross.

tirsdag 20. februar 2007

Semantisk web

Software 2007 vart arrangert forrige veke, 13. - 15. februar. Eg deltok på parallellsesjonen Semantic Web og var litt overraska over at det ikkje var meir enn 40-50 deltakarar. Eg trudde temaet ville interessera fleire.

Guus Schreiber, professor ved Vrije Universiteit (Free University) Amsterdam, var hovudpersonen i programmet. Me møtte Guus og kollegaene hans på studieturen vår til Amsterdam i fjor vår og hadde møte med han dagen før Software 2007. Guus er ein sentral person i W3C sitt arbeid med semantisk vev. Me drøfta muleg felles prosjektsøknad til 7. rammeprogram i EU som no har hatt første utlysing.

Guus var veldig bra. Det er alltid interessant å høyra på folk som har full oversikt og som dermed kan forklara enkelt nokså kompliserte saker. Han framstod typisk pragmatisk og var mest oppteken av løysingar og mulegheiter og mindre av teknologi og type standardar. Han meinte at ein av dei største feila innan semantisk vev var å overvurdera kompleksiteten av ontologiar og dermed gjera det mykje vanskelegare for seg sjølv.

Han likte ikkje begrepet 'ontologi' og meinte det var for "voldsomt" for det som ligg bak: "shared concepts". Han var opprinneleg mot begrepet då han arbeida i arb.gruppa for OWL, men måtte gi tapt.

Trua på den eine "sanne" og altovergripande ontologien er heilt feil, meinte han. Det er mange ulike ontologiar som kan ha enkelte berøringspunkt: ontology alignment. Han advarte også mot det einsidige fokuset på logikk (første ordens predikat-logikk) - noko eg likte godt :-)

Han gjekk gjennom fire grunnleggjande prinsipp for utvikling av ontologiar:

1. Modesty
- bruk eksisterande vokabular
- WordNet er t.d. ein veldig viktig ressurs (finst dessverre ikkje på norsk)

2. Scale!
- tenk stort!
- tenk mange ontologiar og justering (alignment) av desse

3. Pattern principle
- ikkje ver for kreativ, gjenbruk er viktig
- sjå mellom anna tilrådingar frå Semantic Web Best Practices and Deployment Group

4. Enrichment principle
- ikkje endra, berre legg til (don't modify, add!)

Som eksempel viste Guus nokre kulturprosjekt der RDF + OWL er brukt som basisteknologi for semantisk støtte. Eit av prosjekta er Culture Web.

Til slutt minna han om kor viktig det er å følgja standardar, mellom anna tilrådingane frå WAI. Guus er svært svaksynt og viste korleis tekst ofte ser ut i hans nettlesar når han må stilla den størst muleg. Med dårleg design forsvinn ofte mykje av teksten.
Presentasjonen til Guus finn du her.

mandag 19. februar 2007

God bok!

Kyrre Andreassen har med Svendsens Catering skrive ei veldig god bok. Han fekk Språklig samlings språkpris 2006 for boka på grunn av det "folkelege" og radikale bokmålet han skriv. Boka er ein slags hyllest til "den enkle mannen" - men ikkje utan at den også utleverer hovudpersonen Johannes Svendsen som ein til tider sjølvoppteken person. Men alt i alt er dette eit forsvar for den litt tause mannen som kjem til kort i forhold til verbalt overlegne kvinner spesielt.

Det beste ville vera å få tak i ei lydbok, dersom den finst. Eg vart først merksam på boka etter å ha høyrt Kyrre Andreassen lesa høgt frå den på radio.

lørdag 17. februar 2007

e-Demokrati?

Min gode venn Egil peikar på ein viktig mangel i den nye stortingmeldinga om IT: Internett som plattform for betre deltaking. Det som tidlegare har vore kalla e-Demokrati, men som i dei siste åra har stilna av og vore lite brukt.

Dette er meir enn merkeleg særleg sett i lys av partiet statsråden tilhøyrer. Eg ville trudd dette kom til å dominera ei slik melding, men i staden er det det litt meir uklare begrepet digital deltaking. Men slik eg les innhaldet her, er det meir om tilgjengelegheit enn aktiv medverknad gjennom dialog og diskusjon.

fredag 16. februar 2007

Vestlandsforsking best av dei regionale

Det er muleg PageRank ikkje er eit akseptert måleinstrument i akademia, men det er likevel interessant å sjå kva "tillit" Google gir dei ulike regionale forskingsinstitutta (dei såkalla Fokus-institutta). Vestlandsforsking oppnår 6 og det er berre Norut i Tromsø og Finnmark som oppnår det same - og det gjer dei fordi dei er ein del av NIBR-systemet.

Også interessant å sjå at Rogalandsforsking står med 0 (null) i PR. Dei har nyleg skifta namn til IRIS og dermed også fått nytt domenenamn www.iris.no. Tippar dei er offer for det såkalla "kuvøse"-fenomenet i Google - nye domene blir lagt i kuvøse inntil dei har opparbeida seg nok respekt og tillit til å stå på eigne bein. Ved skifte av domenenamn er det veldig viktig å unngå at ein hamnar i ei slik kuvøse.

Dette er testa med PageRank Checker frå iWebTools; det viser seg at Google sitt eige verktøy i Google Toolbar er litt ustabilt og ikkje heilt til å stola på. Takk til Per-Erik som gjennom sin PageRank-artikkel sette meg på ideen.

Dei minneverdige orda

Nokre ord er brende inn i historia for alltid, medan andre av forståelege grunnar ikkje blir hugsa. Neal Stephenson har eit par gode eksempel i artikkelen Mother Earth Mother Board:

According to legend, in 1876 the first sounds transmitted down a wire were Alexander Graham Bell saying "Mr. Watson, come here. I want you." Compared with Morse's "What hath God wrought!'' this is disappointingly banal - as if Neil Armstrong, setting foot on the moon, had uttered the words: "Buzz, could you toss me that rock hammer?'' It's as though during the 32 years following Morse's message, people had become inured to the amazing powers of wire.

tirsdag 13. februar 2007

Regjeringa.no

Regjeringa dått no (ja, ho sa faktisk det, Heidi) vart opna av statsråden i går (12.2). Regjeringa.no tek over for Odin-portalen som vart opna for så lenge sidan som 1995. Portalen har fått eit etterlengta løft, og det nye namnet signaliserer også tydelegare kven som er avsendar.

Førsteinntrykket er eit ryddig design med eit "moderne" signal. Portalen ville ikkje utan vidare gi meg nynorsk-versjonen, det var høgst motvilleg. Den såg min engelske Firefox og insisterte på at eg skulle ha engelsk. Eit klikk på nynorsk-lenka, ga med nynorsk utgåve, men neste klikk førte meg tilbake til engelske sider. Men litt smårusk i starten må ein rekna med.

Litt overraska over at lenkene ikkje skil seg ut på startsida. Svart farge på lenketekst er ikkje bra, uansett.

Så var det emnekartet då, det har vore mykje snakk om dette. Eg går straks til søket, det er her portalen verkeleg skal visa seg fram. Men eg blir skuffa! Eit søk på 'Jens Stoltenberg' avslører at portalen ikkje har høyrt om den karen. Heller ikkje 'Stoltenberg' gir portalen eit hint. Kva er poenget med emnekart då?

Liv Signe Navarsete og Heidi Grande Røys er derimot kjende for regjeringa.no. Kanskje det er eit Sogn og Fjordane-kupp?

Men dette er ikkje lett. Eg har framleis til gode å sjå ein portal, emnekart eller ikkje, som verkeleg står som ein påle når det gjeld søk. Eit problem med regjeringa.no, som med så mange andre, er at søkeresultata ikkje blir godt prioriterte. Eit søk på 'statsbudsjett' gir resultat som ikkje heilt overbeviser. Stussar også litt på tittelen på søkeresultata: Her er det valt informasjonseigar (avdeling, seksjon), men det verkar veldig avsendarstyrt. Når søket 'statsbudsjett' returnerer eit treff med tittel 'Fellesseksjonen (FS)' osar det avsendar og internt syn.

Det vart kanskje litt negativt dette, men det er mest fordi eg hadde store forventningar og fordi eg framleis ventar på den ultimate emnekartportalen (ved sida av vestforsk.no då sjølvsagt). Eg skal sjå nærmare på regjeringa.no litt seinare.

søndag 4. februar 2007

Eit informasjonssamfunn for alle

Bra!
Eg har lenge tenkt å skriva om stortingsmeldinga om IT som kom frå Heidi Grande Røys før jul. Men først må den jo lesast gjennom - grundig. Det første eg vil seia er at dette er bra.

Det er bra det blir laga ei slik melding; ikkje minst pga. vaksenopplæring av regjering, Storting og andre viktige organ. Som ein statusrapport og med viktige utfordringar er det grunn til å vera fornøyd med dette. Eit stort spørsmål er sjølvsagt om meldinga klarer å skapa diskusjon og merksemd; det har vore illevarslande stille etter lanseringa.

Slappe tiltak?
Det vil sjølvsagt vera lett å kritisera at tiltaka ikkje står i stil med dei visjonane som blir lagde til grunn, og at det fell litt saman når det kjem til utføring. Det var likevel venta, så eg vil ikkje leggja altfor mykje vekt på det, trass i at det heilt klart er viktig å følgja opp ei slik melding.

Det som manglar
Eg er meir oppteken av det som ikkje blir teke opp i meldinga og som ikkje blir drøfta eller problematisert tilstrekkeleg. For det første meiner eg ein i ei slik melding burde ha løfta blikket ikkje berre framover, men også sett seg litt tilbake og gjort ei vurdering av tidlegare IT-planar. Kva har dei bidrege med og kvifor har dei kanskje ikkje hatt den verknaden dei var tiltenkte? Her kunne departementet godt starta med å setja seg inn i Trond Bulands (Sintef) dr.gradsavhandling "Den store planen" der han analyserer "Nasjonal handlingsplan for informasjonsteknologi". Trond tek opp problemstillingar som er like gyldige i dag.

Det andre eg saknar, er ei djupare forståing og forsvar av det grunnleggjande fundamentet ved Internett. Nettet og dei prinsippa det byggjer på, blir teke altfor sjølvsagt, og det blir nærmast teke for gitt at dette skal halda fram. Slik er det jo ikkje, berre lytt på Lawrence Lessigs advarslar om utviklinga - det er skremmande nok. Her er programvare-patentar eit viktig område. Men kva seier meldinga om patentar? Jau, "forbetre norsk patentpolitikk slik at vi kan sikre patentrettar på høgd med våre konkurrentland". Det er neppe ein slik politikk som sikrar oss eit fritt Internett. Kva om grunnleggjarane hadde teke patent på dei ulike grunnsteinane i nettet? Det er nyttig og nødvendig å leika med den tanken.

Slepp offentlege data fri!
Offentleg informasjon fritt tilgjengeleg, gjerne gjennom nettet, er veldig viktig. Her er meldinga igjen diffus, den peikar på utfordringa, men det verkar å vera lite kraft i gjennomføringsevne. Det er ei skam at offentlege grunndata som kartdata, eigedomsdata m.m. ikkje er fritt tilgjengelege. Det verkar som haldninga er at nokon kan komma til å tena pengar på at slike data blir sleppte fri - og det er skummelt! Det må jo tvert om vera det som er poenget.

I det vidare kommenterer eg dei fleste kapitla berre stikkordsmessig (det blir langt nok likevel!).

Generelt
  • det er brukt brei pensel og spent opp eit vidt lerret
  • døgnopen forvaltning er gjeninnført som slagord (slik det var i Stoltenberg I)
  • layout, lesverdig med bruk av ”fakta-boksar”
  • stort sett god kjeldebruk, men gjengir enkelte mytar (m.a. om Amazon og "long tail")
  • relativt godt språk med ei nynorskform som ikkje er for arkaisk og der ord som 'behov' og 'behandling' blir brukte. Men den siste språklege finpussen ser det ut til at dei har hoppa over for det er ein del slurvefeil ('visar', 'femnar') og enkelte horrible setningar som t.d. ”Riksrevisjonens undersøking av myndigheitenes arbeid med å sikre IKT-infrastruktur og Stortingets behandling av rapporten”. Her er det tydeleg oversett direkte frå bokmål

  • 'IKT' kan eg styra meg for, hadde håpa dei ville valt 'IT'

2. Status og utviklingslinjer
  • OK beskrivelse av utviklinga, men analysane manglar: Kvifor vaks ulike teknologiar og teknologibruk fram, og ikkje andre? Kva har forskinga hatt å seia for utviklinga, og kva slags forsking?
  • det som ikkje står: kontrollen med nettet, utviklinga me no ser mot sterkare kontroll. Ein diskusjon av det opne (end-to-end-nettet) og dei grunnleggjande prinsippa for Internett, manglar. Det verkar som om det opne nettet blir teke som sjølvsagt - les og høyr på Lawrence Lessig!

  • eksempelet om Amazon og ”the long tail” er feil, omsetninga frå ”the long tail” er ca. 25-30% av total omsetning - men her er det sjølvsagt også eit spørsmål om kvar halen startar!
3. IKT i økonomien
  • EU-forsking: IT-industrien står står for 5% av EUs GDP, men IT står for 25% av total vekst og 40% av produktivitets-veksten

  • interessant også at ein stor IT-sektor ikkje er nødvendig for å oppnå høg produktivitetsvekst; her er Norge med høg grad av tekonologiopptak i ein god posisjon. Nyleg artikkel i Dagens næringsliv viser også at Norge kjem best ut av dei nordiske landa (sjølv når oljen blir halden utanfor) når det gjeld bytteforhold mellom råvarer; Finland med si sterke satsing på IT kjem dårlegast ut.. (får ein jo til å lura litt)
4. Digital inkludering
  • via stor merksemd og ut frå tittelen på st.mld. er jo det naturleg
  • Høykom blir utnytta for det det er verdt, og endå ein del meir!
  • kvalitetsvurderingane skal utvidast – kva med indikatorsettet?
  • LivsIT (som no skal heita Los) er nemnt som semantisk standard for tematisk tenestestruktur, men det blir jo i feil kapittel. Det handlar om interoperabilitet, ikkje digital inkludering! Men departementet har aldri skjønt noko av dette prosjektet..
  • på enkelte punkt blir meldinga veldig teknisk (t.d. aktuelle breibandsteknologiar), saknar ein analyse og ut frå den litt om kva krav me bør stilla framover
  • i diskusjonen om digitale rettar og digital allmenning, saknar eg omtale av creative commons som eit alternativ
5. Forsking og utvikling
  • meldinga slår fast at IT-forskinga har sakka akterut; det gjenstår å sjå om det blir gjort noko med det
  • argumenta blir presenterte, den vidare kampen skjer i regjeringa og Forskingsrådet
6. IKT og næringspolitikk
  • ehandel halde fram som viktig, men den offentlege marknadsplassen er så langt ein fiasko
7. Ei døgnopen forvaltning
  • Norsk helsenett: Infrastrukturen er på plass, men blir likevel ikkje teken i bruk i den målestokken som var føresett. Kvifor er det slik? Kva er gevinstane for den enkelte fastlegen?? Her er ein situasjon der den eine parten (dei regionale helseføretaka) har stor nytte av at helsenettet blir teke i bruk, medan primærhelsetenesta har i langt mindre grad nytte av det. Korleis komma rundt ei slik skeivfordeling av potensiell gevinst?

  • saknar litt kritisk diskusjon rundt tenestetrappa: elektronisk sjølvbetjening er målet, spelar mindre rolle om det skjer på trinn 3 eller 4 så lenge det er ressurseffektivt for forvaltninga

  • Miside/Altinn: Det skal bli ei vanskeleg oppgåve å forklara brukarane at t.d. sjølvmeldinga må fyllast ut via Altinn, medan andre personlege skjema er å finna på Miside. Skal ikkje Miside samla alt som gjeld den enkelte innbyggjar som vanleg innbyggjar (jfr. meldinga mi om Skatteetaten som reklamerer med bruk av Altinn for flyttemelding)?

  • ”Miside blir lansert primo 2007” – ikkje rart dei var engstelege over formuleringa etter all utsetjinga...

  • Tenestebegrepet: Dette er verdt ein eigen omtale, og den vil komma. Vil berre peika på problemet med ordbruken når alt blir kalla tenester. Er søknad om barnehage ei tenester? Eller er det det som skjer i barnehagen som er tenesta? Kan synast som flisespikking, men i ei semantisk (nett-)verd blir dette fort viktige spørsmål.

  • Tiltak 7.2 Etablering av publiseringsteneste for off. el. postjournalar – kva er det? Dette har jo kommunane i dag (stort sett), det er dei statlege som søv her. Men det trengst vel ikkje noka eiga publiseringsteneste? Det er eit fåtal arkivsystem i bruk i offentleg sektor og alle tilbyr funksjonalitet for å presentera postjournal på nett. Sjå på kommunane; ikkje gjer det vanskelegare enn det er!

  • Felles IKT-arkitektur for det offentlege: Er redd den viktige semantiske delen blir klemt inne og oversett. Ein annan ting er at interoperabilitet er langt meir enn ei liste med tilrådde standardar!
    Ambisjonane er det elles ikkje noko i vegen med her, men gjennomføringsevne? Tja. Eit par enkle kontrollspørsmål: Kva standard-komponentar byggjer Altinn og Miside på? Det kunne vore interessant å få vita.

  • Opne standardar: GSM brukt som eksempel – ja, opne standardar er viktig, men ikkje nok! Eit godt eksempel er trådlaus nett-aksess i forhold til mobilkomm. Det er bortimot umuleg å gå saumlaust frå eitt trådlaust aksesspunkt til eit anna fordi det ikkje eksisterer avtalar om samtrafikk (roaming). Det forretningsmessige må også på plass.

  • Referansekatalog for (forvaltnings-)standardar: Er redd det er for overdriven tru på denne, kva kan ei slik liste gjera?

  • haldninga til opne standardar er litt passiv, jfr. Lars Marius’ spørsmål til Jørund Leknes på emnekartseminaret i Leikanger: Bør me ikkje også ha ambisjonar om å delta i utforminga av desse og bør ikkje det offentlege støtta slike tiltak (generøst)?

  • Skjema: Det burde vore rydda betre i kommunal sektor; litt for tett blanding av standardisering og forretningsverksemd.

  • open kjeldekode (OSS) – det ser ut som dep. verkeleg ønskjer å gjera noko her; igjen gjenstår det å sjå konkrete tiltak
8. Personvern
  • paradoks at dette kapitlet, som understrekar at folk flest har for dårleg kjennskap til personvern, er det minst tilgjenglege og tyngste kapitlet!

  • viktig understreking av den innsynsdelen av Miside; det er etter mi meining kanskje det aller viktigaste med heile Miside
9. IKT-tryggleik
  • litt tungt dette kapitlet også..


Krakatoa

27. august 1883 skjedde den største naturkatastrofen i moderne tid - ikkje etter tal menneskeliv som gjekk tapt, men med tanke på naturkrefter. Øya Krakatoa mellom Java og Sumatra (Sunda-stredet) gjekk bokstaveleg talt i lufta, berre ein liten del stod att.

Vår venn Simon Winchester, han med den gode nasen for bestseljarar, har sjølvsagt skrive bok om dette: Krakatoa - The Day the World Exploded. Og det er ein fascinerande historie, som alle naturkatastrofar.

Den vulkanske øya vakna til liv i mai 1883 og etter rundt 10 veker med små og større utbrot, bygde det heile seg opp og kulminerte i eit apokalyptisk inferno. Øya forsvann i ein kjempe-eksplosjon. Den var så kraftig at den kunne høyrast på øya Rodriguez utanfor Mauitius - det er snakk om nesten 5 000 km borte! Det er den kraftigaste eksplosjonen som er registrert i moderne tid.

Totalt mista rundt 36 000 menneske livet. Som så ofte med jordskjelv og vulkansk aktivitet i havområde, var det tsunamiar som tok dei fleste liva.

Simon Winchester tek seg god tid og dei første 116 sidene er via alt anna enn hovudtemaet. Dersom han hadde halvert lengda på boka, frå 400 til 200, kunne dette ha vorte ei god og poengtert bok. Men dessverre vart den dobbel så lang som nødvendig. Historien er likevel interessant.