søndag 30. desember 2007

Framgang?

Sjekk denne spesifikasjonen på ein el-bil:
  • 7 hk elektromotorar plasserte i framhjuls-nava
  • toppfart ca. 60 km/t
  • rekkevidde ca 50 km
Det kunne vore ein Think eller ein annan el-bil, men det er faktisk spesifikasjonen på ein el-bil frå 1900! Den vart konstruert av Ferdinand Porsche og heitte Lohner-Porsche Electric Voiturette.

Ta også med at på denne tida (rundt 1900) vart det selt fleire el-bilar enn konvensjonelle i USA. Då kan ein verkeleg spørja seg om det har vore nokon framgang på dette området?

Det er det britiske bilbladet Car som stiller spørsmålet i januar-nr. (foto frå www.gizmag.com).

lørdag 29. desember 2007

Høyrt om brukartesting?








Av og til lurer eg på om brukartesting er heilt ukjendt metodikk for programutviklarar. Ta dette eksempelet frå nettbanken til Sparebanken Vest, ein dårleg nettbank for å ha sagt det: Applikasjonen godkjenner ei rad datoformat, men av ein eller annan merkeleg grunn ikkje formatet dd.mm

Ein brukartest ville garantert ha avslørt dette, det ville vel andre type testar også. Eller dersom dei opna for innspel frå brukarane på annan måte.

tirsdag 25. desember 2007

Årets vakraste











uansett klasse: Alfa Romeo 8C Competizione. Bilen blir berre produsert i 500 eksemplar og alle er bestilte. Ingen av dei er til meg (snufs..), sannsynlegvis ingen til Norge i det heile. Dei nyrike i dette pottitlandet har sjølvsagt ikkje peiling på bilar, berre på vulgær framvising. Wikipedia har ein oversikt over fordelinga; ikkje overraskande er det USA og heimlandet Italia som stikk av med dei fleste.

Alfa Romeo vekkjer heilt spesielle følelsar hjå bilinteresserte. Når det kjem design er det få som kan måla seg med dei. Dei hadde si store tid for snart 40-50 år sidan, særleg var 60-talet bra. Sidan har det gått mykje unnabakke og når kvaliteten ofte har vore så som så blir det totalt sett ikkje så bra. La oss håpa at denne modellen er eit teikn på at ting snur. Dette er etter mitt syn eit godt eksempel på bil + kunst = bilkunst.

fredag 21. desember 2007

Forbrytelsen - igjen

Så var den danske serien "Forbrytelsen" slutt. Eg såg 19 av dei 20 episodane (manglar den første) og må seia den fengja heilt utanom det vanlege.

Då serien starta på att i haust med nye 10 episodar var eg spent både på om den høge kvaliteten kunna halda heilt ut og om det var muleg å laga 10 episodar til gitt at det verka som serien var kommen nokså langt etter dei 10 første. Eg kan nok ikkje svara tydeleg ja på nokon av spørsmåla.

Eg tykkjer kvaliteten dessverre sank i siste halvdel, og avslutninga - som eg frykta for lenge - vart også dessverre ein nedtur. Av dei hendingane som trekte ned i den siste delen vil eg spesielt nemna den seine introduksjon av kjæresten til Nanna Birk Larsen. At han i tillegg gjorde ein ganske dårleg rolle, reduserte dette endå meir.

Etter avslutninga sit eg med følelsen av at serien trekte opp altfor mange trådar og klarte ikkje å nøsta dei opp - fleire av dei vart ganske lause. Særleg tykkjer eg at dei mange hinta om kopling til politiet fall pladask, og koplinga mellom gjerningsmann og det politiske miljøet enda også med eit magaplask.

Det var veldig synd, for serien er noko av det beste eg har sett innan sjangeren - og milevis framfor anna som blir produsert i Skandinavia. Men det heldt dessverre ikkje heilt inn.

onsdag 19. desember 2007

Vedtak om opne dokumentstandardar på nettet

Regjeringa har vedteke at all informasjon på statlege nettsider skal vera tilgjengeleg i eitt av dei opne dokumentformata HTML, PDF eller ODF. Vedtaket lyder slik:

  • HTML skal vera primærformatet for publisering av offentleg informasjon på Internett

  • PDF er obligatorisk i tilfelle der ein ønskjer at den opprinnelege utsjånaden på eit dokument skal vera uendra

  • ODF skal brukast til å publisera dokument som skal kunna endrast etter at dei er lasta ned, til dømes skjema som skal fyllast ut av brukaren
Dette er ei grei presisering av ei utvikling som har lege i korta lenge, og slik sett er det verken dristig eller revolusjonerande. Men regjeringa (gjennom FAD) får på denne måten sett trykk på arbeidet med overgang til opne format og det er lettast å gjera på nettet.

Sjølv likar eg best formuleringa om at HTML skal vera primærformatet for publisering av offentleg informasjon på nettet - det har i alt for lang tid vore ei pdf-isering av nettet som ikkje er bra.

Dei nye krava vil gjelda frå 1. januar 2009 og arbeid er sett i gang for at dei også skal omfatta kommunane.

Gratulerer med 75-årsdagen!

Den klassiske telefonkiosken, kalla "RIKS"-en fyller 75 år i år, om ikkje akkurat i dag. Den vart teikna av arkitekt Georg Fredrik Fasting som vann arkitektkonkurransen utlyst av Telegrafvesenet.

Telefonkiosken er ein veldig god og tidleg dokumentasjon av funksjonalismen ("funkis"-stilen) i norsk arkitektur. Interessant nok var rammene for arkitektkonkurransen viktige for den stilen som Fasting valde til slutt: Kiosken skulle ikkje kosta meir enn kr 1 000,- ferdig oppsett, dermed måtte den vera enkel og funksjonell.

(bilete og opplysningar frå Kulturnett)

lørdag 15. desember 2007

Årets produkt: SnagIt

For eigen del er det ikkje tvil om kva som har vore årets mest nyttige program/verktøy: Bildebehandlingsprogrammet SnagIt. Det har gjort arbeidsdagen uendeleg mykje enklare. SnagIt er veldig enkelt; det let deg ta utsnitt av bilete (grafisk) og gjer det t.d. enkelt å ta utsnitt av eit skjermbilde. Eit enkelt og nyttig program, rett og slett. Takk til Are for tipset...

onsdag 5. desember 2007

HTML 5

A List Apart tek for seg HTML 5, oppgraderinga av HTML-standarden. Versjon 4 av HTML er snart 10 år (!), den vart ferdig i 1998 og gradvis implementert i nettlesarane i tida etterpå.

Slik sett er det på høg tid med oppgradering av HTML. Det har rett nok komme oppdateringar innafor 4-versjonen, og me har også fått xml-versjon av HTML 4 (xhtml 1.0 og 1.1). Men xhtml er ikkje ei oppgradering av HTML som standard, berre ei transformering av HTML 4 til XML.

HTML 5 er ikkje ferdig definert. Arbeidet starta i 2004 og held framleis på. Dei viktigaste endringane i forhold til ver. 4 er:

  • innføring av nye standard elementtypar som
    '
    'div id ...' unødvendig
  • innebygd støtte for video og audio
  • DOM (Document Object Model) som grunnlag for side-representasjon
For ein detaljert gjennomgang av HTML 5-forslaga, les Lachlan Hunts artikkel i ALA.

Da Nietzsche gråt

When Nietzsche Wept er også skriven av Irvin D. Yalom. Som nemnt i omtalen av Schopenhauer-kuren var Arthur Schopenhauer ein viktig inspirasjon for filosofen Friedrich Wilhelm Nietzsche (1844 - 1900). Men der Schopenhauer var grunnleggjande pessimistisk og såg livet som ei endelaus liding, såg Nietzsche visse mulegheiter. Han meinte at tragedien var ei stadfesting av livet, men dette har vorte misforstått av mange i ettertid. Det har vorte sagt at det er farleg å lesa Nietzsche i for ung alder og utan tilstrekkeleg bakgrunn og at mange har teke vegen ut i det ekstreme av den grunn.

Nietzsche var ein stor stilist og ein av dei beste forfattarane av dei store filosofane. Elsken for aforismar arva han truleg etter Schopenhauer.

Boka handlar naturlegvis om Nietzsche og filosofien hans, men også om starten på arbeidet med psykoanalyse som terapiform i Wien. Det er ei oppdikta historie om Nietzsche som inngår eit veddemål med den jødiske legen dr. Josef Breuer som var ein av grunnleggjarane av psykoanalysen. Breuer var ein god ven av Sigmund Freud, som også spelar ei viss rolle i boka.

Breuer skal prøva å kurera Nietzsche for psykiske (og fysiske) plager og tankar om sjølvmord, noko Nietzsche går med på under føresetnad av at han får undervisa Breuer i filosofi. Nietzsche tek fort over rolla som terpeut og det er Breuer som "endar på benken". Men det er heile tida ein interessant kamp mellom dei som begge to har stort utbyte av og dei kurerer kvarandre på eit vis.

lørdag 1. desember 2007

Schopenhauer-kuren

Det 200. innlegget på bloggen skulle helst ha vore ei lita markering med statistikk osv., men det får venta. Har akkurat lese ferdig Schopenhauer-kuren av Irvin D. Yalom og har lyst til å formidla inntrykk frå den.

Irvin D. Yalom er psykiater som er kanskje er meir kjend som forfattar, både av fakta og fiksjon. Han er prof. emeritus i psykiatri ved Stanford Univ. og kjend psykoterapist.

I Schopenhauer-kuren er som namnet antyder, Arthur Schopenhauer sentral. Han var ein kjend tysk filosof (1788-1860) som mellom anna sette seg føre å korrigera Kant på vesentlege punkt og som øvde stor innflytelse på seinare filosofar og vitskapsfolk; særleg Friedrich Nietzsche, men også vitskapsmenn som Sigmund Freud.

Yalom har massevis av erfaring som terapeut og brukar den til å formidla kloke råd og stilla fornuftige og kritiske spørsmål til det han sjølv og fagfellene driv med. Han kvir seg ikkje for å stilla nokså fundamentale spørsmål om terapi og terapeut-rollen og han vågar også å skriva om tabu-område som t.d. sex i møtet mellom terapeut og klient. Sex er i det heile ein viktig del av problemstillingane han drøftar i mange av bøkene sine, men om du er ute etter "mjukporno" eller liknande er dette feil mann..

I Schopenhauer er hovudpersonen (nok ein gong) den eldre terapeuten som har fått konstatert ein vondarta svulst og har kort tid att å leva. Han tenkjer gjennom livet sitt og på alle pasientane han har hatt og får lyst til å finna ut om han faktisk har gjort nokon skilnad - om han har hjelpt nokon i det heile. Han stansar ved ein av klientane som han hadde store problem med å hjelpa, han må faktisk erkjenna at han ikkje klarte å hjelpa han trass i tre års terapi.

Han kontaktar den tidlegare klienten, som tilsynelatande klarte å kurera problemet sitt (unormal høg sex-drift). Kuren var Schopenhauer, derav namnet på boka. Dei to inngår så ein avtale/veddemål med gjensidige motivasjonar og resten av boka dreier seg om vekselvis gruppeterapi der dei to har sentrale roller, og glimt frå Schopenhauer sitt liv.

I mange av bøkene til Yalom går terapeuten med på ei utfordring, eit veddemål eller ein annan slags avtale. Det er ofte spenningsdelen av boka og det som driv forteljinga framover. Yalom får heile tida brukt erfaringane sine frå terapien på same tid som han er ein glitrande forteljar. Det gjer at bøkene både er lettlesne og interessante. Av norske forfattarar er det kanskje Finn Skårderud (også psykiater) som kjem nærmast og han har også ofte nemnt Yalom som eit førebilete.

Til slutt nokre sitat/aforismer frå Schopenhauer - ein grunnleggjande pessimist, misantrop og ateist. Han var faktisk ein av dei få filosofane som ope stod fram som ateist og det kunne han gjera fordi han aldri var avhengig av ei lærestilling; han levde på farsarven til siste slutt.

Livet er noen elendige greier. Jeg har bestemt meg for å tilbringe livet med å tenke på det.

Talent er som en skarpskytter som treffer et mål andre ikke klarer å treffe. Genialitet er som en skarpskytter som treffer et mål andre ikke klarer å se.

Religionen har alt på sin side : åpenbaring, profetier, statlig beskyttelse, den høyeste rang og verdighet (...) og hva mer er, det uvurderlige fortrinnet ved å få lov til å presse sine doktriner inn i sinnet i den tidligste barndommen, slik at de blir nesten medfødte tanker.