søndag 30. oktober 2022

KåKånomics 2022

Birk Florian Fischer Magnussen,
leiar av programkomitéen, opnar KåKånomics 2022
KåKånomics 2022 i Stavanger er nettopp avslutta, og med det nærmare 80 ulike arrangement. KåKånomics kallar seg sjølv "Nordens største og morsomste økonomifestival". Eg veit ikkje om det finst andre økonomifestivalar, men uansett er Kåkånomics vel verdt eit besøk. Og ikkje berre for dei som er interesserte i økonomi - her blir økonomifaget diskutert frå mange vinklingar. Frå årets program er krigen i Ukraina sjølvsagt eit viktig tema, men også klimautfordringane, økonomi og filosofi, bitcoin og kryptovaluta, NFT og Metavers, berre for å nemna nokre få tema.

Årets prisvinnar, Erling Røed Larsen, i samtale 
med Hilde Sandvik

Kvart år blir det delt ut ein pris til ein økonom som har utmerka seg over lang tid. Årets prisvinnar var Erling Røed Larsen. Prisen er ein formidlingspris der deltaking i samfunnsdebatten er eit sentralt premiss, i tråd med KåKånomics overordna misjon. ERL er i dag avdelingsleiar ved Oslomet og professor II ved BI. Han var i mange år professor i samfunnsøkonomi ved BI.


Årets klassikar, Friedrich A. Hayek

KåKånomics presenterer kvart år ein klassikar, dvs. ein "klassisk" økonom.  I år var det Friedrich A. Hayek, og han vart presentert av Torbjørn Røe Isaksen.

 Sjølv fekk eg snakka om koplinga Bitcoin og Hayek under tittelen: "Er det på tide å skilja stat og pengar?". Saman med den eminente intervjuaren og programleiaren Terje Torkildsen, snakka me om laust og fast i tilknyting til temaet. KåKånomics er så til dei grader lågterskel, samtidig som det er kunnskapsrike folk i aksjon slik at det ikkje berre blir tomprat. Det er alltid noko å læra, både for dei som presenterer og dei som høyrer på (og stiller spørsmål, ikkje minst).




Vågen i Stavanger, med festvalbåten M/S Sandnes til venstre


Hilde Sandvik, kjent mellom anna for "Norsken, dansken og svensken" hadde live-sendingar kvar dag frå båten M/S Sandnes med ulike gjester frå KåKånomics-programmet. Innslaga hennar kan høyrast på NRK P2:




27.10 (Er Norge en krigsprofitør? Hvordan skal vi få nok å spise i verden når kornmarkene i Ukraina bombes? Og kan Bibelen lære oss om økonomi?)

28.10 (Hvordan ble Storbritannia verdens butler for oligarker? Går det an å leve av sirkulærøkonomi? Hvor sikkert er digitalisering når russerne har stålkontroll over kablene våre? Og bør vi pensjonere oss når vi er førti?)

29.10 (med Kalle Moene, Olav Chen, Helle Stensbak, Eva Grinde m.fl.)



Viss du har sansen for ein kunnskapsbasert festival, er det berre å planleggja KåKånomics 2023. Eg trur eg kan garantera at du ikkje blir skuffa. Stavanger er også ein veldig fin by som arrangementsstad. Små, intime arrangementstader (pubar, kaféar osv.) og kort veg frå det eine arrangementet til det andre.