mandag 23. desember 2019

Facebooks Libra - eit halvt år seinare

Eg skreiv om Facebooks Libra-prosjekt i sommar og om den spennande utviklinga me har i vente. I mellomtida har reaksjonane vore mange, og harde. Frontfigur David Marcus vart kalla inn til høyring i Kongressen og vart grilla i mange timar av aggressive politikarar. Den som kom best ut av høyringane var nok Meltem Demirors frå CoinShares. Innkalla som ekspert på kryptovaluta leverte ho leverte eit strålande innlegg der ho var krystallklar på at Libra ikkje er kryptovaluta, og kva som skil Libra og Bitcoin. Om du ikkje har sett innlegget hennar, bør du gjera det:



Utviklarane av Libra er fascinerte av både Bitcoin og Ethereum, det er det ikkje tvil om. Slik sett er Libra ein slags hyllest til desse systema. Men styringa av Libra gjennom Libra Association, og dei tette banda til Facebook, gjer at dette er noko heilt anna enn opne, vilkårslause blokkjedesystem.

Det beste uttrykket for skilnaden mellom Libra og Bitcin kjem fram når ein stiller spørsmålet: Kven skal Kongressen kalla inn for ei høyring om Bitcoin? Her skil Bitcoin seg også frå Ethereum, for i Ethereum er det lettare å peika ut sentrale organisasjonar med makt, som Ethereum Foundation.

Libra som desentral kryptovaluta?
Eit overraskande punkt i Libra-dokumentasjonen var planane om full desentralisering av valutaen. Det starta med 28 investorar/nodar i Libra Association som så vart redusert til 21 då organisasjonen formelt vart etablert. Det var 7 amerikanske firma innan betalingsformidling, m.a. Visa, Mastercard og PayPal. Det skjedde etter sterkt press frå styresmaktene.

Det har så langt gått motsett veg av det som var lova i prosjektomtalen. I staden for å utvida med fleire medlemmer, har det altså vorte færre.

Målet om eit desentralt Libra verka urealistisk alt frå starten, og eit halv år etter og med dei reaksjonane som har komme frå politsik hald, er det heilt utenkjeleg. Facebook vil ha store problem med å bli realisera Libra i det heile

Sterke reaksjonar
Libra vart møtte med stor skepsis, og Kongressen kalla inn Libra-sjef David Marcus ganske kort tid etter at planane vart kjende. Etterpå at det komme mange reaksjonar frå andre land, og dei har ikkje vore mindre skeptiske. Delar av reaksjonane handlar om den tynnslitne tilliten til Facebook generelt, og at politikarane ikkje let seg lura av at Libra blir styrt av eit konsortium på 28 (vel, i skrivande stund 21 medl.),. Dei trur, som dei fleste andre, at Facebook er i hovudsete. Det er trass alt dei som har brukt store ressursar på utvikling av konseptet, og det er dei som kjenner teknologien til botns.

Facebook-sjef Mark Zuckerberg vart så kalla inn til høyring i the House Financial Services Committee. Zuckerberg brukte høvet til å skyva dei fattigaste i verda framfor seg då han sa at Libra skal hjelpa alle som i dag ikkje har tilgang til finansielle tenester i heimlandet sitt. Men komité-medl. let seg ikkje lura av retorikken. Som repr. Brad Sherman sa:
"For the richest man in the world to come here and hide behind the poorest people in the world and say that's who you're really trying to help. You're trying to help those for whom the dollar is not a good currency: drug dealers, terrorists, tax evader,"
Det andre argumentet til Zuckerberg var at Kina har ei leiing på dette området (kryptovaluta, og særleg digitale sentralbankpengar). Han mana fram at dersom USA ikkje  satsar på dette området, vil vegen vera open for Kina som har synt seg ganske aggressive og er komne ganske langt med planane om ein digital yuan. MZ peikte på at dollaren kan bli svekka når Kina lanserer den digitale valutaen sin.

Politikarane let seg likevel ikkje imponera og Zuckerberg fekk gjennomgå for alle skandalane Facebook har hatt dei dei siste åra.

Kva no?
Mark Zuckerberg har sagt at Libra vil bli lansert, uansett kor lang tid det vil ta, og at dei også vil følgja reguleringane som vert pålagde. Då er det klart at ein desentral Libra er heilt uaktuell, og denne delen av Libra-prosjektet framstår meir og meir merkeleg. Er det fascinasjonen for Bitcoin som har fått dei til å skriva dette? Det kan umuleg vera for å komma styresmaktene i møte.

Då Libra vart lansert, siterte eg Caitlin Long, ein viktig person i kryptomiljøet som arbeider tett med delstatspolitikarar i Wyoming og har klart å gjera staten til den mest kryptovennlege i USA. Ho meinte Libra var bra for Bitcoin av følgjande grunnar:

  • Berre ved å bruka ordet "kryptovaluta" vil Facebook alminneleggjera det og ufarleggjera det
  • Libra blir eit gigantisk opplæringsprogram for kryptovaluta
  • Dei som skaffar seg Libra-lommebok (t.d. Facebooks Calibra) vil sjå at libra står i ro kursmessig medan bitcoin aukar (?) i verdi. Det blir freistande å veksla libra inn i bitcoin.
  • Kjøp av bitcoin og andre kryptovalutaer blir mykje enklare ved bruk av libra
Stort sett positive utsikter sett frå Bitcoin si side, altså. Men med reaksjonane som har komme det halve året etter at Facebook offentleggjorde Libra-planane, er eg usikker. Styresmaktene rundt om i verda fekk ein alvorleg vekkjar og har mobilisert. Der Bitcoin stort sett har fått utvikla seg i fred, blir det no eit stadig sterkare søkjelys på kryptovaluta og regulering av den. 

Liberalistar sin påstand om at Bitcoin ikkje kan regulerast, stemmer ikkje. Det er heller ikkje ønskjeleg, for regulering har både gode og mindre gode sider, og også kryptovaluta treng regulering.

Styresmaktene er vekte, og det vil også Bitcoin få merka i aukande grad.

søndag 15. desember 2019

SPQR - Den romerske republikken

"SPQR - A History of Ancient Rome" er skriven av Mary Beard, professor ved Cambridge (Professor of Classics) og ekspert på romersk historie, mellom anna. Ho er ei dame som ikkje kvir seg for å stå i stormen, og det har storma ein god del rundt ho.

Men først forkortinga SPQR. Det står for Senatus PopulusQue Romanus - "The Senate and People of Rome" og var eit symbol på den romerske republikken. Denne "logoen" fanst over alt i det romerske samfunnet.

Det er viktig å få fram at denne 600-siders boka ikkje er ein introduksjon til Romartida og den romerske republikken. Viss du er blank på førehand, som eg eigentleg var, er det mykje i denne boka som krev tilleggsinformasjon. Beard skriv mest om personar i det millenniet ho dekkjer (ca. 750 før vår tid (f.v.t.) og til keisar Caracalla i åra 212-217).
Ho forklarer lite om den politiske utviklinga og organiseringa og samanhengen mellom ulike grupper (patrisiar og plebeiar) og deira maktorgan (senatet og tribunalet).

I etterordet til denne ganske omfattande boka forklarer ho korleis ho sjølv ser på denne tida og kva me kan læra av den. Ho er ganske nøktern og slår fast at me neppe kan læra så mykje direkte av romarane frå denne tida, men at me kan læra mykje ved å engasjera oss i historia. Romartida har trass alt hatt enorm påverknad på utviklinga av vårt eige samfunn, dvs. utviklinga av den vestlege verda.

Les boka og sjå serien "Rome"!
Eg har som sagt, måtta søkja andre kjelder også for å forstå boka betre. Etter å ha lese boka starta eg med å sjå serien "Rome", ein HBO-serie som vart laga frå 2005-2007. Den var til stor hjelp fordi den visualiserte historia og det var lett å kjenna att dei grunnleggjande hendingane. Vekslinga mellom serien og tilbakeblikk i boka har fungert godt for meg, og eg er imponert over "Rome" og den tilsynelatande korrekte historiske framstillinga.


Republikken oppretta i 509 f.v.t.
Alt i 509 f.v.t vart kongedømmet avløyst av ein republikk. I staden for å samla all makt i hendene på ein herskar, vart makta delt. Men det betyr ikkje at det var folkestyre slik me kjenner det. Makta låg hjå eliten, patrisiarane, og etter kvart vart det oppstand blant vanlege folk, dei såkalla plebeiarane. Senatet var samansett av folk frå eliten, og dei valde to konsular som hadde eit åremål på eitt år. Konsul var den høgste utøvande maktstillinga. Magistrat var samleomgrepet for dei ulike maktposisjonane, og i tillegg til konsul var det i ordna rekkefølgje Praetor, Quaestor og Promagistrate.

Patrisiarane var overklassen, dei som var av dei rette slektene; adelen så og seia. Plebeiarane var vanlege folk. Men endå vanskelegare stilte var sjølvsagt slavane. Ein slave kunne bli sett fri, og slik sett bli ein plebei.

Berre får år etter at republikken var oppretta, i starten av det femte århundre f.v.t., begynte det å bli uro. Plebeiarane vart stadig meir misnøgde med den skeive maktfordelinga og spørsmålet var om dei skulle ty til vald eller markera ueinigheit på annan måte. Heldigvis, kan me seia, valde dei ein ikkje-valdeleg strategi. Dei gjekk i samla flokk til den nærliggjande høgden/åsen Mons Sacer og streika. Aksjonane førte fram og det vart oppretta maktorgan også for plebeiar i form av Tribunal (Tribunus Plebis) og Aedelis Plebis ("folkeforsamling"). Med desse institusjonane vart det meir balanse i maktutvøinga i republikken. Tribunalet hadde vetorett overfor senatet og konsulane, og kunne slik hindra urimeleg lovgiving.

Makta til plebeiarane var avgrensa til Roma by, og alt som skjedde utanfor Roma, og det var på mange måtar det meste, vart styrt av patrisiarane gjennom senatet og magistratane (i første rekkje konsulane).

Ei viktig lovendring, sett frå plebeiaranen si side, skjedde i 326 f.v.t. då det vart slutt på at gjeld kunne føra til slaveri.

Frå republikk til diktator og imperium
Trass i utfordringar og uro, med borgarkrig og forsøk på å samla makta i ein diktator, klarte republikken i det store og heile å halda på grunnprinsippa heilt fram til midten av det første århundret f.v.t. Frå rundt år 60 samla dei tre leiande personane på den tida, Cæsar, Crassius og Pompeius, seg i eit makt-trekløver kalla det første triumviratet. Dei heldt kvarandre i sjakk så lenge dei var tre, og bytte på konsul-posisjonen. Det var også slik at dei to som var konsul, bytte annakvar månad på å vera den fremste av dei to.

Men då Crassius vart drepen i eit slag, tilspissa forholdet mellom Cæsar og Pompeius seg. Det enda til slutt med open kamp. Cæsar var hærførar i Gallia (Gaul) og hadde stor suksess, som Pompeius også hadde i austleg territorium. Cæsar var den første romaren som kryssa den engelske kanalen, og han var også den første til å kryssa Rhinen.

Då senatet vedtok at Cæsar måtte gi opp som hærførar og komma til Roma og stå til rette for det som vart påstått å vera overgrep, skjedde den kjende kryssinga av elva Rubicon og han sette kursen mot Roma for å ta over makta. Dette skjedde i år 49 og han møtte ikkje motstand, for Pompeius flykta. Cæsar følgde etter og Pompeius vart etter kvart drepen i Egypt. Men det var ikkje Cæsar som drap han, men lokale folk. Cæsar kom til Egypt, som den gangen var ein del av Romarriket, og straffa dei som hadde teke livet av Pompeius.

Cæsar hadde eit merkeleg ambivalent forhold til motstandarane sine. Han såg på Pompeius som både nær venn og farsfigur, samtidig som han var i open krig med han. På same vis benåda han mange av dei hadde valt feil side og kjempa med Pompeius, mellom andre Brutus og Cicero. Han vart åtvara mot dette, men følgde tydelegvis strategien "hald vennene nær, men fiendane endå nærare". Det skulle likevel kosta han livet.

Populistar og konservative
Cæsar var både elska og hata. Han var godt likt av folk i dei lågare laga fordi han gjennomførte reformer som var til fordel for fattige og som tok frå eliten ein del makt og goder. Det var sjølvsagt ikkje populært hjå eliten, og han hadde mange motstandarar i senatet. Dei som kjempa på Pompeius' side kjempa for idealet om republikken, sjølv om det i realiteten gjerne var ein kamp for å halda på privilegia til overklassen.

Dei to gruppene vart kalla Populares og Optimates. Populares var den tidas populistar, og Cæsar henta støtte hjå breie lag av folket i Roma. Optimates var dei konservative som ville halda på republikken, men helst med eit sterkt senat. Det var i stor grad senatorar og store landeigarar som tilhøyrde denne gruppa. Både Brutus og Cicero høyrde til gruppa.

Spora etter Cæsar er mange, men dei tydelegaste er inndelinga av året. Før Cæsar hadde romarane ikkje ein kalender som følgde jorda sin rotasjon rundt sola, og det førte til mykje rot. Dei kunne vera både ein og to månader etter den korrekte tida, noko som skapte problem. Cæsar innførte den greske kalenderen og juli månad vart kalla opp etter han. Den julianske kalenderen hadde 365 dagar og ein ekstra dag kvart fjerde år, som me også har i dag.

Cæsars fall
Det vart stadig meir uro og misnøye mellom senatorane og ei gruppe av dei samla seg til eit attentat. Det skjedde 15. mars år 44 (Ides of March) då senatat var samla. Ei gruppe senatorar samla seg rundt Cæsar og begynte å skubba og dra av han toga-en. Så kom knivane fram og han vart stukken ned. Det mest kjende sitatet frå denne hendinga er "Et tu, Brute?" ("Du også, Brutus?"), men dette stammar frå Shakespeare sitt stykke Julius Cæsar og stemmer ikkje med det som skjedde. Dei siste orda til Cæsar skal ha vore "Du også, barn?", men ingen veit sikkert om det var slik. Brutus var i alle fall sentral i attentatet og mordet på Cæsar.

Etter Cæsars fall, var det mange år med strid og borgarkrig, før Gaius Octavian overtok som keisar i år 27 f.v.t. [Gaius er eit personnamn og var så vanleg at det til slutt vart brukt som eit generisk namn for mann, og det feminine motstykket var Gaia].

Keisar Augustus
Cæsar hadde utnemnt grand-nevøen Octavian som etterfølgjaren sin, det stod også i testamentet hans. Octavius var son til Atia som igjen var dotter til Cæsar si søster Julia. Han tok namnet Augustus etter at han vart diktator. Han styrte som diktator frå år 27 f.v.t. til år 14 då han døydde.

I tida etter mordet på Cæsar, danna Octavian og Antonius eit andre triumvirat saman med Lepidus. Men då Lepidus vart drepen i eit slag, vart konflikten mellom Octavian og Antonius klar og krig uunngåeleg. Antonius styrte regionen i aust, med Egypt som hovudsete, og han innleia eit forhold til Kleopatra, og fekk to barn saman med ho.

Octavian vann eit avgjerande sjøslag nær Hellas, og sette etter kvart kursen mot Alexandria. Antonius tok sjølvmord då han trudde (vart forleda til å tru?) at Kleopatra hadde teke sjølvmord. Det stemde ikkje, men då ho innsåg at alternativet hennar var å bli ført til Roma som symbol på Octavians seier over ho og Antonius, tok også ho livet sitt. Historia vil ha det til at det skjedde ved eit slange-bit, men Mart Beard meiner det er lite sannsynleg. Kleopatras son Cæsarion som ho fekk med Cæsar [det er usikkert om Cæsar faktisk var far til barnet, og i "Rome" får me ei anna historie] vart drepen av Octavian. Guten var då 16 år, men Octavian såg han som ein stor trussel sidan han var påstått å vera Cæsar sin son.

Serien "Rome" tek seg visse fridommar akkurat på dette punktet, Ein annan ting er at Antonius nok blir framstilt i overkant eindimensjonal i serien.

Sjølv om denne tida er mellom dei best dokumenterte, med ei rekkje skrifter og kjelder, veit me likevel lite om personen Augustus. Ein viktig grunn var at han sjølv bevisst framstod som gåtefull. Han var både blodig tyrann og vismann, og det var ikkje alltid lett å sjå kva side som gjaldt. Namneskiftet frå Octavian til Augustus kan også tolkast som eit forsøk på å fjerna seg frå den valdelege fortida og introdusera ei ny tid der han tok rolla som statsmann.

I "Rome" blir Octavian framstilt som ein følelseskald og bereknande fyr, med klare autistiske trekk. Det kan godt henda det er ein del rett i dette, men han gjekk også gjennom ei stor endring frå tida før han vart diktator til etter at han tok full kontroll over Romarriket.

Han ville ikkje kalla seg diktator, som forgjengaren Cæsar, men vart i staden vald til konsul år etter år, i tillegg til at han også samla makta frå folket, tribunalet, på eigne hender. Han var diktator i gavnet om ikkje i namnet.

Han styrte Romarriket i 41 år, frå 27 f.v.t. til år 14 då han døydde. Det var på mange måtar ein gullalder, og riket var på sitt mektigaste. Augustus fullførde det Julius Cæsar starta på eit par tiår før.



onsdag 11. desember 2019

Bestemor kvitvaskar ikkje!

Foto: Hartmut Schwarzbach (CC-BY-NC-SA-4.0)
Mor mi er snart 89 år og har verken pass eller førarkort lenger. For eit par veker sidan fekk ho melding frå banken om at ho måtte møta opp og legitimera seg, elles ville bankkontoen hennar bli stengd. Så ho må fram med rullatoren og møta opp hjå politiet for å få pass.

Den omfattande aksjonen for legitimering av bankane sine kundar er ikkje tiltak mot kvitvasking for denne aldersgruppa, det er trakassering av svake og utsette grupper!

Det var ikkje bestemødrer eller bestefedrar som stod bak slusinga av meir enn 2.000 milliardar kroner (!) i Danske Bank si Estlands-avdeling. Det var heller ikkje denne aldersgruppa som stod bak kvitvasking i Nordea, eller i SWED-bank, eller i SEB, eller i DnB som slusa 700 mill. kr gjennom systemet sitt på vegne av eit islandsk fiskerikonsern.

Dei store kvitvaskingssakene handlar om ein industri med stor profitt, og trass i aukande risiko er vurderinga slik at det er verdt å ta risikoen. Dei som tener på dette er både bankar og kundane som er involverte. Men desse kundane er ikkje nærmare 90 år og brukar rullator.

Kor vanskeleg kan det vera å leggja inn kontrollar på kontoane til denne aldersgruppa? Eg vil tru at pengestraumane inn og ut på desse kontoane er svært så føreseielege, og at det skal svært lite til å laga effektive kontrollsystem for å fanga opp uregelmessige transaksjonar. Trass alt brukar bankane milliardar på digitalisering, så det burde ikkje vera noko problem.

Kravet om legitimering av kundane stammar frå EU-direktivet om kvitvasking, og gjennom EØS-avtalen pliktar også Norge å innføra reglane. Men er det verkeleg slik at sunn fornuft og enkle løysingar er uaktuelt? Det einaste som synest sikkert i denne saka, er at kvitvaskinga vil halda fram om lag som før, og at trakasseringa av mange eldre og andre som er på utsida av det digitale samfunnet, ikkje vil ha nokon effekt i så måte.