fredag 22. november 2019

På nattbordet - igjen

"På nattbordet", onsdag 20.11.2019
Eg fekk ein hyggeleg telefon frå Dagens Næringsliv denne veka med spørsmål om kva eg har på nattbordet. Det er andre gangen på relativt kort tid, sidan eg også vart intervjua sommaren 2018.
Men som journalist og ansvarleg for spalta, Bjørn Gabrielsen, sa: du har sikkert lese ein del sidan den gangen. Og det har eg jo.

Eg nemnde også denne gangen at eg hadde lese hans eiga bok, "Veien ut", og me hadde ein interessant samtale om sjølvberging og det å klara seg ut av vanskelege situasjonar ved ikkje å vera rådlaus, men rådsnar. Og han fortalde den imponerande historia om John K. Galbraith i Det Kvite Huset. Boka hans vart ikkje nemnt, kanskje naturleg nok, men han tok med Simen Tveitereids bok "Et fritt liv" som eg også nemnde.

"På nattbordet" har vorte ein slag markør for DN, i alle fall meiner eg det. Det er spalta eg alltid les, om eg ikkje les andre ting i avisa. Spalta har histore heilt tilbake til 1967, i følgje BG. Det er over 50 år med interessante data om lesevanar blant folk. Det er noko som burde vore forska meir på, eller skrive meir om, noko eg også nemnde denne gangen for BG. Og det spørst om ikkje det kjem ei bok om dette snart..

tirsdag 12. november 2019

Pengar på gata

"Pengar på gata" er eit (finans-)uttrykk for at du kan plukka opp gratis pengar frå gata i visse investerings- eller skattesituasjonar. I dette tilfellet er det oppføring av kryptovaluta i skattemeldinga som kan gi deg fordel om du gjer det på rette måten. Stikkordet er "sist inn, først ut".

Kryptovaluta (bitcoin, ether ++) blir definert som formuesobjekt av Skatteetaten og skal skattleggjast meir eller mindre på same måten som verdipapir. Du må betala skatt av gevinst, og kan trekkja frå tap. Formuen må førast opp pr. 31.12 det aktuelle året for skattemeldinga.

Dersom du, som eg, trudde at det er "først inn - først ut" (FIFO - First In First Out) som gjeld for utrekning av gevinst, ev. tap, er det feil. Skatteetaten set ikkje krav til bestemde prinsipp, så du kan velja det som er mest gunstig. Over lang tid blir resultatet det same, du utset på ein måte berre skatten om du vel "sist inn - først ut" i staden for "først inn - først ut"), men fordi skattesatsen for kapitalinntekt har vorte redusert frå 25 % i 2016 til 22 % for skatteåret 2019 (24 % i for skatteåret 2017, 23 % for 2018 og 22 % for 2019). Om skattesatsen skal vidare ned, er uklart. Grunnen til reduksjonen er å komma på linje med andre land sine satsar, sidan kapital lettare kan flyttast over landegrensene enn arbeid.

"Pengane på gata" er i denne samanhengen å bruka den mest gunstige utrekningsmåten og slik sett spara skatt på grunn av den reduserte skatteprosenten på kapitalinntekt. Det er ein gevinst du uansett kan putta i lomma, og som gjer at det lønner seg å bruka den utrekningsmåten som gir lågast gevinst.

Her er eit skjermbilete frå programmet https://bitcoin.tax som viser ulike utrekningsmåtar:


mandag 4. november 2019

Kven skal laga framtidas pengar?


Seminaret "Kven skal laga framtidas pengar?" vart arrangert i Sogndal i dag, som ein del av kurset "Bitcoin, blokkjedeteknologi og den digitale økonomien". Fagleg sett var det eit veldig bra seminar, men dessverre litt få tilhøyrarar. Men det vart til gjengjeld mange spørsmål og tett dialog med dei frammøtte - i det tradisjonelle seminaret si gode ånd.

Her er presentasjonane som vart haldne, etter at instituttleiar ved institutt samfunnsfag, HVL, professor Grete Netteland, hadde ønskt velkommen.

Jermund L. Molland, Risk og Compliance Manager, Sogn Sparebank:




Peder Østbye, Norges Bank:




Andrea Thorup, Rethinking Economics Norge:




Haakon Riekeles, Civita:




Torbjørn Bull Jenssen, Arcane Crypto og Kryptografen.no:



fredag 1. november 2019

Mytar om Bitcoin og blokkjede

Dagens Næringsliv publiserte lesarinnlegget mitt om "Mytar om Bitcoin og blokkjede" i dag. Eg håpar eit av resultata er at DN sjølve endrar faktaboksen dei presenterer om Bitcoin og blokkjedeteknologi, for den er villeiande i dag.

Det kan passa å minna om andre vanlege mytar på dette området, som eg mellom anna gjorde i innlegget "7 myter om Bitcoin", publisert på Kryptografen.no.