torsdag 27. mai 2010

Wittgensteins Wien


Professor emeritus Kjell S. Johannessen frå Filosofisk institutt, Universitetet i Bergen, heldt i går (26.05) eit foredrag om "Wittgensteins Wien - Den kulturelle og intellektuelle bakgrunnen for arbeida hans".

Arrangementet fann stad i Sogndal bibliotek sine lokale og rundt 45 interesserte tilhøyrarar hadde møtt fram. Arrangementet er ein del av Vestlandsforsking si markering av 25-årsjubileum for instituttet.

Her følgjer eit slags resyme av foredraget, men det kan sjølvsagt ikkje yta foredragshaldaren full rettferd.

(biletet viser Ludwig Wittgenstein og er teke i 1930. Det er eigd av Nasjonalbiblioteket i Austerrike.)

Bakgrunn
Ludwig Wittgenstein (26. april 1889 - 29. april 1951) var samanhengjande 2 år i Sogn (Skjolden) – over til saman 6 periodar. Det er ein viktig grunn både for foredraget og interessa for filosofen i Norge. Ved Universitetet i Bergen finst også Wittgenstein-arkivet, som Kjell S. Johannessen var leiar av i mange år.


Wittgenstein avviste at filosofi kunne vera vanleg vitskap. Det einaste filosofi kan bidra til, er ei form for klargjering av våre tanke-reiskap; våre begrep. Denne filosofien blir difor ei form for språk-kritikk, og filosofien blir ein språkfilosofi.

Wittgenstein ga berre ut eitt filosofisk arbeid, eit ungdomsarbeid kalla Tractatus Logico-Philosophicus. Johannessen omtala dette verket i eit anna foredrag som "Platon trekt heilt til yttergrensene". Det andre hovudarbeidet, Filosofiske undersøkingar (Philosophical Investigations) kom ut to år etter han var død, i 1953. Her går filosofen tilbake på mykje av det han skreiv i Tractatus. Me finn difor to "leirar" av Wittgenstein-tilhengjarar som litt enkelt kan grupperast i: Logikarar med stor sympati for det første verket, og språkforskarar som viser stor interesse for det siste.

Begge arbeida vart påbegynt i Skjolden. Han skreiv til mentoren Bertram Russel om Skjolden at ”her er ein fabelaktig plass å arbeida”. Wittgenstein vart ofte misforstått og forveksla med Russels arbeid. Men då oversåg ein heilt at han kom frå ein annan kultur. Av ein eller annan grunn er heile den sentral-europeiske kulturen undertrykt i Norge. 



Det er viktig å forstå utsagn osv. ut frå ein kontekst, særleg gjeld det Wittgenstein som ikkje er lett å tolka. For å forstå Wittgenstein må ein altså forstå Wiener-kulturen på den tida. Eit godt utgangspunkt i så måte er den klassiske boka Wittgenstein’s Vienna av Allan Janik. Eit anna klassisk arbeid er Fin-de-Siecle Vienna: Politics and Culture av Carl E. Schorske.

Den unge Wittgenstein
Han var fødd i Wien i 1889 (same år og same månad som landsmannen Adolf Hitler!) i dobbelt-monarkiet Austerrike-Ungarn, som var noko heilt anna enn dagens vesle Austerrike. Det gjekk til Transsylvania i aust og Tyrol i vest, og omfatta store delar av tidlegare  Jugoslavia. Heimen til Wittgenstein var eit kulturelt sentrum i Wien og i det store keisardømmet. Det var stadig musikk-arrangement, teaterførestillingar og i det heile mykje kultur. Mellom gjester og utøvarar kunne ein finna m.a. Johannes Brahms, Klara Schumann, Gustav og Alma Mahler, Richard Strauss, Arnold Schønberg og mange fleire kjende kulturpersonar frå den tida. Wittgenstein-palasset var det musikalske sentrum i Wien og Wien var det musikalske sentrum i verda.

Ludwig hadde fire brødre og tre søstre og alle var musikalsk begava. Og dei hadde alle mulegheiter til å utøva og forfølgja musikken. Faren ønskte sjølvsagt også at ein av sønnene tok ingeniør-utdanning for å overta industri-konglomeratet. Men ingen av ungane var interesserte (begge foreldra var svært musikalske og faren Karl hadde ei stund livnært seg som fiolinist i New York ved sida av å vera lærar i matematikk).

Tre av brødrene tok sjølvmord. Berre Ludwig viste litt interesse og prøvde å følgja faren sitt ønskje. Han vart utdanna maskiningeniør i 1908. Han var spesielt interessert i fly-mekanikk. Han heldt fram ingeniør-studiane i Manchester, med spesiell vekt på fly-teknologi. Han vart meir og meir interessert i matematikk som følgje av ingeniørstudiane. W lurte på grunnleggjande matematiske grunnprinsipp og gjorde ein sjokkerande oppdaging av at matematikken manglar eit vitskapleg fundament. Han fekk kjennskap til Principia Matematica av Bertram Russel og det endra W grunnleggjande.

Russels viste at aritmetikken kunne førast tilbake til nokre få absolutte grunnsetningar (aksiom) som kviler på logikken. W fekk lyst til å treffa Russel og drog til Cambridge og møtte han. Dermed var den filosofiske løpebana starta. 

Wittgenstein som begynnande filosof
Wittgenstein var oppteken av det estetiske ved Russels logikk, skjønnheiten.
 Han hadde for vane å uttrykkja seg svært kort og kryptisk og utan argumentasjon. På sp.m. frå Russel svarte W at ”argument ville øydeleggja skjønnheiten”.
 


Wittgenstein ville heller ikkje gi frå seg noko før det var fullstendig gjennomarbeida og fullkomment. Russel meinte at W hadde kunstnaren si haldning om at det måtte vera det fullkomne eller ingen ting.
Det etiske og estetiske var begge delar til stades i W arbeid, men fråverande hjå Russel (og dei fleste andre).

Storborgarskapet kontrollerte enorme verdiar og dei var den dominerande klassen ved århundreskiftet. Strukturen var gjennomgåande svært patriarkalsk (kjem veldig tydeleg fram i filmen Det hvite båndet - Das Weisse Band). 


Kunsten vart ikkje dyrka for kunsten si skuld, men for å visa fram dei verdiane ein dyrka. Historisismens og stilblandinga si tid – prangande, forsiringar prega arkitekturen. Nokre heimar kunne karakteriserast som reine redselskabinetta. Etterlikning av kunst frå forgangne tider prega storborgar-heimane. Det vart eit vulgært uttrykk, og heimane vart langt på veg museum. Den tilbakeskodande stilen og haldninga var parallell til heile keisardømmet si innretning: bevara fordums storheit for ein kvar pris. Keiserdømmet A-U var altså ikkje akkurat i takt med tidas straumar og kjempa iherdig mot all fornying.


På musikkfronten var Brahms det mest radikale Wien-borgarane kunne tenkja seg. Sjølv Mozart vart litt for "vill" for dei fleste..


Den fremste arkitekten var den danske Theofilus Hansen. Han vart utnemnt til hoffarkitekt von Hansen! Langs Ringstrasse kan ein sjå den herlege stilblandinga han var ansvarleg for.


Skodespelarane ved Burgtheater var mønsteret for korleis borgarskapet skulle oppføra seg. Folk oppvaksne i Wien på den tida hadde problem med å innsjå at det fanst andre ting enn dei reint estetiske verdiane som vart dyrka der. Men den oppveksande slekta tok avstand frå dette dekadente livet. Leiande figurar var ulike forfattarar som sat på Wiener-caféane og diskuterte den bedrøvelege tilstanden. Krinsen kalla seg for Jung-Wien. Det var ein kritikk av bruken av kunst som eit barometer på økonomisk suksess. Men kritikken hadde ikkje samfunnsendring som føremål. Dei stilte diagnosar, men hadde ikkje forslag til løysingar.
 


Der Mann ohne Eigenschaften av Robert Musils var ein bitande analyse av tilstanden i Wien rundt århundreskiftet.Den tapre soldat Svejk er også ein skarp analyse av den sørgjelege tilstanden i hæren. Den vart skriven av Jaroslav Hasek. Ein annan tsjekkisk roman, Prosessen av Franz Kafka,  har også ein figur av den same tida og den same kulturen: Josef K. Praha var den gangen ein del av A-U.


Nye kunstnarar
Nye kunstnarar tok etter kvart avstand frå den klisjé-baserte biletkunsten på den tida. Målaren Gustav Klimt stod i spissen for den nye stilen som vart kalla Wiener Secession, men som også gjekk under namnet Wiener Jugend. Eit av dei mest kjende verka hans er ”Kysset”. Den representerer den nye Jugend-stilen. Andre kjende målarar frå den tida var Egon Schiele og Oskar Kokoschka. Dei skapte mykje oppstyr og rysta borgarskapet.

Karl Kraus var ein av dei som kom til å bety mykje for Wittgenstein. Han var ikkje fornøyd med å stilla diagnosen, men ville også bidra til endring (”Infamitetens meistar”). Den viktigaste reiskapen hans var tidsskriftet Die Fakkel. Her skreiv han dei fleste artiklane, etter kvart alle. Kraus har utan tvil vore eit stilistisk førebilete for W, særleg den aforistiske stilen.

Men for å forstå Kraus, må ein bli kjend med hovudverdiane hans. Det enkelte menneskes karakter er sett saman av både maskuline og feminine verdiar. Fornuften er det maskuline, det estetiske er den feminine. Fornuften hadde ikkje noka meining i seg sjølv, men berre når dei feminine verdiane ga fornuften retning. For djupast sett er fornuft og fantasi to sider av same sak.
Kraus var ein skarp kritikar av borgarskapet, men verst av alle meinte han, var Jung-Wien, som flykta inn i ei narcissistisk sjølvdyrking.

Motsetningar, som for Wittgenstein ikkje var motsetningar, men to sider av same sak:
Fornuft – Følelsar
Fakta – Verdiar
Etikk – Estetikk

Ein annan person med stor innflytelse på W var arkitekturen Adolf Loos. Han kjempa like iherdig mot dåtidas rådande arkitektur som Kraus gjorde på det moralske området. Arkitektur er ikkje kunst, meinte Loos, dermed måtte ein fjerna alle spor av utsmykking, forsiringar osv., særleg alt som smakte av kopiering av gamle stilartar. Den vart forløparen for funksjonalismen og den austerrikske versjonen av Art Nouveau.

Loos’ stil var forenklande og naken, heilt klart i slektskap med funksjonalismen. Den stod i skarp kontrast til historisismen. Loos gjekk også laus på brukskunsten på den tida fordi den tilslørte skiljet mellom kunst og bruksting. Igjen er rota til det heile at fakta-sfæren blir blanda saman med verdi-sfæren.



(biletet viser Stonborough House, huset han teikna til søstera Margaret Stonborough i perioden 1926-28)

Wittgenstein var inspirert av Loos og brukte mykje av Loos’ idéar i huset han teikna for søstera si, Margaret. Her designa han både huset og mange innvendige detaljar og la heile intellektet og sjela si i det. Det var på mange måtar dette arbeidet som førte han tilbake til det akademiske, etter at han hadde brote med denne verda etter første verdskrig.

Spørsmål frå tilhøyrarane
Kva var motivasjonen for å dra til Skjolden, så langt frå den rike kulturen i Wien?
Han kunne ikkje fordra omgangsformene i Wien og heller ikkje i Cambridge. Begge stader oppfatta han som like ille. Han søkte utkantane. Han var både i Wales og i Irland. Før han kom til Skjolden var han ein månad ved Øystese Turisthotell.

Han likte folka i Skjolden. Han var ikkje folkesky, som mytene gjerne prøver å byggja opp om. Kjell S. Johannessen har skrive ei bok om Norges-opphaldet; Wittgenstein and Norway saman med Rolf Larsen og Knut Olav Åmås. Han sette pris på det direkte og ærlege, som kontrast til Wiens ”forstillelse”.

Korleis tok Wittgenstein med seg idéane frå Kraus et al. vidare i arbeidet med språkfilosofien?
Problemet med Wittgenstein sine verk er at dei er utan argumentasjon. Det blir difor eit vanskeleg rekonstruksjonsarbeid å finna ut kva han meinte. Heile foredraget har vore eit forsøk på å forklara korleis dei to elementa, etikk og estetikk, kunne smelta saman.

3 av dei 4 hovudretningane innan vitskapsfilosofien hadde utspring frå Wien:

Positivismen - med dei logiske positivistane i Wiener-krinsen (med Moritz Schlick i spissen)
Kritisk rasjonalisme (Karl Popper)
Wittgensteins språkfilosofi
Hermeneutikken (som er den einaste hovudretninga som ikkje stammar frå Wien)

Wittgenstein skreiv aldri fullstendige artiklar, med innleiing – innhald - avslutning, berre bemerkningar (Bemerkungen) som han skreiv ned i notatbøker. Det artige er at på mange av desse notatbøkene står det Beyers Bokhandel. Notatbøkene kjøpte han altså i Bergen, på veg til Skjolden.


Biletet over viser Wittgenstein si grav i Cambridge. Stigen på grava symboliserer den kjende teksten i seksjon 6.54 av Tractaticus: 

"My propositions are elucidatory in this way: he who understands me finally recognizes them as senseless, when he has climbed out through them, on them, over them. (He must so to speak throw away the ladder, after he has climbed up on it.) He must surmount these propositions; then he sees the world rightly."
Foto av Andrew Dunn.














onsdag 19. mai 2010

Offentleg elektronisk postjournal - OEP


OEP vart opna av statsråd Rigmor Aasrud i går (18.05). Eg har skrive om dette før, og eg meiner dette ikkje er ei oppgåve for staten. Kvar statleg etat kan utan problem publisera postlister på nettet frå sak- og arkivsystemet sitt; dette har vore standard i minst 10 år! Kommunane har gjort det dei siste 10-15 åra. Dersom journalistar vil ha ekstra funksjonalitet med søk på tvers, er det noko media bør kosta sjølve, det er ikkje ei oppgåve for staten.

Når OEP no er her, har resultatet i tillegg vorte verre enn eg trudde. Det skuldast sikkert at den tidlegare EPJ-løysinga var ei teneste spesielt for journalistar, ikkje ålmenta. Og den nye OEP tek dette med seg vidare. Når ein går inn på ei kommunal nettside og klikkar på postliste, får ein opp oversikt over inn- og utgåande post for ein valt dato. Dette er standardpresentasjonen. I OEP ligg dette under 'Kronologisk søk' og er slik sett litt vekkgøymt.

Til slutt nokre ord om utforming og brukargrensesnitt. Brukaren blir presentert for eit søkefelt med ledetekst 'Søk etter'. Ja, søk etter KVA? I Google fungerer dette, i ei postliste fungerer det ikkje. Smak også på hjelpeteksten til feltet:
Her skriver du inn de nøkkelord du ønsker å søke etter. Du kan benytte logiske operatører, og trunkering/maskering. Se Hjelp for mer informasjon og nyttige søketips.

Spørst om du blir meir klok av dette. I 1998 kunne du sleppa unna med eit slikt design, det bør du ikkje kunna gjera i 2010. Og enno har eg ikkje vore inne på kva dette har kosta, eg vil helst sleppa å tenkja på det..

Som eg sa innleiingsvis, er hovudankepunktet mitt at ei samanstilling av postlister frå fleire etatar er ei oppgåve for media, ikkje for staten. Dersom dette er eit viktig demokratisk krav, må det jo gjerast noko liknande i kommunesektoren også? Så langt eg har observert, er media nøgde med måten kommunane publiserer postlistene sine på (eg snakkar då om det tekniske, ikkje om arkiveringspraksis og openheit).

mandag 17. mai 2010

Kampen om nettlesaren


Opera fekk tvinga gjennom at Windows-brukarar aktivt må velja nettlesar, etter ein dom i EU. Det opnar for endå meir konkurranse for Internet Explorer. Etter lenge å ha dominert marknaden, fekk IE heldigvis konkurranse frå Mozilla (Firefox) for nokre år sidan.

Forakt for standardar slår tilbake
Det var bra og på høg tid; monopolsituasjonar er aldri bra. Det er vel ikkje tilfeldig at det var IE 6 som markerte slutten på Microsoft sitt nesten-monopol. IE 6 er full av problem mykje på grunn av manglande støtte til etablerte standardar. Ironisk nok har den vorte eit stort problem også for Microsoft som no må ri to hestar: både støtte av standardar og sikra bakover-kompatibilitet med IE 6.

Vertikal kontroll
Takka vera web-en sin suksess er nettlesaren etter kvart i ferd med å bli det universelle grensesnittet for interaksjon. For programvare-produsentane blir det viktig å ha kontroll med denne delen av informasjonskjeda. Både Microsoft, Apple og Google ser det og posisjonerer seg med høvesvis IE, Safari og Chrome. Mozilla og Opera er dei uavhengige i denne kampen.

På seg sjølv kjenner ein andre
I mangel på annan empiri får eg sjå på meg sjølv - det er jo det som er forskaren si naudløysing. Eg slutta å bruka IE for 5-6 år sidan, og gjekk då gradvis over til først Opera og sidan Firefox. Eg må medgi at eg har har stor sympati for Opera som eit norsk firma og med teknolog-førebilete som Håkon Wium-Lie m.fl.

Firefox har vore standardlesaren inntil for eit år sidan. Det siste året har Chrome overteke meir og meir og er no den nettlesaren eg brukar mest. Eg har likevel stort sett både Chrome, Firefox og Opera oppe, alle med 5-10 opne faner. Mykje av grunnen til denne vanen, eller uvanen (?), er at eg i mange år har delteke i kvalitetsevalueringane til Norge.no/Difi, og også kval.eval. i reiselivet, og då er det heilt nødvendig å bruka fleire nettlesarar samtidig.

Sterke og svake sider
IE kutta eg ut fordi eg ikkje likte måten IE 6 suverent oversåg standardar og prøvde å setja sine eigne også på etablerte område. Eg likte også betre måten Opera handterte faner på, og etter kvart Firefox på grunn av dei mange nyttige tillegga (extensions). Det siste året har Chrome som sagt vorte den eg brukar mest, mykje fordi Firefox 3.0 hadde mange feil. Opera utmerka seg heile tida negativt ved at nettsider ofte vart presenterte med ein del feil - det er godt muleg det er IE-tilpassing og ikkje Opera sin feil, men likevel eit irritasjonsmoment.

Med 10.5 tok Opera eit stort steg nærmare Chrome og Firefox. Den er lynrask og i tillegg er dei tidlegare problema med nettsider langt sjeldnare. Men framleis er det småting som fungerer betre i Chrome og Firefox enn i Opera. Søk i adressefeltet tek deg direkte til aktuell side i dei to førstnemnde (søk på t.d. 'wikipedia titanic' vil ta deg direkte til aktuell Wikipedia-side) medan Opera presenterer Google-resultatet og slik sett krev eitt klikk meir. Før ver. 10.5 ville den ikkje ein gong ha søk i adressefeltet, utan at ein måtte skriva 'g' først. Bagatellar? Nei, med så intens bruk av nettlesaren er funksjonaliteten veldig viktig, og alle små detaljar blir viktige når dei blir repeterte 100-vis av gonger dagleg.

Framtida
På same tida som nettlesaren blir det universelle grensesnittet og den universelle klienten på pc-en, ser me ein trend på mobil som går i retning av enkelt-applikasjonar (apps) og ikkje bruk av nettlesar. Eg meiner det er ei uheldig utvikling, men forståeleg fordi nettlesar på mobil er noko herk fordi skjermane stort sett blir for små. Eg trur det er rom for store forbetringar når det gjeld nettlesar for mobilmarknaden, og her har Opera eit forsprang. Berre så synd dei blir bundne på hender og føter av Apple når dei endeleg får sleppa til på iPhone-marknaden. Når vil Opera gå til sak mot Apple mot denne klare konkurransevridinga?

tirsdag 11. mai 2010

Tilgengelegheit - meir enn blinde og svaksynte

Diskusjonen rundt MinID og ei lite brukarvennleg løysing får meg til å tenkja på at tilgjengelegheit for ofte blir synonymt med blinde og svaksynte. Det er heilt klart ei viktig gruppe, men det er andre grupper som bør løftast meir fram.

I forsvaret for arbeidet med MinID seier Mona Halland (Netlife Research): "Og ja, tjenesten er brukertestet. Riktignok ikke på folk over 70, men vi hadde svaksynte, dyslektikere og folk over 50...". Eg blir jo litt forskrekka over at "folk over 50" skal vera spesielt gamle, men det har vel med min eigen alder å gjera. Men for å bli meir seriøs: Brukartesting (og herunder fokus på tilgjengelegheit) bør i større grad ta for seg grupper med nedsette kognitive funksjonar. Det er eit litt finare uttrykk for folk som har problem med å forstå innhald og dialog på vanlege nettsider.

Også dei årlege kvalitetsvurderingane til Difi fokuserer sterkt på blinde og svaksynte i kriteria for tilgjengelegheit, i tråd med WAI. Her også bør ein sjå meir på indikatorar for å fanga opp kognitive problem. Eg trur det er ein av våre store utfordringar og at det er store mørketal her.

søndag 2. mai 2010

Brukartesting av MinID

















I samband med levering av sjølvmelding har eg fått høve til ein reell brukartest av MinID, og det nedslåande resultatet er STRYK! Eg måtte hjelpa far min, 85 år, som hadde trøbbel med innlogging på MinID. Han hadde gløymt passordet (som så mange andre) og hadde heller ikkje tilgjengeleg epostadresse. Det burde vera kurant for systemet. Det står då også på innloggingssida at "Har du glemt passordet ditt, kan du få et midlertidig passord sendt på forhåndsregistrert mobilnummer eller e-postadresse."


Steg 1: Gløymt passord 



 Fødselsnummeret blir tasta inn og eg trykkjer på 'Neste'






Steg 2: Oppgir fnr for å få midlertidig passord 














Men hei! Det stod at eg skulle få tilsendt eit midlertidig passord, men her er kjem det ein kode som gjer at eg kan bestilla midlertidig passord. Kva skjer? Var det ikkje midlertidig passord eg skulle få i forrige trinn?


Eg tastar likevel inn koden eg fekk på mobilen og trykkjer på 'Bestill midlertidig passord'. Eg bli teken til neste skjermbilete:


Midlertidig passord er sendt til tidlegare registrert e-postadresse. Men det stod jo at eg kunne få midlertidig passord sendt til mobil eller e-postadr.


Dette held rett og slett ikkje mål. Det burde ikkje vera så vanskeleg å laga eit innloggingssystem som handterer ulike typar situasjonar på ein grei måte.

Her er det både ein forvirrande språkbruk (snakkar om å senda midlertidig passord for så å senda kode for så å få midlertidig passord!). Verre er det likevel at systemet ikkje gjer det det opplyser om (midlertidig passord kan sendast til mobil eller e-post).

Eg torer ikkje å tenkja på kva dette har kosta og kjenner eg blir "kok forbanna".

Eg ser fram til å bli korrigert fordi eg har gjort ein tabbe ein eller annan stad i prosessen.