lørdag 5. november 2022

Astor Piazolla 100 år

Med Astor Piazolla i bakgrunnen tek musikarar og dansarar
i mot ovasjonar frå eit ståande publikum. Per Arne Glorvigen sit 
til venstre for dei tre i framgrunnen.

Fredag 4. november var det konsert i Operaen med Per Arne Glorvigen på bandoneon, som ei markering av 100-årsdagen for den store argentinske bandoneon-musikaren og tango-fornyaren Astor Piazolla. Piazolla var rett nok fødd i 1921, så jubileumskonserten skulle eigentleg ha vore i fjor. Ein fullsett Opera-sal fekk høyra musikk av meisteren Piazolla, tolka av Glorvigen på bandoneon, Atle Sponberg på fiolin, Sverre Indris Joner på piano og Steinar Haugerud på kontrabass. I tillegg var det eit stort strykeorkester med unge musikarar frå Barrat Due. Og ikkje minst vart det eit dansepar frå Argentina og ein sangar også frå Argentina. Konserten var magisk, rett og slett, og den sende tankane til Sandvika kino (!) i 1987 då Astor Piazolla sjølv heldt konsert der med sin Quinteto Nuevo Tango, invitert av Milhoud Guiderk som då dreiv Musikkflekken i Bærum. Det var også magisk; ja, nærmast utanomjordisk.

Bandoneon
Før konserten heldt Olaf Aasland eit interessant foredrag om fenomenet bandoneon og korleis instrumentet vart til. Trekkspel (akkordion) stammar frå eit instrument som blir kalla fritunge. Det er eit metallband ("metall-tunge") som vibrerer ved hjelp av ein luftstraum. Bandoneon er oppkalla etter tyske Heinrich Band som konstruerte instrumentet i 1846. Han var også ein god kremmar og skjønte at "branding" var viktig, og bandoneon vart fort eit populært instrument i Tyskland. Det vart etter kvart etablert mange bandoneon-klubbar (den tidas trekkspelklubb) og det var særleg arbeidarar som fatta interesse for instrumentet. På grunn av dårleg utvikla notelesing vart det utvikla eit eige "note"-system basert på tal, etter knappane på instrumentet. Då slapp nybegynnerar å læra seg notar for å kunna spela bandoneon.

Bandoneonet fann etter kvart vegen til Argentina og vart fort eit sentralt instrument i tangoen der. Heldigvis var det to ting som ikkje følgde med på ferda, i følge Aasland:

  1. Det primitive notesystemet
  2. Måten bandoneonet vart halde på: I Tyskland heldt dei det på skrå, utan å støtta det på kneet. I Argentina vart bandoneonet halde rett opp og ned og støtta på kneet.
Den spesielle lyden i bandoneon-instrumentet kjem av at tonane er stemde i ein oktav, ulikt andre trekkspel. Me finn det same, og kjenner igjen lyden, frå mellom anna den franske musetten.

Astor Piazolla framfører 'Adios Nonino', eit
stykke til minne om faren. Her ser me også den 
karakteristiske måten bandoneonet blir traktert på.
Bildet er henta frå Youtube:
https://youtu.be/VTPec8z5vdY
Astor Piazolla
vart fødd av italienske innvandrarar til Buenos Aires i 1921. Men alt då Astor var fire år flytta familien til New York. Faren elska argentinsk tango, og Astor fekk eit bandoneon då han var ganske ung. Han lærte seg fort å spela på instrumentet og vart nærmast ei barnestjerne. Han fekk ei lita rolle i ein film med den kjende argentinske tangosangaren Carlos Gardel, og Gardel ville ha med seg 13 år gamle Astor på turné i Sør-Amerika. Foreldra meinte Astor var for ung og sa nei, og bra var det, for flyet til Gardel styrta og alle ombord omkom.

Med oppvekst i Greenwich Village i New York fekk Astor Piazolla sans også for annan musikk enn tango, særleg for jazz. Og han var også interessert i klassisk musikk, særleg Bach.

Då Astor var 15 år reiste familien tilbake til Buenos Aires og han kom etter kvart inn i tangomiljøet og tangoorkestra i byen. Med mange musikalske inntrykk samla frå tida i New York hadde Astor Piazolla trang til å utforska og utvida tangoens relativt strenge grenser, og det var ikkje populært og han vart ofte irettesett av orkesterleiar fordi han tok seg for stor fridom.

Tango Nuevo
Piazolla ønskte å ta tangoen ut frå barar og bordell og til konsertsalar, Han studerte komposisjon samtidig som han spelte i tangoklubbar om nettene. Han etablerte så sitt eige tangoorkester og begynte å skriva musikk som braut med dei ganske strenge rammene for tango. Etter å ha vunne ein komposisjonskonkurranse fekk han stipend til å reisa til Paris for å studera med den kjende Nadia Boulanger, som m.a. hadde undervist Quincy Jones, Aaron Copland og Leonard Bernstein. 

Han viste Boulanger ein del av det han hadde skrive av musikk og ho sa: "Dette er veldig bra skrive..:" og så kom det ein lang pause ... "Her er du som Stravinsky, her er du som Bartok, som Ravel, men eg kan ikkje finna Piazolla i dette!". Piazolla var skamfull og ville helst ikkje fortelja at han stort sett levde av å spela tangomusikk i nattklubbar. Han hadde ikkje lyst til å fortelja at han spelte bandoneon (han fortalde opprinneleg at han spelte piano då han søkte stipendet). Til slutt måtte han spela ein av sine eigne tangoar for ho, og tok handa hans og utbraut: "Din idiot! Det er dette som er Piazolla!"
Det enda med at han kasta alt han hadde skrive dei siste ti åra.

Men heime i Buenos Aires var det vanskeleg for dei tradisjonelle tango-elskarane å akseptera den nye forma for tango Piazolla kom med. Han følte han aldri fekk skikkeleg aksept for Tango Nuevo i heimlandet, og at det var ein kamp heile livet. Og "kamp" var bokstaveleg til tider; på 1950-talet var det rett som det var oppstand og slåsskampar i lokala, og i striden kjerne var Piazolla sjølv. Han var ikkje ukjent med å bruka nevane etter ein tøff oppvekst i Greenwich Village.