søndag 28. juli 2019

Endring av historia i Bitcoin

Vekslingstenesta Binance vart utsett for svindel og mista ca. 7000 bitcoin ($40 mill. i starten av mai, verdt rundt $70 mill. med dagens kurs). I motsetnad til Bitcoin Norway og ei rekkje andre vekslingstenester, har Binance djupe lommer og sikringsfondet deira dekka alle tap. Det spesielle med svindelen var at eigaren CZ (Changpeng Zhao) lufta tanken om ei omgjering av transaksjonen. I Bitcoin-leiren er det som å banna i kyrkja.

Men tanken opnar for ein del interessante refleksjonar. Det som høyrdest ut som ei relativt lett omskriving av historia, er i realiteten veldig vanskeleg å gjennomføra takka vera Bitcoin sin konstruksjon. Og det er først og fremst kombinasjonen av "proof of work" og spelteori som er sikringsmekanismane. Bitcoin er konstruert slik at det skal vera svært vanskeleg å endra historia, og slik sett konstruert for å sikra status quo.

Ei omgjering av tjuveriet ville vore vanskeleg av fleire grunnar:

1. Energiinnsatsen nødvendig
Ei omgjering av tjuveriet måtte teknisk sett ha vorte omgjort ved hjelp av eit 51%-angrep og "double spending". Gravarane måtte ha gått tilbake til den opprinnlege blokka der tjuveritransaksjonen var gjort, og gjort om att denne transaksjonen og gjennom dobbel bruk sendt bitcoin til ei anna adresse. CZ ville at bitcoin skulle "brennast", dvs. sendast til ei adresse som det ikkje var muleg å henta dei tilbake frå, ev. delast mellom gravarane. I begge tilfella måtte kjeda "rekkjast opp" tilbake til utgangsblokka og energiinnsats brukast på nytt til å laga nye blokker. Det ville i praksis bli dobbel energiinnsats for gravarane med usikker kompensasjon.

2. Tid er pengar!
Til lenger tid det ville gått før reorganisering, til vanskelegare ville det bli fordi bitcoin som vart stolne ville vore omsette gjennom fleire ledd, og folk som hadde handla desse bitcoina i god tru, ville ha mista dei att.

Ein viktig grunn til at omgjering av transaksjonar er vanskelegare i Bitcoin enn t.d. i Ethereum, er at transaksjonar i Bitcoin er baserte på UXO (Unspent Transaction Outpus), medan Ethereum opererer med saldoprinsipp meir på linje med vanlege banksystem. I eit UTXO-system er det ingen saldo pr. brukar/konto, den må lagast ved å gå gjennom alle ubrukte transaksjonar (UTXO) for ei gitt adresse.

3. Mottrekk frå "tjuven"
Tjuven kunne vore smart og lova ein dusør til gravarane som heldt seg rolege og ikkje deltok i reorganiseringa. Han kunne ha sloppe unna med langt mindre bestikkelse enn kostnaden med reorganiseringa ville vore. Det er her spelteorien kjem til syne.

4. Brukarane kunne ha nekta reorganisering
Eit anna spelteori-scenario er at brukarane kunne ha nekta å bli med på reoganiseringa gjennom ei såkalla brukarstyrt mjuk splitting (User-activated soft-fork - UASF). Det ville garantert vore brukarane som ville mislika sterkt eit forsøk på reorganisering av blokkjeda frå gravarane si side, og som ville ha lansert ei endring av programvara som eit mottiltak mot endringane.

5. Forsøk på svartelisting av adresser
Eit forsøk på svartelisting av adressa/adressene brukte av tjuven, ville også vore vanskeleg å gjennomføra, enten det vart gjort på gravar-nivå eller på protokoll-nivå. Det ville også ha opna for uføresette hendingar i framtida. Dersom det i det heile ville vorte gjort, ville det fort vorte eit massivt krav frå styresmakter og andre om å svartelista ei lang rekkje adresser. Som Andreas Antonopoulos & co. i "Let's Talk Bitcoin!" uttrykkjer det:

Availability -> Responsibility -> Liabililty

Med ein gang du gjer endringar muleg, får du med eitt eit stort ansvar og blir til slutt stilt ansvarleg for å gjera tilsvarande endringar seinare.

Alt i alt ville ei reorganisering vore utenkjeleg, og det er veldig merkeleg at ein så opplyst person som CZ i det heile lufta dette som muleg. Bitcoin er konstruert for å bevara historia som den er, og gjera det svært vanskeleg å gå tilbake og endra. Her kjem PoW sin styrke til syne, saman med spelteori der ulike aktørar har mange mulege mottiltak mot eit forsøk på reorganisering. Til samanlikning ville det vore mykje lettare å gjera dette i ei blokkjede med ein annan konsensusmetode, t.d. Proof of Stake.

Dette blogginnlegget er basert på episode #399 av "Let's Talk Bitcoin!", med Adam B. Levine, Stephanie Murpy og Andreas M. Antonopoulos.

torsdag 11. juli 2019

Samfunnslønn, borgarlønn, basisinntekt...

Kjært barn har mange namn, men i dette tilfellet er barnet ikkje så kjært sjølv om det har fleire namn. Men det merkelege er at interessa for basisinntekt er sterkt aukande bortsett frå i dei politiske partia. Basisinntekt, borgarlønn eller samfunnslønn (på engelsk "basic income") er ein radikal idé som får stadig meir tilslutning og som til slutt også vil komma på bordet for politikarane.

Eg skreiv også om denne saka i 2013 og den gangen plukka VG opp saka under aktuelle blogginnlegg, noko som førte til "all time high" interesse og diskusjon. Det spørst om eg klarer det denne gangen..

Guy Standing har arbeida for basisinntekt i fleire tiår og var med og starta BIEN - Basic Income Earth Network. Han er professor i utviklingsstudiar ved School of Oriental and African Studies (SOAS) ved University of London og aktiv i BIEN. Han har skrive boka "Basic Income: And How We Can Make It Happen" der han tek for seg kva som ligg i omgrepet Basic Income og der han går gjennom argumenta for og i mot.

BIEN Norge er den norske delen av organisasjonen og den vart stifta i 2012. Formålet er å informera om borgarlønn og få temaet på den politiske dagsordenen.

Kva er basisinntekt?
Basisinntekt, eller Basic Income, er kjenneteikna av følgjande eigenskapar:
"A modest amount of money paid unconditionally to individuals on a regular basis"
Stikkorda frå definisjonen er:
  •  moderat pengemengde
  • utbetalt til alle utan vilkår
  • faste utbetalingar (t.d. på månadsbasis)
Basic Income blir ofte kalla Universal Basis Income (UBI) for å understreka det universelle; at alle har rett til den. Dei første tankane om universell basisinntekt, i alle fall tankar som er skrivne ned, går heilt tilbake til Thomas More og boka Utopia som han ga ut i 1516. Men tankane om eit fast bidrag til alle, utan vilkår, går tilbake til grekarane lenge før vår tidsrekning. "Alle" var sjølvsagt på den tida ikkje alle, men dei som vart rekna som frie menn. Aristoteles hevda mellom anna at fridom frå "vanleg arbeid", dvs. kroppsarbeid, var nødvendig for å kunna delta i den politiske og filosofiske diskusjonen.

Organisasjonen BIEN vart starta i 1986. Då stod E-en for European, men vart seinare omdøypt til Earth for å femna heile verda. Guy Standing var som nemnt, ein av stiftarane og har sidan den gangen kjempa utrøytteleg for å få tankane på den politiske dagsordenen.

Kvifor basisinntekt?
Guy Standing grunngjev behovet for basisinntekt, eller universell basisinntekt, slik:

  1. Sosial rettferd ("Social Justice")
    GS lener seg på Thomas Paine (kjend frå frigjeringskampen i 1776 og ein tidleg talsmann for ei universell inntekt til alle) og hans "grunnrente"-argument. Me er alle avhengige av jorda me lever på, og ressursane tilhøyrer i utgangspunktet alle. Det er difor lett å tenkja seg at alle burde få del i avkastninga på desse ressursane, form av ein sosial dividende ("social dividende"), eller grunnrente om ein vil.
  2. Fridom
    Ei universell basisinntekt kan seiast å vera eit nødvendig tiltak for reell fridom. Det gjeld både fridom frå tvang og avgrensingar ("negative liberty") og fridom til å forfølgja eigne idéar så sant det ikkje skadar andre ("positive liberty"). Eit slikt syn er ofte kopla til utilitarismen; ein tanke om største muleg lykke for så mange som muleg ("the greatest happiness of the greatest number").
  3. Redusera fattigdom, ulikskap og usikkerheit
    Ei basisinntekt vil redusera fattigdom, ulikskap og usikkerheit. Ulikskap er kanskje det mest opplagde avviket i samfunnet vårt i dag, globalt sett. Alle snakka om det, men lite konkret blir gjort. Ei universell basisinntekt vil vera ei form for overføring frå dei rikaste til dei fattigaste.
Vanlege motargument
Guy Standing går gjennom dei vanlegaste motargumenta mot basisinntekt.

1. Det blir for dyrt
Dette er det vanlegaste argumentet. Mange tenkjer automatisk på basisinntekt som ei "normalinntekt", men i definisjonen av omgrepet heiter det at basisinnteka skal vera "moderat". Kva "moderat" betyr, er sjølvsagt ikkje heilt konkret, men det er i alle fall ein god del mindre enn ei normalinntekt.

Ofte blir innføring av basisinntekt kopla til utfasing av velferdsgoder. Det er ei feilaktig kopling meiner forfattaren. Alle velferdsordningar skal ikkje takast bort fordi om ein innfører BI. Forfattaren ønskjer også at ein tenkjer meir i retning av sosial dividende, eller grunnrente, enn erstatning av velferdsordningar.

Eit enkelt rekneeksempel presentert av professor Greg Mankiw ved Harvard illustrer den ofte feilaktige slutninga me gjer i val mellom ulike modellar:

Utgangspunktet er eit samfunn med eit gjennomsnittsinntekt på $50.000, men med mykje ulikskap. For å sikra eit sosialt sikkerheitsnett er to alternativ aktuelle:

  1. Ei universell inntekt på $10.000 til alle, saman med ein flat inntektsskatt på 20 %.
  2. Ei behovsprøvd overføring på $10.000 til dei som ikkje har inntekt. Denne overføringa blir så gradvis redusert ved at ein mistar 20 cent for kvar dollar ein tener. Det heile blir finansiert av ein skatt på 20 % på inntekt over $50.000.
Mange kommenterer alternativa med at alt. 1 er det reine vannvidd. Kvifor skal Bill Gates aller Warren Buffett få $10.000 i overføring?? Alternativ 2 framstår meir progressivt og minner om dagens politikk. Det er retta mot dei som verkeleg treng det, og blir finansiert av dei som tener mest.

Det geniale med eksempelet er at dei er heilt like med tanke på verknad. Alle kjem likt ut når det gjeld skatt minus overføring. Det er liten tvil om at alternativ 1 er det enklaste.

2. Utopisk
Eit ofte høyrt argument (eller heller berre ein påstand) er at ei universell basisinntekt er heilt utopisk, og det har aldri vorte prøvd før. Det faktum at det ikkje alt har vorte innført, er eit teikn på at det ikkje er noka god løysing (argument framført av The Economist). 

Eit motargument kan vera kvifor me skal gjera stadig meir av det som ikkje verkar.

3. Rasering av velferdsstaten
Mange ser universell basisinntekt som ein konkurrent til velferdsstaten, men slik treng det ikkje vera. Som tidlegare nemnt, er det viktig å understreka at UBI ikkje skal erstatta velfersordningar, men i stor grad supplera. Nokre ordningar kan med fordel avskaffast, men mange er nødvendige sjølv med UBI.

4. Undergrev arbeidslinja
Arbeidslinja er den offisielle arbeids- og velferdspolitikken i dei fleste land. Mange meiner at innføring av ei basisinntekt vil demotivera folk til å søkja arbeid. Men forsøk har vist at det ikkje er tilfelle. Og kva er eigentleg "arbeid"? Utan at det blir sagt direkte, er det lønna arbeid. Men som den engelske økonomen Arthur Cecil Pigou elegant viste for rundt 100 år sidan (til og med før innføringa av brutto nasjonalprodukt som måleeining for verdiskaping):
Dersom han tilsette ei hushjelp, ville BNP (han kalla det "national income") auka, det ville medføra økonomisk vekst og auke i sysselsetjinga og tilsvarande fall i arbeidsløyse. Dersom han derimot gifta seg med hushjelpa og det som då vart kona hans heldt fram med det same arbeidet [hugs at dette er meir enn 100 år sidan!], ville BNP bli redusert, økonomisk aktivitet redusert, sysselsetjingsgraden falla og arbeidsløysa auka - og det trass i at akkurat det same arbeidet vart utført!
5. Lønnene blir pressa ned
Ei universell basisinntekt vil senka lønnene og dei låglønte vil få endå dårlegare lønn. Dette er eit viktig argument for fagforeiningar som i stor grad er i mot UBI. Men argumentet kan gjerne motseiast med at UBI vil føra til større valfridom og folk treng ikkje lenger ta dei dårlegast betalte jobbane, som gjerne også er dei verste. Det vil tvert om bidra til å pressa lønnene opp for denne typen jobbar.

6. Det er idiotisk å gi pengar til dei som alt har mykje
UBI krev at alle får den same overføringa, uansett om dei har mykje eller lite frå før. Det kan verka som ein dårleg idé, for dei rike har jo ikkje bruk for endå meir. Men poenget er å gjera det enkelt, i tillegg til at dei rike må betala meir i skatt enn dei får att i overføring. Det er såleis ei overføring frå dei rike til dei fattige.

Dersom ein begynner å rota med den enkle idéen om ei fast, vilkårslaus overføring til alle, aukar byråkratiet fort og ein vil gå i den same fella som dagens politikk: Eit forsøk på millimeter-rettferd som verken er rettferdig eller effektivt, men som skaper eit enormt byråkrati og eit villniss av lover og reglar.

7. Lediggang er rota til alt vondt!
Skal folk få betaling utan å gjera nokon ting? Svaret er JA. Forsøk har vist at folk ikkje blir liggjande på sofaen og venta på utbetaling. Men om så var, ville det kanskje vera bra for den globale utviklinga og klimatrusselen?

Den moralske indignasjonen er sterk og det er kanskje denne delen som er den mest radikale. At folk skal få betalt utan at det blir krevd noko tilbake, verkar framandt for dei fleste. Men dette er kjernen i UBI. Det skal ikkje krevjast noko for å få inntekta; det skal ikkje søkjast og det skal ikkje rapporterast. Folk kan gjera akkurat kva dei vil med pengane dei får.

8. Vil føra til sløsing og dårlege vanar
Dette er ein del av dei moralske, for ikkje å seia moralistiske, argumenta. Folk kjem til å bruka pengane på "dårlege" ting; rusproblema vil auka. For det første viser forsøk at det ikkje skjer, men igjen: er det berre "overklassen" som skal ha rett til å sløsa pengar på "unyttige" og "dårlege" ting?

Det er også ei typisk paternalistisk haldning, som dessverre ligg til grunn for dagens politikk: Staten veit kva som er best for folk og vil "dytta" dei i "rett" retning.

9. Universell basisinntekt vil føra til større innvandring
Det vil vera freistande for mange å få del i ei vilkårslaus utbetalingsordning. Men her må ein hugsa på at "vilkårslaus" likevel ikkje er 100 % utan vilkår. Det bør til dømes setjast som krav at ordninga gjeld for statsborgarar i landet, og det tek som kjent lang tid å opparbeida ein slik rett.

Forsøk med UBI
Universell basisinntekt er prøvd ut i fleire land, i avgrensa målestokk. Dei fleste forsøka er utførte i utviklingsland, blant fattige. Resultata er eintydig positive:

  • Fattigdommen vart redusert
  • Dei fleste brukte pengane fornuftig 
  • Det vart ei større utjamning innan familiane (kvinner fekk like mykje utbetalt som menn; det var ikkje ei utbetaling til familien)
  • Folk arbeidde meir, ikkje mindre
  • Dei einaste som arbeida mindre var barn som brukte meir tid på skulen

Resultata burde føra til at det meste av uhjelp vart gitt på denne måten. Men her er problemet at uhjelp har vorte ein eigen industri med store hjelpeorganisasjonar og ordningar som også skal tena givarlandet.

Det er færre forsøk i vestlege land eller andre industrialiserte land. Eit anna problem er at ein del av forsøka som er utførte, ikkje kan kallast ekte basisinntekt.

I Alaska er det oppretta eit fond for ein del av oljeinntektene (ikkje alle) som følgje av oljeutvinninga. The Alaska Permanent Fund vart oppretta i 1977 og har vakse til $55 milliardar i 2015. Dei årlege avkastaningane blir brukte til inflasjonsjustering, administrasjon og årleg utdeling til innbyggjarane (Permanent Fund Dividend).

Dividenden blir utbetalt til alle som har budd i Alaska det siste fulle kalenderåret. Om du flytta til staten 2. januar må du venta eit heilt år før oppteningsperioden din startar. Utbetalingane tek utgangspunkt i eit gjennomsnitt av dei fem siste åra og har variert frå $331 i 1984 til $2.072 i 2015. Dei tre siste åra (2016-2018) har utbetalingane vorte reduserte på grunn av politiske vedtak. Ordninga kvalifiserer ikkje som ekte UBI sidan det ikkje er utbetaling av ein fast sum og heller ikkje månadlege utbetalingar.

Finland prøvde ut ei slags basisinntekt for ei gruppe arbeidsledige i 2017. Ei fast, månadleg utbetaling på €560 vart gitt til ei utvald gruppe på 2000 unge, arbeidsledige personar. På same tida vart ei anna gruppe på 2000 arbeidsledige valde ut som kontrollgruppe.

Professor Heikki Hiilamo ved universitetet i Helsinki karakteriserer dei første erfaringane frå forsøket som mislykka. Det førte ikkje til nemneverdig reduksjon i arbeidsløyse og sjølv om tilbakemeldingane frå dei som mottok støtta var positive, blir denne delen av resultata karakterisert som usikker. Det finske forsøket kvalifiserer ikkje som universell basisinntekt sidan støtta berre vart gitt til eit utval personar. Men forsøket er interessant sidan det vart lagt opp som eit ekte forskingsprosjekt.

Hovudmålet med prosjektet var å sjå om denne typen vilkårslaus støtte ville gi betre effekt på arbeidssituasjonen til dei involverte, altså at fleire kom i arbeid. Enkelt sagt ville finnane finna ut om gulrot fungerte betre enn pisk. Men det kan stillast spørsmål om det blir feil å konkludera med at UBI ikkje fungerer, når målsetjinga var slik den var. Hovudmålsetjinga for UBI er ikkje fleire folk i arbeid, men sosial rettferd, redusert fattigdom og redusert ulikskap, og samla sett å styrka sjølvkjensla til dei svakaste i samfunnet. Ut frå dette kan det hevdast at finnane konkluderer feil. Ja, forsøket viste at det ikkje vart fleire som kom i arbeid, men ut frå det å konkludera at UBI ikkje fungerer, blir feil.

Ein annan ting som forstyrra forsøket, var at det vart innført ein ny stimuleringspolitikk i prosjektperioden. Kontrollgruppa vart dermed "forstyrra" og forskingsmessig må prosjektet karakteriserast som mislykka.

Scott Santens, ivrig tilhengjar av universell basisinntekt, har ei meir reflektert, og naturleg nok positiv , oppsummering av forsøket i Finland.

Sveits gjennomførte ei folkeavrøysting i 2016 om innføring av universell basisinntekt. 23 % stemde for forslaget og frammøteprosenten var 46,4. Sjølv om resultatet vart negativt, var det mykje positivt å henta frå avstemminga. Saka fekk stor merksemd, også utanfor Sveits. Det var ein lite finansiert tilhengjarkampanje, og det må også takast med i vurderinga av avstemmingsresultatet. Det blir også sagt at dei fleste endringane i Sveits ikkje går gjennom i første forsøk, men må ha fleire avstemmingar. Saka om UBI er ikkje ferdig i Sveits, den har berre såvidt begynt.

Kva no?
Sjølv om både Sveits og Finland sine erfaringar kan verka som tilbakeslag for innføring av UBI, er det truleg meir rett å vurdera dei som interessante, første tilnærmingar til noko som med ganske stor sikkerheit vil føra til ordningar med basisinntekt eller sosial dividende.

Guy Standing argumenterer for fleire og betre forsøk med UBI og gir også ei oppskrift på korleis slike forsøk bør organiserast og gjennomførast. Det som kan synast utenkjeleg akkurat no, blir om ei tid sett på som utenkjeleg at det ikkje vart gjennomført tidlegare. Som økonom og Nobelpris-vinnar Milton Friedman formulerte det:
"Our basic function is to develop alternatives to existing policy, keep them alive and available until the politically impossible become the politically inevitable"

tirsdag 2. juli 2019

Høyringsuttale om endring av el-avgift for kryptovaluta-tenester

Vestlandsforsking har saman med datasenteret Bluefjords AS sendt denne høyringsuttalen til Skatteetaten. Høyringsdokumentet og tilbakemeldingane kan finnast på Skatteetaten sine nettsider.

Høyringsuttale til endring av særavgifts-forskrifta – avgift på elektrisk kraft

Bluefjords AS ønskjer med denne høyringsuttalen å bringa forskingsbasert kunnskap inn i diskusjonen om full el-avgift for sikring av opne blokkjedesystem. Høyringsuttalen er utforma i samarbeid med Vestlandsforsking i samband med eit felles blokkjedeprosjekt vi arbeider med.
Blokkjedeteknologien er relativt ny og det er framleis lite kunnskap om det særeigne ved teknologien. Uttalen vår baserer seg på mange års studium av teknologien og vitskapleg formidling av kunnskap dei seinare åra, i tillegg til utføring av datasenter-tenester for blokkjedeindustrien.

Utgreiinga frå Skattedirektoratet som ligg til grunn for forslaget om full el-avgift for sikring av opne blokkjeder, er dessverre mangelfull og viser etter vårt syn ei manglande forståing av teknologien. Det viktigaste i denne saka er å få fram at el-forbruket i samband med metoden Proof of Work (PoW) er for å sikra opne blokkjeder, ikkje for å utvinna kryptovaluta. Insentivet for arbeidet er lønn for strevet i form av ny valuta, men dette er sekundært i teknologisamanhengen. Det er sikringa av blokkjeda  som er hovudpoenget med PoW. Denne forståinga ser ut til å mangla i utgreiinga, og vi meiner difor at vedtaket om bortfall av redusert el-avgift for sikring av opne blokkjeder blir fatta på eit sviktande kunnskapsgrunnlag.

Det er i all hovudsak forbruk av elektrisk kraft til sikring av Bitcoin-systemet som er grunnlaget for denne saka. Bitcoin er ein innovasjon med eit svært stort potensial; mange har samanlikna gjennom¬brotet Bitcoin skapte, med gjennombrotet Internett ga oss. Den tette samankoplinga av teknologi og økonomi gjer at systemet som heilskap blir vanskelegare å forstå. Eit viktig moment her er at opne, vilkårslause blokkjeder som Bitcoin, Ethereum m.fl. må ha ein innebygd valuta for å fungera og for å vera sikre. Utan den innebygde (krypto-)valutaen, forsvinn insentivet for å sikra blokkjeda og den må i så fall sikrast ved å avgrensa tilgangen slik at blokkjeda blir kontrollert av ei lita gruppe aktørar.

Bitcoin og andre kryptovalutaer har hatt ei stor verdistigning, men også store svingingar i kursane. Dette har medverka til ei oppfatning av at dette berre er eit spekulasjonsobjekt. Silicon Valley-entreprenør Naval Ravikant har formulert det på denne måten:
“Bitcoin is a tool for freeing humanity from oligarchs and tyrants, dressed up as a get-rich-quick scheme.”
Dessverre er det den siste delen som har fått mest merksemd og som i mange tilfelle fører til forhasta slutningar om teknologien. Denne haldninga har også prega den norske debatten og ført til konklusjonar baserte på moralsk forarging, heller enn ein nøktern og grundig analyse av kva dette fenomenet er, og kva det kan bli. Det ser dessverre også ut til å ha vore avgjerande for vedtaket om å utelukka datatenester baserte på sikring av opne blokkjeder, frå redusert el-avgift.

Skepsisen til Bitcoin har vore stor, og lenge var det «blokkjede, ikkje Bitcoin» som gjaldt i næringsliv og offentleg sektor. Dei som følgjer med på utviklinga, vil ha sett at dette er i ferd med å snu. Stadig fleire forstår kor viktig den opne blokkjedeteknologien, og særleg Bitcoin og Ethereum, kan bli, ikkje berre finansielt, men også på andre område. Når Microsoft i desse dagar lanserer si desentraliserte ID-løysing ION på Bitcoin-blokkjeda, er det denne typen tenester norske styresmakter ikkje vil støtta framveksten av. Microsoft gjer det fordi dei ser at Bitcoin er det sikraste opne IT-systemet som finst i dag. Facebook offentleggjorde nyleg planane for den digitale valutaen Libra, og den er endå eit eksempel på datatenester som truleg vil bli ramma av den føreslegne auken i el-avgift.

Vedtaket om å innføra full el-avgift for datatenester knytte til opne blokkjeder har alt gjort stor skade og stoppa fleire investeringsplanar på området. Men endå verre er det at resten av datasentersatsinga, som regjeringa har flagga høgt, også truleg blir skadelidande. Føreseielege vilkår er eit av dei viktigaste kriteria for val av lokalitet for nye datasenter. Om det blir sådd tvil om dette, vil investorane fort sjå etter andre alternativ.

Historia har ein tendens til å gjenta seg; ikkje som ein repetisjon, men heller som ei spiralforma utvikling der det er lett å kjenna att tidlegare utviklingstrekk. For 30 år sidan stod striden om kva som skulle bli fundamentet for det globale kommunikasjonsnettverket. Norge, til liks med dei fleste andre land, meinte Internett var for usikkert og utrygt sidan det var vanskeleg å plassera ansvaret for nettet hjå nokon konkret. Styresmaktene valde difor å gå inn for den meir lukka OSI-protokollen styrt av tele¬selskapa. Historia viste at det var eit feilgrep. Det er lov å håpa at styresmaktene ikkje gjer same feilen i dag når spørsmålet står om den opne kontra den lukka blokkjedeteknologien.

Med helsing

Edvin Brun Svein Ølnes
- dagleg leiar Bluefjords AS - forskar, Vestlandsforsking -