tirsdag 2. juli 2019

Høyringsuttale om endring av el-avgift for kryptovaluta-tenester

Vestlandsforsking har saman med datasenteret Bluefjords AS sendt denne høyringsuttalen til Skatteetaten. Høyringsdokumentet og tilbakemeldingane kan finnast på Skatteetaten sine nettsider.

Høyringsuttale til endring av særavgifts-forskrifta – avgift på elektrisk kraft

Bluefjords AS ønskjer med denne høyringsuttalen å bringa forskingsbasert kunnskap inn i diskusjonen om full el-avgift for sikring av opne blokkjedesystem. Høyringsuttalen er utforma i samarbeid med Vestlandsforsking i samband med eit felles blokkjedeprosjekt vi arbeider med.
Blokkjedeteknologien er relativt ny og det er framleis lite kunnskap om det særeigne ved teknologien. Uttalen vår baserer seg på mange års studium av teknologien og vitskapleg formidling av kunnskap dei seinare åra, i tillegg til utføring av datasenter-tenester for blokkjedeindustrien.

Utgreiinga frå Skattedirektoratet som ligg til grunn for forslaget om full el-avgift for sikring av opne blokkjeder, er dessverre mangelfull og viser etter vårt syn ei manglande forståing av teknologien. Det viktigaste i denne saka er å få fram at el-forbruket i samband med metoden Proof of Work (PoW) er for å sikra opne blokkjeder, ikkje for å utvinna kryptovaluta. Insentivet for arbeidet er lønn for strevet i form av ny valuta, men dette er sekundært i teknologisamanhengen. Det er sikringa av blokkjeda  som er hovudpoenget med PoW. Denne forståinga ser ut til å mangla i utgreiinga, og vi meiner difor at vedtaket om bortfall av redusert el-avgift for sikring av opne blokkjeder blir fatta på eit sviktande kunnskapsgrunnlag.

Det er i all hovudsak forbruk av elektrisk kraft til sikring av Bitcoin-systemet som er grunnlaget for denne saka. Bitcoin er ein innovasjon med eit svært stort potensial; mange har samanlikna gjennom¬brotet Bitcoin skapte, med gjennombrotet Internett ga oss. Den tette samankoplinga av teknologi og økonomi gjer at systemet som heilskap blir vanskelegare å forstå. Eit viktig moment her er at opne, vilkårslause blokkjeder som Bitcoin, Ethereum m.fl. må ha ein innebygd valuta for å fungera og for å vera sikre. Utan den innebygde (krypto-)valutaen, forsvinn insentivet for å sikra blokkjeda og den må i så fall sikrast ved å avgrensa tilgangen slik at blokkjeda blir kontrollert av ei lita gruppe aktørar.

Bitcoin og andre kryptovalutaer har hatt ei stor verdistigning, men også store svingingar i kursane. Dette har medverka til ei oppfatning av at dette berre er eit spekulasjonsobjekt. Silicon Valley-entreprenør Naval Ravikant har formulert det på denne måten:
“Bitcoin is a tool for freeing humanity from oligarchs and tyrants, dressed up as a get-rich-quick scheme.”
Dessverre er det den siste delen som har fått mest merksemd og som i mange tilfelle fører til forhasta slutningar om teknologien. Denne haldninga har også prega den norske debatten og ført til konklusjonar baserte på moralsk forarging, heller enn ein nøktern og grundig analyse av kva dette fenomenet er, og kva det kan bli. Det ser dessverre også ut til å ha vore avgjerande for vedtaket om å utelukka datatenester baserte på sikring av opne blokkjeder, frå redusert el-avgift.

Skepsisen til Bitcoin har vore stor, og lenge var det «blokkjede, ikkje Bitcoin» som gjaldt i næringsliv og offentleg sektor. Dei som følgjer med på utviklinga, vil ha sett at dette er i ferd med å snu. Stadig fleire forstår kor viktig den opne blokkjedeteknologien, og særleg Bitcoin og Ethereum, kan bli, ikkje berre finansielt, men også på andre område. Når Microsoft i desse dagar lanserer si desentraliserte ID-løysing ION på Bitcoin-blokkjeda, er det denne typen tenester norske styresmakter ikkje vil støtta framveksten av. Microsoft gjer det fordi dei ser at Bitcoin er det sikraste opne IT-systemet som finst i dag. Facebook offentleggjorde nyleg planane for den digitale valutaen Libra, og den er endå eit eksempel på datatenester som truleg vil bli ramma av den føreslegne auken i el-avgift.

Vedtaket om å innføra full el-avgift for datatenester knytte til opne blokkjeder har alt gjort stor skade og stoppa fleire investeringsplanar på området. Men endå verre er det at resten av datasentersatsinga, som regjeringa har flagga høgt, også truleg blir skadelidande. Føreseielege vilkår er eit av dei viktigaste kriteria for val av lokalitet for nye datasenter. Om det blir sådd tvil om dette, vil investorane fort sjå etter andre alternativ.

Historia har ein tendens til å gjenta seg; ikkje som ein repetisjon, men heller som ei spiralforma utvikling der det er lett å kjenna att tidlegare utviklingstrekk. For 30 år sidan stod striden om kva som skulle bli fundamentet for det globale kommunikasjonsnettverket. Norge, til liks med dei fleste andre land, meinte Internett var for usikkert og utrygt sidan det var vanskeleg å plassera ansvaret for nettet hjå nokon konkret. Styresmaktene valde difor å gå inn for den meir lukka OSI-protokollen styrt av tele¬selskapa. Historia viste at det var eit feilgrep. Det er lov å håpa at styresmaktene ikkje gjer same feilen i dag når spørsmålet står om den opne kontra den lukka blokkjedeteknologien.

Med helsing

Edvin Brun Svein Ølnes
- dagleg leiar Bluefjords AS - forskar, Vestlandsforsking -

Ingen kommentarer: