lørdag 29. mars 2008

Ray Kurzweil og evig liv

Etter ei særs trist gravferd for eit altfor ungt menneske er det merkeleg å lesa om Ray Kurzweil og hans opplegg for å sikra seg evig liv. Evig liv for Kurzweil er ikkje det same som kyrkja legg i begrepet, men i forståinga biologisk evig liv.

Viss det ikkje var for at Ray Kurzweil er ein heilt spesiell person i it-historia, kunne dette lett avfeiast som gal manns tankar. Det kan det jo likevel vera, men RK har ein imponerande CV i IT-verda.

Alt som 12-åring var han i gang med programmering og før han hadde gjort ferdig studiane ved MIT var han ein formuande mann (rettare sagt gut!). Han utvikla ei tekst-til-tale-maskin med namnet Kurzweil Reading Machine i 1976 og Stevie Wonder var den første kunden! (sikkert etter forskotet for Songs in the Key of Life...).

Stevie Wonder vart ein god venn og dei innleia eit musikalsk samarbeid der Kurzweil sette seg føre å laga ein ny generasjon synthesizer. Resultatet vart Kurzweil K250 og firmaet Kurzweil Music Systems.

Ray Kurzweil er svært oppteken av kunstig intelligens og har skrive ein god del om temaet. Han er AI-fantast så det held, det er i grunnen ikkje grenser for optimisme.

Men tilbake til evig liv: Kurzweil vart fascinert av begrepet singularitet, som kanskje kan oversetjast med grensesprengjande. I dette tilfellet er det den biologiske grensa for menneska som blir sprengd. Kurzweil meiner at AI vil kunna bli ei tillegg til den menneskelege intelligensen og slik gjera oss i stand til å gjera store vitskaplege framsteg som vil kunna føra til at biologiske grenser for menneska blir oppheva.

Vel, vel - kanskje mannen er gal likevel. Det er ofte ei hårfin grense mellom genialitet og galskap..
Les meir i Wired.

tirsdag 25. mars 2008

Tvilsam booking-etikk

Choice Hotels opererer med "prepaid online rate" som standard-val i bookingløysinga si. Det betyr at kredittkortet ditt blir trekt med det same du har bestilt hotellrom og at bestillinga ikkje kan endrast etter det.

Dette er rett nok opplyst i bookingprosessen, og ein må kryssa av at ein godtek garantivilkåra. Poenget er at det er tvilsamt å gjera denne handlemåten til standard-val. Eg tippar at mange, som meg, overser det faktum at bestillinga ikkje kan endrast og at summen blir trekt frå konto med det same.

fredag 21. mars 2008

Boikott OL i Beijing!

Eg ønskjer i utgangspunktet ikkje å bruka denne bloggen til politiske ytringar, anna enn it-politiske, men gjer enkelte unnatak. Kina sitt overgrep mot Tibet og den tibetanske kulturen er av ein slik karakter at det er viktig å seia klart frå. Alle har ein gyllen sjanse i år sidan Kina satsar hardt på å bruka OL for å marknadsføra andre sider av stormakta.

Men dei bør ikkje få sleppa unna med det som skjer i Tibet, og som har skjedd snart i 50 år. Kina har mange andre svin på skogen også, mellom anna støtte til Burma og støtte til overgrep i Darfur, men akkurat no er det viktig å setja søkjelyset på Tibet.

Det er stor fare for at heile den tibetanske kulturen blir utradert dersom kinesarane får halda fram uforstyrra. Dette er etnisk reinsing på sitt verste. Eg meiner Norge må ta eit klart standpunkt og seia nei til deltaking i OL. Me klarte det i 1980, og eg meiner det er minst like gode grunnar til å gjera det no.

Det blir hevda at ein boikott ikkje har nokon effekt. Det er noko eg ikkje trur på - for kinesarane ville det vorte eit enormt prestisjenederlag om mange boikotta OL. På kort sikt ville det kanskje gå endå hardare ut over minoritetane, men på lenger sikt trur eg det er det einaste som kan redda dei: Hardt press og vilje til å setja makt bak krava.

onsdag 19. mars 2008

Brave New World

Først 1984 og så Brave New World - no har eg fått ein bra dose framtidsdystopi! Men det er viktige bøker, begge to. Brave New World har eg lese før, men hugsa ikkje att så veldig mykje så det var ok å lesa den på nytt.

Dei to bøkene av George Orwell og Aldous Huxley er ikkje så ulike, det er mange fellestrekk i den dystre framtida dei skildrar. Begge framtidssamfunna er prega av at individet er bortimot utsletta, det er menneske som kollektiv gruppe som er det einaste som gjeld. Invididet og individualismen, med eiga tenking som rettesnor, blir halden nede.

I Huxleys framtidsvisjon er også familie og nære slektningar eliminerte - menneska blir produserte i store "ruge"-fabrikkar. Ved hjelp av teknisk kontroll og kjemisk dosering blir menneska klassedelte alt frå starten. Frå dei ypparste alfa pluss dei enklaste epsilon. Alle har sin plass i samfunnet og er skreddarsydde for jobben. Nokre år seinare enn Huxley si bok, prøvde jo nazistane noko som minner om dette (t.d. Lebensborn).

Aldous Huxley skreiv Brave New World i 1932, og handlinga vart lagt til år 2540. Det er eit sekulært samfunn, men med (Henry) Ford som idol ("Our Ford"). Fri sex er normen, men på grunn av streng teknisk overvaking og innretning resulterer det aldri i barn. Ord som "mor" og "far" er tabu og noko av det verste ein kan seia.

Målet for samfunnet er lykke og alle er konstant lykkelege. Alle negative kjensler (smerte, irritasjon osv.) er eliminert ved hjelp av konstant bruk av lykkepillar (soma - eit rusmiddel som blir delt ut til alle). Aldringsprosessane er haldne under kontroll slik at ingen blir gamle og rynkete - alle døyr med eit ungdommeleg ansikt og ein ungdommeleg kropp.

Teknologi er sett i høgsetet, men likevel kjem det fram at ikkje all teknologi blir sett på som bra. Den frie forskinga er ein fare for samfunnet, difor er forsking og teknologiutvikling strengt regulert. Kontrollen med individa skjer på ein annan måte enn i 1984, ikkje så direkte, synleg og brutal. Men verknaden er likevel den same - individet blir eliminert. Dissidentar blir også tekne hand om og forviste til ulike øyar, men likevel tilsynelatande med noko mindre brutalitet enn i 1984.

Brave New World er ei viktig bok og særleg viktig meiner eg den er i desse genteknologiske tider. Den burde vera pensum for alle som studerer genteknologi eller liknande fagområde.

tirsdag 4. mars 2008

Semantisk web isolert frå web-en?

Som ei oppfølging av det forrige innlegget vil eg peika på det viktige i ei stegvis utvikling. Kan semantisk web realiserast utan at ein har ei genuin forståing for korleis web-en fungerer i dag, og byggjer på denne?

Eg vil jo svara nei på eit slikt spørsmål og også hevda at dette er ei stor svakheit i dagens semantisk web-initiativ. Utviklinga og forståinga for problema er etter mitt skjønn i for stor grad lausriven frå web-ens grunnleggjande funksjon og oppbygging.

Eg tolkar også det manglande gjennomslaget for semantisk web (?) og dei mange nye semantiske initiativa som Microformats saman med ulike ikkje-standardiserte, men populære tiltak (type Freebase og andre) som eit uttrykk for at hovudsporet i semantisk web er for langt frå web-utviklinga generelt og ikkje ser ut til å bry seg særleg om web-en som sådan. Eg vil ta dette temaet opp att seinare, frå ein annan vinkel.