tirsdag 11. januar 2022

Sant og usant på blokkjeda

Nytt lesarinnlegg i Dagens Næringsliv, denne gangen som eit svar til Jon Ramvi som skreiv entusiastisk om potensialet for bruk av blokkjedeteknologi i offentleg sektor. Jon er kjent blokkjede-entusiast og -gründer og har vore i miljøet i mange år. Med så god kjennskap til teknologien er det difor rart at han skriv som han gjer.

Eg gjekk i rette med påstanden hans om at blokkjedeteknologien gjer at me alle kan bli våre eigne loggførarar, med omsyn til at blokkjeder eigentleg er ein stor logg. Det er ganske opplagt at det ikkje vil fungera å la alle loggføra, dvs. registrera, sin eigen informasjon, enten det er ei blokkjede eller ikkje. Nokon må kvalitetssikra informasjonen som blir lagra på ei blokkjede fordi det er like lett å lagra usann som sann informasjon. Nick Szabo, mannen bak begrepet "smartar kontraktar" og ein av forløparane til Bitcoin, Bit gold, har sagt det på denne måten, i bloggposten "Money, blockchains, and social scalability":

«Blockchains don’t guarantee truth; they just preserve truth and lies from later alteration, allowing one to later securely analyze them, and thus be more confident in uncovering the lies.»

Både sanne og usanne utsagn kan lagrast på blokkjeda. Det einaste teknologien tilbyr ekstern informasjon, er at den blir vanskeleg å endra i ettertid og slik at usanne påstandar kan bli gjenstand for diskusjon og lettare å avsløra.

Eg kjenner att Jon Ramvi sin påstand frå den famøse rapporten frå Deloitte til KMD: "Distribuert sannhet. Potensial og barrierer for blokkjeder i norsk offentlig sektor" frå 2018. Eg skriv "famøs" fordi eg fann at rapporten hadde mange feil. Her er omtalen min av rapporten. I rapporten er det mellom anna gjort eit stort nummer av "la hagen luke seg selv", altså la innbyggjarane ta ansvar for eigne opplysningar. For det første må slik informasjon i utgangspunktet kvalitetssikrast, sidan det er like lett å lagra sanne som usanne opplysningar. For det andre kan "lukinga", dvs. korrigering av offentleg informasjon, like godt skje med annan teknologi. Det vart tydeleg demonstrert då den første Miside-løysinga vart lansert i 2006 av Fornyings- og adm.ministar Heidi Grande Røys. Det kom ei "røys" av tilbakemeldingar frå innbyggjarane om feil i den informasjonen som vart gjort tilgjengeleg for kvar og ein. 

Jon Ramvi sitt innlegg fekk også kritikk frå Jon Grov, IT-rådgivar og førsteamanuensis II ved UiO. Han tok tak i eksempelet Jon hadde i innlegget sitt og skreiv at ein ikkje treng blokkjede for å løysa det, men at det tvert om kan løysast enklare og billegare med godt utprøvd teknologi (= databaseteknologi). 

Det siste er eg heilt einig i, og dermed var det ikkje mykje att av det opprinnelege innlegget og det er litt synd, for eg trur blokkjedeteknologien har ein plass også i offentleg sektor, men då må ein grava djupare. To aktuelle bruksområde er sertifikat av ulike slag (merkeleg at det ikkje vart nemnt når me står midt oppi diskusjon om vaksinepass m.m.), og sjølvstyrt identitet. Kanskje eg skal ta utfordringa og skriva om det sjølv?