søndag 12. februar 2017

Robert Moses - mannen som bygde New York

"The Power Broker" av Robert A. Caro
"Robert Moses was America's greatest builder. He was the shaper of the greatest city in the New World".

Ingen har sett større preg på New York, og kanskje amerikanske byplanlegging i det 20. århundre, enn byråkraten Robert Moses. Han styrte utbygginga i New York i 40 år utan nokon gang å ha vorte demokratisk valt til ein posisjon. Han dreiv nemnleg ikkje med politikk..

Monumental biografi
Robert A. Caro sin monumentale, Pulitzer-prislønna, biografi om Robert Moses, "The Power Broker - Robert Moses and the Fall of New York", kom ut i 1974 og er på ikkje mindre enn 1160 sider (pluss fotnotar, stikkord ++). Eg skal ikkje påstå at eg har lese den, men utdrag frå den. Berre innleiinga av boka er uhyre interessant og gir eit bra samandrag av livet til denne mannen og kva det fekk å seia for utviklinga av New York.  Som tittelen på Caros bok antyder, var det ikkje berre positivt.

1988-1981
Robert Moses var fødd i 1988 av tysk-jødiske foreldre og døydde i 1981, 92 år gammal. Han vaks opp i ein ganske velståande familie der mora var den dominerande krafta (som tilfellet også var i generasjonen før). Robert var nr. to av tre søsken med ein eldre bror og ei yngre søster. Mora la stor vekt på utdanning og valde både gode skular og i tillegg privatundervisning med topp lærarar.

Britisk modell
Robert gjekk vidare til Yale og tok sluttutdanninga, dagens master-nivå, ved Oxford i England. Han vart raskt fascinert av britisk styresett og var frå før veldig interessert i offentleg styring (public service). Den store vekta engelskmennene la på utdanning gjennom eit meritokratisk system, tiltalte Robert Moses. Men skjult i det meritokratiske systemet var ei sjølvforsterkande klassedeling der berre dei rikaste kunne senda barna til prestisjeuniversiteta, og resultatet vart eit elitestyre. Robert Moses såg dette, og likte det. Tilbake i USA fullførte han doktorgraden sin (PhD) ved Columbia University, og avhandlinga hadde tittelen "The Civil Service of Great Britain". Der fekk han gjort greie for sitt syn på offentleg styring og kva som var den beste modellen.

Feilslått karrierestart
Han fekk jobb i New York sin administrasjon i 1914 og begynte med ein gang å arbeida for grunnleggjande reformer for rekruttering og tilsetjing. Rekrutteringa i New York som i andre delar av USA var den gangen i stor grad prega av kjennskap og vennskap, nepotisme ++. Moses ville få bort dette og leggja størst vekt på utdanning, etter den britiske modellen. Han kjempa i tre år for gjennomslag, men vart avfeid og fekk til slutt sparken.

Det følgde sju år med omflakkande tilvære før han i 1924 igjen fekk seg jobb i administrasjonen i New York. Han hadde då lært det viktigaste frå dei tre føregåande åra i administrasjonen:
"Science, knowledge, logic and brilliance might be useful tools, but they didn't build highways or civil service systems. Power built highways and civil service systems."
Først makt, så gjennomføring
Han forstod at utan makt kom han ingen veg, og i den andre perioden i New York-adm. starta han oppbygginga av makt, eit svært vellykka prosjekt som resulterte i at han vart ein stat i staten. Han bygde opp eit imperium der han sjølv var keisar. At det kunne skje i ein offentleg administrasjon, med krav om innsyn og openheit, er ganske uforståeleg. Men det er som kjent vegar rundt det meste.

Med aukande makt sette han i gang omforminga av New York, som var hans store draum og prosjekt. Med den lange pausen mellom første og andre tilsetjing, var han alt 36 år gammal då han begynte på nytt. Men om han starta seint på karrieren sin, avslutta han den seint også: han vart pressa ut av kontoret sitt då han var 80 år gammal! Og då han var 85 år prøvde han på nytt å komma seg inn att!!

Trafikk-årer, parkanlegg, strender, offentlege bygg, damanlegg +++
Lista over byggjeprosjekta hans er imponerande. Han bygde stort sett alt som er av hovud-trafikkårer i New York (expressways), med kryssingar, bruer ++. Han renoverte store område, med hard hand, og bygde opp nye bustadområde. Det er rekna at han flytta eller fordreiv opp mot 500 000 menneske med byggjeprosjekta sine. Trafikkutbygginga med expressways og parkways la til rette for bilen og kom på kostnad av kollektivtilbodet. Det er Robert Moses å takka, eller heller skulda, at New York har så dårleg utbygd kollektivtrafikk i dag. Og ikkje berre New York, Robert Moses var den store inspiratoren for dei fleste arkitektar og byplanleggjarar i hans tid og dermed fekk han stor påverknad også på utforming av andre byar i USA.
Den store ironien i det heile er at Robert Moses aldri fekk førarkort og aldri køyrde bil sjølv!

Sjølv om tittelen på boka til Caro tyder på at Robert Moses var ei ulykke for New York, er biletet meir samansett. Han la til rette for bilen, det er tilfelle, men han bygde også mange parkar og la til rette for at desse kunne brukast langt meir aktivt enn tidlegare planleggjarar hadde gjort. Han var den første som bygde "state parks", store landlege parkar utanfor byen, med tilkomst via "parkways". Han bygde strender på Long Island, han bygde monumentale bygg som Lincoln Center, og han bygde jamvel dammar og kraftstasjonar (St. Lawrence, Niagara).

Rasistiske undertonar?
Men eit godt eksempel på vekslinga mellom gode tiltak og grov urett, er utbygginga av strender på Long Island. Det vart ein ynda utfartstad for mange i byen, men berre dei som hadde bil. Moses sørgde for at trafikk-overgangane vart bygde så låge at bussane ikkje kunne komma fram. Og kven tok buss i New York?

Ikkje politikk
Eksempelet med hindring av kollektivtrafikk, og generell nedprioritering av utbygging av kollektivtilbod i New York, er sjølvsagt politikk så god som nokon. Men det er politikk utført av ein person som ikkje var folkevald, og som heller ikkje underordna seg politisk styresett, men bygde sitt eige sjølvstyrte imperium. Ein viktig del av forteljinga til Robert Moses, og han var nøye med å publisera tankane og meiningane sine i media, var at han ikkje dreiv med politikk:
"Public authorities are outside and above politics"
Han kunne ha rett i at han var heva over politikken og det politiske systemet, men han dreiv i høgste grad med politikk og tok politiske avgjerder. Når ein føresetnad for byggjeprosjekta er at 500.000 menneske må flyttast, er det absolutt politikk. Og når du styrer ei utbygging av ein by slik at bilen blir det dominerande framkomstmiddelet, er det også i høgste grad politiske handlingar. Men med den enorme makta Moses klarte å byggja opp, var det ingen politika som torde utfordra han, og han fekk gjennom planane sine utan protestar.

Sanninga var at Moses kontrollerte eit politisk apparat smurt av pengar; pengar han sjølv kontrollerte.

Finansiering
For å forstå korleis Moses kunne byggja imperiet sitt, er det viktig å forstå skilnaden på Public Authorities og Civil Service. Public Authorities var organisasjonar etablerte for spesifikke oppgåver, som konkrete bru- og vegprosjekt, men som var kontrollerte av Civil Services. Dei opererte i grenselandet offentleg/privat, og var nærmare det me i dag kalla eit offentleg/privat utbyggingsprosjekt.

Eit stort spørsmål er korleis han klart å gjennomføra alle desse prosjekta som til saman kosta milliardar av dollar? Ein viktig del av svaret er at han kontrollerte store inntekter gjennom bompenge-finansiering. Desse brukte han igjen til store låneopptak noko som gjorde at han så å seia skapte sin eigen økonomi. På snedig vis fekk han gjennom endringar i lovene som gjorde at han fekk full kontroll med pengeflyten.

Med den enorme makta han etter kvart skapte, var det få eller ingen som kunne utfordra han. Dei sju ordførarane (mayor) han "tente", vart fort sette på plass om dei prøvde seg. Og jamvel president Franklin D. Roosevelt måtte gi tapt då han prøve å avgrensa Robert Moses' maktposisjon. Moses var heva over dei fleste.

Sjølv svarte han på kritikk med følgjande ord:
"Those who can, build. Those who can't, criticize."
Til slutt rakna imperiet. Det var særleg uheldig økonomisk utvikling i samband med ei stor utstilling/messe. Det kom til slutt fram at tapet kom opp i mot 100 mill. kr, og då kom også det kritiske søkjelyset frå pressa. Pressa, og opinionen elles, hadde vore på lag med Moses heile tida, mykje på grunn av eit velsmurt PR-apparat frå Robert Moses imperium. Og resultata av byggjeprosessane talte for seg sjølv. Arkiva til byplanleggjaren var heller ikkje tilgjengelege, også ein viktig grunn til at kritikken stort sett var fråverande.

Robert Moses mot Ole Singstad
For nordmenn er den historia om Robert Moses og den geniale tunnel-ingeniøren Ole Singstad spesielt interessant. Han var fødd på Singstad gard i Sør-Trøndelag og studerte til (sivil-)ingeniør i Trondheim. I 1905 flytte han til USA. Singstad arbeida i the Tunnel Authority som ekspert på planlegging og bygging av tunnelar, og i 1950 hadde han bygd fleire undervass-tunnelar enn nokon annan i verda. Han var kort og godt verdas beste tunnel-ingeniør, noko Norge seinare har vidareført sidan me framleis er blant dei beste tunnelbyggjarane.

Men Ole Singstad skulle få oppleva at å komma på kant med Robert Moses, var farleg. Den første trefninga skjedde i samband med bygging av tunnelen Brooklyn-Battery Crossing. Det var ikkje tunnelen som provoserte Moses, sjølv om han gjerne kunne tenkt seg å kontrollera den delen også, men dei to bruene som også var ein del av prosjektet. Det var meir enn han kunne tola! Ole Singstad var arkitekten bak prosjektet og i klinsjen som følgde tapte faktisk Robert Moses.

Men Robert Moses var ikkje ein mann som let slike nederlag skje utan vidare. Viss han først la nokon for hat, og det var ikkje få, gløymde han dei aldri. Slik skulle det også gå med Ole Singstad. Men først tok Moses ei slags barnsleg hevn ved å kunngjera at eit akvarium og eit gammalt fort som låg i Battery Park, skulle rivast. Dette var populære besøksmål og skapte stort oppstyr. Moses' bakgrunn for rivinga var ikkje noko anna enn rein hevn. Han forsvarte seg med at tunnelarbeidet ville skada dei alt dårlege bygningane, noko som vart tilbakevist av the Tunnel Authority. Akvariet vart rive, men fortet vart berga i siste liten.

Men dette var berre starten for Robert Moses i kampen for å eliminera Ole Singstad. Han sette alt inn på å få overtaket i the Tunnel Authority og greidde etter kvart å plassera sine menn inn i styret slik at han til slutt kontrollerte det og fusjonerte det med Triborough Bridge Authority; kjerneverksemda i imperiet. Og Ole Singstad vart sjølvsagt fråteken alle oppgåver. Tunnelsystemet han hadde planlagt vart gjennomført identisk med planane. Moses gjorde nokre endringar på Singstad sine planar, med det resultatet at det vart lekkasjar i tunnelen. Han måtte så gå tilbake til originalteikningane og retta det opp med det Singstad opprinneleg hadde planlagt. I dei neste 30 åra sat Ole Singstad på kontoret sitt og såg ut over området han sjølv hadde planlagt, utan mulegheit til å delta i noko byggjearbeid.

Den gamle løva mot den unge
Etter den fiaskoen med utstillinga og det store underskotet, var Moses open for kritikk også frå politisk hald. For første gang på over 40 år var det muleg å kritisera keisaren, og det vart muleg å utfordra makta hans. Den unge og ambisiøse nye borgarmeisteren John V. Lindsay såg at Moses kontrollerte store verdiar og at han sjølv ikkje fekk gjort stort utan å få kontroll over pengestraumane. Han prøvde difor å føreta ei omorganisering av etatane Moses kontrollerte, og særleg pengekjelda Triborough Bridge. Triborough Bridge var kjernen i Moses' imperium og sørgde åleine for rundt $ 30 mill. i årlege inntekter. Med denne pengestraumen som sikkerheit kunne Moses utferda obligasjonar til bankane og mangedobla beløpet som grunnlag for nye investeringar. På høgda si hadde Moses mange andre inntektskjelder også, og han kontrollerte ikkje mindre enn 12 etatar/styre som kvar genererte inntekter.

Juvelen Triborough Bridge
Mot slutten hadde han berre Triborough Bridge igjen, og Lindsay gjekk til angrep ved å føreslå ei samanslåing av denne etaten med andre transportområde til eitt stort transportselskap i byen. Det var den gamle, såra løva mot den unge løva. Lindsay trudde det ville gå greitt å kvitta seg med ein 78 år gammal mann, men der tok han skammeleg feil. Moses mobiliserte maktapparatet, der ikkje minst bankane og fagforeiningane var viktige støttespelarar, og knuste Lindsay sine planar. Det vart eit ydmykande nederlag for borgarmeisteren.

Den siste kampen
Men han møtte sterkare motstand enn borgarmeisteren. Guvernøren i New York, Nelson Rockefeller, hadde spelt på lag med Moses lenge. Men også han såg at inntektsstraumen frå Triborough Bridge var essensiell for å finansiera nye investeringar i den elles økonomisk svake staten og byen. Han la også planar om samordning av Triborough Bridge med resten av transportområdet. I starten var Moses sjølvsagt mot planane, men let seg overtala til å støtta dei mot ein lovnad om at han skulle få ein sentral plass i den nye organisasjonen; enten som president eller som adm. dir.

Bankane som obligasjonseigarar, både kunne og burde ha stoppa fusjonen fordi det sette deira eigne lån i fare. Men Chase Manhattan var talsperson for obligasjonseigarane og største eigar der var David Rockefeller. Nelson Rockefeller tok eit møte med broder David Rockefeller og dermed var fusjonen klarert. Robert Moses fekk ikkje den leiande rolla han var lova, men fekk tilbod om å bli rådgivar for den nye organisasjonen. Det var ydmykande for han, men han hadde ikkje anna val om han ville halda fram, og takka ja og heldt fram til han var 80 år. Men han kjende seg fallen i ryggen av Nelson Rockefeller, og forsåvidt med god grunn. På ei anna side fekk han smaka eigen medisin; ein medisin han hadde vore ivrig utskrivar av i over 40 år.

Sjølv etter at han hadde fylt 80 år hadde han mykje ugjort, og det seier litt om mannen at han prøvde å gjera comeback i administrasjonen då han var 85!

Openheit og innsyn
Lærdommen av denne historia må vera det grunnleggjande behovet for innsyn og openheit, og at sterke menn (det er oftast menn) blir haldne under oppsikt slik at dei ikkje får misbruka makt. Men det vil også vera feil å underslå alt det som var bra med Robert Moses' innsats. I starten brukte han makta til å gjennomføra visjonane sine om moderne byplanlegging, om lag som Hausmann i Paris og Europa elles. Men makt korrumperer som kjent, og all makt korrumperer fullstendig. Etter kvart vart makt i seg sjølv eit mål, og ikkje berre eit middel. Det er då det for alvor kan gå galt.



tirsdag 7. februar 2017

Digitalt grenseforsvar (DGF)

Professor Olav Lysne har leia utvalet som har føreslått eit digitalt grenseforsvar, DGF, det såkalla Lysne II-utvalet. Lysne I-utvalet vart nedsett av Justisdepartementet tok for seg sårbarheit og var eit naturleg grunnlag for Lysne II som vart sett ned av Forsvarsdepartementet. Olav Lysne sa sjølv på eit seminar arrangert av Den norske dataforening (DnD) at han hadde tvilt seg fram til tilrådinga, og at det ikkje er eit val mellom pest eller ikkje-pest, men om pest eller kolera.

Det digitale grenseforsvaret går ut på å gi etterretningstenesta (E-tenesta) verktøy for innsyn i datastraumane som går til og frå Norge. Dei får med andre ord mulegheit til å avlytta all Internett-trafikk som passerer grensene til landet. Rett nok må innsynet og analysane av data godkjennast av ein domstol før det kan setjast i verk, men her er det fleire gråsoner og uavklarte spørsmål. Kontrollen med DGF kviler på tre pillarar:

  1. Førehandsgodkjenning av domstol (eigen DGF-domstol er føreslått)
  2. Eit tilsyn (DGF-tilsynet) skal overvaka bruken av DGF, i nær sanntid
  3. Ei styrking av EOS-utvalet sin etterfølgjande kontroll
    [EOS er Stortinget sitt kontrollorgan for etterretning, overvaking og sikkerheitsteneste]

DGF-kampanje
Det er for tida stor merksemd om dataangrep mot Norge og politiske miljø, og påstandar om russiske angrep for muleg valmanipulasjon. Den som trur at dette er heilt tilfeldig og uavhengig av DGF er enten naiv eller rett og slett dum. Dette er nok ein velregissert kampanje for å få gjennomslag for det ganske drastiske tiltaket DGF er. At det blir utført dataangrep mot Norge treng me ikkje tvila på, men "timinga" av desse store angrepa er meir enn mistenkjelege. Så eg vel å tenkja mitt..

Høyring med mange skeptiske svar
Høyringa av DGF-forslaget har resultert i mange svar, men ein instans glimrar med sitt fråver: Elektronisk Forpost Norge (EFN). Eg har spurt dei kvifor dei ikkje har levert høyringssvar på dette viktige forslaget, og fått til svar at "det er mange høringer vi ønsker å delta i, men vi har ikke ressurser til å svare på alle". Hallo? Viss ikkje EFN skal svara på ei slik høyring så forstår eg ikkje noko av prioriteringa.

Av høyringssvara er det mange som er skeptiske til det vidtgåande forslaget. Sjølv om dei skisserte truslane blir oppfatta som reelle, og utvalet får mykje skryt for ei grundig vurdering av situasjonen,  meiner mange at det er å gå for langt å lagra all informasjon. Me ser mange av dei same reaksjonane som kom mot Datadirektivet for nokre år sidan.

Høyringssvaret frå Norsk Unix User Group, NUUG, listar opp mange av dei høyringssvara som er skeptiske til forslaget. Dei avsluttar også med følgjande fynd-ord:
NUUG vil avslutningsvis minne Forsvarsdepartementet på at neste gang de låser døren på toalettet for å gjøre sitt fornødende så er det ingen som tror at de gjør det fordi de er kriminelle eller terrorister, men vi respekterer at det er ønsket privatliv.
Alle skal under lupa
Mange høyringssvar, og særleg frå juridiske hald, peiker på faren med den vide og omfattande kommunikasjonskontrollen som ikkje er basert mistanke, som i vanleg etterretning, men som omfattar absolutt alle. Dette er stikk motsett av vanleg etterforsking der datainnhenting berre skal skje etter grunngjeven mistanke. Rett nok skal innsyn i innsamla data berre kunna skje etter vedtak i domstol, men her er det fleire gråsoner som ikkje ser ut til å ha vorte grundig nok diskutert. Til dømes står det i rapporten at det skal takast stikkprøvar dagleg av informasjonsstraumen, men korleis skal den då handterast? Skal det gjerast vedtak kvar dag om tilgang, eller skal ein ikkje sjå på den i det heile? Dette viser kor umuleg situasjonen med eit digitalt grenseforsvar blir med tanke på full kontroll med tilgang.

Ein dom i EU-domstolen rett før jul (C-203/15 og C-698/15, 20. des. 2016) mellom Tele2 og den svenske Post- og telestyrelsen ga Tele2 rett i å sletta data, noko PTS ga dei beskjed om at dei ikkje hadde lov til. Tele2 hevda ordren frå PTS stridde mot menneskerettane og viste til ei liknande sak i Irland. Tele2 vann fram og EU-domstolen sa i dommen at å lagra slike data var i strid med retten til privatliv. Det var også EU-domstolen som torpederte Datalagringsdirektivet, som var ei heit sak i mange land inkludert Norge.

Føremålsgliding
Mange høyringssvar peiker med rette på den stor faren med føremålsgliding, dvs. at data etter kvart blir brukte til noko anna enn det dei var tenkte. Og det gjekk ikkje lang tid før dette vart demonstrert til fulle: Politiet har gått ut og sagt at det er utenkjeleg at data frå DGF ikkje skal kunna brukast i alvorlege kriminalsaker. Greitt at katten vart sleppt ut av sekken med ein gang!

Eit godt eksempel på føremålsgliding finn me i trafikken. Fotoboksane som vart sette opp for 30-40 år sidan skulle berre avsløra fartssyndarar. Men me veit alle at dei har vorte viktige datainnsamlarar i straffesaker. Det same kan me seia om mobilnettet.

"Rikets sikkerheit"?
Argumentet om "Rikets sikkerheit" pleier trumfa det meste, og E-tenesta brukar det sjølvsagt for det det er verdt. Det blir likevel hult når me høyrer at Naudnettet faktisk blir delvis drifta frå India. Viss noko så viktig som drift og tilgang til Naudnettet kan setjast bort til framande makter, kva skal me då med eit digitalt grenseforsvar? Eit digitalt grenseforsvar vernar oss ikkje mot grenselaus naivitet og stupiditet, og det er kanskje den største utfordringa vår. Statoil demonstrerte eit tilsvarande mangelfulle rutinar for tryggleik då det viste seg at ein indar heldt på å laga katastrofe på Mongstad etter å ha gjort ein datafeil.

"Alle andre gjer det"
Dette er også eit vanleg argument, og eit argument me er vande til å høyra også frå barn. Det er vanskeleg å møta argumentet om at "alle andre gjer det" med faste grenser for barn, og det er vanskeleg i det vaksne livet også. Alle andre nasjonar avlyttar nett-trafikken, så kvifor skal ikkje Norge gjera det? Men det er ikkje eit haldbart argument, for då kastar ein over bord alle prinsipp og let seg styra av det andre gjer, enten det er bra eller ikkje. NSA avlyttar alt og alle og skaffar seg tilgang til data hjå kven dei vil. Vil me at E-tenesta skal gjera det same her i landet?

Pest eller kolera?
Det er ingen grunn til å bagatellisera dilemmaet me står overfor i denne saka. Internett blir i aukande grad brukt til angrep mot ulike mål. Er svaret på desse truslane ei avlytting av all nett-trafikk? Eg meiner det er feil svar, og at ein i staden for bruk av hagle heller må tenkja presisjon. Det kan også virka som "godt gammalt" etterretnings-handverk er gløymt. Men sosiale metodar (snakka med folk, bruka informantar osv.) er sterkt undervurdert i slikt arbeid. Kanskje er det også ei form for latskap; det er meir komfortabelt å sitja passivt og motta ein straum av data enn å gå aktivt ut og kartleggja og følgja opp mistenkjelege miljø.

Mykje tyder på at forslaget om eit digitalt grenseforsvar slik det no føreligg, er for vidtfemnande og ikkje kan godtakast. Det er all grunn til å håpa på eit mindre omfattande inngrep og at vern av privatliva våre blir verdsett høgre.

fredag 3. februar 2017

Bitcoin & blokk-kjede i offentleg sektor

Riksarkivet og Politidirektoratet inviterte til arbeidsmøte om blokk-kjede og dokumentbehandling i dag. Det som skulle vore eit arbeidsmøte med ei handfull deltakarar frå dei to etatane vart eit større seminar med over 30 deltakarar, frå fleire offentlege etatar. Interessa for blokk-kjede er i høgste grad aukande i offentleg sektor, det var seminaret eit godt bevis på.

Eg var invitert til å innleia om Bitcoin og blokk-kjede og gjorde det på eit overordna nivå. Det er veldig mykje å seia om dette temaet, så det er viktig å snevra inn og ikkje gå inn i detaljane. Panseret på Bitcoin-bilen vart difor ikkje opna, eg heldt presentasjonen på høgste nivå.

I tillegg til innleiinga mi var det presentasjonar frå Riksarkivet, Politidirektoratet og Trondheim kommune. Særleg Trondheim kommune hadde mange interessante synspunkt på potensiell bruk av blokk-kjede i samband med måten dei tenkjer arkiv på.

Etter presentasjonane var det diskusjon rundt nokre sentrale spørsmål formulerte av Øivind Langeland, initiativtakaren frå Riksarkivet:

- kvifor snakka me om blokk-kjede (kva er det som er nytt og annleis med blokk-kjede)?
- kva skal me med blokk-kjede i offentleg sektor?
- skal vi gjera noko meir?

Mange gode spørsmål og problemstillingar kom opp i diskusjonsrunden og det vart fort klart at dette er eit tema som bør følgjast opp. Men samstundes må ei eventuell oppfølging også inn på den formelle agendaen til dei aktuelle etatane for å rettferdiggjerast. Det kom likevel tydeleg fram at det er stor interesse for ei oppfølging av dette møtet, men då med fleire erfaringar å gå ut frå.



Stille i fjøset..


Dyrebilen hentar dei siste sauene
Denne veka vart alle sauene leverte til slakteriet, og dermed er ei fleire hundre års ubroten linje med dyrehald på garden, over. Det er trist, men eg fann ut at det var på tide å slutta no. Med såpass få sauer (30-40 vinterfora) blir det for mykje arbeid i høve omfanget. Den viktigaste grunnen er likevel at det blir for brysamt å vera borte frå garden fordi det då heile tida må organiserast tilsyn og foring.

Bruksnedlegging uansett regjering
For miljøet både i grenda og det større perspektivet med attgroing m.m., er det synd at stadig fleire gir opp dyrehaldet generelt, og sauehaldet spesielt. Talet på bruk med husdyrhald har gått drastisk ned, og utviklinga vil berre aksellerera med dagens jordbrukspolitikk. Den nyleg framlagde jordbruksmeldinga er ei oppskrift på avvikling. Når det er sagt, har talet på bruk gått ned uavhengig av om Senterpartiet eller andre har styrt Landbruks- og matdepartementet. Så akkurat der har Sp ei dårleg sak..

Siste reis :(
Økonomi i utforbakke
Dårleg økonomi har ikkje vore avgjerande for at eg har slutta med sauehald, men den elendige utviklinga dei seinare åra har ikkje akkurat vore motiverande for å halda fram. Berre siste året har prisen på lammekjøt til produsent gått ned 7-8 kr, tilsvarande 16-17% nedgang! Det er ganske dramatisk og skuldast det store lageret av kjøt. For tre år sidan var det eit underskot på rundt 2000 tonn; no er det eit overskot på rundt 3500 tonn! Nortura som marknadsregulator har ikkje gjort ein god nok jobb. I eit lesarinnlegg i Bondebladet (bra avis!) viser Helge Dalsbø frå Stadtlandet utviklinga i prisar på lam- og sauekjøt og ull frå 1987 til i dag:

Produkt      1987   2016
Sauekjøt      30,00   17,00
Lammekjøt     39,00   40,00
Ull           56,00   55,00

Lesarinnlegg i Bondebladet
I same tidsperioden har konsumprisindeksen dobla seg, altså auka med 100 %. Det betyr at lammekjøtet i dag eigentleg skulle ha vore betalt med kr 78,- for å halda tritt med kostnadene. Dersom prisen skulle ha følgt lønnsveksten, som har vore 320-340 %, skulle lammekjøtet vore betalt med minst kr 164,- pr. kg.

Sjølvforsyning og matvaresikkerheit
Den nyleg framlagde jordbruksmeldinga kastar også målet om sjølvforsyning på båten. Det er heilt uforståeleg at ikkje sjølvforsyning og sårbar matsituasjon er viktig, verken for Landbruks- og matdep. eller Forsvarsdep. Er me så naive at me trur Oljefondet kan redda oss dersom det blir skikkeleg matvarekrise?

Landbruk og reiseliv
Heller ikkje reiselivsnæringa ser ut til å forstå betydninga av at landbruket blir oppretthalde over heile landet. I alle fall har dei ingen støttespelarar i regjeringa. Også det er uforståeleg. Ein må nok komma frå eit anna land for å forstå kor viktig landbruket er for reiselivet. Bill Gates forstod det. Då han segla inn Sognefjorden på ferie i 2014 var det ikkje først og fremst naturen som imponerte han, sjølv om den også gjorde inntrykk. Nei, det var alle dei små gardane som fanst "der ingen skulle tru at nokon kunne bu". For han var det uttrykk for ein ukueleg vilje til å klara seg, uansett kor tøft det var. Det var noko han sette svært høgt.

Satsing på frukt
Slutt på livet som bonde blir det likevel ikkje. No blir det full satsing på fruktdyrking, og investeringa og nyplantinga har alt starta: