torsdag 23. februar 2006

Hyper-entreprenøren

Larry Page og Sergey Brin er kjende Internett-namn for mange, men det er få som har høyrt om Bill Gross (?). Han fortener å bli meir kjend, for han står bak mange storarta idear som pregar nettet på ulike måtar.

Som mange andre grunderar starta Bill tidleg, han kjøpte inn godteri i stort volum og selde til kameratflokken. Slik samla han seg pengar nok til neste ide, som var høgtalarar. Med eit skreivt smil kalla han selskapet sitt Gross National Product...

Det første kjende produktet hans var eit naturleg språk-grensesnitt for Lotus 1-2-3. Deretter utvikla han det personlege søkeverktøyet Magellan, som ein god del har høyrt om. Det var 80-talets Google Desktop Search.

Den viktigaste ideen til Gross var modellen for betalt annonsering kombinert med søk. Gross utvikla ein forretningsmodell basert på at folk var villege til å betala meir for relevante annonsar enn tilfeldige, som nettet til då var basert på. Han kopla søkeord til annonsar på ein måte som no er standard for alle søkemotorar og som ikkje minst Google har nytt godt av. Gross utvikla søketenesta Goto.com der forretningsmodellen vart implementert. Trass i at tenesta vart uglesett av mange pga. det som vart oppfatta som tvilsam blanding av søk og betaling for vising, tente Gross godt på ideen. Goto.com endra namn til Overture og vart kjøpt av Yahoo for 1,6 mrd. dollar.

Basis for alle ideane var selskapet IdeaLab, som var ein slags næringshage/kunnskapspark på speed. Innovasjon Norge skulle teke ein studietur til denne bedrifta og snakka med karen. Her trur eg det kunne vera mykje å læra.

No er Gross i gang med å utvikla neste generasjons søk/annonse-modell. Watch out!
(kjelde: The Search av John Battelle. Meir om denne boka seinare)

onsdag 22. februar 2006

Søkt moral


Google har gått frå å vera alles yndling til å bli utsett for stadig fleire kritiske blikk, og det er bra. Google har revolusjonert søk og har gjort det ved å tilby ei glimrande søketeneste. Søk på nettet er redefinert og Google har sett standarden som andre, både generelle søketenester og interne nettsøk, etter kvart må leva opp til fordi brukarane forventar det.

Moralen i selskapet Google er enkel på amerikansk vis: Don't be evil. Det er noko naivistisk over det, og akkurat no framstår det som veldig naivt. Google har med rette fått mykje kritikk for å samarbeida med totalitære regime, som Kina. At dei kan gå inn på ein avtale med Kina om sensurerte søkeresultat, er merkeleg av fleire grunnar. Drivkrafta er ikkje vanskeleg å forstå, det som alltid utsikt til meir pengar.

Tenesta Search Engine Watch viser på ein illustrativ måte (over) skilnaden i søkeresultat på uttrykket 'Tiananmen' med utgangspunkt i USA og Kina. Der USA-søket viser stridsvogner og massakre, blir det i Kina vist glansbilete av den store plassen.

For ei søketeneste er det tillit til søkeresultatet heilt avgjerande for tilliten til tenesta. Google er med dette inne på ein svært farleg veg, ikkje minst for selskapet sjølv. Det hjelper ikkje at andre gjer liknande ting, og har gjort det før Google (Yahoo). Det hjelper heller ikkje at det føregår sensur i Google sine europeiske tenester (søk på nazistisk materiale er forbode i Tyskland og Frankrike). Det finst rett og slett ikkje gode unnskyldningar.

lørdag 18. februar 2006

Fonetisk alfabet

Alfa - Kilo - Bravo! har kanskje ein del fått med seg frå Are & Odins hemningslause slankekur. Den som enda med øksedrap på badevekta!

Dette blir i serien "ting du kanskje ikkje visste og som du sikkert ikkje får bruk for"..

Det fonetiske alfabetet me brukar i dag stammar frå NATO. Det er særleg brukt i luftfarten.
NATOs alfabet har ikkje æ, ø og å, så er her er det spesialtilpassing. Og her skil det sivile alfabetet seg frå det militære:

Æ: Ægir (Forsvaret: Ærlig)
Ø: Ørnulf (Forsvaret: Østen)
Å: Ågot (Forsvaret: Åse)

[kjelde: Wikipedia]

mandag 13. februar 2006

Sinatra swingar!


Sogndal Storband hadde i helga Sinatra-konsert i Sogndal kulturhus og arr. vart ein stor suksess! Sinatra-kjennar og vokalist/klarinettist Ketil Rasmussen stod for vokalinnslag saman med storbandets eigen vokalist Odrun Ugulsvik Myklebust.


Det mest spesielle med arrangementet var bruken av scena i kulturhuset som jazzklubb. Me bygde opp scene for storbandet i eine enden av scena ("scene på scena"?) og møblerte med bord og stolar elles. I den andre enden bygde me opp eit lite podium med bord og stolar.

Folk kosa seg, ikkje minst fordi det var bar med sal av øl og vin, noko som skapte ei hyggjeleg stemning. Klubbfølelsen var der i høgste grad.

Og storbandet let også bra; til tider swinga det skikkeleg - ikkje minst takka vera eit komp som ytte sitt aller beste.

lørdag 11. februar 2006

Landbruk og marknad

Som bonde er eg smerteleg klar over at det er noko som har gått tapt når det gjeld forholdet til kundane: forbrukarane. Samvirke har ført til mykje positivt, men også noko negativt. Det negative er bulkproduksjon og einsidig fokus på levering til samvirke som mottakar, ikkje til forbrukaren.

Det vart eg minna på i dag [i går; Blogger var nede pga. tekniske problem] då eg høyrde ein fantastisk uttalelse på radioen frå ein kar i Debio. Han klaga over auka etterspørsel etter økologiske produkt fordi dei ikkje hadde produsentar nok til å dekka denne etterspørselen!? "Situasjonen er bekymringsverdig" (sic!) som han sa. Uttalelsen er bortimot beundringsverdig.

Vanlegvis er auka etterspørsel noko positivt, og for få leverandørar berre eit midlertidig problem. Men for enkelte delar av landbruket er det altså framleis eit problem.

Landbruket har nok større utfordringar enn eg likar å tenkja på...

fredag 10. februar 2006

Karikaturar & blodig alvor

Lenge sidan siste post, litt av grunnen er at eg har vore oppteken av diskusjonane i kjølvatnet av karikaturteikningane i Jyllandsposten/Magazinet. Det er ein interessan og viktig debatt, endeleg har me ein ideologisk debatt i Norge, og elles i verda, og ikkje som vanleg om lågare matvareprisar.

Av gode innlegg som eg utan problem stiller meg bak, er Lars Gule sitt innlegg i Aftenposten, "Hva toleranse betyr", Arne Jensen og Shazad Rana sitt innlegg i same avis, "Godt skal ondt fordrive" og Shabana Rehmans innlegg i Dagbladet (av ein eller annan grunn vanskeleg å finna att på nettet).

Det er den vanskeleg ytringsfridommen som er hovudtema. Ytringsfridom er best når ytringane ikkje provoserer nokon, kan me vel slå fast. Når Stoltenberg og Støre seier at sjølvsagt hadde redaktørane rett til å trykkja teikningane, men at det neppe var lurt, seier dei eigentleg at dette ikkje er "politisk korrekt". Nei, ytringar som provoserer er jo nettopp kjernen i ytringsfridommen! Hadde Salaman Rushdi hatt litt meir vet i skolten hadde han sjølvsagt ikkje skrive nedsetjande om Muhammed og Koranen? Og nederlandske Ayaan Hirsi Ali burde jo også skjønna at det er "uklokt" å provosera slik ho gjer?

Eit poeng som ser ut til å gå mange hus forbi, er den ekstreme trangen til vald mange islamske statar har. Det er er etter mi meining noko av det viktigaste, og farlegaste, som er vist i denne saka. Det er dette som må utfordrast, og som karikaturteikningane har bidrege til. Og sjølv om det er farleg, er det endå farlegare å la vera.

Ein naturleg konklusjon på debatten, når støvet har lagt seg og elden er slokt, er at blasfemi-paragrafen må fjernast frå norsk lov!