fredag 28. april 2017

Andreas Antonopolous på Oslo Bitcoin Meetup

Andreas Antonopolous i gang på Bitcoin Meetup
Som nemnt i den forrige bloggposten, stilte Andreas Antonopolous også opp på Oslo Bitcoin Meetup - gratis (dvs. han fekk ein øl..). Det står respekt av slikt, og det er karakteristisk for ekte entusiastar.

Rekordoppmøte
Andreas er Bitcoin-entusiast, ingen tvil om det. Det var rekordstort oppmøte på Bitcoin-møtet i kveld, 70-80 "hard core" Bitcoin-entusiastar, og dei fekk høyra nok eit godt foredrag. Eg har etter kvart høyrt mange meir eller mindre profesjonelle foredragshaldarar, og ofte blir ein skuffa viss ein høyrer dei fleire ganger fordi dei framfører nærmast ordrett den same presentasjonen. Ikkje slik med Andreas. Han varierer tema kva gang og han kunne fortelja at han ofte ikkje veit kva han skal snakka om før like før han går på scena. Det gjer det endå meir imponerande når ein ser at han snakkar uavbrote og med full flyt i 30 - 45 minuttar - utan manus og utan hjelpemiddel av noko slag, berre ein mikrofon.

Bitcoin Governance
I kveld snakka han om styring av Bitcoin, altså governance. Det er eit sentralt tema gitt dei harde diskusjonane som har vore, og er, kring skaleringsspørsmålet for Bitcoin. Andreas la vekt på at Bitcoin ikkje er styrt av ein, eller nokre få utvalde, og heller ikkje av oppnemnde komitéar. Derimot er det eit slags direkte demokrati der ulike grupper har omtrent like mykje dei skal ha sagt og held kvarandre i sjakk. Det er ikkje straumlinjeforma og det er heller ikkje "effektivt", men det sikrar at ikkje særinteresser kan ta styringa. Han var inne på at diktatur sikkert var meir effektivt, og at det fanst samfunn som kunne skryta av at toga var presise. Men det hende også at nokre slike tog gjekk til konsentrasjonsleirar..

Maktfordelingsprinsippet
Andreas meinte at det også i Bitcoin er ei tredeling av makt liknande den me kjenner frå parlamentarismen:

  1. Lovgivande: Utviklarane
  2. Dømmande: Gravarane ("miners")
  3. Utførande (Alle Bitcoin-brukarane og dei som køyrer full node utan å grava)
Han meinte også at mykje av makta var der på grunn av at den ikkje kunne iverksetjast, men framstår meir symbolsk, om lag som eit moderne monarki. Han meinte at gravarane hadde ein slik form for makt. Dersom dei (mis-)brukte makta, ville det gå skikkeleg ille. Men berre tanken på at dei har makta, er nok til å halda systemet oppe og på tå hev.

Skaleringsspørsmålet og Bitcoin Unlimited
Etter ein halvtimes foredrag var det spørsmål & svar, og han tok seg god tid og det vart mange spørsmål. Diskusjonen og spørsmåla kom fort inn på det betente skaleringsspørsmålet, og spørsmålet om Bitcoin Unlimited og å fjerna grensa på størrelse for blokkene. Andreas, som er forsiktig med å velja side i slike vanskelege spørsmål, var krystallklar: Bitcoin Unlimited er eit dårleg forslag framsett med dårleg og ustabil kode. BU vil gi gravarane kontroll over blokk-størrelsen, noko han meinte ville vera livsfarleg for Bitcoin. Det er tre ting gravarane aldri må kontrollera eller få makt over i Bitcoin:
  • Blokkstørrelse
  • Kva slags transaksjonar som skal inn i blokkene (usikker på denne..)
  • Taket på 21 mill. bitcoin
Patrick Murck, tidlegare leiar av Bitcoin Foundation har skrive om blokk-kjedestyring i HBR-artikkelen "Who Controls the Blockchain". Artikkelen tek opp mykje av det same som Andreas tok opp i går.

tirsdag 25. april 2017

Oslo Blockchain Day

Jon Ramvi og Blockchangers (dessverre berre Facebook-side og det giddar eg ikkje lenka til!) arrangerte Oslo Blockchain Day for andre gang (?) og i år var trekkplasteret Andreas Antonopolous, sjølvaste "Mr. Bitcoin". Andreas A. har gjort Bitcoin til levebrød og reiser verda rundt for å halda foredrag om teknologien. Det er første gang Andreas er i Norge og sympatisk nok stiller han også på Oslo Bitcoin Meetup seinare i veka (torsdag 27.04), og det gjer han utan å ta betalt! Ein ekte Bitcoin-entusiast med andre ord.

Bøker og presentasjonar av Andreas Antonopolous
Andreas Antonopolous har skrive den definitive innføringsboka om Bitcoin, "Mastering Bitcoin - Unlocking Digital Cryptocurrencies" og i boka "The Internet of Money" finn me ei samling redigerte presentasjonar av temaet. Han er også å høyra på podcasten "Let's Talk Bitcoin" og har eigen kanal på YouTube der mange av presentasjonane hans er lagde ut.

Bitcoin som disruptiv teknologi
Andreas opna dagen og han skuffa ikkje. Han er er ytterst profesjonell foredragshaldar, utan manus, utan PowerPoint - no nothing, berre tale. Ulikt ein del andre profesjonelle foredragshaldarar eg har høyrt, verkar det ikkje som han held den same presentasjonen to ganger. Sjølvsagt var det mykje kjendt i foredraget hans for ein som har høyrt/sett mange av presentasjonane og høyrt dei fleste LTB-podcastane, men likevel var han flink til å setja det inn i ein relevant kontekst.

Han starta med å snakka om kvifor bruka Bitcoin/blokk-kjede i eit land med så stor tillit til styresmaktene, og kva Bitcoin kunne gjera betre enn t.d. Vipps. Til det siste sa han at Vipps på dei aller fleste områda slår Bitcoin ned i støvlane - og det er typisk for disruptive teknologiar. Dei er i starten eit dårlegare alternativ enn teknologien dei er tenkt å erstatta, men dei peiker fram mot noko som dagens teknologiar ikkje kan realisera. Test-spørsmålet her er "når kan Vipps la deg betala til alle verdas innbyggjarar?". Det kan ein ikkje med Bitcoin i dag heller, men i prinsippet kan ein det, og det er lett å førestilla seg korleis det skal skje.

TCP/IP og blokk-kjede
Han samanlikna også Bitcoin og opne blokk-kjeder med Internett og sa at blokk-kjedeteknologien er som TCP/IP - uinteressant! Det er ikkje TCP/IP som gjer Internett til det spektakulære nettverket det er, men den opne arkitekturen der ein vilkårslaust kan byggja nye applikasjonar. TCP/IP er sjølvsagt viktig, men den kan like godt brukast i eit lukka nettverk (tenk intra- eller ekstranett) som i eit ope. På same måten er det med Bitcoin og blokk-kjede. Det er ikkje blokk-kjedeteknologien som er det sentrale, men den opne og vilkårslause arkitekturen. Blokk-kjeder kan gjerast både lukka og open.

Panel-diskusjon om ICOs
ICO står for Initial Coin Offering og spelar på IPO - Initial Public Offering - som er børsnotering av bedrifter. ICO er spesielt for kryptovaluta og har auka mykje som finansieringsmåte i det siste. Det starta kanskje med Ethereum der ether kunne kjøpast for bitcoin til ein kurs på 2.000 ether pr. bitcoin i slutten av juli 2014. Prisen på bitcoin var den gangen ca. 620 US$, noko som ga ein ether-kurs på $0,3 pr. ether. I dag (25.04.17) er kursen på ether $ 50, så investeringa i 2014 har auka med 16700 %!

Men ikkje alle ICOs gir slik avkasting. Det er gode grunnar til å vera skeptisk til dei mange ICO-tilboda som no kjem. Dei fleste er baserte på Ethereum-plattforma og token-et ERC20. Ein ICO er ein måte å finansiera oppstart av ei bedrift, og liknar på aksje-utviding (equity), lån og dugnadsfinansiering (crowdfunding). Den er i gråsona når det gjeld regulering, og slepp unna førebels fordi det ikkje er snakk om eigardelar i ei bedrift. ICO-avtalane er også utstyrte med små skrift som understrekar dette.

Paul Puey (Airbitz) i panelet understreka at innføring av eit token som regel introduserer ein friksjon i systemet. Ein må difor spørja seg om token-et verkeleg er nødvendig for produktet eller tenesta, eller om det berre er oppretta for å henta inn kapital. Han peika også på at det kan bli vanskeleg med ein runde to eller tre dersom ein startar med ein ICO fordi ein då må konkurrera med marknaden og dei tokena som alt er i omløp.

William Rode i Bearingpoint understreka at det er i hovudsak to typar token i ICO:

  1. Protokollbaserte token (der token utgjer ein viktig del av protokollen)
  2. Finansielle token (der token i hovudsak berre har som funksjon å samla kapital)
Han meinte at ein bør vera forsiktig med å investera i den siste typen ICO der token berre er for å samla kapital og elles ikkje har nokon tydeleg funksjon. Det var på linje med Paul Pueys standpunkt at token i utgangspunktet skaper friksjon, og dersom dei ikkje har ein tydeleg plass i protokollen, er eigentleg ein dårleg ide å introdusera dei berre for pengane sin del.

Anthony Lewis har elles eit godt blogginnlegg om ICO der han plasserer det saman med andre finansielle isntrument for å skaffa kapital i ein oppstartsfase.

Paneldiskusjon om blokk-kjede om 5 år
Andreas A. leia til slutt ein paneldiskusjon om kor blokk-kjedeteknologien er om 5 år. Mellom deltakarane var Paul Puey og Vinay Gupta. Gupta hadde også eigne innlegg tidlegare denne dagen, m.a. om "The Internet of Agreements". Han er elles ein kjend figur i blokk-kjedemiljøet og var mellom anna ansvarleg for dugnadsfinansieringa av Ethereum. Andre i panelet var representant for IBM/Hyperledger og Microsoft slik at både opne og lukka blokk-kjeder var representerte.

Det kom ikkje fram noko revolusjonerande nytt i paneldiskusjonen. På spørsmålet om kven av dei tre gruppene brukarar, kommersielle aktørar og styresmakter som ville får størst innflyting på blokk-kjedeutviklinga, peikte fleirtalet på brukarane.