søndag 26. juni 2011

Korleis taklar du kritikk?


Altinn har vore i hardt ver, akkurat som Telenor sitt mobilnett. Ved fleire kritiske høve har Altinn svikta og gjort det umuleg for brukarar å logga inn for å rapportera. Såpass mange svikt har det vore at det må karakteriserast som alvorleg.

Nettsida Alt-inn.com tek problema på kornet i parodi-sida dei har oppretta. Det er ein frisk harselas med dei mange problema Altinn har hatt i år, og set det også i samanheng med midlane som er brukte både på utvikling og drift. Og det skulle berre mangla at det ikkje skal vera lov å harselera med ei teneste som totalt truleg har kosta skattebetalarane over ein milliard kroner og som likevel sviktar når det gjeld som mest.

Brønnøysundregistra, som har ansvaret for drift og utvikling av Altinn, har sett i gang undersøkingar for å finna ut kven som står bak tullesida. Det bør dei kutta ut straks, før dei dummar seg ut endå meir. Bruk kreftene til å retta problema i Altinn, og ta dette med godt humør slik resten av oss gjer!

Alt-inn.com harselerer ikkje berre med driftsproblema til Altinn, men også dei mange og forvirrande innloggingsmåtane. Eg har tidlegare omtalt innloggings-forvirringa og det er god grunn til å ta det opp att.

Alt i alt eit herleg stunt som Altinn-eigarar og -ansvarlege bør smila av.

lørdag 25. juni 2011

Think Again!


Så er Think konkurs igjen, for 3. gang! Det norske bileventyret ser ut til å enda som eit magaplask. Eg vil tru investorane tenkjer at det har vore nok moro no.

Manglande tradisjon
Med konkursen og den sannsynlege slutten for Think, føyer denne satsinga seg fint inn i norsk bilhistorie. Vi har rett og slett ikkje det som skal til for å laga bilar. Ein kan like godt sjå dette frå ein anna side: Kva i all verda skulle tilseia at vi ville få til dette, eit land heilt utan tradisjonar og erfaringar på området? Å tru at el-bilar er heilt nye greier som kven som helst med gode ingeniørar og bra peiling på batteriteknologi og elektrisitet kan utvikla, blir feil.

For å lykkast med el-bil må du ha gode kunnskapar og tradisjonar for produksjon av bil. Ein el-bil er først og fremst ein bil, deretter er det ein bil med ei alternativ drivkjelde.

Dårleg design
Mi enkle forklaring på kvifor Think ikkje har lukkast, er mangelfull design og manglande tradisjon og fokus på bilproduksjon.Kvifor må el-bilar sjå ut som bilen til Bestemor Duck?? Det hjelper ikkje med avansert teknologi viss design talar eit anna språk. Eg skulle gjerne sett at Bård Eker vart hyra inn som designhjelp for Think, då kunne det vorte noko!

Sjå på Tesla!
Kanskje resultatet ville vorte noko i nærleiken av Tesla? Den amerikanske serie-gründaren Elon Musk (m.a. PayPal, SpaceX) har mykje merksemd med el-bilen Tesla, sjølv om han også strevar med å skaffa nok kapital til å halda hjula i gang. I bygginga av Tesla har Musk sett verdien av å tenkja bil først, alternativ drivkjelde deretter. Tesla er i realiteten ein ombygd Lotus Elise.

God design sel
Først når designet kjem på plass, trur eg el-bilar verkeleg vil ta av. Når storseljarar som Golf, Mini, Smart o.l. kjem med elektiske motorar, trur eg det blir langt meir freistande for folk flest å kjøpa el-bil.

[biletet er henta frå Wikipedia]

fredag 17. juni 2011

Klarspråk frå Skatteetaten?


Eg har skrive ein del om Skatteetaten i det siste, etter å ha fått brev som eg meiner har ein stil og ein tone som osar av arroganse og lite respekt for innbyggjarar/skattebetalarar. Heldigvis møtte eg ei vennleg og hjelpsam dame då eg ringde Skatteopplysninga for å klarlagt fakta i saka.

Etter dette har eg motteke eit brev "vedrørende klage på vår forespørsel/advarsel til omsetningsoppgaven for primærnæring for året 2010". Alt tittelen varslar om at dette er alvor. Resten av brevet er slik:

"Vi viser til deres klage av 17.05.2011 vedrørende omsetningsoppgaven for primærnæring for året 2010.
Omsetningsoppgaven deres ble mottatt etter fristen for innlevering. Fristen var i dette tilfellet 11.04.2011. Når omsetningsoppgaven ikke er kommet inn i rett tid eller ikke er utfylt på riktig måte, kan avgiften økes uten varsel med inntil tre prosent (min. 250 kroner, maks 5000 kroner) etter merverdiavgiftsloven § 21-2. Denne gangen har vi ikke økt avgiften, men det kan bli aktuelt dersom dette gjentar seg.

Omsetningsoppgaven ble levert innen fristen, men på grunn av problemer med registrering (optisk lesning) av omsetningsoppgaven kom oppgaven i retur fra Sentralt oppgavemottak i Mo i Rana. Omsetningsoppgaven ble senere levert på nytt den 08.05.2011.

Skattekontoret har vurdert klagen, og truffet vedtak om å ta denne til følge."

Hæ?
Er det nokon som forstår dette brevet? Her står det både at eg har levert for seint og eigentleg skulle vore straffa, og at klagen er teken til følgje.

Dette må vera det motsette av Klarspråk, prosjektet som rettleier offentlege etatar i å skriva eit tydelegare (klarare) språk. Dette er dei viktigaste råda for innhald, henta frå Ver klar-plakaten (pdf):

1. Kom raskt til saka. Skriv det viktigaste først.
2. Skriv kort. Då sparar du plass, og mottakaren sparar tid.
3. Ta berre med det som er relevant for mottakaren.
4. Vel ein passeleg tone.

Så langt eg kan sjå, bryt Skatteetaten alle dei fire råda. Det er på høg tid at dei får seg eit klarspråk-kurs, og brukar det til å gjera omfattande endringar i standard-tekstane sine.

Ein siste ting er at eg har krav på å få svar på mi eiga målform frå det offentlege. Også her feilar Skatteetaten..

lørdag 11. juni 2011

Rettsvesen 1.0


Det er kanskje farleg å kasta seg på Treholt-saka, men eg tykkjer den har så mange interessante sider, ikkje minst mangel på openheit, at det får stå til. Arbeidet og konklusjonen til Gjenopptakingskommisjonen er eit lysande eksempel på rettsvesen 1.0: Eit rettsvesen som arbeider på den gamle måten i lukka fora og med stor grad av hemmeleghald. Denne praksisen går ikkje stort lenger, ei radikal endring vil tvinga seg fram.

Ikkje spørsmål om skuld eller uskuld
Eg vil ikkje ta stilling til skuld eller uskuld i saka. Sjølv om dommen mot Treholt ser veldig streng ut i dagens politiske klima, må den sjåast på bakgrunn av dei storpolitiske tilhøva på 1970- og 1980-talet. Spørsmålet kommisjonen skulle vurdera, var heller ikkje skuld/uskuld, men om dei nye opplysningane i saka - påstandar om fabrikkering av bevis, var nok hald i til at saka måtte takast opp att.

Kommentarane i ettertid dreia veldig fort inn på skuld/uskuld, og dermed ei avsporing av realitetane i denne saka. Også kommisjonen ser ut til å bagatellisera koffert-spørsmålet, sjølv om det i realiteten var det nye i Treholt-saka.

Umusikalsk heilt frå starten
Kritikken min går ikkje på kommisjonen sin konklusjon, men på måten arbeidet vart lagt opp på. Det er ganske uforståeleg at ikkje kommisjonsleiaren tok sterke signal heilt frå starten, og la opp til ein mest muleg open prosess. Påstandane som låg til grunn, var svært alvorlege. Dersom det var tilfelle at politiet hadde fuska med bevisa, ville det ha slått store sprekker i grunnmuren til norsk rettsvesen. Det ville vore endå alvorlegare enn funna til Lund-kommisjonen, men samtidig ville det også vore ei nesten naturleg forlenging av den ukulturen som vart dokumentert der.

Feig avgjerd i Justisdep.
Med eit så alvorleg utgangspunkt verka fleire av avgjerdene til kommisjonen og styresmaktene elles, direkte umusikalske. Knoll & tott i Treholt-saka, riksadvokat Tor-Aksel Bush og førstestatsadvokat Lasse Qvigstad, burde vore kjende ugilde. Det spelar liten rolle om dei formelt og juridisk sett ikkje var ugilde, her var det tilliten til norsk rettsvesen som stod på spel og då må sjølvsagt styresmaktene gjera alt for å redda og gjenoppretta den. Justisministaren viste seg her feig.

Kommisjonen hadde sjansen, greip den ikkje
Kommisjonsleiaren avviste vidare opne høyringar, noko som igjen ville ha styrka tilliten til handteringa i saka. Når vi i tillegg ser at dei siste hemmelege sidene av Treholt-dommen blir offentleggjorde berre dagar før kommisjons-avgjerda, og Treholt og Stabell får vita om tidspunktet for kommisjonsavgjerda seint kvelden før, via nettaviser, teiknar det seg til bilete av ei arrogant statsmakt som ikkje på noko punkt vil innrømma feil eller på noko punkt gi etter for fornuftige krav. Kommisjonen hadde ein eineståande sjanse til å retta opp den mistilliten som hadde bygd seg opp, men dei brukte den dessverre ikkje.

Også kommentarane i ettertid føyer seg fint inn i bilete. PST-sjef Janne Kristiansen, tidlegare leiar av gjenopptakingskommisjonen, meiner i fullt alvor at advokat Harald Stabell skal komma med ei offentleg årsaking. Det er jo heilt uhøyrt, har han ikkje berre gjort jobben ein forsvarsadvokat er sett til å gjera? Rimeleg nok seier Stabell at viss nokon kjenner seg støytte av arbeidet hans får dei ta det i rettsvesenet.

Frå rettsvesen 1.0 til rettsvesen 2.0
Dette er norsk rettsvesen 1.0 og må forståast i lys av eit ganske lite og lukka miljø. Påtalemakt, etterretningsvesen og leiande juristar som t.d. i gjenopptakingskommisjonen, er som ein familie der alle kjenner alle. Eit angrep på ein av partane vil kunna få store følgjer for dei andre, og dei må difor stå saman ein for alle, alle for ein.

Me applauderer bruken av sosiale media i dei arabiske revolusjonane, men den openheita desse verktøya støttar og pressar fram, vil også bli brukt til å lufta ut innestengde norske institusjonar. Påtalemakta, inkl. gjenopptakingskommisjonen, "stod han av" i denne omgangen, kanskje, men openheit vil tvinga seg fram og me vil få rettsvesen 2.0 om ikkje altfor lenge. Håpar og trur eg.

(Bilete av Themis, den greske gudinna for lov og orden, brukt som Justitia i rettsvesenet. Biletet er henta frå Wikipedia)

torsdag 9. juni 2011

Den dumme tv-en


Me skriv 2011 og framleis er tv-en heilt ukjent med fenomenet Internett. Snart har 100 % fått flatskjerm i huset, og med det alle mulegheiter for ein skikkeleg skjerm for internett-surfing, men det er berre å gløyma.

Rask utvikling, treg utvikling
Det blir sagt at den tekniske utviklinga går fort, og på mange område gjer den det. På andre område står den derimot nesten stille. Det er ganske uforståeleg at ikkje flatskjermen for lengst har fått innebygd trådlaust nett, eller ethernet-kontakt for den del.

"Set-top 2.0"
For å få nett-tilgang på tv-en må du enten bruka den som skjerm mot ein pc, eller kjøpa eigen "set-top box". Det  siste alternativet er ikkje så vanleg her til lands, men det er interessant å sjå på utviklinga i USA.

Apple TV
Både Apple og Google har kasta seg på internett-på-tv og tilbyr Apple TV og Google TV. Den første er i god Apple-ånd ein lukka boks der hard- og mjukvare er styrt av Apple. Take it or leave it! Den er tett integrert med iTunes og ikkje egna for nettsurfing.

Google TV
Google TV er på den andre sidan meir eit økosystem enn eit produkt. Det blir tilbydd både av Google, Logitech og Sony, alle i ulike variantar. Google har satsa på apps og i tillegg er nettsurfing sett i høgsetet. Løysingane er stort sett ein god del dyrare enn Apple TV, men så rommar dei også ein god del meir.

Internett på tv-en vil til slutt komma, men det kan enno ta ei god stund.

onsdag 8. juni 2011

Freude am Fahren


(logo henta frå www.bmw.com)
Det er BMW sitt motto og kan oversetjast med køyreglede. Der andre bilfabrikantar har som mål å ta deg frå A til B utan problem, har BMW som mål at du skal komma til B med eit stort smil om munnen. Kanskje etter å ha teke omvegen om C fordi det var så moro!

Rekke-seksar og bakhjulsdrift
Det er særleg to kjennemerke som har bidrege til køyregleda: rekke-seksar og bakhjulsdrift. Dette er bortimot heilage ting i BMW-verda, og når eg no les at BMW kjem med framhjulsdrift (den nye Z2) og at seksaren er på veg ut, er det mest ikkje til å tru.

"Down-sizing"
"Down-sizing" frå 6 syl. til 4 kjem som følgje av stadig strengare utsleppskrav. BMW er den beste i klassen (av premium-merkja) på dette området. Dei har klart å senka forbruket ganske mykje dei siste 10 åra. Særleg imponerande er diesel-motorane, der dei både har auka effekten og samtidig redusert forbruket 20-30 %.

I denne utviklinga har dessverre den flotte rekke-seksaren ikkje plass. Det er synd, for motorteknisk høyrer den med til dei aller beste motorane som finst, med ein tilnærma optimal kombinasjon av styrke og balanse.

BMW og eg
For eigen del starta fascinasjonen for merket med den første bilen eg kjøpte: ein BMW 2002 (71-mod.). Knall oransje og kjempestilig (biletet er henta frå wikipedia.org, og er public domain).


Sidan har det vorte fleire bilar i 3-serien, etterfølgjaren til 02-serien. Først ein 78-mod. BMW 320i (men 4-syl, ikkje 6-syl.!), så to E36-modellar (318i) frå 1991 og 1997. E36 er elles favorittbilen når det gjeld 3-serie. Eg meiner det er den mest vellykka 3-serien, og den vart designa av Claus Luthe, mannen bak t.d. NSU Ro 80 og VW K70.

Draumen
Men når eg blir stor, skal eg kjøpa meg ein BMW 3.0 CSi (E9 blant kjennarar) - det er den absolutte draumen. For meg representerer den essensen av BMW: den ultimate sportsbilen med eit vellykka design og ei perle av ein motor. Bilen vart designa av Wilhelm Hofmeister, kjend for "Hofmeister-knekken", den spesielle utforminga av C-stolpen på nær sagt alle BMW-ar.

[Tilleggsinfo: Også den kjende italienske designaren Giuseppe "Nuccio" Bertone må få noko av æra for den klassiske BMW-kupéen. Han var ansvarleg for design av 3200 CS i starten av 1960-åra, og linjene frå denne finn me att i både 2000 CS, 2800 CS og 3.0 CS/CSi. Meir om BMW og design-historie her]

BMW 507 må også nemnast blant klassikarane, men denne bilen er uoppnåeleg for dei fleste. Det vart berre laga 252 eksemplar av denne flotte roadsteren, designa av Albrecht Graf von Goertz (som også var ansvarleg for design av Datsun 240Z).


(bilete frå Wikipedia.org, opphavsmann Olli80)