onsdag 30. desember 2009

Digital brønnpissing

Det er naivt å tru at nettet skal vera eller bli annleis enn verda elles. Likevel har denne naiviteten hatt eit sterkt fotfeste og framleis er ideen, eller snarare håpet, om ei ideell cyber-verd levande. Det er den typen naivitet som eg kommenterte i omtalen av boka "The Cluetrain Manifesto", men som David Weinberger kallar optimisme. Han seier 10 år etter den første utgivinga at optimismen boka representerte, er viktig, men at den må styrkast med realisme i form av hardt arbeid for å realisera ideane.

For eigen del har eg alltid prøvt å halda terskelen for kommentarar o.l. på bloggen så låg som muleg. Det er fordi eg vurderer isolasjon som eit større problem enn spam. Men i det siste har spam-problemet auka monaleg og eg ser meg dessverre nøydd til å innføra førehandsgodkjenning av kommentarane. Det synest eg er synd, men dritsekkane følgjer oss også inn i det digitale rommet og då blir det slik.

Det digitale rommet, nettet, er ein refleksjon av verda elles. Kriminelle og andre slaurar vil vera representerte saman med alt det gode og spennande. Dessverre får dei som vil øydeleggja, kraftige verktøy mellom hendene, noko som gjer at verknadane blir større på nettet enn elles. Men det er jo dei same verkemidla som kan brukast til gode føremål, og som blir brukte til det.

Uttrykket "brønnpissing" vart elles gjort kjendt av forfattaren Sigbjørn Hølmebakk då han brukte det for å karakterisera debatten der fredsaktivistar og motstandarar av NATO vart stempla som kommunistar (jfr. Wikipedia).

søndag 27. desember 2009

The Cluetrain Manifesto

Det er 10 år sidan David Weinberger, Doc Searls, Rick Levine og Chris Locke slo opp 95 tesar om framtidas marknadsføring - ikkje på kyrkjedøra som Martin Luther, men på Internett. Den første tesen var "Markets are converations" og den sette tonen. Det er også den setninga som blir best hugsa frå manifestet.

"The end of business as usual"
Undertittelen "The end of business as usual" varsla dramatiske tider. 10 år etter er det tid for ettertanke og etterprøving. Tok dei grundig feil? Er det ikkje nettopp "business as usual" som pregar både tida og nettet? I boka som markerer 10-årsjubileet drøftar forfattarane dette. Dei er ikkje heilt einige om dei tok feil eller ikkje.


Slutten på "business as usual" er det i alle fall ikkje. Det kan synast som om alt er ved det gamle og at dei dermed tok skammeleg feil. Men då overser ein mange av dei grunnleggjande endringane som har skjedd dei siste ti åra. Me har vant oss til endringane slik at me kanskje overser dei.

Forløpar til web 2.0
I 1999 eksisterte ikkje bloggar - i dag er det millionar av dei. Sosiale medium er norma og 2009 har kanskje vore gjennombrotsåret for web 2.0-tankane. Cluetrain Manifesto føregreip det som skulle skje. Boka er gjennomsyra av "sosiale media" og grunntanken er at folk har behov for å kommunisera med kvarandre og dei som driv forretning bør vera klar over det, elles får dei problem. Og utviklinga på nettet viser gradvis at dette kjem til å bli tilfelle for svært mange bransjar. Om dei ikkje lærer seg å lytta til kundane og snakka med dei og ikkje til dei, får dei trøbbel.

Endringar tek tid
På same måten som me kan peika på radikale endringar, er det også slik at store endringar tek lang tid. Forfattarane erkjenner at dei var overoptimistiske, ja jamvel naive, i trua på at å driva butikk ville bli heilt annleis når Internett fekk skikkeleg fotfeste. David Weinberger omtalar sin eigen optimisme både som litt naiv, men også som nødvendig og viktig for utviklinga av nettet. Han trudde nettet ville føra med seg radikale endringar nærmast av seg sjølv, men innser at det må mykje arbeid til for å få til endringar.

"Do you want to have fun? Go home!"
Boka er gjennomsyra av "ikkje høyr på oss eller andra autoritetar, finn ut sjølv kva som er best". Og bruk for all del ikkje denne boka til å laga nye råd om å driva business. Slik sett minner det meg veldig om ein konsert eg var på tidleg på 1980-talet (trur det var 1981). Det var Horten-festivalen og bandet var The Specials. Stemninga var på topp og bandet var toppnamnet på festivalen. Vokalisten skreik ut: "Do you wanna have fun???" og publikum var heilt med "Yeeeaaaaahhh". Så kom det tørt: "Go home!". Herleg britisk humor!

Viktig bok?
Det er vanskeleg å svara ja på det. Eg vil også nøla med å tilrå den. Likevel er heile Cluetrain Manifesto eit viktig opprop. Dei var kanskje litt (for) tidleg ute, men ettertida har gitt dei rett i mykje av det dei skreiv. Men påstandar som "the end of business as usual" - som er nokså vanlege på denne typen bøker - har lett for å komma i retur, som ein hyperbolsk effekt.

Av forfattarane synest eg David Weinberger og til dels Doc Searls er dei som er mest verdt å lesa og lytta til. Heile den originale boka frå 1999 kan du elles lasta ned gratis frå nettstaden deira.

mandag 21. desember 2009

MinID?

Ikkje min idé, nei. Eit forsøk på å logga inn via MinID var ikkje ukomplisert. For det første er det BuyPass som eig www.minid.no - dei jublar sikkert over masse gratis marknadsføring.

Men når du så finn MinID på minid.difi.no - kva så? Kvar er 'Logg inn'? Her er valet enten å registrera ny brukar eller å vedlikehalda brukarprofil. Men eg skal jo logga inn, og eg har brukarnamn og passord frå før. Stryk!

Men heldigvis er det hjelp å få, under 'Vanlege spørsmål'. Her står det "Eg er registrert brukar. Korleis loggar eg inn med MinID?" Flott, her er forklaringa: "

Har du vært innlogget tidligere, skriver du inn

* fødselsnummeret
* det selvlaga passordet ditt

Men kor skal eg skriva dette? Jeeez

Du må altså klikka på ein av logoane nedst på sida. Ikkje akkurat intuitivt, og inga forklaring.
Jammen bra dette berre har kosta nokre få millionar..

Geneva L eitt år etter

Er alt i alt veldig godt fornøyd med anlegget. Lyden er god (nok) i stova på ca. 35 kv.m. og ikkje minst er anlegget veldig praktisk med berre ein kabel (straum) å tenkja på. Det praktiske er viktig når lyden elles er veldig bra.

Den største mangelen ved anlegget er at det ikkje er tilkopling for hovudtelefon; eit uforståeleg val av Geneva. Har prøvt å kopla til den gamle platespelaren (LP!) til 'Line in', men lyden blir veldig svak - sjølv på maks. lydvolum. No er kanskje ikkje gamle platespelarar det første du vil kopla til denne boksen, men likevel.

Fjernkontrollen verkar billeg i forhold til resten av anlegget, og er ikkje alltid med på notane. Det er også eit lite irritasjonsmoment. Men totalt sett gir eg Geneva-en nesten topp-karakter: 5 av 6 stjerner!

Sjå også omtale og brukarkommentarar på Lyd og bilde.

onsdag 16. desember 2009

Rakfisk og poesi

Torgrim Eggen har ein omtale av Hallgrim Bergs nye bok "Rakfisk i godt lag" i DN-magasinet og tek med eit kosteleg NRK-intervju av Ola Skrattegard frå Øvre Ål, gjort i 1948. Betre enn dette blir det knapt:

NRK: Hvilken størrelse på fisken gir beste resultat?

Ola: Å, helst dei som era passe store.

NRK. Hvor mye salt bruker du per kilo fisk?

Ola: Å, so på ein slump, so passe.

NRK: Mange sier det lukter så fælt av rakfisk, hva mener du?

Ola: Å, han ska'kji vera utta lukt, men ha so ein passeleg snek.

NRK: Men Skrattegard, i hvilken temperatur lagres buttene?

Ola: Dei bør helst stå i jordkjella i fjelle, so passe kaldt.

NRK: Og hvor lenge skal de stå der før rakfisken er klar?

Ola: Å, dei må stå so um lag akkurat passe lengji, for då bi'n best!

tirsdag 15. desember 2009

Datalagringsdirektivet (lesarinnlegg)

(Det følgjande er eit tilsvar til Arne Johannessen sitt lesarinnlegg "Ja til Datalagringsdirektivet" som stod i Sogn Avis onsdag 09.12.09. Svaret mitt kom på trykk 14.12)

Arne Johannessen talar varmt for Datalagringsdirektivet (DLD) i onsdagens Sogn Avis. Det er hans og politiets jobb å kjempa for alt som kan letta politiet sitt arbeid mot kriminalitet. Men det er ikkje polititet me bør lytta til i spørsmål om personvern. Datatilsynet, som er fagetaten i slike spørsmål, har uttrykt stor skepsis til DLD og direktør Georg Apenes har kalla forslaget eit ”totalitært svermeri”.

Saka om innføring av DLD reiser viktige spørsmål om korleis me vil innretta samfunnet vårt framover, om me vil halda fram den stadig aukande overvakinga. Arne Johannessen likar ikkje ordet overvaking, men ei innføring av DLD vil medføra ei drastisk endring av føremål og omfang av informasjonslagring. Politiet synest elles å byggja på synet om at ”om du ikkje har gjort noko gale, har du ingen ting å frykta”. Det er eit dårleg utgangspunkt for personvern.

Det viktigaste argumentet mot DLD er den altomfattande lagringa av informasjon med føremål å avdekkja straffbare handlingar. Det gjeld ikkje berre dei som kan vera mistenkte for å planleggja kriminelle handlingar, men absolutt alle. Endringa av føremålet med lagringa er sjølve kjernen i denne saka. Historia har også vist oss at om informasjon først blir lagra, vil den bli brukt, jfr. Lundkommisjonen si avdekking av dei hemmelege tenestene.

Arne Johannessen er talsmann for at målet heilagar middelet, om me kan få betre metodar for å avdekkja kriminalitet er det verdt det. Det er ein farleg tankegang. Helga Pedersen i Arbeiderpartiet har uttrykt den same tankegangen ved å seia at om berre eitt barn blir redda, er innføringa av DLD verdt det. Men kvifor då stoppa ved innføring av DLD? Om me overvaker alt, vil me kanskje få bort alle overgrep mot barn. Kvar går grensa? Mangelen på slik prinsipiell tenking er skremmande.


Personvernet har lenge vore på vikande front og dagens elektroniske samfunn gjer det muleg å spora oss alle i ein grad som før var heilt utenkjeleg. Me treng ei styrking av personvernet, ikkje ei svekking. Det har heldigvis alle partia unnateke Arbeiderpartiet og Høgre forstått i denne saka. Til slutt vil eg oppmoda Arne Johannessen om å lesa ”1984” av George Orwell. Boka blir dessverre stadig meir aktuell. Den kan gjerne lesast saman med Personvernkommisjonen si innstilling frå i år, ”Individ og integritet. Personvern i det digitale samfunnet”.
Svein Ølnes, forskar ved Vestlandsforsking

søndag 13. desember 2009

Go on. Be a Tiger!

På kjempesvære plakatar har Accenture brukt Tiger Woods som marknadsførar for seg. "Go on. Be a Tiger" heiter det. Muleg plakatane blir litt mindre framover, og med annan tekst..

fredag 11. desember 2009

Gone





Wired-journalist Evan Ratliff prøver å halda seg skjult i 3 mnd medan ein dusør på $ 5000 blir utlova til den som klarer å oppspora han. Det skjer ved å ta i bruk ulike digitale spor Ratliff etterlet seg. Men i motsetnad til vanlege folk og vanlege forsvinningar tek Ratliff ein del førehandsreglar for å både skjula og minimera dei digitale spora.

Han blir til slutt funnen, rundt ei veke før tida er ute. Konklusjonen hans er, ikkje overraskande, at det er veldig vanskeleg å unngå å leggja att så mykje spor at ein ikkje blir oppdaga. Dei elektroniske spora me etterlet oss på nettet er så mange at ved å kombinera dei kan ein finna ut det meste. Eit Datalagringsdirektiv trengst visst ikkje for å halda oversikt.

Resten av historia kan du lesa i siste Wired.

torsdag 3. desember 2009

Kvalitet '09

Kvalitetskonferansen 2009, arrangert av Difi, går av stabelen på Radisson Plaza Hotel i dag, 3. des.

Hans Chr. Holte, direktør i Difi, opnar konferansen med å peika på at tillit og kvalitet er to heilt sentrale aspekt ved offentleg sektor. Dei to begrepa heng også tett saman; utan god kvalitet heller ikkje god nok tillit til det offentlege.

Difi sine eigne nettsider, www.difi.no, www.anskaffelser.no og www.prosjektveiviseren.no, har begge fått 5 stjerner. difi.no går opp frå 4 stjerner i fjor. Men dei har også nettsider som skårar dårlegare (kan det vera www.norge.no han snakkar om??). Målet er at www.difi.no skal ha 6 stjerner neste år.

Vanskeleg å få brukarane til å fortelja kva som er viktig ("don't listen to the users" som Jakob Nielsen pleier å seia

Astrid Mjærum, informasjonssjef i Statens lånekasse.
Off. sektor er som østers: best når den er opna opp.
Liste (kanon) over kva ein informasjonsarbeidar/kommunikatør må ha i tankane i arbeidet sitt, med referanse til bøker:

1. Saman er ein mindre aleine
Offentleg sektor må snakka saman og på den måten utveksla informasjon på ein enklare måte, gjennom intern samordning.

2. Norges lover
Viktig at lovene blir tilpassa verkelegheita: Lånekassa må t.d. senda ut brev dersom ein søkjar ikkje har vore innom nettsidene i løpet av 7 dagar etter ei el. utsending.

3. Frøken detektiv
Gjennom direkte tilbakemeldingar frå brukarane og analyse av nettbruk og veit Lånekassen mykje meir om brukarane og treng ikkje gjennomføra dyre og tidkrevjande brukarundersøkingar.

4. Delte meninger
Spørsmålet er ikkje om, men korleis offentleg sektor skal bruka sosiale medium.
Lånekassa satsar på Twitter og ikkje Facebook (Facebook blir "feil" i forhold til brukargruppa - blir for teit å vera "venner" med Lånekassa). Har fått mange nyttige tilbakemeldingar via Twitter.

5. IKEA-katalogen
Folk elskar å ordan opp sjølve, og offentleg sektor sparer store summar på denne sjølvbeteninga. Offentleg sektor tek etter privat sektor og flytter grensene for kva organisasjonen skal gjera og kva innbyggjaren skal gjera.

6. Pippi
Offentleg sektor har meir eller mindre ferdige plattformer å ta i bruk, mange av dei utan kostnader (Flickr, Google Analytics, WordPress). Desse plattformene er mykje "kulare" enn det off. sektor sjølve ville klart å få til på eiga hand.

7. Anarconomy
Danske Institut for Fremtidsforskning har gitt ut boka med denne tittelen og den tek for seg den nye gratiskulturen og prøver å
Overført til offentleg sektor snakkar Astrid Mjærum om CopyLeft som eit begrep for delingskulturen. Her blandar ho (eller Anarconomy?) litt begrepa. Offentleg sektor har ingen opphavsrett på sine "verk". Copyleft er eit lisensieringssystem særleg brukt for programvare. GPL - General Public License - særleg gjort kjendt av Richard Stallman, mannen bak GNU-programvara.

Målet til Lånekassa er at alle skal bli fornøyde på første forsøk!

Erlend Schei, Finn labs
Finn labs er Finn.no sin sandkasse for ny teknologi, ein parallell til NRKbeta.
Noko må dei ha gjort rett:
- 285 mill. besøk i 2008
- 60 besøk pr. nordmann
- 9 milliardar sidevisingar
- verdien av omsetninga på Finn er over 500 milliardar (skulle ha satsa på transaksjons-provisjon!)

Har likevel gjort fleire skivebom, nokre svært kostbare. Brukar eksempel med bustadplanleggjar utvikla av Kongsberg-gruppen. Det vart dyrt og dårleg. Dei utvikla også ein Java-appl. til mobilar, heller ingen suksess fordi det vart sett ut og det var ingen som hadde eigarskap til løysinga.

Erlend Schei pirkar også i Difi sine ansvarsområde: ehandelsløysinga som ikkje har særleg med brukarar. Har dei sjekka med brukarane kva behov dei har?

Finn R&D er eit sett med metodar og verktøy for å gjennomføra nye prosjekt:
Rett retning -> gjera dei rette tinga -> gjera ting rett -> kontroll og oppfølging

Brukarundersøkingar, brukardialog og brukartestar er viktige komponentar her.

Brukar Finn labs tidlegast muleg i ein utviklingsfase for å høyra med brukarane korleis dei helst vil ha ting.

Kva er det som verkar og kva er det som ikkje verkar? Alt som forenklar kvardagen til brukarane verkar! Det som ikkje fungerer er intern informasjon som ein prøver å "dytta" på brukarane ("eigensynsing"). Også viktig å vera til stades, elles døyr diskusjonen og saka. Aktiv bruk av Twitter er med og forlengjar ei sak/ein diskusjon.

Få fram poenget tidleg, helst i overskrifta. Blås ut poenget! Ver også lynrask med tilbakemeldingar når du er så heldig å få kommentarar.

Gullet ligg i dei gode diskusjonane og tipsa dei får frå brukarane!
Finn labs har vorte den viktigaste rekrutteringskanalen for å få nye tilsette.

Ekspertpanel:
Aud Marie Hauge, Epinova
Eirik Hafver Rønjum, Netlife Research
Frank Fardal, Difi
Leiar av paneldebatten: Jostein Magnussen, Netlife Research

Prioritering av innhald (med www.nav.no) er ein vanskeleg ting. Ofte blir det køyrt på med lenker og alt framstår som like viktig. Så må ein inn etterpå og laga snarvegar til visse delar av innhaldet (som EHR meiner er ein fallitterklæring i seg sjølv).

Paradoksalt nok blir det to diskusjonar i salen: paneldebatten og diskusjonen på Twitter. Litt dårleg at dei to ikkje er betre integrerte (vart litt betre av at twitter-taggen #kvalitet09 vart vist på storskjermen).

Endringar i kriteriesettet: Det vil bli endringar i kvalitetskrava og det vil bli ein open prosess slik som i år (bruk av blogg). Vil vurdera meir bruk av 'ikkje relevant' for verksemder som av ulike grunnar ikkje treng eller har visse typar tenester.

Kvifor har ein brukt Flash for å fornya Reiserekninga? Ubrukeleg når det gjeld tilgjengelegheit. Og kvifor i all verda bruka Flash til dette?

Sp.m. frå salen: Kval.kriteria legg for lite vekt på brukarvennlegheit. Kan bli beste off. nettstad og likevel ikkje vera særleg brukarvennleg. Eirik Hafver Rønjum: Vanskeleg å gjera gode vurderingar med så lite ressursar til rådvelde. Må bli ein del enkle testar, t.d. LIX, som eigentleg ikkje seier noko som helst (eller verre: premierer feil som t.d. feil orddeling).

Årets resultat
Årets evaluering har omfatta i alt 684 nettstader. Med 33 indikatorar blir det heile 22 572 enkeltvurderingar. Då er ikkje klager og revurderingar tekne med. I gjennomsnitt tek ei evaluering av ein nettstad 75 minuttar. Då seier det seg sjølv at informasjonen ikkje kan vera vanskeleg tilgjengeleg om det skal bli poeng. I alt var det 238 tilbakemeldingar etter at resultata vart sende ut.

Tilgj.heit: 64 %
Brukartilpassing: 68 %
Nyttig innhald: 54 %
Totalt : 62 % (55 % i fjor)

Mange skårar 100 % på tilgjengelegheit. Ingen har full skår på brukartilpassing og nyttig innhald.

6 stjerner: 45 stk.
5 stjerner: 150
4 stjerner: 249
3 stjerner: 202
2 stjerner: 36
1 stjerne: 2

Markert framgang sidan 2008 (kriteriesettet er nesten uendra frå i fjor), over dobbelt så mange som oppnår 6 stjerner i år som i fjor.

Krav er ingen garanti i seg sjølv for gode resultat dersom ein ikkje forstår eller ynskjer å oppfylla intensjonen bak krava.

Om lag 4 % (190 000) av brukarane har nedsett syn (då er ikkje dei som brukar briller eller linser rekna med). Det betyr at god kontrast på skrifta er viktig, det same er gode mulegheiter for regulering av skriftstørrelse.

Årets prisar blir delte ut av statssekretær Inger-Anne Ravlum, Fornyings- og adm.dep.

Årets tilgjengeheitspris: Sørum kommune

Årets kommunale nettstad:
Tromsø kommune

Årets statlege nettstad: Regjeringa.no