søndag 29. april 2012

Eventyret Sogndal

Henta frå Bergens Tidendes nettutgåve 28.04.12
Sogndal er framleis i toppen av årets Tippeliga etter at seks serierundar er unnagjorde. Det er smått utruleg, også for tilhengjarane. Dei fleste hadde Sogndal som sikker nedrykkskandidat før årets serie, og det er eigentleg ikkje noko å seia på det. Når heile forsvarsrekkja frå i fjor, minus Per Egil Flo, forsvinn, ville det normalt bety store forsvarsproblem. Særleg når laget i tillegg legg om frå 5-mannsforsvar til ein normal 4-ar bak.

"Vestlandets storlag"
Desto kjekkare er resultata. Bergens Tidende omtalar Sogndal som "Vestlandets storlag" etter seieren over Molde i går. Og dei har ringa inn plasseringa til Sogndal og Brann for verkeleg å gni det inn i Brann og deira tilhengjarar. Og 16. mai er det duka for klassikaren Brann - Sogndal på Stadion..

Når langt utover fotballen
Sogndals suksess betyr langt meir enn anerkjenning blant fotball-interesserte. Som legendariske Liverpool-manager Bill Shankly sa: "Some people think football is a matter of life and death. I assure you, it's much more serious than that." Fotballsuksessen er bygda Sogndals beste marknadsføring. Det er omdømme-bygging i ein heilt annan skala enn "omdømme-kurs" og "omdømme-prosjekt". Omdømme kan ikkje byggjast anna enn ved hardt arbeid og gode resultat, og eg trur det beste omdømmet kjem om du ikkje er for oppteken av akkurat det ordet.

Suksess smittar over på andre
Sogndals suksess smittar over på andre, og det er lett å identifisera seg med "veslebror" som tuktar langt større og sterkare brør. Eg arbeider til dagleg ved Vestlandsforsking, ein liten forskingsinstitusjon i Sogndal som blir levna like små (mindre?) sjansar i forskings-Norge som fotball-Sogndal. Når fotball-laget viser veg, er det kjempeinspirasjon for andre som ser at det faktisk er muleg å ta opp kampen mot dei store.

Suksessen starta i 1976
Suksessen for Sogndal starta ikkje i år, men i 1976. Det året var det store gjennombrotet, først og fremst på grunn av cup-finalen mot Brann der laget spelte seg inn i alle sine hjarte ("Brann vant kampen, Sogndal hjertene" som media skreiv etter finalen). Men endå viktigare var opprykket til 2. divisjon (tilsvarande dagens 1. div.) same året. Frå 1976 har Sogndal vore mellom dei 15 - 20 beste klubbane i landet. Klubben har alltid vore driven på ein tvers gjennom nøktern måte der opprykk til eliteserien og nedrykk til 1. div. alltid har vore realistiske utfall. Det har aldri vore katastrofe å rykkja ned, for økonomien er bygd på ein slik måte at den toler det.

Eg spelte på Ullevaal i 1976
Når eg snakkar om cupfinalen i 1976 pleier eg å seia, med full rett, at eg spelte på Ullevaal under cupfinalen. Eg plar også leggja til litt seinare at eg spelte kornett med Sogndal Musikklag..

Mindre økonomisk doping gir mulegheiter
Er det eit svakheitsteikn at Sogndal (og liknande klubbar) hevdar seg i toppserien? Dette blir det jo masa om stadig vekk, ikkje minst av toppfotballsjefen. Om ikkje anna er det viktig for fotballen at klubbar som driv på ein økonomisk sunn måte, og dei er det ikkje for mange av, kan få suksess og tena som førebilete for andre. Finanskrisa generelt, og den økonomiske krisa i fotballen spesielt, gjorde det muleg for Sogndal å ta steget opp att i eliteserien. Sogndal hevdar seg best når det kan kjempast på litt meir like vilkår (for all del ikkje like!), og den økonomiske dopinga blir redusert. Det er å håpa at slike forhold dominerer fotballen enno ei god stund framover.

mandag 23. april 2012

Verdig rettsak eller mangel på avstand?

Biletet viser Dmitri Konovalov i rettsaka mot han og
Vladislav Kovalyov for bombeattentat i Ukraina (Foto: Reuters)
Ville du ha teke massemordaren i handa og helst høfleg på han?
Er det OK å behandla han på same måten som om han var ein butikktjuv?

Stor vekt på "verdig"
Det er lagt stor vekt på at rettsaka skal vera verdig, men eg er redd resultatet blir ein mangel på avstandtaking frå det grusomme som skjedde 22. juli. Utanlandske media reagerer på den vennlege tonen og ramma i rettsalen. Aktor og bistandsadvokatar handhelser høfleg på ABB. Eg meiner dette blir feil.

Snu det andre kinnet til?
Det er i sanning å følgja Bibelen og snu det andre kinnet til, men er det rett i ei sak som denne? ABB er i sitt rette element her. Den høflege vestkantguten snakkar det same språket som retten, og han har ikkje problem med å finna seg til rette under rammene for rettsaka.

"F*ck verdighet"
Kjetil S. Østli i Aftenposten gir uttrykk for tru og tvil i ein omfattande og god artikkel 21. april. Under overskrifta "Verdighet" skriv han:
Av med håndjern. Han smiler og hever armen. Så kommer aktor til ham, håndhilser og smiler, bistandsadvokater håndhilser, alle går til ham. Slik tvinges også vi til ham. Hvorfor må en bistandsadvokat, som har tatt ofre i hånden nå ta ham i hånden?
Det er sannheten om en verdig rettsstat. Aktørene hilser på hverandre, massemorderen sitter uten fotlenker eller håndjern få meter fra de etterlatte, voktet av to politimenn slik at ingen får gjøre ham noe.
Verdighet. Verdig rettssak. En rettsstat verdig. "Verdig" sies like ofte som Breivik sier "dekonstruksjon" eller "militant nasjonalist". Tillat meg et skritt i møkka. Fuck verdighet. Kontrollert følelser er verdig. Raseri er uverdig.
Det norske rettssystemet er bygt på humane prinsipp, og den som er tiltalt er uskuldig inntil det motsette blir bevist. I denne saka er det ikkje tvil om tiltalte har gjort det grusomme han er tiltalt for. Det einaste spørsmålet retten må ta stilling til er om han er tilrekneleg eller ikkje.

Ugjerninga 22. juli saknar heldigvis sidestykke i norsk, og forsåvidt global, historie. Er det då rett at me tviheld på rammene og insisterer at det skal vera likt enten tiltalte er ein butikktjuv eller tiltalt for mord på 77 uskuldige?

ABB burde sitja i eit bur i rettsalen
Nei, eg meiner det blir feil. Eg meiner lovverket må følgjast og at me ikkje må gjera overila endringar her. Men rammene for rettssaka burde vore endra. ABB burde vore plassert i eit bur i rettssalen, for å understreka det ekstreme og at me så tydeleg som muleg tek avstand frå det gjerningsmann og gjerningar. Me skal ikkje helsa på slike folk, me skal ikkje lata som dette er ei normal rettssak. Me skal visa at dette er barbarisk, ikkje ved å bli inhumane sjølve, men ved å ta tydeleg avstand frå ABB.

Så vil enkelte spørja kvar grensa skal gå. Når skal vi halda tiltalte i bur under ei rettssak? Eg meiner spørsmålet er uinteressant no. I dette tilfellet er handlinga så ekstrem, så grusom at den sprengjer skalaen fullstendig. Lovverket og rutinane våre er på ingen måte førebudde på slike handlingar.

Vend han ryggen
På same måten som Arne Myrvold vart snudd ryggen, må me snu ryggen til ABB, og det burde skjedd i sjølve rettssaka.

søndag 15. april 2012

Rettsvesen og rettspsykiatri 1.0

Ordet psyche er gresk og tyder sjel eller sommarfugl. Biletet
teke av Kenneth Dwain Harrelson, Wikipedia
Trass all sin gru har 22. juli-katastrofen fått fram i lyset mange uheldige sider ved rettssamfunnet vårt. Det gjeld alt frå politiarbeid til påtalemakt og ikkje minst ekspertsystemet innan jussen, representert ved rettspsykiatrien. Som Morten Strøksnes så treffande skriv i tittelen på kommentaren i Bergens Tidende 14.04.12: "Krise.Psykiatri".

Ekspertar i Johnny English-stil
Rettspsykiatrien er ille stilt etter at ABB først vart funnen utilrekneleg av dei første utnemnde ekspertane, og så funnen tilrekneleg av dei nye. For ein av rapportane må ta feil. Om den første rapporten har det vorte sagt at den både er omfattande og grundig. Det får meg til å tenkja på Johnny English:

  • den er omfattande
  • den er grundig
  • ....
  • den er heilt på jordet!
"Makkverk"
Det blir nok også gjort ei kortslutning ved at lang (omfattande) = grundig. Mykje tyder på at den ikkje er grundig, særleg er det påvist store metodiske svakheiter. Av dei mange som har kritisert rapporten er Per Egil Hegge. Til Dag og Tid 15/2012 seier han at det er eit "Psykiatrisk makkverk". Hegge er vand til å svinga pisken over autoritetar. I hans tilfelle kan ein seia at "med arroganse skal arroganse fordrivast". Hegge har nettopp gitt ut boka "De suverene" som er eit angrep på arrogante og skråsikre ekspertar, særleg innan medisin.

Det mest interessante i heile saka er at utan at den første rapporten hadde vorte kjend for media, ville det ikkje blitt noka ny oppnemning, derav tittelen på blogginnlegget. Rapporten tolte ikkje dagens lys, men den rettsmedisinske kommisjonen godkjende den. Kva skal me med ein slik kommisjon?

Rapport som bestilt?
Rapporten kom som bestilt, og ein kunne nesten høyra lettelsen hjå fleire av aktørane. Påtalemakta fann ingen grunn til å dra konklusjonane i tvil, jamvel om det vart påstått at ABB hadde eit funksjonsnivå som ein toåring (!). Igjen kunne folk flest sjå med eigne auge at her var det noko som umuleg kunne stemma. At psykiatrane heller ikkje gjekk diverse nettsamfunn etter i saumane, men konkluderte meg at synspunkta til ABB skuldast verkelegheitsforstyrringar, rimte dårleg. Det er dessverre ikkje vanskeleg å finna ABBs meiningsfeller på nettet, så det er heller snakk om ekstreme politiske synspunkt.

Media og folkemeininga 
Dei ansvarlege i Oslo tingrett var heldigvis vaksne nok til å be om ei ny utgreiing. Men det hadde aldri skjedd utan store protestar både frå media og "folk flest". Eg er klar over at ein skal vera forsiktig med å gjera folke-opinionen til sanning, men av og til (ofte?) er ting det dei gir seg ut for å vera. Så kan det også hevdast at den andre utgreiinga kom som bestilt, men her kan det innvendast at også den motsette konklusjonen ville vorte akseptert. 

Psykiatri ingen eksakt vitskap
Det er ikkje noko nytt at psykiatri ikkje kan reknast som ein naturvitskap på linje med biologi og kjemi, men som ein fortolkande vitskap med alle dei skilnader det inneber. Men psykiatrane likar nok å sjå på seg sjølve som nærmare naturvitskapen enn humaniora, med legeutdanninga som basis. Det er vel også ein grunn til at psykologane ikkje slepper til på dette feltet; dei har jo ikkje den nødvendige biologiske bakgrunnen. 

Vurderingane av ABB viser med all tydelegheit at psykiatri i stor grad er basert på eit subjektivt skjønn. Det er ikkje nødvendigvis noko galt i det, så lenge det blir innrømma og dokumentert grundig. Problemet oppstår når det blir skjønn blir ikledd vitskaplege frasar og framstilt som objektive sanningar, og det ser ut til å vera tilfelle her.

Psykiater + psykolog?
Det vil ganske sikkert skje endringar i bruken av ekspertar, og særleg vil det bli endringar i rettspsykiatrien. Frå eit fagleg synsvinkel må ein kunna spørja kvifor ikkje psykologar kan brukast i dette arbeidet? Eg trur ei tverrfagleg samansetjing med både psykiatrar og psykologar ville ha styrka dette arbeidet. I tillegg vil slike ekspertuttalar bli vurderte på ein meir kritisk måte etter denne saka, og det er bra.

Først straffeutmåling og deretter soningstype?
Eit anna spørsmål er om Norge skal tilpassa reglane for straff til andre land, der retten først gjer ei vurdering om skuld og straffeutmåling, og deretter vurderer om personen er i stand til å sona under vanlege tilhøve. Logisk sett verkar dette meir fornuftig enn det systemet me har i dag. Det er gjerninga som først bør bedømmast, og deretter bør ein vurdera om den dømde er frisk nok til å sona vanleg fengselsstraff.

onsdag 11. april 2012

Alt inn i Altinn?

(Lesarinnlegg i Dagens Næringsliv 10.04.12)

Direktør Hans Chr. Holte i Difi skriv i DN 31.03.12 at trass i Altinn-skandalen er det for seint å snu utviklinga, vi kan ikkje gå tilbake til papirbasert kommunikasjon med forvaltninga. Det er ingen som meiner det er eit reelt alternativ. Den viktige diskusjonen etter gjentekne Altinn-havari er om alle egga skal liggja i same korga. Og då må FAD/Difi også spørja seg sjølve kvifor dei legg sine egg i Altinn-korga.

Altinn for næringslivet, Miside for folk flest
Altinn vart planlagt som næringslivet sin rapporteringskanal for offentlege føremål. Miside vart oppretta som kanal for privat¬personar. Men Altinn var gaukungen med ein ustoppeleg appetitt, og snart var dei små søskena skubba ut av reiret. Til alt overmål verkar det som foreldra (FAD/Difi) hjelper til å skubba Miside ut av reiret ved å kunngjera nedlegging og overføring av dei viktigaste funksjonane til Altinn.

Delt løysing heller enn Alt inn i Altinn?
Det er denne situasjonen Holte, Difi og FAD må ta som utgangspunkt for diskusjonen og heller spørja seg om ikkje den opprinnelege planen likevel var betre: ei løysing for næringslivet og ei for folk flest. Så er det klart at det ofte er vanskeleg å skilja roller, men det bør likevel ikkje gjera det umuleg å få til ei delt løysing for avlasting av Altinn-trafikken. Ei slik løysing strir heller ikkje mot tanken om felles¬komponentar. Ei felles innlogging har vore på plass ei god stund, og det er også mange andre komponentar som kan delast.

Internett som modell
I tillegg til avlasting som omtalt over, er sentral kontra distribuert modell også eit kjernespørsmål. Ein distribuert modell har også sine utfordringar, men vi bør læra og ta modell av Internett, alle distribuerte systems mor.

søndag 8. april 2012

Innovasjon Norge med arisk slagside

Innovasjon Norge, ved VisitNorway, har sendt ut ein lekker katalog for 2012; Norge - må oppleves. Den er full av lekre bilete som forventa. Litt rart er det likevel at Innovasjon Norge ser ut til å leva i trua på at landet vårt framleis består av 100 % bleikansikt. Det multikulturelle Norge eksisterer ikkje i det biletet IN formidlar. Eg finn ikkje eit einaste bilete av personar med annan hudfarge enn (driv-)kvit.

Problemet er at IN, og reiselivsnæringa generelt, formidlar klisjéar. Dette er ikkje Norge anno 2012, det er Norge slik forrykte personar som ABB og andre helst hadde sett det var. Det blir i tillegg ganske parodisk sidan reiselivsnæringa truleg er den som har størst innslag av tilsette med utanlandsk bakgrunn.

Det bør vera muleg å formidla kvalitetane ved landet vårt og på same tid gi eit tidsriktig bilete av samfunnet. Eg meiner det er ein av kvalitetane våre at me har stadig fleire innbyggjarar med ulik bakgrunn.