mandag 22. februar 2021

Bitcoin som omvendt risiko

Kredittstrateg Ole A. Kjennerud i DNB Markets skreiv eit innlegg om Bitcoin som risikosport i Aftenposten. Eg sende eit svar til Aftenposten, men dei hadde ikkje plass til det, så då blir det berre publisert her.



Bitcoin og omvendt risiko

Ja, Bitcoin er risikosport som Ole A. Kjennerud i DnB Markets skriv i avisa 20.02. Men no er me komne til eit punkt der det er større risiko å ikkje investera i Bitcoin enn å gjera det. Dei investerings­selskapa som no ikkje inkluderer ein liten prosent Bitcoin i porteføljen, er effektivt i ein «short»-posisjon – dei veddar eigentleg på at Bitcoin-kursen skal gå kraftig ned i framtida.

Det er ikkje berre Elon Musk som har tru på Bitcoin. I USA har stadig fleire tungvektarar i finans­sektoren forstått at det er større risiko ikkje å investera i Bitcoin, enn å plassera litt av midlane i den nye aktivaklassen. Det starta med Paul Tudor Jones og han vart fort følgt av kjende investornamn som Stanley Druckenmiller, Larry Fink (Blackwater) og Ray Dalio (Bridgewater). Dei har alle vore kritiske til Bitcoin tidlegare, men har endra oppfatning etter å ha sett utviklinga og sett seg meir inn i systemet og teknologien.

For det er lett å oversjå skogen for berre tre, noko Kjennerud også gjer. Det som gir Bitcoin verdi, er det globale, opne betalingsnettverket der kven som helst kan kopla seg på berre ved å lasta ned ein app. Du kan overføra verdiar til kven som helst i verda raskt og billeg, og det einaste som trengst er ein bitcoin-app på mobilen. Kjennerud har problem med å forstå prisinga av Bitcoin, og det er då freistande å spørja om han kunne sett ein pris på Internett på slutten av 1990-talet? Internett er ikkje ein aksje, gir ikkje avkastning og er inga råvare. Internett er ein infrastruktur, og det er Bitcoin også i ferd med å bli. Som eksempel kan nemnast at Microsoft no lanserer eit nytt, desentralt identitetssystem (ION) som brukar Bitcoin-blokkjeda som forankring fordi den har ekstremt høg sikkerheit.

Så er det lett å bli riven med av den ekstreme kursauken, og mange vil dessverre mista hovudet og satsa meir enn dei har råd til å tapa. I slike tider er det viktig å minna om at Bitcoin er noko langt meir enn å bli rik i ein fart. Silicon Valley-entreprenøren Naval Ravikant er den som har definert Bitcoin best:

“Bitcoin is a tool for freeing humanity from oligarchs and tyrants, dressed up as a get-rich-quick scheme.”

I Norge er Bitcoin eit spekulasjonsobjekt, enn så lenge, men i land som Nigeria, Venzuela, Kina/Hongkong, Kviterussland, Myanmar og mange fleire, er bruk av Bitcoin avgjerande for mange opposisjonelle. Også i Norge vil Bitcoin få større verdi når fysiske kontantar snart er borte og me står att med eit betalingssystem som er 100 % overvaka.


søndag 14. februar 2021

Det merkelege kryptouniverset

" I kryptoland, der kan alt gå an". Ja, det er eit skikkeleg bakvendtland, som Prøysen sang om. Det er ein ting som ikkje er merkeleg, det er Bitcoin. Med unnatak av nokre få andre kryptovalutaer, er det meste uforståeleg, og eg skal gi nokre eksempel.

I dagens euforiske kryptomarknad, stig kursane på så å seia alle kryptovalutaer, og prosentvis stig dei mykje meir på ein del altcoins enn Bitcoin. Er det då betre investeringar? Dette minner veldig om 2017, der Bitcoin også løfta alle andre. Men den som investerte ein god del i altcoin i 2017, veit i dag at det var ein tabbe. Det er berre å sjå på kursane på slutten av 2017 og samanlikna med i dag. Med unnatak av Ethereum, er det ingen som har komme tilbake til dei høgdene dei opplevde for tre år sidan.

Som eksempel på kryptovalutaer med uforklarleg kursauke den siste tida, har eg valt Ripple, IOTA,  Ethereum Classic og Dogecoin. Det er litt tilfeldig, det kunne ha vore mange andre også.

Ripple/XRP

Ripple har lenge vore ein av kryptovalutaene med høgst verdsetjing, og var ei stund nummer to bak Bitcoin. Men då det vart kjent at SEC (The Security and Exchange Commission) i USA starta gransking av valutaen, og avgjorde at XRP er eit verdipapir ("security"), gjekk kursen naturleg nok dramatisk ned. Saka er ikkje avgjort, men mykje talar for at Ripple ikkje kan halda fram med XRP som før, og dagens kursauke ser difor ut som å kjøpa aksjar i ei bedrift som med stor sannsynlegheit går konkurs.


IOTA
IOTA har eit spesielt fotfeste i Norge sidan ein av opphavspersonane, David Sønstebø, er norsk. Dei har i tillegg vore gode på marknadsføring og fått i gang mange prosjekt. IOTA er ikkje basert på typisk blokkjedeteknologi, men på det som heiter asyklisk graf (grafen har berre ein retning og kan ikkje peika tilbake). 

Som nesten alle altcoin, hevdar også IOTA at dei har løyst problema med Bitcoin (kapasitet og energibruk). Men som med alle andre altcoin blir den viktige eigenskapen desentralitet hoppa lett over. I februar i fjor vart heile IOTA-systemet stengt ned etter at det vart funne ein kritisk feil i den offisielle lommeboka Trinity, og nokon hadde utnytta feilen. Systemet var stengt i ein heil månad før det vart starta opp att. Går det an å stengja ned eit desentralisert nettverk? Sjølvsagt ikkje, og det viste med all tydelegheit at IOTA er eit sentralisert system. 

I tillegg har det vore ein del andre merkelege saker med IOTA. Då MIT avslørte svakheiter i den "heimesnekra" hash-løysinga for ei tid tilbake, vart dei møtte med aggressive skuldingar, i staden for å bli takka for å prøva å gjera systemet meir sikkert. Også andre forskarar har vorte møtte med liknande skuldingar. På toppen har det vore mykje bråk i IOTA Foundation mellom oppstartspersonane. Første vart Sergey Ivancheglo kasta ut, og i desember i fjor vart det klar at også David Sønstebø komme på kant med stiftelsen og har vorte kasta ut.

Trass i alt dette, aukar kursen på IOTA for tida (men den er likevel berre verdt i underkant av 25 % av toppnoteringa i 2017..).

Ethereum Classic
Det siste eksempelet er Ethereum Classic (etc), greina av Ethereum som heldt fast på mantraet om uforanderlegheit og nekta å rulla tilbake etter The DAO-skandalen sommaren 2016. Akkurat det tener kryptovalutaen til ære. Eg var sjølv ein av dei som tenkte at å rulla tilbake historikken ville vera heilt øydeleggjande for Ethereum, og fjerna all tillit til systemet. Men i kryptoland, der kan alt gå an..

Ethereum Classic har levd i skuggen av Ethereum (eth) og har aldri klart å etablera seg som eit alternativ til hovudgreina. Ein liten valuta basert på proof of work, har store utfordringar med sikkerheit. Det var difor ikkje merkeleg at det skjedde angrep på valuten ved såkalla dobbel-bruk (double spending). Ikkje berre ein gang, men tre ganger skjedde det slike angrep i fjor. Det viser ein valuta som eigentleg er for svak til å stå i mot angrep, og som difor har store problem. 

Det merkelege var at kursen ikkje endra seg nemneverdig. Ein skulle tru at tre slike angrep på rappen ville ha køyrt kursen ned mot null, men slik vart det ikkje. Og no stig kursen på etc som på alle andre altcoin. Kryptouniverset er i sanning eit merkeleg univers der vanlege lover ser ut til å vera oppheva.



Dogecoin

Det siste eksempelet er Dogecoin. Den vart etablert i 2014 som ein vits, eigentleg for å visa kor enkelt det var å laga ein kryptovaluta og til og med skapa verdiar i den. Kryptovalutaen vart laga av Jackson Palmer (Australia) og Billy Markus (USA) og var frå første stund meint som ein vits. Dogecoin er i det minste ein ærleg vits, i motsetning til mange (dei fleste?) altcoin som er ein dårleg vits.

I tråd med spøken har Dogecoin-samfunnet gjort ein del herlege stunt. Dei sponsa bobsleigh-laget frå Jamaica (?!) som ikkje hadde råd til å reisa til OL i Russland i 2014. Dogecoin-stiftelsen har også finansiert humantitære tiltak i Afrika (Kenya).

Dogecoin fekk eit veldig løft då Elon Musk snakka kryptovalutaen opp tidlegare i vinter. Trass i at det knapt har vore utvikling i programkoden dei siste åra, har Dogecoin hatt ein enorm kursauke. Det er rett og slett ikkje til å forstå!