mandag 22. februar 2021

Bitcoin som omvendt risiko

Kredittstrateg Ole A. Kjennerud i DNB Markets skreiv eit innlegg om Bitcoin som risikosport i Aftenposten. Eg sende eit svar til Aftenposten, men dei hadde ikkje plass til det, så då blir det berre publisert her.



Bitcoin og omvendt risiko

Ja, Bitcoin er risikosport som Ole A. Kjennerud i DnB Markets skriv i avisa 20.02. Men no er me komne til eit punkt der det er større risiko å ikkje investera i Bitcoin enn å gjera det. Dei investerings­selskapa som no ikkje inkluderer ein liten prosent Bitcoin i porteføljen, er effektivt i ein «short»-posisjon – dei veddar eigentleg på at Bitcoin-kursen skal gå kraftig ned i framtida.

Det er ikkje berre Elon Musk som har tru på Bitcoin. I USA har stadig fleire tungvektarar i finans­sektoren forstått at det er større risiko ikkje å investera i Bitcoin, enn å plassera litt av midlane i den nye aktivaklassen. Det starta med Paul Tudor Jones og han vart fort følgt av kjende investornamn som Stanley Druckenmiller, Larry Fink (Blackwater) og Ray Dalio (Bridgewater). Dei har alle vore kritiske til Bitcoin tidlegare, men har endra oppfatning etter å ha sett utviklinga og sett seg meir inn i systemet og teknologien.

For det er lett å oversjå skogen for berre tre, noko Kjennerud også gjer. Det som gir Bitcoin verdi, er det globale, opne betalingsnettverket der kven som helst kan kopla seg på berre ved å lasta ned ein app. Du kan overføra verdiar til kven som helst i verda raskt og billeg, og det einaste som trengst er ein bitcoin-app på mobilen. Kjennerud har problem med å forstå prisinga av Bitcoin, og det er då freistande å spørja om han kunne sett ein pris på Internett på slutten av 1990-talet? Internett er ikkje ein aksje, gir ikkje avkastning og er inga råvare. Internett er ein infrastruktur, og det er Bitcoin også i ferd med å bli. Som eksempel kan nemnast at Microsoft no lanserer eit nytt, desentralt identitetssystem (ION) som brukar Bitcoin-blokkjeda som forankring fordi den har ekstremt høg sikkerheit.

Så er det lett å bli riven med av den ekstreme kursauken, og mange vil dessverre mista hovudet og satsa meir enn dei har råd til å tapa. I slike tider er det viktig å minna om at Bitcoin er noko langt meir enn å bli rik i ein fart. Silicon Valley-entreprenøren Naval Ravikant er den som har definert Bitcoin best:

“Bitcoin is a tool for freeing humanity from oligarchs and tyrants, dressed up as a get-rich-quick scheme.”

I Norge er Bitcoin eit spekulasjonsobjekt, enn så lenge, men i land som Nigeria, Venzuela, Kina/Hongkong, Kviterussland, Myanmar og mange fleire, er bruk av Bitcoin avgjerande for mange opposisjonelle. Også i Norge vil Bitcoin få større verdi når fysiske kontantar snart er borte og me står att med eit betalingssystem som er 100 % overvaka.


3 kommentarer:

Øystein Strand sa...

Hei og takk for nok en fin artikkel!
Jeg er absolutt positiv til bitcoin, men har noen kritiske spørsmål jeg håper du har tid til å svare på :)

Du nevner at i Norge er bitcoin et spekulasjonsobjekt, men har i større grad en bruksverdi i land som Nigeria og Venezuala. Men vil ikke det faktum at bitcoin er et investeringsobjekt i rike land gjøre det vanskeligere for fattigere folk å få tak i bitcoin? Vil det ikke bli vanskelig for vanlige folk å få tak i bitcoin når de 21 millionene er minet og store deler er eid av ulike milliardærer? Bitcoin har åpenbart store muligheter til å bli et akseptert betalingsmiddel, men dette vil vel bli vanskelig når noen få sitter på ekstreme mengder bitcoin?

Samtidig er motivasjonen bak disse store kjøpene, en forventning om en høyere pris i fremtiden. Denne forventingen om en høyere pris vil vel gjøre at ingen ønsker å bruke bitcoin. Vil ikke dette kunne vanskeliggjøre utvklingen av bitcoin som et betalingsmiddel?

En annen ting jeg har tenkt på er hvordan bitcoin skal kunne true de tradisjonelle bankene. Vil det for eksempel være mulig for en kryptobank å tilby utlån av bitcoin? En kryptobank vil jo ikke ha noen sentralbank å låne bitcoin av. At mengden bitcoin stopper på 21 millioner vil vel også begrense mulighetene for utlån?

En annen trussel mot utviklingen av bitcoin sånn jeg ser det, er at en stat alltid vil kunne kreve inn skatter/avgifter i statens egen valuta. Vil ikke dette gjøre det nærmest umulig for bitcoin å ta fullstendig over i et land?

Godt mulig du har skrevet innlegg om noe av dette som jeg ikke har fått med meg!



Svein Ølnes sa...

Takk for det :)
Viktig med kritiske spørsmål!
Du kan seia at det blir stadig vanskelegare å få tak i bitcoin, men det er viss du ser på ei fast mengde bitcoin. Viss du snur på det og seier at du er interessert i å kjøpa bitcoin for 1000 NOK eller 1000 naira (ca. 45 NOK), blir effekten berre at du får færre bitcoin/satoshi. Men du får :)

Hodling stimulerer ikkje bitcoin som betalingsmiddel, det er rett. Og den deflatoriske eigenskapen ved bitcoin vil heller ikkje stimulera til å bruka valutaen som betalingsmiddel, det har du rett i. Det kan gjera det vanskelegare å få opp bruken av bitcoin som betalingsmiddel. Mykje er også avhengig av utviklinga av Lightning Network. Det er fortsatt mykje utviklinga att for at det kan bukast allmennt.

Det finst fleire tenester som tilbyr utlån av bitocin, men då notert i fiat-valuta. Bitcoin blir også "lånt" ut til DeFi-tenester (desentral finans). Utlån av bitcoin som bitcoin er litt vanskelegare å sjå for seg, sjølv om det også går an.

Det vil bli vanskeleg om Bitcoin skulle ta fullstendig over som valuta i eit land, men det er ikkje utenkjeleg i dei landa som er verst ute å køyra. Sjølv har eg ikkje tru på "hyperbitcoinization", dvs. Bitcoin som overtek for fiat-valuta. Eg trur Bitcoin vil bli ein viktig reservevaltua, i tillegg til dei tradisjonelle, og at også sentralbankar vil investera i Bitcoin (det har kanskje alt skjedd).

Unknown sa...

Takk for oppklarende svar!