lørdag 29. mai 2021

Bitcoin og pengemakta

Lesarinnlegg i Dag og Tid, publisert 28.05.2021. Innlegget ligg dessverre bak ein betalingsmur, så eg gjengir det her. Eg refererer til artikkelen "Totalitær pengemakt» av professor Jan Inge Sørbø. Den er også bak bet.mur, men kortversjonen er at dagens pengesystem truar demokratiet. Det var eit fint oppspel til lesarinnlegget mitt som eigentleg er eit svar på ein annan artikkel i same nummer av Dag og Tid: "Subsidiar til spekulasjon", av journalist Per Anders Todal. Det er dei velkjende argumenta om at den enorme energisløsinga for å produsera nye bitcoin er meiningslaust og bør i alle fall ikkje subsidierast med lågare el-avgift. Hovudkjelde i artikkelen er Alex de Vries, ein kjend Bitcoin-motstandar.

Bitcoin og pengemakt

Dag og Tid har på nytt ein kritisk og einsidig artikkel om Bitcoin og brukar Alex de Vries som hovudkjelde. Avisa skuldar å gjera lesarane merksame på at de Vries på ingen måte er ei nøytral kjelde i dette spørsmålet. Han er tilsett i den nederlandske sentralbanken og er også støtta av konsulent-firmaet PwC, eigd av IBM, og har ytra seg aktivt mot Bitcoin sidan han starta bloggen Digiconomist i 2014. For ei meir truverdig kjelde bør Dag og Tid heller bruka Cambridge Centre for Alternative Finance ved Cambridge University. Der er det forskarar som reknar på Bitcoin sin energibruk og som har eit nøytralt utgangspunkt i motsetnad til de Vries.

Den vakne lesaren, som Dag og Tid har mange av, såg kanskje at det var ei kopling, om enn truleg utilsikta, mellom Jan Inge Sørbø sin artikkel «Totalitær pengemakt» og artikkelen om Bitcoin. For dei som ikkje såg det, oppmodar eg om å lesa Sørbø sine gode artikkel på nytt, men denne gangen med Bitcoin i minnet. Den totalitære pengemakta Sørbø skriv om, blir halden oppe av dagens finans­system. Det er eit system som er grunnleggjande urettferdig der dei største aktørane får dei største fordelane, og der dei svakaste ikkje får tilgang i det heile. Det har vorte svært synleg etter finanskrisa i 2008 og no under pandemien.. Gründeren Naval Ravikant i Silicon Valley har forklart Bitcoin på denne måten:

“Bitcoin is a tool for freeing humanity from oligarchs and tyrants, dressed up as a get-rich-quick scheme.”

Bitcoin er eit alternativ til dagens urettferdige finanssystem og utfordrar pengemakta Sørbø omtalar. Når det er sagt, vil eg leggja til at eg ikkje trur Bitcoin som valuta vil erstatta dagens pengar, men vera eit viktig alternativ og korrektiv. Samstundes kan Bitcoin bli eit viktig alternativ for alle dei som ikkje har tilgang til banktenester i dag. Afrika er alt det kontinentet der Bitcoin har kraftigast vekst, og det er neppe berre på grunn av spekulasjon.

Ja, Bitcoin brukar mykje elektrisk kraft og det er det som gjer systemet til det sikraste, opne datasystemet i verda. Energibruken er for å sikra blokkjeda mot forfalsking og svindel, og ikkje for å «grava» fram nye myntar. Her er artikkelen i Dag og Tid villeiande. Nye bitcoin blir tildelte den gravaren som først finn svaret på ei matematisk oppgåve, som godtgjersle for utført arbeid. Dette er den moderne varianten av Aasmund Olavsson Vinje sitt velkjende svar på spørsmålet om kva pengar er: «Pengar er storkna mannesveitte». I vår tid er denne sveitten bytt ut med datamaskiner, men prinsippet er det same: pengane er uløyseleg knytte til arbeidet som blir sett inn. På dataspråket heiter det «proof of work»; bevis på utført arbeid.

Eg håpar Dag og Tid vil skriva meir om dette, men då utan skylappane som stengjer for vidsynet.


lørdag 15. mai 2021

Ja, vi må snakka om Bitcoin

Innlegg til NRK Ytring, som svar på Pierre Lisons "Vi må snakke om bitcoin" 14.05.21. Det vart publisert 20. mai.


Ja, vi må snakka om Bitcoin

Svein Ølnes, seniorforskar ved Vestlandsforsking, 15.05.2021

 

Vi må snakka om Bitcoin og energibruk, skriv seniorforskar Pierre Lison på NRK Ytring. Ja, vi må snakka om Bitcoin, men det må vera ein kunnskapsbasert diskusjon. Det bør vera elementært for ein forskar å skilja mellom det objektive og det normative, mellom er og bør. Før vi kan ta diskusjonen om korleis vi best brukar energien, må vi få fakta på bordet.

Bitcoin brukar mykje energi, det er det ikkje tvil om. Det er ikkje for å utvinna nye bitcoin, men for å sikra blokkjeda. Det gjer Bitcoin til verdas sikraste, opne IT-system. Store mengder energi betyr ikkje automatisk stort fotavtrykk klimamessig. Det er avhengig av energitypen som blir brukt. I Bitcoin-sikringa (mining) er det ekstremt stor konkurranse og aktørane er avhengige av å finna den billegaste energien. Bitcoin-sikring kan på den måten seiast å vera «buyer of last resort», altså kjøparen av den siste, ubrukte energien. Bitcoin gjer mellom anna bruk av stranda energi både i Kina (Sichuan- og Yunnan-provinsane) og i USA (gass frå oljefelt). På den måten kan det argumenterast for at Bitcoin er ein pådrivar for meir fornybar energi

Pierre Lison er IT-forskar, men har ikkje forska på Bitcoin og blokkjedeteknologi. Då ville han visst at energibruk pr. transaksjon er ein veldig dårleg målestokk. Bitcoin er eit oppgjerssystem og det blir feil å samanlikna transaksjonane med ordinære bank-, eller Visa-transaksjonar. vi må heller samanlikna dei med Norges Banks oppgjerssystem, der bankane overfører seg i mellom og ein transaksjon kan romma  tusenvis av transaksjonar.

Pierre Lison er inne på at Bitcoin kan vera eit hjelpemiddel mot autoritære regime. Men med tjukke, vestlege brilleglas avfeier han dette og peikar på at Bitcoin ikkje er i samsvar med demokratisk styring. Det same kan jo seiast om Internett – vil Pierre Lison avfeia det også som udemokratisk?

Meir enn halvparten av verdas folk lever i autoritære regime, eit tal som veks og ikkje minkar. Dagens finanssystem er rigga slik at det fungerer som eit perfekt middel for overvaking. Spør studentane i Hongkong, eller folk elles i Kina, kva det vil seia å leva under eit slikt system.

Til slutt nokre refleksjonar om det normative, korleis vi best kan styra bruken av energi. Pierre Lison, og mange med han, startar i feil ende ved å plukka ut ei digital teneste som syndebukk. Motspørsmålet blir då: bør Facebook få subsidiert energi i Norge? Kva med Google (f.eks. Youtube-videor) eller Netflix? Kva med ei lovleg porno-teneste? Det bør vera opplagt at ein slik framgangs­måte ikkje vil fungera. I staden må fossil energi ileggjast større avgifter globalt slik at overgangen til fornybar energi går endå raskare enn i dag.

Bitcoin er det siste håpet vårt for eit framtidig økonomisk system som ikkje er 100 % overvaka. Den dagen fysiske kontantar forsvinn, er vi fritt vilt for overvaking, enten frå staten eller frå store konsern, eller begge.


tirsdag 11. mai 2021

Bitcoin, Ferrari og Lamborghini





Kanskje ikkje opplagt at desse tre har noko med kvarandre å gjera (bortsett frå Bitcoin og Lambo då..). Det er overskrifta på eit svar til Henrik Sommerfelts (CMC Markets) kommentar i Finansavisen om at det kanskje er på tide å droppa investering i Bitcoin til fordel for mange av dei veksande altcoins. Etter mitt syn er det berre eit bevis på at du ikkje har forstått Bitcoin og den overlegne infrastrukturen det har samanlikna med alle andre kryptovalutaer. Berre Ethereum har noko som liknar.


Bitcoin, Ferrari og Lamborghini

Henrik Sommerfelt i CMC Markets meiner investorar i kryptovaluta i større grad bør sjå bort frå Bitcoin og heller satsa på ein av dei mange alternative valutaene, såkalla altcoins. Det minner meg om ei historie som blir fortalt om Enzo Ferrari, grunnleggjaren av Ferrari, og Ferrucio Lamborghini, grunnleggjaren av Lamborghini. Ferrucio kom ein dag inn på kontoret til Enzo og klaga på ein feil på Ferrari-en han hadde kjøpt. Då fekk han klar beskjed frå Enzo Ferrari: «Hald deg til traktor, bil har du ikkje greie på!». Lamborghini produserte den gangen berre traktorar.

Kanskje Henrik Sommerfelt skal halda seg til valutahandel med vanleg valuta og ikkje kryptovaluta. Å sjå seg blind på CoinMarketCaps’ liste over kryptovalutaer og prosentvis verdistigning, vil neppe føra til noko godt. Det er svært mykje luft i altcoin-marknaden for tida, og situasjonen minner mykje om forrige topp i 2017/2018. Det Sommerfelt overser, er Bitcoins unike og overlegne infrastruktur. Den gir Bitcoin ein heilt spesiell posisjon blant alle kryptovalutaer. Dersom investering i Bitcoin er risiko, og det er det, er investering i dei fleste altcoins ekstrem risiko. Nokre få kjem ut med store gevinstar; dei aller fleste kjem ut med tap.