lørdag 29. mai 2021

Bitcoin og pengemakta

Lesarinnlegg i Dag og Tid, publisert 28.05.2021. Innlegget ligg dessverre bak ein betalingsmur, så eg gjengir det her. Eg refererer til artikkelen "Totalitær pengemakt» av professor Jan Inge Sørbø. Den er også bak bet.mur, men kortversjonen er at dagens pengesystem truar demokratiet. Det var eit fint oppspel til lesarinnlegget mitt som eigentleg er eit svar på ein annan artikkel i same nummer av Dag og Tid: "Subsidiar til spekulasjon", av journalist Per Anders Todal. Det er dei velkjende argumenta om at den enorme energisløsinga for å produsera nye bitcoin er meiningslaust og bør i alle fall ikkje subsidierast med lågare el-avgift. Hovudkjelde i artikkelen er Alex de Vries, ein kjend Bitcoin-motstandar.

Bitcoin og pengemakt

Dag og Tid har på nytt ein kritisk og einsidig artikkel om Bitcoin og brukar Alex de Vries som hovudkjelde. Avisa skuldar å gjera lesarane merksame på at de Vries på ingen måte er ei nøytral kjelde i dette spørsmålet. Han er tilsett i den nederlandske sentralbanken og er også støtta av konsulent-firmaet PwC, eigd av IBM, og har ytra seg aktivt mot Bitcoin sidan han starta bloggen Digiconomist i 2014. For ei meir truverdig kjelde bør Dag og Tid heller bruka Cambridge Centre for Alternative Finance ved Cambridge University. Der er det forskarar som reknar på Bitcoin sin energibruk og som har eit nøytralt utgangspunkt i motsetnad til de Vries.

Den vakne lesaren, som Dag og Tid har mange av, såg kanskje at det var ei kopling, om enn truleg utilsikta, mellom Jan Inge Sørbø sin artikkel «Totalitær pengemakt» og artikkelen om Bitcoin. For dei som ikkje såg det, oppmodar eg om å lesa Sørbø sine gode artikkel på nytt, men denne gangen med Bitcoin i minnet. Den totalitære pengemakta Sørbø skriv om, blir halden oppe av dagens finans­system. Det er eit system som er grunnleggjande urettferdig der dei største aktørane får dei største fordelane, og der dei svakaste ikkje får tilgang i det heile. Det har vorte svært synleg etter finanskrisa i 2008 og no under pandemien.. Gründeren Naval Ravikant i Silicon Valley har forklart Bitcoin på denne måten:

“Bitcoin is a tool for freeing humanity from oligarchs and tyrants, dressed up as a get-rich-quick scheme.”

Bitcoin er eit alternativ til dagens urettferdige finanssystem og utfordrar pengemakta Sørbø omtalar. Når det er sagt, vil eg leggja til at eg ikkje trur Bitcoin som valuta vil erstatta dagens pengar, men vera eit viktig alternativ og korrektiv. Samstundes kan Bitcoin bli eit viktig alternativ for alle dei som ikkje har tilgang til banktenester i dag. Afrika er alt det kontinentet der Bitcoin har kraftigast vekst, og det er neppe berre på grunn av spekulasjon.

Ja, Bitcoin brukar mykje elektrisk kraft og det er det som gjer systemet til det sikraste, opne datasystemet i verda. Energibruken er for å sikra blokkjeda mot forfalsking og svindel, og ikkje for å «grava» fram nye myntar. Her er artikkelen i Dag og Tid villeiande. Nye bitcoin blir tildelte den gravaren som først finn svaret på ei matematisk oppgåve, som godtgjersle for utført arbeid. Dette er den moderne varianten av Aasmund Olavsson Vinje sitt velkjende svar på spørsmålet om kva pengar er: «Pengar er storkna mannesveitte». I vår tid er denne sveitten bytt ut med datamaskiner, men prinsippet er det same: pengane er uløyseleg knytte til arbeidet som blir sett inn. På dataspråket heiter det «proof of work»; bevis på utført arbeid.

Eg håpar Dag og Tid vil skriva meir om dette, men då utan skylappane som stengjer for vidsynet.


Ingen kommentarer: