søndag 27. september 2020

DeFi - Desentralisert finans

Illustrasjon henta frå CoinTelegraph.com

Gløym FinTech, det er DeFi som gjeld no og som skaper overskriftene i kryptoverda. DeFi er desentralisert finans, og det er desentraliserte børsar. Ein børs er ein handelsplass for finansielle produkt og tenester og ein møteplass for kjøparar og seljarar. Børsen si oppgåve er å matcha kjøpar og seljar sine interesser. 

Kortversjon: DeFi er automatisert kopling av kjøpar/seljar (eller her: låntakar og långivar). "Yield Farming" er måten långivarar blir stimulerte til å bidra med likviditet.

Tradisjonelle børsar lever i beste velgåande og står framleis for den desidert største delen av finansaktivitetar. Dei er i stor grad digitaliserte, men sentraliserte. Det gjeld også børsar innan kryptovaluta, som t.d. Coinbase, Kraken o.l.

Desentraliserte kryptobørsar er ikkje noko nytt. 0X (Zero-X) og Bancor har eksistert ei stund, utan å ha fått særleg volum. Den nye bølgja no, derimot, har fått enorm oppsving. 

2017/ICO all over again? DeFi-hysteriet minner svært mykje om ICO-bølgja i 2017-2018. Store mengder pengar blir samla på ganske få hender, og det er svært mange tvilsame prosjekt. Men som med ICO har også DeFi ein kjerne av innovasjon som gjer den interessant. Men for dei som tenkjer å prøva seg i dette landskapet, gjeld det å vera forsiktig. Her er det fort å brenna fingrane!

Utikling av desentraliserte vekslingstenester, DEX

Desentraliserte børsar, også kalla DEX, er som namnet seier, desentrale og er utan eit sentralt punkt. Det er ikkje eit nytt fenomen, dei første desentrale kryptobørsane kom så tidleg som i 2014. Det var før Ethereum eksisterte og teknologien baserte seg på "farga myntar" ("colored coins"), ein måte å utvida bruksområdet for Bitcoin. Men særleg fart i dette vart det ikkje før Ethereum var lansert. Ethereum viste seg å vera ein enklare plattform å utvikla nye tenester på, det var jo heile rasjonalet for E.

Ein (krypto-)børs har fire hovudoppgåver/utfordringar:

  1. Tilgjengeleg kapital ("Capital deposits")
  2. Kunngjering av ordrar ("Order broadcast")
  3. Matching av ordrar ("Order matching")
  4. Utveksling av token/kryptovaluta ("Exchange of tokens")
Alle elementa har visse utfordringar når målet er desentralisering. Å stilla kapital til disposisjon er den første utfordringa, og ikkje så enkelt når det skal gjerast fullt ut desentralt. Nok likviditet er kanskje det største problemet for desentraliserte børsar, og det er her me finn ein del innovative triks i dagens DeFi-løysingar.

Utviklinga frå 2014 har gitt oss fleire generasjonar med desentrale børsar:
  • Første generasjon: Avhengig av ei bestemt blokkjede og ein bestemt kryptovaluta
  • Andre gen.: Kontraktsavhengige; avhengige av smarte kontraktar og Ethereum
  • Tredje gen.: Valuta-agnostiske, protokollbaserte, ikkje bundne til ei spesiell blokkjede
Verken første eller andre generasjon desentraliserte børsar var fullt ut desentraliserte og kan betre omtlast som hybridløysingar der enkelte delar var/er sentraliserte og andre desentraliserte. For tredje generasjons DEX, som er dagens DeFi-løyingar, er målet full desentralitet. Men det er gode grunnar til å spørja kor desentrale desse tenestene eigentleg er. Utveksling av krypto mellom långivar og -takar skjer node-til-node, det er så, men bak desse løysingane står det i mange tilfelle bedrifter, eller ei handfull personar, som har full tilgang til systemet; såkalla "God mode" (admin-rettar). 

Yield Farming

Eit sentralt begrep innan DeFi er "yield farming". Det er i hovudsak to måtar å tena pengar på desentralisert finans (DeFi): renter på utlånt krypto og token i bytte mot å stilla kapital til rådvelde for sikkerheit. Den store utfordringa for alle som skal driva ei vekslingsteneste, sentral eller desentral, er tilgang på likviditet.

For desentrale vekslingstenester, eller finanstenester generelt, er tilgang på kapital kanskje ei endå større utfordring nettopp fordi det ikkje er ein sentral tredjepart som samlar og koordinerer likviditeten. DeFi-tenester løyser dette på to måtar:
  1. Rente på kapital som blir stilt til disposisjon
  2. Token i bytte mot kapital til disposisjon
Som regel er det ein kombinasjon av desse to, og det er det som blir kalla "yield farming". På norsk er det ikkje noko meir mystisk enn finansiell avkastning, berre med eit litt meir fancy uttrykk. "Yield" er jo avling/avkastning, og "farming" refererer til aktiviteten. 


Desentralt?

Andreas Antonopoulos minner om dette og meiner at full tilgang (admin/"God mode") bør vera det viktigaste kriteriet for å vurdera om eit prosjekt er fullt ut desentralisert eller ikkje. Men kven klarer å finna ut det? MakerDAO er eit DeFi-prosjekt der ingen i utgangspunktet har admin-tilgang ("God mode"). Men undersøkingar viser at meir enn 40 % av sikkerheiten bak MakerDAO ("collateral") er sentraliserte aktiva ("assets"), og då er prosjektet ikkje så desentralisert likevel.

DeFi Watch har analysert 15 DeFi-prosjekt og fann at 12 av dei er sentraliserte ved at dei har admin-rettar. Men sjølv MakerDAO, som ikkje har admin-tilgang, kan ikkje seiast å vera fullt ut desentralisert på grunn av sentraliserte aktiva i botnen. 

Dette er vanskeleg, nesten umuleg, å finna ut på eiga hand. Investering i slike prosjekt blir difor litt som å handla i blinde. Det kan verka som om kapital og informasjons-asymmetri er bygde inn i protokollane.

ICO-repetisjon?

Som nemnt minner DeFi-bølgja svært mykje om ICO-bølgja for 2-3 år sidan. Som ICO-ane blir det samla store mengder midlar, og som ICO-ane er det mykje tvilsamt ute og går. Risikoen er enorm og får investering i Bitcoin til å verka botnsolid. Du har alle mulegheiter til å bli skikkeleg brent, og mista det du investerer. Men sjølvsagt er det nokre som tener store pengar. Det er først og fremst dei som står bak dei mange initiativa, men også dei som er først ute og investerer. Det minner difor om pyramide-spel, sjølv om det strengt teke ikkje er det.

Men som med ICO er det også ein kjerne av innovasjon i DeFi. Når dei mange tvilsame prosjekta er borte, og regulering frå styresmaktene har stramma inn (det kjem heilt sikkert til å skje), er det forhåpentlegvis framleis att levande og framtidsretta DeFi-prosjekt.



onsdag 2. september 2020

Bitcoin vs. Ethereum

  

Det er ein del strid mellom Bitcoin- og Ethereum-tilhengjarar. Det gjeld sjølvsagt ikkje alle, men for "hardcore" Bitcoin-maksimalistar er alt anna enn Bitcoin "shitcoin", og Ethereum ikkje noko unnatak. Andre har eit meir pragmatisk syn på Ethereum og andre alternative kryptovalutaer (altcoins), men mange også i denne gruppa stiller kritiske spørsmål til visse sider ved Ethereum, særleg kompleksiteten og den (manglande) monetære strategien. Her er eit forsøk på å få fram dei viktigaste skilnadene mellom Bitcin og Ethereum.

Ethereum blir til

Ethereum vart fødd som eit resultat av det Vitalik Buterin og andre sentrale utviklarar oppfatta som ei teknologisk tvangstrøye i Bitcoin. Bitcoin vart konstruert med sikkerheit og desentralitet som dei to styrande prinsippa, og fleksibilitet og skalering vart bevisst ofra. Kompleksitet er som kjent sikkerheit sin verste fiende. Vitalik var sentral også i Bitcoins tidlege historie som med-stiftar av Bitcoin Magazine, der han skreiv jamnleg. Men i 2013 såg han at det var uråd å få til radikale endringar av Bitcoin slik han gjerne ville, og han starta arbeidet med utviklinga av Ethereum, saman med ei handfull andre personar. Ethereum vart utvikla gjennom 2014 og lansert i juli 2015.

Store skilnader frå starten av

Skilnadene på Bitcoin og Ethereum er store sjølv om dei begge er opne, vilkårslause (permissionless) blokkjeder med innebygd kryptovaluta. Men Ethereum ville ikkje eksistert utan Bitcoin!
Alt i white paper for dei to systema er det slåande skilnader: "Bitcoin - A Peer-to-Peer Electronic Cash System" av Satoshi Nakamoto er på 8 sider + referansar, medan Ethereums white paper "A Next Generation Smart Contract & Decentralized Application Platform" av Vitalik Buterin er på 34 sider pluss notar (ikkje referansar som i Bitcoin-paperet, men notar til kjelder og vidare lesing). Begge white paper er essensiell lesing for den som vil forstå blokkjedeteknologi og smarte kontraktar.

Skilnader i desentralisering

Denne skilnaden i omfang finn me også på andre område. Der Bitcoin prøver å minimera størrelse for å gjera blokkjeda tilgjengeleg for flest muleg å lasta ned, gir Ethereum "blaffen" og har ei blokkjede som no er 8-10 ganger så stor som Bitcoin. Det gjer det vanskeleg, for ikkje å seia umuleg, å lasta ned for enkeltpersonar, og med det skjer det også ei omfattande sentralisering av Ethereum-nodar. Undersøkingar tyder på at meir enn 60 % av Ethereum-nodane eksisterer på skyløysingar som AWS (Amazon Web Services), og dei fleste skybaserte løysingane er baserte på bruken av Infura som backend-løysing for å kommunisera med nodane. Infura er eigd av Consensys, det største utviklingsmiljøet for Ethereum-løysingar.

Den etter kvart svært store blokkjeda i Ethereum, kombinert med meir sentrale løysingar (dei fleste smartkontraktar avhengige av Infura backend) og ei relativt sterk og tydeleg styringsgruppe gjennom Ethereum Foundation, fører til samen til eit meir sentralisert system. Ethereum-brukarane ser ikkje ut til å vera så bekymra for det, men i Bitcoin er desentralisering kanskje den viktigaste eigenskapen, i tillegg til ei fast pengemengde, og alt blir gjort for å halda på desentraliteten og jamvel styrka den.

Bitcoin har heller ingen tydelege leiarar, og maktfordelinga kan litt forenkla seiast å følgja prinsippet skissert av Montesquieu: 
  • Lovgivande: Utviklarar
  • Utførande: Gravarar ("Miners")
  • Dømmande: Bitcoin-brukarar

Konservativ vs. radikal

Ethereum vart til fordi programmeringsspråket i Bitcoin, Script, vart oppfatta som for avgrensa. Ethereum vart difor utvikla med eit Turing-komplett programmeringsspråk; eit språk der alle typar instruksjonar kan gjerast. Dette opna for meir avanserte program på blokkjeda, såkalla smarte kontraktar. Også Bitcoin har smarte kontraktar, men fordi programmeringsspråket er så avgrensa i funksjonalitet, er dei fleste ganske enkle, og det er vanskeleg å laga avanserte program. 

I Solidity, som er Ethereums programmeringsspråk, er det ganske enkelt å programmera og det har ført til eit vell av smarte kontraktar. Men baksida er at med alle mulegheiter, kjem også alle mulegheiter til å gjera feil. Det har resultert i fleire skandalar, der den mest kjende er prosjektet The DAO som feila katastrofalt i 2016 og resulterte i ei splitting av Ethereum-nettverket. Den sette alvorlege spørsmålsteikn ved Ethereum sin påståtte uforanderlegheit ("immutability")

Ethereums filosofi har alltid vore "move fast and break things", i rak motsetnad til Bitcoins sterke motstand mot radikale endringar. I Bitcoin er det semje om å prøva å unngå inkompatible endringar (hard fork) for nærmast ein kvar pris, og prøva å introdusera større ny funksjonalitet som "soft forks", altså bakover-kompatible endringar, medan Ethereum på si side har som målsetjing å ha minst eit par "hard forks" i året. "Hard forks" er risikable fordi det i realiteten inneber ei ny blokkjede og ein risiko for å splitta eksiterande blokkjede i to greiner.

Monetær politikk

Bitcoins monetære politikk er krystallklar: Det blir maksimalt 21 mill. bitcoin, og dei blir utdelte etter ein kjent nedtrappingsmodell. Fordelinga er tilfeldig takka vera proof of work-metoden (PoW). Avgrensinga på 21 mill. bitcoin er kanskje den aller viktigaste eigenskapen for Bitcoin, og det som klarast definerer systemet. Det er eit tilfeldig tal, og det kan sjølvsagt endrast, men då heiter ikkje systemet lenger Bitcoin.

Ethereum brukar også PoW, men hadde i tillegg ein "startkapital", det som blir kalla "pre-mine". Ein sum eth vart fordelt før sjølve blokkjeda var sett i drift, for å få midlar til å gjennomføra prosjektet. Ein del vart auksjonert ut på nettet, ein annan del vart reservert til kjernen av personar bak prosjektet og endå ein del vart reservert til Ethereum Foundation. Denne artikkelen fortel i detalj korleis oppstarten av Ethereum, og særleg finansieringa, skjedde. Etter det, har nye eth vorte tildelte gjennom PoW-systemet. Men i motsetnad til Bitcoin, der "vinnaren" av PoW-konkurransen får heile ny-tildelinga, er Ethereum sin modell meir kompleks sidan dei også belønnar andre enn berre vinnarane. Dette skaper også enkelte problem når ein skal finna ut kor mange eth som faktisk er sett i sirkulasjon, ref. SupplyGate som er namnet på diskusjonen nyleg om dette temaet.

Ethereum har ikkje sett noko tak på tal eth, og heller ikkje vore tydelege på eventuell inflasjonspolitikk. I det heile starta Ethereum med lite vekt på dei monetære eigenskapane; det var Ethereum som den universelle datamaskina (Ethereum Virtual Machine - EVM) som var sentralt. Kryptovalutaen var nødvendig som insitament for sikringa av blokkjeda, men ikkje tenkt på som noko meir. Etter kvart har det gått opp for Ethereum-miljøet at den monetære sida faktisk er viktig, men framleis er politikken på området ganske uklar.

Bruksområde

Bitcoins bruksområde er primært basert på dei monetære eigenskapane og så langt er det oppbevaring av verdiar ("store of value"), som er ein av dei tre viktige funksjonane til pengar. Dei to andre er som kjent pengar som bytemiddel for varer og tenester ("medium of exchange"), og pengar som målestokk ("unit of account"). Utviklinga av lag 2-løysingar baserte på Lightning Network gjer at Bitcoin også vil forsterka den første eigenskapen. Enno er dette framleis mest i utviklings- og testfase og har ein veg å gå før det blir enkelt nok for folk flest å bruka, men konturane av eit nytt overføringssystem for pengar er ikkje vanskeleg å sjå, og at det kan bli eit system som skaper nye og store innovasjonar innan betalingsformidling.

Det finst også andre løysingar baserte på Bitcoin, men hovudutviklinga tek ikkje mykje omsyn til desse. Det er freistande å kunna gjera seg nytte av den enorme sikkerheiten i Bitcoin-nettverket, og difor er blokkjeda også interessant for m.a. sikker dokumentlagring, desentralisert ID-handtering ++.

Ethereum sine mest kjende bruksområde er også av mange karakteriserte som tvilsame, eller i grenseland mot svindel. Det er kanskje litt urettferdig, for det er ein god del innovasjon i nyvinningane, sjølv om dei har ein tendens til å tippa over i svindelkategorien. 

Den første suksessen for Ethereum har vore som plattform for nye token; virtuelle representasjonar av enten fysiske eller virtuelle ting. Eit token er ein representant for noko, og dette "noko" kan i grunnen vera kva som helst; både fysiske og virtuelle ting. Dei aller fleste token på Ethereum representerer ikkje noko anna enn seg sjølv. Det eksisterer etter kvart fleire hundre tusen ulike token, og grunnen er at det er veldig enkelt å laga nye token basert på enten ERC-20-standarden eller den nyare ERC-223 eller ERC-721 og fleire. Framleis er ERC-20 den mest brukte, men den blir ofte brukt feil slik den opnar opp for angrep eller på annan måte skaper problem. Token-bølgja kulminerte med ICO-bølgja der nye token vart auksjonerte ut og vanvittige pengemengder håva inn på syltynne grunnlag. Det er rekna at opp mot 95 % av alle ICO-ar var svindel, og av dei resterande få prosjekta var det få som faktisk vart utvikla i tråd med opprinnelege planar. 

Ganske treffande illustrasjon av prospekt/prosjekt og realitet i ICO-ar

Den neste "killer application" for Ethereum var spelet CryptoKitties. Den drog fordel av blokkjeder sin evne til å skapa unike eksemplar. Alle som deltok kunne ha sin spesielle og unike kryptokattunge, og slik vart det skapt ein handelsplass for kattungane.

I skrivande stund er det DeFi som herjar på Ethereum. DeFi er desentralisert finans ("decentralized finance") og har på kort tid vakse seg stort med store summar involverte. Det er sinnrike smartkontraktar som styrer ulike lånetypar, kombinert med token som også gir såkalla avling ("yield farming"). Dei desentraliserte produkta gir renter på så høgt nivå at det einaste dekkjande ordet er BOBLE. Det vil garantert sprekka til slutt, men på vegen opp er det mange som vil tena store pengar, og på vegen ned att er det endå fleire som vil tapa like store summar. Heile konseptet, og utviklinga av det, minner veldig mykje om ICO-ane i 2017. Det verkar som DeFi-produkta opererer utanfor alle typar regularingar, men det kan ikkje halda i lengda. Som med ICO-ar, kjem nok reguleringsorgana på bana når dei omsider har fått med seg kva som skjer.

Er Ethereum svindel?

Den korte vegen til svindel i Ethereum sine suksessar har fått mange Bitcoin-tilhengjarar til å karakterisera sjølve Ethereum som ein svindel. Det meiner eg det absolutt ikkje er grunnlag for. Både token-fenomenet, ICO-ar og no DeFi har ein kjerne av innovasjon som er viktig. 
  • Tokenifisering viser ein veg framover der det meste av fysiske ting blir representerte av token på ei blokkjede. Den utviklinga vil halda fram.

  • ICO-ar, med alle sine problematiske sider, har vist ein ny finansieringstype som er open for alle å delta i. Med denne typen finansiering kan kven som helst investera i nye selskap og nye produkt og tenester. Men det er mange uavklarte utfordringar her, m.a. skilnaden på eigarskap i eit selskap og eigarskap til token utgitt av selskapet. På dette punktet er det pr. i dag selskapet som har alt å vinna på ein ICO, og den som investerer i token har alt å tapa.

  • DeFi med desentraliserte lånesystem er også ein interessant innovasjon. Pr. i dag er risikoen i dette uregulerte område skyhøg, og kompleksiteten utgjer ein stor del av risikoen. Likevel ber DeFi bod om ny og spennande utvikling på eit område som stort sett har vore uendra i fleire hundre år.
På same måte som dot.com ikkje berre var elende, men også førte til positive ting (bygging av varig infrastruktur, skilje av klint/kveite med omsyn til levedyktige IT-bedrifter m.m.). Det kan difor verka som Schumpeters teori om kreativ øydelegging blir vist i praksis gjennom desse fenomena.