søndag 26. mars 2006

The World Is Flat (III)


Eg har nemnt denne boka eit par ganger før, som tittelen indikerer. Journalist Thomas L. Friedman i New York Times er forfattar og eg kan med ein gang seia at eg likte boka.Tittelen viser til nedbygginga av barrierer, særleg på IT-området, og det som kan gå under namnet globalisering.

Det som gjer boka bra er at Friedman er god til å fortelja historiar som underbyggjer påstandane hans. Han har også snakka med mange nøkkelpersonar og har ei imponerande breidde i kjeldematerialet sitt.

I litt negativ retning vil eg seia at Friedman er, som amerikanarar flest, veldig oppteken av at det USA gjer er det rette, og då tenkjer eg mest på liberalisering, frihandel osv. Det er svært få, om nokon, motførestillingar til frihandel i denne boka, så dei som er allergiske mot det må rekna med å bli provoserte. Ein annan ting er at dei historiske analysane Friedman gjer, kanskje er vel enkle av og til.

Endeleg må eg ta opp overvurderinga av Netscape og nedvurderinga av Internett og særleg World Wide Web. Her ser det ut til at "not invented here" slår inn for fullt. At Netscape skal vurderast som mykje viktigare enn oppfinninga av WWW har eg store problem med, for å seia det mildt!

Friedman reknar opp 10 årsaker til ei flatare verd (meir samankopla, nedbygde hindringar):

1. Rivinga av Berlin-muren
2. Introduksjonen av Netscape på børsen (!)
3. Work Flow Software (litt upresist av Friedman, han tenkjer her på XML/SOAP osv.)
4. Open Source (som bevegelse med styrke)
5. Outsourcing (flytting av oppgåver, særleg IT-relaterte, ofte til andre land)
6. Offshoring (flytting av heile produksjonen ut av landet)
7. Supply-Chaining (logistikk ved hjelp av IT; WalMart og Dell som eksempel)
8. Insourcing (den andre sida av outsourcing; UPS brukt som eksempel)
9. In-forming (søkemotorar særleg)
10. The stereoids (alle utstyrstrendar som forsterkar globalisering (iPod, Skype, mobiltlf.++)

Som trussel mot globaliseringa ("flattening of the world") nemner Friedman særleg dei nye terrornettverka og islamistiske tendensar generelt. Han prøver å analyser kvifor islamistiske (islamo-leninism) tendensar står så sterkt og kvifor det er her terrornettverka rekrutterer. Han viser at muslimar generelt, og arabarar spesielt, fell langt bak i den utviklinga som skjer no i globaliseringa sitt namn. Han meiner audmjuking er ei hovudforklaring på reaksjonane i mange muslimske land, og den seinaste støyen rundt Muhammed-karikaturane forsterkar denne forklaringa. Han trekker også fram det interessante med India, som har verdas nest største muslimske hop, og viser at India sin demokratiske tradisjon og opnare samfunn ikkje gjev grobotn for denne type ekstremisme. Så langt har ingen indisk muslim vorte knytt til terrornettverka.

Til slutt gjer Friedman eit poeng av 11/9 og 9/11. 11/9 er dagen for rivinga av Berlinmuren og 9/11 er som me veit datoen for angrepet på World Trade Center. Han er kritisk til måten Bush-administrasjonen har handtert situasjonen på og meiner dei har snikinnført alvorlege innstrammingar i vanlege folks privatliv. Han meiner også at USA gjer seg sjølv ei bjørneteneste ved å prøva å gjera 9/11 til eit samlande begrep. "Det er ikkje 9/11 USA skal hugsast for, men 4th of July".

Som sagt ei lesverdig bok, men på amerikansk vis er det dårleg med magamålet: 470 sider må han ha for å bli ferdig!

torsdag 16. mars 2006

The Search


Det første møtet mitt med Google var i 1999. Det som overraska meg mest i starten var det reine grensesnittet, fritt for reklame og forstyrrande lenker. Det stod i skarp kontrast til dei andre søkemotorane som då hadde fått portal-sykja og var overlessa med lenker og reklame. Det neste som overraska meg var etter kvart relevansen i dei best rangerte treffa. Den var merkbart betre enn dei andre søkemotorane på den tida (AltaVista, Northern Light, Yahoo).

Våren 2000 deltok eg på konferansen Search Engine Meeting 2000 i Boston, saman med kollega Terje Aaberge. Det var på høgda av denne konferansen og alle søkemotorane stilte med dei beste folka til ein paneldebatt om framtida for søk. Der var t.d. Andrei Broder frå AltaVista, Eric Brewer, Inktomi og Jan Pedersen, InfoSeek. Som ein kuriositet kan også nemnast at Knut Magne Risvik frå FAST hadde foredrag om "Scaling the Web". Han er no Google-sjef i Norge.

Den som utmerka seg blant deltakarane var "oppkomlingen" Larry Page. Google var framleis ein liten utfordrar, men hadde begynt å få merksemd. Larry Page stod fram som ein "kranglefant", med ei litt irriterande og insisterande framtoning. Der dei andre deltakarane var opne for mange retningar i korleis søkemotorane kunne forbetrast, både ved menneskeleg hjelp og med betre algoritmar, var Page talsmannen for "algorithms only". Han messa om og om igjen om at det berre gjaldt å forbetra algoritmane, særleg for relevans-rangering, så ville søkemotorane bli så bra som ein berre ville. Han irriterte særleg representanten for Northern Light, Mark Krellenstein, og dei hamna i skikkeleg verbal klinsj. Northern Light var ein av søkemotorane i vinden på slutten av 90-talet. Me veit jo korleis det gjekk med Northern Light...

Eg minnest dette seminaret når eg les boka The Search - How Google and Its Rivals Rewrote the Rules of Business and Transformed Our Culture av John Battelle. Trass i undertittelen handlar boka mest om Google. Forfattaren var ein av etablerarane av The Industry Standard og ein av dei opprinnelege redaktørane av Wired.

Den gir eit interessant innblikk i bakgrunnen for Google og understrekar til dei grader "ingeniør"-imaget til selskapet. Det stemmer veldig godt med observasjonen min 6 år tilbake. Historia om Larry Page og Sergey Brin er fascinerande på klassisk amerikansk vis; den har alle dei faste ingrediensane av "the selfmade man". Larry og Sergey starta prosjektet BackRub som ein del av eit doktorgradsarbeid, og det vart etter kvart til Google. Interessant nok var Terry Winograd rettleiaren for Larry Page. Søkemotoren okkuperte snart større og større delar av fakultets-maskinene og skapte til slutt såpass store problem at dei måtte flytta alle maskinene ut av universitetsområdet.

Den beste delen av boka er historia om Google, særleg på grunn av mange intervju med nøkkelpersonar både i selskapet og i IT-miljøet generelt. Den svakaste delen er kanskje spekulasjonane til slutt om korleis søk generelt og Google spesielt vil utvikla seg. Scenariet med Google som verdsherskar er sjølvsagt muleg, men eg tvilar på at det skjer. Før eller seinare vil vel Clayton Christensens teori om disruptive technologies slår til, med ein eller annan irriterande oppkomling som vippar Google av pinnen...

Alt i alt ei bok som er vel verdt å lesa.

onsdag 15. mars 2006

Seminar om emnekart og LivsIT

Torsdag 9.3 vart det arrangert seminar om emnekart og LivsIT i Statens hus på Leikanger. Seminaret var i regi av Høykom og eg hadde ansvaret for gjennomføringa. Totalt 65 påmelde personar og over 60 som møtte opp, viste at dette er eit interessant tema. Interessa var langt i overkant av kva eg hadde rekna med på førehand.

Deltakarane var inviterte til sosial samling på Henjatunet kvelden før og vel 20 personar var med på den. Henjatunet er ein veldig fin plass for slike samlingar og deltakarane som ikkje hadde vore der før, var imponerte. Imponerte var dei tilreisande også over naturen generelt, noko det fine veret forsterka.

Grunnen til den tematiske vinklinga er at fleire Høykom-prosjekt alt i dag har emnekart og LivsIT som innhald. Med ei ny utlysing i gang og søknadsfrist 15. mars (akkurat forlengja til 17.3 pga. problem med e-søknad), ligg det i korta at tema blir endå meir aktuelle.

Lars Marius Garshol frå Ontopia, som var ein av foredragshaldarane, har skrive eit godt referat frå seminaret, så då prøver ikkje eg å kopiera det. Eg tek heller med eit par bilete han tok frå seminaret (over). På biletet under, som Anne Gro Fredheim hjå Fylkesmannen i S. og Fj. har teke, ser vi Ove Nyland i Norge.no i samtale med politisk rådgjevar Jørund Leknes, Fornyings- og adm.dep. (FAD).

søndag 5. mars 2006

Supercar Showdown

Eg skreiv i ein tidlegare artikkel om ein test av 10 sportsbil-ikon frå heile det 20. århundre; frå ein 1904-mod. Mercedes 28/32 til Lotus Elise frå 1997. Racing-legende John Surtees stod for testinga.

I ein annan test av nyare superbilar (hmm, høyrest ikkje ut som ei heilt bra oversetjing av begrepet Supercar) er det ein annan legende, Derek Bell, som står for testinga. Ei feitare samling bilar skal ein sjå lenge etter:

1. Ford GT 40 (150 kB)
2. Lamborghini Miura
3. Maserati Bora
4. De Tomaso Pantera
5. Lamborghini Countach
6. BMW M1
7. Porsche 959
8. Ferrari F40
9. McLaren F1
10. Ferrari 360 Modena F1

Dette er superbilar frå siste del av det 20. århundre, dei fleste alt klassikarar. Berre å samla desse bilane på eitt brett må ha vore litt av ei utfordring i seg sjølv.

Så kva var sluttinntrykket til Derek Bell etter å ha kost seg ein heil dag med desse bilane på bane? Stikkordet er 40. Til slutt er det Ford GT 40 og Ferrari F40 som kjem ut som dei mest imponerande bilane. Imponerande er det også fordi Ford GT 40 er den eldste av alle desse; den vart lansert i 1964 som ein Ferrari-dødare (etter Fords mislykka forsøk på å kjøpa opp Ferrari).

Bell er sjølvsagt også imponert over bilar som McLaren F1, men den er "i ein klasse for seg" som han seier. Bilen som skuffar mest, er Miura-en (!).

Så er det berre å venta på ein ny superbil-test. Denne gongen med bilar etter tusenårsskiftet; som Porsche Carrera GT, Mercedes SLR, Ford GT, Bugatti Veyron 16/4 osv.

fredag 3. mars 2006

Heia Førde!

Det svingar i Førde for tida! Frå absolutt botnmål i Helse Førde til toppnotering hjå Sparebanken Sogn og Fjordane. Ein svært synleg skilnad på dei to verksemdene er at der Helse Førde er "Førde mot resten", legg banken alltid vekt på fylket og profilerer Sogn og Fjordane så ofte dei kan. Lurt!

Avtalen med Gjensidige om å etablera og driva nettbank for forsikringsselskapet er eit kupp av dei store. men det forpliktar også - no må Norges beste nettbank etablerast, verken meir eller mindre. Som brukar av mange nettbankar - den første var faktisk Postbanken sin, og det var forløparen for nettbank med oppringt modem - meiner eg å ha kvalifiserte synspunkt på brukarvennlege nettbankar. Det er ikkje mange av dei, den einaste eg har brukt som fyller dei fleste krava, er Skandiabanken sin. Og den må altså Sparebanken SFj og Gjensidige toppa. Det blir ikkje lett.

Skulle gjerne ha hjelpt til der, ja... Som far til Pelle i "Pelle Erobreren" seier i det han stig i land i Danmark: "Jag erbjuder Er mitt Arbete" (men det var ingen som ville ha han...)

onsdag 1. mars 2006

Håplaus mobilskatt

Med fare for å bli teken for Frp-sympatisør: Den nye mobilskatten er eit eksempel på håplaust forelda tenking. Det ville vore betre om grunngjevinga var at dei treng pengane, og dette er ein enkel måte å ta dei inn på. Det er omtrent som grunngjevinga for den nye flyskatten, der pengane skal gå til medisin til fattige land. Veldig vanskeleg å vera mot den saka, men det er like fullt brist i logikken.

Når det gjeld mobilskatten trur eg likevel det er ei underliggjande forståing at mobiltlf. betalt av arbeidsgjevar er eit gode, den blir jo også brukt privat. Men stadig fleire jobbar er ikkje 9-4 der det er eit skarpt skilje mellom arbeid og fritid - det er gammaldags tenking. Greitt nok at det minkande skiljet mellom arbeid og fritid skaper problem, men denne skatten er ikkje middelet for å retta det.

I 5-6 år har eg hatt berbar PC som eg har hatt med meg heim kvar dag. Her ligg det mykje unytta skatteinntekt for staten. Tenk kva fordeler eg har hatt av PC-en. Nei, lat oss få ein skatt på berbare PC-ar også, trass alt klarer dei fleste seg med ein stasjoner? Og det ville passa betre til ideen om å leggja att mobiltlf. i det du går ut av kontoret.

Kvifor er det alltid berre Frp som står opp mot slikt tull??