søndag 8. oktober 2017

Kvifor har Bitcoin verdi?

I samband med Forskingsdagane 2017, som har tema verdi og kva som gjer noko verdifullt, har eg skrive ein kronikk som stod på trykk i Sogn Avis og Firda i går. Kronikken har tittelen "Kvifor har Bitcoin verdi?". Tittelen minner mykje omTorbjørn Bull Jenssens masteroppgåve i samfunnsøkonomi frå 2014, "Why Bitcoins Have Value, and Why Governments Are Skeptical". Kronikken hentar sjølvsagt frå Torbjørn si oppgåve, men er ikkje ein kortversjon. Eg vil tilrå lesa oppgåva (også).

Oppdatering 03.11.17: Forsking.no har også publisert kronikken.



Kvifor har Bitcoin verdi?

Mange har høyrt om Bitcoin, desse merkelege Internett-pengane som på få år har auka frå mindre enn eitt øre til i dag rundt 30.000 kroner for ein bitcoin. Korleis er det muleg når det ikkje er noko handfast bak, berre programvare med eitt-tal og nullar?

Svein Ølnes, forskar innan teknologi og samfunn ved Vestlandsforsking

Spørsmålet om korleis digital valuta kan ha verdi, fører oss fort til dagens offisielle pengar – norske kroner, euro eller amerikanske dollar. Korleis kan dei ha verdi? Desse pengane er jo heller ikkje knytte til noko konkret; ein 200-kronerssetel er berre papir, og om du går til Norges Bank, kan du berre få att ein ny 200-kronerssetel.

Gullstandarden
Det var lettare å forstå verdien av pengar den gongen pengane våre var knytte til gull. Då kunne du gå til banken med ein pengesetel og få ut ei tilsvarande mengde gull. Gullstandarden vart avskaffa i 1971, då USA sin president Richard Nixon i ein vidgjeten tale kunngjorde at det var slutt på koplinga mellom dollaren og gull. Mange frykta at pengesystemet då ville bryta saman, sidan pengane ikkje lenger var knytte til noko konkret. Men det gjekk bra; overgangen skjedde utan dramatikk.

Pengar baserte på tillit
Men kva er det då som gir vanlege pengar verdi? Jau, ein tillit til at staten held orden i dei økonomiske sakene og ikkje rotar det til for oss. Det kan verka sjølvsagt for oss, men det er nok å spørja ein innbyggjar i land som Venezuela, Argentina eller India (lista er lang) for å sjå at det ikkje er slik overalt.

Så lenge styresmaktene held styr på økonomien, kan innbyggjarane ha tillit til at pengane held seg nokolunde i verdi. «Nokolunde» betyr her at dei fleste land styrer etter eit inflasjonsmål på rundt 2–2,5 prosent. Med andre ord vil 100-lappen du hadde ved nyttår berre vera verd 97,50 når året er omme.

Det motsette av inflasjon er deflasjon. Då blir pengane meir verde etter som tida går. Om økonomar er redde for høg inflasjon, er dei endå meir redde for deflasjon. Deflasjon fører til at folk flest vegrar seg for å bruka pengar. Buksa som kostar 1000 kroner i dag, vil i realiteten kosta mindre neste dag, og endå mindre ei veke seinare fordi pengane aukar i verdi. Dei som har lån får ekstra tøffe tider fordi lånet blir større og større i realverdi. Dette skjedde mellom anna på 1930-talet, etter det store krakket.
Tilliten til pengar er difor avhengig av at styresmaktene held orden på økonomien.

Bitcoin-kur i USD fram til oktober 2017
Pengar kan vera så mangt
Gjennom historia har mykje rart fungert som pengar. Fjør av sjeldne fuglar, perler, skjel og mykje anna har vorte nytta som bytemiddel i handel med varer. Økonomar er ueinige om korleis pengar først oppstod, men dei eldste myntane kan sporast tilbake til 5–600 år før Kristus.

I dei fleste lærebøkene i økonomi kan me lesa at pengar oppstod fordi byte av varer etter kvart vart tungvint. Den som hadde korn å selja og ville kjøpa kjøt, måtte finna nokon som hadde kjøt å selja og som ynskte å kjøpa korn. Pengane kom til nytte som eit middel for å gjennomføra handel.

Det er likevel mykje som tyder på at denne teorien ikkje stemmer. Folk har handla i tusenvis av år, også utan pengar. I den sumeriske kulturen førte dei rekneskap på leirtavler og skreiv opp kven som skulda kva. Handelen var med andre ord basert på gjeld , og det som på fagspråket heiter IOU («I owe you»).

Krava pengar må oppfylla
Det er enkelte sentrale krav til varer om dei skal fungera som pengar. Dei må vera avgrensa i tal, haldbare, transportable og vanskelege å forfalska. I tillegg bør dei også kunna delast opp i mindre einingar og kunna bytast fritt mellom personar. Det siste betyr at dei må vera einsarta og i praksis ikkje kunna sporast.

I 1749 sende Hew Craufurd ein 20-pundssetel i posten til ein mottakar. Setelen kom ikkje fram; truleg vart han stolen på vegen. Som den pertentlege mannen han var, hadde Craufurd notert serienummeret på setelen, og sette inn ein annonse i avisa. Setelen dukka etter kvart opp i Bank of Scotland. Craufurd gjorde krav på setelen og det vart til slutt ei rettssak. Dommaren kom fram til at Craufurd ikkje kunne gjera krav på setelen, sjølv om han beviseleg var identisk med setelen som hadde kome på avvege. Hadde Craufurd vunne fram med kravet, ville dagens pengesystem vore annleis. Du kan med andre ord ikkje gjera krav på ein setel med eit spesielt serienummer.

Kva med Bitcoin?
Bitcoin fyller alle krava over, og kan slik sett fungera som pengar. For å forstå verdien av den nokså nye, digitale valutaen, må me likevel sjå forbi sjølve pengane bitcoin og mot det underliggjande systemet. Bitcoin er også eit eige betalingssystem i tillegg til å vera pengar. Det er eit system som let deg overføra pengar utan å gå via ein tredjepart, som vanlegvis er ein bank. Eg kan like lett overføra bitcoin til ein bonde i Nepal som til kollegaen min på nabokontoret. Det einaste kravet er at ein må ha ein mobiltelefon. Du kan sjå på det som eit Vipps som fungerer over heile verda, uavhengig av om mottakaren har bankkonto eller ikkje.

Men som Craufurd sin setel, har Bitcoin også eit slags serienummer. Alle dei digitale myntane kan sporast tilbake til augneblinken då dei oppstod. Det er difor ein diskusjon om valutaen eigentleg fyller kravet om å vera ombyttbar.

Pris er lik forventningar om framtida
Pengar kan som kjent både stiga og falla i verdi, og for Bitcoin peikar pilene førebels oppover. Det handlar om at teknologien bak pengane, den såkalla blokkjeda, har vist seg å kunna brukast til langt meir enn pengeoverføringar. Det har skapt forventningar og fått pengedelen av Bitcoin til å auka kraftig i verdi. Å setja ein verdi på Bitcoin blir difor nesten som å prøva å setja ein verdi på sjølve Internett. Alle skjønnar kor viktig nettet er, men fordi det er ope og fritt, er det ikkje sett nokon verdi på det. Bitcoin er «Internettet av pengar», og med pengane bakte inn i systemet, får det òg ein konkret verdi. Om verdien av Bitcoin vil halda fram med å auka, veit ingen svaret på. Akkurat det har Bitcoin til felles med gammaldagse pengar.

torsdag 5. oktober 2017

Regulering av bitcoin

Svar på siste innlegget til Espen Sirnes i debatten om Bitcoin bør forbyast. Den stod på trykk i Dagens Næringsliv 13.10.17.

Regulering av bitcoin
Svein Ølnes og Guttorm Flatabø, Vestlandsforsking, 03.10.2017
Espen Sirnes, UiT, gjev i eit lesarinnlegg i DN 27. september uttrykk for at det skal vera sprik i svara på innlegget hans frå Marius Hansen og oss. Det er ikkje noko slikt sprik. Hansen peikar på omfattande registrering på marknadsplassar for bitcoin, noko me også gjer i vårt innlegg. Me la også til at bitcoin kan sporast tilbake til IP-adressa til avsendar og mottakar. Men som hovudsak er bitcoin-kjøparar alt registrerte gjennom børs-handelen.
Bitcoin og anna kryptovaluta er i dag i eit limbo. Lover og reguleringar er ikkje laga for digitale valuta og nyvinningane som følgjer med. Dei bedriftene som likevel prøver seg, freistar som regel å følgje lovene så godt det let seg gjere. «Børsane» held som regel også nøklane til både kjøpar og seljar, noko som i seg sjølv er problematisk sikkerheitsmessig.
Men det Sirnes i bunn og grunn ser ut til å ta til orde for, er at staten eller bankane skal halde nøklane til alle pengar den dagen fysiske kontantar er avvikla. Det er konsekvensen av hans argumentasjon. Likevel har han «stor tro på blokkjedeteknologien», ein teknologi ingen ville fått høyrt om dersom Sirnes’ idé hadde vore rådande frå starten av.
Skatteetaten må arbeida for å få informasjon også frå Bitcoin- og kryptobørsar på same måten som dei i dag får informasjon frå andre finansinstitusjonar. Finanstilsynet må også regulere bitcoin-handel slik dei regulerer annan valutahandel. Og så må det arbeidast for internasjonale avtalar på området, slik skattedirektør Hans Chr. Holte generelt tek til orde for i DN 28. september. Det må også leggjast betre til rette for å betala korrekt skatt av kryptovalutahandel, og her har styresmaktene ei utfordring i å gjera prosessen enklare for folk.