søndag 27. juni 2010

Elektronisk dømming NO!

England har akkurat fått underkjent ein scoring der ballen er ein halvmeter innafor målstreken - ein skandale! Eg har teke opp tidlegare behovet for elektronisk dømming og eg har særleg tenkt på offside. Men å avgjera om ein ball er innafor målstreken kan då ikkje vera så vanskeleg? Det er snakk om å ha eigne måldommarar, men det meiner eg er ein dårleg ide.

Det trengst ikkje fleire dommarar, men betre verktøy. Videokamera kan enkelt avgjera om ballen har vore over streken, og det vil ta dommaren maks. eit halvt minutt å få ei avklaring. At det blir gjort feil i VM i 1966 er forståeleg, men at same type feil blir gjort i 2010 er ikkje akseptabelt.

Alfa i 100!


Alfa Romeo feirar 100 år i desse dager. Anonima Lombarda Fabbrica Automobili, betre kjendt under forkortinga ALFA, vart etablert i Milano i 1910. For bilelskarar representerer merket noko av det beste innan sportsbilar. I motsetnad til Ferrari og andre italienske kjende sportsbilar, har Alfa Romeo alltid laga familiebilar, men med eit sterkt sportsleg snitt. I følgje programleiarane av Top Gear kan ingen kalla seg skikkeleg bilidiot (petrolhead) utan å ha eigd ein Alfa.

Men det var først med Giulietta i 1955 at det vart fart over salet. Ikkje rart at Alfa Romeo i jubileumsåret har lansert ein ny Giulietta. Og dei kan trengja ein ny suksess. Dei siste 20-30 åra har det vore glideflukt nedover både i sal og kvalitet for det renommerte merket. FIAT overtok kontrollen i 1986 og redda dei vel frå konkurs. Men elles har ikkje samlivet med Fiat ført så mykje positivt med seg.

For min del er GTV-en (Gran Turismo Veloce) den flottaste, av dei oppnåelege. Den klassiske modellen vart laga frå 1967 - 1976 (1750 fram til 1971 og deretter 2000). Av dei uoppnåelege er sjølvsagt 8C Competizione den ultimate; den vakraste bilen på lange tider. GTV-en har perfekt vektbalanse (50:50 på fram- og bakaksel) mykje på grunn av at girkassen er flytta bak til bakakselen. Her er eit eksempel på ein Alfa Romeo GTV 2000 frå 1974 til sals på Finn.no:

torsdag 24. juni 2010

Dei gamle er eldst - og for gamle!


Dei gamle er rett og slett er vortne for gamle. Frankrike og Italia gjekk på hovudet ut av VM. Det blir gjort eit stort poeng av at det er dei to finalistane frå forrige VM, og med Italia som regjerande meister. Men det er vel her mykje av forklaringa også ligg: mangel på fornying og spelarar som har nedovergåande kurve.

Det er alltid ein fare for å unnlatelsessynder når ein er på topp. Det er alltid lettare å halda fram med eit vinnande lag (never change...), men det er ein farleg strategi. "Krise er alle framstegs mor" heiter det, og både Frankrike og Italia blir no tvinga til å ta det generasjonsskiftet dei skulle ha starta på for fire år sidan.


Eg kjem ikkje til å sakna verken Frankrike eller Italia. Frankrike spelar veldig underhaldande fotball på sitt beste, men det begynner å bli ei stund sidan. Italia er kynikarar til fingerspissane og fekk denne gongen smaka sine eigen medisin.

Det positive med Italias exit er i tillegg at defensiv taktikk blir straffa og offensiv legning premiert. På bakgrunn av det er Argentina favoritten min, og Brasil er det ikkje. Brasil under Dunga framstår på mange måtar som det nye Italia.

søndag 20. juni 2010

Jabulani - nok badeball no!


Mykje har vore sagt og skrive om årets VM-ball Jabulani. Badeball er eit av orda som har vore nytta, og ballen går uforutsigbart på skot. Men så langt har det vore få gode skot og mange frispark som har vorte blåste høgt over mål. Alle dei gode frispark-skyttarane samla i VM kan umuleg ha vorte så dårlege på så kort tid. Så mest sannsynleg er problemet ballen.

Hugsar eg ikkje feil, vart mykje av det same sagt om forrige VM-ball - den var også lett og vanskeleg å berekna for målvaktene. Men det var tydelegvis ein betre ball for det var langt fleire gode skot i VM i Tyskland. No er me framleis ikkje ferdige med innleiande gruppespel, men så langt tyder VM på at Adidas ikkje har treft godt denne gongen.

Eg trur det voldsomme fokuset på å laga ein ball som skal vera vanskeleg å berekna for målvaktene har gått for langt. På tide å ta eit par steg tilbake - kanskje var ballen frå 2006 betre?

torsdag 17. juni 2010

På tide med elektronikk i fotballen


Med til dels svært god dømming, og særleg offside-dømming, til no i VM, er det kanskje litt feil tidspunkt å etterlysa elektronisk hjelp i dømminga. Men det er på tide me får elektronisk hjelp til å avgjera offside, om ballen er over linja (mållinja, sidelinja, kortlinja). I det eg skriv dette, scorar Mexico mot Frankrike på noko som luktar offside, men som er veldig vanskeleg for ein assistentdommar å sjå.

Dag Solstad seier i eit intervju i Dagens Næringsliv sist laurdag at tilfeldigheiter og urettferd ikkje må fjernast frå fotballen, det er ein viktig del av spelet. Eg er ikkje heilt einig med han, sjølv om eg forstår at det menneskelege dimensjonen er veldig viktig. Men eg trur ikkje tennisen har tapt på å få elektronisk kontroll av ballen, og eg trur også fotballen blir styrka av det. Dommarane har uansett nok å hengja fingrane i, og kan heller konsentrera seg om dei mange tjuvtriksa og farlege taklingane som stadig skjer.

Fotballen er i sin natur veldig konservativ, og det har vore små endringar opp gjennom tida. Men sjølv om det var mange som protesterte mot nye reglar, er det vel ingen som meiner at det var feil å innføra innbytarar (fram til VM i 1966 var det ikkje lov å setja innpå nye spelarar!). Tre poeng for seier var også ei stor endring med stor motstand. Det er utenkjeleg å gå tilbake til den gamle poengordninga med 2-1-0. Forbod mot tilbakespel til målvakt er ei anna endring som har vore udelt positiv. Ikkje berre har den sett ein stoppar for ultra-defensivt og lite underhaldande spel, men den har også gitt målvakta ein heilt ny rolle og ført til utvikling av ein ny målvakt-type.

Teknologien for elektronisk dømming av offside er på plass og det er på tide å innføra den. Eg håpar å få sjå det i VM i 2014.

søndag 13. juni 2010

Altinn - Ikkje akkurat døgnopen forvaltning


"Altinn er ikke tilgjengelig
Altinn er stengt fra fredag 11. juni kl 1600 til tirsdag 15. juni kl 0800 i forbindelse med produksjonssetting av ny versjon. Altinn Brukerservice er også stengt i denne perioden."

Dette står å lesa på www.altinn.no, og det er så langt frå døgnopen forvaltning som du kan komma. Det er ganske utruleg å lesa noko slikt i juni 2010!

'Døgnopen forvaltning' var slagordet til Stoltenberg I-regjeringa, men vart droppa då Jens laga ny regjering etter Stortingsvalet i 2005. Og det var kanskje like greitt at han ikkje tok med seg slagordet, i alle fall sett på bakgrunn av Altinn.

Stenginga av Altinn i nesten 4 døgn (!) er så lite i tråd med web-ens natur som det går an. Me kan ikkje ein gong snakka om web 1.0, for dette høyrer til tida før web-en. Den gongen kunne ein sjølvsagt ta ned eit system i fleire dagar for vedlikehald og oppgradering, i dag bør det ikkje vera muleg. Med web 2.0 er krav og forventningar skjerpa ytterlegare og publikum forventar no 24/7 året rundt.

Viktige web-tenester må oppgraderast kontinuerleg medan dei er i bruk. Det er som professor Erik Monteiro ved NTNU sa i opningsforedraget på NOKOBIT 2009: " Det er som å byggja om ein jumbojet - i lufta!". Tøft, men heilt nødvendig.

Tenk deg nettbanken som annonserer at dei stenger tenesta i 4 dagar for oppgradering. Eller at Google skulle annonsera det same. Det ville sjølvsagt vera reine sjølvmordet. Men offentleg sektor kan dessverre gjera som dei vil, for det er ingen alternativ. Akkurat her viser dei korleis slike posisjonar blir misbrukte.

Det er å håpa at Altinn (og det er vel Skatteetaten som står bak?) ikkje slepp unna med dette utan bråk. Slikt bør ikkje kunna skje i vår tid, offentlege etat eller ikkje.

fredag 11. juni 2010

VM i fotball er i gang!


(logoen er den offisielle FIFA World Cup 2010 logoen) Så er VM i fotball endeleg i gang. For meg har VM i fotball vore det største sidan 1974 og eg har sett fram til kvart nytt VM med spenning. Sjølv om det starta i 1974 for min del, og med skuffelse over at Nederland vart slått av Vest-Tyskland, så var det VM i Argentina i 1978 interessa for alvor vart tent. Den første helten min vart Mario Kempes, ein (den?) avgjerande person for Argentina sin seier på heimebane, lett kjenneleg på ei enorm "heddna". Her er eit knippe nostalgi i form av Kempes-scoringar:



VM i fotball er både magi og dramatikk og framfor alt god fotball. Slik sett er det heilt ok at Norge ikkje er med; eit dårleg norsk lag i VM ville ikkje vore noko særleg. Kanskje kan Drillo få sving på laget og klara ei ny kvalifisering. Og med den spelemessige framgangen som til dels har vore siste året, kan me kanskje ha noko å bidra med om eit par år (EM).

Også veldig bra for Afrika, og særleg Sør-Afrika, at kontinentet endeleg fekk arrangementet. Dei skulle hatt det i 2006, men tapte med ei stemme. I ettertid er det kanskje like bra, for dei har fått betre tid på seg til å førebu det kjempe-arrangementet dette er. Det er verdas største idrettsarrangement.

Mykje av spenninga er også knytta til at det som regel er uråd å spå kven som vil vinna. Ekspertane tek i alle fall som regel feil, sidan favorittane sjeldan innfrir. For meg er det stor sett det same kven som vinn, så lenge det skjer med god, offensiv fotball.

Og opningskampen enda som vanleg med uavgjort, 1-1. Men det var øyeblikk av magi; både i Sør-Afrika si scoring og dos Santos sitt herlege skot mot vinkelen, men som målvakta redda. Eigentleg litt rart at Mexico ikkje er eit betre lag. Dei burde ha like store ressursar som Argentina, og kanskje Brasil, men er likevel klart dårlegare.