torsdag 24. mars 2016

BIS - Sentralbankane sin sentralbank

Tower of Basel - om den lyssky
sentral-sentralbanken BIS
Bank for International Settlements, BIS, blir kalla "Den internasjonale oppgjersbanken" på norsk og er "sentralbankanes sentralbank". Adam Lebor har i boka "Tower of Basel - The Shadowy History of the Secret Bank That Runs the World" skrive historia om banken som vart oppretta i 1930. Orda "shadowy", "secret" og "runs the world" er den fortetta versjonen av denne historia. At banken fekk hovudkvarteret i Sveits var ikkje så rart - finans & sekretesse har nærmast vore "core business" for Sveits.

Oppretta i 1930
BIS vart oppretta i 1930 av sentralbankane i England, Frankrike, Tyskland, Italia og Japan. Sentralbanken/-ane i USA, Federal Reserves, ville ikkje delta, men tre private amerikanske bankar var med: J. P. Morgan, First National Bank of New York og First National Bank  of Chicago. Bank for International Settlements hadde tre føremål då den vart oppretta:

  1. Handtera Tyskland si tilbakebetaling (krigsskade-erstatning) etter første verdskrigen, etter den såkalla Young-avtalen.
  2. Sørgja for samarbeid mellom sentralbankar.
  3. Vera ein bank for sentralbankar.
Svensk teknokrat som arkitekt
Ein av hovudarkitektane bak banken var den svenske øknonomen og teknokraten Per Jacobsson. Han hadde den anonyme tittelen "economic adviser" i BIS, men hadde stor innflytelse på utforminga og utviklinga av BIS. Jacobsson var den som utforma BIS' liberalistiske politikk og den avpolitiserte (amoraske?) og teknokratiske naturen i organisasjonen. I BIS DNA-profil ligg synspunktet om at økonomi og finans bør hevast over politisk påverknad og styrast av fagfolk, i sterk diskresjon. Denne idéen gjennomsyrer det meste av den vestlege finanssektoren fram til vår tid, ikkje minst takka vera BIS og den rolla organisasjonen har spelt etter 1930.

Jacobsson var ein sterk forkjempar for ein pan-europeisk føderasjon; ein europeisk union. Tankane hans om denne unionen var svært nær det som seinare utvikla seg først til eit samarbeid mellom nokre få land og til slutt ein økonomisk union. Han ville nok ha likt det EU me ser i dag, om me ser bort frå dei store økonomiske problema (som han nok ville meint var fordi politikarane blanda seg for mykje bort i økonomisk styring!).

"Tower of Basel" - Hovudkvarteret til BIS
Montagu Norman og Hjalmar Schacht
Utanom Per Jacobsson, som den ideologiske arkitekten, var det sentralbanksjefane Montagu Norman i Bank of England og Hjalmar Schacht i tyske Reichsbank som var dei sentrale personane i BIS. Norman  var den første presidenten i BIS og Hjalmar Schacht vart etter kvart ein god venn av Montagu. Sidan BIS si hovudoppgåve var administrering av Tyskland si tilbakebetaling etter krigen, var det også naturleg at desse to fekk ei hovudrolle i organisasjonen. Schacht var mannen som redda den tyske økonomien etter hyperinflasjonen i Weimar-republikken. Han fekk etablert Rentenmark som ein ny valuta til erstatning for den hyperinflatoriske tyske marken. Rentenmark var ikkje basert på gullstandarden, som var vanleg for valuta på den tida, men på eigedomsverdiar. Det var slik sett ein av dei første fiat-valutaene.

Hjalmar Schacht var den verkeleg sterke mannen i Tyskland i mellomkrigstida. Han fekk først avslag på søknaden som sjef for Reichsbank fordi han fekk sparken frå jobben han hadde under første verdskrig då han føretok ei tvilsam overføring av pengar. Men andre gongen fekk han jobben, og vart med det heilt sentral også for det framveksande Nazi-Tyskland. Schachts sentrale posisjon også i BIS sikra nazistane ein livsviktig finansiell kanal med omverda. Sjølv Hitler var redd for Schacht; han hadde sett kor kynisk Schacht var og den enorme gleda han hadde av å lura andre økonomisk. Med Schacht som sjef for Reichsbank og sentral i BIS fekk Nazi-Tyskland den viktige kanalen til omverda, og ein kanal som ikkje berre var finansiell. Gjennom BIS vart det også føreteke sonderingar av politisk karakter og ført diskusjonar om kva som skulle skje etter krigen og korleis Tyskland økonomisk skulle stå best muleg rusta til å få i gang att industrien.

Montagu Norman var den britiske sentralbanksjefen og den første presidenten for BIS. Han vart ein god venn av Hjalmar Schacht, og saman styrte dei både sine respektive sentralbankar og BIS i den viktige førkrigsperioden og under andre verdskrigen. Det tette bandet mellom dei to er også ei av forklaringane på korleis BIS kunne bli ein så viktig institusjon for Nazi-Tyskland.

BIS som ei forlenging av Nazi-Reichsbank
Sjølv om BIS offisielt skulle vera nøytrale under siste verdskrigen [i BIS sine auge var alt det dei gjorde "nøytralt" og heva over politikk - det var økonomi!], vart dei ein viktig finansiell kanal for Nazi-Tyskland gjennom Reichsbank og Hjalmar Schachts tette band til institusjonen. Nøytraliteten til BIS var ikkje "verre" enn at institusjonen hjelpte Tyskland å overføra plyndra gull frå m.a. Tsjekkoslovakia til Reichsbank sin konto. Under krigen vart også gull frå privatpersonar, mellom anna frå konsentrasjonsleirane, omsett via BIS og akseptert av BIS som betaling. At noko slikt kunne skje utan at det fekk vidare konsekvensar, er vanskeleg å forstå. Det er også eit grelt eksempel på kva som kan skje når mektige personar hevar seg over demokratiske prinsipp og tek avgjerder som påverkar globalt. Ein skulle tru at slike operasjonar måtte føra til at BIS vart nedlagt, men det skjedde ikkje.

Den kjende sveitsiske "nøytraliteten" kom også godt med. Som det vart sagt om denne: 
For six days a week Switzerland works for Nazi Germany, and on the seventh it prays for an Allied victory

Forsøk på avvikling av BIS
Ikkje alle såg på BIS med like blide auge; særleg etter det som skjedde like før og under andre verdskrigen. I USA gjekk Henry Morgenthau jr., finansministar for Roosevelt [U.S. Secretary of the Treasury], hardt ut mot banken og kravde at den vart lagt ned. Det skjedde under Bretton Woods-konferansen, men den som redda banken var John Maynard Keynes. Hovudsaka under Bretton Woods var etableringa av the International Monetary Fund, IMF, og ei lausare kopling av valutaer til gull ved at berre den amerikanske dollaren vart direkte kopla til gullstandarden. 

Saka om BIS kom likevel opp etter at organisasjonen hadde komme i dårleg lys gjennom fleire medieoppslag. Det var særleg koplinga til Nazi-Tyskland og handtering av gull i okkuperte land som vart framheva, men også koplingane til det enorme tyske kjemikonsernet IG Farben hadde til amerikanske selskap og måten dei hadde drive kartellverksemd på.

Forslaget om å likvidera BIS vart sett fram av ein nordmann (!), Wilhelm Keilhau, i lag med nederlandske delegatar. Det vart hevda at amerikanske styresmakter (Morgenthau og White) stod bak, men let nordmennene gjera den skitne jobben. Men Keynes sette altså foten ned. Han insisterte på at BIS skulle oppretthaldast, elles nekta han og britane å skriva under nokon avtale om etablering av IMF. Og slik vart det; BIS vart redda og kunne konsentrera seg om å finna nye oppgåver i etterkrigstidas Europa.

Nye oppgåver for BIS
BIS var djupt forankra i gullstandarden, og flytting av gull mellom nasjonar var ei av hovudoppgåvene i tida før og under andre verdskrigen. Då gullstandarden vart mindre viktig etter Bretton Woods, var spørsmålet kva BIS sine oppgåver då skulle vera. I motsetnad til vanlege sentralbankar, som hadde ei viktig oppgåve i sikring av transaksjonar mellom bankar og som "lender of last resort", hadde ikkje BIS noka oppgåve i sikring av transaksjonar internasjonalt. Sanninga var at alt det BIS hadde utført, og som var grunnlaget for opprettinga av banken, godt kunne ha vore utført av ein vanleg kommersiell bank. 

Når BIS likevel vaks og fekk endå større makt og innflytelse etter kvart som gullstandarden vart avvikla, skuldast det samanfallet med globaliseringa av finansnæringa. BIS fekk rolla som mellommann, eller "clearinghouse", mellom sentralbankar. BIS og dei sentrale personane i ulike verv der var også pådrivarar for ein europeisk union. Det hadde lege under BIS heilt sidan etableringa i 1930 og var ein av Per Jacobssons hovudtankar. USA var også ein viktig pådrivar i prosessen mot tettare europeisk samarbeid, og mykje av Marshall-hjelpa var utforma på ein slik måte at den tvinga fram eit stadig tettare samarbeid. 

Det tyske "wirtschaftswunder"
Vest-Tysk reiste seg overraskande fort etter dei enorme øydeleggingane under siste verdskrigen. Ved nærmare ettersyn er det ikkje vanskeleg å finna den viktigaste forklaringa: Sentrale industripersonar under Nazi-Tyskland fekk halda fram i leiande stillingar nærmast utan avbrot frå krigen til freden. Det sentrale krigs-konsernet IG Farben [Interessen-Gemeinschaft Farbenindustrie] vart delt opp i fire sjølvstendige firma: BASF, Bayer, Hoechst og Casella; alle med leiarar frå det tidlegare morselskapet. I dag er heiter dei nye konserna AGFA, BASF, Bayer og Sanofi.

European Payment Union
Presset mot ei sterkare integrering av nasjonane i Europa for å leggja band på Tyskland, men også for å skapa ein enklare og meir effektiv marknad for USA, heldt fram. I 1950 vart European Payment Union (EPU) oppretta og BIS fekk ei sentral rolle i samband med dette. For kvart nytt steg mot eit tettare europeisk samarbeid stod BIS klar til å ta nye oppgåver.

Året etter vart kol- og stålunionen (European Coal and Steel Community - ECSC) mellom Frankrike, Vest-Tyskland, Italia og BeNeLux-landa oppretta. Dette er sett på som grunnlaget for dagens EU. Franskmannen Jean Monnet var arkitekten bak unionen og er også rekna som "far" til dagens EU. Ideologien til Monnet var den same som den som låg bak BIS: eit teknokrati frikopla frå "brysame" politikarar. Interessant nok vart Monnet aldri valt til noko offentleg verv, likevel har han vore den viktigaste personen i etableringa av EU. Det er ein klar parallell til måten BIS vart etablert og har fungert.

BIS og kynisk kapitalisme
Den høgst udemokratiske BIS ga i stadig større mon "velmeinande" råd til ulike nasjonar, og råda var alltid dei same: få bukt med inflasjonen og kutt i offentlege utgifter ("austerity"). Det er ganske tvilsamt at ein lukka, elitistisk og anti-demokratisk institusjon som BIS, heva over tradisjonell politikk, har fått lov til å utvikla seg på ein slik måte. Historia om BIS og Nazi-Tyskland burde vore nok til å avvikla organisasjonen, eller i det minste innført meir politisk kontroll, men slik vart det ikkje. BIS har dermed vorte symbolet på kynisk kapitalisme.

Kva bør gjerast med BIS?
Forfattaren listar tre ting som bør gjerast for å betra BIS:
  1. BIS må opnast opp slik at omverda får vita kva som blir diskutert, kven som er til stades osv. Det må bli referat frå møta og pressekonferansar der det er muleg å stilla spørsmål.
  2. Den juridiske immuniteten må fjernast slik at BIS og dei sentrale personane som styrer organisasjonen, kan stillast til ansvar.
  3. Den store formuen BIS har samla gjennom store, årlege overskot, bør setjast av til humanitære føremål.
Adam Lebor har skrive ei interessant og viktig bok som set søkjelys på ein mektig, men lyssky organisasjon. For eigen del tykkjer eg det mest interessante har vore å lesa om BIS som sjølve symbolet på den globale finansutviklinga, og om dei hendingane som har lagt grunnlaget for EU.

mandag 7. mars 2016

Ta Bitcoin på alvor!

Ill.: Zach Copley (CC BY-SA 2.0)
Følgjande lesarinnlegg stod på trykk i Computerworld nr. 7, veke 9 2016 (den er ikkje tilgjengeleg på nettet førebels):

Computerworld har i overraskande liten grad interessert seg for Bitcoin og blokk-kjedeteknologien bak. Bortsett frå enkelte sensasjons­prega oppslag har det vore lite skrive om fenomenet. Det er på høg tid å ta den banebrytande teknologien på alvor. Eg følgjer difor opp lesarinnlegget frå Matthias Peter, Cognizant Norway, i CW 2/2016 der han peiker på ein del av potensialet i finanssektoren.

Ulikt mange andre motebegrep med varierande substans, er Bitcoin basert på handfast og nyskapande teknologi. Det store gjennombrotet Bitcoin representerer, er kort fortalt bevis av eigarskap utan bruk av tredjepart. Det er eigarskap i vid forstand, ikkje berre valuta/pengar,  som har fått mest merksemd.

Norge er dessverre seint ute igjen når viktige teknologitrendar, for ikkje å seia teknologi-paradigme, veks fram. Der er eit paradoks når me tenkjer på kor raske nordmenn elles er med å ta i bruk ny teknologi. Innan bank og finans står me i fare for å gå i «Nokia-fella»: me har jo verdas beste og mest effektive betalingssystem, kvifor skal me då bry oss?

Bitcoin og blokk-kjedeteknologien har potensial til å endra mykje på langt fleire område enn bank og finans. Bruksområda er mange, både i næringsliv og i offentleg sektor. Kva form og kva namn dette får, er framleis uklart, men at Bitcoin og blokk-kjedeteknologi har komme for å bli, og også komme for å røska opp i gamle, stivna system, er ganske sikkert.

Det viktigaste er likevel at Bitcoin er ein open plattform for vilkårslaus (permissionless) innovasjon, akkurat som Internett i seg sjølv. Kven som helst kan ta utgangspunkt i programkoden og utvikla nye løysingar. Og mange gjer nettopp det; det skjer veldig mykje spennande utvikling med utgangspunkt i Bitcoin-infrastrukturen.


Avslutningsvis vil eg peika på eit eksempel på bruk av Bitcoin henta frå offentleg sektor, for å visa det vide bruksområdet teknologien har. Hausten 2015 følgde eg MOOC-kurset Digital Currencies frå universitetet i Nicosia og nyleg fekk eg vitnemål for gjennomført og bestått kurs. Det spesielle er at kursbeviset ligg lagra på Bitcoin-blokkjeda, i form av eit «fingeravtrykk» (ein hash av dokumentet). På den måten kan mottakarar av CV-en min enkelt sjekka at kursbeviset er ekte og at eg ikkje har endra på noko i etterkant. Det er lett å tenkja seg verifisering av dokument av mange typar på bakgrunn av eksempelet.

tirsdag 1. mars 2016

Let's talk Bitcoin

Logo for "Let's talk Bitcoin" podcast
Hi everybody! It's the ..th of ..y, 20xx, and this is episode xxx.
This show is intended for informational and educational purposes only. Crypto currency is new, exciting and empowering, but we are not experts, just obsessed companions walking the road towards a more peer-to-peer future.

Slik startar episodane av podcasten "Let's talk Bitcoin" med Adam B. Levine som vert. Viss du vil følgja med på utviklinga av Bitcoin og få ei djupare forståing for teknologien og dei mange spennande prosjekta knytt til krypto-valuta, er dette rette plassen. Men det finst sjølvsagt ein haug av andre informasjonstenester om Bitcoin også! Problemet er her som mange andre stader navigering i jungelen av informasjon. LTB blir publisert to ganger i veka, men det er snakk om å redusera det til ein gang.

Ei anna god kjelde til Bitcoin-teknologi og det siste nye innan Bitcoin-utvikling, er podcasten  "Epicenter Bitcoin" med vertskapet Brian Fabian Crain og Sébastien Couture. Podcasten er tilgjengeleg frå fleire stader, m.a. SoundCloud. Den kjem ut med ny episode ein gang i veka.

I tillegg finst det meir strukturerte undervisingsopplegg (MOOC) som t.d.