lørdag 30. desember 2006

ELMER 2













Etter det uheldige møtet med det elektroniske skjemaet til Fylkesmannen, måtte eg inn og sjå litt meir på retningslinjene i ELMER 2. ELMER vart starta som eit samarbeidsprosjekt mellom Nærings- og handelsdep., NHO og HSH i 2000 for å sjå på elektonisk innrapportering. Prosjektet enda opp med nokre retningslinjer for god skjermdialog og med kimen til ein mal for slike dialogar.

Dette vart vidareutvikla i første rekkje av Skattedirektoratet og ELMER 2 vart formulert i slutten av 1995 2005 [Tor N. har korrigert meg på denne]. Tor Nygård i Forvaltningsinfo as har heile tida vore sentral i dette arbeidet. Han snakkar mellom anna om "skjemaet som lærte å lytta" - og viser både god kjennskap til offentleg sektor, men ikkje minst god kjennskap til kva som gjer eit skjema, eller ein skjermdialog, god.

Det er difor litt overraskande å sjå at retningslinjene i ELMER 2 ikkje er spesielt opptekne av lagring. Eller rettare sagt: dei meiner at eigen lagringsknapp ikkje skal finnast, men at det skal lagrast automatisk så ofte som muleg.

Her er eg litt ueinig med ELMER. Eg meiner ein god brukardialog er den som gjev brukaren kontroll over mellom anna lagring. Sidan eit skjema også bør vera konstruert slik at brukaren kan hoppa ut når som helst, er det etter mitt syn viktig at det finst ein lagringsknapp på kvar side. Då er brukaren trygg på at innhaldet blir lagra. I motsett fall vil det alltid vera ein viss usikkerheit med omsyn til om det har vorte lagra eller ikkje.

fredag 29. desember 2006

Kardinalfeil i brukargrensesnitt









Sit med eit søknadsskjema frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane saman med ein kommune og har akkurat funne ut at alt som vart lagt inn i skjemaet er borte. Skjemaet er bra laga og følgjer etter det eg kan sjå Elmer-retningslinjene (du kan lesa meir om desse på www.elmer.no).

Men, og det er eit stort men, skjemaet manglar ein lagringsknapp! For å komma fram til lagringsknappen må du først trykkja 'Avbryt' og så kjem det fram ein knapp for lagring av skjemaet. Dette er heilt feil utforming av brukargrensesnitt - det er som å først skulla trykkja Escape-tasten for å kunna lagra. Avbryt betyr avbryt, underforstått utan å lagra. Det er motstykket til lagring.

Lurer på om dette skjemaet har vore brukartesta før det vart sett lagt ut på nettet?

torsdag 28. desember 2006

2 meter verdshistorie!

Årets julegåve var nok utan tvil to meter med verdshistorie. Det var broder Njål som fann denne i Berlin. "2000 Jahre - Geschichte am laufenden Meter" er den fulle teksten.

Det startar naturleg nok med Jesus; som 7-åring i år 1 (tippar diskusjonen om dei ulike hendingane startar alt her...) og sluttar med verdsveven, www, i 1999/2000. Dei fem første og fem siste historiske markeringane, er:

  • Jesus 7 Jahre alt (1)
  • 1. Öffentliches Bibliothek in Rom (10)
  • Bergpredikt (28)
  • Caligula * Nero - Cäsaren-wahnsinn (37)
  • Missions-reisen des Paulus (45)
  • ...
  • Sputnik-Schock (1957)
  • Woodstock (1969)
  • Iran - Islamische Revolution (1979)
  • "Wir sind das Volk" (1989)
  • WWW (1999/2000)
Det er i snitt ei hending pr. centimeter, altså rundt 200 i alt. Men som meterstokk er den relativt ubrukeleg...

torsdag 21. desember 2006

Statoil + Hydro = dessverre sant

Denne bloggen skal først og fremst handla om it-saker, men av og til gjer eg eit unnatak. Det undrar meg at samanslåinga av Hydro sin olje- og gassdivisjon med Statoil blir møtt med nesten unisone heia-rop. For er dette særleg lurt, sett frå Ola og Kari si side?

Det er ein undarleg logikk som blir brukt som grunngjeving for samanslåinga: Vi må bli større for å kunna konkurrera om oppdrag internasjonalt. Ja, det høyrest jo heilt tilforlateleg ut. Men sidan dette er statleg kontrollerte selskap, bør heller spørsmålet vera: Er det ei offentleg oppgåve å utvinna olje i trøblete statar som Algeri, Angola, Aserbadsjan, Nigeria og Iran? Sjølve verstinglista av korrupte regime? Eg meiner svaret heilt klart er Nei.

Dersom spørsmålet hadde vorte formulert litt annleis, ville kanskje svaret vore meir opplagt. Tenk deg at politikarane fekk følgjande forslag på bordet: Norge må ta 500 mrd av oljeformuen og oppretta eit gigantisk selskap som skal ut i verda og slåst om olje- og gassoppdrag. Det forslaget ville naturlegvis ikkje hatt ein sjanse. Kvifor skal vi så spela lotto med mine og dine pengar? Er dette ei nasjonal oppgåve? Private aktørar må for all del prøva seg internasjonalt på dette område, men ikkje staten!

Det finst fleire andre argument mot også. Dersom staten først skal satsa enorme summar på ein bransje, ville det vore best om det var ein bransje med framtida for seg. Olje- og gassutvinning er ein solnedgangs-industri. Fornybar energi ville vore eit mykje betre prosjekt å satsa pengar på. Eit siste argument er at eit nytt gigantkonsern som dette faktisk er for stort for vesle Norge. Selskapet er verdt like mykje som eit norsk statsbudsjett. Politikarar som drøymer om å kontrollera ein slik gigant kan berre gløyma det - det blir halen som lograr med hunden.

mandag 18. desember 2006

Miside - too little too late?

Eg er nok redd for at dette er for spinkelt og at det kjem litt for seint. Det kan bli vanskeleg å få folk til å gå inn att, når dei ser kor lite som faktisk ligg her.

Eg var med på utviklinga av demo-versjonen av Miside i 2004 og det som har vorte Miside er veldig likt det som var førespegla for 2 1/2 år sidan. Men to og eit halvt år er lenge, og når det i tillegg er ein del mindre informasjon og tenester enn planlagt, er eg i tvil om dette held. I tillegg tvilar eg på om folk flest vil gå til Miside for å få utført kommunale tenester over nett. Dei fleste har vorte vande med å gå til kommunen si heimeside, og vil vel halda fram med det. Det vil i alle fall eg.

Ein del ting undrar meg: Det blir påstått at Miside har vore ferdig i over eit år og at utsetjinga berre er på grunn av Sikkerheitsportalen. Dersom dei ansvarlege har hatt over eitt år til finpussing og feilretting, er det for svakt å prestera såpass elementære feil som brukaren blir møtt med i starten:

- engelsk versjon av innlogging når du går inn på vanleg innloggingsmåte
- rot med språkvariantane (i alle fall på starten av dagen) ved at samisk først kom opp som val etter ei stund
- inga feilmelding om du prøver å oppretta Miside-profil utan å ha samtykka i vilkåra (ingen respons i det heile)

Heilt til slutt: 'Versjonsnr. 1.2.12.3' er vel litt kårni? Kvifor i alle dagar publisera ein så intern informasjon. Det er jo ikkje akkurat nokon fare for at brukarane sit med ulike versjonar av tenesta, er det? At dei er komne forbi versjon 1.2 er vel også eit litt dumt signal. Det blir litt som "festen har pågått lenge, det er berre brukarane som har komme litt seint".

lørdag 16. desember 2006

Bruksnytte i kvardagen

Tine har klart å forvirra oss alle ved å fjerna merkinga på mjølke-kartongane (H-mjølk). Det er ikkje lett å forstå kvifor dei har gjort dette - det blir plutseleg mykje vanskelegare å opna kartongen i rett ende. Det er å håpa at dette berre er ein glipp, ein produksjonsfeil, og at merkinga kjem på plass att.

Tilsynelatande er dette ei fillesak, men den viser godt kor viktig god design og tydeleg merking er for at me lett skal kunna utføra daglegdagse ting. Den som har skrive godt om dette, er Don Norman, i sin klassikar "The Design of Everyday Things".

fredag 15. desember 2006

Ny vestforsk.no

Vestlandsforsking lanserer nye nettsider i dag. Hurra! Me har arbeida med dei nye sidene i over eit år, og no måtte me berre få dei ut sjølv om det framleis står att litt sparkling & måling.

Dei nye sidene er baserte på emnekart, med OfficeNet Portal som verktøy. Det er ein integrasjon mellom OfficeNet sitt portalsystem og Ontopia sin emnekartmotor (OKS). Det heile har vorte eit spennande produkt, og sjølv om det framleis er litt sprekker i samanføyinga, verkar dette lovande.

Me har jobba mest med innhaldet, og først i det siste sett litt på enkelte presentasjonsproblem. Det er nokre CSS-filer som må omarbeidast, kanskje byggjast opp på nytt. Og så må me som delansvarlege for kvalitetsindikatorar for offentlege nettsider også gjera noko med dei generelle krava som ligg der. Litt for dumt viss me feilar på mange av indikatorane.

Men gå inn på www.vestforsk.no og sjå sjølv...

torsdag 7. desember 2006

Kongestatuen

Ei sensasjonell avsløring denne gongen: Inspirasjonen til den berømte & berykta kongestatuen laga av Knut Steen. Merkeleg at ingen har sett kvar han henta motivet frå...

tirsdag 5. desember 2006

Offentleg sektor i Singapore

Såg i Dagens Næringsliv at dei offentleg tilsette i Singapore kan venta seg ein fin sjekk i jula. Dei får 1/4 årslønn i bonus for 2006! Det er vanleg med bonuslønn til off. tilsette i Singapore, minst ein mnd.lønn ekstra pleier dei få.

Singapore si haldning til offentleg sektor er interessant: Dei ser kor viktig det er å ha ein godt fungerande off. sektor fri for korrupsjon. Og kva er ei av dei viktigaste drivkreftene for korrupsjon: det er nok låg lønn.

Samtidig skal me heller ikkje gløyma at Singapore, trass i ein godt fungerande offentleg sektor, ikkje er eit demokrati, men heller ein politistat med ekstrem kontroll.

søndag 3. desember 2006

Zetor-nytt

Eg kan ikkje omtala IST 2006 i Helsinki (sjå eigen omtale) utan å nemna Zetor; traktor-restauranten. Den vart stam-plassen vår under konferansen.

Finnane har ein nokså burlesk form for humor, i alle fall nokon av dei. Tenk på Leningrad Cowboys i restaurantbransjen, så har du eit bra bilete.

Zetor er for litt meir innvidde eit tjekkisk traktormerke. Det var ganske populært i Norge på slutten av 70-talet pga. låge prisar. I Finland var merket endå meir populært, og det hadde nok samanheng med at det finske utvalet i mykje større grad var avgrensa til tilbodet frå dei tidlegare austblokk-landa.

Og Zetor har altså fått ein eigen restaurant til minne, og sjølvsagt med mange traktorar innandørs. Men det var menyen som var mest spesiell. Her er nokre utdrag, frå den svenske varianten:

"Mellanmål för kvinnliga kulstötare från DDR"
med følgjande beskrivelse:
Två korvar av helkött, lantpotatis och hemlagad senap. Ingenting grønt!
Andre rettar:
"Nykänennytt!"

"De lyckliga traktorförarnas biff"

Du kan lesa meir om restauranten på www.zetor.net

fredag 1. desember 2006

Mobiltelefonen 40 år!

Dagsrevyen hadde eit innslag om det manglande norske mobileventyret i anledning Norsk Telemuseums markering av 40-årsdagen for mobiltelefonen(!). I innslaget vart pioner-innsatsen til norske forskarar ved Televerket heilt rett omtala, men slutninga, eller kanskje kortslutninga, om at det norske mobileventyret som glapp ut av hendene våre er vel meir ein myte.

Sverre A. Christensen ved BI har teke doktorgrad (dr. oceon) på temaet den norske teleindustriens vekst og fall (The rise and fall of the Norwegian Telecom Industry). Her forklarer han kvifor den norske telekom-industrien ikkje var i stand til å utnytta den høge kompetansen vi hadde på mobiltelefoni. Og det er ikkje slik som det ofte blir framstilt; at det berre glapp ut av hendene våre, eller at utlendingane kom og snappa ideane våre.

Vi hadde rett og slett ikkje ein god nok telekomindustri her i landet til å kommersialisera og utnytta potensialet som låg i FoU-delen. Christensen knyter utviklinga til til digitaliseringa av telefonsentralane og liberaliseringa som følgte i kjølvatnet av den.

Synd at ikkje NRK og andre prøver å skaffa seg litt meir kunnskap om dette og ikkje gjengir mytene utan vidare.

Er det forresten nokon som hugsar den relativt nye norske mobilsatsinga Magcom? Ikkje det, nei. Hmm, kanskje like greitt..

Nei og nei, Bohus

Av og til kjem du over nettsider der du har store problem med å forstå kva i alle dagar som ligg bak av planar. Møbelkjeda Bohus er eit godt eksempel i så måte. Her må du av uforståelege grunnar oppgi eit postnummer før du kjem inn på sidene!

Bohus bør tenkja gjennom den "analoge" parallellen: Når du besøker ein Bohus-butikk, blir du møtt i døra av ein person som ber deg oppgi postnummeret i kommunen. Dersom du er så uheldig at du ikkje veit det, får du dessverre ikkje komma inn i butikken. Viss du ikkje veit postnummeret, blir du bedt om å følgja ei natursti-løype (kart-alternativet) og med ein god porsjon hell, kan du kanskje finna ei inngangsdør til butikken.

Og for å gjera det komplett: Når du endeleg er så heldig å komma inn via eit postnr., kjem du inn på standard oppstartsside tilsynelatande utan nokon relevans for postnummeret/butikken du har valt!

Dette er eit av dei verste eksmpla eg har sett på "show-stoppers"; unødig hindrande startsider. Hovudregelen bør vera klar: Du skal komma rett inn på startsida/heimesida utan eit einaste spørsmål. Der kan du så filtrera på ulike kriterium (jfr. pre- og postfiltrering).

torsdag 30. november 2006

Å stela sukkertøy frå småungar..

.. er ikkje bra. Men det er mykje verre det mange i mobil-bransjen driv med! Dei stel rett og slett pengar frå barn.

Yngstejenta Åsa fekk mobil for eit par år sidan, og den vart ført opp i hennar namn. Mobilen vart knytt til eit kontantkort. Etter ei stund klaga ho på at kortet vart så fort tomt (kven gjer ikkje det??). På eit kontantkort er det likevel vanskeleg å kontrollera kva pengane går til.

Etter samordning av abonnementa i heimen til eit familie-abonnement, kom tala for ein dag. På den siste rekninga for Åsa sin mobil, var halvparten av summen nedlasta ringjetonar frå VGNett. Det var 6 meldingar til kr 15,- pr stk. Ho har sannsynlegvis svart ja på eit spørsmål om abonnement på ei slik teneste ein gong ho har vore inne og lasta ned ein ringjetone.

Men skal me forventa at ein 10-åring (eller 7-8-åring) skal forstå konsekvensane av å takka ja til eit slikt tilbod? Sjølvsagt ikkje, og dermed er mange selskap på svært tvilsam grunn. Og dei blir godt hjelpte av teleselskapa. Det er på høg tid Forbrukarrådet tek opp dette og at Barne- og familiedep. set ein stoppar for slik forretningsverksemd. Vanlegvis er eg i mot forbod som løysing på problem, men i dette tilfellet kjem me kanskje ikkje utanom?

søndag 26. november 2006

Gratulerer med dagen!

Eittårsdagen sidan starten på Sveins blogg må feirast! Skulle eigentleg vore i går, men då var eg oppteken med smalahove i godt lag.

Etter eitt års blogging er eg endå meir overtydd om blogging som verktøy. For min eigen del har eg sett at den fungerer som eit slags arkiv; eg tek opp saker og problemstillingar med ein gong, og kan seinare komma tilbake til temaet i andre samanhengar. Forma fungerer også godt for bokmeldingar, også dei er greie å kunna slå opp på lenge etter at boka er lesen.

Tematisk har det for det meste vorte jobbrelatert informasjon. Eg finn det lettare å konsentrera skrivinga om eitt tema i staden for å spreia meg på mange ulike - sjølv om det også til tider er freistande.

Ei rask oppteljing viser 91 innlegg, noko som blir nesten to i veka. Eg hadde ambisjonar om å skriva minst ei melding i veka, så det er eg godt nøgd med. No er ikkje talet det viktigaste, viktigare er det å ha noko å melda.

Det neste blogg-framstøytet blir truleg ein firmablogg; VF-bloggen. Følg med!

torsdag 23. november 2006

IST 2006

Den årlege IST-konferansen ( Information Society Technology) går mot slutten her i Helsinki. Det er eit kjempearrangement med ein del tusen deltakarar. Finland er arrangør pga. president-skapen.

IST er IT-delen av EU sitt rammeprogram for forsking og utvikling. 6. rammeprogram går mot slutten og det 7. er i startgropa. Konferansen er difor ekstra interessant i år. Presentasjon av det nye rammeprogrammet har sjølvsagt vore hovudtema.

Vestlandsforsking med partnarar er tungt representerte; totalt 9 personar har vore her på heile eller delar av konferansen. Det er nok eit uttrykk for at satsinga på 7FP blir veldig avgjerande for IT-utviklinga i SFj-miljøet.

Det som slår meg med konferansen og IST generelt, er eit veldig teknisk fokus. Dette er laga av teknokratar, for teknokratar. Brukarperspektivet er heilt fråverande, det er påfallande. For forskingsområda som grensar mot grunnforsking, er det forståeleg, men for dei mange områda som kjem inn under anvendt forsking, er det meir enn merkeleg. Men dette er etter mitt syn eit av hovudproblema med innretninga av forskingsprosjekt i EU.

Konferansen har samla sett vore som forventa; det er mest politikk og lite fag. Men orienteringa om innretninga av 7FP er både interessant og nyttig. Enkelte andre foredrag har også vore interessante - særleg presentasjonen av ObjectWeb: eit viktig open source-initiativ innan EU. Du kan finna ut meir på www.objectweb.org

Meir informasjon om IST 2006, inkl. kopi av alle foredrag, finst på Cordis, http://europa.eu.int/information_society/istevent/2006/index_en.htm

mandag 20. november 2006

Petter & eg

Kva er likheiten mellom Petter Stordalen og meg? I utgangspunktet ville eg vel ha sagt at det var veldig lite, interesse for bilar kunne kanskje vera ein. Men eg har funne to ting til:

- begge har vore på framsida av Nationen i løpet av den siste veka (!)
- begge har raud (!) Sony Ericsson K610i

Det siste har eg fått høyra på jobben er skikkeleg femi (for å vera heilt ærleg har eg fått andre kommentarar også, men dei skal eg la liggja her...).

Petter har sikkert ein del andre mobiltlf. (det har forresten eg også), men det var den raude K610'en han var avbilda med på framsida av Nationen nyleg.

Saka var mangelen på økologiske matvarer (men det er sjølvsagt underordna akkurat her)

fredag 17. november 2006

Misforstått hjelp

Innovasjon Norge prøver å hjelpa brukarane ved å løfta fram enkelte menypunkt ('fylke' og 'internasjonale ambisjonar/marknader'), men dei oppnår det motsette. Det viser seg at snarvegane, som nettopp tiltrekkjer seg spesiell merksemd, ikkje fungerer i Firefox og Opera (hallo! me skriv slutten av 2006 og framleis er det utviklarar og bestillarar som ikkje har fått med seg at IE ikkje er einerådande lenger!).

Effekten blir dermed stikk motsett: Eg legg faktisk ikkje merke til at dei to nemnde menyvala også finst i hovudmenyen; eg blir så fokusert på at nedtrekksmenyane ikkje fungerer i Opera/Firefox.

I tidlegare kvalitetvurderingar for offentlege nettstader hadde vi ein indikator som fanga opp funksjonalitet i fleire nettlesarar. Den vart teken ut i 2003 eller 2004 fordi det var så stor oppfyllingsgrad (over 90 %). Eg har ei kjensle av at denne indikatoren må inn att, det er ikkje uvanleg å finna sider som delvis ikkje fungerer utanom IE.

onsdag 15. november 2006

Arbeidsgivars tilgang til e-post

Fornyings- og adm.dep., FAD, sende for ei tid sidan ut eit forslag til reglar om arbeidsgivar sin tilgang til tilsette sin e-post. Forslaget frå departementet er som kjendt at arbeidsgivar ikkje skal ha tilgang til tilsette sin e-post, med nokre unnatak.

Det kan ha mykje for seg å verna om den tilsette sin e-postkommunikasjon, men etter å ha tenkt litt over saka er eg faktisk litt einig med Jan Eigil Rydningen i HSH Arena som i siste Computerworld skriv at dette er å snu saka heilt på hovudet.

Han samanliknar e-posten med vanlege brev, og der er hovudregelen at dei blir opna av verksemda sjølv om dei er adresserte til ein tilsett. I dei tilfella den tilsette sitt namn står først, skal den tilsette rett nok opna brevet sjølv, men det skal likevel journalførast så sant det ikkje er av privat karakter.

Spørsmålet som kan stillast er om e-post er til først og fremst for verksemda eller den tilsette, og då i privat forstand. Eg meiner at e-post er eit viktig verktøy for verksemda, eit såkalla verksemdskritisk verktøy. Dersom rutinane var slik at journalverdig e-post alltid vart sendt til arkivet, ville dette kanskje ikkje vera eit problem. Men undersøkingar viser at svært lite av e-post blir journalført, ein langt mindre del enn det som er arkivverdig. Då blir det også eit problem at e-post blir sett på som privat for den tilsette.

Eg trur difor at hovudregelen skulle vore at arbeidsgivar har rett til innsyn i den tilsette sin e-post, så sant det ikkje går klart fram at den er av privat karakter. Då må den tilsette passa på å arkivera private e-postar i eigne og godt merka mapper. Samtidig må regelen utformast slik at det ikkje er fritt fram; tilgang kan berre skje på visse former med tilsette til stades osv.

tirsdag 14. november 2006

Digitalisering av offentlege tenester i praksis

Sist fredag var eg til kjeveortoped i Bergen med yngstemann. På det lokale tannlegekontoret var dei litt uroa over ein muleg skade i ei tann som enno ikkje var kommen fram.

Det er kjekt med tur til by'dn, men me brukte altså godt og vel 14 timar alt i alt. Tida hjå kjeveortopeden tok 15-20 min. Han tok eit 3D-røntgen (eller 3D-scanning) som fekk fram alle detaljar i over- og underkjeve.

Slikt krev avansert utstyr, men det finst også i Sogndal, hjå privat tannlege. Kva om denne hadde teke røntgenbilete, sendt det el. til kjeveortopeden i Bergen som så kunne gitt melding tilbake til tannhelsetenesta i Sogndal? Det ville ha spart ein heil del tid og pengar.

Det er berre å innsjå at når me fjernar oss frå kontoret og ser på det "verkelege livet", er det på mange område sørgjeleg langt att til ein offentleg sektor som tek i bruk dei mulegheiter teknologien gir oss. Dette er muleg å få til i dag, men det krev litt annleis tenking. Og det krev eit samarbeid mellom offentleg tannhelseteneste og private tannlegar. Dei kan jo starta med å oppdatera kvarandre på kva dei har av tilgjengeleg utstyr.

Språkleg forfall

Språk-kunnskapane våre er i fritt fall, det er i alle fall min påstand. Det er færre og færre som evnar å skriva nokolunde rett, og blanding av ord og uttrykk når nye høgder. Eit feilaktig uttrykk som ser ut til å gripa om seg, er bekymringsverdig. Kva i alle dagar er det? Seinast i går høyrde eg ein journalist stilla spørsmålet om "ikke dette er bekymringsverdig?".

Det er nok ei feilkopling av orda beundringsverdig og bekymringsfullt, men uansett er det ikkje noko som heiter bekymringsverdig. Dessverre får eg 20 300 treff når eg søkjer på ordet.

Andre uttrykk som blir blanda, er "i hytt og pine", som snart har teke heilt over for det korrekte "i hytt og ver". Pine kjem nok frå uttrykket "død og pine".

søndag 12. november 2006

Oppslag i "Nationen"

Den kjende IT-avisa (!) "Nationen" hadde fredag eit stort oppslag med tittel "Kommuner på nett får refs". Der heitte det "IT-forsker Svein Ølnes feller en knusende dom over nettsidene til mange norske kommuner". Ikkje småtteri, nei. Men sopass må det kanskje vera for å få innpass i media?

Ein journalist i avisa hadde komme over fordraget eg heldt for Arild Jansen i anledning feiringa av 60-årsdagen hans på avd. for forvaltningsinformatikk, UiO. Det foredraget hadde tittelen "Informasjonsstruktur i offentleg sektor - frå emnekratt til emnekart?". Eg må skunda meg å leggja til at undertittelen har eg lånt av Lars Marius Garshol i Ontopia (godt sagt, Lars Marius!).

Innhaldet i foredraget, og grunnlaget for intervjuet med Nationen-journalisten, er at det manglar eit skikkeleg fundament i offentlege nettportalar (private også, for den del) og at det blir veldig synleg når ein gjer eit internt søk på dei. Dei fleste fell då saman som korthus fordi det ikkje er ein gjennomgåande (semantisk) struktur som søket også kan dra nytte av. Dette kjem til å bli ei av dei største utfordringane framover for dei som driv portalutvikling. Leverandørane må ta ei stor del av skulda og utfordringa her.

Det skortar også på rådgjevingshjelp for offentlege portaleigarar, og her kjem spørsmålet om eit eige IT-direktorat inn. Det manglar ein stad å få gode råd i slike spørsmål i offentleg sektor i dag.

onsdag 8. november 2006

Fri programvare

Richard Stallman prøver om att og om att å forklara kva han meiner med "free software", men det er stadig mange som ikkje forstår skilnaden på "fri" og "gratis". Me har heldigvis ikkje denne namneforvirringa på norsk, eller har me?

I denne korte artikkelen forklarer Stallman kva som ligg i begrepet "free software", kva GNU GPL går ut på og kva skilnaden mellom GPL og "open software" er. Vel verdt å lesa.

Ein kan seia mykje om Richard Stallman, men hans bidrag til IT-verda kan ikkje underslåast. Utan han, ingen Linux, rett og slett!

tirsdag 7. november 2006

Ufrivillig komikk

Evalueringa av offentlege nettstader 2006 er snart ferdig og det er mykje interessant og også merkeleg å sjå. Av dei meir komiske funna er Kristiansand kommune si taleteneste. Den er i utgangspunktet eit veldig bra tiltak, men brukt på dei engelske sidene får den eit visst komisk skjer.

Gå inn på www.kristiansand.kommune.no, trykk på 'In English', marker ein del av teksten og trykk så på talegeneratoren i toppmenyen (markert som ein avspelingsknapp). Len deg så tilbake og nyt den engelske uttalen - riil nårvidjen æksent.

Google - Amazon A9: 1 - 0

Var inne på Amazon for å finna tittelen på ei bok som me har her på Vestlandsforsking, men som eg ikkje fann akkurat då eg trengde den. Boka heiter "A Practical Guide to Usability Testing" og er skriven av Janice C. Redish og Joseph S. Dumas. Ei bok som kan tilrådast for dei som er interesserte i å læra meir om korleis gjennomføra brukartestar.

Eg hugsa ikkje heilt tittelen eller namn på forfattar, men prøvde meg med søka "Practical guide user testing", "Reddish" og "Reddish user test". Ingen av søka førte fram.

Søket "Practical guide user testing" på Google ga med ein gong treff på boka eg var ute etter.
Hmmm, og eg som har høyrt så mykje positivt om søkemotoren A9.

mandag 6. november 2006

Klipp & lim-design


Har fått eit blad frå Toyota i posten og der annonserer dei den nye Hiace'en. Hadde eg vore Volkswagen ville eg meldt dei for plagiat. Dei har rett og slett berre nappa ut VW-merket i grillen og sett inn Toyota-logoen. Sjå på bileta, er det berre eg som synest dette er mistenkjeleg likt?

Eg meiner hovudproblemet er at Toyota har dårleg design; dei manglar rett og slett identitet og stel litt her og litt der. Men dei gjer det ikkje på nokon spesielt god måte. For kort tid sidan hadde Dagens Næringsliv den årlege kåringa av firmabilar. Der kom det interessant nok fram frå Toyota sin eigen representant at Avensis kanskje ikkje var bilen med mest spennande design. Det kan kallast litt av eit understatement, men interessant sidan det kom frå dei sjølve.

tirsdag 31. oktober 2006

Tida går, WIMP består

Peter Merholz i Adaptive Path tek for seg eit nytt initiativ på området (grafiske) brukargrensesnitt. Det brukar metaforen 'stablar' av informasjon (piles of information).
Han konkluderer med at lite har skjedd dei siste 30 åra og ingen nye idear ser ut til å kunna rokka ved dagens WIMP-paradigme. WIMP står for Windows, Icons, Menus and Pointing devices. Det vart lansert og utforma ved Palo Alto forskingssenteret til Xerox i starten av 1970-åra og fekk gjennombrotet med MacIntosh i 1984.

Han viser til ulike forsøk opp gjennom åra gjennom ei oversikt han har laga og blant desse er Hyperbolen (Hyperbolic Tree, sjå biletet som er henta frå EIC Vest si nettside) - interessant nok også utvikla i Xerox-miljøet. Firmaet Inxight, eigd av Xerox, presenterte dette verktøyet i slutten av 1990-åra og kollegaen min, Terje Aaberge, fatta fort interesse for det og hadde stor tru på mulegheitene. Han brukte det ivrig i demonstrasjonar og demo-effekten var upåklageleg - det var reine T5PC-stemninga då hyperbolen for over lerretet. Prøv verktøyet sjølv på Euro Info Centre Vest (driven av Vestlandsforsking) sine sider.

Men verken hyperbolen eller andre fantasifulle forsøk har kunna vippa WIMP av pinnen. Og det vil truleg gå mange år før eit nytt brukargrensesnitt-paradigme tek over (her må eg vera litt forsiktig - det er mange som har komme med spådommar som har sett temmeleg teite ut ei stund etterpå..).

søndag 29. oktober 2006

Korte og meiningsfulle URL-ar

Kvalitet 2006 er i gang, det er den årlege kvalitetssjekken av offentlege nettstader. Ein av dei nye indikatorane (den kom i Kvalitet 2005) tek opp lengde og meining i nettadressene - URL-ane. Uniform Resource Locator - URL - har vorte allemannseige og begrepet 'URL' har gått inn i daglegtalen. Det var nok aldri meininga; URL-en var nok meint for maskinene, ikkje for menneska.

Men no har det altså vorte slik at URL-en har stor betydning for oss levande, og då må den behandlast deretter. Dessverre forstår ikkje mange av portalleverandørane dette, og kastar håplaust lange og uforståelege URL-ar i fleisen på oss. Mellom tusenvis av eksempel vel eg Forskingsrådet:
7730&pagename=ForskningsradetNorsk%2FVedlegg_flex%2FVisVedlegg_flex

Dette er heilt håplaust, men dessverre nokså vanleg. Lengda er eit problem når URL-ar skal utvekslast, enten det er gjennom epost (linjebryting) eller munnleg (umuleg). Den semantiske verdien er lik null - det er ikkje muleg å tolka denne URL-en og få eit inntrykk av kva det handlar om.

Kva må gjerast? Det finst mange verktøy for å skriva om URL-ar (gjerne parameterstyrte URL-ar) til forståelege adresser.

Det finst også verktøy for å laga korte URL-ar av lange. Tenesta TinyURL er ei slik. Jared M. Spool, kjend brukargrensesnitt-aktør og drivkraft bak User Interface Engineering, brukar TinyURL i sine nyheitsbrev. Dessverre løyser det berre det eine problemet: lengda på URL-en. Det andre problemet - semantikken - blir ikkje løyst. TinyURL er altså ikkje løysinga på problemet, så brukargrensesnitt-ekspert JMS må skjerpa seg her!

lørdag 28. oktober 2006

Kikhols-metoden

Kikholsmetoden (eller kikkhull for those of you not familiar with New Norwegian..) er teken i bruk med stort hell i helsevesenet. Metoden er dessverre også mykje i bruk på internett i samband med bestillingar av ulike slag. Her fungerer den like dårleg som den fungerer bra på sjukehusa.

Reservasjonar på internett kan vera ei sann pine. Altfor mange tilbyr berre eit kikhol inn i databasen, og det fører til prøving og feiling eit utal gonger om ein då ikkje berre gir opp. Kvifor skal ein måtta skriva inn detaljar (tal netter, tal personar, akutelle datoar osv.) og så få til svar "ingen ledige plassar/rom etc.)"? Det er klart at dette ikkje går i lengda.

Norwegian har skjønt det, og tilbyr sin lågpriskalender. Fleire vil følgja etter og snart er kikholsmetoden forhåpenlegvis sjelden på veven.

Ein artikkel av Christine Petti, User Interface Engineering, frå 2002 tek delvis opp dette problemet. Men artikkelen handlar mest om at HTML ikkje strekk til på mange område, og at Flash kan vera eit godt alternativ (!). Artikkelen er interessant også i desse Ajax-tider.

fredag 27. oktober 2006

iTunes - MSN Music: 1 - 0

Litt sært ærend kanskje, men likevel: Eg leita etter storband-låta "Big Dipper" av Thad Jones på iTunes - utan hell. Prøvde så MSN Music og voila! den dukka opp (Thad Jones & Mel Lewis). Så langt altså fordel MSN Music.

Men då eg skulle lasta ned låta, til $ 0,99, kom skuffelsen. Ei heilt uforståeleg feilmelding dukka opp sidan systemet påstod at eg søkte på ein tom tekststreng. I eksempelet over kan det sjå ut som eg har gjort eit tomt søk, men feilmeldinga dukka altså opp etter at eg klikka på 'Download' på den nemnde låta.

Med iTunes var eg oppe og gikk og lasta ned den første melodien på under eit minutt. MSN Music ser ikkje ut til å vera så interesserte i nedlastingsdelen.

Eigentleg synd, for eg har mykje mot Apple generelt, og iTunes spesielt. Apple er verstingen når det gjeld proprietære format og proprietære haldningar - iTunes er berre ei stadfesting av politikken Apple har ført i mange år.

tirsdag 17. oktober 2006

Byggjesteinar for brukaropplevingar

Jesse James Garrett er for tida mest kjent som mannen som formulerte Ajax-begrepet ("Asynchronous JavaScript + CSS + DOM + XMLHttpRequest" i sin fulle lengde), asynkron Javascript + XMLHttpRequest i kortversjon.

JJG er også president i firmaet Adaptive Path og bloggen deira er vel verdt å lesa.

Før JJG skapte seg eit namn med Ajax, var han mest kjend for formuleringa "The Elements of User Experience" - altså byggjesteinar for brukaroppleving i ei litt dårleg oversetjing.

Elementa er som følgjer (med Are Hallands oversetjing i parentes):
  • Strategy (Strategi)
  • Scope (Spesifikasjon)
  • Structure (Struktur)
  • Skeleton (Skjelett)
  • Surface (Skjønnheit)
Elementa gir også ein naturleg arbeidsflyt der ein startar med strategiformuleringa og held fram med spesifikasjon (eigentleg: verkeområde) osv.

For å sjå den originale figuren JJG gjekk ut frå, gå til http://www.jjg.net/elements/pdf/elements.pdf

Boka er klart strukturert og med tiltalande og klar design. Sjølv om det ikkje er mykje revolusjonerande her, er det klart nyttig. Eg sit likevel med eit inntrykk av at ei bok er i meste laget for drøftinga av desse fem elementa/byggjesteinane. Dette er vel eit godt eksempel på at ein artikkel/essay ville vore det rette formatet.

tirsdag 10. oktober 2006

Skyt ikkje på søkemotoren!

I forrige innlegg skreiv eg at "søk kler deg naken" - eit søk på nettstaden din vil fort avsløra om det ligg ein god semantisk struktur til grunn. Dersom søkeresultatet viser seg å vera dårleg, som det oftast er, er det altså ikkje berre søkemotoren si skuld.

Søkemotoren får lite eller inga hjelp frå systemet. Eit søk på 'barnehage' på ein kommunal portal, burde også gi treff på 'kontantstøtte' dersom det finst informasjon om det - det er nær slektskap mellom desse begrepa.

Frå søkemotoren si side kan me lett forstå frustrasjonen: "Ingen har sagt til meg at kontantstøtte har noko med barnehage å gjera - skal eg liksom finna det ut på eiga hand??" osv. osv.

Så på strukturmessige samankoplingar og relasjonar kan ikkje søkemotoren lastast for dårleg søkeresultat. Men det fritek sjølvsagt ikkje søkemotorane frå å både kunna og skulla gjera ein langt betre jobb enn dei gjer i dag.

Eit første steg på vegen mot betre søkeresultat for brukarane, kan vera å ty til "hardkoding" av søkeresultata. Når ein brukar søkjer på 'barnehage', må det første resultatet vera ei sentral ressursside om barnehage, ikkje ein tilfeldig barnehage. Her både kan og må me gå inn og overstyra søkemotoren.

På langt sikt er det derimot ingen veg utanom ein sterkare semantisk understøtta informasjonsstruktur.

torsdag 5. oktober 2006

Søk kler deg naken!

Ingen annan stad blir arkitekturen i portalen din meir avkledd enn i søk. Det som i utgangspunktet ser ut som ein godt strukturert nettstad, blir lett avslørt i søket ved at informasjonsstrukturen ramlar saman og alt blir presentert heilt utan samanheng.

Eg kan illustrera dette med eit par eksempel:

Fjell kommune ser ut til å ha tenkt rett og sett tenestene i fokus. Det er ei utvikling som har vorten godt synleg på kommunale portalar i det siste. Det er ei bra utvikling - bort frå nettavisa og over mot nettbank som førebilete. Men når eg gjer eit søk på 'barnehage' på Fjell kommune, ramlar korthuset saman:

Eg får opp
  1. 'Barnehagesjefen Fjell kommune' som første treff
  2. 'Barnehage oversikt Fjell kommune' (betre)
  3. 'Bild#248;y barnehage' (!) som tredje.
Dette er sjølvsagt ikkje godt nok - det er rett og slett altfor dårleg.

København kommune blir halden fram som eit førebilete for den før nemnde utviklinga mot tenester i fokus. Eit søk på 'parkering' gjev følgjande resultat:

1. 3 treff (av 44) i kategorien 'Politik og demokrati'
  • 'Servicemål for parkering'
  • 'Servicemål for parkering' (!)
  • 'Meninger og visioner - reaktioner på Kommuneplanstrategien'
2. 3 treff i kategorien 'Andet' (!)
  • 'Parkering'
  • 'Færdsel og parkering ved Operaen'
  • 'Gode råd om parkering'
3. 3 treff (av 10) i kategorien 'Service til dig'
  • 'Parkering'
  • 'Parkering for invalidevogn'
  • 'Parkering for invalidevogn' (!)
Købehavn har komme eit lite steg lenger ved at dei har kategorisert treffa sine. Det er bra, men som vi ser sviktar det mellom anna på meiningsfulle kategoriar. 'Politik og demokrati', 'Andet' og 'Service til dig' er ikkje gode namn! I tillegg er det dei vanlege problema med dublettar og dårlege tittelfelt.

Men det er eit første steg vidare. For å komma i mål, utan å slita seg ut med hardkoding og uhaldbart vedlikehald, er det heilt avgjerande å få eit godt semantisk fundament i botnen. Det er den varige løysinga.

søndag 1. oktober 2006

IT-forum 2006













Litt spesielt med IT-forumkonferansen IT-forum 2006 i år sidan eg for første gong på 5-6 år ikkje var ansvarleg for noko under arrangementet. Det var ganske godt!

Dessverre var talet på deltakarar litt lægre enn dei siste åra; 150 mot rundt 170 dei 2-3 føregåande.

Programmet var bra, men heller ikkje meir. Litt undarleg at Sparebanken Sogn og Fjordane hadde mesteparten av dag 1 med tanke på deltakarane; det var ikkje mange finansfolk blant dei.

Statsråd Heidi Grande Røys kasta glans over IT-forum med innlegg andre dagen. Det heldt på å gå heilt gale for ho tryna nesten i ein pc-leidning på veg fram mot podiet! Men det gjekk godt, og ho heldt eit bra innlegg. Ho er tydeleg og gir inntrykk av at ho kan stoffet godt. Det står litt i kontrast til den relativt tamme perioden ho har bak seg etter eitt år i stolen.

Eg utfordra ho på betre samordning av IT i offentleg sektor, ei utfordring ho sjølv peika på i foredraget sitt. Eg meinte at trass i mange gode enkelt-initiativ, som ikkje minst konferansar som IT-forum 2006 viser gode eksempel på, blir det for fragmentarisk. Det er ingen som har eit klart uttalt ansvar for sentral koordinering og kunnskapsdeling (om ein ser bort frå departementet). Etter omdanninga av Statskonsult har det heilt mangla eit sentralt IT-apparat (eg vil vel ikkje seia at Statskonsult fylte denne rolla då dei var eit direktorat, men kanskje enkelte delar av den). Eg spurde til slutt om det var planar om oppretting av eit IT-direktorat eller ei anna form for eit permanent, sentralt koordineringsorgan.

HGR svarte at dei var klar over problemstillinga og at den vart diskutert - det hadde komme innspel frå fleire, m.a. Leikanger - utan at ho ville nemna namn! Ho sa at på dette stadiet var det for tidleg å tenkja eit sentralt organ, dep. måtte halda i koordineringa. Men på litt lenger sikt er det muleg at det kjem noko, for departementet måtte ikkje bli for operative heller, som ho sa.

lørdag 23. september 2006

Informasjonsarkitekturens uutholdelige letthet

Før eg får heile IA-miljøet på nakken må eg ila til å seia at eg ikkje kunne motstå freistinga til å "ta ein Kundera". Eg håpar innlegget blir lese som (forsøk på) sakleg kritikk av enkelte sider ved IA.

Ein nyleg avslutta workshop for ein kunde med hovudtema informasjonsarkitektur for kunden sin nye portal, har fått meg til å tenkja litt på sider eg meiner er for dårleg handterte hjå mange informasjonsarkitekturar. I workshopen vart ulike sider ved brukarfokusert utvikling, personas og andre kjende "IA-triks" gjennomgått, i tillegg til tema som den grunnleggjande informasjonsstrukturen i portalen, bruk av emneord osv.

Eg opplevde at kunden var entusiastisk til delane som gjekk på brukarfokusert utvikling, bruk av personas, sideoppsett (kjernesider) osv., men hadde problem/motvilje mot dei djupare strukturane i portalen. I sjølvransakinga sitt namn må eg jo innrømma at det kan ha noko med presentasjon å gjera også...

Det får meg uansett til å tenkja på bygningsfaget som ei samanlikning: Det er klart det er mykje meir morosamt å diskutera form på vindauge, panel, takvinkel, dørplassering osv. enn å diskutera om det skal vera 2" x 4" i berande konstruksjonar eller kanskje 3" x 8". Og kva med armeringa i grunnmuren? Og skal det vera Leca eller betong? Det er klart det er dritkjedeleg og noko me helst vil hoppa raskt over for å gå til den synlege delen. Det er den som moro!

Det eg prøver å seia med dette, er at mange IA-folk (?) undervurderer både teknologi og semantikk og behovet for eit solid rammeverk som fundament for ei nett-teneste. Eg meiner IA-rådgjevarar ikkje gjer jobben skikkeleg viss dei berre fokuserer på brukarbehova. Det ville vore OK viss det var brukarane som var oppdragsgivarane, men det er det ikkje. Kunden som vil byggja ein best muleg portal har også krav på å få opplyst kva som skal til for å få ei robust og skalerbar teneste; ikkje ei som berre består av lettveggar.

For ordens skuld må eg seia at informasjonsarkitekturen også rommar desse sidene ved ei teneste, men eg synest altså at dei kjem altfor dårleg fram.

Eitt naudnummer!

Eg fekk med meg historia om 7 år gamle Jacob som berga systera ved å hugsa naudnr for ambulanse, 113, og overta samtalen for mora (som er engelsk). Fantastisk gjort!

Reportasjen avslutta med kor viktig det var at barna lærer dei tre naudnummera 113 (ambulanse/sjukdom), 112 (politi) og 110 (brann) i barnehage og på skulen. Sjølv må eg innrømma at eg har store problem å skilja dei frå kvarande, men so er eg vel heller ikkje på nivå med Jacob.

Men kvifor i all verda skal me ha 3 naudnummer? Eg har sikkert ikkje følgt med i timen og fått med med forklaringar på dette, men eg forstår altså ikkje poenget med tre ulike nummer. Det er sjølvsagt heilt vanvittig å innføra usikkerheit på dette feltet - informasjonsarkitektar vil seia at prefiltrering er 'fy' og postfiltrering 'bra'.

Sjå til USA: Der vedtok dei i 1967 at det skulle vera eitt naudnummer for alle typar akutte behov - og nummeret kjenner vi godt: 911 (nine-one-one). Det er på tide å innføra dette i Norge også. Utfordringa er hermed sendt (eg er sikkert ikkje den første).

fredag 15. september 2006

Brev fra nullpunktet

Eg har tidlegare omtala boka Stillhetens historie av Peter Englund. I boka Brev fra nullpunktet er det dystre historiske essay det handlar om - som tittelen peikar på er det frå menneskas absolutte nullpunkt, det mørke 1900-talet.

Det er historiar frå første verdskrig (frå skyttargravene i Belgia), mellomkrigstidas Stalin-Sovjet og samanlikninga av totalitære system og syn på arkitektur og kunst (kommunismen i Sovjet og nasjonalsosialismen i Tyskland) og andre verdskrig (jødeutryddinga, massebombingane og atombomba over Nagasaki).

Englund skriv godt og engasjerande og det er personlege skjebner som ofte styrer historiane og gjer at ein som lesar kjem nærmare handling og historie.

Hagis og VIPS

Snartur til Gardermoen i dag berre for ein halv times presentasjon. Men heile dagen går med! Det er i grunnen heilt vanvittig.

Overskrifta treng litt meir forklaring: Hagis er ei nett-teneste for frukt- og bærdyrkarar og vart etablert av Vestlandsforsking, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Planteforsk Njøs (no Bioforsk Njøs og snart Exit Njøs?) i 1998. Tenesta var revolusjonerande på si tid, med automatisk varsling av sjukdom i eple (hovudproblemet skurv). Data vart henta frå aut. verstasjonar utplasserte på dei viktigaste plassane i fylket og gjennom ei kvalitetssikring og verifisering omgjort til varsel som vart vist på nettsida www.hagis.no ("Look! No hands!"). Figuren over viser prinsippet (klikk for å få eit større bilete).

Eit par år seinare kom Planteforsk sentralt (no Bioforsk) på bana med varslingssystemet VIPS (www.vips-landbruk.no). Sidan den tid har me prøvt å få i stand eit samarbeid slik at Hagis kan gå inn som ein naturleg del av VIPS-portalen, til beste for begge partar. VIPS tek seg av det dei er best på: innsamling av data, kvalitetssikring av desse og modellar for utrekning av ulike skadegjerarar. Hagis tek seg av det fagspesifikke (frukt & bær) og syter for nærleiken til brukarane. Trass alt bør du vera nokså nær frukthagen/bærfeltet når du gir råd, og me trur på ei teneste som også blir driven nær brukarane.

Men som i så mange andre samanhengar strandar det på økonomi. Mange millionar har gått med til utviklinga av VIPS og fleire står for tur. Hagis på den andre sida blir halden vedlike for knappar og glansbilete - trass i dette er tenesta framleis høgst levande.

Innlegget på Gardermoen var eit nytt forsøk på å få i stand eit samarbeid mellom VIPS og Hagis som kan gi økonomisk drahjelp til Hagis og samstundes gjera VIPS til ei betre teneste. Modellen kan bli ein pilot for andre liknande integrasjonar på andre fagområde.

Tida får visa om me til slutt lukkast...

torsdag 24. august 2006

Det enklaste er ofte det beste

Råd til leverandørar som køyrer demo av løysingar: Gjer det enkelt, ikkje fall for freistinga å visa "alt".

Utspørjing av leverandørar i samband med innkjøp av portalsystem (intra- og internett) i Førde kommune og samarbeidskommunar, har vist mykje interessant og mykje overraskande. Til det siste høyrer med at alle leverandørane i finalerunden ikkje hadde eksempel på administrasjonsbiletet for ein vanleg brukar, men berre for 'admin'.

På spørsmålet om korleis biletet ville sjå ut for ein vanleg brukar, vart det klossete (bort-)forklaring om at det og det menypunktet ikkje ville bli vist, og at det og det valet ikkje ville vera tilgjengeleg. Men ingen hadde altså ein brukar å visa dette på!

Hovudutfordringa for publiseringsdelen er jo sjølvsagt å få grensesnittet enkelt nok, ikkje at det er for få "bells & whistles".

onsdag 23. august 2006

Programvare-patentar? Nei takk!

Elektronisk forpost (EFF) tek i denne artikkelen opp problemet med patentar på programvare og den trusselen mot open kode det representerer.

mandag 21. august 2006

Kva er Internett?

- spør Universitetsforlaget, og Gisle Hannemyr svarer. Boka er i serien "Hva er" og er eit initiativ frå forlaget der dei utfordrar sentrale fagfolk på viktige og vanskelege spørsmål. Slik sett kan boka lesast som ei innføring i emnet. For akkurat dette spørsmålet er Gisle H eit opplagt val, få kjenner nettet betre enn han her til lands.

For ein del vil dette vera kjent informasjon, men for mange vil det vera nyttige opplysningar og eit startpunkt for vidare utforsking. For det er kjeldene til GH som er ekstra nyttige.

Boka er som sagt ein heilt grei introduksjon til fenomenet Internett og gir gode ruter for vidare utforsking. Sjølv stiller eg meg stort sett heilt på linje med GH i synet på Internett og ikkje minst ønskt utvikling.

Eg har tidlegare kommentert patentutviklinga og avsluttar med å sitera GH i boka:

"Når det gjelder programvarepatenter, bør vi, gjennom våre folkevalgte, rett og slett sette foten ned og si at dette er noe samfunnet ikke er tjent med. Programvarepatenter bør ikke tillates, og den utflytningen vi har vært vitne til i patentsystemet de siste årene - ved at programvare-patenter maskert som "metodepatenter" har sluppet gjennom - må strammes inn. Klarer ikke patentvesenet å skikke seg, har det ikke livets rett."

Tiltredes!

lørdag 19. august 2006

Web'en 15 år!

Igjen ein forseinka gratulasjon, men likevel: Gratulerer med dei første 15 åra! Gratulasjonen må særleg gå til Tim Berners-Lee, som 6. august 1991 posta følgjande melding på nyheitsgruppa alt.hypertext:

From: Tim Berners-Lee - view profile
Date: Tues, Aug 6 1991 5:00 pm
Not yet rated

show options

In article <6...@cernvax.cern.ch> I promised to post a short summary of the WorldWideWeb project. Mail me with any queries.

WorldWideWeb - Executive Summary

The WWW project merges the techniques of information retrieval and hypertext to make an easy but powerful global information system.

The project started with the philosophy that much academic information should be freely available to anyone. It aims to allow information sharing within internationally dispersed teams, and the dissemination of information by support groups.

Reader view

The WWW world consists of documents, and links. Indexes are special documents which, rather than being read, may be searched. The result of such a search is another ("virtual") document containing links to the documents found. A simple protocol ("HTTP") is used to allow a browser program to request a keyword search by a remote information server.
Hypertekst var ikkje noko nytt, det nye TBL gjorde var å kopla hyperlenking med internett. Igjen ser vi at den viktigaste innovasjonen som regel skjer ved å byggja vidare på andre sitt arbeid og gjerne kombinera ulike arbeid. Tenk om hyperlenking hadde vore patentert! Tenk om internett-protokollane hadde vore patenterte! Desse spørsmåla meiner eg dei som ivrar for stadig meir patentering og kopivern bør stilla seg og prøva å gi gode svar på.

Her er heile meldinga TBL posta på alt.hypertext.

fredag 11. august 2006

PC'en 25 år i dag!

Det er grunn til å feira litt ekstra i dag: PC'en er nemleg 25 år gammal; ein temmeleg høg alder i denne bransjen.

11. august 1981 lanserte IBM sin PC. Den endra det meste av utviklinga innan mikrodatamaskiner. Operativsystemet CP/M forsvann relativt fort ut til fordel for det nye MS-DOS som vart valt for IBM PC. At det samtidig var starten for Microsoft gjer ikkje milepålen mindre.

Det er grunn til å reflektera over IBM PC sin enorme suksess. Det er ingen tvil om at openheit var grunnen til suksessen. Ikkje open programvare, men open maskinvare. Grensesnittet var dokumentert frå første stunde og det var inga lisensiering for å ta teknologien i bruk. Sjølv om IBM var eit stort selskap også i 1981, var det ikkje sjølvsagt at deira debut i dette segmentet skulle bli vellykka.

Apple hadde slik sett minst like store sjansar til å lykkast, men valde som kjent den proprietære strategien. Det er verkeleg grunn til å minna om dette for framleis går diskusjonen høgt om patentering og framleis er dette god latin i næringslivet. Abelia er ikkje minst ivrige talsmenn for ein slik strategi. Så kva hadde skjedd dersom teknologien bak IBM PC hadde vorte patentert?

For meg er historia om PC'en framfor alt historia om den opne tankegangen sin suksess. Etter 25 år har Apple framleis berre 2-3 % av pc-marknaden.

Den første datamaskina eg kom i kontakt med i jobbsamanheng, var ein IBM PC med to floppystasjonar og ingen harddisk. Det var i 1984. The Times They Are A-Changin'.

tirsdag 1. august 2006

Tulipan dot com

Eit anna essay i Peter Englunds Stillhetens historie handlar om den første kjende finansbobla som skjedde med handel med tulipanar i Nederland. Tulipanen kom til Nederland frå Sental-Asia; namnet kjem av det tyrkiske dulban, som tyder 'turban'.

At det vart Nederland som fekk æra av å vera vertsland for det første kjende finanskrakket, har bakgrunn i eit tidleg kapitalistisk system og ein sterk og uavhengig borgarstand utan tvangstrøyer som laug o.l. Tulipan-næringa var då også heilt ny i landet og slik sett var det fritt fram for alle.

Parallellane med seinare finansbobler er slåande, og det er umuleg å ikkje tenkja på dotcom-bølgja når ein les Englund:

"...I sliketider dukker det som sagt regelmessig opp forestillinger om at man er kommet inn i en ny æra, der alle gamle økonomiske tyngdelover på et eller annet vidunderlig vis er opphørt å gjelde. "Dette er noe helt nytt", nå har vi helt nye mekanismer: For tulipanløk kan jo for fanken forøke seg uten hjelp, og en digital kopi er jo identisk med den kopierte."

Dette er altså dotcom i året i åra 1636-1637. Velkommen etter! Av og til kan ein lura på om ein nokonsinne vil læra av historia. Englund meiner slike syklusar gjentek seg med rundt 20 års mellomrom; halveringstida for hukommelsen som han kallar det.

Ei anna viktig læresetning i denne samanhengen er frå Gordon Gekko i filmen Wall Street: "Greed works".

mandag 31. juli 2006

Bindersen ikkje norsk likevel?

Peter Englund, svensk historikar, slår ein kile av tvil i ein av våre store stoltheiter: Oppfinninga av bindersen. Saman med ostehøvelen er desse kroneksempla på norsk oppfinning og norsk design.

I boka "Stillhetens historie" tek Englund for seg historien til ulike kvardagsting (slik sett litt i slekt med Don Normans berømte The Design of Everyday Things) som bindersen, tannkosten, hamburgaren m.m. Samlinga av essay er høgst leseverdig, ikkje minst fordi Englund er både ein god skribent/stilist og ein god historikar.

Men han pirkar altså i den norske folkesjela og sår tvil om bindersen faktisk kan krediterast Norge:
"Som bindersens skaper utpekes ofte en 33-årig elektrotekniker fra Aurskog i Akershus, Johan Vaaler, som i 1899 oppfant en papirklemme - som det ble søkt patent på i Tyskland to år senere. Påstanden er problematisk. Vaalers binders ligner riktignok mye på nåtidens, men den skiller seg fra den på et viktig punkt: Den er ikke oppbygd med den velkjente doble ovalen. (Den syv meter høye kjempebindersen som er reist til Vaalers ære ved Handelshøyskolen BI i Sandvika, viser ironisk nok ikke den papirklemmen man finner i hans patentsøknad.) Dessuten finnes det et amerikansk patent fra 1898 - gitt til en viss Matthew Schooley - som foregriper Vaalers ufullbyrdede form."

Det neste blir vel at ostehøvelen heller ikkje er av norsk opphav?

mandag 24. juli 2006

auto motor und sport 60 år!

"Das Auto" var namnet på bilbladet renn-legende Paul Pietsch ga ut rett etter krigen i Tyskland 1946, saman med Ernst Troellsch og Joseph Hummel. Det skjedde gjennom firmaet Motorsport GmbH. I 1951 fusjonerte bladet med "Motor und Sport" og vart kalla "Das Auto - Motor und Sport". Seinare vart dette forenkla til dagens "auto motor und sport".

Frå ein enkel start i 1946 har utviklinga til i dag vore enorm. Motor Presse er i dag eit forlag med over 150 tidsskrift i 23 land med over 2 000 medarbeidarar og ei omsetning på nærmare 3 mrd NOK.

Sjølv har eg abonnert på ams i snart 30 år! (men ikkje samanhengjande..). Sjølv om bladet etter kvart også har komme på norsk, held eg meg til originalen på tysk. Det har både med vane å gjera og at eg etter kvart likar godt å lesa tysk (den praktiske nytten av tysken er ei anna sak; ord som 'getriebe', 'antrieb' og 'leistung' har sine begrensningar i turistsamanheng...).

Sjølv om eg set stor pris på ams, og det er eit kvalitets-tidsskrift, ergrar eg meg også nokså ofte over den utrulege sjåvinismen tyskarane oppviser. I biltestar skjer det omtrent aldri at ein tysk bil ikkje kjem ut på topp (jubileums-utgåva gjer eit stort nummer av at Mazda 626 i 1987 vart den første japanske bilen som vann ein samanlikningstest - say no more!).

Grunnleggjaren Paul Pietsch er 95 år og framleis i storform der han poserer i racing-klenodia sine: Bugatti 35B, Maserati 4CL, Alfa Romeo Tipo 159 med fleire.

lørdag 8. juli 2006

I remember Clifford

Er dessverre litt seint ute med hyllesten til Clifford Brown, men 26. juni var det 50 år sidan han omkom i ei bilulykke, berre 26 år. Clifford Brown er eit av dei største trompet-talenta verda har sett, kanskje det største. Då snakkar eg om meistringa av trompeten som instrument (Miles Davis var også ein stor trompetar, men også mykje meir).

Clifford Brown var involvert i ei alvorleg bilulykke 6 år tidlegare også, ei ulykke som nesten stoppa trompet-karrieren hans. Men han kom tilbake og frå 1953 - 1956 spelte han inn mange meisterverk på plate.

Det var ved introduksjon til trommeslagar Max Roach det tok av. Max Roach var alt då for veteran å rekna og hadde godt auga for nye talent. Seinare vart også tenorsaksofonist Sonny Rollins ein del av bandet og denne besetninga markerte toppen av CBs karriere. I Sonny Rollins fann han endeleg ein saksofonist som kunne matcha han musikalsk.

Er du berre bitte lite interessert i trompet og/eller jazz, finst det ingen unnskyldning for ikkje å ha CDAr (eller mp3-filer) med Clifford Brown i samlinga.

Tittelen er elles henta frå Benny Golsons hyllest til CB, men det visste du sikkert...

fredag 7. juli 2006

(x)html er web'ens språk, pdf er for utskrift!

Skriv denne setninga 100 ganger på tavla, evt. i TypePad!
Eg synest å sjå ei feil utvikling med stadig meir bruk av pdf som filformat på informasjon lagt ut på nettet. Det er ikkje bra; me har (x)html som er standarden for web-presentasjon - pdf bør ikkje brukast på anna enn stoff som spesifikt er meint for utskrift.

Eg har har skrive om dette før, i spalta "Gode tenester" for Norge.no tilbake i 2001. Dessverre må eg seia at utviklinga sidan den gong har gått i feil retning; det har vorte stadig meir pdf på nettet, men kanskje mindre Word-format?

Grunnen til å ta dette opp att no, var eit nettmøte statsråd Heidi Grande Røys hadde i samband med besøk hjå Norge.no på Leikanger i dag. Der har dei prestert å leggja ut spørsmål og svar frå nettmøtet som pdf-fil (!), i tillegg til pressemelding frå seansen. Shame on you!

Eg stilte statsråden eit spørsmål og fekk eit javel/nei til svar. Meir om det i ein annan artikkel.

torsdag 6. juli 2006

Emnekart? Javisst, kor mange skal det vera?

Leverandørmøta i Førde gir massevis av stoff for bloggen. I kravspesifikasjonen til intra- og internettsystem spurde me mellom anna om leverandørane støtta emnekart. Ni av dei 12 leverandørane svart 'ja' på spørsmålet; men berre ein av dei ni kunne gi eit fullgodt svar på kva emnekart er.

Dette seier meg to ting:

- det er viktig for leverandørane å svara 'rett' på kravspek. og unngå 'nei' i svar-rubrikken
- emnekart er framleis dårleg kjent som teknologi og standard

Det første er ikkje så mykje å gjera med, men leverandørane må vera klare over at det er dumt å bli avslørte på slike ting. Enkelte av dei ga seg heller ikkje, sjølv om det var heilt klart at dei var ute og sykla, for å seia det forsiktig. Svara på kva emnekart var, varierte frå 'nettstadskart' til 'mulegheit for å relatera til andre artiklar'.

Det er mange som treng innføring og oppdatering og på dette, og ein god start kan vera desse lenkene:

The TAO of Topic Maps - glimrande innføring i emnet av Steve Pepper, Ontopia

Meir formell dokumentasjon ligg i sjølve ISO-standarden:

Topic Maps - Data Model (pdf)

Topic Maps XML Syntax (XTM) (pdf)

Dei siste to dokumenta er i ein serie på fem dokument frå ISO som beskriv standarden.

tirsdag 4. juli 2006

Frå nyheit til tema

Møta med leverandørane i Førde i samband med innkjøp av sak-/arkivsystem og portalløysing, har vore nyttig og vist kva som rører seg i marknaden og kva som er dei dominerande trendane. Ut frå informasjon om pågåande prosjekt, referansar osv. og kombinert med kjennskap elles til utviklinga i kommunesektoren, ser eg følgjande utviklingstrinn:

1. Første generasjons kommunesider: Informasjon ut på nettet (same korleis)

2. Andre generasjon: Kommunen som nyheitsprodusent; publisering og nyheiter i sentrum, i tillegg einvegsoverføring av informasjon frå sak/arkiv

3. Tredje generasjon: Tilbake til kjerneområda - tema- og tenestebasert orientering, nyheitspreget blir dempa, tovegs-kommunikasjon med innbyggjarane. Sak- og arkivsystem blir sentralt i datafangst og dataleveranse. Data frå skjema inn i fagapplikasjon og så til arkivsystem; sjølvbetjening er heilt sentralt.

Det kan verka som det er ei brytingstid for kommunane, og trenden frå nyheitsfokus til å setja tema og tenester i sentrum, synest klar.

Tenkjer ein tenestetrappa, ser vi ei utvikling til trinn 3 og 4. Då brukar eg definisjonen som seier at trinn 4 er fullført elektronisk saksbehandling, enten det skjer innan eigen organisasjon eller i samarbeid med andre.

Utviklinga frå nyheiter til tema/tenester er bra. Eg har ein mistanke om at innføring av generelle portal- og publiseringssystem, som har eit veldig fokus på nyheiter, har litt av skulda for det sterke nyheitspreget.

Men å løfta fram tenester gir nye utfordringar, ikkje minst når det gjeld strukturering og samanheng i informasjonsmengda. Meir om det seinare.

lørdag 1. juli 2006

Alle snakkar om det, men ingen gjer noko med det

Svaret er: Integrasjon. Det er kanskje det største moteordet på IT-området, og der det er størst avstand mellom ord og gjerning.

Dei siste dagane har eg vore i Førde i jobbsamanheng med møte mellom kommunen og tilbydarar av sak/arkiv-programvare og portalløysing (intra-/internett). Det har vore interessante og lærerike dagar, og showet er ikkje over enno.

Det store spørsmålet er integrasjon mellom sak-/arkivsystem og intra-/internettsystemet. Eit sak- og arkivsystem er kommunen sin sentral i informasjonssamanheng. Det er her det viktigaste av kommunen sine oppgåver ligg lagra og kan hentast ut att. Det er også mottakaren av informasjon frå alle fagsystem i kommunen. Portalen er vindauge ut mot brukarane, men også i større og større grad grensesnittet for mottak av informasjon frå dei same.

Alle leverandørane me har snakka med så langt, framhevar integrasjon som det viktigaste for kommunen og den viktigaste grunnen til at akkurat deira løysing bør velgjast. Men kva slags integrasjon? Det er sjølvsagt integrasjonen mellom deira eigne system. Det er ingen grunn til å tvila på at den er på plass, men det skulle berre mangla også. Når spørsmålet blir snudd til integrasjon mellom ulike leverandørløysingar, blir svara meir unnvikande og den tydelege talen dreiar meir mot mumling.

Paradokset for ein kommune er at ved å velja beste løysing på to område isolert sett, endar ein opp med i beste fall nest beste løysing samla sett. Det er fordi integrasjon på tvers av leverandørar framleis er framtid.

KS sette i gang eit viktig arbeid for å definera eit standard grensesnitt for utveksling av informasjon med NOARK 4-baserte arkivsystem. Leverandørar som EDB, ErgoGroup, Acos og Software Innovation vart inviterte til å testa ut forslaga mot eigne løysingar. Dessverre vart dei ikkje utfordra til å testa dette ut mot konkurrentane si løysing.

Det nemnde KS-prosjektet følgjast opp med eit nytt prosjekt der dei same leverandørane blir bedne om å integrera sitt system mot ein av leverandørane sine løysingar. Her kan ein gjerne trekka samansetjinga frå ein hatt. Alternativt bør KS støtta eit pilotprosjekt der ein kommune går i bresjen for å få reell integrasjon mellom ulike leverandørløysingar.

onsdag 28. juni 2006

Don't Make Me Think!



Steve Krugs Don't Make Me Think!, opprinneleg utgitt i 2000 og i revidert utgåve 2005, er eit einaste stort slag for sunn fornuft innan web usability. Undertittelen stadfestar jo dette med A Common Sense Approach to Web Usability. Konsulentdelen av Krugs aktivitetar kallar han då også Advanced Common Sense. Måten han beskriv firmaet og tilnærminga til jobben, seier ein god del om tonen i boka:

... my consulting business (actually just me and a few well-placed mirrors) is called Advanced Common Sense. "It's not rocket surgery" is my corporate motto.

Har du sans for denne stilen, har du sans for boka. Den er ikkje av den krampaktige amerikanske humoren som litt for ofte pregar bøker; eg synest i alle fall Steve Krug sin stil er lesverdig og passar godt med bodskapen. Illustrasjonane i 50-talsstil fungerer også bra.

"Don't Make Me Think" er Steve Krugs første lov for usability, og seier mykje om tilnærminga hans til temaet. I dette ligg det at det viktigaste for ei god nett-teneste er at brukaren med ein gong skjønnar kva dette dreier seg om ("get it") og at det er innlysande korleis ho skal gå vidare frå denne sida.

Innhaldet i boka kan synast veldig enkelt, og som Steve Krug argumenterer for: "sunn fornuft". Erfaringsmessig krev det god oversikt over eit tema for å skriva så enkelt og så kort som Steve Krug gjer. Denne boka bør alle interesserte i temaet usability ha lese.

onsdag 21. juni 2006

Brukartesting etter Europris-modell

I 1989 skreiv Jakob Nielsen artikkelen "Usability Engineering at a Discount" og lanserte med det omgrepet "Discount user testing". For brukartesting var dette ein revolusjon: Bort frå dyre laboratorie-baserte forsøk og fram med sunn fornuft og enkle hjelpemiddel.

Steve Krug tek dette eit steg lenger i boka "Don't Make Me Think!". Her er det brukartesting til Europris-nivå. Han set opp denne samanlikningstabellen mellom tradisjonell brukartesting og "Europris"-modellen (som han sjølv kalla "lost-our-lease testing"):


Tradisjonell

”Europris”

Tal testpersonar

Vanlegvis 8 eller fleire

3 – 4

Rekruttering

Nøye utval tilpassa målgruppa

”Få tak i nokon”, nesten alle som brukar nettet vil funka

Testlokale

Brukartest-laboratorium med observasjonsrom og 1-vegsspeil

Kva som helst slags kontor eller møterom

Kven testar?

Erfaren usability-ekspert

Ein person med eit minimum av tålmod

Planlegging

Fleire vekers planlegging for rekruttering og booking av laboratorium m.m.

Testane kan gjerast nesten på sparket, med minimal planlegging

Førebuing

Utkast, diskusjon, revisjon av testopplegg og –protokoll

Bestem deg for kva du vil visa

Kva blir testa, og når

Med mindre du har eit enormt budsjett: legg alle egga i ei korg og gjer ein grundig test mot slutten av prosjektet

Små testar kontinuerleg gjennom heile utviklings­perioden

Kostnader

35 000 – 100 000 NOK (eller meir)

ca. 2 000 (som stort sett går til å betala testbrukarane)

Kva skjer etterpå?

Ein 20-siders rapport ei veke etter testen, deretter møte i utviklingsgruppa for å vurdera endringar

Utviklingsgruppa, og evt. andre interesserte, diskuterer testen i lunsjen same dagen

Er dette dårleg nytt for usability-bedriftene og -miljøa som no veks fram? Eg trur ikkje det, for dei seriøse vil sjå at det er plass til begge typar opplegg. Men det er klart det er ei utfordring å skulla gjera butikk av brukartesting; det blir ofte litt for smått. Løysinga ligg nok i å pakka det inn i ein større samanheng - brukartesting i seg sjølv løyser ikkje alle problem.

tirsdag 20. juni 2006

Lenkerik startside = kjøkenskåp med glasdør

Tittelen krev kanskje litt forklaring. Jared M. Spool, kjend ekspert på brukargrensesnitt og leiar av bedrifta User Interface Engineering, drøftar trenden med lenkerike startsider. I staden for ei minimalistisk tilnærming på startsida, som har vore strategi hos mange, bør ein løfta fram mest muleg. Dette er i essens ei portaltilnærming.

JMS brukar metaforen å leita etter koppar og glas på eit framandt kjøken. Det er ein god metafor. Ytre sett er alle kjøken nokså like; det er skuffer og det er skåp. Men der vi kjenner innhaldet i kvar skuffe og kvart skåp heime, står vi bom fast når vi kjem inn på framande kjøken. Nettsider kan oppfattast på same måte - det er ofte vanskeleg å gjetta seg til kva som ligg bak nokre enkle lenker på startsida.

Det er her glasdørene kjem inn: Dersom kjøkeskåpa (og forsåvidt skuffene) var utstyrte med glasdører, ville det sjølvsagt ikkje vera noko problem å finna innhaldet. Parallellen til glasdører er ein lenkerik startside. Innafor rimelege grenser er det lurt å løfta fram innhaldet og gjera det synleg gjennom godt formulerte lenker på startsida. Kva som er 'godt formulerte lenker' er eit tema i seg sjølv.

I mitt forrige liv og forrige blogg - spalta "Gode tenester" på www.norge.no - skreiv eg om Trondheim kommune sine dåverande nettsider der startsida var forma etter "less is more". Eg står framleis inne for det som står der, men det må nok nyanserast. Med argumentasjon for lenkerike startsider, er det plutseleg "more is more" som gjeld.

søndag 18. juni 2006

Dårleg brukargrensesnitt blir ikkje betre med AJAX

I samband med foredrag av opphavsmannen bak AJAX-begrepet (Asynchronus JavaScript and XML), Jesse James Garrett, kom eg over nokre eksempel på tenester som brukar Ajax. Tenestene var nemnde spesielt i samband med Garretts besøk.

Dessverre fekk eg ikkje med meg foredraget (og workshop) til JJG. Han snakka ikkje berre om Ajax, men også om The Elements of User Experience, noko han har skrive bok om. Og eg tippar at han understreka nett det; eit dårleg konstruert brukargrensesnitt kan ikkje reddast av Ajax eller andre kule teknologiar. Det blir berre like dårleg, men på ein kulare måte.

Eit av eksempla var søk i bok- og mediedatabasen på Deichmanske bibliotek sine sider. Nyskjerrig som eg er, var eg inne for å sjå korleis teknologien var brukt. Eg rekna med at det var inkrementelt søk, som hjå Google, og det var det. Men det funka dårleg.

Eg søkte på "Erlend Loe" i feltet 'Forfatter/Person', og som forventa kom forfattarane opp i ein resultatboks på høgre side etter kvart som fleire bokstavar vart tasta inn. Første treffet var "Erlend Kurt Loe" og eg rekna med at det var det fulle namnet til forfattaren eg var på jakt etter. Eit klikk på dette treffet ga ei ny side med tittel "Søket ga ingen treff". Men likevel kom det opp 15 treff (!) og eit av dei var 'erlend loe' med tre treff. Desse tre treffa viste tre bøker med 'erlend loe' som del av tittelen.

Systemet hadde sikkert rett; det fann ikkje bøker av Erlend Loe (merkeleg), men fann bøker som hadde namnet i tittelen. Men måten dette blir presentert på, er ikkje godt å forstå - sjølv ikkje for bibliotekarar vil eg tru. Men prøv sjølv på http://www.deich.folkebibl.no/cgi-bin/websok

lørdag 17. juni 2006

Fotball-VM - klart for elektronisk revolusjon!

I 28 år har fotball-VM vore noko av det største innan idrettsarr. for meg. Det begynte med VM i Argentina, med vertslandet som favoritt og Mario Kempes som favorittspelar. Den sommaren fekk me også fargefjernsyn - ein viktig del av opplevinga.

Fotball-VM fascinerer stadig og årets VM har overraska positivt. Sjølv om det ser ut som alle favorittane går vidare og det blir få overraskingar, er det mykje positivt å seia om spel og scoringar. Det som er moro med fotball-VM er at det alltid vil bli spennande kampar og spektakulære situasjonar og scoringar. Det siste har det vore mange av.

Eg trur tida er moden for å ta i bruk elektronisk dømming av offside. Det vil gi den offensive fotballen eit stort løft. Med stadig betre kameradekning på arenaene blir det meir og meir klart at dommarane står overfor ei nesten umuleg oppgåve og det er lett å sjå i ettertid at det blir gjort feil. Linjeoffside blir i dag svært ofte feilaktig avvinka.

Elektronisk dømming av offside har vore utprøvt (meiner eg) og er ikkje science fiction. Det vil snart vera klart for bruk, og då er det berre motstand mot endring som vil gjera det vanskeleg. Det siste skal sjølvsagt ikkje undervurderast, det ligg masse følelsar og tradisjon i fotballen og det er tregheit i systemet som verkar mot endringar. Det er også positivt, for det har endeleg vore føreslege, og prøvt ut, dumme forslag (nok å nemna straffespark-avgjerd ved uavgjorte kampar). Men mange nyare endringar har også vore heilt nødvendige, som forbod mot tilbakespel til målvakt.

Kanskje kan el. dømming av offside prøvast ut alt i neste VM i 2010?

Ja, og så må eg ta med Gary Linekers fantastiske definisjon av fotball: "A game of 22 players chasing one ball and in the end the Germans always win."

Betre kan det ikkje seiast!

torsdag 15. juni 2006

Kodenamn "Westlife"

Hadde møte med Are, Even og Eidar i Netlife Research i dag om muleg prosjektsamarbeid framover. Samarbeidet mellom Vestforsk og Netlife har sjølvsagt fått kodenamnet "Westlife" (krediterast Are). Det må jo berre bli ein suksess! Kvite dressar og rosa skjorter er i bestilling...

(Are Halland, Even Risbakken og Eidar Grande Vollan - til orientering)

fredag 2. juni 2006

Altinn - med teskei?

Svaret er 'Ja'. Poenget er at for enkelte Altinn-brukarar, som meg sjølv, som brukar systemet berre ein gong i året, må det vera "døds"-enkelt. Det er her Altinn har hatt problem og framleis har forbetringspotensial. For rekneskapsførarar og andre som brukar systemet ofte, fungerer det sikkert heilt fint.

Rett skal vera rett: Systemet har vorte betre og i år gjekk det nokolunde greitt å fullføra rapportering av sjølvmelding m/vedlegg. Starten var kronglete: Etter berre to forsøk (!) fekk eg beskjed om å venta ein heil time til neste forsøk. Då klikka det nesten for meg; eg var seint ute i utgangspunktet og så måtta venta ein heil time pga. to feiltastingar av passord! Problemet er at innloggingsdelen ikkje er intuitiv når du brukar systemet ein gong i året. Det er lett å gå seg vill i alle alternativa og det var det som skjedde meg.

Eit anna problem er dei ulike rollane og å hugsa på kva rolle ein må vera innlogga som for å utføra rett jobb. I fjor bomma eg og var innlogga som org.nr-brukar Svein Ølnes. Eg fylte ut alt og skulle godkjenna, då først fekk eg beskjed om at det var feil. Og ein telefon til brukarstøtte bekrefta det eg trudde ikkje var muleg: Eg måtte tasta inn alt på nytt, det var uråd å ta med seg opplysningane som var inntasta. Det er stryk i kravet til brukargrensesnitt! Og når ein tenkjer på kor mange (hundre) millionar som er kasta til Altinn-utviklinga er det til å bli heilt dårleg av.

tirsdag 30. mai 2006

Høgskulen i Sogn og Fjordane og studentrekruttering

I kjølvatnet av skremmande låge søkjartal til Høgskulen har det vore ein diskusjon om marknadsføringa av studia. Denne diskusjonen har dels vore intern i Høgskulen og dels vore referert i avisa (Sogn Avis). Det har vorte peika på at ein kanskje må vri ressursbruken meir over på nettsatsing.

For moro skuld har eg søkt litt på Google for å sjå kor synleg eller usynleg Høgskulen i S & Fj. er på studia sine. Her er resultata:

'idrettsutdanning' - treff nr. 2 (men i praksis nr. 1 fordi det første treffet er øydelagt av meiningslaus tittel)

' ingeniørutdanning' - treff nr. 3 (og godt synleg)

'lærerutdanning' - ikkje på første resultatside (og då pr. definisjon bortimot usynleg!)

'sykepleierutdanning'/'sykepleier'/'sykepleier utdanning': ikkje synleg (men synleg på søkeordet 'helsefag'!)

'akvakultur' - ikkje synleg

'naturfagutdanning' - ikkje synleg

'sosialutdanning' - ikkje synleg


Det er sjølvsagt mykje å seia om desse søka og 1000-kronersspørsmålet er sjølvsagt kva søkeord/-uttrykk studentane brukar?
Det burde vera eit interessant forskingsprosjekt i seg sjølv!

Det er uansett ein viktig diskusjon Høgskulen bør ta tak i: Korleis bli meir synleg på nettet for å rekruttera fleire studentar. Dette handlar mykje om å ha godt innhald og slik sett er det eit møysommeleg arbeid, men eit arbeid som ein ikkje kjem utanom. Det er likevel ein stor fordel om ein har ein del enkle retningslinjer å halda seg til når ein går i gang.
Tips: Vestlandsforsking kan hjelpa til...

fredag 26. mai 2006

Forskingsformidling på nett

Eg har tidlegare skrive om Formidlingsutvalet og diskusjonen om korvidt forskingsformidling på nett skal telja blant indikatorane for formidling. Utvalet går mot dette, men medlem av det første Formidlingsutvalet, formidlingsdirektør Torny Aarbakke ved Universitetet i Bergen, går sterkt ut mot dette i eit intervju i universitetsavisa "På høyden". Full støtte til Torny Aarbakke som etter mi meining effektivt plukkar sund grunngjevinga til utvalet: At indikatorar kan vera vanskelege å formulera og evaluera, er ikkje god nok grunn til å droppa dei. Og formidlingsutvalet sitt signal om at "nettet er så viktig at dette kjem uansett" avfeier ho som heilt urealistisk.

Det er verdt å minna om at det første formidlingsutvalet, som la fram innstillinga "Sammen om kunnskap", meinte at forskingsformidling på nett burde stimulerast ekstra.

onsdag 24. mai 2006

And the winner is...

Fylkestrygdekontoret i Sogn og Fjordane! Sjå berre her:

E-post: fylkestrygdekontoret.i.sogn.og.fjordane@trygdeetaten.no

Den som klarer å skriva dette rett, får eitt års uførepensjon utan legeattest. Stakkars medarbeidarar på sentralbordet som skal lesa opp denne over telefonen...

Ambient Findability

Peter Morville er framleis mest kjend for "isbjørn-boka" - "Information Architecture for the World Wide Web" - som han skreiv saman med Louis Rosenfeld og som på mange måtar definerte begrepet og området informasjonsarkitektur.

I boka Ambient Finability går han eit steg lenger, eller tek eit steg tilbake, alt ettersom ein ser det, og tek opp utfordringar med tilgang til og opptak/tolking av informasjon. Ambient Findability spelar her på utfordringa å finna fram til informasjon trass i nærmast total tilgjenge (til nettet). Boka kan også lesast som ein aktuell oversikt til tema han illustrerer i den kjende bikube-modellen sin som viser total brukarnytte (ironisk nok: denne sida fungerer ikkje skikkeleg i Opera!).

Peter Morville gjer eit interessant poeng av å setja Moores og Mooers lover opp mot kvarandre. Graham Moores lov er velkjend: talet på transistorar på ein kvadratcentimeter vil fordobla seg (anna-)kvart år. Ut frå denne kan me slutta at "Mo(o)re is mo(o)re". Men Calvin Mooers' lov er langt mindre kjend: "An information system will tend _not_ to be used whenever it is more painful and troublesome for a customer to have information than for him not to have it". Som Morville understrekar handlar det i det siste tilfellet om langt meir enn problem med å få tak i informasjonen (eit usability-problem). Eit viktigare poeng er det faktum at mange vil unngå informasjon, eller unngå å ta følgjene av den, fordi det kan bli ubehageleg (t.d. store omstillingar, eller at det vil krevja handling som vi helst unngår). Mooers' lov peikar på den viktige sosiale konteksten og følgjene for brukarane av store IT-støtta endringar. På mange måtar er det ingeniøren (Moore) og sosiologen (Mooers) ulike vinklingar me her ser. Og den siste blir stadig viktigare pga. den første.

Boka gir alt i alt ein god oversikt over status og utfordringar knytt til informasjonsgjenfinning på nettet i dag. I tillegg er den spekka med mange interessante referansar til vidare lesing. Peter Morville har eit balansert syn på viktige utfordringar og meistrar å presentera fordelar og ulemper på ein god måte og overlet til lesaren å trekka dei endelege konklusjonane.

I eit tidlegare innlegg refererte eg frå ein konferanse der Peter Morville var forelesar (User Experience 2005 London under leiing av Jakob Nielsen). Inntrykket frå den konferansen var veldig bra, noko boka følgjer opp.

fredag 19. mai 2006

I Amsterdam











Dei som har vore i Amsterdam, veit at overskrifta kan lesast på minst to måtar; både norsk og engelsk. IT-gruppa var på studietur til Amsterdam i forrige veke og det var eit vellykka opplegg både sosialt og fagleg. Me budde på Leidseplein og slik sett midt i smørauga av byen.

Amsterdam var eit naturleg val særleg fordi Robert Engels, vår nye bistillings-person, er fødd og oppvaksen i byen og har god kjennskap til Vrije Universiteit (VU) - eit universitet med sterke fagfolk innan semantisk web. 'Vrije' betyr her 'fritt' for innblanding frå stat og kyrkje og stammar frå den tida då universitet og høgskular ofte var sterkt religiøst styrte .

Det faglege opplegget var dels av indremedisinsk art, dvs. diskusjon av framtidig strategi for IT-området, og dels av ekstern karakter. Det siste var i form av møte med representantar for semantisk nett-forskinga ved VU. Dei har nokre av dei beste fagfolka på området, med Guus Schreiber og Frank van Harmelen i spissen. Guus har vore i førarsetet for W3C under utforminga av OWL-standarden (Web Ontology Language). Den semantiske forskinga ved Vrije Universiteit er innafor W3C-retninga med RDF/OWL, altså ei litt anna retning enn (det praktiske) arbeidet vårt med emnekart. Det er likevel interessant å sjå desse retningane under eitt, og arbeid er i gang for harmonisering av dei to standardane.

Som biletet viser, er Amsterdam noko for seg sjølv: Kvar elles kan ein få kjøpt "Cannabis Starter Kit"?