torsdag 30. november 2006

Å stela sukkertøy frå småungar..

.. er ikkje bra. Men det er mykje verre det mange i mobil-bransjen driv med! Dei stel rett og slett pengar frå barn.

Yngstejenta Åsa fekk mobil for eit par år sidan, og den vart ført opp i hennar namn. Mobilen vart knytt til eit kontantkort. Etter ei stund klaga ho på at kortet vart så fort tomt (kven gjer ikkje det??). På eit kontantkort er det likevel vanskeleg å kontrollera kva pengane går til.

Etter samordning av abonnementa i heimen til eit familie-abonnement, kom tala for ein dag. På den siste rekninga for Åsa sin mobil, var halvparten av summen nedlasta ringjetonar frå VGNett. Det var 6 meldingar til kr 15,- pr stk. Ho har sannsynlegvis svart ja på eit spørsmål om abonnement på ei slik teneste ein gong ho har vore inne og lasta ned ein ringjetone.

Men skal me forventa at ein 10-åring (eller 7-8-åring) skal forstå konsekvensane av å takka ja til eit slikt tilbod? Sjølvsagt ikkje, og dermed er mange selskap på svært tvilsam grunn. Og dei blir godt hjelpte av teleselskapa. Det er på høg tid Forbrukarrådet tek opp dette og at Barne- og familiedep. set ein stoppar for slik forretningsverksemd. Vanlegvis er eg i mot forbod som løysing på problem, men i dette tilfellet kjem me kanskje ikkje utanom?

søndag 26. november 2006

Gratulerer med dagen!

Eittårsdagen sidan starten på Sveins blogg må feirast! Skulle eigentleg vore i går, men då var eg oppteken med smalahove i godt lag.

Etter eitt års blogging er eg endå meir overtydd om blogging som verktøy. For min eigen del har eg sett at den fungerer som eit slags arkiv; eg tek opp saker og problemstillingar med ein gong, og kan seinare komma tilbake til temaet i andre samanhengar. Forma fungerer også godt for bokmeldingar, også dei er greie å kunna slå opp på lenge etter at boka er lesen.

Tematisk har det for det meste vorte jobbrelatert informasjon. Eg finn det lettare å konsentrera skrivinga om eitt tema i staden for å spreia meg på mange ulike - sjølv om det også til tider er freistande.

Ei rask oppteljing viser 91 innlegg, noko som blir nesten to i veka. Eg hadde ambisjonar om å skriva minst ei melding i veka, så det er eg godt nøgd med. No er ikkje talet det viktigaste, viktigare er det å ha noko å melda.

Det neste blogg-framstøytet blir truleg ein firmablogg; VF-bloggen. Følg med!

torsdag 23. november 2006

IST 2006

Den årlege IST-konferansen ( Information Society Technology) går mot slutten her i Helsinki. Det er eit kjempearrangement med ein del tusen deltakarar. Finland er arrangør pga. president-skapen.

IST er IT-delen av EU sitt rammeprogram for forsking og utvikling. 6. rammeprogram går mot slutten og det 7. er i startgropa. Konferansen er difor ekstra interessant i år. Presentasjon av det nye rammeprogrammet har sjølvsagt vore hovudtema.

Vestlandsforsking med partnarar er tungt representerte; totalt 9 personar har vore her på heile eller delar av konferansen. Det er nok eit uttrykk for at satsinga på 7FP blir veldig avgjerande for IT-utviklinga i SFj-miljøet.

Det som slår meg med konferansen og IST generelt, er eit veldig teknisk fokus. Dette er laga av teknokratar, for teknokratar. Brukarperspektivet er heilt fråverande, det er påfallande. For forskingsområda som grensar mot grunnforsking, er det forståeleg, men for dei mange områda som kjem inn under anvendt forsking, er det meir enn merkeleg. Men dette er etter mitt syn eit av hovudproblema med innretninga av forskingsprosjekt i EU.

Konferansen har samla sett vore som forventa; det er mest politikk og lite fag. Men orienteringa om innretninga av 7FP er både interessant og nyttig. Enkelte andre foredrag har også vore interessante - særleg presentasjonen av ObjectWeb: eit viktig open source-initiativ innan EU. Du kan finna ut meir på www.objectweb.org

Meir informasjon om IST 2006, inkl. kopi av alle foredrag, finst på Cordis, http://europa.eu.int/information_society/istevent/2006/index_en.htm

mandag 20. november 2006

Petter & eg

Kva er likheiten mellom Petter Stordalen og meg? I utgangspunktet ville eg vel ha sagt at det var veldig lite, interesse for bilar kunne kanskje vera ein. Men eg har funne to ting til:

- begge har vore på framsida av Nationen i løpet av den siste veka (!)
- begge har raud (!) Sony Ericsson K610i

Det siste har eg fått høyra på jobben er skikkeleg femi (for å vera heilt ærleg har eg fått andre kommentarar også, men dei skal eg la liggja her...).

Petter har sikkert ein del andre mobiltlf. (det har forresten eg også), men det var den raude K610'en han var avbilda med på framsida av Nationen nyleg.

Saka var mangelen på økologiske matvarer (men det er sjølvsagt underordna akkurat her)

fredag 17. november 2006

Misforstått hjelp

Innovasjon Norge prøver å hjelpa brukarane ved å løfta fram enkelte menypunkt ('fylke' og 'internasjonale ambisjonar/marknader'), men dei oppnår det motsette. Det viser seg at snarvegane, som nettopp tiltrekkjer seg spesiell merksemd, ikkje fungerer i Firefox og Opera (hallo! me skriv slutten av 2006 og framleis er det utviklarar og bestillarar som ikkje har fått med seg at IE ikkje er einerådande lenger!).

Effekten blir dermed stikk motsett: Eg legg faktisk ikkje merke til at dei to nemnde menyvala også finst i hovudmenyen; eg blir så fokusert på at nedtrekksmenyane ikkje fungerer i Opera/Firefox.

I tidlegare kvalitetvurderingar for offentlege nettstader hadde vi ein indikator som fanga opp funksjonalitet i fleire nettlesarar. Den vart teken ut i 2003 eller 2004 fordi det var så stor oppfyllingsgrad (over 90 %). Eg har ei kjensle av at denne indikatoren må inn att, det er ikkje uvanleg å finna sider som delvis ikkje fungerer utanom IE.

onsdag 15. november 2006

Arbeidsgivars tilgang til e-post

Fornyings- og adm.dep., FAD, sende for ei tid sidan ut eit forslag til reglar om arbeidsgivar sin tilgang til tilsette sin e-post. Forslaget frå departementet er som kjendt at arbeidsgivar ikkje skal ha tilgang til tilsette sin e-post, med nokre unnatak.

Det kan ha mykje for seg å verna om den tilsette sin e-postkommunikasjon, men etter å ha tenkt litt over saka er eg faktisk litt einig med Jan Eigil Rydningen i HSH Arena som i siste Computerworld skriv at dette er å snu saka heilt på hovudet.

Han samanliknar e-posten med vanlege brev, og der er hovudregelen at dei blir opna av verksemda sjølv om dei er adresserte til ein tilsett. I dei tilfella den tilsette sitt namn står først, skal den tilsette rett nok opna brevet sjølv, men det skal likevel journalførast så sant det ikkje er av privat karakter.

Spørsmålet som kan stillast er om e-post er til først og fremst for verksemda eller den tilsette, og då i privat forstand. Eg meiner at e-post er eit viktig verktøy for verksemda, eit såkalla verksemdskritisk verktøy. Dersom rutinane var slik at journalverdig e-post alltid vart sendt til arkivet, ville dette kanskje ikkje vera eit problem. Men undersøkingar viser at svært lite av e-post blir journalført, ein langt mindre del enn det som er arkivverdig. Då blir det også eit problem at e-post blir sett på som privat for den tilsette.

Eg trur difor at hovudregelen skulle vore at arbeidsgivar har rett til innsyn i den tilsette sin e-post, så sant det ikkje går klart fram at den er av privat karakter. Då må den tilsette passa på å arkivera private e-postar i eigne og godt merka mapper. Samtidig må regelen utformast slik at det ikkje er fritt fram; tilgang kan berre skje på visse former med tilsette til stades osv.

tirsdag 14. november 2006

Digitalisering av offentlege tenester i praksis

Sist fredag var eg til kjeveortoped i Bergen med yngstemann. På det lokale tannlegekontoret var dei litt uroa over ein muleg skade i ei tann som enno ikkje var kommen fram.

Det er kjekt med tur til by'dn, men me brukte altså godt og vel 14 timar alt i alt. Tida hjå kjeveortopeden tok 15-20 min. Han tok eit 3D-røntgen (eller 3D-scanning) som fekk fram alle detaljar i over- og underkjeve.

Slikt krev avansert utstyr, men det finst også i Sogndal, hjå privat tannlege. Kva om denne hadde teke røntgenbilete, sendt det el. til kjeveortopeden i Bergen som så kunne gitt melding tilbake til tannhelsetenesta i Sogndal? Det ville ha spart ein heil del tid og pengar.

Det er berre å innsjå at når me fjernar oss frå kontoret og ser på det "verkelege livet", er det på mange område sørgjeleg langt att til ein offentleg sektor som tek i bruk dei mulegheiter teknologien gir oss. Dette er muleg å få til i dag, men det krev litt annleis tenking. Og det krev eit samarbeid mellom offentleg tannhelseteneste og private tannlegar. Dei kan jo starta med å oppdatera kvarandre på kva dei har av tilgjengeleg utstyr.

Språkleg forfall

Språk-kunnskapane våre er i fritt fall, det er i alle fall min påstand. Det er færre og færre som evnar å skriva nokolunde rett, og blanding av ord og uttrykk når nye høgder. Eit feilaktig uttrykk som ser ut til å gripa om seg, er bekymringsverdig. Kva i alle dagar er det? Seinast i går høyrde eg ein journalist stilla spørsmålet om "ikke dette er bekymringsverdig?".

Det er nok ei feilkopling av orda beundringsverdig og bekymringsfullt, men uansett er det ikkje noko som heiter bekymringsverdig. Dessverre får eg 20 300 treff når eg søkjer på ordet.

Andre uttrykk som blir blanda, er "i hytt og pine", som snart har teke heilt over for det korrekte "i hytt og ver". Pine kjem nok frå uttrykket "død og pine".

søndag 12. november 2006

Oppslag i "Nationen"

Den kjende IT-avisa (!) "Nationen" hadde fredag eit stort oppslag med tittel "Kommuner på nett får refs". Der heitte det "IT-forsker Svein Ølnes feller en knusende dom over nettsidene til mange norske kommuner". Ikkje småtteri, nei. Men sopass må det kanskje vera for å få innpass i media?

Ein journalist i avisa hadde komme over fordraget eg heldt for Arild Jansen i anledning feiringa av 60-årsdagen hans på avd. for forvaltningsinformatikk, UiO. Det foredraget hadde tittelen "Informasjonsstruktur i offentleg sektor - frå emnekratt til emnekart?". Eg må skunda meg å leggja til at undertittelen har eg lånt av Lars Marius Garshol i Ontopia (godt sagt, Lars Marius!).

Innhaldet i foredraget, og grunnlaget for intervjuet med Nationen-journalisten, er at det manglar eit skikkeleg fundament i offentlege nettportalar (private også, for den del) og at det blir veldig synleg når ein gjer eit internt søk på dei. Dei fleste fell då saman som korthus fordi det ikkje er ein gjennomgåande (semantisk) struktur som søket også kan dra nytte av. Dette kjem til å bli ei av dei største utfordringane framover for dei som driv portalutvikling. Leverandørane må ta ei stor del av skulda og utfordringa her.

Det skortar også på rådgjevingshjelp for offentlege portaleigarar, og her kjem spørsmålet om eit eige IT-direktorat inn. Det manglar ein stad å få gode råd i slike spørsmål i offentleg sektor i dag.

onsdag 8. november 2006

Fri programvare

Richard Stallman prøver om att og om att å forklara kva han meiner med "free software", men det er stadig mange som ikkje forstår skilnaden på "fri" og "gratis". Me har heldigvis ikkje denne namneforvirringa på norsk, eller har me?

I denne korte artikkelen forklarer Stallman kva som ligg i begrepet "free software", kva GNU GPL går ut på og kva skilnaden mellom GPL og "open software" er. Vel verdt å lesa.

Ein kan seia mykje om Richard Stallman, men hans bidrag til IT-verda kan ikkje underslåast. Utan han, ingen Linux, rett og slett!

tirsdag 7. november 2006

Ufrivillig komikk

Evalueringa av offentlege nettstader 2006 er snart ferdig og det er mykje interessant og også merkeleg å sjå. Av dei meir komiske funna er Kristiansand kommune si taleteneste. Den er i utgangspunktet eit veldig bra tiltak, men brukt på dei engelske sidene får den eit visst komisk skjer.

Gå inn på www.kristiansand.kommune.no, trykk på 'In English', marker ein del av teksten og trykk så på talegeneratoren i toppmenyen (markert som ein avspelingsknapp). Len deg så tilbake og nyt den engelske uttalen - riil nårvidjen æksent.

Google - Amazon A9: 1 - 0

Var inne på Amazon for å finna tittelen på ei bok som me har her på Vestlandsforsking, men som eg ikkje fann akkurat då eg trengde den. Boka heiter "A Practical Guide to Usability Testing" og er skriven av Janice C. Redish og Joseph S. Dumas. Ei bok som kan tilrådast for dei som er interesserte i å læra meir om korleis gjennomføra brukartestar.

Eg hugsa ikkje heilt tittelen eller namn på forfattar, men prøvde meg med søka "Practical guide user testing", "Reddish" og "Reddish user test". Ingen av søka førte fram.

Søket "Practical guide user testing" på Google ga med ein gong treff på boka eg var ute etter.
Hmmm, og eg som har høyrt så mykje positivt om søkemotoren A9.

mandag 6. november 2006

Klipp & lim-design


Har fått eit blad frå Toyota i posten og der annonserer dei den nye Hiace'en. Hadde eg vore Volkswagen ville eg meldt dei for plagiat. Dei har rett og slett berre nappa ut VW-merket i grillen og sett inn Toyota-logoen. Sjå på bileta, er det berre eg som synest dette er mistenkjeleg likt?

Eg meiner hovudproblemet er at Toyota har dårleg design; dei manglar rett og slett identitet og stel litt her og litt der. Men dei gjer det ikkje på nokon spesielt god måte. For kort tid sidan hadde Dagens Næringsliv den årlege kåringa av firmabilar. Der kom det interessant nok fram frå Toyota sin eigen representant at Avensis kanskje ikkje var bilen med mest spennande design. Det kan kallast litt av eit understatement, men interessant sidan det kom frå dei sjølve.