søndag 31. august 2008

IT i skulen

Med eldste dottera nettopp starta på vidaregåande, har eg fått eit lite innblikk i status for IT-bruk i skulen. Og førsteinntrykket er skremmande! Vel har ho berre gått eit par veker, men det teiknar seg alt eit bilete av ein skule som ikkje tenkjer på IT som eit naturleg verktøy i det heile. Det er som om det skulle vera noko nytt og ukjendt.

Det starta med rot med klasselister og lister som låg tilgjengelege på nettet før skulestart. Skuleleiinga var (sjølvsagt) heilt ukjende med det - det verka som dei ikkje var klar over at eit av verktøya dei brukar er eit online timeplansystem. Og dette var altså ope for alle å sjå. At slikt ligg ope på nettet er ikkje i seg sjølv så farleg, men når elevar blir flytta fram og tilbake mellom klassar frå den eine dagen til den andre, og opplever å bli plassert i feil klasse første dagen, så er det slett ikkje bra.

Men det dårlege inntrykket av IT-bruken kjem først og fremst frå pensumlistene. Her er alt som det har vore i 30-40 år, for ikkje å seia 100. I dag må skulen nærmast rekna med at alle elevar har tilgang til berbar pc, og dei som ikkje har det bør få støtte på ein eller annan måte. Med det som utgangspunkt blir det heilt feil å be elevane kjøpa inn ordbøker i alle språkfag og til alt overmål ein grafisk kalkulator!

Kalkulatoren tek i grunnen kaka. I matte er dei avhengige av grafisk kalkulator til 1100-1200 kr. Og så sit dei fleste med rekneutstyr i tungvektsklassen. Er det ikkje ein tanke å bruka pc-ane nettopp til dette?

Gratis læremiddel er under innføring i vidaregåande, og førsteklassingane er dei siste som må kjøpa sjølve. Det er eit bra tiltak, men det må følgjast opp med ei anna tenking. Det er lite vits å kjøpa ordbøker til elevane (kanskje dei må kjøpa dei sjølve, saman med kalkulatoren?). Ressursane må brukast til å utvikla gode nettressursar på dette området. Fylkeskommunane har nyleg fått mange millionar kvar for å rusta opp den digitale satsinga i skulen. Eg håpar mykje av ressursane blir styrte mot utvikling av fellesressursar som digitale ordbøker m.m., men eg fryktar at det går til administrative system.

Ei av mine desiderte favoritt-tenester på nettet er Bokmåls- og nynorskordboka. Det er eit verktøy eg brukar dagleg. Universitetet i Oslo fekk midlar til å gjera bøkene tilgjengelege på nettet, men dessverre ser det ikkje ut til at det er midlar til vedlikehald og oppdatering. Ordlistene er ikkje oppdaterte på lang tid. Her må det inn midlar fort! Det vil kanskje vera feil å bruka dei fylkeskommunale midlane, men ein stad må ein finna pengane. Og då meiner eg det er ei betre investering å setja pengar i slike prosjekt framfor å kjøpa berbare pc-ar til elevar som stort sett har slikt utstyr frå før.

Skal ein absolutt kjøpa inn utstyr, så sats på små berbare Linux-maskiner som Asus Eee. Det verkar som det perfekte verktøyet for elevar og studentar. Les elles Bjørn Venns blogginnlegg om litt av det same temaet.

mandag 18. august 2008

Olav H. Hauge 100 år

Olav H. Hauge ville ha vore 100 år i dag. Den kjende diktaren frå Ulvik i Hardanger vart 86 år gammal og døydde i 1994. Han vart fødd i Ulvik, men Hauge-namnet kjem frå Lærdal der far hans kom frå. Han var altså halvt lærdøl.

I år er det felles 100-årsjubileum for både Olav H. Hauge og Geirr Tveitt, begge fødde i 1908 og begge hardingar. Og begge har hatt stor innverknad på kvart sitt område; lyrikk og musikk. Dei to vart etter kvart godt kjende og vegane deira kryssa kvarandre fleire gonger.

Hauge hadde ikkje ikkje noko enkelt liv, særleg i første halvdelen - det er vel gjerne slikt det blir stor kunst av. Han vart alvorleg sjuk alt som 15-åring ("i strid med maktene" som han sa sjølv sa) og seinare skulle han med jamne mellomrom bli hardt råka av djupe depresjonar og innlagd på (sinns-)sjukehus, jamvel med tvang. "Den andre mannen" eller "hin mannen" kalla han denne sida av seg sjølv, og sjølv om han er veldig langt nede i desse periodane, ser han seinare på denne sida ikkje berre negativt. Det er "den andre mannen" som verkeleg er noko, den sida representerer det kreative, for ikkje å seia galskapen, og den vanlege sida er nærmast "puslingen".

Den radikale krinsen av forfattarar kalla Profil etter tidsskriftet, blir ofte trekt fram som dei som oppdaga Hauge og fekk han fram i lyset. Det stemmer ikkje heilt, ein gløymer då at Hauge fekk kritikarprisen ((Norsk Kritikerforenings pris) alt i 1961 - mange år før Profil-gjengen kom på bana. Desse orda i Hauge si dagbok etter prisen vart kjend, seier mykje om forfattaren:

Eg lyt fortelja nytt. I går kveld ringde forlagssjef Øyvind Dybvad i Norsk Boklag. Han fortalde at På ørnetuva hadde fenge Norsk Kritikerforenings pris for 1961. Sjå der! Ho greidde seg, den vesle boki likevel. Han vilde eg skulle koma til Oslo til torsdag, då utdelingi skulde gå for seg. Fjernsyn nemnde han, og slike nye greidor. Eg sa nei med det same.... Visst er eg takksam, men det høver ikkje for ein arbeidsmann å møta fram på slike stader."
Men sjølv om Hauge syntest smålåten og ofte trekte seg unna merksemd, sette han inst inne stor pris på den. Han ville gjerne bli sett og akseptert, han som dei fleste andre.

Sjølv har eg vore fascinert av Olav H. Hauge lenge, først gjennom dikta hans og seinare gjennom historia om mannen sjølv. Det er smått utruleg at denne karen, som stort sett gjekk og sulla heime på garden Hakestad, hadde betre oversikt over lyrikk rundt om i verda enn dei fleste andre her til lands. Ein treng altså ikkje ha Oslo 3 som adresse for å følgja med på det som skjer!

Er du berre litt interessert i Olav H. Hauge, vil eg tilrå biografien Mitt liv var draum av Knut Olav Åmås. Det er ein framifrå biografi, grundig og ærleg og Åmås trengjer gjennom myta om "den diktande fruktdyrkaren". Han får fram dei store spenningane og kler av det romantiske synet på fruktbonden i Hardanger. Vel verdt å lesa!

I desse OL-tider kan diktet om Kuppern kanskje passa som avslutning, sjølv om det vart skrive til eit vinter-OL:

KUPPERN SKRID I SQUAW VALLEY

Eg har og teke premi på skeisor, eg vart
nummer fire i eit skulerenn då eg var åtte,
etter han Leiv.
Men dei hine hadde stålsette skeisor,
og eg hadde berre jarn.
Eg hadde kjøpt mine hjå urmakaren,
eg tok dei som hadde
største snablane.

Men no skrid Kuppern i Squaw Valley!
Eg har ikkje tenkt å gå nokon 10 000 m,
men ordi fær ein djervare sving,
og ho mor grip fastare um staven.

tirsdag 12. august 2008

Årets konsert















For min del blir nok gårsdagens opningskonsert for Oslo Jazzfestival i det nye operabygget årets konserthøgdepunkt. Det vart to konsertar i ein, med ei avdeling Porgy & Bess og ei avdeling med Sketches of Spain.

Først eit par ord om operabygget. Det geniale ved bygget vart ikkje klart for meg før eg forsto at dette er eit bygg ein kan gå på - og det gjer folk til gagns. "Å gå på opera" har fått ein ny betydning; no er det reine folkesporten. Eg kosar meg også med tanken på at Frp her har feilrekna publikummet sitt grovt med den negative haldninga til bygget. "Folk flest" har trykt bygget til sitt bryst og det kan absolutt kallast Folkets hus. Som vanleg slepp Frp alt for billeg frå dette..

Tilbake til konserten. Maria Schneider stod i sentrum med sine Gil Evans-arrangement og det let flott, berre så det er sagt. Konserten opna, litt overraskande, med Porgy & Bess og Nicholas Payton som solist. Payton har (som mange andre) vorte kalla den nye Louis Armstrong, mykje pga. oppvekst i New Orleans og ei framtoning og ein trompetlyd som liknar mykje på gamle Louis. Det er alltid farleg å bli kalla "den nye ...", uansett kva sjanger og instrument det er. Det har teke knekken på mang ein artist.

Eg trur det kanskje også har prega Nicholas Payton og gjort han litt forvirra. Frå å starta som typisk neoklassisk bop-trompetist, har han gjort merkelege U-svingar innom m.a. electronica for så å venda tilbake til utgangspunktet. Det er litt typisk for den nye generasjonen av amerikanske jazz-musikarar; dei veit ikkje heilt kva bein dei skal stå på. Til Payton er det berre å seia: "hald fast på det du starta på". Han er heilt klart best når han spelar standardlåtar, og gjerne dei blues-prega.

Slik sett kunne han verka som eit litt feil val til å ta Miles-rolla i Evans-klassikaren Porgy & Bess. Og det vart noko uforløyst over det heile. Visst spelar han bra, men det læt litt tillært og ikkje heilt ekte. Berre på eit par melodiar (Summertime og There's a boat that's leavin' soon for New York) kom den "ekte" Payton fram, og særleg på den siste melodien tok det av. Men før det var det litt tamt. Eg tenkjer at Porgy & Bess-versjonen til Ella Fitzgerald og Louis Armstrong ville ha passa Nicholas Payton mykje betre, men det måtte jo ha blitt i eit anna konsertformat.

Sketches of Spain avslutta konserten og det vart eit formidabelt høgdepunkt. Det er ganske fantastisk at ein norsk trompetar, attpåtil frå Sogn og Fjordane!, skal stå i sentrum for noko slikt. Men Arve Henriksen overbeviste og publikum skjønte fort at dette var noko spesielt. Han makta å gi sitt eige uttrykk til melodiane medan han på same tid var heilt i Miles si ånd. Det var rett og slett fantastisk. Ekstranummeret fortener også omtale: Han sette i gang ein improvisasjon som heilt klart ikkje var avtalt. Musikarane var temmeleg rådville, men han fekk dei gradvis med, og til slutt også heile salen.

Om eg skal trekka bitte lite grann i Arve Henriksen sitt spel må det vera at eg heile tida sat med ein følelse av at teknikken er noko begrensa. Særleg i dei sterke partia hadde han litt lite å bidra med, og overlet det meste til ensemblet, med trompetrekkja og Frank Brodal i front. Arve Henriksen minner meg ein del om Palle Mikkelgaard i spelestilen og uttrykket - spesielt dei vare, melodiske linjene. Men Palle har det vesle ekstra når han gir jarnet, sjølv om det skjer svært sjeldan.

Maria Schneider leia begge avdelingane med stødig hand og viste at ho har eit heilt spesielt forhold til denne musikken og ei heilt spesiell forståing. Sjølv om ho stod i sentrum for konserten, kom ho litt i bakgrunn av Arve Henriksen sin prestasjon. Men det hadde ho tydelegvis ikkje noko i mot; og Arve Henriksen er heller ikkje den typen som tek rampelyset frå nokon - heller omvendt.

Her har vi ein musikar frå Sogn og Fjordane som er i absolutt toppklasse, utan tvil den største musikaren fylket har fostra i nyare tid. Og så er det knapt eit menneske som kjenner til han i heimfylket..

søndag 10. august 2008

Den viktige oversetjaren

Favorittforfattar for tida er finske Arto Paasilinna. Han har skrive ei rekkje bøker og slo gjennom i heimlandet med boka Harens år i 1975. Bøkene er oversette til mange språk, men til norsk kom dei ikkje før nokre få år sidan. Harens år vart oversett i 2004 og seinare kom Den ulende mølleren (2006), De hengte revenes skog (2006), Kollektivt selvmord (2007) og Den elskelige giftblandersken (2008).

Det er ikkje tunge finske tankar a la "finsk fjernsynsteater" Paasilinna formidlar, men tvert om lettlesne og humoristiske historiar. Dei har eit visst burlesk preg og det er ofte den utstøytte middelaldrande mannen det handlar om, som gjerne dreg djupt inn i dei finske skogane og lever ut livet der i kontrast til det moderne. Rikelege mengder sprit høyrer også med, og her lever bøkene meir opp til dei finske mytane. Eg synest t.d. Erlend Loes Doppler minner mykje om Paasilinna, også i måten menneske og dyr kommuniserer på.

Eg har lese alle bøkene med unnatak av Kollektivt selvmord og den einaste eg synest ikkje held heilt mål, er Den elskelige gift-blandersken. Det er delvis på grunn av historien som ikkje er like god som i dei to første, men etter kvart sakna eg også det frodige språket som er heilt avgjerande i oversetjinga av ein slik forfattar (utan at eg kan eit ord finsk).

Det var då eg oppdaga at den siste boka er oversett av ein annan enn dei første. Dei tre første bøkene er oversette av Nøste Kendzior, kanskje kjend frå NRK og med kvensk bakgrunn, trur eg. Dessverre døydde ho i slutten av 2006 og blir ståande med dei tre oversetjingane av Paasilinna ho rakk. Det var synd ho starta så seint, for ho verka å ha eit sikkert tak på språket til Paasilinna.

Det er ikkje ofte ein tenkjer over oversetjingskvalitet og det er ikkje så rart. Det er sjeldan ein kan samanlikna originalteksten med den oversette, eller som i dette tilfellet ein oversetjar sitt arbeid opp mot ein annan.

Arto Paasilinna kan uansett tilrådast. Det er korte og lettlesne bøker og eg tilrår å starta med enten De hengte revenes skog eller Harens år.

fredag 8. august 2008

Komplett uforståeleg

Komplett.no er ein av dei store på netthandel av elektroniske varer og eg brukar dei ofte. Det siste kjøpet var minne til ein gammal pc. Men då minnet skulle installerast, viste det seg at det ikkje fungerte.

PC-en er ein Fujitsu-Siemens av merket Scaleo, årsmodell 2001. Dessverre er ikkje Fujitsu-Siemens særleg interesserte i å opplysa kva modelltype dei sel så det var uråd å finna ut eksakt modell både via merking av sjølve pc-en og via medfølgjande dokumentasjon. Søk på modellnr., som stod på pc-en, ga ikkje resultat verken på Fujitsu-Siemens sine nettsider eller på Google.

Eg returnerte dermed minnebrikkane ved å følgja Komplett si oppskrift for "retur av produkt". Eg merka returen med at minnebrikkane ikkje passa til pc-en. Det såg ut til å fungera fint, men i dag kom det ny melding frå Komplett om at dei hadde funne feil på den eine minnebrikken og at den ville bli erstatta og ny sendt saman med dei andre brikkane. Men det var jo ikkje feil på minnebrikkane som var problemet, det var feil type minnebrikkar.

På brukarstøtte fekk eg opplyst om at eg ikkje skulle ha brukt "retur", men "angrefrist" - nærmast med eit "sjølvsagt" lagt til. Det er neimen ikkje lett å forstå ut frå opplysningane på Komplett sine nettsider. Moralen er: Snakk kunden (brukaren) sitt språk! Gjer det heilt klart for kunden at det er snakk om angrefrist og ikkje retur ved å stilla eit enkelt spørsmål i starten av rettleiinga.

Men elles er eg godt nøgd med Komplett...