lørdag 29. august 2009

Fly-krøll

Er i Wien på veg til eGov 2009-konferansen i Linz. For sikkerheits skuld har eg doble flybillettar; både med Norwegian og med Austrian Airlines! Det hadde seg slik at eg tenkte å bruka Austrian på returen, for deira avgang passa betre. Men så viser det seg at eg ikkje får brukt returbill. dersom eg ikkje flyg Oslo - Wien. Scheisse!

Dessverre er det mange flyselskap som framleis køyrer denne gammaldagse linja. Dei tilbyr billegbillettar, men då skal du også ta turen både fram og tilbake. Det spelar ingen rolle om dei kanskje hadde tent på å la det vera meir fleksibelt; slik har det vore og slik skal det vera!

I påvente av at dei tek til fornuft, er vårt einaste mottrekk å lura dei. For å seia det med teskei-kjerringa: "Dei lure skal ein lura (, dei sterke skal ein klø bak øyra og dei feige skal ein skremma").

Sidan prisskilnaden ofte er veldig stor mellom billegbillettar og billettar som kan endrast, føreslår eg følgjande mottrekk (eg brukar Austrians Oslo - Wien som eksempel):

1. Bestill Oslo - Wien t/r med returen langt ut i tid
2. Bestill Wien - Oslo t/r med med avgang Wien på det aktuell returtidspunktet

Du kastar også no bort ein tur/retur-billett samla sett, men dersom billettane er billege nok vil det framleis lønna seg. Og dei vil aldri kunna tvinga deg til å ta retur-reisa.

For ordens skuld vil eg rosa Norwegian på akkurat dette området (det er ein del område dei kan bli betre på også, men..). Dei opererer med enkeltreiser og gjer det mykje enklare for oss som reisande. Slik bør det bli også hjå andre flyselskap.

torsdag 27. august 2009

Seminar om elektronisk samhandling

Vestlandsforsking og Norstella arrangerte i dag (27.8) eit seminar om elektronisk samhandling i offentleg sektor. Arrangementet var ein del av arbeidet i Ressursnettverk for e-forvaltning der VF har eit hovudansvar for el. samhandling. Referat frå seminaret og presentasjonar finn du på vestforsk-veven.

torsdag 13. august 2009

Radka Toneff og mytedanning

Måndag kveld var eg i Operaen og høyrde på opningskonserten for Oslo Jazzfestival 2009. Konserten med tittelen "Til Radka" var ein minnekonsert for jazzsangaren som døydde i 1982 etter å ha teke sitt eige liv.
[Bilde av Radka Toneff er henta frå Oslo Jazzfestival sine sider og fotograf er Arild Haugan]

Sjølvmord og myter
Sjølvmord vil alltid bli grunnlag for ei viss mytedanning, slik også i Radka Toneff sitt tilfelle. Ho var ein stor jazzartist med ei heilt særeigen, var stemme. Ho var i kraft av talentet sitt stor nok til at ho ikkje hadde trengt den mytedanninga som har skjedd i ettertid - musikken hennar ville uansett ha levd vidare.

Feig opningskonsert?
Dessverre har mytene skygga ein del for artisten RT, og opningskonserten held dessverre fram i same sporet. Isolert sett var det ein ok konsert; ikkje strålande, men heilt ok. Det var tidlegare vinnarar av Radka Toneff Minnepris som framførte eigne låtar. Det gjorde sitt til at det vart lite samanheng i konserten, det einaste som batt den saman var stammen av musikarar med Arild Andersen i spissen. Med ei slik innretning av konserten blir det som om konserten må ta ein omstart kvar gong ein ny artist entrar scena.

Radka Toneffs melodiar høgdepunktet
Eg hadde forventa at konserten skulle dreia seg om Radka Toneff og hennar musikk, men det var berre to artistar, Per Jørgensen på trompet og Live Maria Roggen på sang, som framførte RK-kjende melodiar. Kanskje var forventningane mine feil, men eg fekk også eit inntrykk av at artistar vegrar seg for å syngja eller framføra låtar som Radka Toneff har framført tidlegare. Det meiner eg er synd, og det er også med på å byggja opp mytene om RT plassera ho på ein pidestall - nesten som "artisten hvis navn ikke må nevnes".

Merksemda som fortent
For meg var nettopp dei to Radka Toneff-melodiane konserten sitt høgdepunkt ("The Moon's a Harsh Mistress" med Per Jørgensen og "Antonio' Song" med Live Maria Roggen). Utfordringa mi til norske jazzartistar er: Kutt ut serviliteten overfor Radka Toneff og mytane om ho og gi ho den merksemda ho fortener gjennom å gi ut melodiane hennar på nytt! Gjerne det stjernelaget som var i Operaen, men som ikkje torde (eller som ikkje fekk lov?).