lørdag 23. juni 2012

Breaking Bad

Breaking Bad, her sesong 2
Etter å ha kjøpt tv-seriane Sopranos og særleg The Wire fekk eg problem med å investera i nye seriar. Det kjendest som ingen ting kunne toppa The Wire og å gå nedover i kvalitet verka ikkje så freistande. Etter lang tids vurdering (og mykje tid spart!) enda eg opp med å kjøpa første sesong av Breaking Bad. Og serien innfridde forventningane.

Streiting blir kriminell
Plottet er ganske interessant: Kjemilærar Walter White får konstatert lungkreft og legane gir han berre kort tid att å leva (maks 1-2 år, men helst nokre månader). Walter White er ein ganske alminneleg amerikansk borgar, med kone og to barn (nr. to er på veg og kjem i løpet av første sesong). Han er altså ganske Joe Average, bortsett frå at han har ei god universitetsutdanning og slik sett ikkje har drive det så langt som han burde. Kjemilærar på High School-nivå er ikkje spesielt imponerande.

Kjemi-kunnskapar i botnen
Sidan han ikkje har gjort særleg karriere, er heller ikkje økonomien lysande. Han strevar for å ha nok til huslån m.m., og den føreståande behandlinga han etter kvart går inn for, har han i alle fall ikkje pengar til. Men mest uroa er han for familien sidan han har så kort tid att. Han bestemmer seg då for å prøva å skaffa "raske" pengar ved å slå inn på narkotika-produksjon. Som god fagmann (kjemi-lærar) veit han alt om prosessane for å produsera meth-amfetamin, og saman med ein tidlegare elev (Jesse, som var veldig dårleg i kjem!) set han i gang. Og det fører sjølvsagt med seg ei rekkje situasjonar og problem.

Tett og god start, sidan eser det ut
Første sesong er knallgod, med tett driv og god regi. Filmatiseringa er veldig bra. Det er vel slik med tv-seriar av denne typen at første sesong blir brukt til å overbevisa tv-kanalen om at dette er noko å satsa på. Seier kanalen så ja til fleire sesongar, startar prosessen med å spe ut vara. Det skjer også her, så i andre sesong blir det ein god del meir langhalm. Der første sesong har 7 episodar, har andre sesong est ut til 13, utan at det eigentleg skjer så mykje meir. Og slik held det også fram. Tredje sesong er nett kommen (gjekk på tv i 2010) og den har også 13 episodar. Eg ser på Wikipedia at sesong 4 også har 13 episodar og at den femte og siste sesongen også er planlagt, med 16 episodar. Puhh!

Strålande skodespel
Bryan Cranston, som har hovudrolla som Walter White, har motteke ikkje mindre enn tre strake Emmy-prisar for innsatsen sin. Også sidemann Jesse Pinkman (spelt av Aaron Paul) har motteke Emmy-pris for sin innsats.

Serien er altså vel verdt å sjå. Den får 9,3 i skår på IMDB, det same som SopranosThe Wire har til samanlikning 9,5

Kor vanskeleg kan det vera (2)

Eg kunne sikkert hatt dette som det einaste temaet på bloggen og funne rikeleg med eksempel. Men det ville blitt litt kjedeleg i lengda. Det overraskar meg likevel at så mykje brukte system har så iaugefallande svakheiter; feil og svakheiter som "alle" ser bortsett frå utviklarar og dei som har bestilt systema.

Denne gangen er eksempelet nettbanken til Sparebanken Vest. I utgangspunktet er det ikkje så mange ulike nettbanksystem her til lands, det er stort sett felles grunnsystem med diversen justeringar og tilpassingar. Nettbanken til Sparebanken Vest aksepterer av uforståelege grunnar dei fleste variantane av dato bortsett frå den mest opplagde: DD.MM

tirsdag 19. juni 2012

Kor vanskeleg kan det vera?

Først ros, og så litt ris: Ros til Avinor for å opna trådlaus tilgang på flyplassane. Den eine timen som no er gratis, kan godt aukast til to.

Så til løysinga med registrering av mobil for tilsendt passord. Utviklar (og bestillar) prøver tydelegvis ikkje eigen kode, elles ville dei fort sett feila sjølve.

Her er skjermbiletet som møter deg når du ber om passord for det trådlause nettet: Tast inn mobilnr, det kan vel ikkje vera så vanskeleg? Eh, det er nok ikkje like enkelt som det ser ut til.



Landskoden skal også vera med, men ikkje på denne måten:



Her er det rette formatet:


Kvifor ikkje gi eksempelet i skjermbiletet frå starten av??

tirsdag 12. juni 2012

ECIS 2012, Barcelona, dag 2

Henry Chesbrough, Univ. of California (Berkeley) og ESADE Business School
Services Science - an update

Chesbroughs Service Science - A Manifesto er eit av hovudverka på området og ein mykje sitert artikkel.
Tenester overtek meir og meir av omsetning og inntekter for selskap, eks.vis IBM der teneste-området no er mykje større enn både programvare og system til saman.

Skal me få tak på 'tenester' må me gi slepp på vårt eige, litt snevre, domene og prøva å sjå heilskapen.
"Service science is the transdisciplinary study of service systems & value-cocreation".

Service Science
Ideen om ein ny vitskapleg retning kalla teneste-vitskap (service science) starta med ein telefonsamtale i 2004 mellom Jim Spohrer, IBM Research Service Research department, og prof. Henry Chesbrough, Univ. of California, Berkeley. Den resulterte etter kvart i den ovannemnde kjende artikkelen.

T-shape
T-shaped professionals: Både breidde og djupn; me må sjå vidare enn den eine pillaren (i 'T'-en) me er ekspertar på for å få eit godt resultat. Ein PhD er typisk nok stolpen i 'T'-en. Den er nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg.

Mobil-utviklinga
Motorola laga Razr som vart ein kjempesuksess pga. ny, slank design. Men dei andre mobil-selskapa kom fort etter, og oppfølgjaren frå Motorola, Krazr (?!), vart ingen suksess. Motorola vart forbikøyrt av m.a. Nokia, vart global leiar. Men Nokia fekk også problem..

Kortversjonen er at tenester er ein viktig del av svaret og løysinga. Selskapa må tenkja tenester, sjølv om det er maskinvare dei lagar. Dei må skapa tenester rundt produkta.

Kva er eit teneste?
"A service is a change in the condition of a person, or a good belonging to some economic entity, brought about as the result of the activity of some other economic entity, with the approval of the first person or economic entity." (Hill, 1977)

Porter's Value Chain
Porter's verdikjede: Tenester er heilt i enden, og litt vekkgøymt, i kjeda. Viss ein tenkjer på tenester på denne (gammaldagse) måten, får ein problem.

Tenester er ikkje konkrete (intangible) og difor blir det vanskeleg for kundane å uttrykkja kva dei ønskjer, utan at dei er deltakarar i prosessen med utforming av tenesta.

Kva slags forsking trengst?
Fire I-ar:
- Infrastruktur
- Individ (skills)
- Institusjonar (rules, jobs)
- Informasjon

Horizon 2020: Multidisciplinary Grand Challenges
- Aging
- Climate Change
- Food Security
- Energy
- Information

I alt er det føreslått eit budsjett for det nye FoU-programmet på € 80 mrd. over 7 år, men det endelege resultatet veit me ikkje. Det interessante er i alle fall at multidisiplinær forsking blir prioritert (fleirfagleg i motsetnad til tverrfagleg?).


Spørsmål til Chesbrough:
Sidan me ikkje nådde fram med artikkelen, men berre fekk aksept for poster, måtte eg sørgja for å marknadsføra oss gjennom spørsmål. Spørsmålet mitt til Chesbrough var e-Service og problemet med definisjon, særleg innan e-forvaltning. Eg hevda at alt blir kalla e-service og at det tømmer konseptet for innhald og at vi kjem til å få store problem med interoperabilitet pga det.

Chesbrough starta svaret med å samanlikna eGovernment med eCommerce og han meinte e-Services/e-Government eigentleg stamma frå e-Commerce. Han meinte vidare at det sentrale ved e-services (og services for så vidt) er meirverdien det skaper for mottakaren (innbyggjaren). Interoperabilitets-delen av spørsmålet mitt fekk han til å gå over på format-problem og slik sett kom han litt utanfor det eigentlege spørsmålet. Men presiseringa av meirverdi er nyttig i arbeidet vårt med å få eit meir presist vokabular for e-tenester. Ein effekt av den tenkinga er jo at aktivitetar som skatterapportering o.l. (via Altinn) vil falla utanfor teneste-begrepet fordi det knapt kan seiast å skapa meirverdi for brukaren/innbyggjaren. Om tenestebegrepet i det heile skal brukast her, noko det nok ikkje skal, må det vera INNBYGGJAREn som yter ei teneste til FORVALTNINGA - altså det stikk motsette av det som i dag er retorikken.

Arild og eg diskuterte dette vidare med prof. Gøran Goldkuhl, Univ. i Linkøping, som er heilt på linje med oss  i vurderingane av e-tenester og det problematiske språket. Me har jo også brukt hans arbeid som ein viktig del av fundamentet for artikkelen. Han peikte også på anna arbeid han har gjort som kan vera nyttig for det vidare vårt med denne artikkelen.

Peter Corbett, iStrategyLabs: Hacking Open Data

Peter Corbett er kjend for arbeidet med Apps for Democracy saman med tidlegare CIO i Obama-regjeringa, Vivek Kundra i den tida han var ansvarleg for IT i Washington DC, og Apps for the Army-programmet for US Army. Han har starta firmaet iStrategyLabs der han er dagleg leiar.

Tre år etter at arbeidet med Apps for Democracy starta, har meir enn 40 land og byar teke etter modellen og lansert eigne program. Corbett utarbeidde også konseptet "Apps for Army" for US Army. Det vart ein stor suksess, men endå viktigare er det at programmet blir vidareført av det militæret på eiga hand og dei har no gjennomført "Apps for Army 4".  Langsiktigheit (sustainability) er viktig for å lykkast slik at det ikkje berre blir eit eingongs-stunt.

Code for America er ein slags digital kode-dugnad for å løysa ein del problem det offentlege ikkje kan gjera sjølve, fordi det ikkje er prioritert av ulike grunnar. Eit Code for Europe-program er under etablering. CodeforAmerica er støtta av fleire av dei store namna i web-verda, som Tim O'Reilly, Mark Zuckerberg, Biz Stone (Twitter) og Catherina Fake (Flickr).

Civic Commons er endå eit initiativ i same retning ("a marketplace for open innovation in government"). Eit liknande initiativ er også under utvikling i Europa/EU.

Spørsmål: Korleis oppnå langsiktig effekt (sustainability)?Svar: Code for America er eit initiativ for å få ein meir langsiktig verknad. Eit anna moment er at off. myndigheiter, t.d. kommunar, opnar saksbehandlar-systema sine og tillet direkte meldingar frå brukarane (bilete av hol i vegen, gatelys som ikkje verkar osv.).

Spørsmål: Korleis oppnå utveksling på tvers?
Svar: Lite kontroll på dette, det beste svaret er at ein bør basera seg på dei formata og den strukturen dei offisielle datakatalogane er bygde på.

Spørsmål: Kva med det politiske elementet i dette?
Svar: Apps for Democracy var eit iStrategyLabs-initiativ, ikkje eit Washington DC-initiativ; viktig distinksjon. Elles har haldning vore meir "let's just do it", applikasjonane som er utvikla viser ikkje noko særleg anna enn det du kan lesa i avisene kvar dag, berre på ein litt annan måte (t.d kriminalitet knytt til kart).

Peter Corbett understreker til fulle den amerikanske haldninga til open data med "just do it". Det spelar ingen rolle kva format eller korleis du gjer det, berre få data ut. Det er stor vekt på privat entreprenørskap, som rimeleg er på dette kontinentet. Eg må innrømma at det har ein viss sjarm, og så må ein bera over med at alt ikkje er like gjennomtenkt og at motførestillingar er lite velkomne. Det er ikkje akkurat klima for kritisk haldning her..

mandag 11. juni 2012

ECIS 2012, Barcelona, dag 1

European Conference on Information Systems, ECIS, er ein stor europeisk konferanse innan det ganske omfattande temaet Information Systems. I år har ECIS 20-årsjubileum, og det er ein ganske stor konferanse, med trangt nålauge (berre 29 % av innsende artiklar vart godkjende). Eg refererer berre keynotes, det blir alt for mykje å referera frå parallellsesjonane, som er presentasjon av sjølve artiklane. Alle aksepterte bidrag er tilgjengelege på AIS' eLibrary.

Keynote 1:
Bob Jones,
 CERN Head of openlab: Big Data at CERN

Alt blir publisert ope ved CERN, ikkje berre til medlemslanda (men data er tilgjengelege berre for medlemslanda). Large Hadron Collider: 27 km ring ("race track"). 14 millionar kollisjonar i sekundet seier litt om datamengdene som blir genererte i forsøka ved CERN.
ATLAS: 40 mill. "bilete" pr. sekund, ca ein petabyte pr. sek. Ein av dei viktigaste barrierane no er tilgang til straum. Dei har difor lyst ut konkurranse om eit eksternt datasenter (der fleire norske tilbydarar deltok). Ungarn vann konkurransen og det nye datasenteret blir sett opp der.

Akselleratoren skal etter planen vera i drift i 20 år, og vil generera enorme mengder data
- 15 mill. GB pr. år
- CERN kan berre handtera ca. 20 % sentralt, resten blir handtert ved ulike senter rundt om (11 Tier-1 senter).
Dei 11 Tier-1 sentera lagrar også data slik at det alltid vil vera minst to eks. av data.

Nettverk vart rekna som den svakaste delen av arkitekturen, men har viste seg å vera den delen som har endra seg mest gunstig med tanke på pris/kapasitet. Lagring har til samanlikning hatt ei dårlegare utvikling. Det får mykje å seia for arkitekturen.

Tier-2 består av ca. 150 senter der det blir gjort analysar av ulike slag. Det har vist seg at den viktigaste delen av analysane blir gjort

Dei ulike sentera får ikkje betalt av CERN, det heile er finansiert med eigeninnsats

Open CloudScience: CERN arbeider med utvikling av skytenester og har planar om ei utlysing om eit par år (viss marknaden er moden nok). Mange faktorar som må vurderast:
- sikkerheit
- "reliability"
- personvern
- skalering/elastisitet
- nettverkskapasitet
- integrering
- inne-låsing
- juridiske forhold
- transparens


Teknologien vil ha stor innverknad på forskings-infrastrukturen; det blir ikkje lenger muleg å få finansiering til spesifikk infrastruktur som kan "kjøpast" i skya.

ECIS 2012 og tema

Informasjonssystem, eller Information Systems som temaet offisielt heiter, er ganske omfattande. Det er nesten utan grenser, noko også dei mange spora (tracks) på konferansen viser. Det er helst ei ulempe, for begrepet blir veldig utydeleg etter kvart som meir og meir blir putta inn. Frå konferanse-organisatorar si side handlar det både om kvalitet og økonomi, men eg mistenkjer dei for å leggja mest vekt på det siste. Det ligg då ein motivasjon om å utvida det faglete området for å sikra konferanseøkonomien.

Her er ei liste over spora ved årets ECIS:
  • Accounting Information Systems and ERP
  • Adoption and Diffusion
  • Alternative Genres
  • Business Intelligence and Knowledge Management
  • Co-creating Innovations
  • Enterprise Architecture and Governance
  • eHealth
  • Enterprise Transformation
  • General
  • Global Sourcing Management
  • IS in Education IS Curriculum
  • IT-IS Management and Development Methodologies
  • IT Global Services and Cloud Computing
  • IT for Global Welfare and Sustainability
  • Information Technology Project Management
  • IT-enabled Supply Chain Management
  • Mobile and Pervasive Computing
  • Public Sector ICT
  • Research Methods
  • Social Computing and Collaboration
  • Serious Games and Simulations
  • Technology Substitution
  • Emerging Perspectives in Project Management
Puhh, noko for ein kvar altså. Men når du har titlar som "General" har du i grunnen opna for alt mellom himmel og jord, sjølv om "General" her sannsynlegvis refererer til generelt om informasjonssystem. Men likevel..

Eg leverte eit bidrag saman med Arild Jansen, UiO, med tittelen "What is This Thing Called e-Service? A Critical Look at the Use of the Concept e-Service". Artikkelen vår vart dessverre ikkje akseptert som fullt paper, men som poster. Avslaget kom trass i veldig bra tilbakemeldingar (gj.snitt 8 av 10 på 'Overall contribution to the field"). Veldig rart, for personleg har eg aldri fått så gode tilbakemeldingar på ein artikkel. Men her var det nok "track chairs" som greip inn og overstyrte.

Men som vanleg med artikkel-publisering tek me ikkje eit nei for eit nei, og arbeider vidare med artikkelen for publisering ein annan stad. Eg meiner temaet er høgaktuelt, jfr. alt snakket om digitale tenester på den nyleg haldne Digitaliseringskonferansen. Alt er no tenester, og dermed er begrepet tømt for innhald og nærmast ubrukeleg i eit IT-perspektiv.

mandag 4. juni 2012

Ferjefri E39?

Eit heilt billettkontor etter turen!
Eg har ikkje skjønt noko av saka ferjefri E39. Det endra seg etter 15 timar, 9 ferjer og ein samla billettkostnad på kr 901,-. Det var etter ein tur frå Sogndal til Midsund og tilbake (for å henta ein brukt forhaustar!).

Det positive med ferjer er eit avbrekk og ei god svele. Men 9 sveler blir for mykje, og 9 avbrekk trengst heller ikkje. Om ikkje ferjefri E39 (Kristiansand - Trondheim) så ville berre ei halvering av talet vore kjærkomme.

Ein annan ting: Bør ikkje ferjene reknast som ein nødvendig del av vegnettet og slik vera gratis, der det ikkje er bompengefinansiering? Slik det no er, blir me straffa for å ha desse flotte fjordane våre.