torsdag 30. juni 2022

Svar til Bjørn Stærk, juni 2022

Bjørn Stærk har fått Bitcoin i vrangstrupen og går i ein ny kommentar i Morgenbladet 29.06 igjen til angrep på fenomenet. Denne gangen er det energibruken som forargar han. Eg har sendt eit svar til kommentaren og håpar Morgenbladet vil publisera det. Det blir truleg ikkje tilgjengeleg for dei som ikkje er abonnentar, så eg deler det her.

Kort om Bjørn Stærks siste "utblåsing":
- "Kryptokræsjet" er godt nytt for klimaet
- forbod mot "prosessorsløsing" (PoW-basert energibruk som Stærk kallar "sløsebevis"...) 
- ingen plass for idealisme i Bitcoin, det er liberalisme som ligg til grunn for systemet 
- usikkert om Lynnettverket vil fungera

Eg tek berre opp energibruken i svaret mitt sjølv om eg gjerne skulle svart på dei andre påstandane også. 

Bitcoin som del av løysinga på klima-utfordringa

Svein Ølnes, seniorforskar ved Vestlandsforsking (og eigar av bitcoin og ether)

 Den sjølvutnemnde Bitcoin- og kryptoeksperten Bjørn Stærk er på krigsstien igjen. Denne gangen er det særleg energibruken i Bitcoin som forargar han, og i kommentaren i Morgenbladet 29.06 ser han helst at den typen aktivitet blir forboden. Det er på linje med partiet Raudt sitt forslag i Stortinget nyleg. Heldigvis har me meir oppegåande politikarar på Stortinget, og Finanskomitéen ga eit grundig og godt svar på forslaget og presiserte at god og dårleg bruk av energi ikkje er opp til politikarane å dømma. I ein litt uvanleg stil, i alle fall for skriftlege utgreiingar frå Stortinget, skreiv fleirtalet i komitéen at strøyming av Justin Biebers låt «Despacito» har stått for ein like stor energibruk som heile Barbados årlege straumforbruk. Lykke til for den som vil innføra eit energipoliti!

Det er på tide å få ein meir nyansert debatt om energibruken i Bitcoin. Mykje tyder på at energi­bruken i Bitcoin kan bli ein viktig del av framtidas fornybare energi og slik sett bli ein del av løysinga på klimautfordringa heller enn problemet. Premissane for ein slik påstand kviler på behovet for ei enorm utbygging av ny fornybar energi i form av sol- og vindkraft. Dei er vidare henta frå det internasjonale energibyrået, IEA, sine prognosar om framtidig energi­samansetjing for å nå målet om nullutslepp i 2050. Bitcoin kan bli ein drivar for utbygging av ny fornybar energi, som Stærk også er inne på, men her vil eg ta opp den viktige rolla bitcoin-graving kan spela i balanseringa av framtidas energi­nett.

For å nå målet om nullutslepp, må dagens fossilbaserte energikjelder erstattast med ny fornybar energi, og det vil i praksis seia enorme mengder sol- og vindkraft. Det trengst sjølv om total energi­bruk skulle bli redusert i framtida. Sol og vind er ustabile kjelder og skaper nye utfordringar for balansering av energinettet. I staden for dagens produksjonsstyrte balansering, må balanseringa av energinettet i stadig større grad skje på forbrukssida. Det betyr at forbruket må kunna regulerast raskt, i takt med varierande sol- og vindforhold. IEA meiner denne typen etterspørselsregulering (kalla «demand respons») må tidoblast alt innan 2030; frå dagens 2-3 % av total balansering til 20-30 %.

Ei regulering av forbrukssida kan neppe skje ved at du og eg blir bedne om å slå av varmtvasstanken, eller varmepumpa/luftkjølinga. Den må skje ved at storforbrukarar av energi går inn på avtalar der dei får billeg straum i byte mot å kunna svara raskt på varierande etterspørsel etter energi. Det vil i praksis seia enkle industriprosessar som krev mykje straum. Ikkje smelteverk, ikkje sement­produksjon, men…. ja nettopp: bitcoin-graving! Det er ein energiintensiv, men veldig enkel, prosess som kan regulera forbruket på svært kort varsel. Dette er i bruk i dagens energinett i Texas og blir studert med stor interesse.

Ein grunnleggjande føresetnad er sjølvsagt at Bitcoin er nyttig. Med eit aukande tal autoritære og totalitære land i verda er økonomisk sensur og kontroll stadig meir utbreidd, og alternative system for overføring av verdiar er difor viktig. Om Bjørn Stærk hadde delteke på Oslo Freedom Forum i mai, ville han høyrt historier frå afghanske Roya som betaler sine tilsette med bitcoin, Farida frå Togo som fortalde om eit pengesystem som framleis er dominert av den franske kolonitida, Jaroslav frå Belarus som fortalde om faren for fengsling for dei som tok i mot økonomisk støtte frå utlandet, Obi frå Nigeria og Dario frå Argentina om galopperande inflasjon og mange fleire. Felles for dei var Bitcoin som gjorde økonomisk og finansiell fridom muleg. Men for å forstå det, krev det at både Stærk og andre fjernar skylappane og ser opp og ut frå sine privilegerte økonomiske nærområde.


fredag 17. juni 2022

Bitcoin-gravarar må bli smartare!

Eg sende dette lesarinnlegget til Dagens Næringsliv som svar på finansredaktør Terje Erikstads kommentar 14.06 om bitcoin-graving og skatteunndragelse. Innlegget er ikkje publisert (enno).





Bitcoin-gravarar må bli smartare

Svein Ølnes, seniorforskar ved Vestlandsforsking

 Finansredaktør Terje Erikstad hissar seg som vanleg opp over Bitcoin og relaterte aktivitetar. I ein kommentar 14. juni spør han kva kryptofabrikantane har å skjula, og svarer sjølv på spørsmålet ved at aktørane på den måten slusar gevinstar skattefritt ut av Norge. Til dette er det å seia at krypto­aktørane  må bli smartare. Det er ingen grunn til å driva på ein slik fordekt måte. Dei må læra av Internett-gigantar som Google og Facebook som omset for milliardar av kroner i Norge, men likevel nesten ikkje betalar skatt. Så er det også grunn til å leggja til at gevinst eller tap på bitcoin berre skjer ved realisasjon slik at aktørane det her er snakk om, ikkje er i skatteposisjon før det skjer.

Det er elles grunn til å gi Dagens Næringsliv honnør for å ha fått fram at mykje eigedom i Norge har ukjende eigarar. Det er etter mitt syn eit langt større problem at me ikkje veit kven som eig Drammen hamn enn kven som har grave-aktivitet i eit gammalt fabrikklokale i Vassbygdi. Her må politikarane uansett rydda opp og sørgja for at alle eigarar er kjende, enten det gjeld hamner, vindmølleparkar barnehagebygg eller kryptofabrikkar.