mandag 21. desember 2020

Bitcoin som demokratisk investering

Finanskommentator Terje Erikstadi Dagens Næringsliv omtalar i ein kommentar 16.12 børsnoteringa av AirBnB og korleis utvalde investorar og mellommenn står først i køen for utdeling av «gratis pengar». Dette er ikkje eit eineståande eksempel, det er slik finansverda fungerer, og særleg investeringar i nye selskap. Folk flest må pent venta til dei rikaste har forsynt seg.

Bitcoin representerer eit alternativ til denne forfordelinga. Bitcoin er rett nok ikkje eit selskap, og du kjøper ikkje aksjar i systemet. Men så langt har Bitcoin vore eit investeringsobjekt som på mange måtar liknar ei investering i aksjar.

Kven som helst kan investera i bitcoin eller andre kryptovalutaer. I motsetnad til tradisjonelle børsnoteringar er det ingen forfordelingar til dei rikaste. Dei som eig bitcoin i dag er heller ikkje dei tradisjonelle investorane i finansmiljøet. Bitcoin-eigarane er spreidde over heile verda og har det til felles at dei har stor tru på eit alternativ til dagens ganske skakk-køyrde finanssystem.

Dette innlegget vart også publisert på nettutgåva av Dagens Næringsliv 28.12.2020, og på papir dagen etter.

tirsdag 8. desember 2020

Offentleg nøkkel som lokkemat

Låsing- og opplåsingsscript i P2PKH
Viss du er over gjennomsnittet interessert i Bitcoin, er Marty Bent og Matt Odells Tales From The Crypt (TFTC) ein obligatorisk podkast, i alle fall "Rabbit Hole Recap" som er ei oppdatering av dei viktigaste sakeene i Bitcoin-verda siste veke. I RHR frå 30.11 presenterte dei ein ganske spesiell konspirasjonsteori: Satoshi Nakamotos bitcoin er eigentleg lokkemat ("bait") for kvante-datamaskiner (Quantum Computing - QC). 

Eg bryr meg vanlegvis ikkje om konspirasjonteoriar, og det trur eg ikkje Matt og Marty gjer heller, men denne var ganske morsom, og gir anledning til litt refleksjonar rundt adressetypar i Bitcoin. Den første adresse-typen i Bitcoin var "Pay to Public Key", eller P2PK som den vanlegvis blir forkorta. 

Satoshis P2PK-bitcoin som honningfelle
Teorien går då ut på at dette er litt av ein lokkemat for QC, for dersom denne teknologien klarer å knekka offentleg nøkkel-kryptografien, dvs. å finna den private nøkkelen gitt den offentlege, er gevinsten heile Satoshis formue. Teorien seier vidare at dersom kinesarane er dei første som klarer å utvikla QC så langt, vil dei halda det hemmeleg så lenge som muleg fordi dei då får tilgang til store mengder hemmeleg informasjon. Men så seier teorien vidare at ein eller annan i systemet ikkje klarer å dy seg fordi alle som arbeider med kryptografi kjenner til Bitcoin og dei store summane som er kontrollerte av Satoshis private nøkkel. Vedkommande vil då bruka teknologien og rana til seg formuen, og vips er Kina avslørt som innehavar av teknologi som kan knekka det meste av det som er kryptert på nettet. 

Artig historie, om ikkje anna :)

P2PKH
Etter kvart vart adressetypen Pay to Public Key Hash, P2PKH, innført. Med P2PKH blir den offentlege nøkkelen køyrt gjennom hash-funksjonen RIPEMD-160 og resultatet blir den offisielle Bitcoin-adressa til mottakaren. Fordelen med denne metoden er at den offentlege nøkkelen ikkje blir eksponert, annan enn akkurat i validering, og dette skaper eit ekstra vern mot brute force-angrep mot digitale signaturar. P2PKH-adresser startar alltid med '1'. 

Men truleg vart adressetypen innført først og fremst fordi adressa vart ein god del kortare enn den offentlege nøkkelen. Komprimering av offentleg nøkkel ("Compressed Public Key") var ikkje kjent då Bitcoin vart sett i gang. Hadde Satoshi kjent til metoden ville kanskje den ha vorte brukt i staden for P2PKH, men det får me truleg aldri vita.

Andre adressetypar
P2PKH er den desidert vanlegaste adresseforma i Bitcoin og ein analyse av UTXO-settet i 2017/18 viste at den utgjorde om lag 82 % av alle UTXO. I 2012 vart ein ny adressetype føreslått av Gavin Andresen, teken i bruk. Det var PayToScriptHash, P2SH. Denne adressetypen opna også for multi-signturar, og adressetypen startar alltid med eit 3-tal ('3....'). Innbakt i P2SH er det to typar adresser: P2WPKH (Pay to Witness Public Key Hash) og P2WSH (Pay to Witness Script Hash).

Artikkelen nemnt over, viser følgjande fordeling på adressetypar i 2017/18:

P2PKH: 81,99 % 
P2SH:  17,11 %
P2PK:   0,12 %
Andre:  0,78 %

Som om ikkje det var nok, er det også innført ein ny måte å koda (teiknsetja) adressene på. Kall det gjerne ulike typar alfabet for Bitcoin-adresser. Den vanlege teiknsetjinga har vore Base-58, eit teiknsett som inneheld alle små og stor bokstavar pluss tal, men minus teikn som lett kan forvekslast, enten med tal eller bokstavar: 'I' (stor I for Ivar) 'l' (liten L), 'O' (stor O for Ola) og 0 (null).

Ei ny teiknsetjing er Bech32. Det er eit teiknsett med 32 teikn og har små bokstavar pluss tal, minus følgjande teikn: '1' (eitt-tal), 'b', 'i', og 'o' (liten O). Bech32-koda adresser startar alltid med 'bc1'

Oppsummert
Ei Bitcoin-adresse startar alltid med ein av desse teikn-kombinasjonane:

'1': Den "gamle" P2PKH-typen adresser, koda med Base58-teiknsett
'3': Den nyare P2SH-typen, men framleis koda med Base58
'bc1': P2SH-adresser koda med Bech32

I tillegg finst det Bitcoin-adresser som startar med 'n' eller 'm', og det er testnett-adresser.

fredag 4. desember 2020

Proof of Work i Bitcoin

Bitcoin-graving i Dale (2018)
Denne veka har eg delteke på eit PhD-seminar i regi av Høgskolen i Molde, som "blokkjede-ekspert". Det har vore ein interessant veke saman med 10 PhD-studentar og 4-5 rettleiarar og forelesarar. Det heile godt leia av førsteamanuensis Bjørn Jæger. 

Dei fleste stipendiatane har ikkje blokkjede som tema for doktorgraden, men Bjørn har likevel tenkt at eit kurs i blokkjedeteknologi (kurset heiter "PhD Seminar on Blockchain Applications in Supply Chain Management"). I løpet av kurset skal stipendiatane læra om blokkjedeteknologi (forelesingar), lesa gjennom ein del artiklar og presentera dei, og begynna arbeidet med ein publikasjon innan emnet. Det er ganske intensivt og krev mykje av deltakarane, men dei ser ut til å klara det fint.

Misforståelsar om blokkjedesikkerheit
Eg har følgt kurset, gitt innspel og delteke i diskusjonane og også halde eit lite innlegg basert på ei undersøking eg gjorde av 100 blokkjede-relaterte artiklar henta frå Web of Science. Eg undersøkte korleis artiklane omtalar sikkerheit i blokkjedeteknologien, og då basert på konsensus-metoden proof of work (PoW). Resultatet var ganske nedslåande: av dei 100 artiklane fann eg at heile 30 hadde ei feilaktig framstilling av sikkerheitsmekansimane i PoW-styrte blokkjeder. Den vanlegaste feilen var samanblanding av endrings-synleg (tamper evident) og endrings-sikker (tamper resistant). Meir om dette seinare.

For liten 'nonce'?
I samband med presentasjonen begynte eg å fundera på PoW-prosessen i Bitcoin. I omtalen av denne prosessen heiter det at felta i blokk-hovudet (block header) blir hasha med SHA-256-metoden for å komma fram til ein verdi som er mindre enn oppgitt størrelse (difficulty target). Det er ein prøving og feiling-metode der verdiar må endrast for å rekna ut nye hash-verdiar. Feltet 'nonce' blir brukt til å endra ein teljar for å få nye verdiar. Feltet er 4 bytes heiltal (232), noko som gir 4.294.967.296 mulege kombinasjonar (vel 4 milliardar). Ei vanleg Bitcoin-maskin i dag klarer fort 100 Th/s (100 tera-hash/sek.), noko som betyr at å rasa gjennom nonce-rommet tek mindre enn 1 millisekund. Kva skal gravarane då gjera? Eg spurde studentane om det, men kunne ikkje godt forventa at dei skulle klara å svara på det.

Svaret ligg i coinbase-transaksjonen, den første transaksjonen i alle nye blokker. Feltet for coinbase-skriptet har frå 2-100 byte plass og dei 8 første byta blir brukte som ein ekstra nonce. Det gir 232 + 264) = 296 handlingsrom, og det er eit tal med 28 nullar bak. Om det også skulle bli for lite, kan ein begynna å triksa med tidsstemplinga. Dei andre felta i blokk-hovudet kan ikkje endrast på.

I figuren over har eg prøvt å få fram at (delar) av coinbase-transaksjonen også inngår i det som blir rekna hash-verdi av. Det er ikkje ofte det kjem fram i litteraturen.


fredag 27. november 2020

Bitcoin memes

 Eit "meme", eller "mem" på norsk, er ein idé eller uttrykk som spreier seg raskt og som blir oppfatta som ein slags spøk. Det var evolusjons-biologen Richard Dawkins som lanserte uttrykket "meme" og også ein teori omkring fenomenet, i boka "The Selfish Gene" frå 1976.

Eit av dei eldste mema, "Kilroy was here", er kjent for dei aller fleste, gjerne skribla på ein do-vegg. Det er eit mem frå 1940-åra.

Med Internett fekk mem-kulturen ny fart og eit medium som skapt for masseutbreiing. Alle fenomen med respekt for seg sjølv, har mem som viktig del av kulturen. Bitcoin er ikkje noko unnatak, tvert i mot er mem ein svært viktig del av kulturen. For å forstå Bitcoin fullt ut, er det ein fordel også å kjenna til mema som sirkulerer. Her er eit knippe av dei, henta frå Jameson Lopps bloggpost "The Memes That Make the Bitcoin". Jameson Lopp er Bitcoin-entusiast og -utviklar i Casa.

"HODL"
Dette er kanskje det mest kjende og brukte Bitcoin-memet. Det stammar frå ei feilstaving i ein Reddit-kommentar etter at bitcoin-kursen raste nedover på grunn av Mt.Gox-skandalen. Fyren skulle skriva "hold on", men så vart det "hodl on", som seinare har vorte uttrykket for at ein må halda på bitcoin uansett kva som skjer.

Merk at HODL ikkje betyr "Hold On for Dear Life" i Bitcoin-samanheng; det er eit "backronym" og ikkje eit akronym.

"Don't trust, verify!"
Dette er sjølve ethoset til Bitcoin (og blokkjedeteknologien). Det er ein vri på Ronald Reagan sitt berømte utsagn om Sovjet på 1980-talet: "Trust, but verify". I Bitcoin skal ein ikkje stola på nokon, men ha full kontroll sjølv ved å lasta ned blokkjeda og køyra ein full-node.

"Not your keys, not your coins"
Igjen ein av dei fundamentale læresetningane i krypto-verda. Viss du ikkje kontrollerer nøklane til bitcoin eller annan kryptovaluta, f.eks. ved å ha dei liggjande på ei vekslingsteneste, er det ikkje dine bitcoin.

"In Math We Trust"
Denne spelar sjølvsagt på "In God We Trust" som står på dollar-sedlane.

"Vires in Numeris"
Styrke i tal. Eit vanleg uttrykk for tilliten til den sentrale kryptografien i Bitcoin og kryptovaluta.

Bitcoin berg-og-dal-bane (Bitcoin Roller Coaster)
Unødvendig å forklara..
Illustrert i starten av denne bloggposten.

"To the Moon"

Trua på at bitcoin-kursen skal gå, om ikkje til himmels, så i alle fall til månen. 

"Number Go Up"
Som den forrige, ei usvikeleg tru på at bitcoin-kursen skal opp.

Internet of Money
Ein vri på "Money of/for the Internet" som får godt fram krafta og potensialet i Bitcoin.

Be Your Own Bank
Eit velkjent slagord, særleg frå den tidlegare Bitcoin-tida. Men som eg har skrive om i ein annan bloggpost, må du i tillegg til å vera direktør for banken din også vera sikkerheitssjef, og det er ikkje ein liten jobb!

Money Grows on Merkle Trees
Pengar veks ikkje på tre, blir det sagt. Men i Bitcoin gjer dei sjølvsagt det; dei veks på Merkle-tre (ein struktur for lagring av transaksjonar). Hash-verdiar av transaksjonar blir parvis hasha heilt til ein står att med ein hash-verdi, Merkle-rota, som på sett og vis er ein hash av heile sulamitten.


"Magic Internet Money"
Dette uttrykket, med tilhøyrande illustrasjon, stammar frå ein konkurranse på Reddit om å beskriva Bitcoin.


"Bitcoin Fixes This"
Bitcoin er svaret på alt, i alle fall for dei mest ihuga tilhengjarane.

Morpheus
Henta frå "The Matrix" og spelar på at ein dag treng du ikkje veksla inn i dollar eller norske kroner, for då er bitcoin totaldominerande.


Hyperbitcoinization
I same gate som det forrige memet: Bitcoin som verdsvaluta og totaldominerande.

"Stay Humble, Stack Sats"
Litt meir audmjuk enn dei to føregåande. I tillegg spelar memet på at "sats", eller satoshis, er den nye eininga.

"Money Printer Go Brrr"
Du har kanskje lagt merke til at mange har lagt til 'rrrrr' i Twitter-namnet sitt. Det er ei markering av at sentralbankane auser ut pengar for harde livet, på same tida som tilførselen av bitcoin minkar. Kontrasten kunne ikkje ha vore større.

"Bitcoin's not a bubble, it's the needle"
Som føregåande mem, spelar den på den overhengjande faren for inflasjon og at Bitcoin er eit middel mot dette. I tillegg snur den om på den vanlege påstanden/kritikken om at Bitcoin (berre) er ei boble.

"Gradually, Then Suddenly"
Ein spådom om ei eksponentiell Bitcoin-utvikling.

Viss du vil ha endå fleire mem, og andre forklaringar, les Jameson Lopps bloggpost.


torsdag 26. november 2020

15 år med blogging

Det første blogginnlegget, 25.11.2005

Det er 15 år sidan eg starta opp bloggen min. Det var eigentleg i går (25.11), men det er presist nok. Det har dessverre vore ein nedovergåande trend når det gjeld frekvens på blogginnlegga, men eg meiner bloggen uansett er eit viktig medium for meg sjølv.

Krev konsentrasjon
Bloggen gir rom for lenger tankar og krev meir konsentrasjon og innsats enn daglegdags kommunikasjon som e-post, twitter o.l. Det er ein måte å samla tankane om eit tema, og testa ut om du sjølv har forstått det. Denne innsatsen er givande fordi eg blir tvinga til å tenkja grundig gjennom ting og gjerne slå opp det eg er usikker på. Det kan vera eit tilfeldig tema, ei bok eller ein konferanse sidan det ofte er relatert til jobben for min del.

Eg starta med verktøyet Blogger og har halde meg til det. Då hadde Google alt kjøpt opp tenesta, som avisa Guardian orienterte om i 2003:

Google, the world's most-used internet search engine, yesterday announced the acquisition of Blogger, a web service which has fuelled the rapid rise of the web journals popularly known as weblogs. 

Weblog
Notisen er interessant også på grunn av omtalen av denne typen publisering: weblogs. Det starta jo som ei slags web-dagbok, og utvikla seg frå meir primitive system på nettet. Det er difor vanskeleg å fastslå akkurat når bloggfenomenet oppstod, men mange vil seia rundt midten av 1990-talet. Fenomenet var tett knytt til framveksten av web-en. Det gjorde også at bloggen vart ein tidleg representant for web 2.0 på grunn av dialogen med lesarane, eller i alle fall mulegheiten for dialog. 

Rop i skogen
Når det gjeld dialog vil nok dei fleste som bloggar oppleva at dei ropar i skogen utan å få særleg svar. Men det er viktig å ikkje hengja seg for mykje opp i det, og heller konsentrera seg om eiga skriving og kva ein sjølv får ut av det. Det er betre med få og gode innlegg, enn mange dårlege. Førebiletet mitt her er Nick Szabo med bloggen Unenumerated.

Frå ope til lukka forum
Bloggen har vorte utfordra av mikroblogg-tenester som særleg Twitter. Facebook har sjølvsagt også teke mange bort frå dei opne bloggplattformene og stengt dei inne bak høge, digitale gjerde. Utviklinga har slik sett gått frå det opne Internettet til det inngjerda og innelåste nettet, ei utvikling som har mykje negativt ved seg.

Tema
Eg har komme til at eg ikkje bør fokusera for mykje på statistikk med tal innlegg osv., men heller prøva å skriva grundig når eg først tek opp eit tema. Bitcoin, kryptovaluta og blokkjedeteknologi har teke over som det dominerande temaet etter at eg "datt ned i kaninholet", for å låna eit velkjent uttrykk frå Lewis Carrol.

Statistikk
Lista over publiserte innlegg i dei 15 åra, ser slik ut:

2019 (23)
2018 (18)
2017 (27)
2016 (30)
2015 (38)
2014 (54)
2013 (53)
2012 (52)
2011 (62)
2010 (72)
2009 (70)
2008 (70)
2007 (102)
2006 (92)
2005 (13)

Det ser ut som det kanskje har stabilisert seg på eit par innlegg i månaden dei siste åra. Hittil i år har det berre vorte 16 innlegg, og dette er det 792. blogginnlegget mitt. Alt er ikkje gull, på ingen måte, men eg er ganske fornøyd samla sett.

tirsdag 17. november 2020

Kapitalismens historie

Den som går ned i Bitcoins kaninhol risikerer også å bli meir enn gjennomsnittleg interessert i tradisjonell økonomi, særleg pengeteori (monetær teori/økonomi). Jürgen Kockas "Kapitalismens historie" handlar rett nok ikkje om pengeteori, men er likevel interessant som ein gjennomgang av kapitalisme-begrepet i kjølvatnet av finanskrisa i 2008.

Jürgen Kocka er professor ved Freie Universität Berlin og kjend sosialhistorikar. Han har mellom anna motteke både Leibnitz- og Holberg-prisen for forskinga si. "Kapitalismens historie" kom ut i 2014, og vart omsett til norsk i 2018. Blogginnlegget her er meir som ein straum av tankar ("stream of consiousness") enn eit referat av boka.

The end of history
Kocka startar med Sovjetunionens fall og det mange oppfatta som kapitalismens endelege seier. Dette var ein historisk endestasjon; demokrati pluss kapitalisme hadde vist seg som det suverene systemet. Den amerikanske statsvitaren Francis Fukuyama var ein av dei som tydelegast framførte denne bodskapen, særleg i boka "The End of History" i 1989.

Men finanskrisa viste oss at så enkelt var det kanskje ikkje likevel. Det kapitalistiske systemet viste store svakheiter, og mellom anna Kina viste tydeleg at eit kapitalistisk system ikkje var avhengig av eit demokrati for å fungera godt.

Begrepet "kapitalisme" var omstridt og rekna for polemisk, og difor lite brukt. Det var først i siste halvdel av 1800-talet det begynte å bli brukt meir, først i på fransk og seinare på tysk. Karl Marx brukte til dømes nesten ikkje begrepet, men skreiv om den kapitalistiske produksjonsmåten.

Tre store
Marx (1818-1883) er sjølvsagt ein av dei store når kapitalismens historie skal skrivast. Han skreiv først og fremst om industrikapitalisme, med kjenneteikn som marknad, grenselaus akkumulasjon, spenningsforholdet mellom eigarar og arbeidarar og om dynamikken i det kapitalistiske systemet. 

Ein annan viktig vitskapsmann som skreiv mykje om kapitalismen, er Max Weber (1864-1920). Weber knytte kapitalismen til modernisering. Som Marx meinte han at kapitalismen som prinsipp ville breia om seg og får innflytelse på langt fleire område enn dei økonomiske. Han var kritisk til utviklinga og frykta at den kapitalistiske utviklinga ville føra til ein uunngåeleg irrasjonalitet i spennet mellom allment begjær og det økonomiske begjæret. Han frykta også at tiltakande byråkratisering vil føra til eit tilstivna system.

Den tredje store vitskapsmannen innan kapitalismeforsking er Joseph Schumpeter (1883-1950), austerriksk økonom som flytta til USA og vart professor ved Harvard. Schumpeter definerte kaptialisme slik: "Kapitalisme er den form for privat eigedoms-økonomi der innovasjonar blir gjennomfrte med lånte pengar, noko som generelt [...] føreset kredittdanning.". Sambandet mellom kreditt og innovasjon var sentralt hjå Schumpeter. 

Historisk utvikling av kapitalismen
Handelskapitalisme går langt tilbake i tida. Frå rundt 1500 blir det meir fart i utviklinga, særleg med begynnande kolonialisme. Finanskapitalismen startar på 1700-talet med etablering av børsar og utvikling av finansielle produkt og tenester. 

- kolonialisering

- finanskapitalisme (framvekst av bankar, børsar og andre finansinstitusjonar)

- industrialisering 

- frå til "eigar"- til "direktør"-kapitalisme (profesjonalisering av bedriftsleiing)
det blir eit skilje mellom eigar/kapitalist og den som driv verksemda

Frå 1870/80-åra ein stadig meir aktiv stat.
- toll, subsidiar, kolonialisering, . off. utg. utgjorde stadig meir av nasjonalproduktet
- framvekst av velferdsstaten
- verdskrigen forsterka denne trenden
- den økonomiske krisa i mellomkrigstida forsterka ytterlegare staten sin rolle

1950-1975: Høgdepunktet for den organiserte kapitalismen
- "blandingsøkonomi"

Trenden snur i midten av 1970-åra
- økonomisk krise
- masse arbeidsløyse
- "stagflasjon": inflasjon + arbeidsløyse
- i Norge "motkonjunkturpolitikk", "Kleppe. pakkar" 
- sterkt aukande globalisering (= auka konkurranse)
- "tidsånda" endra seg frå kollektivt til individuelt
- framvekst av februar kapitalismen 

Finansialisering (særleg frå 1970-åra og utover)
- kapitalismen blir eit mål i seg sjølv
der banken far var til for bedriftene, er av bedriftene til for banken (som investor)

- store konsern (t.d. GE og GM) etablerte eigne finansforetak som snart genererte meir inntekter enn kjerneverksem. 

- massiv gjeldsopphoping; både på bedriftsnivå og nasjonalt 

Men ei omfattande nedbygging av velferdsstaten pga. nyliberalisme fann eigentleg ikkje stad, bortsett frå USA og Storbritannia. Men ei omfattande deregulering fann stad.

Finanskrise og Korona-krise
Mantraet om at marknader er sjølvstendige og sjølvregulerande, fekk ein alvorleg knekk med finanskrisa i 2008. Også tidlegare hadde styresmaktene intervenert med ulike redningsaksjonar (i USA i 1998, 2001 og 2004).

Det er vanskeleg å finna dei rette tiltaka og balansen mellom deregulering og overregulering. Me manglar framfor alt tiltak på overnasjonalt nivå. Utviklinga i Kina har vist at kapitalismen kan blomstre under mange ulike styresett og er ikkje avhengig av eit demokrati. Statleg intervensjon og styring hit nødvendig for at kapitalismen skal oppstå, utvikla seg og bli levedyktig.

Med finanskrisa i 2008 og finansielle redningsaksjonar etter Korona-krisa, blir det stadig meir klart at me har fått eit system der gevinstar blir privatiserte medan tap blir sosialiserte. Samfunnet har vorte garantisten mot tap, og det er i dette lyset ein må sjå den paradoksale utviklinga etter nedstenginga i vår over heile verda: aksjekursane går mot ATH (All Time High) medan realøkonomien har fått ein alvorleg knekk. Staten seier eigentleg til investorar at framtidige stortap blir dekka, det er berre å peisa på.

Eg skuldar å gjera merksam på at det siste avsnittet ikkje er henta frå boka til Jürgen Kocka, for boka hans kom i 2014, lenge før Covid-19. Men eg er rimeleg sikker på at han ville ha skrive noko liknande om han hadde fått med seg hendingane det siste halvåret.




torsdag 5. november 2020

Den forsømde fagfellevurderinga


Eg skreiv nyleg eit innlegg om den forsømde fagfellevurderinga og det står på trykk i siste nummer av Forskerforum, Forskarforbundet sitt medlemstidsskrift:

https://www.forskerforum.no/den-forsomde-fagfellevurderinga/

søndag 27. september 2020

DeFi - Desentralisert finans

Illustrasjon henta frå CoinTelegraph.com

Gløym FinTech, det er DeFi som gjeld no og som skaper overskriftene i kryptoverda. DeFi er desentralisert finans, og det er desentraliserte børsar. Ein børs er ein handelsplass for finansielle produkt og tenester og ein møteplass for kjøparar og seljarar. Børsen si oppgåve er å matcha kjøpar og seljar sine interesser. 

Kortversjon: DeFi er automatisert kopling av kjøpar/seljar (eller her: låntakar og långivar). "Yield Farming" er måten långivarar blir stimulerte til å bidra med likviditet.

Tradisjonelle børsar lever i beste velgåande og står framleis for den desidert største delen av finansaktivitetar. Dei er i stor grad digitaliserte, men sentraliserte. Det gjeld også børsar innan kryptovaluta, som t.d. Coinbase, Kraken o.l.

Desentraliserte kryptobørsar er ikkje noko nytt. 0X (Zero-X) og Bancor har eksistert ei stund, utan å ha fått særleg volum. Den nye bølgja no, derimot, har fått enorm oppsving. 

2017/ICO all over again? DeFi-hysteriet minner svært mykje om ICO-bølgja i 2017-2018. Store mengder pengar blir samla på ganske få hender, og det er svært mange tvilsame prosjekt. Men som med ICO har også DeFi ein kjerne av innovasjon som gjer den interessant. Men for dei som tenkjer å prøva seg i dette landskapet, gjeld det å vera forsiktig. Her er det fort å brenna fingrane!

Utikling av desentraliserte vekslingstenester, DEX

Desentraliserte børsar, også kalla DEX, er som namnet seier, desentrale og er utan eit sentralt punkt. Det er ikkje eit nytt fenomen, dei første desentrale kryptobørsane kom så tidleg som i 2014. Det var før Ethereum eksisterte og teknologien baserte seg på "farga myntar" ("colored coins"), ein måte å utvida bruksområdet for Bitcoin. Men særleg fart i dette vart det ikkje før Ethereum var lansert. Ethereum viste seg å vera ein enklare plattform å utvikla nye tenester på, det var jo heile rasjonalet for E.

Ein (krypto-)børs har fire hovudoppgåver/utfordringar:

  1. Tilgjengeleg kapital ("Capital deposits")
  2. Kunngjering av ordrar ("Order broadcast")
  3. Matching av ordrar ("Order matching")
  4. Utveksling av token/kryptovaluta ("Exchange of tokens")
Alle elementa har visse utfordringar når målet er desentralisering. Å stilla kapital til disposisjon er den første utfordringa, og ikkje så enkelt når det skal gjerast fullt ut desentralt. Nok likviditet er kanskje det største problemet for desentraliserte børsar, og det er her me finn ein del innovative triks i dagens DeFi-løysingar.

Utviklinga frå 2014 har gitt oss fleire generasjonar med desentrale børsar:
  • Første generasjon: Avhengig av ei bestemt blokkjede og ein bestemt kryptovaluta
  • Andre gen.: Kontraktsavhengige; avhengige av smarte kontraktar og Ethereum
  • Tredje gen.: Valuta-agnostiske, protokollbaserte, ikkje bundne til ei spesiell blokkjede
Verken første eller andre generasjon desentraliserte børsar var fullt ut desentraliserte og kan betre omtlast som hybridløysingar der enkelte delar var/er sentraliserte og andre desentraliserte. For tredje generasjons DEX, som er dagens DeFi-løyingar, er målet full desentralitet. Men det er gode grunnar til å spørja kor desentrale desse tenestene eigentleg er. Utveksling av krypto mellom långivar og -takar skjer node-til-node, det er så, men bak desse løysingane står det i mange tilfelle bedrifter, eller ei handfull personar, som har full tilgang til systemet; såkalla "God mode" (admin-rettar). 

Yield Farming

Eit sentralt begrep innan DeFi er "yield farming". Det er i hovudsak to måtar å tena pengar på desentralisert finans (DeFi): renter på utlånt krypto og token i bytte mot å stilla kapital til rådvelde for sikkerheit. Den store utfordringa for alle som skal driva ei vekslingsteneste, sentral eller desentral, er tilgang på likviditet.

For desentrale vekslingstenester, eller finanstenester generelt, er tilgang på kapital kanskje ei endå større utfordring nettopp fordi det ikkje er ein sentral tredjepart som samlar og koordinerer likviditeten. DeFi-tenester løyser dette på to måtar:
  1. Rente på kapital som blir stilt til disposisjon
  2. Token i bytte mot kapital til disposisjon
Som regel er det ein kombinasjon av desse to, og det er det som blir kalla "yield farming". På norsk er det ikkje noko meir mystisk enn finansiell avkastning, berre med eit litt meir fancy uttrykk. "Yield" er jo avling/avkastning, og "farming" refererer til aktiviteten. 


Desentralt?

Andreas Antonopoulos minner om dette og meiner at full tilgang (admin/"God mode") bør vera det viktigaste kriteriet for å vurdera om eit prosjekt er fullt ut desentralisert eller ikkje. Men kven klarer å finna ut det? MakerDAO er eit DeFi-prosjekt der ingen i utgangspunktet har admin-tilgang ("God mode"). Men undersøkingar viser at meir enn 40 % av sikkerheiten bak MakerDAO ("collateral") er sentraliserte aktiva ("assets"), og då er prosjektet ikkje så desentralisert likevel.

DeFi Watch har analysert 15 DeFi-prosjekt og fann at 12 av dei er sentraliserte ved at dei har admin-rettar. Men sjølv MakerDAO, som ikkje har admin-tilgang, kan ikkje seiast å vera fullt ut desentralisert på grunn av sentraliserte aktiva i botnen. 

Dette er vanskeleg, nesten umuleg, å finna ut på eiga hand. Investering i slike prosjekt blir difor litt som å handla i blinde. Det kan verka som om kapital og informasjons-asymmetri er bygde inn i protokollane.

ICO-repetisjon?

Som nemnt minner DeFi-bølgja svært mykje om ICO-bølgja for 2-3 år sidan. Som ICO-ane blir det samla store mengder midlar, og som ICO-ane er det mykje tvilsamt ute og går. Risikoen er enorm og får investering i Bitcoin til å verka botnsolid. Du har alle mulegheiter til å bli skikkeleg brent, og mista det du investerer. Men sjølvsagt er det nokre som tener store pengar. Det er først og fremst dei som står bak dei mange initiativa, men også dei som er først ute og investerer. Det minner difor om pyramide-spel, sjølv om det strengt teke ikkje er det.

Men som med ICO er det også ein kjerne av innovasjon i DeFi. Når dei mange tvilsame prosjekta er borte, og regulering frå styresmaktene har stramma inn (det kjem heilt sikkert til å skje), er det forhåpentlegvis framleis att levande og framtidsretta DeFi-prosjekt.



onsdag 2. september 2020

Bitcoin vs. Ethereum

  

Det er ein del strid mellom Bitcoin- og Ethereum-tilhengjarar. Det gjeld sjølvsagt ikkje alle, men for "hardcore" Bitcoin-maksimalistar er alt anna enn Bitcoin "shitcoin", og Ethereum ikkje noko unnatak. Andre har eit meir pragmatisk syn på Ethereum og andre alternative kryptovalutaer (altcoins), men mange også i denne gruppa stiller kritiske spørsmål til visse sider ved Ethereum, særleg kompleksiteten og den (manglande) monetære strategien. Her er eit forsøk på å få fram dei viktigaste skilnadene mellom Bitcin og Ethereum.

Ethereum blir til

Ethereum vart fødd som eit resultat av det Vitalik Buterin og andre sentrale utviklarar oppfatta som ei teknologisk tvangstrøye i Bitcoin. Bitcoin vart konstruert med sikkerheit og desentralitet som dei to styrande prinsippa, og fleksibilitet og skalering vart bevisst ofra. Kompleksitet er som kjent sikkerheit sin verste fiende. Vitalik var sentral også i Bitcoins tidlege historie som med-stiftar av Bitcoin Magazine, der han skreiv jamnleg. Men i 2013 såg han at det var uråd å få til radikale endringar av Bitcoin slik han gjerne ville, og han starta arbeidet med utviklinga av Ethereum, saman med ei handfull andre personar. Ethereum vart utvikla gjennom 2014 og lansert i juli 2015.

Store skilnader frå starten av

Skilnadene på Bitcoin og Ethereum er store sjølv om dei begge er opne, vilkårslause (permissionless) blokkjeder med innebygd kryptovaluta. Men Ethereum ville ikkje eksistert utan Bitcoin!
Alt i white paper for dei to systema er det slåande skilnader: "Bitcoin - A Peer-to-Peer Electronic Cash System" av Satoshi Nakamoto er på 8 sider + referansar, medan Ethereums white paper "A Next Generation Smart Contract & Decentralized Application Platform" av Vitalik Buterin er på 34 sider pluss notar (ikkje referansar som i Bitcoin-paperet, men notar til kjelder og vidare lesing). Begge white paper er essensiell lesing for den som vil forstå blokkjedeteknologi og smarte kontraktar.

Skilnader i desentralisering

Denne skilnaden i omfang finn me også på andre område. Der Bitcoin prøver å minimera størrelse for å gjera blokkjeda tilgjengeleg for flest muleg å lasta ned, gir Ethereum "blaffen" og har ei blokkjede som no er 8-10 ganger så stor som Bitcoin. Det gjer det vanskeleg, for ikkje å seia umuleg, å lasta ned for enkeltpersonar, og med det skjer det også ei omfattande sentralisering av Ethereum-nodar. Undersøkingar tyder på at meir enn 60 % av Ethereum-nodane eksisterer på skyløysingar som AWS (Amazon Web Services), og dei fleste skybaserte løysingane er baserte på bruken av Infura som backend-løysing for å kommunisera med nodane. Infura er eigd av Consensys, det største utviklingsmiljøet for Ethereum-løysingar.

Den etter kvart svært store blokkjeda i Ethereum, kombinert med meir sentrale løysingar (dei fleste smartkontraktar avhengige av Infura backend) og ei relativt sterk og tydeleg styringsgruppe gjennom Ethereum Foundation, fører til samen til eit meir sentralisert system. Ethereum-brukarane ser ikkje ut til å vera så bekymra for det, men i Bitcoin er desentralisering kanskje den viktigaste eigenskapen, i tillegg til ei fast pengemengde, og alt blir gjort for å halda på desentraliteten og jamvel styrka den.

Bitcoin har heller ingen tydelege leiarar, og maktfordelinga kan litt forenkla seiast å følgja prinsippet skissert av Montesquieu: 
  • Lovgivande: Utviklarar
  • Utførande: Gravarar ("Miners")
  • Dømmande: Bitcoin-brukarar

Konservativ vs. radikal

Ethereum vart til fordi programmeringsspråket i Bitcoin, Script, vart oppfatta som for avgrensa. Ethereum vart difor utvikla med eit Turing-komplett programmeringsspråk; eit språk der alle typar instruksjonar kan gjerast. Dette opna for meir avanserte program på blokkjeda, såkalla smarte kontraktar. Også Bitcoin har smarte kontraktar, men fordi programmeringsspråket er så avgrensa i funksjonalitet, er dei fleste ganske enkle, og det er vanskeleg å laga avanserte program. 

I Solidity, som er Ethereums programmeringsspråk, er det ganske enkelt å programmera og det har ført til eit vell av smarte kontraktar. Men baksida er at med alle mulegheiter, kjem også alle mulegheiter til å gjera feil. Det har resultert i fleire skandalar, der den mest kjende er prosjektet The DAO som feila katastrofalt i 2016 og resulterte i ei splitting av Ethereum-nettverket. Den sette alvorlege spørsmålsteikn ved Ethereum sin påståtte uforanderlegheit ("immutability")

Ethereums filosofi har alltid vore "move fast and break things", i rak motsetnad til Bitcoins sterke motstand mot radikale endringar. I Bitcoin er det semje om å prøva å unngå inkompatible endringar (hard fork) for nærmast ein kvar pris, og prøva å introdusera større ny funksjonalitet som "soft forks", altså bakover-kompatible endringar, medan Ethereum på si side har som målsetjing å ha minst eit par "hard forks" i året. "Hard forks" er risikable fordi det i realiteten inneber ei ny blokkjede og ein risiko for å splitta eksiterande blokkjede i to greiner.

Monetær politikk

Bitcoins monetære politikk er krystallklar: Det blir maksimalt 21 mill. bitcoin, og dei blir utdelte etter ein kjent nedtrappingsmodell. Fordelinga er tilfeldig takka vera proof of work-metoden (PoW). Avgrensinga på 21 mill. bitcoin er kanskje den aller viktigaste eigenskapen for Bitcoin, og det som klarast definerer systemet. Det er eit tilfeldig tal, og det kan sjølvsagt endrast, men då heiter ikkje systemet lenger Bitcoin.

Ethereum brukar også PoW, men hadde i tillegg ein "startkapital", det som blir kalla "pre-mine". Ein sum eth vart fordelt før sjølve blokkjeda var sett i drift, for å få midlar til å gjennomføra prosjektet. Ein del vart auksjonert ut på nettet, ein annan del vart reservert til kjernen av personar bak prosjektet og endå ein del vart reservert til Ethereum Foundation. Denne artikkelen fortel i detalj korleis oppstarten av Ethereum, og særleg finansieringa, skjedde. Etter det, har nye eth vorte tildelte gjennom PoW-systemet. Men i motsetnad til Bitcoin, der "vinnaren" av PoW-konkurransen får heile ny-tildelinga, er Ethereum sin modell meir kompleks sidan dei også belønnar andre enn berre vinnarane. Dette skaper også enkelte problem når ein skal finna ut kor mange eth som faktisk er sett i sirkulasjon, ref. SupplyGate som er namnet på diskusjonen nyleg om dette temaet.

Ethereum har ikkje sett noko tak på tal eth, og heller ikkje vore tydelege på eventuell inflasjonspolitikk. I det heile starta Ethereum med lite vekt på dei monetære eigenskapane; det var Ethereum som den universelle datamaskina (Ethereum Virtual Machine - EVM) som var sentralt. Kryptovalutaen var nødvendig som insitament for sikringa av blokkjeda, men ikkje tenkt på som noko meir. Etter kvart har det gått opp for Ethereum-miljøet at den monetære sida faktisk er viktig, men framleis er politikken på området ganske uklar.

Bruksområde

Bitcoins bruksområde er primært basert på dei monetære eigenskapane og så langt er det oppbevaring av verdiar ("store of value"), som er ein av dei tre viktige funksjonane til pengar. Dei to andre er som kjent pengar som bytemiddel for varer og tenester ("medium of exchange"), og pengar som målestokk ("unit of account"). Utviklinga av lag 2-løysingar baserte på Lightning Network gjer at Bitcoin også vil forsterka den første eigenskapen. Enno er dette framleis mest i utviklings- og testfase og har ein veg å gå før det blir enkelt nok for folk flest å bruka, men konturane av eit nytt overføringssystem for pengar er ikkje vanskeleg å sjå, og at det kan bli eit system som skaper nye og store innovasjonar innan betalingsformidling.

Det finst også andre løysingar baserte på Bitcoin, men hovudutviklinga tek ikkje mykje omsyn til desse. Det er freistande å kunna gjera seg nytte av den enorme sikkerheiten i Bitcoin-nettverket, og difor er blokkjeda også interessant for m.a. sikker dokumentlagring, desentralisert ID-handtering ++.

Ethereum sine mest kjende bruksområde er også av mange karakteriserte som tvilsame, eller i grenseland mot svindel. Det er kanskje litt urettferdig, for det er ein god del innovasjon i nyvinningane, sjølv om dei har ein tendens til å tippa over i svindelkategorien. 

Den første suksessen for Ethereum har vore som plattform for nye token; virtuelle representasjonar av enten fysiske eller virtuelle ting. Eit token er ein representant for noko, og dette "noko" kan i grunnen vera kva som helst; både fysiske og virtuelle ting. Dei aller fleste token på Ethereum representerer ikkje noko anna enn seg sjølv. Det eksisterer etter kvart fleire hundre tusen ulike token, og grunnen er at det er veldig enkelt å laga nye token basert på enten ERC-20-standarden eller den nyare ERC-223 eller ERC-721 og fleire. Framleis er ERC-20 den mest brukte, men den blir ofte brukt feil slik den opnar opp for angrep eller på annan måte skaper problem. Token-bølgja kulminerte med ICO-bølgja der nye token vart auksjonerte ut og vanvittige pengemengder håva inn på syltynne grunnlag. Det er rekna at opp mot 95 % av alle ICO-ar var svindel, og av dei resterande få prosjekta var det få som faktisk vart utvikla i tråd med opprinnelege planar. 

Ganske treffande illustrasjon av prospekt/prosjekt og realitet i ICO-ar

Den neste "killer application" for Ethereum var spelet CryptoKitties. Den drog fordel av blokkjeder sin evne til å skapa unike eksemplar. Alle som deltok kunne ha sin spesielle og unike kryptokattunge, og slik vart det skapt ein handelsplass for kattungane.

I skrivande stund er det DeFi som herjar på Ethereum. DeFi er desentralisert finans ("decentralized finance") og har på kort tid vakse seg stort med store summar involverte. Det er sinnrike smartkontraktar som styrer ulike lånetypar, kombinert med token som også gir såkalla avling ("yield farming"). Dei desentraliserte produkta gir renter på så høgt nivå at det einaste dekkjande ordet er BOBLE. Det vil garantert sprekka til slutt, men på vegen opp er det mange som vil tena store pengar, og på vegen ned att er det endå fleire som vil tapa like store summar. Heile konseptet, og utviklinga av det, minner veldig mykje om ICO-ane i 2017. Det verkar som DeFi-produkta opererer utanfor alle typar regularingar, men det kan ikkje halda i lengda. Som med ICO-ar, kjem nok reguleringsorgana på bana når dei omsider har fått med seg kva som skjer.

Er Ethereum svindel?

Den korte vegen til svindel i Ethereum sine suksessar har fått mange Bitcoin-tilhengjarar til å karakterisera sjølve Ethereum som ein svindel. Det meiner eg det absolutt ikkje er grunnlag for. Både token-fenomenet, ICO-ar og no DeFi har ein kjerne av innovasjon som er viktig. 
  • Tokenifisering viser ein veg framover der det meste av fysiske ting blir representerte av token på ei blokkjede. Den utviklinga vil halda fram.

  • ICO-ar, med alle sine problematiske sider, har vist ein ny finansieringstype som er open for alle å delta i. Med denne typen finansiering kan kven som helst investera i nye selskap og nye produkt og tenester. Men det er mange uavklarte utfordringar her, m.a. skilnaden på eigarskap i eit selskap og eigarskap til token utgitt av selskapet. På dette punktet er det pr. i dag selskapet som har alt å vinna på ein ICO, og den som investerer i token har alt å tapa.

  • DeFi med desentraliserte lånesystem er også ein interessant innovasjon. Pr. i dag er risikoen i dette uregulerte område skyhøg, og kompleksiteten utgjer ein stor del av risikoen. Likevel ber DeFi bod om ny og spennande utvikling på eit område som stort sett har vore uendra i fleire hundre år.
På same måte som dot.com ikkje berre var elende, men også førte til positive ting (bygging av varig infrastruktur, skilje av klint/kveite med omsyn til levedyktige IT-bedrifter m.m.). Det kan difor verka som Schumpeters teori om kreativ øydelegging blir vist i praksis gjennom desse fenomena.



torsdag 16. juli 2020

Einstein - ein biografi

Albert Einstein blir verdsberømt nærmast over natta. Den 29. mai 1919 er det total solformørking i Afrika og ein ein britisk ekspedisjon måler at lyset blir avbøygd nøyaktig som Einstein har slått fast i den generelle relativitetsteorien. Det er ein sensasjon som breier seg over heile jorda og Einstein blir vitskapens superstjerne.

"Einstein - en biografi" er skriven av fysikar Jürgen Neffe og dokumenterer Einstein sitt liv frå fødselen i 1879, i Ulm i Tyskland, til han døydde i Princeton, USA, 18. april 1955.

Eit menneske, på godt og vondt
Neffe har portrettert heile menneske Albert Einstein, ikkje berre den berømte vitskapsmannen. Han hadde fleire sider, og som mange menneske, for ikkje å seia dei fleste, var det både positive og negative sider. Einstein var ikkje nokon god mann og far, for å seia det mildt!

Det gjekk lenge før desse sidene kom fram, for mange var opptekne av å beskytta ryktet til Einstein, nærmast for ein kvar pris. Mange private brev og dokument er difor også brende nettopp for ikkje å kasta eit dårleg lys over geniet. Det reduserer likevel ikkje det formidable og nyskapande arbeidet han gjorde for fysikken og for forståinga av verda rundt oss. Det var ikkje utan grunn Time Magazine kåra Einstein til det 20. århundrets person.

Albert Einstein hadde eit enormt vitskapleg arbeid bak seg, med over 300 publiserte artiklar. Men det er kanskje desse tre gjennombrota som blir ståande som dei aller viktigaste:

1. Den spesielle relativitetsteorien
I 1905 publiserte Einstein artikkelen "On the Electrodynamics of Moving Bodies" i tidsskriftet Annalen der Physik, det leiande tidsskriftet for fysikk. Saman med tre andre artiklar det året, som samla sett blir kalla Einsteins Annus Mirabilis, snudde han opp ned på den til då rådande oppfatninga av at tid og rom var konstante størrelsar. Han sette fram påstanden om at lysets hastigheit, i vakuum, er konstant og dermed blir både rom og tid påverka av det. Tida blir dermed relativ, og den blir påverka av hastigheit. Tida går saktare til raskare eit objekt bevegar seg. Ved lysfart, 299.782 km/t, står tida stille.

Originalversjonen av artikkelen

Dette er sjølvsagt veldig overflatisk forklart, det er ikkje berre berre å trengja gjennom og forstå denne teorien, i alle fall ikkje for folk utan spesielle fysikk-kunnskapar.

Det spesielle er at Einstein hadde full jobb ved patentkontoret i Bern på den tida han publiserte artiklane. Han fekk jobben ved patentkontoret i 1901, ved hjelp av vennen Marcel Grossman som fekk faren til å snakka med direktøren ved kontoret. Einstein arbeidde ved patentkontoret heilt til 1908. Han sleit med å få godkjent doktorgradsarbeidet sitt (!) og det tok difor lang tid før han kom seg over i akademia. Men jobben ved patentkontoret var ikkje så rar som den høyrest ut til. Einstein var vaksen opp med faren og onkelen som bedriftseigarar. Dei dreiv installasjon av diverse elektriske apparat, mellom anna gatelys og andre lyskjelder, og unge Albert var godt kjent i fabrikken. Han hadde difor eit godt utgangspunkt for å vurdera diverse tekniske patentforslag.

2. Den generelle relativitetsteorien
Det var den generelle relativitetsteorien som med verdas mest kjende formel, E = mc2, slo fast at gravitasjonskrafta mellom massar fører til avbøyging av tid og rom ("spacetime"). Det var først 29. mai 1919 dette kunne observerast og slåast fast i samband med solformørkinga.

Med det fall Newtons lover for tyngdekraft, lover som hadde vore rådande i 200 år. Newtons lover stemde godt med det som kunne observerast på jorda, og for det meste for planetane sine baner rundt sola. Men det var eit avvik, særleg i Merkur si bane, som Newton og andre ikkje kunne forklara. Og "nesten", eller "omtrent", kan ikkje aksepterast av fysikarar. Einstein sin formel forklarte også Merkur si bane, og det Newtonske avviket, perfekt.

Sjølv om Einstein vart verdsberømt, nærmast over natta, var det mange som var skeptiske til den nye teorien. Ein ting var at dei færraste forstod den, eller konsekvensane av den, det andre var den revolusjonerande sida av den. Dette var like revolusjonert som då Kopernikus hevda at sola var midtpunkt og jorda gjekk i bane rundt den. Alt vart snudd på hovudet, sjølv om det i det daglege ikkje fekk nokon betydning. Seinare skulle det sjølvsagt få stor betydning. Utan Einstein sin teori ville til dømes ikkje GPS-systemet, og mange andre satelittbaserte kommunikasjonssystem, fungert.

Den revolusjonerande sida av teorien kopla med at Einstein var jøde, vart også grunnlag for skepsis og motarbeiding. Etter kvart som høgresida og dei nasjonalistiske idéane vaks fram i Tyskland, og med det eit aukande jødehat, vart dette brukt mot Einstein. Då Hitler tok makta vart situasjonen direkte farleg og Einstein måtte etter kvart forlata Tyskland. Han hadde mange tilbod frå ulike universitet og forskingsinstitutt, men valde Princeton i USA.

Han vart aldri lykkeleg i USA. Han mislikte kulturen og sakna sin eigen tyske, schwabiske kultur. Han lært aldri språket skikkeleg og det var nok også ein viktig grunn til mistrivselen.

3. Starten på kvantefysikken
Det tredje store gjennombrotet Einstein skapte, var starten på kvantefysikken. Som ein del av arbeidet med relativitetsteoriane la han også grunnlaget for kvantefysikken. Det er kanskje rettare å seia at han opna døra for denne radikale endringa av fysikken. Og i ettertid var han ikkje særleg glad for det.

Han oppdaga lyset sine fotoelektriske eigenskapar og gav opphav til fotonet. Dette var også kjernen i argumentasjonen for Nobel-prisen han fekk i 1922, sjølv om Einsteins generelle tilfang til den teoretiske fysikken vart vektlagt.

Der den klassiske fysikken seier noko om masse og energi på eit makronivå, handlar kvantefysikken om det same, men på eit atom- og subatom-nivå. Sjølv om Einstein opna døra for denne delen av fysikken, vart han ein innbitt motstandar av kvanteteoriane resten av livet. Einsteins kongstanke var å finna fram til ein og same teori som kunne forklara både makro- og mikronivået. Dette arbeida han med heile livet etter at han hadde utleda den generelle relativitetsteorien. Men han kom aldri til noko resultat, det vart skuffelse på skuffelse.

Han klarte aldri å godta at i kvantefysikken spelar sannsynlegheit ein stor rolle. Einstein trudde fullt og fast på kausaliltet; årsak og verknad, og at det måtte vera eit deterministisk handlingsforløp. Det berømte sitatet "Gud kastar ikkje terningar" stammar frå diskusjonen han hadde med kvantefysikarar om dette.

Det tragiske, men også lett gjenkjennelege mønsteret, er at den revolusjonære Einstein vart oppfatta som ein reaksjonær gubbe på sine eldre dagar. Historia gjentek seg, blir det sagt. Einstein revolusjonerte den klassiske fysikken til stor motstand frå dei etablerte vitskapsmennene (det var stort sett berre menn), og fekk same forsvarsrollen på sine eldre dagar. Det er sanneleg ikkje lett å vera revolusjonær gjennom heile livet.



















tirsdag 7. juli 2020

Krigen mot kontantar

Kontantar er i ferd med å bli spedalske, og kampen for å bli kvitt dei har pågått lenge. Men svært få tenkjer over konsekvensane av at eit anonymt alternativ for betaling forsvinn og me sit att med 100 % overvaka pengar. Den dagen det går opp for folk, kan det vera for seint. Men heldigvis har me kryptovaluta, og det kan bli alternativet me må setja vår lit til.

Sist ute med forslag om å fjerna kontantar, er økonomi-kommentator Christina Pletten i Aftenposten med artikkelen "Kontanter er ikke lenger konge". Artikkelen er dessverre bak ein betalingsmur, men kort fortalt meiner CP at fjerning av kontantar vil hindra svart økonomi, og det er grunn god nok.

Eg skreiv eit lesarinnlegg der eg tok til motmæle mot argumentasjonen til CP, men det er vanskeleg å få plass i Aftenposten, så då blir det med denne publiseringa.



Retten til sporfri ferdsel

Svein Ølnes, forskar ved Vestlandsforsking, 06.07.2020

Jon Bing lanserte begrepet «retten til sporfri ferdsel» som ein del av arbeidet med personvern, på ei tid der det var ganske nytt. Økonomikommentator Christina Pletten i Aftenposten er ikkje særleg oppteken av denne retten, og ser helst at all økonomisk aktivitet blir overvaka (02.07). Me er snart der; berre 2-3 % av alle betalingar skjer med kontantar, og i korona-tida er dette redusert ytterlegare.

Det er vel bra, som Pletten konkluderer? Nei, det er ikkje bra, og me bør vera uroa over ei utvikling som går mot total overvaking på det økonomiske området. Det er opplagt at Skatteetaten, Politiet og andre delar av styresmaktene ønskjer dette velkommen, men journalistar bør ikkje sjå det som si viktigaste oppgåve å springa deira ærend. Dei bør heller setja søkjelyset på dei uheldige sidene ved utviklinga.
'
Det er mange eksempel på at sporfri ferdsel er viktig, og må reknast som ein menneskerett. I Hongkong har kontantbruk vore redninga for mange demonstrantar for å unngå å bli registrerte av styresmaktene. Dei har ikkje kunna bruka det ordinære billettsystemet for kollektivtransport fordi det ville ha avslørt kven dei var og kor dei var på veg. I staden har dei kjøpt billettar med kontantar for ikkje å leggja att spor. Slik er det dessverre i mange land, på mange område.

I Norge har me heldigvis ikkje slike problem, og det difor lett å tenkja at det berre er fordelar med eit 100 % kortbasert betalingssystem. Me har eit velfungerande demokrati og eit godt utbygd og effektivt betalingssystem. Men det er naivt og farleg å gå ut frå at slik vil det bli i all framtid. Det er ikkje paranoid å førebu seg på ei framtid der dagens demokratiske styresett kan bli utfordra, det er tvert om viktig og nødvendig. Då må me ikkje utvikla eit system som er perfekt for dei som ønskjer å misbruka det. Difor er det viktig å halda på retten til sporfri økonomisk ferdsel i form av kontantar; rett nok digitale kontantar.



torsdag 18. juni 2020

Robinhood-effekten og demokratisering av investeringar


Robinhood-effekten siktar til oppgangen i aksjemarknaden etter det store fallet, forklart som at amatørane stormar inn, primært gjennom bruken av investerings-appen Robinhood. Det er ein app som let folk flest investera i aksjar, børsnoterte fond (ETF) og opsjonar. Visjonen for selskapet er fin; det er å la alle få tilgang til finansielle marknader, ikkje berre dei velståande (som omtalt på Wikipedia). Billegast muleg handel er også eit kjenneteikn ved Robinhood. I tillegg til vanlege finansprodukt kan kundane også handla kryptovaluta (Bitcoin, Ethereum) gjennom appen.

Effekten av Robinhood er omdiskutert, men det er ikkje tvil om at mange har brukt appen for å investera i aksjemarknaden og at det til ein viss grad har påverka utviklinga. Dei tydelegaste utslaga ser me på det som blir kalla zombie-askjar; aksjar som etter alle solemerke ikkje er verdt nokon ting. Eksempel på slike aksjar er Hertz, som er i konkurs-karantene, og kanskje også Norwegian der aksjar har vorte omsett til ein kurs som gir ein heilt urealistisk verdi på selskapet.

Nedstenginga på grunn av Korona-viruset har ført til at mange har måtta halda seg heime, Nedstenginga har også omfatta det meste av sport, og dermed også stengt mulegheiten for tipping (eller "betting" som vel er det norske ordet no). Mange har sett seg om etter andre alternativ for spekulasjon, og aksjemarknaden har plutseleg vorte eit alternativ. Børsane har ikkje stengt ned, tvert om har dei gløda av aktivitet særleg etter midten av mars. I USA er det vist at mange av dei som mottok sjekken på $1200, brukte den til å handla aksjar gjennom Robinhood.

Minner om ICO-bølgja
Robinhood-fenomenet minner veldig om ICO-bølgja for eit par år sidan. ICO, som står for Initial Coin Offering, som spelar på IPO - Initial Public Offering (børsnotering), var eit fenomen som fekk særleg merksemd og omfang då kryptovalutaer generelt starta den veldige kursoppgangen i siste del av 2017. Ein ICO er rett og slett auksjonering av ein ny kryptovaluta, eller token. 'Token' er eit litt ullent begrep, men i denne samanhengen er det kryptovaluta som er laga ved hjelp av, og byggjer på, ei anna blokkjede med ein eigen valuta. Ethereum har vore den dominerande blokkjeda for etablering av nye token, og ICO-ar har vorte kalla Ethereums "killer app".

Dessverre ein typisk ICO: White paper som lovar gull og grøne skogar, resultatet noko heilt anna (om i det heile noko resultat)


Det har dessverre vore mykje svindel med ICO-ar, og det har overskygga det mykje viktigare spørsmålet om kven som skal få tilgang til å investera i nye bedrifter. Styresemaktene peiker på regulering som viktig for å beskytta investorane, i ICO og Robinhood sine tilfelle vanlege folk. Men den reelle effekten er at dei beskyttar dei profesjonelle investorane og let dei få ha monopolet sitt.

Kven blir beskytta?
Omsorg for den vanlege lønnsmottakaren eller lånekunden stod ikkje akkurat i høgsetet då finanskrisa tvinga verdsøkonomien i kne. Hjelpa var i første rekkje retta mot dei som hadde skapt krisa, ikkje til ofra, som til dømes innbyggjarane i Terra-kommunane. Innstrammingane etter finanskrisa har også verka på ein måte som sementerer dagens finansstruktur. Det er berre dei store selskapa som kan handtera jungeleg av reguleringskrav (kalla "compliance") - nybegynnarar har ikkje ein sjanse.

Det er difor grunn til å helsa nyvinningar som Robinhood og ICO-ar velkomne, trass i dei mange farane som lurer. Mange kjem til å tapa pengar, mellom anna dei som har kjøpt Hertz- eller Norwegian-aksjar. Dilemmaet blir til slutt: Skal me demokratisera tilgangen finansprodukt, må me også godta at mange gjer dumme val og mistar pengar. Me gjer jo det på andre område, som t.d. forbrukslån. Det er så langt ikkje noko forbod mot å gå i luksusfella og setja privatøkonomien over styr.

I valet mellom demokratisk tilgang og trua på at regulering kan ordna alt, vel eg demokratiet.

fredag 12. juni 2020

Ver din eigen bank

"Be your own bank" har vore eit slagord i Bitcoin- og kryptomiljøet. Det høyrest flott ut, du kan gi deg sjølv tittelen banksjef :) Men det mange gløymer, er at du også blir sikkerheitssjef i den nye banken din. "Sikker som banken" blir meir enn eit slagord, det blir ei kjempeutfordring for deg. Størrelsen på utfordringa er sjølvsagt avhengig av størrelsen på "innskotet" ditt. Men om du har betydelege midlar i din eigen bank, har du betydelege utfordringar. Den største utfordringa heiter single point of failure (SPoF). Det er i grunnen ironisk, gitt at blokkjedeteknologien er desentral og nettopp utvikla for å unngå eit sentralt angrepspunkt.

For mange vil sikringa av kryptoverdiar starta med at du flytter kryptovalutaen(e) frå ei vekslingsteneste og til di eiga lommebok. Då har du flytta ansvaret frå ei tredjepart-teneste, til deg sjølv, og har berre deg sjølv å skulda på. Du er både banksjef og sikkeheitsansvarleg.

Såfrø

Det første steget i sikringa av din eigen bank er å skriva ned dei såkalla såfrøa, seed phrase, som er ei liste med 12, 18 eller 24 ord. Desse orda er grunnlaget for alle private nøklar du (dvs. lommeboka di) kjem til å laga. Orda blir kalla a mnemonic seed phrase og er ei hugseliste, eller hugseregel, for å letta re-generering av private nøklar. Metoden er dokumentert i BIP 39 (Bitcoin Improvement Proposal) og har vorte ein standard i kryptoverda.

Eksempel på "seed" når du installerer ei krypto-lommebok
Orda er valde ut får ei liste på 2048 engelske ord, og det finst også ordlister på kinesisk, japansk, koreansk, fransk, spansk, italiensk og tsjekkisk. Dessverre ikkje på norsk så langt eg kjenner til, men det kan jo vera ei passe utfordring til utviklarar med interesse for sikkerheit og krypto.

Det viktige er at med desse orda kan du få tilgang til krypto-verdiane dine sjølv om du skulle vera så uheldig å mista kryptolommeboka gjennom å mista mobilen din, eller om ei anna kryptolommebok skulle forsvinna.

Du kan lesa meir om korleis BIP 39 og mnemonic seed phrase verkar her.

Eit steg til

Metoden over er grei nok til mindre verdiar i ei mobil-lommebok eller liknande. Viss du har så store verdiar at det blir ugreit, kanskje svært ugreit, om dei skulle forsvinna, er det ein regel som gjeld: Lommeboka må ikkje vera tilkopla Internett! Det er det som blir kalla ei kald lommebok, i motsetnad til ei varm lommebok som typisk vil vera ei lommebok på mobilen. På engelsk: hot and cold wallet. Alle aktørar som handterer større mengder kryptovaluta for andre, typisk vekslingstenester, har det meste av midlane i ei kald lommebok (kanskje 95 %) og berre litt tilgjengeleg i ei varm.

Ei kald lommebok kan vera så enkel som ei papirlommebok, dvs. dei nemnde orda du har skrive ned kombinert med at du slettar lommeboka du har på mobilen, eller meir praktisk ved at du skaffar deg ei hardware-lommebok. Eksempel på slike lommebøker er Ledger, Trezor, Coldcard og ei rekkje andre. Alle desse lommebøkene støttar BIP 39, og dermed blir sikker oppbevaring av dei viktige orda avgjerande.

Det er då neste problem melder seg: Korleis skal du sikra desse orda best muleg? Den første tanken din er kanskje å ta ein kopi av orda du har skrive ned, i tilfelle du mistar lappen eller kortet dei er skrivne ned på. Då har du på ein effektiv måte utvida talet på angrepsmulegheiter, så det er ein svært dårleg idé. Men du sit framleis med problemet single point of failure. Dersom nokon får tak i orda dine, er 101 ute, og verdiane borte.

Ein god idé er difor å klippa lappen/kortet i to (som t.d. i illustrasjonen over) og oppbevara dei to halvdelane på ulike, sikre stader. Då har du i alle fall redusert SPoF, sjølv om det kan bli litt meir utfordrande administrativt. Du har framleis også utfordringa med sjølve hardware-lommeboka, som rett nok ikkje er tilgjengeleg frå nettet, men som representerer ein fysisk sårbarheit. Denne er beskytta av ein pin-kode, men det er også alt.

Uavhengig av kva måte du oppbevarer orda på, kan du også bli utsett for phishing-angrep. Eksempelet under, henta frå bedrifta Casa sin blogg, forklarer det meste:

Skriv aldri inn orda på ei nettside!!
Som Jameson Lopp, sikkerheitssjef i Casa, formulerer det:
The only way I can imagine reliably protecting users from falling victim to these tricks is to not hand them the gun (seed phrase) with which they can shoot themselves in the foot. You can't be tricked into handing over a seed phrase if you don't have it in the first place!

Utan frø

Det finst også løysingar som ikkje er baserte på lagring av BIP 39-ord, eit såkalla seedless system.
Casa er eit firma som har spesialisert seg på sikring av kryptoverdiar. Dei utvikla også ein Bitcoin- og Lightning-klient, men har slutta å selja produktet og konsentrerer seg no fullt og heilt om programvare.

Dei har utvikla systemet Casa Keymaster som eit nøkkelsystem for kryptovaluta, i første rekkje for Bitcoin. Systemet byggjer på kjende prinsipp for god sikkerheit (beste praksis), kombinert med viktige kryptoverdiar som suverenitet (du sjølv som bestemmer) og insentiv-strukturar.

Multisignaturar er eit sentralt element i løysinga. Ein multisignatur betyr at det må meir enn ein individuell signatur til for å få ein godkjent signatur. Typiske multisignaturar er 2 av 3, eller 3 av 5. 2 av 3 betyr at to av i alt tre signaturar må vera på plass for å få ein gyldig signatur. Det er ein metode som ofte blir brukt i escrow-løysingar (norsk oversetjing??). Då kan seljar ha ein signatur, kjøpar ein annan og ein uavhengig tredjepart ein tredje. Vanlegvis blir kjøpar og seljar einige, og då er deira signaturar nok til å gjennomføra ein handel. Men i dei tilfella kjøpar og seljar ikkje blir einige, må tredjepart ta stilling til handelen og kan gi seljar eller kjøpar rett, og i kombinasjon med ein av dei sørgja for ein gyldig signatur.

Casa Keymaster kan du lesa meir om her.

mandag 18. mai 2020

Krytovaluta, el-avgift og sterke kjensler

På innsida av Kryptovaults datasenter i Dale (2018)
Regjeringa har heldigvis gjort om det uheldige vedtaket om å påleggja datatenester knytte til kryptovaluta full el-avgift. Vedtaket ville neppe vorte godkjent av ESA. Men saka skaper mykje debatt og høg temperatur. Dei som var svært provoserte av denne typen tenester for eit par år sidan er på nytt i harnisk over regjeringa si omgjering.

Mange i harnisk
Redaktør Arne O. Holm i High North News var kraftig motstandar av at datatenester knytte til kryptovaluta skulle få redusert el-avgift, og han er på ny ute i media og kallar omgjeringa absurd. Problemet med energibruken er i følgje Holm at det skaper få arbeidsplassar og går til ein spekulativ industri.

Sikring, ikkje utvinning!
Eit av hovudproblema i denne saka er framstillinga. Aktiviteten blir konsekvent kalla «utvinning av kryptovaluta», men det er feil. Energibruken er for å sikra ei open blokkjede, og bør kallast «blokkjede-sikring». Kryptovalutaen som blir tildelt vinnaren av det kontinuerlege lotteriet, er lønn for strevet. Det er i all hovudsak Bitcoin me snakkar om, og 11 år etter oppfinninga er dette systemet verdas sikraste ope IT-system. Det er ope i den forstand at alle kan bruka det og delta i alle delar av det.

Definsjon av Bitcoin
Den beste definisjonen på Bitcoin eg har høyrt, kom frå Silicon Valley-entreprenøren Naval Ravikant. Han karakteriserte fenomenet slik: 
«Bitcoin is a tool for freeing humanity from oligarchs and tyrants, dressed up as a get-rich-quick scheme.»
Det er det siste som provoserer Arne O. Holm & co., men dei gløymer den første delen som er den viktigaste.

Bitcoin som radikal endring
Bitcoin er ein radikal idé som truar den etablerte finansverda ved å bryta ned monopol og oligarki og gi alle folk i verda tilgang til eit finansielt system utan å måtta spørja nokon. Slik eg kjenner Arne O. Holm, trur eg han ville lika den idéen. Eg kan vanskeleg sjå for meg at han er ein varm forsvarar for finansindustrien slik den har utvikla seg.

Meir energi = meir sikkerheit
Sikringa av Bitcoin brukar store mengder energi, det let seg ikkje nekta. Til meir energi som blir brukt, til sikrare blir systemet. Men kan me ikkje seia at nok er nok, og la vera å bruka meir energi? Problemet med det er at systemet er laga for å vera mest muleg sjølvstyrt. Aktørane som deltek i blokkjede-sikringa gjer det med mål om å tena pengar. Så lenge kursen på bitcoin aukar, blir det meir interessant å delta i det store lotteriet for å få ein del av gevinsten. Men gevinsten blir redusert sakte, men sikkert. 11. mai gjekk belønninga for blokkjedesikringa ned frå 12,5 bitcoin kvart 10. minutt, til 6,25 bitcoin. Om fire år blir det ei ny halvering av belønning og slik held det fram heilt til alle 21 millionar bitcoin er frigjorde. Med redusert belønning blir lønsemda også svekka, og mange vil trekkja seg frå sikringsarbeidet om ikkje kursen stig.

Bitcoin er ein radikal idé som kan få stor betydning også ut over det økonomiske. Teknologien den var opphav til, peiker mot ei desentralisering av Internettet og ei svekking av dei store oligarkia Google, Amazon, Facebook og co. Det er difor gode grunnar for at norsk fornybar energi skal bidra til ei slik utvikling, til beste for den globale, digitale utviklinga.

torsdag 14. mai 2020

Gjest i podkasten Kryptografen

Gjest i Kryptografen podkast
Tysdag hadde eg gleda av å vera gjest i Kryptografen podkast. Kryptografen er både ei nyheitsteneste, blogg og er eigd av Arcane Crypto som også leverer analysar av kryptomarknaden, i tillegg til andre tenester.

I podkasten kom eg i skade for å oversetja OSI til Open Software Interconnection, men det skal sjølvsagt vera Open Systems Interconnection. Her er forresten OSI- og Internett-modellen:


Internett-modellen er ei forenkling av OSI-modellen som me ser. Men den viktigaste skilnaden var nok på styringssida, der OSI styrt av teleselskapa vart altfor tung i sessen og ikkje klarte å levera fungerande produkt fort nok. Overspesifisert og underutvikla med andre ord.

Her er podkasten: https://kryptografen.no/2020/05/12/episode-45-svein-olnes/




torsdag 30. april 2020

Monero og Hagen-saka


Kryptovalutaen Monero er igjen i søkjelyset etter den nye vendinga i saka om Anne-Elisabeth Hagen (AEH), der mannen Tom Hagen nyleg vart sikta og arrestert. Bruken av Monero er berre ein av mange merkelege ingrediensar i denne kriminalsaka.

Monero vart utvikla i 2014, men har som alle kryptovalutaer eit sterkt slektskap med Bitcoin og kan føra anene tilbake dit. Namnet tyder «mynt» på esperanto. I motsetnad til Bitcoin er Monero eit fullstendig anonymt system som let deg overføra verdiar utan at avsendar, mottakar eller beløp kan sporast. Alle transaksjonane er likevel tilgjengelege på Monero si blokkjede (https://moneroblocks.info/).

Monero er den einaste kryptovalutaen av betydning der anonymitet er standard. Andre kryptovalutaer, som ZCash og Dash, kan overføra anonymt, men der må anonymiteten slåast på av brukaren. Monero er difor rekna som den tryggaste kryptovalutaen for å hindra sporing av overføringar.

Mange koplar Monero til kriminelle miljø, men du er ikkje nødvendigvis kriminell fordi om du eig eller brukar Monero. Det kan vera mange grunnar til å ønskja at transaksjonar ikkje kan sporast. Eg eig sjølv monero, utan at eg dermed er kriminell eller har planar om å bruka valutaen i kriminell samanheng.

I følgje trusselbrevet som vart funne i huset etter at AEH forsvann, skulle det betalast 9 mill. euro i løysepengar i form av kryptovalutaen monero. Det er mykje pengar i ein liten valuta som Monero, og det er uklart korleis Tom Hagen skulle klart å skaffa den summen utan at det ville vorte lagt merke til. Transaksjonane i Monero er skjulte, men handelen med Monero via vekslingstenester, som er dei stadene med mest likviditet, er opne og ville vist at nokon veksla store mengder av valutaen. Monero kan også kjøpast av privatpersonar og på den måten ikkje leggja att spor, men ein måtte då ha handla med ganske mange for å skaffa ein slik sum.

Monero skal også ha vorte brukt til utveksling av meldingar mellom dei påståtte bortførarane av AEH. Det er mildt sagt eit lite egna system for dialog. Ein monero-transaksjon kan utstyrast med ei melding (ein ID), enten i klartekst eller kryptert, men sidan du ikkje veit kven avsendar er, kan du ikkje svara på meldinga.

Monero-miljøet er lite, og i Norge er det truleg eit fåtal personar som har kjennskap til, og brukar kryptovalutaen. Politiet har nok difor måtta ty til internasjonale nettverk for å prøva å finna ut av dette sporet.